Innføring
Arbeidet med Vangsnes sokn vart meir komplisert enn for Vik og Arnafjord fordi Vangsnes, med Tveit, Øksdal og Hovland, har høyrt til ulik skipreide, prestegjeld og kommunar. Før 1849 høyrde området inn under Leikanger prestegjeld, deretter Balestrand. I 1964 vart området flytta over frå Balestrand til Vik kommune. Etter siste overflytting fekk dei fire namnegardane nye gardsnummer: Vangsnes, som før hadde 72, fekk 97, Tveit fekk 98, Øksdal 99 og Hovland 100. I denne boka brukar vi dei nye gardsnummera også for åra 1886–1964. Juvik og Gotevik låg alltid under Vik prestegjeld og Vik kommune.
Som nemnt under innleiinga framme i boka er det ei ulempe for oss at området i gamal tid var delt på to skipreide. Vangsnes høyrde inn under Tjugum skipreide, medan Tveit, Øksdal, Hovland, Juvik og Gotevik låg under Kvamsøy skipreide. Det er grunnen til den merkelege nummereringa av løpenummer i denne delen: Vangsnes har lnr 184–198, som er dei siste løpenummera i Tjugum skipreide, medan Tveit–Gotevik har lnr 1–7 i Kvamsøy skipreide.
Kommuneovergangane skapar også problem når det gjeld omtale av gardsnamn utanom Vangsnes. Vi brukar inndelinga som gjeld i dag. Du bør særleg merka deg at gardar i det vi her kallar Eitorn krins her blir rekna inn under Leikanger. Det gjeld: Tenningåsen, Tenningen, Hella, Rud, Flete,Vestreim, Eitorn og Eitorngjerde. Dei hadde før lege under Balestrand.
Kyrkjebøkene for Leikanger byrjar alt i 1690, medan vi berre har kyrkjebøker frå 1723 for Vik prestegjeld. Men som for Vik, er bøkene mangelfulle. Det gjeld særleg dødsfall. Alder ved dødsfall avvik ofte 5–10 år frå det rette. Spesielt for Leikanger prestegjeld er at alder for dei som gifte seg lenge vart avrunda til heile 10 år, og desse årstala er ofte sterkt misvisande. I einskilde høve er feilen 20–25 år. Kyrkjebøkene for Leikanger er mangelfulle dei første 15 åra av 1800-talet, men likevel meir pålitelege enn for Vik i denne perioden. Konfirmasjonslister var for Vik nyttige fordi dei fortel kva born som voks opp. Det er vanskelegare å utnytta her fordi ungdomane i soknet ikkje vart konfirmerte på Vangsnes, men mest i Tjugum kyrkje.
Vangsnes
Vangsnes (vaongsnes): Vangsnesi, Wangsnesi (før 1359), Vangxnes (1494), Vongsnes, Vangsnes, Vangsness, Wangsnes (før 1563), Vangsnes (1563, 1603, 1611), Wangnes (1667), Wangsnes (1701, 1723), Wangsness (1801), Vangsnæs (frå ca 1810 til 1890), Vangsnes (frå 1890). Første del av namnet er truleg det same som vangse (vaongse): jarnspissen av aurskia på jordarbeidingsreiskapen ard.
Gards- og ættesoga følgjer gardsinndelinga. Men i tillegg er det for Vangsnes lagt inn nokre andre område. Det gjeld bustadfelta: Tråna, Krossen og Kalviki og Sinklesteinsviki. Området Salbu, mot grensa til Tveit, er også skilt frå namnegarden Vangsnes. Husmannsplassar på Vangsnes er førde opp samla og er nummererte i alfabetisk rekkjefølgje etter førenamnet på husmannen. Vi har òg teke med Hanken i Sværefjorden, då husmannsplassane der låg under Vangsnes.
