Plassar på Vangsnes

Alfabetisk system

Plass 1. Amund Kolbeinson Vangsnes (1758–1792) frå plass nr 37 & 1789 Kari Andersdtr Eitorn (1767–1811), husmannsdtr frå Leikanger, var husmannsfolk på Vangsnes. Born: Sissel 1789 (truleg død før 1801), Anders 1790–1865 (gift 1828 med husmannsdtr Marta Nilsdtr Vestreim 1797–1845 og dei var husmannsfolk under Husabø, Leikanger). Kari vart attgift til plass 43.

Plass 2. Amund Larsson Eggum (1799–1855) & 1827 Gitlaug Larsdtr Kvålen (1789–1846), båe frå Leikanger, kom til Vangsnes ca 1830. Dei fekk Anna 1828 (USA 1861), Lars 1831 (tenar i Sæbø i Vik i 1865). Amund vart attgift 1847 med Solveig Kristendtr Vangsnes (1801–1881) frå plass 38. Solveig var i 1875 på legd i soknet og ho døydde som legdslem, truleg i ein influensaepidemi, for om lag på same tid døydde to andre gamle kvinner på Vangsnes.

Plass 3. Plass under lnr 186. Data for 1865: 1,4 daa poteter, 1 ku, 3 smalar og 1 vinterfôra svin. Amund Olason Vangsnes (1825–1881): sjå lnr 186. I 1873 fekk Amund frådelt plassen han var på som lnr 186c 0,09 spd = bnr 97/7 0,13 mark. I 1868 hadde han dessutan kjøpt til lnr 193b 0,40 mark, men budde truleg på same staden.

Plass 4. Anders Andersson Bjørgo (1758–) & 1784 Sara Ellingdtr Tokvam (1758–), båe frå Aurland, fekk tre born på ein plass på Vangsnes: Ingeborg 1785, Elling 1786–91 og Anders 1789. Huslyden flytta til ein plass på Fimreite der det kom fleire born.

Plass 5. Plass under lnr 185 i 1801. Anders Beintson Osen (1755–1814) frå Feios & 1793 Anna Monsdtr Juvik (1751–1841) frå plassen Hagen under Juvik hadde ikkje born, men hadde i 1801 hjå seg Kristi 1794, ei dotter til Per Håum i Feios. Anna døydde som innerst-kone på Vangsnes.

Plass 6. Anders Eirikson Åfet (1790–1865) frå Feios & 1821 Brita Oladtr Dale (1796–) frå Sværefjorden var på ein plass på Dale då ungane vart fødde, men kom så til Vangsnes. Far til Anders flytta som enkjemann til lnr 192. Born: Eirik 1821 (lnr 192a), Unni 1823, Gjøa 1827–44 (døydde på Vangsnes). Unni Andersdtr Vangsnes (1823–) & 1853 husmannsson Ivar Endreson Nissestad (1819–) frå Arnafjord sokn fekk på Vangsnes: Jon 1852. Huslyden flytta til Sværefjorden og derfrå til USA.

Plass 7. Anders Larsson Ramsøy (1832–) frå Aurland & 1858 Anna Bendikdtr Vangsnes (1835–) frå lnr 190 fekk borna: Ingeborg 1859, Brita 1860, Lars 1862. Dei var først innerstar, frå 1862 husmannsfolk på Vangsnes, men reiste til USA i 1863.

Plass 8. Under lnr 184a i 1865. Data: 0,3 daa bygg, 1,1 daa poteter, 2 storfe, 4 smalar, 1 vinterfôra svin. Anders Nilsson Vangsnes (1819–1890) frå plass 50 & 1848 Anna Andersdtr «Vangsnes» (ca 1815–1892). Då dei gifte seg, står det at Anna var frå Aurland og i 1875 er det skrive at ho var frå Nærøy sokn. Born: Nils 1848–48, Unni 1850 (lnr 193b), Synneva 1852 (lnr 186a), Anna 1855 (lnr 193b). I følgje den gamle bygdeboka overtok Anders plassen som faren hadde. Anders var innerst då han døydde.

Plass 9. Plass under lnr 187a. Data for 1865: 0,6 daa bygg, 1,4 daa poteter, 1 ku, 6 smalar, 1 vinterfôra svin. Strandplass på Steiggelteigen under Ellinggarden. Anders Olason Vangsnes (1807–1894) frå plass 59 & 1837 Kari Larsdtr Tveit (1808–1882) frå lnr 1 fekk Ola 1832–54, Kari 1841 (Menes, Balestrand), Lars 1845 (lnr 195g, så lnr 184b). Anders var fattiglem då han døydde.

Plass 10. Plass utan jord på Telthusvollen under lnr 186a (strandsitjarstad lnr 186 i 1875). Anders Olason Veslehagen (1828–1874) frå Vestre Slidre, kalla «Målar-Anders», & 1864 Kari Botolvdtr Vangsnes (1831–1902) frå plass 16 fekk: Ola 1865–66, Ola 1869, Gjertrud 1870 (gifte seg med ein handelsmann i Bergen i 1901), Marta 1872–72. Dette var same plassen som plass 51. Anders drukna, sjå under plass 41.

Plass 11. Anders Person (1644–) var husmann på Vangsnes i 1701. Vi trur han fekk borna: Knut 1693 (kanskje død før 1701), Ingeborg 1696, Per 1697–97, Karen 1698. Dei to døtrene kjem bort for oss.

