Indre Vangsnes
Dette kapitlet omhandlar dei opphavlege gardsbruka på Indre Vangsnes, lnr 184–188, delbruk av dei og busetnaden på frådelte bustader og bustadtomter. Her er også med lnr 193 som i den første tida etter øydetida var ein del av det store prestebolbruket lnr 192+193 og som hadde jord både på Ytre og Indre Vangsnes. Også lnr 193 hadde jord på Ytre Vangsnes, men det meste av jorda vart samla på Framnes av lensmann Einersen. Unntak er område som seinare vart selde frå som lnr 193h, lnr 193k og lnr 193n.
Dei fleste husmannsplassar på Vangsnes låg på Indre Vangsnes, men alle plassfolk på Vangsnes er likevel samla under eigen hovudoverskrift. Grunnen er at det har vore uråd å finna ut kor mange av desse huslydane budde. Eit oversyn over plassar på Vangsnes kring 1870 er gitt i Pridlao nr 1 i 2007.
Lnr 184+185+186+198
I 1647 var bruket eigd av Karen Fardal og landskylda var 4,5 laupar. Matrikkelskyld i 1723: 3,96 laupar.
Dette var eit storbruk på 1600-talet og fram til ca 1745. Då vart det delt i to bruk, lnr 184 og lnr 186, men ein liten del vart utskilt til eigaren som herskapseigedom (lnr 185). Gjestgjevarstaden på Vangsnes låg under storbruket. I 1802 vart gjestgjevarhuset med litt jord skild frå lnr 186 og fekk i den nye matrikkelen i 1838 lnr 198.
Johannes Markusson (1606–1675) var leiglending i 1645 og 1647. Han var gift med Brita Nilsdtr (–). I 1667 hadde Johannes sønene Lars og Markus 1657 (lnr 192+193) med seg på bruket. Kanskje hadde han òg Per 1668, som kom til Sværen i Balestrand. Deretter kom Botolv Anfinson Vangsnes (1660–1733) frå lnr 192+193 & Gjørond Oladtr Midttun (1664–1726) frå lnr 189+190. Det kan sjå ut som Markus 1657 og Botolv 1660 gjorde gardabyte, men årsaka kan like gjerne vera at Markus hadde gift seg med ei dotter til Anfin på lnr 192+193. Born: Synneva 1690 (døydde før 1726), Anfin 1693 (plass 13 Vangsnes), Ragnhild 1694 (død før 1726), Lars 1695 (død før 1726), Brita 1696–1756 (Njøs, Leikanger), Gjøa 1697 (Sætre i Feios), Brita 1701–01, Åsa 1702–74 (Sæterli i Feios), Johannes 1703 (lnr 197), Synneva 1704 (død før 1726), Brita 1704 (plass i Dalen under Njøs på Leikanger). I 1735 vart storbruket kjøpt av kaptein, seinare oberstløytnant Hans Peter Tønder (1680–1761). Han gifte seg ca 1725 med Barbara Margrethe Ludvigdtr Munthe (1700–1753), ei dotter til ein rik sokneprest i Vik: sjå Munthe-Blix-bruket på Hove i del 2. Born: Ludvig Raphael 1727 (døydde liten), Karen Dorothea 1727 (døydde lita), Anna Margrethe 1728–69 (gift, Bergen), Anna Helene 1730 (gift med ein proprietær på Sunnmøre, barnlaus), Birgitte Marie 1734–72 (ugift), Karen Dorothea 1741–1817 (Bergen), Barbara Margrethe 1747 (gift med ein bonde i Nordfjord). På den tida dei første borna vart fødde, var Hans Peter stasjonert i Vik. Deretter var familien truleg ei kort tid på Vangsnes. Men før 1741 må dei ha flytta til Nordfjord, for dei to siste borna vart fødde på garden Andenes i Gloppen. I 1759 vart Hans Peter sjef for Ytre Sognske Kompani, og familien flytta då til garden Ringereide i Lavik. Hans Peter vart attgift 1754 med enkja Lucie Marie Schrep Weinemann frå Bergen og fekk ei dotter til. Sjå også note. Storbruket på Vangsnes vart selt til Helene Ludvigdtr Munthe (1702–1785) gift 1735 med seinare krigsråd Fredrich Lauritz Moduit (eller Modwitt) (–1749). Han var frå Danmark. Helene hadde eit ekteskap bak seg: ho hadde i 1727 gift seg med soknepresten i Manger, enkjemann Hans Witthe (1678–1728). Helene fekk ikkje born i dei to ekteskapa. I 1748 selde Fredrich frå halve bruket, lnr 186, til korporal Jon Samsonson Husabø. Enkja Helene bygsla bort det meste av halvbruket som ho framleis eigde (lnr 184), men skilde frå jord til eit småbruk og som ho sjølv disponerte, sjå vidare under lnr 185.
Det har vore sagt og skrive at Hans Peter Tønder også skulle ha sonen Peder Andreas med ei vikjajente. Det har blitt fortalt at jenta følgde han over Vikafjellet då «uhellet« skjedde. Denne Peder Andreas skulle vera bestefar eller oldefar til Per Henrikson Tønder (1813– 1894) på Vikøyri, sjå v871 i del 3. Dette er lite sannsynleg. Historia om turen over Vikafjellet har òg vore brukt om foreldra til Per 1813. Men av di guten vart døypt i september, må også det vera feil. Då guten vart konfirmert i Vik i 1828, vart namnet skrive «Peder Hendriksen» og faren var kalla Hendrik Tønder. Også då han gifte seg i Vik i 1837 vart namnet skrive «Peder Hendriksen». Vi bør venta å finna «Henrik Tønder» i folketeljinga i 1801, men der finn vi berre 2–3 personar i rett alder som hadde førenamnet Henrik og Tønder som familienamn eller som tilleggsnamn til førenamnet. Ingen av dei var i Sogn og Fjordane eller Hordaland. Men i tillegg kan det ha vore personar som hadde Tønder som tilleggsnamn utan at dette namnet kom med i teljinga. Ei anna løysing er at det kan ha vore ein tilfeldig kar frå byen Tønder i Danmark som var i Bergen eller Vik først på året 1813 og som gav seg i lag med fattigjenta frå Vikøyri. Det er difor uråd å finna ut kven som var far til «Peder Henriksen». Synneva Tønder på bnr 97/4 under lnr 186 var etterkommar av Per 1813.
Lnr 184 Vangsnes
3,42 spd. Eigd av eigar og brukar av lnr 185. Frikjøpt i 1815. Matrikkelskyld i 1838: 1,71 laupar. Data for 1845: 0,3 daa rug, 8,9 daa bygg, 4,2 daa poteter, 1 hest, 9 storfe, 30 sauer, 10 geiter, 1 vinterfôra svin.
Første leiglendingspar på dette delbruket var: Botolv Markusson Espesete (1712–1762) frå lnr 93 i Vik & 1740 Gjøa Grimdtr Vangsnes (1712–) frå lnr 188. Dei fekk Markus 1740–40. Botolv hadde òg Lasse 1733 med Ragnhild Lassedtr Hove frå lnr 72 i Vik, gift til lnr 64 Stedje. Lasse kom til lnr 60 Refsdal. I 1763 var enkja Gjøa hjå broren Jon på lnr 188. Den etterfølgjande leiglendingen kom 1762–63 frå Kvassdalen i Myrkdalen på Voss med den tredje kona si og med fleire born frå tidlegare ekteskap. Nils Kolbeinson Overland (1712–) & 1732 Gjertrud Kolbeindtr Straume (1714– 1752), Vossestrand, fekk: Anna 1732 (lnr 28 Dalsver i Arnafjord sokn), Brita 1736 (lnr 74 Øvre Hove i Vik), Hav 1739 (døydde ung), Kari 1740 (var på bruket i 1763, gift i 1766 til Tingestad i Fresvik sokn), Nils 1743, Gunhild 1745 (døydde lita), Lars 1747, Marta 1750 (Vikøyri v324). Nils gifte seg på nytt 1753 med Ranveig Oladtr Hellenes (1726–) frå Voss og dei fekk: Ola 1753, Steffa 1755 og Ranveig 1756 (døydde ung). Nils gifte seg tredje gong 1757 med Bryteva Sjurdtr Nesheim (1717–1764) frå Myrkdalen og for fjerde gong 1765 med Marta Gullakdtr Teigen (1725–) frå Kyrkjebø. Marta var 11 år yngre enn Nils, og det var kanskje grunnen til at han skulda ein bygdegut for å ha kome kona si for nær. Til guten sa han: «Ser eg deg ein gong til i huset mitt, skal raudt renna». Verre var det at han kasta kista og kleda til Marta ut på tunet, men om ho reiste frå garden er usikkert, då dødsfalla for dei to ikkje kom inn i kyrkjeboka. Ola Nilsson Vangsnes (1753–) & 1780 Randi Oladtr Bale (1750–) frå Balestrand fekk: Randi 1780 og Ola 1784. Ingen av dei fire finn vi att som gravlagde eller i folketeljinga i 1801. Ca 1785 kom det eit nytt leiglendingspar til bruket: Per Amundson (1757–død etter 1801) & Gitlaug Nilsdtr Midlang (1747–1821) frå lnr 98 i Vik. Vi finn ikkje vigsla i kyrkjebøkene for Vik eller Leikanger prestegjeld. Gitlaug hadde systera Brita på plass 53 Vangsnes. Per er ikkje sikkert identifisert. Men han kan vera ein gut som vart konfirmert med tenaradresse Sylvarnes i 1775. Denne Per «Sylvarnes» må vera den førstefødde for eit leiglendingspar på lnr 45 Nese i Arnafjord sokn. Guten hadde ikkje fått nokon god start på livet, for det kom fram at faren eitt år før hadde fått ein unge med ei syster. Dette var eit svært alvorleg brotsverk på denne tida, og faren døydde i fengsel kort tid etter. Det at guten som Per og Gitlaug fekk ikkje vart kalla Amund, støttar opp om teorien. Born: Brita 1783 (plass Nedre Mundal i Fjærland), Synneva 1786 (plass 50 Vangsnes), Marta 1787, Nils 1789 (død før 1801). Marta Perdtr Vangsnes (1787–1851) & 1804 Ingebrigt Nilsson Henjum (1778–1853), frå ein plass på Henjasand på Leikanger, fekk skøyte på bruket i 1815. Born: Nils 1804, Gjertrud 1807 (plass 16, og som låg under bruket), Per 1810–33, Brita 1813–33 (fekk Eli 1832 med Tor Hermundson Vangsnes, sjå plass 68 Vangsnes), Anna 1818 (Feten i Vetlefjorden), Agata 1821 (Eiki, Vetlefjorden), Ola 1824–50, Nils 1827 (husmann i Dyrdal i Nærøy sokn), Johannes 1831 (plass under Eiki i Vetlefjorden, så USA). Nils Ingebrigtson Vangsnes (1804–) & 1824 Matea Maria Gulbranddtr Vangsnes (1806–1846) fekk Ola Mikkel 1827–33 og Helena Maria 1829. Matea Maria var fosterdotter til Nils Olason Åmot på lnr 187b. Nils 1804 dreiv visstnok bruket ei kort tid, men reiste både frå gard og kone. Dei vart skilde i 1837, og då sa eit vitne i følgje protokollen at Nils «elskar brennevin». Matea Maria vart attgift til Sjøtun i Balestrand i 1840. I åra 1834–39 hadde Nils Knutson Ese (1793–1848) & 1834 Kari Ellingdtr Tjugum (1809–1892), båe frå Balestrand, bruket. Nils og Kari overtok lnr 99b Midlang i Vik. Johannes Larsson Feten (1799–) & 1828 Brita Sjurdtr Langeteig (1800–), båe frå Vetlefjorden, var først på ein plass på Hanken, eit område som fleire Vangsnesgardar hadde i Sværefjorden. Dei fekk der Anna 1836. På Vangsnes fekk dei Kari 1842–42. Huslyden flytta til Bergen i 1847, og bruket vart i 1848 selt på auksjon til Jørgen Olason Slinde (1800–1868) frå Norane sokn i Sogndal & 1839 Ragnhild Ellingdtr Eggum (1805–) frå Kaupanger. Born: Margreta 1839 (USA 1864), Ola 1843, Ellend 1847–48, Ellend 1850– 50. Ragnhild reiste til USA i 1867. Dei som ordna med papira då ho skulle om bord på Amerikabåten, var svært skeptiske til denne kvinna, for det vart skrive at ho reiste frå mannen sin og at ho emigrerte til Amerika «uden at tage Attest og uden at anmelde sin Afreise». Sonen Ola Jørgenson Vangsnes (1843–) fekk skøyte på bruket i 1863, men alt året etter selde han og reiste til USA. Bruket vart kjøpt av brørne Nils og Johannes Ellendson Vangsnes. Nils hadde frå før foreldrebruket lnr 187a, og det var Johannes som busette seg i husa på garden. Formell skylddeling i lnr 184a og lnr 184b skjedde først i 1878, sjå òg lnr 187a.