I ei bok som dette kan vi ikkje omtala bruka i rekkjefølgje etter gards- og bruksnummer. Vangsnes er ein namnegard med uvanleg mange bruk. Det er difor svært vanskeleg å finna fram til rett stad dersom utgangspunktet er bruksnummeret. Under dette kapitlet har eg difor sett inn ein hjelpetabell for Vangsnes som viser lnr som bruksnummeret kjem frå.
Av di Vangsnes låg svært sentralt til for båtferdsla på Sognefjorden, må vi rekna med at bygda har vore samanhengande busett frå ca 2500 år før vår tidsrekning og fram til i dag. Men gards- og ættesogene omhandlar naturleg nok berre stoff frå historisk tid.
På Vangsnes stod ei stavkyrkje som vart riven i 1861. Ho var frå 1100- eller 1200-talet. Sjølve kyrkjerommet (skipet) var 5,3 m x 9,4 m. Dersom vi, som for andre bygder i Sogn, trur at folketalet før Svartedauden var om lag som kring år 1700, budde det omkring 1330 ca 85 personar på sjølve namnegarden Vangsnes. Men av di det var kyrkje på staden, er truleg dette eit altfor lågt tal. Kanskje budde det over 120 personar på Vangsnes då Svartedauden kom i 1348.
I det meste av øydetida etter 1350 fram mot 1520 låg truleg alle gardar i Fjærland og langs Fjærlandsfjorden øyde, for i 1522 var det ingen skattebetalar i dette området. Men i 1534 var det folk i Mundal, og dei hadde då Hamre kyrkje på Leikanger som si kyrkje. Kyrkja i Fjærland frå før øydetida var altså borte. Men i året 1600 — då mange gardar i Fjærland hadde blitt attrydda — vart det sett opp eit kapell på Bøyum.
Vangsnes trur vi var busett gjennom heile øydetida. Eit prov for dette er at i skattelista frå 1522 er det med heile 8 skattlagde personar. Det er tvilsamt om alle desse var bønder, for i 1563 var det berre 5 bønder som betalte skatt på Vangsnes. Ved den harde skattlegginga av formue i 1522 betalte Gjermund Vangsnes 15 lot sølv i skatt. Få andre på Vangsnes og i Vik måtte ut med meir enn 2 lot, så dette må ha vore ein rik mann. Så sentralt som Vangsnes låg i høve til all båttrafikk ut og inn Sognefjorden, kan vi tenkja oss at Geirmund var velståande båteigar. To andre vangsnesingar måtte òg ut med mykje i denne tiendepengeskatten. Namna på dei var Asbjørn og Erlend. I 1563 var det 6 skattebetalande brukarar på Vangsnes. I 1601 var det òg 6 brukarar, men i 1701 var det auka til 10.
Gardane på Vangsnes vart seint oppdelte til eit nivå som vi trur dei hadde før øydetida. I Vik var denne delinga stort sett avslutta før 1670, på Vangsnes skjedde delinga av storbruka i åra 1670–1745.
Det meste av Vangsnes var etter øydetida geistleg gods. I 1647 låg såleis 13,5 laupar under Apostelkyrkja i Bergen. Av det dreiv Johannes Hansson og Sigrid Halvardtr 4,5 laupar, Ola og Kirsti Styrkdtr saman med Per og Halkatla Amunddtr 4,5 laupar og Endre og Marita Oladtr 4,5 laupar. Leikanger prestebol eigde 4,25 laupar og bruket vart drive frå Ytrenese av Johannes Olason og Synneva «Halidtr». Jon med Gjørond Klausdtr dreiv 3,5 laupar, av det var 3,0 laupar krongods og 0,5 laupar låg under Kaupangergodset. Hans og Brita Oladtr dreiv berre ein laup og eigar var enkja Anna Jensdtr Hjermann i Bergen. Karen Fardal eigde 4,5 laupar i Indrenese. Karen var enkja etter futesonen Torbjørn Jensson Holst i Fardal. Leiglendingsparet var Johannes Markusson og Brita Nilsdtr. Til saman bli dette 26,75 laupar for heile Vangsnes.