Plass 12. Anders Sjovatson Vangsnes (1833–) frå plass 65 & 1862 Gjertrud Lassedtr Eri (1836–) frå Lærdal fekk som husmannsfolk på Vangsnes: Sjovat 1863, Anna 1864, Guri 1867, Lovisa 1870. I 1868 fekk Anders kjøpt to parsellar: lnr 193k 0,07 spd og lnr 197b 0,04 spd. Ein av parsellane var truleg husmannsplassen. Huslyden reiste til USA i 1873. Parsellane vart selt vidare til Markus Olason Vangsnes, sjå vidare under lnr 193k under Krossen.

Plass 13. Anfin Botolvson Vangsnes (1693–1733) frå storbruket lnr 184+185+186 & Guri Jensdtr (–) vart plassfolk under bruket. Born: Gjørond 1725 (plass 47), Brita 1730. Brita Anfindtr Vangsnes (1730–) gifte seg 1753 med Per Kristofferson Lagmannsåsen (1716–) og dei var husmannsfolk i Suphamsviki under Suphamar på Leikanger.

Plass 14. Anfin Lasseson Vangsnes (1754–1811) frå plass 47 & 1781 Sigrid Ellenddtr Hallrynjo (1746–) frå lnr 65 i Vik fekk: Synneva 1780, Lasse 1783, Ellend 1788. Dei hadde ein plass med litt jord under lnr 187 i 1801. Lasse Anfinson Vangsnes (1783–1852) & 1817 Mari Andersdtr Flete (1798–1845) frå Feios var truleg på same plassen. Dei fekk: Anfin 1818 (sjå note lnr 188b), Ellend 1823 (lnr 188b).

Plass 15. Husmannsson Birge Andersson Søreide (1844–) frå Kyrkjebø & 1873 Hansina Jakobdtr Vangsnes (1846–) frå lnr 192b fekk på Vangsnes: Guri 1874 (kalla Gurine Sellevold i Bergen i 1900), Jakob Andreas 1876. Birge var jekteførar. Huslyden var i 1875 innerstar hjå foreldra til Hansina på lnr 192b. Dei reiste til Bergen få år seinare.

Plass 16. Plass under lnr 184a i 1865. Data: 2,1 daa poteter, 1 storfe, 4 smalar, 1 vinterfôra svin. Botolv Larsson Vangsnes (1807–1833) frå plass 43 & 1831 Gjertrud Ingebrigtdtr Vangsnes (1807–1884) frå lnr 184 var på «Holeplassen». Born: Lars 1830 (plass 41), Kari 1831 (plass 10), Botolv 1834–34. Botolv hadde òg Johannes 1830 (lnr 189b) med Kari Jondtr Vangsnes (1807–1881) frå lnr 188. Gjertrud vart attgift 1835 med Sjur Hansson Refsdal (1809–1884) frå plassen Holedna på Ovrisdalen. Born: Per 1836 (lnr 193d), Ingrid 1839–39, Hans 1840 (skreddar, lnr 193f), Botolv 1843–68 (målar), Ingebrigt 1846–46, Ingeborg 1847–47, Brita 1848 (lnr 191d). Gjertrud og Sjur døydde med ei vekes mellomrom på seinhausten.

Plass 17. Dines Jakobson «Vangsnes» (1726–) & 1756 Margreta Narvedtr «Vangsnes» (1736–) var ikkje lenge på Vangsnes, men kom til ein plass under Sværen i Balestrand der dei fekk fire born: Ola 1757, Arne 1759, Kristen 1762 og Kari 1767. Arne Dinesson fekk sonen Ola 1787, som kom til plass 54 Vangsnes.

Plass 18. Plass under lnr 188 i 1801. Eirik Lasseson «Haugen»; (1752–) & 1800 Synneva Anfindtr Vangsnes (1762–) frå lnr 194 fekk: Sigrid 1802 (lnr 189b). Eirik var truleg frå plassen Haugen under Feten i Vetlefjorden. Han var først gift 1786 med Sigrid Lassedtr Vangsnes (1751–1800) frå plass 47. Far til Sigrid var innerst på denne plassen i 1801. Eirik og Synneva døydde kanskje i dei vanskelege åra før 1814.

Plass 19. Plass under lnr 191a i 1865. «Tråna». Data for 1865: 1,1 daa poteter, 1 ku, 3 smalar. Endre Nilsson Lagmannsås (1812–1855) & 1836 Mari Botolvdtr Lagmannsås (1811–1877), båe frå Fresvik, fekk: Anna 1836–36, Anna 1838 (Grinde, Leikanger), Botolv 1841–41, Botolv 1842–1901 (spedalsk, var på hospital i Bergen alt i 1865), Mari 1845 (lnr 191c), Nils 1849 (lnr 191c). Dette vart truleg småbruket lnr 191c.

Plass 20. Plass utan jord under lnr 189a+195b. Jekteførar Fredrik Olason Vangsnes (1838–1915) frå lnr 186 & 1861 Ragnhild Anfindtr Kvalheim (1832–1911) frå Balestrand fekk: Anfin 1861–83, Synneva 1864, Marta 1866–67, Helga 1869 (USA 1891), Ola 1871 (lnr 195g), Marta 1875–75. Sjå vidare under lnr 195g.