Lnr 184a 1,71 spd = bnr 97/1 2,44 mark. Data for 1865: 0,3 daa bygg, 1,1 daa poteter, 2 storfe, 4 smalar og ein vinterfôra gris.
Johannes Ellendson Vangsnes (1829–1883) frå lnr 187a & 1859 Anna Ingebrigtdtr Eri (1825–1862) frå Lærdal fekk: Anna 1862. Anna Eri hadde to sysken som kom til Vangsnes: Unni 1818 på lnr 187a og Eirik 1821 på lnr 189a. Johannes vart attgift 1865 med Brita Sjurdtr Åfet (1835–1919) frå Feios. Dei var barnlause. Anna Johannesdtr Vangsnes (1862–) & 1888 Jon Olason Kjosås (1858–) frå Kvam i Hardanger hadde bruket frå 1889 og dei fekk: Olaf 1889 og Anna 1891. Jon var bror til Elsebet på lnr 194. I 1892 vart bruket frådelt bnr 97/57 0,71 mark (og som kom inn under lnr 184b) og bnr 97/58 0,12 mark (sjå lnr 186e). Ny bnr 97/1 1,61 mark. Huslyden flytta i 1892 til Svelvik i Vestfold, og ny bnr 97/1 kom inn under lnr 187a. Med på flyttelasset til Vestfold var òg Lasse Jørgenson Åfet (1870–). Han var son til Ingrid Sjurdtr Åfet på lnr 195c, ei syster til Brita. Kårkona Brita 1835 var også med. Lasse vart tømmermann og gardbrukar i Strømm (no Svelvik) ved Drammen. Han gifte seg med Ingrid Lassedtr Stjernegjerd frå Feios.
Lnr 184b 1,71 spd = bnr 97/2 2,44 mark. Frå 1864 låg dette halvbruket under lnr 187a, men ca 1881 vart det skøytt til ein son på lnr 187a.
Ingebrigt Nilsson Vangsnes (1852–) frå lnr 187a & 1881 Brita Eirikdtr Vangsnes (1858–) frå lnr 192a fekk: Unni 1881 (garden Bakke i Sande i Vestfold), Nils 1884, Ingvald 1889 (garden Haugan i Sande), Anders 1892 (overtok Veierud i Sande etter faren), Kari 1894, Elise Bertine 1897 (garden Bolstad i Sande). Ingebrigt hadde òg Lovisa 1877 med Kari Eirikdtr Vangsnes (1850–) frå lnr 189a. I 1892 kom bnr 97/57 0,71 mark av lnr 184a inn under bruket. I 1902 kjøpte Ingebrigt saman med Bjørn Hanekam storbruket lnr 197a+195a på Ytre Vangsnes. Etter oppsplitting og deling vart Ingebrigt sitjande att med bnr 97/47 1,62 mark. Bnr 97/59 0,96 mark frå lnr 186a kom òg inn under bruket. Men i 1905 flytta familien til Sande i Vestfold. Ingebrigt overlet då bnr 97/47 til ei syster og selde bnr 97/2, 97/57 og 97/59 til Lars Andersson Vangsnes (1845–1935) frå plass 9 & 1868 Malena Eirikdtr Sogndalsfjøra (1848–1911). Samla skyld for dei tre parsellane var 4,11 mark, slik at dei overtok eit langt større bruk enn lnr 184b åleine. Born: Maria 1868 (sjå note lnr 187b), Ola 1871, Eirik 1873 (USA 1890), Anders 1876 (USA 1891), Johannes 1879 (USA 1891), Amund 1882 (USA 1891), Kristian 1888 (USA 1891). Huslyden var først på ein plass i Kalviki og eigde så lnr 195g saman med Fredrik Olason. Lars og Malena reiste i 1891 til USA med dei yngste borna og fekk der Martin Ursèn 1891 (USA i 1909). Men dei kom tilbake i 1903 og kjøpte dette bruket. Ola Larsson Vangsnes (1871–1971) & 1909 Elen Marie Endredtr Vangsnes (1882–1976) frå lnr 197a+195a overtok ca 1920. Dei to hadde ikkje born. Ola reiste til USA i 1889, men kom att før han gifte seg. I 1949 vart frådelt bnr 97/99 0,03 mark. I 1954 vart bnr 97/57 og bnr 97/59 integrert i bnr 97/2 og bruket hadde i 1990 samla skyld på 3,61 mark. Bruket vart kjøpt i 1951 av Johan Handal (1920–1997) frå Leirvik i Ytre Sogn & 1946 Helga Monsdtr Tveit (1918–) frå Feios. Barn: Olav 1947 (Vinstra), Monrad 1948 (Malmö), Gerd Marie 1951 (Hatlevegen 12 i Prestberget i Vik). Johan var fosterson hjå Ola og Elen Marie. Mor hans, Johanna Endredtr Handal (1886– 1971), er gravlagd på Vangsnes.
Bnr 97/107 Solvang 0,15 mark vart frådelt i 1951 og vart busett av Ola Larsson og Elen Marie som kårbustad. I 1962 overtok Olav Larsson Grinde (1905–) & 1939 Ingebjørg Oladtr Kvam (1906–) frå Sogndal. Born: Kari 1940 (Leikanger), Randi 1943 (Ytre Arna i Bergen). Olav dreiv Solvang camping på dette bruket om sommaren, men om vinteren budde familien på Grinde. I 1987 vart eigedomen skøytt til Reidar Jensson Bjordal (1934–1992) & 1967 Andrea Andersdtr Erikstad (1943–) frå Jølster. Andrea er syster til Olaug Sunde på lnr 192b. Reidar og Andrea flytta til Bergen i 1991 og dei selde eigedomen til: Siri Røen (1959–) & 1985 Bjørn Birgerson Knudsen (1951–), båe frå Bergen. Dei har: Tonje 1985, Silje 1988, Iselin 1995. Mormor til Bjørn er Anna 1896 frå bnr 5/1 under lnr 24 Stadheim i Vik.
Lnr 185 Vangsnes
0,42 spd = bnr 97/3 0,77 mark. Matrikkelskyld i 1838: 0,27 laupar. Sjølveigd. Data for 1845: 3,3 daa bygg, 2,1 daa poteter, 3 storfe, 14 sauer, 6 geiter, 1 vinterfôra svin.
Enkja Helene Ludvigdtr Munthe Moduit (1702–1785) skilde frå jord til dette småbruket ca 1752. Ho hadde hjå seg ei systerdotter, Christine Margrethe Schreuder (1724–1812). Foreldra hennar var: Karen Ludvigdtr Munthe (1695–1735), prestedotter frå Vik, & 1720 Jens Hansson Schreuder (1686–1737), presteson frå Innvik. Jens vart i 1719 kaptein ved Søndre Søndfjordske Kompani og familien busette seg i 1721 på garden Ytre Åsnes i Fjaler. Det er skrive at dei hadde 6–7 born, men berre tre levde fram til 1770. I tillegg til Christine var det systera Dorothea Marie 1728, som var enkje i 1770 og budde i Nordfjord, og broren løytnant Hans Christopher Schreuder. Hans døydde i Bergen i 1770. Han var truleg ugift, for han hadde ikkje arvingar etter seg. Det er nærliggjande å tru at desse «storfolka» budde i eit standsmessig hus utanfor klyngetunet etter at lnr 185 vart skilt ut. Men vi kan ikkje prova at dette er rett, og driftsbygningane på lnr 185 låg i alle høve inne i klyngetunet. Truleg for å hindra at andre arvingar skulle ta over det meste av jordegodset på Vangsnes, fekk Christine pantobligasjon i jordegodset frå enkja Helene med følgjande tinglyste grunn: kompensasjon for manglande utbetaling av løn gjennom 22 år. Av arvingar som kan vore ute etter eiga, kan framhevast alle etterkommarane etter Birgitte Ludvigdtr Munthe (1686–1770), gift med prost Anders Daae (1680–1763) i Vik. Christina fekk hand over lnr 185 og vart dermed eit attraktivt gifte. Ho vart i 1783 vigd til den langt yngre Thomas Christian Thomasson von Krogh (1746–1822), oppvoksen på garden Kvale i Luster. Han var frå 1786 premierløytnant for Ytre Sognske Kompani. Alt i 1801 var han dimittert og hadde pensjon. Dei to fekk ikkje born, men i 1801 hadde dei hjå seg Anna Christine Bremer (1788–1840), ei systerdotter til Thomas. Ho var dotter til Hans Bremer & 1779 Charlotte Amalie Augusta von Krogh (1752–1796). Dei budde i Marifjøra. Anna vart i 1809 gift med Per Bendikson Vangsnes (1785–1862) frå lnr 189+190. Born: Kristina Maria 1810 (lnr 195d), Solveig 1811 (plass på Gjerde i Balestrand), Charlotte Amalia 1813–13, Tomas Kristian 1816, Amalia 1817–1903 (fekk Eirik 1842, sjå lnr 198, ho flytta til son sin på ein plass i Jordal i Fjærland etter 1866), Hans 1819 (plassen Nygjerdet, Torsnes i Balestrand), Bendik 1820 (Jordal, så Farnes i Sværefjorden), Georg Fredrik 1822–23, Jørgen Fredrik 1824 (sjå note), Anna 1826–28, Johan 1832–76 (spedalsk, døydde på Pleiestiftelsen i Bergen). Hans Bremer var skomakar og «bygdemusikus». Han høyrde såleis neppe til dei kondisjonerte. Men Anna 1788 vart oppfostra hjå «storfolk» — var «frue» —, det ser vi av val av namn for somme av borna og av at sonen Hans fekk utnamnet «Frue-Hans». Tomas Kristian Person Vangsnes (1816–1889) & 1841 Kristi Lassedtr Åfet (1819–1907) frå Feios fekk: Lasse 1843–44, Per 1845 (USA), Marta 1850 (lnr 186), Lasse 1854, Anders 1857 (Romøyri i Fjærland). Lasse Tomasson Vangsnes (1854–) & 1890 Gjertrud Perdtr Romøyri (1859–1939) frå Fjærland overtok i 1890. Lasse var jekteskipper. Born: Kristi 1891–1973 (Bergen), Per 1893 (Os i Hordaland), Tomas Kristian 1896, Solveig 1897 (Hamar), Lovise 1903 (sjå note), Johannes 1905. Ca 1896 kom bnr 97/62 0,28 mark frå lnr 186a inn under bruket. Tomas Kristian Lasseson Vangsnes (1896–1980) & 1924 Ingeborg Andersdtr Slinde (1891–1981) frå Norane sokn i Sogndal fekk: Gunda 1924, Arthur 1926 (Brattvåg i Haram), Gjertrud 1929 (Drøbak), Kjellaug 1931 (Fyllingsdalen). Tomas var i USA 1913–20. I 1974 overtok Gunda Tomasdtr Vangsnes (1924–2001) & 1946 Mons Gjertson Langeteig (1918–) frå Vetlefjorden. Born: Tore Kjell 1947 (Kristiansund), Gunnar 1952 (Solbergelva ved Drammen), Inger Kari 1959 (bnr 1/173 i Røysane-Sæbø, så Galilea nr 6 under prestegarden Grov i Vik), Arvid 1961. Arvid Monsson Langeteig (1961–) overtok eigedomen. Han var ei tid i Oslo, tok maritim utdanning og er i utanriksfart.