Apostelkyrkjegodset vart konfiskert av staten ved reformasjonen og vart i 1680-åra selt til amtmann Lillienskjold. I 1693 fekk futen Hans Blix hand om den eiga som godset hadde på Vangsnes. I den gamle bygdeboka for Balestrand blir det hevda at av di ein mann eigde så mykje av Vangsnes, var det umogeleg å følgja dei einskilde bruka tilbake i tid, slik ein kunne gjera for vanlege gardar. Det er tvilsamt om det er hovudårsaka til problemet. Når det er vanskeleg å følgja bruka sist på 1600-talet og først på 1700-talet, både i Vik og på Vangsnes, kjem det truleg mest av det var ei vanskeleg tid der det ofte ikkje var etterkommarar som kunne ta over drifta. Det kom av dårleg klima, mykje sjukdom, men kanskje mest av at dei fleste unge menn vart sende ut i krig med svenskane og ikkje kom tilbake, eller dei kom tilbake med dødelege, smittsame sjukdomar. Vi merkar oss dessutan at i 1645 hadde bønder på Vangsnes berre tre born over 12 år. Det var uvanleg lite. Eit av dei tre var Åsa Botolvdtr. Det var då truleg ei farlaus jente.
Brukarrekkja er naturleg nok spesielt vanskeleg å følgja for dei store namnegardane. I tillegg til Vangsnes gjeld dette særleg Hopperstad i Vik og Nese i Arnafjord sokn.
I den gamle bygdeboka står det òg at: «Det verste er at Blix skipla so mykje på bruki med omsyn til storleik og meir, at det er uråd å halda det eine bruket ut frå det andre.» Dette er neppe rett, for rettane som leiglendingane hadde til bruka var godt verna, slik at det ikkje var lett å overføra jord frå eitt bruk til eit anna. Men når familiar på to eller fleire bruk døydde ut, var det lettare å endra på bruksstrukturen. Futen i Ytre Sogn, Hans Blix, var utan tvil ein stor kjeltring, og sjølv om han oppnådde å bli adla (og då skifta namn til Blixencrone), vart han på sine gamle dagar straffa for det ved å bli fråteken det meste av jordegodset. Men at leiglendingane hans hadde det spesielt vanskeleg, verkar ikkje sannsynleg, særleg for di han ikkje kunne ha økonomiske føremoner av i leva i konflikt med dei. Eit prov for at han samarbeidde med leiglendingane finn vi i eit referat frå ei rettssak som han førde om rettar i området Hanken i Sværefjorden. Her prøvde han å skaffa leiglendingane sin særrettar, sjå meir under omtalen av husmenn på Hanken.
Matrikkelen i 1723 kan vi rekna som ein inngang til ei tid der vi nokså sikkert kan identifisera brukarar og dei fleste ektefelle og born. I 1723 vart det registrert 12 bruk under namnegarden Vangsnes. Av dei var det berre eitt bruk som vart delt før løpenummersystemet vart oppretta i 1838. Det er lnr 189+190. I Vik var det derimot svært mange. Gjestgivarstadane rundt om i bygdene våre vart ikkje frådelte som eigen brukseining i perioden. Det gjeld til dømes gjestgivarstova i Vik og Klubben på Nese. Men gjestgivarstova på Vangsnes var i 1723 ein frådelt eigedom, rett nok saman med ein åker ein eller annan stad (kanskje på Framnes). Denne gjestgivarstaden fekk i 1838 lnr 198. I matrikkelen i 1723 får vi greie på brukar, eigar og matrikkelverdi i laup. I 1723 var samla matrikkelskyld for Vangsnes 21,26 laupar, medan oppgitt landskyld til eigarane (medrekna sjølveige) var 27,33 laupar. Det var ikkje uvanleg at eigarane kravde inn ei landskyld som var høgare enn matrikkelskylda, men her var skilnaden uvanleg stor. Eiga (medrekna sjølveige) var fordelt slik: etatsråd Hans Blixencrone 14,43 laupar, Leikanger prestebol 5,30 laupar, Jon Olason Vangsnes 2,00 laupar, Anders Daae 1,85 laupar, Johannes Tenål i Vik 2,00 laupar, Mads Nagel i Sogndal 1,00 laupar, Ludvig Munthe sine arvingar 0,75 laupar og Kristen Vangsnes sine arvingar 0,50 laupar.
