GUDMUND BALVOLL

Gards- og ættesoge
for Vik i Sogn

Nettstaden inneheld ei revidert, oppdatert og utvida utgåve av «Gards- og ættesoge for Vik i Sogn» frå 2008. Du kan lesa om bidragsytarar og bakgrunn for boka i føreordet. Boka er gjort søkbar og tilgjengeleg for alle med interesse for ætter i Vik kommune. Soknene Feios og Fresvik kom inn under Vik kommune så seint som i 1992 og var ikkje med i boka. Men du kan lesa relevante artiklar frå Pridlao.
Denne gards- og ættesoga skil seg frå andre tilsvarande bøker ved bruk av personsøkenummer og løpenummersystemet:
Personsøkenummer
Alle som er omtalt i ættesoga har eit personsøke­nummer som er samansett av førenamn etterfølgt av fødselsår. Forfattaren sitt personsøkenummer er såleis "Gudmund 1934". Med eit nokså uvanleg førenamn gjev dette søket berre treff på ein person. Men alle dei som i gamle dagar hadde namn som Ola og Brita, deler person­søke­nummer med andre. Då vil du ved hjelp av søkesystemet på nettstaden kunna leita deg fram til rett person. Dersom personen er fødd på 1600-talet og fram til ca 1750 kan fødselsåret vera utrekna av alder i manntal, stipulert alder i arveoppgjer eller alder ved gravlegging. Difor kan det vera naudsynt å endra fødselsåret med ­+1 eller +2 år, eller med ­–1 eller –2 år, for å finna rett person. Under arbeidet med boka var denne metoden ofte i bruk.
Fresvik 1. juli 1880 - Foto Axel Lindahl
Gardar og gardseige i Fresvik fram til 1723

Dette er ein artikkel frå 2012, publisert på denne nettstaden i 2023. Denne handlar om gardar og gardseige i bygda Fresvik fram til år 1723. I artikkelen om Gudmund Balvoll vil du finna fleire artiklar som handlar om Fresvik.

Foto: Axel Lindahl
Les om Fresvik fram til 1723
Utsnitt frå kart av Nordre Bergenhus Amt frå 1771 (Kartverket)
Gards- og ættesoge for Feios i åra 1723‒1838

Gards- og ættesoge for Feios i åra 1723–1838 var ikkje ein del av Gards- og ættesoge for Vik. I 2015 publiserte forfattaren resultatet av granskingane for Feios. Kartutsnittet her er frå 1771, midt i perioden artikkelen omhandlar. 

Foto: Statens kartverk
Feios 1723‒1838
Vikøyri, Vetleøyri, bustadområde og gardar frå Grov til Limmesand

I 1915 var dette husa til Edvard Andersson, Helge Jonson, Jon Sjurson («Raustein-Jo»), Guri Jondtr («Fiske-Guri») og Brita Tordtr Ovri. Les om dei som budde på Vikøyri og Vetleøyri for over 100 år sidan og sjå historiske kart her i bygdeboka.

Foto: Riksantikvaren/Johan Meyer

Om Vikøyri
Flyfoto over Vik med dei tre dalføra presentert i bygdaboka
Dei tre dalføra i Vik

Bøadalen, Ovrisdalen og Seljadalen er samla i eit kapittel i gardssoga. Namnegardane er presentert etter brukstalet frå år 1563 med løpenummer frå 33 til 116. Ættegreinene kan sjeldan førast lengre tilbake enn år 1700.

Foto: Nasjonalbiblioteket
Om dei tre dalføra
Gamalt kart over Vik i Sogn
Flatbygdi

Del av arkitekt Blix sitt kart over Vik i Sogn frå 1891–93 viser området som bygdeboka tek for seg i kapittelet Flatbygdi: Sæbø – Stadheim, Hove – Holstad, Skjørvo – Hopperstad, Kålhagen, Gildhus og Moane-Grov.

Foto: Statens kartverk

Om Vikøyri
Arnafjord - Foto Inge Draugsvoll
Arnafjord sokn

Biletet viser Flete, Odlane og Valsvik i Framfjorden. Kapittelet Arnafjord sokn omfattar bygder og grender kring Arnafjorden og langs Strendene. Gardane Røyrvik og Limmesand er med under Vikøyri i denne gardssoga.

Om Arnafjord sokn

Innhaldet i denne ættesoga er publisert på oppdrag av forfattaren etter avtale, og er beskytta etter gjeldande lovverk om opphavsrett for åndsverk. Ved sitering skal det alltid visast til kjelda. All bruk av stoff kring levande personar er forbode.

© Utgjevar og utforming:
Inge Draugsvoll, Logolink AS, Vangsgata 26 A, 5700 Voss

Kontakt og spørsmål:
post@gardssoga.no