Jørgen Fredrik Person Vangsnes (1824–1900) brukte ikkje det første førenamnet sitt. Han reiste til Mundal i Fjærland. Der fekk han Ingeborg 1849 med Marta Jondtr «Mundal». Vi trur Marta var husmannsdtr frå «Tråen» i Lidal. Ungen døydde truleg liten. Fredrik gifte seg 1853 med Brita Hansdtr Mundal (1827–1900) frå garden Nedre Mundal. Dei fekk Ola 1850 og Hans 1853. Huslyden var innerstar i Mundal før dei reiste til USA i 1856. Fredrik og Brita er forfedrar til Walter Frederick Mondale, visepresident i USA 1977–81.
Lovise Lassedtr Vangsnes (1903–) & 1931 Lars Torbjørnson Jørdre (1897–) frå Granvin fekk på Vangsnes: Kari 1931 (Norheimsund). Dei busette seg i Granvin.
Lnr 186 Vangsnes
3,83 spd. I 1802 fråskilt lnr 198, gjestgjeveriet, utan at skylda vart nedsett. Frikjøpt 1832. Matrikkelskyld i 1838: 1,97 laupar. Data for 1845: 0,3 daa rug, 11,3 daa bygg, 4,9 daa poteter, 1 hest, 16 storfe, 42 sauer, 6 geiter, 3 vinterfôra svin.
Dette halvbruket vart selt av Fredrik Moduit til korporal Jon Samsonson Husabø (1720–1796) frå Leikanger i 1748. Men innan få år vart bruket teke på odel, slik at Jon vart leiglending. Jon gifte seg 1748 med Helga Markusdtr Tenål (1718–1759) frå lnr 15 i Vik. Born: Fredrik 1748 (sjå note under lnr 189+190), Samson 1750–63, Anna 1754, Synneva 1757 (Borlaug i Feios), Marta 1759. Jon vart attgift 1761 med Brita Oladtr «Våtevik» (1736?–1799) frå Fjærland. Våtevik må vera tenaradresse. Oppgitt alder i kyrkjebøkene ved dødsfall og ekteskap på 1700-talet var ofte langt frå det rette. Då Brita gifte seg, skulle ho vera ca 20 år, men då ho døydde var alderen 86 år. Der første er truleg nærast sanninga, og då kan ho vera fødd på Berge i Fjærland i 1736. Marta Jondtr Vangsnes (1759–1821) & 1778 Gaute Monsson Husabø (1747–1803), ein bror til gjestgjevaren Tomas på lnr 198, overtok bygslinga i 1782. Dei tok kår alt i 1790, kanskje fordi helsa til Gaute svikta. Born: Mons 1779–79?, Jon 1781 (Rinde i Feios), Ola 1784, Mons 1786 (Ytre Borlaug, Feios), Ingeborg 1793–1824 (døydde på Vangsnes, ho gifte seg 1823 med Johannes Eirikson Bøtun i Fresvik), Helga 1789 (Rinde i Feios). Det nye leiglendingsparet var: Ola Olason Ytre-Farnes (1751–1811) & 1783 Malena Andersdtr Menes (1759–1821), båe frå Balestrand. Born: Unni 1783 (plass 59 Vangsnes), Ola 1786 (lnr 194), Ola 1791 (plass Nedre Njøs, Leikanger), Synneva 1793 (plass på Menes i Balestrand), Randi 1797 (plass 60 Vangsnes). Kårenkja Marta kan ikkje ha kome serleg godt ut av det med den nye kona på bruket. I 1811 hadde Marta henta ved frå ein teig under bruket nær grensa mot Feios. Det ville ikkje leiglendingsenkja Malena finna seg i. Det vart forlik, noko som medførte at Marta måtte gje frå seg halvparten av veden. Eigar av bruket vart i 1812 Barbra Marie Dahl. Ho vart gift med landhandlar Ola Larsson Hæradsholm i Hardanger. I 1832 selde denne landhandlaren bruket til Ola Gauteson Vangsnes (1784–1859). Han kom dermed tilbake til bruket. Han gifte seg 1819 med Helga Amunddtr Borlaug (1798–1868), Feios. Mor hennar var frå lnr 186. Born: Jon 1820 (plass 35 Vangsnes), Marta 1822 (sjå note lnr 1 Tveit), Amund 1825, Gaute 1829–29, Ola 1835 (plass 57 Vangsnes), Fredrik 1838 (plass 20 Vangsnes), Per 1842–42?, Per 1843 (plass under Øvre Mundal i Fjærland). I 1851 fekk Amund Olason Vangsnes (1825–1881) & 1852 Anna Katrina Johannesdtr Elvagjeng (1823–1897) frå Sogndal skøyte, men alt i 1856 selde Amund bruket og var i 1865 husmann under bruket, sjå plass 3. Kona vart kalla Thrine i 1865. Paret var barnlaust, men hadde i 1865 fostersonen Jon 1857, ein son til ei syster til Amund. Ho var på plass 68. Denne guten var i 1875 tilbake på plassen. Amund var jekteførar. I 1873 vart frådelt lnr 186b 0,08 spd = bnr 97/5 0,05 mark til skulen. Same året fekk Amund frådelt plassen han var på som lnr 186c 0,09 spd = bnr 97/7 0,13 mark. Amund drukna i Kråkevågfjorden i Solund. Lnr 186a 3,64 spd vart kjøpt i 1856 av Ola Person Undredal (1822–1865) frå Aurland & 1847 Gjertrud Ellingdtr Fimreite (1818–1897) frå Norane sokn i Sogndal. Born: Per 1847, Elling 1850–51, Elling 1852 (lnr 189a), Johannes 1855 (USA 1875), Gjertrud 1858–95 (ugift, budde i Vik). Ola døydde av nervefeber (tyfus). Per Olason Vangsnes (1847–1931) overtok i 1875. Han vart først gift 1875 med Gjertrud Rognalddtr Lidal (1852–1882). Ho voks opp i Lidal i Fjærland, men var fødd i Rendedal i Vetlefjorden. Born: Johanna 1876 (USA 1895), Ola 1877–78, Ola 1879 (USA 1897) og Brita 1881 (Grøneng, Balestrand). Per vart attgift 1884 med Marta Tomasdtr Vangsnes (1850–1919) frå lnr 185. Born: Gjertrud 1884 (ugift budeie), Kristi 1888–89, Tomas Kristian 1890 (lnr 191c), Kristian 1893 (lnr 191c). Per fekk òg Ola 1872–1906 med Gjørond Jondtr Vangsnes (1843–1925) frå plass 34. Marta hadde frå før Anfin 1876 (USA 1895) med Eirik Olason Berdal (1848–1919) frå Feios. I 1881 vart bruket frådelt lnr 186d 1,01 spd = bnr 97/8 1,46 mark. Ny lnr 186a 2,63 spd = bnr 97/4 3,78 mark. Per fekk heimelen til bruket i 1884, men omkring 1895 må han ha kome i økonomiske vanskar, og huslyden flytta til lnr 191c = bnr 97/25. Bruket vart ca 1896 frådelt fire store parsellar: bnr 97/59 0,96 mark, bnr 97/60 0,77 mark, bnr 97/61 0,45 mark og bnr 97/62 0,28 mark. Desse parsellane kom inn under andre bruk.
Bnr 97/4 1,27 mark vart kjøpt av Nils Knutson Sylvarnes (1856–1915) frå lnr 57 i Arnafjord sokn & 1882 Synneva Andersdtr Vangsnes (1852–1942) frå plass 8. Dei to var først innerstfolk på Vangsnes. Nils var då tambur. Born: Knut 1883 (lnr 193d), Anders 1885–1980 (ugift), Nikolai 1887–1915, Anna Maria 1890 (lnr 193b), Johannes 1894. Johannes Nilsson Sylvarnes (1894–1991) overtok i 1938. Han gifte seg ca 1945 med Synneva Tomasdtr Tønder (1899–1995) frå «Tønderbruket», lnr 12 Seim i Vik. Bruket vart testamentert til Bjarne Johan Knutson Sylvarnes (1923–) på lnr 193d. Sjå om familie der.
Lnr 186d 1,01 spd = bnr 97/8 1,46 mark, i 1990 1,10 mark. Denne parsellen vart kjøpt i 1881av Elling Olason Vangsnes (1852–1926) frå lnr 186a. Men parsellen var ikkje busett ved folketeljinga i året 1900. Elling gifte seg 1898 med Gjertrud Knutdtr Færestad (1863–1950) frå Lærdal. Ho var enkje på lnr 189a Vangsnes og dei vart busette der. Dei flytta seinare til Verkland i Brekke, sjå meir under lnr 189a. Parsellen vart kjøpt av Lasse Ellendson Vangsnes (1856–1924) & 1888 Guro Johannesdtr Borlaug (1865–1952) frå Feios. Dei eigde og dreiv lnr 188b, slik at bnr 97/8 vart drive frå dette bruket. I 1964 vart frådelt bnr 97/141 0,05 mark (som kom under bnr 97/65, sjå under lnr 197a). I 1945 skøytte enkja Guro parsellen til dottera Gunhild Lassedtr Vangsnes (1894–1965). Ho gifte seg 1914 med Fridtjov Ellendson Vangsnes (1881–) frå lnr 187a og dei fekk: Kristi 1914. Fridtjov reiste til USA 1904, kom tilbake og gifte seg, men reiste til Amerika på nytt og kom aldri tilbake. Gunhild bygde hus på parsellen. I 1966 gjekk eigedomen frå dødsbuet til Kristi Schmidt Førde (1914–). Ho var busett på Tertnes i Åsane. Sonen Harald Steinar Schmidt Førde (1943–), Stavanger, brukar staden som sommarhus.
