Hanken
I den gamle bygdeboka for Balestrand finn vi omtalt ei rettssak i 1699 om Hanken i Sværefjorden mellom futen Hans Blix og to eigarar av Tjugum. Futen meinte at Hanken låg under dei bruka på Vangsnes som han åtte. Blix vann, for det vart førd prov for at «Tjugum strækker sig til mærket med Hanken». Etter dette skulle dei bruka som Hans Blix hadde eige i, ha rettar i Hanken. I 1723 eigde han 14,6 laupar i Vangsnes. Heile matrikkelskylda for Vangsnes var då 21,2 laupar, så vi må tru at over halvparten av bruka hadde slik eige. Ei tid må det ha vore to plassar på Hanken. I ei skøyte i 1861 går det fram at lnr 194 hadde 1/6 av eiga i Hanken. Av panteboka går det fram at lnr 188 og lnr 195 hadde eige i Hanken, og i eit manntal i 1763 er det ført opp at ein husmannsplass på Hanken låg under lnr 197. Hanken hadde lnr 13 i den gamle matrikkelen. I den nye matrikkelen i 1886 er Vangsnes-eiga oppgitt med namna Lasse Lassesen (lnr 188a+198) og Ole Johnsen (lnr 194), men med tillegget «med flere». Dei hadde lnr 13a 0,17 spd = bnr 21/1 0,42 mark. To andre som ikkje var frå Vangsnes hadde då eige i Hanken: Anders Torson hadde bnr 21/2 0,09 mark og Hans O. Flesje bnr 21/3 0,09 mark. Same skyld og eigarar er oppgitt i 1906.
Kjende husmenn er:
Anfin Person (1665–1741) & Marta (1664–1741) hadde: Amund 1694, Anna 1691–1763 (ugift).
Amund Anfinson Hanken (1694–1768) & Karen Ellingdtr Mel (1698–1748) frå Vetlefjorden fekk: Marta 1722, Marta 1735–35, Elling 1736–42. Deretter gifte han seg 1748 med Ingrid Oladtr Teigen (1706–1749) frå Fjærland. Dei hadde ikkje born. Tredje kona var i 1749 Kari Madsdtr (1709–1798). Dei fekk: Anfin 1749–49, Hans 1750 (Balholmen), Marta 1751, Anfin 1753 (Hjelseng), Kari 1754 («Myri» på Bale), Tor 1759, Åsa 1764.
Frik Olason Hanken (1728–) & 1750 Synneva Pauldtr «Øvstedal» (–) fekk Ola 1751–51. Frik vart fødd på Hanken. Om Synneva: sjå lnr 44 Øvstedal i Vik. Dei kom bort frå plassen.
Johannes Kjellson «Haug» (1749–1826) & 1773 Ragnhild Eirikdtr «Lunde» (1743–1808) fekk: Johannes (døydde før faren), Hermund 1773, Kjell 1782–1805. Johannes vart attgift 1809 med Durdei Oladtr Suphellen (1763–) frå Fjærland. Då Johannes døydde var alle borna hans døde, berre borna til Hermund var arvingar. Hermund Johannesson Hanken (1773–1818) & 1801 Karen Oladtr Vendelbo (1781–1852), klokkardtr frå Lærdal, var ei tid på Hanken og fekk der Johanna Maria 1801–02, Anna Marie 1802 og Ola 1804. Dei flytta til Grytten i Romsdal. Familien flytta seinare til Balholmen.
Johannes Larsson Feten (1799–) & 1828 Brita Sjurdtr Langeteig (1800–), båe frå Vetlefjorden, kom så til Hanken. Dei fekk neppe born. Dei var deretter truleg ei tid på ein plass under lnr 184 Vangsnes. I 1844 flytta dei til Bergen. Siste husmann var ein bror til Johannes. Lars Larsson Feten (1801–) &1837 Synneva Rognalddtr Bale (1812–), bondedotter, flytta etter ei tid til plassen Urdi under Farnes.