Plass 21. Plass under lnr 197a+195a i 1865. Data: 0,6 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 ku. Gabriel Borgeson (1829–) & Ingeborg Jondtr (1826–1865), båe frå Eid i Nordfjord, hadde i 1865 borna: Ingeborg Johanna 1855, Borge Olai 1859, Ola 1862. Huslyden var borte frå bygda i 1875.

Plass 22. Plass utan jord under lnr 184a i 1865. Hans Hansson «Frettem» (1806–1850): sjå lnr 198.

Plass 23. Hans Endreson «Øren» (1723–1797) & 1754 Marta Amunddtr Vangsnes (1722–1802) frå lnr 187 var i 1763 husmannsfolk under lnr 187. Dei fekk neppe born. Far til Hans var kanskje Endre Hansson (1680–1744) som var tenar på Vangsnes i 1701 og som døydde som strandsitjar på Vikøyri. Endre hadde systera Barbra 1671, som gifte seg til lnr 69 Ovri i Vik. Hans kjøpte Kvalheim i Balestrand i 1782. Vi trur han døydde på Kvalheim og at Marta døydde i Sogndalsfjøra.

Plass 24. Plass under lnr 188a i 1865. Data for 1865: 1,1 daa bygg, 1,4 daa poteter, 1 ku, 6 smalar. Hans Jonson Vangsnes (1801–1875) frå lnr 188 & 1829 Brita Hermunddtr Vangsnes (1804–1833) frå lnr 192 fekk: Brita 1827 (Bergen), Hermund 1830. Hans vart attgift 1834 med Gjertrud Samsondtr Njøs (1788–1869) frå Leikanger. Dei hadde ikkje born. Hermund Hansson Vangsnes (1830–1908) & 1870 Marta Kristofferdtr Eri (1836–1900) frå Lærdal overtok plassen. Hermund var skreddar. Hermund fekk i 1887 kjøpt parsellen lnr 189f og familien flytta dit. Sjå meir om borna der.

Plass 25. Hans Larsson Rødsetneset (1851–), husmannsson frå Fjærland, & 1872 Ingeborg Jondtr Vangsnes (1850–1898) frå plass 35 hadde plassen Brokeviki under lnr 187a/lnr 196. Dei skal vera dei siste husmannsfolka som budde på Vangsnes. I året 1900 var mor til Ingeborg med dei på plassen. Born: Lars 1872–74, Mari 1875 (hjå broren Jon i Bergen i 1900), Jon 1878 (til Bergen 1898, gift med ei Fanajente same året), Gyrid 1881 (gift 1905 i Bergen med Rasmus Emanuelsen frå Masfjorden), Lars 1885 (USA 1906), Martin 1889 (USA 1911). Hans var husmann, skreddar og kyrkjetenar. Huset er vølt og modernisert. Det ligg tett ved vegen til Feios, nokre hundre meter forbi ferjekaien.

Plass 26. Hermund Andersson (–) var plassmann under lnr 191 i 1763.

Plass 27. Hermund Hermundson Vangsnes (1814– 1892) frå lnr 192 & 1838 Kristi Kristofferdtr Henjum (1815–1892) frå Leikanger fekk: Hermund 1839, Ingrid 1843. Huslyden reiste til Hadsel i Nordland i 1844. Der nord fekk dei fire born til: Ellen 1845, Johanna 1846. Karolina Kristina 1848 og Kristoffer 1857. Frå Hadsel reiste familien, med unntak av Hermund, til USA i 1869.

Plass 28. Hermund Markusson Tenål (1730–1790) frå lnr 15 i Vik & 1764 Ingeborg Ellingdtr «Lien» (ca 1744–) var husmannsfolk på Vangsnes. Dei fekk Markus 1768. Ingeborg og Markus døydde truleg før 1801. Hermund hadde to søstrer på Vangsnes: Helga 1718 på lnr 186 og Marta 1732 på lnr 197.

Plass 29. Hermund Markusson Vangsnes (1742–) & 1775 Barbra Markusdtr Hovland (1737–1785) frå lnr 4 fekk Lars 1766. Dei var truleg husmannsfolk på Vangsnes. Om foreldra til Hermund: sjå note lnr 196. Sjølv om oppgitt alder ved vigsla høver dårleg, trur vi Lars kom til plass 39 Vangsnes.

Plass 30. Ingrid Oladtr Simlenes (1816–1899) frå Fresvik kom truleg til Vangsnes som tenestejente. I 1865 var ho «logerende» på lnr 190c der Guttorm Frikson budde åleine etter at kona hans hadde reist frå han. I 1875 budde ho hjå familien på plassen Træet under lnr 197a og vart kalla dagsarbeidar. Ho døydde som fattiglem.

Plass 31. Ivar Hermundson Vangsnes (1808–1865) frå lnr 192 & 1831 Anna Guttormdtr Vangsnes (1805–1832) frå lnr 190 var innerstar. Born: Ola 1829, Hermund 1832–32. Ivar vart attgift 1834 med Bothilda Oladtr Juvik (1804–1840) frå lnr 5 og dei fekk som husmannsfolk: Anna 1834, Ola 1838 (plass lnr 5 Juvik). Ivar hadde frå før Brita 1830 (lnr 193h) med Sigrid Jondtr Fjærestad (1804–1873) frå Balestrand. Sigrid døydde som ugift innerst på Vangsnes. Ivar døydde på legd.