Lnr 186e 0,02 spd = bnr 97/9 0,04 mark. Denne parsellen var i den nye matrikkelen frå 1888 eigd av Johannes Olderkalv på lnr 192b, men han kom i 1893 over på: Bjørn Andersson Hanekam (1865–1936) frå plassen Bjørkevik i Arnafjord sokn & 1891 Ragnhild Torbjørndtr Hjellhaug (1868–1959) frå Kaupanger sokn i Sogndal. Bjørn dreiv då landhandel. Bjørn hadde dessutan i 1893 fått tak i lnr 186c 0,09 spd = bnr 97/7 0,13 mark (= plass 3 Vangsnes) og bnr 97/58 0,12 mark av lnr 184. Born: sjå bnr 97/69. Bjørn dreiv butikk på Vangsnes 1892–1906, men var i USA 1908–15. I 1904 gjekk Bjørn saman med Ingebrigt Nilsson og kjøpte storgarden lnr 197a+ 195a. Etter ein del parsellsal sat dei to att med ein middels stor jordeigedom og som dei så delte. Bjørn sin del var bnr 97/69 Høiland 1,69 mark. Der bygde han opp gardshus, og tok med seg bnr 97/58 inn i eiga. Bnr 97/7 og bnr 97/9 vart selt i 1906 til ein Michael Eirikson (truleg ein norskamerikanar) utan tinglyst skøyte, og han selde vidare i 1916 frå USA til Per Hovland, slik at parsellane kom inn under lnr 4 Hovland. Dei har seinare vore felles eige for mange arvingar. Dette er i dag ein samla parsell nær ferjekaien. Sjå vidare om familien Hanekam under lnr 197a+195a: bnr 97/69.
Lnr 198 Vangsnes
0,05 spd = bnr 97/55 0,11 mark. Gjestgjevarstova. Utskilt frå lnr 186. Ikkje skyldsett i laupar, men 0,05 spd tilsvarar 0,02 laupar.
Denne eigedomen vart utskilt som bruk i 1802 ved at pensjonert løytnant Thomas Christian von Krogh selde gjestgjevarstaden. Han eigde og budde på lnr 185. Men ved teljinga i 1801 er dei som dreiv gjestgjevarplassen førde opp som innerstar under lnr 186, slik at vi må tru at staden vart skild ut frå dette bruket. Merkeleg nok vart ikkje skylda på lnr 186 sett ned etter salet, slik at i den nye matrikkelen frå 1838 står lnr 198 med 0,00 laup i gamal matrikkelskyld. I tillegg til grunnen for gjestgjevarstova følgde det med eit lite åkerstykke, «Skomakaråkeren». Tidlegare hadde gjestgjevarstaden lege på bygsla grunn.
I følgje den gamle bygdeboka var Jan Robbertson gjestgjevar på Vangsnes i 1660. Då hadde han i tre og eit halvt år drive handel på Vangsnes. I 1676 var Sander Robbertson gjestgjevar på Vangsnes. Han var truleg bror til Jan og David Robbertson i Balholm. Ein Sander Robbertson var i 1690-åra sagemeister i Kinsedal i Hafslo, og det må vera same karen som hadde vore på Vangsnes. Kanskje var Vangsnes utan gjestgjeveri i dei vanskelege åra sist på 1600-talet og først på 1700-talet. Men i 1723 var Robert Davidsson brukar av lnr 198, og i 1733 fekk Johannes Markusson (1682–1772) frå lnr 192+193 & 1734 Anna Nilsdtr Henjum (1710–1742) frå Leikanger rett til å driva gjestgjeveri. Born: Brita 1736 (lnr 188) og Anna 1742. Johannes vart attgift 1743 med Barbra Sjurdtr Dale (1694–1770) frå Feios, ei syster til Bård på lnr 3 Øksdal. I 1768 overtok Tomas Monsson Husabø (1739–1787) frå Leikanger & 1768 Anna Johannesdtr Vangsnes (1742–). Dei fekk: Ingeborg 1769 (lnr 196), Johannes 1770 (plass 32), Mons 1773, Anna 1774, Mons 1777–77, Mons 1778–1812 (ugift). Tomas fekk i 1768 løyve til å driva krohald og gjestgjeveri og frå 1779 rett til å handla med tobakk. Enkja stod for drifta til 1801. Deretter overtok Anna Tomasdtr Vangsnes (1774–1822) & 1799 Lasse Anfinson Vangsnes (1772–1858) frå lnr 194. Born: Anfin 1799 (ukjend seinare), Anna 1802–33, Tomas 1806–07, Solveig 1808. Lasse vart attgift 1822 med Brita Sjurdtr Vangsnes (1792–) frå lnr 195. Dei fekk ikkje born. Lasse fekk skøyte på eigedomen frå oberstløytnant Thomas Kristian von Krogh i 1802 og sat som eigar til 1832. Hans Hansson «Frettem» (1806?–1850) & 1832 Solveig Lassedtr Vangsnes (1808–1838) fekk: Anna 1833 (Vikøyri v878), Hans 1836–36. Hans fekk så Eirik 1842 (til plass i Jordal i Fjærland) med Amalie Perdtr Vangsnes (1817–1903) frå lnr 185 og vart attgift 1843 med Brita Halvardtr Vangsnes (1811–) frå lnr 197. Dei fekk Hansina 1844 (sjå nedanfor) og Halvar 1847 (USA 1867). Brita hadde òg Ola 1833–33 med ein Ola Olason Vangsnes, og som vi ikkje har identifisert. Opphavet til Hans er usikkert. I følgje oppgåvene då han gifte seg skulle han vera frå Frettheim i Arnafjorden, men det må vera tenaradresse, for Hans er ikkje i konfirmasjonslistene for Vik prestegjeld for åra 1818– 25. Truleg var han frå plassen Munken under Bale. Der budde først på 1800-talet Hans Amundson, og han var son til Amund Anfinson Hanken (sjå plassen Hanken under Vangsnes). Med andre kona si hadde Hans Amundson tre søner, Hans 1806 var den yngste. Hans Hansson hadde gjestgjeveriet på Vangsnes 1833–39, men vart deretter husmann under lnr 184a. Enkja Brita, Hansina 1844 og barnet Andreas 1865, som Hansina hadde med Lasse Lasseson Nokken (1835–) frå Kvamsøy sokn, reiste til USA i 1868. Lnr 198 vart i 1839 kjøpt av Lasse Lasseson Ytre Hamre (1802–1891) frå plassen Veten på Leikanger. Han fekk gjestgjevarløyve i 1841. Lasse vart òg eigar av lnr 188a. Sjå meir der om han, familien og bruket. Vi kan leggja til at i 1849 fekk G. H. Sundal rett til å driva landhandel og gjestgjeveri på Vangsnes. Men vi kan ikkje sjå at han vart busett i bygda. I 1976 kom bnr 97/112 0,03 mark frå bnr 97/89 (opphavleg lnr 187a) inn under bnr 97/55 «Gjestgjevargarden». I 1990 var Inger Marie Vangsnes Try eigar, sjå om henne under lnr 188a.
Lnr 187+188 Vangsnes
Eigar i 1647: Apostelkyrkjegodset. Landskyld: 4,50 laupar.
I 1647 var storbruket drive av to leiglendingspar: Ola med kona Kirsti Styrkdtr og Per med ei kone som hadde det merkelege namnet Halkatla. Far hennar heitte Amund. Per var brukar åleine i 1657. Deretter er brukaren ukjend. Men sist på 1600-talet var bruket drive av Hermund. Han veit vi ikkje noko anna om enn ein tvist med to brukarar på Ytrenese og at han døydde i 1695. Då vart bruket delt. Delbruka fekk lik matrikkelskyld.
Lnr 187 Vangsnes
3,91 spd. Proprietæreigd: i 1723 av etatsråd Blixencrone, så futen Peder Leganger. Sjølveigd ei kort tid frå 1777. Endeleg frikjøpt i 1827. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 2,15 laupar. Bruket delt i 1824.
Ola Ingebrigtson Vangsnes (1655–1736) frå lnr 194 var på bruket i 1701. Han var truleg gift med Brita Amunddtr (1640–1712). Vi veit om sonen Amund 1682. Omkring 1720 overtok Amund Olason Vangsnes (1682–1737) & 1714 Kari Larsdtr Vangsnes (1695–) bygslinga. Born: Ingebrigt 1714–14, Ingeborg 1716 (lnr 196), Brita 1717, Marta 1722 (plass 23 Vangsnes), Lars 1728–85. Neste leiglendingspar frå 1737 var Nils Andersson (1693–1771) & 1738 Anna Larsdtr Vangsnes (1687–1764). Vi reknar med at ho var syster til Kari 1695. Dei to var truleg frå lnr 195. Nils har vi ikkje identifisert, men då han døydde hadde han ein bror og ei syster i Bergen, broren Lasse i Balholmen og ein bror Anders med døtrene Kari og Gitlaug. Gitlaug kan vera fødd i 1754 av husmannsfolk på Menes. Nils og Anna hadde ikkje born. Neste brukarpar var Brita Amunddtr Vangsnes (1717–1792) & 1762 Guttorm Person Midlang (1727–1785) frå lnr 98 i Vik. Brita var truleg frå bruket, men då må det vera feil at ho var 20 år då ho gifte seg. Heller ikkje dei hadde born. I 1777 vart bruket selt på auksjon. Guttorm var kjøpar, og han vart dermed sjølveigar. Enkja Brita selde bruket til løytnant Krogh på lnr 185. Guttorm betalte 290 rd for bruket og Krogh kjøpte det for 337 rd. Det var prisoppgang på denne tida, men det er likevel uventa stor skilnad på kjøpesummane. Krogh bygsla i 1787 bruket til Lasse Simonson Tveit (1757–1812) frå lnr 1 & 1781 Brita Jondtr Vangsnes (1758–1793) frå lnr 195. Dei fekk: Marta 1791. Lasse vart attgift 1794 med Ragnhild Sjurdtr Vangsnes (1757–1812) frå lnr 191. Ho hadde frå før Ingeborg 1784 (sjå note lnr 2 Øksdal) med soldat Jakob Amundson Henjum (1758– ?). Jakob gifte seg til Fosshage på Leikanger i 1788. Han levde i 1801, men døydde kanskje før 1815. Kona Eli døydde i 1830. Lasse og Ragnhild fekk: Sjur 1794 (lnr 4 Hovland), Simon 1796 (plass 63 Vangsnes), Brita 1798 (Vikøyri v974). Neste leiglendingspar var Marta Lassedtr Vangsnes (1791–1828) & 1813 Ingebrigt Knutson Midlang (1783–1858) frå lnr 98 i Vik. Born: Lasse 1815 (Midtnes, Bale i Balestrand), Gjertrud 1819 (sjå note), Knut 1823 (plass under Øvre Mundal i Fjærland), Brita 1825. Ingebrigt vart attgift 1834 med Anna Oladtr (1783?–1877). Anna har vi ikkje identifisert. Alt i 1865 var ho kommen på legd. Eigaren Claus Finde selde bruket til prostinne Michelet i Manger. Ho var dotter til presten Jonas Daae i Vik. I skiftet etter henne i 1823 vart eiga selt til Hermund Ivarson Rislåg. Han sat som leiglending på lnr 192, men kunne ikkje overta drifta av lnr 187 då Ingebrigt hadde bygsel på livstid. Men Hermund fekk i 1824 skilt frå ein liten part til Nils Olason Åmot. Sjølve bruket selde han så i 1827 til leiglendingen Ingebrigt Knutson og som straks selde til Ellend Lasseson. Denne hovuddelen fekk i den nye matrikkelen i 1838 lnr 187a og den fråskilde parten lnr 189b 0,03 spd.