I protokollen for jordavgiftskommisjonen i 1802 står det: «Denne hele gaard Wangsnæs kiender Commissionen som noget haardt og høit skyldsat, og af ringe bonité.» Det første er sikkert rett, men at jorda på Vangsnes var dårleg er tvilsamt, sjølv om ein del av innmarka var tørkesvak.
I Fridtjov-segna er namnet Framnes brukt om den staden som Fridtjov budde på. Kanskje var Framnes eit høvdingsete. Dersom det er rett, må namnet ha gått ut av bruk på 1200-talet, for det vart aldri brukt om nokon matrikkelgard. Men Framnes kan vera eit oppdikta gardsnamn. Lensmann Einersen fastsette i 1844 at lnr 193 skulle ha namnet Framnæs. Fordi han hadde fått samla jorda på bruket langt framme på neset, var dette eit logisk namn, men om han hadde Fridtjov-segna i tankane då han sette namnet på bruket, veit vi ikkje.
I «Bjørgynjar Kalfskinn» frå ca 1320 er det sagt at ytra Nesi var ein del av garden Vangsnes. Tunet Ytrenese finn vi att også etter øydetida. Det låg 450–500 m sør for eit tun som vi kallar Indrenese. I ei liste over leidangsskatten i 1567 finn vi fem bønder på Vangsnes: «Tostinnd po Vanngsnes», «Oluff ibiidem», «Oluff po Methionn», «Torgier po Wanngsnes», «Torgunnde ibiidem». Det midtre gardsnamnet er utan tvil Midttun. Av di namnet vart brukt så tidleg etter øydetida, trur vi at det har vore tre klyngetun på Vangsnes også før 1350. Men av di jorda for bruka på Midttun låg i teigblanding med bruka på Indrenese, må Midttun-bruka ha vore utskilde frå eigedomane på Indrenese. I kyrkjebøkene finn vi alt frå starten i 1690 at stadnamnet Midttun vart brukt ved dåp, vigsle og gravferd. Først på 1800-talet var husa på Indrenese samla nordaust for og nær inntil den noverande kyrkja, og Midttun-tunet låg sørvest for kyrkja. Etter ei samla vurdering kjem eg til at klyngetunet Indrenese då omfatta lnr 184–188 og lnr 193, kanskje med det unntaket at hus for lnr 185 og 193 låg for seg. Midttun var lnr 189–191. Først på 1800-talet låg husa på lnr 192 og lnr 194–197 i klyngetunet på Ytrenese.
For vikjer verkar dette merkeleg at tunet Ytrenese skulle liggja nærast Vik. Men då Leikanger kanskje var administrasjonsstaden for Vangsnes på 1200-talet då matrikkelsystemet vart oppretta, var det naturleg å bruka ordet «ytre» om den delen av Vangsnes som låg lengst borte og lengst ute i fjorden.
Sist på 1700-talet vart dei to siste av storbruka på Vangsnes delte, slik at i 1802 var det ikkje eit einaste bruk på Vangsnes som hadde over 7 mjølkekyr. Til samanlikning var det då mange bruk i Vik som hadde 10–12 mjølkekyr. På 1800-talet vart mange bruk delte, og dei to største bruka vart oppdelte i parsellar. Men då nokre store gardpartar kom inn under andre relativt store bruk, var det likevel eit par bruk som var nokså store sist på 1800-talet.
