Krossen og Kalviki
Lnr 193k 0,07 spd + lnr 197b 0,04 spd = bnr 97/38 0,16 mark. (Sjå òg plass 12.) Data for 1875: 1,2 daa bygg, 2,1 daa poteter, 3 kyr, 10 smalar og 1 vinterfôra svin. Dette er ein parsell av lnr 193 som vi har plassert under Indre Vangsnes.
Kjøpar i 1873 var: Markus Olason Vangsnes (1830–1913) frå lnr 194 & 1873 Synneva Jakobdtr Vangsnes (1843–1914) frå lnr 192b. Dei fekk Ola 1877 (lnr 195f under Salbu). Markus dreiv med laksefiske. Ola Olason Rosenlund (1871–1955), husmannsson frå Leikanger, & 1907 Brita Botolvdtr Feidje (1878–1965) frå Feios eigde bruket 1913–46. Før var dei på Halland på Leikanger. Born: Olai 1908–23, Margit 1908 (Stavang i Sunnfjord), Botolv 1912 (Bergen), Sigvald 1914–15, Sigvald 1919. Sigvald Olason Rosenlund (1919–1988) overtok. Han var ugift. I 1954 kom bnr 97/72 0,05 mark saman med bruket. I 1976 vart frådelt bnr 97/176. I 2006 er Karin Bruland (1946–), Fyllingsdalen i Bergen, dotter av Botolv 1912–2005, eigar.
Bnr 97/87 Krossteig, 0,20 mark, samlebruk i 1954, sjå bnr 97/40 under Salbu. Hus bygt av Odd Johan Kristenson Vangsnes (1935–2007) frå lnr 196b. I 1998 overtok Arvid Skeide (1960–), sjå bnr 97/213.
Bnr 97/213 Krosstun, 1983, frå bnr 97/87. Her vart busett: Arvid Ingvarson Skeide (1960–) frå bnr 97/157 under lnr 192b & 1980 Hege Kåredtr Liljedahl (1962–) frå bnr 98/2 Tveit. Born: Ann-Kristin 1980, Vegar 1988, Are 1989. Arvid og Hege er skilde og Arvid har busett seg i Porsgrunn.
Bnr 97/153 Krossbu 0,02 mark, frå bnr 97/87. Her vart busett Odd Olason Vangsnes (1914–2004) frå lnr 195g & 1962 Borgny Klara Trygvedtr Nilssen (1920–) frå Bergen. Ho hadde tidlegare vore gift Rasmussen i Bergen og var enkje. Sonen Arvid Tore Rasmussen (1945–) busette seg i Bergen.
Bnr 97/190 Elkin 0,01 mark, 1979, frå bnr 97/38. Busett av Vidar Kristianson Høyum (1953–) frå Feios & 1978 Åshild Oladtr Hove (1948–) frå bnr 26/39 Moane-Hove i Vik. Dei var busette i Prestberget i Vik før dei flytta til Vangsnes. Men dei har bygd hus på bnr 39/20 Hatlekolo i Vik, sjå meir om familien der. Eigedomen vart i 1987 skøytt til: Harald Endreson Hanekam (1957–) frå lnr 58a i Arnafjord sokn & 1982 Ester Bendikdtr Systad (1962–) frå Lavikdalen. Born: Kristin 1983 (Bergen), Linda 1986, Halvard 1992.
Bnr 97/198 Asperanden, 1980, frå bnr 97/38. Tomta var i 1987 skøytt til, og busett av: Geir Kåre Karlson Utmo (1960–) frå bnr 97/171 på Salbu & 1989 Anne Olavdtr Fjærestad (1959–) frå lnr 1 Tveit. Born: Anja 1991, Ida 1995.
Bnr 97/176 Solli 0,01 mark, 1976, frå bnr 97/38. Kjell Kristianson Høyum (1948–) frå Feios & 1976 Jensine Alf-Johannesdtr Settevik (1951–) frå lnr 191d Vangsnes fekk: Kurt Joakim 1976 (lnr 191d Vangsnes), Frank 1979 (lnr 190b Vangsnes), Per Arvid 1989.
Bnr 97/177 Sollia 0,01 mark, 1977, frå bnr 97/38. Gunvor Ivardtr Grov (1942–) frå bnr 40/27 Moane-Grov i Vik & 1966 Roald Kolbein Sørdal (1935–) frå Syvde, Vanylven, har: Ragnvald 1968 (ugift, Fresvik), Gro 1970 (Bergen), Gøril 1974 (Førde), Ivar 1978 (bnr 41/22 Villastrøket-Sjøtun). Gunvor og Roald er skilde.