Gjertrud Ingebrigtdtr Vangsnes (1819–) & 1851 Tollak Jonson Orvedal (1821–) frå lnr 51 i Vik fekk som innerstar på Tryti i Vik: Marta 1851, Ingeborg 1855. Familien reiste til USA i 1857.
Lnr 187a Vangsnes
3,88 spd. Data for 1845: 0,3 daa rug, 12,3 daa bygg, 4,2 daa potet, 1 hest, 18 storfe, 60 sauer, 15 geiter, 6 vinterfôra svin. I 1865 saman med lnr 184b: 13,5 daa bygg, 7,0 daa poteter, 2 hestar, 17 storfe, 30 smalar, 2 vinterfôra svin.
Ellend Lasseson Åfet (1772–1857) frå Feios & 1815 Synneva Johannesdtr Menes (1786–1857) frå Balestrand fekk skøyte på denne hovuddelen av lnr 187 i 1827. Born: Nils 1815, Mari 1817 (lnr 189), Birte 1819 (sjå note lnr 192), Lasse 1822–57 (døydde på sildefiske), Kari 1825 (sjå note lnr 188b), Kristi 1828–28, Johannes 1829 (lnr 184a). Dei to første vart fødde i Feios, dei tre neste på Fosse på Leikanger der Ellend og Synneva då var innerstar. Ellend var driftekar før han kjøpte lnr 187a, og det gjorde at han hadde god økonomi. Nils Ellendson Vangsnes (1815–1891) & 1847 Unni Ingebrigtdtr Eri (1818–1907) frå Lærdal hadde: Ellend 1847 (lnr 187a), Ingebrigt 1852 (lnr 184b), Johannes 1854 (sjå note), Anders 1855 (sjå note), Synneva 1857 (Frivik i Kyrkjebø), Lasse 1859 (USA 1882), Kari 1862 (lnr 192a). Unni hadde to sysken som var gifte på Vangsnes: Eirik på lnr 189a og Anna 1825 som var gift med ein bror til Nils, Johannes 1829. I 1870 vart bruket frådelt lnr 187c 0,01 spd. Ny lnr 187a 3,87 spd = bnr 97/10 5,82 mark. I 1864 kjøpte Johannes 1829 og Nils 1815 lnr 184. Dei delte dette bruket mellom seg. Johannes overtok lnr 184a 1,71 spd = bnr 97/1 2,44 mark og Nils lnr 184b 1,71 spd = bnr 97/2 2,44 mark. I 1875 dreiv Nils også lnr 193a. Ellend Nilsson Vangsnes (1847–1937) & 1870 Kristi Lassedtr Vangsnes (1848–1898) frå lnr 188a hadde bruket 1876–1918. Born: Synneva 1870 (Uskedal i Sunnhordland), Nils 1872, Botolv 1874 (USA 1904), Lars 1875 (sjå note), Unni 1876 (sjå note), Kristian 1879 (USA, gift i Bergen 1907 med Maria Hansdtr Åfet, Feios), Fridtjov 1881 (lnr 186d), Johannes 1883–83, Johanna 1884 (USA, så Bergen), Elisa Kristina 1888 (sjå bnr 97/101 nedanfor), Maria 1890 (lnr 188a), Anna Sofia 1893 (sjå bnr 97/101 nedanfor). Ved teljinga i 1875 var familien mellombels i Kaupanger. I tillegg til å vera bonde var Ellend jektesiglar og jektebyggjar. I 1890 vart bnr 97/2 2,44 mark skøytt frå Ellend til sonen Ingebrigt 1852, sjå vidare under lnr 184b. Ca 1896 kom bnr 97/60 0,77 mark frå lnr 186a inn under bruket. Ca 1897 vart bnr 97/1 1,61 mark (tidlegare lnr 184a) selt til Ellend 1847. Det kom dermed inn under bnr 97/10. I 1954 var dei tre bruksnummera, bnr 97/1 1,30 mark, bnr 97/10 4,80 mark og bnr 97/60 0,77 mark, slegne saman som bnr 97/10 6,87 mark. I første halvpart av 1900-talet var dette det klart største bruket på Vangsnes. I 1925 skøytte Ellend bruket til Nils Ellendson Vangsnes (1872–1956). Men eitt eller anna gjekk gale for Nils, for i 1932 vart han umyndiggjort. Same året kom han til lnr 189b. Alt i 1927 skøytte han bruket til Ola Larsson Tenningåsen (1866–) & 1900 Gyrid Nilsdtr Suphamar (1881–), båe frå Leikanger. Nils fekk likevel skøyte på ein part av bruket: bnr 97/89 1,21 mark (og som ikkje vart busett). Nils kom i 1932 til lnr 189b. Ola og Gyrid var gifte ved teljinga i året 1900. Både då, og fram til 1927, dreiv dei Tenningåsen, ein høgdegard nord for Hella. Born: Kari 1902 (Eivindvik), Lars 1906 (dreiv bruket på Tenningåsen etter foreldra), Olav 1908 (Oslo), Nils 1910 (dreiv gard på Leikanger, så Flesje i Balestrand), Gunhild 1913 (Grue på Hadeland), Trygve 1915 (bnr 10/41 i Balestrand). Huslyden reiste tilbake til Tenningåsen. I 1934 kjøpte Anders Jørgenson Nyheim (1892–) frå Solvorn & 1923 Kari Johannesdtr Lie (1900–) frå Hafslo bruket. Born: Aslaug 1924 (Sogndal), Johannes 1928 (Hafslo) og Jørgen 1929 (Hafslo). Familien flytta tilbake til garden Li, der Jørgen framleis budde i 2005. I 1939 fekk Ludvig Andersson Gjesdal (1869–) frå Jølster skøyte på bruket. I teljinga i 1900 var han tømmermann i Bergen. Han gifte seg med Andrea Rognalddtr Sørensen (1865–), også frå Jølster, og dei hadde tre born. Seinare var Ludvig postpakkemeister. På sine eldre dagar kjøpte han eit bruk i Kleppestø ved Bergen før han kom til Vangsnes. Dottera Gjertine 1893 gifte seg med Nils B. Kvalnes (1895–) frå Andøya. Han var skipsførar og -reiar og dreiv i samarbeid med svigerfaren oppkjøp av frukt som han selde i Nord-Noreg. Alt i 1942 selde Ludvig bruket til Leif Anfinson Øen (1906–1963) frå bnr 1/27 i Røysane-Sæbø i Vik. Leif var ugift. I 1971 skøytte arvingane bruket til Kristen Haraldson Fosse (1934–) frå bnr 7/9 under lnr 34 Fosse i Vik & 1959 Olaug Vike (1937–) frå Voss. Kristen har vore maskinentreprenør og la tidleg ned gardsdrifta. Born: Harald Even 1960, Bente 1962 (bnr 9/3 Vetle-Nummedal i Vik), Oliv Irene 1963 (bnr 97/230 under lnr 192c), Frode 1969 (sjå note).
I nytt hus på garden bur: Harald Even Kristenson Fosse (1960–) & 1982 Elisa Annie Haugnes (1960–) frå Andøya. Born: Lene 1982 (lnr 191b), Christian 1987, Hilde Annie 1990, Fredrikke 1996.
Bnr 97/101 Veingshaug 0,55 mark, eit stykke nær ferjekaien, frådelt bnr 97/89 i 1949. Her vart busett: Elisa Kristina Ellenddtr Vangsnes (1888–1987) frå lnr 187a og systera Anna Ellenddtr Vangsnes (1893–1977). Elisa Kristina reiste til USA i 1909, men kom att. Ho var jordmor. I 1959 kom bnr 97/128 Vikateigen 0,16 mark, frå bnr 97/89, inn under eigedomen. I 1966 gjekk eigedomen til systersonen Gunnstein Strøm (1920–) frå Sædal ved Bergen. Han var busett i Fana. I 1984 overtok Inger Johanne Strøm (1944–) & 1968 Inge Olavson Bjørnevoll (1944–) frå Lindås. Born: Bjørn Inge 1969 (Bergen), Gunn Randi 1971, Mia Maria Synnøve 1973 (Oslo), Unni Irene 1975 (Ibiza i Spania), Gunstein Martin 1978.
Bnr 97/237 Veingshaug I er fråskild bnr 97/101. Gunn Randi Ingedtr Bjørnevoll (1971–) & 1991 Jan Terje Jensson Roset (1967–) frå Øvre Årdal har: Adelina Louise 1994, Jens David 1997.
Johannes Nilsson Vangsnes (1854–1913) & 1889 Kjerstina Amunddtr Holum (1867–1915), strandsitjardotter frå Fresvik, vart busette på Grundeland i Fresvik, der Johannes var skipsførar og bonde. Born: Nils 1891 (Holum, Fresvik), Signe 1896 (bnr 41/65 i Sjøtunvegen i Vik), Olav 1898 (Bergen), Johannes 1900 (sjå lnr 189b), Harald 1901 (Sandnes og Fresvik), Ragnvald 1903–03, Ragnvald 1904 (Bergen).
Anders Nilsson Vangsnes (1855–) fekk som handelskar tre born utanom ekteskap. Det første barnet har vi ikkje funne fram til. Det andre var Anna 1889 med Sigrid Arnedtr Linde (som kom til lnr 193a), det tredje Synneva 1890 (Bergen) med Unni Eirikdtr Vangsnes (1866–1930) frå lnr 192a. Anders vart gift med Susanna Oladtr Vindedal (1870–) frå Lærdal og flytta til Bergen.
Lars Ellendson Vangsnes (1875–1920) & 1902 Else Sofie Johannesdtr Hovland (1873–1925), husmannsdtr frå Årdal, fekk: Erlend 1902 (ugift sjømann, omkom i Lübeck i Tyskland), Gunhild 1904 (Lærdal), Kristi 1906 (Oslo), Johanna 1908 (Bergen). Lars var jekteskipper. Huslyden budde i eit hus på Laberg ved Brokaviki under farsgarden til Lars.
Unni Ellenddtr Vangsnes (1876–1916) & 1915 Ola Hansson Salbu (1890–1940) frå lnr 193n Salbu var barnlause. Det var Unni som måtte ta seg av syskenflokken på lnr 187a etter at mora døydde. Ola vart attgift 1927 med Brita Hansdtr Hustavenes (1898–1961). Dei vart busette på lnr 50b Hustavenes i Arnafjord sokn og fekk fleire born. Olav Olason Salbu (1937–2001) kom til lnr 195e Vangsnes.
Frode Kristenson Fosse (1969–) & 2001 Britt Margrethe Aanes (1972–) frå Årdalstangen har: Emil 1998, Oda Marie 2002. Dei bur på bnr 26/53 i Vollareina i Vik.
Lnr 187b Vangsnes 0,03 spd = bnr 97/11 0,05 mark. Data for 1845: 1,4 daa poteter, 1 storfe, 6 sauer.