Plass 32. Johannes Tomasson Vangsnes (1770– 1814) frå lnr 198 & 1797 Sigtrud Torgeirdtr Juvik (1769–1833) frå lnr 5 hadde i 1801 ein plass med litt jord under lnr 196. Born: Anna 1797–1821, Torgeir 1800–25, Brita 1805–10.

Plass 33. Hamraplassen under lnr 189a. Data for 1865: 0,6 daa bygg, 0,4 daa poteter, 1 ku, 3 sauer. Jon Bendikson Vangsnes (1795–1859) frå lnr 189+190 & 1824 Marta Larsdtr Tveit (1801–) frå lnr 1 fekk: Simon 1825 (gifte seg som dreng i Vik i 1851 med husmannsdtr Magdeli Knutdtr Grinde, fødd 1824, og reiste truleg til USA før 1865), Bendik 1827 (Eitorngjerde på Leikanger), Solveig 1830, Kari 1834 (Vestreim, Leikanger), Marta 1837 (USA 1867, Anna 1840 (USA 1866), Lars 1844–44. Solveig Jondtr Vangsnes (1830–1898) fekk Lars 1854–54 med Sjur Andersson Hopperstad (1824–) frå lnr 117 i Vik og Anna 1855 (1867) og Synneva 1855 (døydde lita?) med Herman Gerhard Endreson Asklund (1814–) frå Balestrand. Dessutan hadde ho Jon 1860 (v520) med Jon Styrkson Vikøyri v932 (1833–). Ho gifte seg 1863 med husmannsson Ola Ingebrigtson Limmesand (1786–1881). Dei flytta til Vikøyri v520. Anna 1855 var fosterdotter då ho reiste til USA i 1867 saman med Marta 1801 og Marta 1837.

Plass 34. Plassen Kleivi under lnr 196b. I 1875 0,7 daa poteter og ei ku. Jon Jonson Vangsnes (1804–1896) frå lnr 188 & 1836 Anna Monsdtr Ytre Borlaug (1813–1886) frå Feios fekk: Hans 1835–59 (spedalsk, døydde på hospital i Bergen), Jon 1839–1923 (ugift, lnr 192c), Gjørond 1843, Anna 1846, Mons 1850 (lnr 192c), Ingebjørg 1852–98 (ugift). Gjørond Jondtr Vangsnes (1843–) fekk Ola 1872–1906 med Per Olason Vangsnes (1847–1931) frå lnr 186a. Ho hadde guten med seg på strandsitjarplassen i 1875. Anna Jondtr Vangsnes (1846–) fekk Hansina 1870 med Adam Ingebrigtson Berdal (1850–) frå Feios. Hansina var hjå besteforeldra på denne plassen i 1875. Ho flytta til Bergen i 1891 og gifte seg 1900 med Ingvald Steinsland (1877–), ein sjømann frå Trondenes i Troms. Anna 1846 var med på flyttelasset.

Plass 35. Strandplass under lnr 186 i 1865, utan jord og husdyr, men hadde gris i 1875. Jekteførar Jon Olason Vangsnes (1820–1896) frå lnr 186 & 1851 Anna Maria Oladtr Ambla (1826–1856) frå Kaupanger, fekk Ingeborg 1850 (plass 25), Ola 1853. Jon vart attgift 1857 med Marta Arnedtr «Øvstetun» (1821–1915) frå Fana. Far til Marta var «skoleholder» då Marta vart fødd. Born: Arne 1857–59, Anna Maria 1859–60, Helga 1861–64, Per 1865–90 (gjekk på lærarskule). I året 1900 fekk Marta støtte frå fattigkassen og var då hjå stedottera Ingeborg på plass 25. Ola Jonson Vangsnes (1853–) fekk Olina 1875 med husmannsdtr Brita Oladtr Finnen (1849–1929) i Arnafjorden. Ola kjem bort for oss.

Plass 36. Knut Ingebrigtson Vangsnes (1784–1830) frå lnr 192 & 1822 Brita Lassedtr Vangsnes (1791– 1875) frå plass 48 fekk: Ingebrigt 1822–44 (spedalsk), Mari 1824–46 (spedalsk, døydde på St. Jørgen hospital i Bergen), Ola 1827, Marta 1830 (gift 1864 med husmannsson Jon Ellendson Husabø på Leikanger, USA i 1865). I den gamle bygdeboke er det skrive at Knut kom tilbake frå krigen mot svenskane i 1814 og at han då fann framande folk på lnr 192, eit bruk han meinte han hadde bygslingsretten til. Bruket fekk han ikkje tak i, og han vart husmann på Vangsnes. Ola Knutson Vangsnes (1827–1907) & 1851 Kristiane Marie Michaeldtr Hopsnes (1829–1903) frå Fana gifte seg i Bergen, der Ola var snikkarsvein. Dei fekk i Bergen eller Fana: Michael 1851, Helene Marie 1852, Ingebrigt 1854. Familien reiste til USA i 1856. Ola var då skreddar. Ola vart emissær og prest i Midt-Vesten.