H. U. Sverdrup (1852–1932) var sokneprest i Balestrand fram til 1909. Deretter budde han på Austlandet. På sine gamle dagar skreiv han ein omtale av soknene i kommunen for den gamle bygdeboka. Av omtalen for Vangsnes tek vi med følgjande: «Vangsnes sogn var i gamle dager i høi grad preget av den jektetrafikk som dreves der. Ved de på Vangsnes hjemmehørende jekter besørgedes nemlig for den største del transporten av det meste av den skårne last fra skogene i Indre Sogn: Frønningen, Amble og Kaupanger. Dette er i den sene tid helt forandret; transporten foregår nu formodentlig mest med motorbåter og ingen av disse er, så vidt jeg vet, hjemmehørende på Vangsnes. [...] Det har tvunget befolkninga til å vie gårdsdriften mer oppmerksomhet og der viser sig også fremgang på dette område, men en tidlig stedfinnen utparsellering av de fleste eiedommer har gjort brukene så små at det er vanskelig for eierne å finne sitt utkomme på dem, når han skal være henvist alene til dem. Likevel tror jeg det kan sies at de små bruk i den senere tid har fått et mer trivelig utseende. [...] Det meste av den skog som finnes på Vangsnes er furuskog. Mens de andre sogn i Balestrand på en enkel undtagelse nær (Tjugum og gårdene på Tenningfjellet) er omtrent blottet for denne slag skog, eier Vangsnes en i forhold til dets størrelse betydelig furuskog, der strekker sig fra bøgjerdene opover nordsiden av det mektige fjell Rambæren så høit som furuskog i det hele kan vokse. [...] Med hensyn til religiøst og kirkelig liv står Vangsnes tilbake iallfall for Fjærland, men det finnes enkelte menn som på en fremtredende måte støtter presten i hans gjerning.»
Til dette kan vi leggja til at rundt 1890 var det truleg ca 17 sognejekter som høyrde heime på Vangsnes, og mange jekter vart bygde der. Dei gamle byggjeplassane var Edlend-ståi, der ferjekaien er i dag, Frikolet, der Fjellheim Camping ligg, og fjøra nedanfor Gjestgjevarstova.
Også framover det meste av 1900-talet var det svært mange på Vangsnes som hadde yrke knytt til båttrafikk og sjømannsyrke. Ferjetrafikk starta i 1939. I 1945 vart det ei bilførande ferje mellom Vangsnes, Høyanger/Nordeide, Hermansverk/Leikanger og Balestrand. Ferjesambandet Vangsnes-Grinde-Balestrand vart opna i 1952, men før dette hadde ferja mellom Grinde og Vetlefjorden nokre daglege turar til Vangsnes. Veg til Vik vart ferdigbygd under krigen, og det vart stor auke i ferjetrafikken etter at vegen over Vikafjellet vart opna i 1957. Veg til Feios var ferdig i 1971.
Den store statuen på Vangsnes av segnfiguren Fridtjov den Frøkne var ei gåve frå keisar Wilhelm II i Tyskland. Han hadde i fleire somrar lege i Balestrand med skip. Han var med på å velja ut staden som «Fridtjovs gravhaug» i 1910. Avdukinga skjedde i 1913. Keisaren sa då at figuren skulle vera eit kjenneteikn på at alle germanske stammer høyrer saman. Keisaren sitt rasesyn var velkjend, og ytringa skapte ingen debatt.