Nils Olason Åmot (1788–1873) frå Modum i Buskerud & 1838 Helene Marie Oladtr (1779–1850) frå Stokke i Vestfold hadde ikkje born, men Nils hadde frå før teke til seg Matea Maria 1806 (lnr 184). Nils var opphavleg bokbindar. Han fekk skøyte på parsellen i 1824 og fekk handelsløyve i 1828. Nils flytta i 1831 til Balholmen for å driva landhandel. Skiftet etter han var eit fallittbu. Bruket på Vangsnes var selt til Ola Trondson Sandnes (1784–1866) & 1814 Marta Villumdtr Ystebø (1781–1837) frå Lurøy, Lindås. Dei fekk Unni Bertine 1818 (sjå note). Marta døydde i Bergen. Farsnamnet for Marta er ved dåp skrive Wilhelm, stundom òg seinare. Ola var fødd og oppvaksen på ein husmannsplass på Sandnes i Masfjorden, Hordaland. Han gifte seg i 1812 med enkja Anna Andersdtr «Solem» (1761–1813). Ved båe vigsler var han i det militære i Bergen, men i 1813 var han med i krigen på Austlandet. Då dottera vart fødd, vart han kalla bøkkar (laggar). Det var han òg då Marta døydde. Ola vart attgift 1839 med Brita Larsdtr Tveit (1813–1911) frå lnr 1 og dei fekk: Vilhelm 1840–44 og Lars 1842. I 1845 fekk Ola bygsla eit stykke i utmarka av lnr 197. Dette stykket låg i Krossen og vart truleg ikkje dyrka. I eit oversyn over eigedomane på Vangsnes i 1868 står det at Ola Trondson hadde ca 1,5 dekar med frukttre. Frukthage er då ikkje nemnt for andre eigedomar på Vangsnes. Lars Olason Vangsnes (1842–1934) var òg bøkkar. Han overtok i 1865. Lars vart i 1868 også eigar av parsellen lnr 193c 0,38 spd = bnr 97/33 0,57 mark og i 1903 av bnr 97/68 0,12 mark av bnr 97/47. Han gifte seg 1866 med husmannsdtr Randi Fredrikdtr Stjernegjerd (1843–1880) frå Feios og dei fekk: Ola 1866 (sjå note), Vilhelm 1869, Brita 1871–1916 (ugift tenestejente), Guri 1871–71, Gurina 1873 (lnr 191e), Unni Bertine 1876 (tenestejente i Bergen i 1900, vart gift 1908 med handelsmann Lasse Andersson i Mundal), Guri 1878 (Mundal). Lars vart attgift 1882 med husmannsdotter Synneva Jensdtr Ølnes (1845–1932) frå Sogndal og dei fekk: Jens 1883–84, Jens 1885 (sjå note), Randi 1890–1928 (Horpedal i Fjærland). Synneva var halvsyster til lærar Jens Mundal på Vangsnes. I 1934 skøytte Lars bnr 97/11, 97/33 og 97/68 til Vilhelm Larsson Vangsnes (1869–1955) & 1899 Barbra Andersdtr Mundal (1871–1943). Dei dreiv handel i Mundal, Fjærland. Vi merkar oss at Vilhelm 1869, Unni Bertine 1876 og Guri 1878 gifte seg med tre born til Anders Lasseson og Guri Jondtr Kvist på ein plass i Mundal i Fjærland. Eit så omfattande syskenbyte er uvanleg. Alt i 1936 skøytte Vilhelm garden vidare til Jon Vilhelmson Vangsnes (1907–1974) & 1930 Ingeborg Knutdtr Berge (1901–1990), båe frå Fjærland. Born: Borgny 1931 (Nesodden), Marit 1934 (Bergen), Valborg Karine 1937 (Trøgstad i Østfold), Kjellfrid 1938 (Tønsberg). I 2003 overtok Alfred og Kirsten Skeie. Dei bur på bnr 97/157 under lnr 192b.
I 1953 kom bnr 97/90 0,02 mark inn under bruket, og i 1954 var dei fire bruksnummera samla under bnr 97/11. I 1955 vart frådelt bnr 97/118 og i åra 1966–75 10 nye tomter: bnr 97/146, 149, 150, 151, 152, 155, 159, 169, 173 og 174. I 1990 var skylda 0,54 mark og bruket var sameige for borna til Jon og Ingeborg.
Unni Bertine Oladtr Sandnes (1818–1874) & 1841 Johan Andreas Sørensen var busette i Bergen. Johan var matros, seinare skipper. Dei hadde borna: Anne Margrethe 1841, Sophie Wilhelmine 1844, Johan Andreas 1846 (død før 1865), Severine Berentine 1848–73, Olaf Martin 1851, Adolf Teodor 1854 (død før 1865), Oscar Bernhard 1858–64.
Ola Larsson Vangsnes (1866–) & 1892 Maria Larsdtr Vangsnes (1868–) frå bnr 97/57 under lnr 184 fekk Olav 1892 og Randi 1896. Ola var jekteførar. Dei fire reiste til USA i 1899.
Jens Larsson Vangsnes (1885–1967) frå lnr 187b & 1914 Ranveig Sjurdtr Fuhr (1890–1962) frå Dale i Luster fekk: Gunnvor 1915 (Sørlandet), Bergljot Synneva 1917 (Hjellestad i Fana), Magnhild 1924–25, Sigmund 1926 (Oslo), Magnhild 1928 (Algerøy på Stord). Jens var i unge år lærar mange stader, mellom anna i Stanghelle, han var lærar og kyrkjesongar i Fresvik 1913–20, og frå 1920 var han sekretær i Noregs Kristelige Ungdomsforbund i ca 20 år. Deretter var han lærar på Sotra og til sist 1941–50 i Fjærland. Jens gav i 1958 ut ei bok som i stor grad omhandlar folka og livet på Vangsnes i jektetida: «Der havgula blæs». Han gav ut fleire kristelige bøker.
Lnr 188 Vangsnes
2,42 spd. Proprietæreigd, i 1723 av etatsråd Blixencrone. Ein laup frikjøpt i 1799. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 2,15 laupar. Data for 1845: 4,5 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 hest, 5 storfe, 15sauer, 6 geiter, 2 vinterfôra svin.
Første brukar etter delinga av lnr 187+188 var Grim Sjurson (1669–1720) & Synneva Torgeirdtr (–1733?). Dei var der i 1701. Synneva var truleg frå lnr 196. Grim var neppe frå soknet. Born: Jon 1697, Brita 1701–01, Sjur 1702–22, Tollak 1703–03?, Gyrid 1705–05?, Gyrid 1708 (Osen i Feios), Brita 1710 (sjå note), Gjøa 1712 (lnr 184), Hans 1715–22, Sjur 1722–22. Jon Grimson Vangsnes (1697–1763) & 1723 Mildrid Hansdtr Øksdal (1703–1740) frå lnr 3 fekk: Gyrid 1723 (Grinde, Leikanger), Brita 1725–25?, Brita 1727 (plass 37 Vangsnes), Per 1728–28?, Brita 1731–31?, Hans 1734. Mildrid vart kalla «Jondtr» då ho gifte seg, og når både fødsel og død manglar i kyrkjeboka, blir det vanskeleg. Men Hansdtr er brukt i skiftet, og i 1750 var etterkommarane: Gyrid 1723, Brita 1727 og Hans 1734. Jon Grimson vart attgift med Kari Amunddtr Øyjord (1717–1763) frå Fjærland. Born: Mildrid 1743–1821 og Steinor 1750 (sjå plass 55 Vangsnes om dei to borna). Hans Jonson Vangsnes (1734–1799) & 1763 Brita Johannesdtr Vangsnes (1736–1766) frå lnr 198 fekk: Mildrid 1764–65 og Johannes 1765. Hans vart attgift 1766 med Gjertrud Oladtr Øksdal (1730–1810) frå lnr 2 og dei fekk: Jon 1767, Brita 1769 (lnr 191), Ola 1771–93. Jon Hansson Vangsnes (1767– 1839) & 1796 Anna Nilsdtr Vangsnes (1767–1842) frå lnr 194 fekk: Ola 1796, Nils 1798–1836 (spedalsk), Hans 1801 (plass 24 Vangsnes), Jon 1804 (plass 34 Vangsnes), Kari 1807 (lnr 189b). Jon og Anna dreiv eit middels stort vangsnesbruk. Dei hadde i 1802 sju mjølkekyr, og i 1801 hadde dei fire tenarar, to av kvart kjønn. Ola Jonson Vangsnes (1796–1884) & 1825 Brita Oladtr Åfet (1790–1859) frå Feios overtok bruket i 1841. Born: Gjertrud 1826 (lnr 188b), Anna 1828 (plass 41 Vangsnes), Ola 1832–32, Brita 1833 (lnr 188b). Ola fekk òg Sjur 1823 og Brita 1823 med Brita Jondtr Vangsnes (1801–1880), sjå note lnr 191a.
I 1799 vart 1,0 laup i bruket sjølveige, medan 1,5 laupar var landskyld eigd av Sivert Sivertson Hærandsholm i Hardanger. I skiftet etter han i 1817 gjekk eiga over på enkja Mette Dorothea og sønene Sivert Friman og Vilhelm Friman. Seinare overtok Sivert også broren sin del. Denne eiga i lnr 198 vart før 1861 kjøpt av Lasse Larsson Ytre Hamre (1802–1891). Då Ola Jonson slutta som leiglending, må Lasse ha kravd at bruket skulle delast i samsvar med eigardelen av landskylda, slik at han sjølv kunne driva gard. I 1861 kom skylddelinga: lnr 188a 2,33 spd gjekk til Lasse Larsson og lnr 188b 1,58 spd til Gjertrud 1826.
Brita Grimdtr Vangsnes (1710–1748) gifte seg 1737 med Johannes Torson «Vangsnes» (–). I den gamle bygdeboka blir det hevda at Johannes var frå Hanevik i Kvamsøy sokn. Brita døydde på Romøyri i Fjærland. Før dei to kom dit, budde dei nokre år på Vangsnes og fekk der: Synneva 1738, Guri 1740 og Johannes 1742. Johannes Torson og borna ser vi ikkje noko meir til.
Lnr 188a 2,33 spd = bnr 97/13 3,48 mark. Lnr 198 0,05 spd = bnr 97/55 «Gjestgjevargarden» 0,11 mark kom inn under bruket. Data for 1865: 5,6 daa bygg, 3,5 daa poteter, 2 hestar, 9 storfe, 17 smalar. Ca 1896 kom òg bnr 97/61 0,45 mark frå lnr 186a inn under bruket.
Lasse Lasseson Ytre Hamre (1803–1891) frå plassen Veten på Leikanger & 1841 Synneva Larsdtr Flugheim (1823–1863) frå Sogndal kjøpte i 1839 gjestgjevarstaden lnr 198 og før 1861 dette delbruket på Vangsnes. Lasse tok tidleg til med jektesigling og handel og la seg opp pengar. Lasse bygde stort bustad- og forretningshus ved sida av den gamle gjestgjevarstova og dreiv landhandel, truleg på bygsla grunn under lnr 188. Han fekk handelsløyve i 1841. Born: Unni 1844 (Kaupanger), Kristi 1848 (lnr 187a), Lars 1853, Lovisa 1855 (Sogndal). Ingeborg Johanna 1858 (USA 1883), Johannes 1860 (lege i Kvinnherad, så Målselv). Lars Lasseson Vangsnes (1853–1908) & 1890 Mette Andersdtr Holen (1856–1942), husmannsdtr frå Kaupanger, fekk: Ingvald 1890, Synneva 1892–1966 (ugift, Bergen), Leif 1893–1950 (ugift, Bergen og Stavanger), Alf 1896 (hadde garden Hovland på Kaupanger til 1924, så Austlandet, frå 1934 i Tønsberg), Johannes 1899 (ugift, Hønefoss). Lars hadde òg Johanna 1882 (USA i 1912) med Anna Eirikdtr Vangsnes (1859–) frå lnr 189a. I huset var i 1900 Johanna Torbjørndtr Holen (1831–1914) frå Tingestad i Fresvik. Der hadde ho truleg vore i mange år. I tillegg til å vera bonde, var Lars post- og båtekspeditør. I 1932 vart staden overteken av Ingvald Larsson Vangsnes (1890–1964) & 1930 Maria Ellenddtr Vangsnes (1890–1974) frå lnr 187a. Dei fekk: Inger Marie 1934. I 1974 vart bruket skøytt til Inger Marie Ingvalddtr Vangsnes (1934–) & 1970 Torleiv Try (1929–2007), busette på Stord. I 1976 vart bnr 97/61 og bnr 97/97 lagt inn under bnr 97/13. Samla skyld i 1990: 3,93 mark.