Plass 37. Kolbein Arneson Grinde (1723–1806) & 1751 Sissel Amunddtr Eggum (1723–1767) var plassfolk under Holum på Leikanger. Born: Brita 1751–51, Brita 1753–53, Brita 1754, Amund 1758 (plass 1), Arne 1762, Ingrid 1765. Kolbein vart attgift 1767 med Brita Jondtr Vangsnes (1727–) frå lnr 188, og dei vart truleg busette på Vangsnes. Dei fekk neppe born. Kolbein vart gift for tredje gong 1797 med enkja Kari Oladtr «Vangsnes» (1751–1830). Ved teljinga i 1801 var dei almisselemar under lnr 190. Kari har vi ikkje identifisert. Også første mann hennar er ukjend. Kolbein var på plassen Naustvollen.

Plass 38. Kristen Larsson Henjasand (1777–1843) & 1797 Solveig Botolvdtr Njøs (1768–1797), båe frå Leikanger, fekk Unni 1797 (Lidal, Fjærland). Kristen vart attgift 1801 med Marta Ingebrigtdtr Vangsnes (1780–1855) frå lnr 192. Dei var først busette på Henjasand, der Kristen var skulehaldar, så på ein plass på Eitorn i Leikanger, så på Telthusvollen. Kristen var lærar i nokre år på Vangsnes, men var seinare vanleg husmann. Han dreiv kanskje med bondehandel, for i 1810 hadde han gjort ein avtale med Jon Olason Holstad på lnr 86 i Vik om å kjøpa 12 tønner poteter. Han hadde betalt på førehand. Men potetene vart ikkje leverte, og saka hamna i retten. Born: Solveig 1801 (plass 2 Vangsnes), Ingeborg 1804–07, Ingeborg 1809 (plass 51 Vangsnes, så USA), Brita 1814 (Vetleøyri s096), Ingebrigt 1818.

Plass 39. Lars Anbjørnson Grinde (1746–1809) frå plassen Grindsbrui & 1771 Sara Knutdtr «Grinde» (1737–1812) var plassfolk under lnr 195 i 1801. Ei syster til Sara, enkja Mari 1732, var òg på plassen. Ho hadde truleg vore gift til Huke på Leikanger. Foreldra til dei to søstrene var truleg Knut Person & Lussi Ivardtr i Årdal. Barn: Lussi 1774. Lars hadde òg Ingeborg 1767 med Anna Oladtr (–). Lussi Larsdtr Vangsnes (1774–1813) & 1808 Lars Hermundson Vangsnes (1766–1836) frå plass 29 var plassfolk i Kalviki. Born: Brita 1809–09?, Lars 1810 (plass under Rud, Leikanger), Anna 1812–13. Lars vart attgift 1814 med Synneva Jørgendtr Fjærestad (1768–1845), enkje frå Bale i Balestrand. Dei fekk Anbjørn 1815 (husmann på Nedre Mundal i Fjærland, så USA). Lars og Synneva flytta truleg til ein plass under Flete i Fresvik, der Lars døydde. Synneva døydde som kårenkje på Bale.

Plass 40. Lars Botolvson Osen (1715–1792) frå Feios & 1735 Ragnhild Oladtr (Feidje?) (1712–) var på ein plass under lnr 187 i 1763. Lars vart attgift 1770 med Kari Larsdtr »Sæbø» (1728–1804) frå Vik. Dei fekk: Lars 1769 (plass 43 Vangsnes), Botolv 1771–72 (døydde av kikhoste). Kari var kanskje konfirmert i 1745 med tenaradresse Holane i Arnafjord.

Plass 41. Plassen «Åkrane» under lnr 188b. I 1865: 1,1 daa poteter og 1 ku. Jordarbeidar Lars Botolvson Vangsnes (1830–1874) frå plass 16 & 1853 Anna Oladtr Vangsnes (1828–1886) frå lnr 188 fekk: Ola 1851–52, Gjertrud 1853 (til Vik i 1867, så USA), Botolv 1855–74, Ola 1857 (USA 1876), Per 1860 (Bergen, hadde møbelfabrikk, gift 1881), Brita 1863 (USA), Johanna 1866 (USA 1889), Ola 1869 (USA 1905), Sjur 1871 (USA). Anna døydde som fattiglem. Lars, sonen Botolv og Anders Veslehagen på plass 10 drukna på ein tur med ei vedlast frå Veganeset til Vangsnes. Om Lars: sjå òg note lnr 191.

Plass 42. Lars Knutson Vetlesand (1865–) frå plassen Leite i Arnafjord sokn & 1889 Kari Endredtr Helleland (1863–) frå Feios fekk på Midttun på Vangsnes: Brita 1890. Dei reiste til USA i 1891.

Plass 43. Lars Larsson Vangsnes (1769–1833) frå plass 40 & 1791 Kari Andersdtr Vangsnes (1767–1811), enkje frå plass 1, fekk: Durdei 1795–1866, Amund 1796 (lnr 189b), Lars 1799–1802, Lars 1801– 20, Anna 1804 (Vikøyri v278), Botolv 1807 (plass 16). Lars og Kari var innerstar på lnr 187 i 1801. Dei hadde med seg Anders 1790 som Kari hadde frå første ekteskap. Mor til Lars, Kari Larsdtr, budde saman med dei og fekk almisse av soknet. Lars vart attgift 1812 med Marta Larsdtr Vestreim (1760–1840), enkje etter Ivar Eirikson Vestreim, Leikanger.