Bnr på gard nr 97 Vangsnes jamført med lnr som bruket kjem frå. Salbu og nyare bustadområde er skilde ut for seg. Tabellen kan nyttast når du veit bnr og vil finna omtalen under bruket
Bnr |
Lnr |
Bnr |
Lnr |
Bnr |
Lnr |
Bnr |
Lnr |
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 |
184a 184b 185 186a 186b 191b 186c 186d 186e 187a 187b 189c 188a 188b 189a 189b 193e 189d 189f 190a 190b 190c 191a 191c 191d 191e 192a 192b 192c 193a 193b 193c 193d 193f 193g 193h 193k |
43 44 45 47
48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 64 65
66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 82 84 85 88 |
193p 194 193t 197a+ 195a 195b 195c 195d 195e 195g 196a 196b 198 189a 184a 184a 186a 186a 186a 186a 194 197a+ 195a " " " " " " " " 188a 186a 188a 194 188a 194 |
89 94 95 96 99 100 101 102 106 107 109 110 111 112 114 120 128 130 133 136 139 140 141 144 157 158
167 168 178 191 192 209 215 230 235 236 |
187a 188b 195c 188b 188a 196a 187a 191e 196a 184b 189c 188b 191 187a 193a 196a 187a 196a 197a 192c 192c 195c 186a 194 192b 197a+ 195a 191e 192b 192c 196b 196b 195d 195c 192c 195c 191b |
237 238
246 |
187a 197a+ 195a 189a |
Salbu |
|||||||
40
41 103 150 161 164 170 171 210 |
193m+ 195f+ 195h 193n 196a 187b 192b 192c 193n 193n 196a |
||||||
Bustader |
|||||||
87 153 176 177 180 181 183 184 188 189 190 198 202 205 213 |
194 194 193k 193k 194 194 194 194 194 194 193k 193k 192a 192a 194 |
På Vangsnes var fruktdyrking lenge ein viktig del av gardsdrifta, og så seint som 1960 sette Vangsnes fruktlager opp eit stort nybygg. Seinare vart fruktdyrking delvis avløyst av jordbær- og bringebærdyrking. Mjølkeproduksjonen er no borte, men nokre bruk har sau.
På Vangsnes har det vore to store utskiftingar for innmark. For bruka på Ytre Vangsnes var utskiftinga avslutta i 1866, for bruka på Indre Vangsnes og Midttun i 1878.
Ved teljinga i 1801 var det 14 gardsbruk på Vangsnes. I tillegg kom gjestgjevarplassen som då var utskild som eige «bruk». I alt var det 138 personar på namnegarden Vangsnes, av dei høyrde 96 direkte inn under bruka. Av desse var 8 på kår og 16 var tenarar. På 8 husmannsplassar var det 26 personar. Innerstar med familiemedlemer utgjorde 13 personar. Det vart rekna opp 5 personar som var almisselemmar.
I 1825 budde det 153 personar på namnegarden Vangsnes. Det var då 15 gardsbrukarar der, av dei var 9 sjølveigarar. Det var då heile 16 husmannsplassar på namnegarden. Trass i stor utvandring gjekk folketalet oppover. I 1865 var det 260 personar på Vangsnes, og maksimum var det i 1875. Då var det 293 personar på sjølve Vangsnes, noko som var nær på ei dobling på 50 år. Den store folkeauken hadde samanheng med sterk garddeling og store barneflokkar. I året 1900 var det 216 personar på Vangsnes og i alt 281 personar i Vangsnes sokn. Folketalet gjekk sterkt ned etter 1945, og i 1960 budde det berre 190 personar i soknet, av dei ca 16 på gardane Tveit, Øksdal og Hovland. Deretter kom nokre bustadfelt til, og i 1995 budde det 349 personar i soknet. Men arbeidsplassane for mange av desse har vore i Vik, Balestrand og Leikanger. Etter 1995 har folketalet på nytt gått noko nedover og i 2005 var det 322 personar i soknet. Vangsnes sokn omfatta i desse oppgåvene gardane: Vangsnes, Tveit, Øksdal og Hovland. Juvik og Gotevik er såleis ikkje med.
Kommuneendringa i 1964 medfører at Vik Lokalhistoriske Arkiv ikkje har like mange kjelder for området Vangsnes som vi har innfor Vik prestegjeld og gamle Vik kommune. Av kjelder som manglar kan nemnast protokollar for fattigkommisjonen. Det gjer at vi har med færre personlege opplysingar enn det vi har for Vik og Arnafjord sokn. Eg har òg sakna skattelister frå 1700- og 1800-talet.