Bnr 97/82 0,02 mark + bnr 97/86 0,03 mark. Denne vesle eigedomen låg nær bustaden som var sett opp på lnr 188, og er truleg utskild frå dette bruket. Her var busett: Sjur Torkelson Berdal (1884–1940) & 1920 Anna Sjurdtr Helleland (1886–1920), båe frå Feios. Sjur var husmannsson. Han voks opp på Midttun, og han vart konfirmert på Vangsnes. Då han reiste til USA i 1901 hadde han Midttun med i etternamnet. Han reiste på nytt til USA i 1910, men kom tilbake og starta landhandel på denne staden i 1920. Sjur tok etternamnet Midttun. Gunnhild Ingebrigtdtr Vangsnes (1904–1992) frå lnr 196a arbeidde i butikken til Sjur og i 1941 testamenterte han eigedomen til henne. Ho var ugift. Ho heldt fram med å driva butikk på staden. I 1965 overtok broren Harald 1911 og i 1970 systera Emma 1914 og mann hennar. Staden er blitt bustad for Odd Edvardson Vangsnes (1947–) frå bnr 97/74 & 1971 Kirsten Johanna Nes (1947–) frå Veitastrond. Dei har Kenneth 1987. Odd eig òg bnr 97/52 Kalvik på Ytre Vangsnes (lnr 195g).
Bnr 97/74 Havnen 0,01 mark. Brynjulf Brynjulfson Havnerås (1872–1951) frå Hatlestrand i Kvinnherad i Hordaland & 1902 Ingeborg Kristina Hansdtr Sætevik (1882–1966) frå lnr 191d fekk: Hans Martin 1902–79, Bernhard Malvin 1903–94, Brita 1905 (sjå note lnr 194), Marta 1907, Sverre 1909, Harald 1912–92, Ingeborg Borghild 1914, Dortea Johanna 1918, Trygve 1921–73. Ingeborg Borghild fekk Gullborg Dagmar 1932 med trikkekonduktør Trygve Knutsen (1904–) frå Bergen. Brynjulf og Ingeborg dreiv landhandel på staden. Frå ca 1920 vart han kalla skipsbyggjar. Huslyden flytta til Hardanger i 1937 og der dreiv Bynjulf og ein son båtbyggeri. Ingeborg selde eigedomen i 1953, og i 1955 vart han slegen inn under bnr 97/99.
Edvard Olason Vangsnes (1905–1989) frå lnr 195g & 1936 Emma Ingebrigtdtr Vangsnes (1914–1990) frå lnr 196a budde lenge i leigd bustad. Edvard var styrmann. Han var i utanriksfart under krigen og var med på to torpederingar. I 1951 fekk han skøyte på bnr 97/99 0,03 mark frå lnr 184a. På bnr 97/99 vart det oppført, butikk, pensjonat og postkontor. Broren Odd 1914 dreiv ei tid saman med dei. Om han: sjå bnr 97/153 under Krossen. Born: Edvin 1936 (Haugesund), Ingrid 1940 (Voss), Odd 1947 (bnr 97/82 ovafor). I 1973 overtok sonen Odd drifta av forretninga.
Lnr 188b 1,58 spd = bnr 97/14 2,43 mark. Samla data for 1865: 4,5 daa bygg, 3,5 daa potet, 6 storfe, 20 smalar, 2 vinterfôra svin.
Gjertrud Oladtr Vangsnes (1826–1859) frå lnr 188 & 1853 Ellend Lasseson Vangsnes (1823–1894) frå plass 14 fekk Lasse 1856. Ellend var attgift 1861 med ei syster til Gjertrud: Brita Oladtr Vangsnes (1833–1917). Born: Gjertrud 1861 (USA 1898), Mari 1863 (USA 1891), Brita 1865 (USA 1898), Synneva 1867 (lnr 189d), Ola 1871 (lnr 195g), Brita 1873 (lnr 195c). Ellend delte drifta av bruket med broren Anfin 1818, sjå note. Lasse Ellendson Vangsnes (1856–1924) & 1888 Guro Johannesdtr Borlaug (1865–1952) frå Feios overtok bruket i 1890. Lasse fekk kjøpt til bnr 97/8 1,46 mark (= lnr 186d). Born: Erling 1892 (USA 1910), Gunhild 1894 (overtok lnr 189d), Johannes 1896 (bnr 97/94 under bruket), Gjertrud 1890–96, Gjertrud Birgit 1899 (Bergen), Oluf 1900, Valborg 1904 (Bergen). I 1947 vart bruket frådelt bnr 97/94 0,30 mark og bnr 97/96 0,02 mark. Ny bnr 97/14 2,11 mark. Oluf Lasseson Vangsnes (1900–1971) & 1935 Judith Leonora Henrikdtr Haugsgjerd (1909–1987) frå Stavanger hadde bruket 1949–63. Born: Leif Henrik 1936, Gullborg 1951 (Florø). Leif Henrik Olufson Vangsnes (1936–) & 1963 Johanna Bjarnedtr Sylvarnes (1942–) frå lnr 193d har: June 1964 (Bærum), Bente 1965 (Bergen), Omar 1967. Omar Leifson Vangsnes (1967–) & sb Dorota Barbara Pietrzyk (1984) bur på staden.
Bnr 97/94 Åkre 0,30 mark. Johannes Lasseson Vangsnes (1896–1963) fekk skøyte på denne parten i 1949. Han gifte seg med Olga Ingebrigtdtr Vangsnes (1910–2001) frå lnr 196a. Barn: Judith Evelyn 1932. Frå før hadde Johannes dottera Margit 1920 med Maria Sørendtr Vangsnes (1899–) frå lnr 189d. Maria tok Margit med til USA i 1922. Judith Evelyn Vangsnes (1932–) & 1954 Arvid Reidar Hjortland (1936–) frå Tysnes fekk Anita Elin 1954 (Høyheimsvik i Luster). Familien budde i Bergen, seinare Voss, Lillestrøm og Rælingen. Evelyn er skild og bur åleine. Ho har òg bnr 97/110 Ekely, frådelt bnr 97/94 i 1952.
Anfin Lasseson Vangsnes (1818–1890) frå plass 14 & 1850 Kari Ellenddtr Vangsnes (1825–1890) frå lnr 187a dreiv saman med broren Ellend i 1865 og 1875, og i teljingane er produksjonsoppgåvene delte likt mellom dei to. Då Anfin og Kari døydde vart dei kalla gardbrukarar, så dei dreiv truleg ein del av bruket også etter 1875. Born: Mari 1850–50, Ellend 1851 (garden Kvamsøy i Kvamsøy sokn, var jekteskipper), Mari 1853 (USA 1879), Lasse 1855 (USA 1876), Synneva 1859, Lasse 1862 (lnr 192b), Johannes 1865 (USA 1886). Synneva Anfindtr Vangsnes (1859–) & 1884 enkjemann Johannes Mikkelson «Mjelde» (1852–), snikkar frå Haus, fekk på Vangsnes: Adolf 1884, Ingeborg 1886, Karl 1888, Brita 1891. Johannes var først gift 1874 med Ingeborg Halvorsen (1848–1878) frå Lærdal. Synneva og Johannes var innerstar på Vangsnes. Huslyden reiste til USA i 1891.
Lnr 193 Vangsnes/Framnes
3,58 spd. Eigar i 1647: Leikanger prestebol. Benefisert etter 1729. Frikjøpt 1836. Matrikkelskyld 1838: 1,81 laupar. Data for 1845: 10,0 daa bygg, 3,5 daa poteter, 2 hestar, 8 storfe, 8 sauer, 2 geiter, 3 vinterfôra svin.
Dette er ei delbruk av det store prestebolbruket lnr 192+193 som hadde jord både på Ytre og Indre Vangsnes. Husa låg truleg i eller nær klyngetunet på Indrenese. Men etter at Lars Einarson overtok, fekk han i 1840-åra samla den dyrka jorda under bruket langt framme på neset ved å byta teigar med andre både på Ytre- og Indrenese. På Framnes bygde han hus. Lnr 193 kom difor ikkje med i utskiftinga i 1878.
Leiglending på dette halvbruket av lnr 192+193 frå 1729 til 1768 vart Jakob Larsson Vestreim (1700–1773) frå Leikanger & 1729 Gjørond Johannesdtr Ytre Farnes (–1742) frå Sværefjorden. Dei hadde neppe born. Jakob vart attgift 1743 med Gyrid Amunddtr Øyjordi (1709–1782) frå Fjærland, ei syster til Kari på lnr 188. Heller ikkje dei hadde born. Hermund Larsson Eitorngjerde (1734–) & 1766 Brita Nilsdtr Rud (1742–truleg død før 1801), båe frå Leikanger, hadde heller ikkje born. I 1780 møtte Brita opp på tinget og sa at mannen hadde rømt og at ho ville overlata bygsla mot kår til Sjovat Johannesson Bøyum (1750–1781) & 1779 Sigrid Nilsdtr Skeie (1755–1810), båe frå Fjærland. Grunnen til at ho tok dette opp, må vera at ho ville ha støtte frå tinget dersom Hermund skulle koma tilbake og krevja retten til bygsla. Sjovat og Sigrid fekk: Sigrid 1779 (truleg død før 1801), Marta 1781. Enkja vart attgift 1782 med Anders Rasmusson Bøyum (1750–1802) frå Fjærland. Born: Agata 1784 (Dale i Sværefjorden), Mari 1788–92, Sjovat 1794 (plass 65 Vangsnes). Marta Sjovatdtr Vangsnes (1781–1835) & 1802 Mikkel Nilsson Henjum (1762–1830) frå Leikanger fekk: Johannes 1804–05. I 1836 vart bruket selt av staten til Lars Einarson Kyrkjevoll (1804–1877) frå plassen Kallevang i Borgund, Lærdal. Sjølv brukte han namnet Lars Einersen. Far til Lars var skreddar. I den gamle bygdeboka er det skrive at Lars tidleg viste særs givnad for skriving. Det hadde futen merka seg og tok han med til Balestrand der han vart skrivar for futen. Lars vart lensmann i bygda frå 1835. I 1844 melde han frå at bruket skulle ha namnet Framnæs. Han gifte seg 1852 med Anna Marie Clausen Rumohr (1819–1894), kapteindtr frå Lærdal. Born: Marie Claudine 1853, Engel Lovise 1854, Petra Alette Margarete 1855 (sjå note), Ingeborg 1858, Einar Klaus Rumohr 1861 (lensmann i Lærdal). Men sjølv om Lars Einersen var flink til å skriva, var den økonomiske dømekrafta mindre bra, og truleg som følgje av ei finansiell krise vart bruket i 1868 selt på auksjon i 18 parsellar: lnr 193a-s.