Plass 44. Lars Olason (1713–1787) & Anna Oladtr (–) fekk på Vangsnes: Sjur 1775, Synneva 1780, Ola 1784–85. Lars og Anna er ikkje identifiserte, heller ikkje finn vi giftarmålet i databasen for Sogn. Anna og Sjur døydde truleg før 1801. Synneva 1780 var i 1801 tenar på Raudboti i Fjærland

Plass 45. Plass under lnr 187a+184b i 1865 på «Sjøteigen». Data: 2 potet, 1 ku, 6 smalar, 1 vinterfôra svin. Jektebyggjar Lars Olason Kvåle (1823–1880) frå Sogndal & 1853 Ragnhild Nilsdtr Vangsnes (1822–1857) frå plass 50 fekk: Ola 1854–1936 (ugift sjømann, budde til sist på lnr 189d), Anna 1857 (oppfostra på plassen Ekra under Tue i Balestrand, gift til Tuftedal, Balestrand). Lars vart attgift 1860 med Kristina Ottodtr Vangsnes (1824–1872) frå plass 60 og dei fekk: Otto 1860 (USA 1882), Ragnhild 1863, Johannes 1866 (Bleie i Hardanger, sjå note under lnr 52 Orvedal i Vik), Jon 1870 (USA 1893). Lars gifte seg for tredje gong 1875 med Anna Jørgendtr Håum (1829–1899), husmannsdtr frå Feios. Lars var båtbyggjar, plassen låg på Sjøarteigen. Ragnhild Larsdtr Vangsnes (1863–) & 1888 arbeidar Andreas Bendikson Råsberg (1860–) frå Lavik fekk på Vangsnes: Kristina 1889, Kari 1890. Dei flytta truleg til Bergen.

Plass 46. Lasse Gulaugson Teigen (1727–) frå Kyrkjebø & 1757 Inga Knutdtr «Hanevik» (–) var plassfolk under lnr 189+190 i 1763. Lasse var enkjemann på Vangsnes då han gifte seg i 1757, og Inga var først gift 1753 med Johannes Håkonson Seimsøyri s089 (1670–1756). Hanevik i Balestrand var truleg tenaradresse.

Plass 47. Lasse Lasseson Vangsnes (1725–1802) frå lnr 194 & 1751 Gjørond Anfindtr Vangsnes (1725–1798) frå plass 13 var plassfolk under lnr 188 i 1763. Born: Sigrid 1751 (plass 18), Anfin 1754 (plass 14).

Plass 48. Lasse Lasseson «Vangsnes» (1762–død før 1812) & Marta Torgeirdtr Juvik (1767–1838) frå lnr 5 var plassfolk under lnr 185 i 1801. Born: Brita 1789–89?, Brita 1791 (plass 36 Vangsnes), Gjertrud 1795 (lnr 7 Gotevik), Gjørond 1799 og truleg Torgeir 1785 (sjå note lnr 7 Gotevik). Marta døydde på legd.

Plass 49. Markus Andersson (1697–) & 1729 Ingeborg Hermunddtr (1709?–) var husmannsfolk under lnr 184 i 1763. Vi trur at Markus var frå ein husmannsplass under Fjærestad i Balestrand. Born: Anders 1734 (truleg død før 1763), Marta 1734–40, Marta 1745–45.

Plass 50. Nils Andersson Rinde (1770–1836) frå Feios & 1816 Ragnhild Gullakdtr Fjærestad (1779–1819) frå Balestrand var på ein plass under lnr 184. Dei fekk ikkje born. Nils vart attgift 1819 med Synneva Perdtr Vangsnes (1786–1861) frå lnr 184 og dei fekk: Anders 1819 (plass 8 Vangsnes), Ragnhild 1822 (plass 45 Vangsnes). Plass 50 er truleg identisk med plass 8.

Plass 51. Plass under lnr 186. Data for 1865: 1,4 daa poteter, 1 ku, 4 smalar og 1 vinterfôra svin. Nils Eirikson Hatlekolo (1806–) frå plass under bnr 39/21 Hopperstad i Vik & 1836 Ingeborg Kristendtr Vangsnes (1809–1911) frå plass 38 fekk: Brita 1836–36, Kristen 1839, Marta 1841–41 (strupehoste). Nils hadde òg Knut 1831 med Marta Larsdtr frå Vikøyri v622, sjå plassen Sløkji under Ådlane i Arnafjord sokn. Huslyden reiste til USA i 1866. Plassen vart same året overteken av Anders Olason Veslehagen, slik at plass 10 er identisk med plass 51.

Plass 52. Plass utan jord eller husdyr i 1865 under lnr 187a+184b. Jekteførar Ola Monsson Espeland (1843–) frå Fana & 1865 Synneva Bendikdtr Vangsnes (1843–) frå lnr 189 fekk: Brita 1866, Mari 1868–69, Mons 1870. Huslyden reiste til Amerika i 1871.

Plass 53. Ola Andersson «Fjærestad» (1751–) & 1797 Brita Nilsdtr Midlang (1754–) frå lnr 98 i Vik var plassfolk under lnr 191 i 1801, men kjem så bort. Dei døydde kanskje i dei harde åra før 1814. Ola kan vera ein gut som vart konfirmert i 1774 med adressa Seimsøyri, men som truleg hadde far frå lnr 23 Føli. Dersom det er rett, var Ola halvbror til Ingebrigt Andersson Føli på lnr 197 Vangsnes. Brita var syster til Gitlaug på lnr 184.