Petra Alette Margrete Larsdtr Einersen (1855–) & 1877 furer Ola Halvarson Tønjum (1851–), husmannsson frå Lærdal, fekk på Vangsnes: Einar 1880. Dei var då innerstar på bruket. Vi finn ikkje familien i folketeljinga i året 1900.
Lnr 193a Framnæs 0,81 spd = bnr 97/31 1,19 mark. Dette var den delen av hovudbruket som lensmann Lars Einarsen sat tilbake med etter auksjonen i 1868. I 1875 hadde han 1,2 daa bygg, 1,4 daa poteter, litt kålrot og 1 ku på bruket. I 1900 vart bruket skøytt til Sigrid Arnedtr Linde (1854–1951), innerstdotter frå Kvamsøy sokn. Sigrid fekk Anna 1889 med Anders Nilsson Vangsnes, sjå note lnr 187a. Anna vart gift til lnr 3 Øksdal, og det var ein son hennar som overtok eigedomen i 1948. Bjarne Olason Øksdal (1921–2004) frå lnr 3 var ugift. I 1951 vart frådelt bnr 97/114 til ei syster til Bjarne. I 2006 er staden eigd av Geir Steinar Vangsnes (1964–) frå bnr 97/114.
Bnr 97/114 Solheim 0,06 mark. Sigrid Oladtr Øksdal (1925–) frå lnr 3 & 1948 Guttorm Kristianson Vangsnes (1920–1977) frå lnr 191c fekk: Arne Oddvar 1945 (bnr 97/37-2 i Tråna), Marit 1954 (Kaupanger), Geir Steinar 1964 (lnr 191c).
Lnr 193b Framnes 0,40 spd = bnr 97/32 0,58 mark. Denne parsellen vart kjøpt av Amund Olason Vangsnes som var på plass 3 Vangsnes og som neppe busette seg her. I 1884 vart lnr 193b skøytt til Johannes Jakobson Olderkalv som kom med huslyd frå lnr 192b. I 1891 reiste denne huslyden til USA og lnr 193b vart tilleggsjord for bruket til Hans Matiasson Sætevik (1840–1913) på lnr 193t. I året 1900 var parsellen ikkje busett. I 1937 hadde Hans Monsson Rå (1855–1944) frå Lavik heimel til bnr 97/32, men han hadde truleg vore busett der i lang tid. Hans var jekteskipper. Han gifte seg 1881 med Unni Andersdtr Vangsnes (1850–1911) frå plass 8. Dei eigde i åra 1894–97 lnr 193d og var så kring år 1900 innerstar på lnr 189a. Hans var jekteskipper. Han vart attgift 1914 med ei syster til Unni: Anna Andersdtr Vangsnes (1855–1954). I 1943 vart småbruket skøytt til båtsmann Andreas Larsson Vikøyri v628 (1889–1951) & 1919 Anna Maria Nilsdtr Sylvarnes (1890–1964) frå lnr 186. Dei fekk Sofie Nikoline 1919 og guten Leif som døydde liten. Familienamnet var Larsen. I 1950 overtok dottera Sofie Larsen (1919–2008). Bjarne Sylvarnes overtok eigedomen og deretter sonen Kåre Jostein Sylvarnes (1952–). Han er busett på lnr 193d, og Sofie har burett på livstid.
Lnr 193c Framnes 0,38 spd = bnr 97/33 0,57 mark. Parsellen vart kjøpt av Lars Olason Vangsnes og vart tilleggsjord for lnr 187b.
Lnr 193d Framnes 0,41 spd. Per Sjurson Vangsnes (1836–1874) frå plass 16 & Andrina Gurina Ottedtr Digernes (1833–1894) budde i 1865 i eit hus under lnr 188a+198. Andrina var fødd på Stord, men oppvaksen på garden Festevik i Fana. Per var sjømann. Han reiste til USA i 1856, men kom raskt tilbake. Hus vart truleg bygt på eigedomen ca 1870. I 1875 var enkja med born busett på parsellen. Ho fekk då ein del fattigstøtte. Born: Johan Severin 1865 (fødd i Fana, USA i 1883), Anna Katrina 1867 (gift Thomassen, Bergen), Botolv 1868, Olina 1870 («kjøkkenpige» i Bergen i 1891). Gjertrud Marie 1872, Ingeborg 1873–78. I 1881vart småbruket frådelt halvparten som lnr 193t 0,20 spd, sjå lnr 191d. Ny lnr 193d 0,21 spd = bnr 97/34 0,31 mark. I 1894 vart eigedomen skøytt til Hans Monsson Rå (1855–1944). Han var eigar i 3 år. Deretter var han og kona innerstar på lnr 189a før dei kjøpte lnr 193b, sjå meir der. Johan Severin Person Vangsnes (1865–) var i 1875 fosterson på plass 16. Han reiste til USA i 1883, men vart eigar. Han ordna kanskje sal av eigedomen derifrå, for ved folketeljinga i året 1900 var han ikkje i Noreg. Kjøpar var truleg sersjant Hans Sætevik som var busett på bnr 97/47. Hans var i 1893 også blitt eigar av lnr 193e 0,42 mark = bnr 97/17 0,61 mark. Denne parsellen hadde høyrt inn under lnr 189b. Hans eigde og lnr 97/39. Dei tre parsellane var i 1912 eigd av Georg Johan Hansson Settevik (1884–1961) frå lnr 191d Vangsnes. Vi trur Georg var busett på ein av parsellane, men at han kom i økonomiske vanskar og busette seg frå 1932 på lnr 7 Gotevik. I 1929 gjekk bnr 97/34 og bnr 97/17 på auksjonskøyte til Sjur Midttun, som selde vidare til Håkon Vangsnes frå lnr 193h. Om Sjur: sjå bnr 97/82 under lnr 188a. I 1931 vart småbruket bnr 97/17 + 97/34 kjøpt av Knut Nilsson Sylvarnes (1883–1968) frå lnr 186 Vangsnes & 1920 Birte Jensdtr Holum (1886–1949) frå Leikanger. Born: Sunniva 1921 (bnr 41/112 Tomtebu, Vikøyri), Bjarne Johan 1923, Nils 1925 (Årdal). I 1954 vart bnr 97/34 0,28 mark, bnr 97/39 0,30 mark, bnr 97/81 0,14 mark og bnr 97/92 0,10 mark lagt inn under bnr 97/17, slik at samla skyld var 1,43 mark. Bjarne Johan Knutson Sylvarnes (1923–) & 1942 Jenny Johannesdtr Midttun (1923–) frå Vetlefjorden fekk: Johanna 1942 (lnr 188b), Berit Karin 1949 (busett Salbu, bnr 97/161), Kåre Jostein 1952. Kåre Jostein Bjarneson Sylvarnes (1952–) & 1980 Alvhild Sveindtr Orvedal (1953–) driv òg bnr 16/4 Orvedal under lnr 52 i Vik. Born: Stein Børge 1980, Anne Silje 1989, John Anders 1992.
Lnr 193f Framnes 0,60 spd = bnr 97/35 0,88 mark. «Reinene». Data for 1875: 1,2 daa bygg, 1,8 daa poteter, 3 kyr, 1 kalv, 5 sauer.
I 1871 kom eigedomen over på: Hans Sjurson Vangsnes (1840–1925) frå plass 16 & 1867 Brita Hansdtr Midttun (1836–1897) frå lnr 191. Hans eigde òg lnr 189d 0,03 spd = bnr 97/18 0,05 mark, men denne parsellen vart før århundreskiftet ein eigedom for seg. Born: Gurina 1867–1947 (Bergen, gift 1895 med kunstmålar Abraham Henden 1864–1919 frå Sandane, utan born, båe døydde på Vangsnes), Sjur 1869–1905 (Sør-Afrika, døydde i togbaneulukke i Johannesburg), Hans 1871, Botolv 1873 (lnr 189b), Anna 1875–1905 (døydde i Bergen av tuberkulose), Ola 1879–79 (to dagar gamal), Gerda 1881–1942 (ugift, Bergen, så Vangsnes med hus saman med Gurina). Hans Hansson Framnes (1871–1955) & 1897 Ingeborg Andersdtr Foss (1871–1956) frå Hyllestad hadde bruket 1908– 28. Dei to gifte seg i Bergen. Dei fekk Brita 1898 (sjå lnr 191d). Familien var i Bergen i 1900 der Hans var typograf. Hans gav i åra 1911–22 ut avisa Solsprett. Trykkeriet hadde han i uthuset. Hans kom i økonomiske vanskar, og i 1928 vart bruket selt på tvangsauksjon til Sjur Midttun (om Sjur: sjå bnr 97/82 under lnr 188a). Hans og Ingeborg flytta til lnr 191d. Sjur selde truleg bruket vidare utan at skøyte vart tinglyst. Lnr 193t (= bnr 97/46 0,14 mark) kom inn under bruket og i 1954 vart denne parsellen slege inn under bnr 97/35. Samla skyld i 1990: 1,02 mark. Kjøpar var Anders Monsson Nåtedal (1899–) frå Grinde, Leikanger, & 1928 Torina Johanna Franck (1897–1936). Foreldra hennar var Johan Peter Iver-Andreasson Franck (1870–1937) frå Hammerfest & 1896 Torina Tordtr Vangsnes (1872–1897) frå lnr 195d. Torina 1872 flytta til Bergen i 1890. Ho døydde kanskje i barselseng. Torina Johanna 1897 vart truleg fødd i Bergen. Ved teljinga i 1900 var ho på Menes i Balestrand hjå kårkona Brita Kristendtr, ei syster til bestemora frå Jordal på lnr 195d. Born: Sigvald 1929 (Grinde på Leikanger), Einar John 1932 (Bergen), Martin Torvald 1935 (Holmestrand). Torina Johanna hadde òg Tordis 1924 med Kristian Johannesson Vangsnes (1898–1965) på lnr 196b. Tordis kom til Torsnes i Sværefjorden. I skifteskøyte i 1937 gjekk bnr 97/35 og bnr 97/46 til Torald Torson Ulvestad (1896–1985) frå Vetlefjorden & 1935 Kristi Oladtr Torsnes (1903–1999) frå Sværefjorden. Born: Olav 1936 (Bergen), Tor Bjarne 1943. Tor Bjarne Toraldson Ulvestad (1943–) & 1971 Jofrid Elen Eikås (1945–) frå Flekke i Fjaler overtok. Born: Kristin 1973 (bnr 97/202 i Sinklesteinviki), Roger 1976 (Bergen), Tove Anita 1987.
Lnr 193h 0,03 spd = bnr 97/37 0,04 mark: sjå Tråna.
Lnr 193k 0,07 spd + lnr 197b 0,04 spd = bnr 97/38 0,16 mark: sjå Krossen og Kalviki.
Lnr 193n Salbu 0,05 spd = bnr 97/41 0,07 mark: Sjå Salbu.
Lnr 193t 0,20 spd = bnr 97/46 0,28 mark, frå lnr 193d i 1881. Denne parsellen vart busett av: Hans Matiasson Sætevik (1840–1913) frå Hyllestad & 1870 Brita Sjurdtr Vangsnes (1848–1928) frå plass 16. Dei kom frå lnr 191d. Sjå meir om familien der. Før 1937 var parsellen komen inn under lnr 193f (= bnr 97/35).