Plass 54. Ola Arneson Sværen (1787–) frå Sværefjorden & 1816 Gjertrud Larsdtr Teigen (1796–) frå Fjærland fekk: Arne 1817, Lars 1820, Kristi 1821. Dei var i 1820 på Vangsnes, kom så til Sværen, men flytta i 1825 til Bergen. Ola var soneson til Dines på plass 17.

Plass 55. Ola Johannesson «Vangsnes » (1731?– 1802?) & 1777 Ingeborg Markusdtr «Vangsnes» (1745–1799) fekk neppe born. Ola kan vera frå lnr 5 Juvik. Om foreldra til Ingeborg: sjå note lnr 196. Ola vart attgift 1800 med Steinor Jondtr Vangsnes (1750–1840) frå lnr 188 og dei var i 1801 innerstar på lnr 190. Ei syster til Steinor, Mildrid 1743–1821, var saman med dei. Steinor vart attgift 1803 med Lars Helgeson Osen (1771–1838) frå Feios og dei var truleg på ein strandsitjarplass på Vangsnes.

Plass 56. Plassen Træet under lnr 197. Ola Olason Vangsnes (1818–1906) frå lnr 194 & 1842 Alis Hansdtr Refsdal (1804–1887), husmannsdotter frå Vik, var i 1865 og 1875 plassfolk på Vangsnes. Dei fekk i Refsdal: Hans 1845–45, Hans 1847–51. Ola døydde som fattiglem. Alis var først gift 1836 med Eirik Endreson Tusvik (1795–1841) i Kvamsøy sokn og dei hadde Endre 1836. Ola vart attgift 1888 med Ingrid Eirikdtr Husabø (1845–1910), strandsitjardotter frå Leikanger. Ho hadde på Henjum fått Maria 1875 med Endre Monsson Nedre Njøs (1851–1899). Maria Endredtr Vangsnes (1875–1958) var på plassen i året 1900 og døydde på Vangsnes. Ho fekk Inga 1898 (Bergen) med ungkar Mons Knutson Thy (1877–) frå Aurland og på Leikanger fekk ho Theodor 1905 med Per Ingebrigtson Øksdal (1877–) frå lnr 2. Theodor var sjømann. Han døydde i Bergen.

Plass 57. Strandplass under lnr 186 i 1865, utan jord og husdyr i 1865, men hadde 1 ku, 1 sau og 1 gris i 1875. Jekteførar Ola Olason Vangsnes (1835–1883) frå lnr 186 & 1857 Kristi Eirikdtr Ølnes (1821–1906) frå Sogndal fekk: Eli 1858–62, Helga 1860 (Balevik i Balestrand). Vi trur at Ola fekk Hermund 1853 med Randi Knutdtr Vikøyri v576 (1830–). Kristi var i året 1900 hjå dotter si i Balestrand. Ho vart kalla fattiglem då ho døydde. To av borna til Helga kom til Hallsete i Arnafjord sokn: Harald 1895 til bnr 61/3 og Helga 1898 til bnr 61/4.

Plass 58. Ola Samsonson Vangsnes (1740–1803) frå plass 62 & 1777 Barbra Mortendtr Seimsøyri s146 (1741–1785) fekk på Vangsnes: Samson 1779–79, Brita 1780, Barbra 1784. Brita og Barbra levde båe i 1803, men kjem så bort for oss. Ola vart attgift 1785 med Marta Perdtr Tenningen (1733–1805) frå Leikanger og dei var innerstar på lnr 186 i 1801.

Plass 59. Ola Simonson Tveit (1768–1828) frå lnr 1 & 1804 Unni Oladtr Vangsnes (1783–1855) frå lnr 186 fekk Simon 1804 (plass 64 Vangsnes) og Anders 1807 (plass 9 Vangsnes).

Plass 60. Plass under lnr 187a+184b i 1865. Data: 1,1 daa poteter, 1 ku, 6 smalar, 1 vinterfôra svin. Otto Karl Ottoson Opdal (1798–1878) frå Eivindvik & 1825 Randi Oladtr Vangsnes (1797–1855) frå lnr 186 fekk: Kristina 1824 (plass 45), Otto Karl 1828–28, Otto Karl 1830–30, Olina 1831 (Dale i Feios, så USA), Otto Karl 1837 (lnr 189c). Otto Karl vart attgift 1858 med Unni Samsondtr Henjum (1817–1879) frå Leikanger. Otto Karl kjøpte i 1868 lnr 193g 0,01 spd = bnr 97/36 0,01 mark og vart truleg busett der. Jorda kom seinare saman med eigedomen til Otto Karl 1837, sjå lnr 189c.

Plass 61. Per Sjurson Stjernegjerd (1822–) frå Feios & 1847 Solveig Tollakdtr Vangsnes (1823–) frå lnr 189 var i 1865 husmannsfolk under lnr 189a+195b og jordbruket var då: 1,4 daa poteter, 1 ku og 4 sauer. Born: Magnhild 1847 (Vikøyri v342), Gjertrud 1849 (USA i 1867), Gyrid 1852, Ola 1855–1916, Sjur 1857, Tollak 1861, Hermund 1864. Huslyden reiste til USA i 1866. Ola Person Vangsnes (1855–1916) vart i USA gift med Olina Endredtr Brekke (1853–) frå lnr 90 i Vik. Ola var prest i USA.

Plass 62. Samson Olason Vangsnes (1710–1792) frå lnr 196 & Brita Jensdtr (1711–1787) var på ein plass under lnr 186 i 1763. Born: Ola 1713–13, Brita 1735, Brita 1746, Kristi 1750, Gjertrud 1752–52, truleg òg Ola 1740 (plass 58) og Ingeborg 1740 (prestegarden Aurdal i Aurland).

Plass 63. Simon Lasseson Vangsnes (1796–1864) frå lnr 187 & 1828 Brita Larsdtr Tveit (1798–1865) frå lnr 1 var husmannsfolk i Kalviki. Born: Lasse 1828 (jekteførar i 1865, USA 1870), Kari 1831 (lnr 195e), Lars 1838 (lnr 192b), Unni 1839–40, Ragnhild 1843–43, Unni 1844–44. Jekteførar Lasse Simonson Vangsnes (1828–) & 1867 Ragnhild Helgedtr Stebole (1842–) frå Lærdal fekk på Vangsnes: Brita 1867. Familien reiste til USA i 1870. Plassen vart frikjøpt som lnr 195e.

Plass 64. Plass utan jord og husdyr på «Telthusvodl» under lnr 186 i 1865. Steinarbeidar Simon Olason Vangsnes (1804–1888) frå plass 59 & 1828 Ingrid Oladtr Fosse (1800–1874), husmannsdtr frå Leikanger, fekk: Anna 1826 (plass under Grinde på Leikanger, til USA i 1865), Ola 1829 (plass i Suphamar på Leikanger, USA 1882), Nils 1831 (plass på Fosshage på Leikanger, så USA), Kari 1833 (plassen Djupepoll under Eggum, Leikanger), Ola 1836–40, Unni 1839–40, Ola 1841 (USA), Unni 1844–44. I 1875 var enkjemannen Simon hjå broren Anders på plass 9.

Plass 65. Sjovat Andersson Vangsnes (1794–1834) frå lnr 193 & 1822 Guri Halvardtr Vangsnes (1801– 1871) frå lnr 197 fekk: Sigrid 1822, Brita 1823, Anna 1828 (innerstfolk på Husabøsanden, USA i 1875), Anders 1831–32, Anders 1833 (plass 12 Vangsnes). Sigrid Sjovatdtr Vangsnes (1822–) fekk Anders 1850 med Sjur Endreson Njøs (1829–1918) frå Leikanger.

Plass 66. Sjur Gjestson Ese (1807–1851), husmannsson frå Balestrand & 1835 Kristina Maria Perdtr Vangsnes (1810–) frå lnr 185 var strandsitjarar på Vangsnes. Born: Gjest 1834–34?, Gjest 1836 (USA 1856), Per 1839 (USA 1867). Kristina fekk i 1856 kjøpt parsellen lnr 195d, sjå meir der.

Plass 67. Sjur Olason Berekvam (1804–) frå plassen Sluppen i Flåm sokn i Aurland & 1836 Sitona Halvardtr Vangsnes (1813–) frå lnr 197 fekk: Ola 1836 (USA 1856), Halvar 1838 (USA 1860), Kari 1841–69 (spedalsk, døydde på Pleiestiftelsen i Bergen), Samuel 1844 (USA 1860), Anna 1846 (USA 1861), Johannes 1846– 54, Lars 1849 (USA 1861), Sjur 1852 (USA 1861), Johanna 1856 (USA 1861). Sjur var snikkar. Sjur og Sitona reiste til USA med dei yngste borna i 1861.

Plass 68. Strandsitjar under lnr 187a. Data for 1875: 1 ku, 5 sauer og 1 vinterfôra svin. Tor Hermundson Vangsnes (1811–1874) frå lnr 192 fekk Eli 1832 med Brita Ingebrigtdtr Vangsnes (1813–1833) frå lnr 184 og Lars 1854 (USA 1882) og Jon 1857 med enkja Marta Oladtr Vangsnes (1822–1904) frå lnr 186, sjå note under lnr 1 Tveit. Jon vart oppfostra på lnr 186 Vangsnes, men var i 1875 på denne plassen. Tor og Marta gifte seg i 1870. Enkja Marta reiste til USA i 1891. Eli Tordtr Vangsnes (1832–1891) & 1857 Ivar Ivarson Refsdal (1829–1865) frå lnr 59 i Vik budde i Gildhus i Vik. Ivar var lærar og klokkar. Dei fekk to born. Eli vart attgift 1870 med lærar, kyrkjesongar og stortingsmann Anfin Larsson Refsdal (1839–1920), ein son til Lars Markusson Tveit (1820–1852), sjå note under lnr 1 Tveit og note under lnr 52 Orvedal i Vik. Anfin og Eli var busette i lærarbustaden i Gildhus på Flatbygdi i Vik og fekk eitt barn.

Plass 69. Torstein Hansson Vikøyri v306 (1760–1820) & 1798 husmannsdotter Unni Andersdtr Rinde (1760–1841) frå Feios fekk: Gjertrud 1798–1802 og Kari 1801–02. Dei var plassfolk under lnr 185 i 1801. Unni vart attgift 1825 med Nils Anfinson Vangsnes (1767–1841) frå lnr 194. Også dei var plassfolk. Nils og Unni vart gravlagde på same dag.