Ytre Vangsnes
Dette kapitlet omhandlar dei opphavlege gardsbruka på Ytre Vangsnes, delbruk av dei og busetnaden på frådelte bustader og bustadtomter. Her er også med lnr 192+193 som i den første tida etter øydetida var eit store prestebolbruket. Det er usikkert om husa på dette storbruket låg på Indre Vangsnes eller Ytre Vangsnes. Etter deling låg husa på lnr 192 på Ytre Vangsnes og husa på lnr 193 på Indre Vangsnes. Men lnr 193 hadde òg ein del jord på Ytre Vangsnes. Med unntak av jord i Tråna og i Salbu vart jorda for dette bruket samla på Framnes av lensmann Einersen.
Området Salbu og fleire bustadfelt er tekne ut i eigne kapittel.
Lnr 192+193 Vangsnes
Eigd av Leikanger prestebol. Matrikkelskyld i 1723: 3,63 laupar.
I 1645 var det Johannes Olason og Synneva Halisdtr på dette bruket. Synneva var enkje i 1647. Ca 1660 var det Anfin som var leiglending på storbruket. Han hadde sønene Anders 1648 (Feidje i Feios) og Botolv 1660 (lnr 184+185+186). Ei dotter vart gift til lnr 195. Markus Johannesson Vangsnes (1657–1734) frå lnr 184+ 185+186 & Ingeleiv Perdtr Håum (–1741) frå Feios var neste brukarpar. I skiftet etter Ingeleiv var det følgjande born: Markus, Kari, Gjøa 1693 (lnr 192) og Unni 1703. Dei hadde truleg òg Anna 1687–1734 (lnr 80 Voll i Vik). I eit tidlegare ekteskap hadde Markus: Brita (som døydde i 1691) og Johannes 1682 (lnr 198). I 1723 var det Unni Markusdtr Vangsnes (1703– ?) & 1723 Jens Jonson Måredal (1698–) frå Kyrkjebø som dreiv bruket. Jens var bror til Lasse på lnr 196. Born: Johannes 1724–26, Jon 1725–25, Johannes 1727 (Måredal). Familien flytta til Måredal. Etter at Markus døydde, ser det ut til at dei som styrde med prestebolet fann ut at dei ville dela bruket. Men den vanleg delinga av alle teigar og rettar vart ikkje brukt, for etter delinga ser det ut til at kanskje all jord på lnr 192 låg på Ytre Vangsnes, medan det aller meste av lnr 193 låg på Indre Vangsnes. Forklaringa kan vera at då eit prestebolbruk på Indre Vangsnes vart nedlagt i øydetida, har det blitt drive vidare av ein leiglending på prestebolbruket på Ytre Vangsnes. Vi må likevel tru at det skjedde ei viss utjamning i høve til tida før 1350, for skylda på dei to delbruka vart lik.
Lnr 192 Vangsnes
3,58 spd. Benefisert, frikjøpt i 1849. Matrikkelskyld i 1838: 1,81 laupar. Data for 1845: 0,3 daa rug, 8,9 daa bygg, 3,5 daa poteter, 2 hestar, 11 storfe, 24 sauer, 16 geiter, 2 vinterfôra svin.
Knut Ingebrigtson Feidje (1693–1779) frå Feios & 1720 Brita Andersdtr «Vangsnes» (1700–) fekk neppe born. Brita var kanskje frå Feidje i Feios. I tilfelle var faren frå lnr 192+193. Knut vart attgift 1723 med Sigrid Lassedtr Tjønn (1703–ca 1725) frå Feios, deretter truleg med Gjøa Markusdtr Vangsnes (1693–1727) frå lnr 192+193. Dei fekk Gjøa 1727–41. Deretter vart Knut truleg attgift med Magnhild Oladtr Suphamar (1706–), Leikanger, og så i femte ekteskap i 1737 med Marta Larsdtr «Henjum» (1717?–). Henjum er truleg tenaradresse, kanskje var ho frå Bøyum og fødd i 1720. Born: Ingebrigt 1739, Ola 1742 (Eitorngjerde, Leikanger), Lars 1745–76 (ugift). Ingebrigt Knutson Vangsnes (1739–1799) & 1777 Ingeborg Simondtr Tveit (1749–1783) frå lnr 1 fekk: Lars 1777 (sjå note) og Marta 1780 (plass 38 Vangsnes). Ingebrigt vart attgift 1784 med Mari Oladtr Ese (1751–1809) frå Indre Ese, Balestrand, og dei fekk: Knut 1784 (plass 36 Vangsnes), Ingeborg 1787 (plass på Teigum i Ovrisdalen i Vik). Guri 1790 (plassen Vedledna under Seim i Vik). Mari vart attgift 1799 med enkjemann Eirik Jonson Åfet (1751–1826) frå Feios. Eirik flytta då til Vangsnes. Neste leiglendingspar frå 1808 var Hermund Ivarson Rislåg (1780–1830) frå lnr 55 i Vik & 1806 Eli Tordtr Åse (1783–1866) frå plass under lnr 48 Åse i Vik. Born: Brita 1804 (plass 24 Vangsnes), Ivar 1808 (plass 31), Tor 1811 (plass 68), Hermund 1814 (plass 27), Jon 1816–25, Ola 1819 (lnr 192c), Ellend 1821 (sjå note), Sjur 1824 (sjå note), Brita 1826 (ukjend seinare), Eli 1828 (USA i 1854). Hermund var ein rik mann. I 1823 fekk han kjøpt eiga i lnr 187 og med kjøpet følgde også halvparten av eiga i Vangsnes kyrkje. Rikdomen må han ha skaffa seg i unge år, kanskje ved å driva krøtterhandel. I 1815 hadde han hjelpt Nils Johannesson Kinni i Vik ved å betala landskylda hans. Som oppgjer skulle han få ei tønne setjepoteter følgjande vår, men då potetene ikkje vart levert, vart det sak i forliksrådet. I 1849 fekk enkja kongeleg skøyte på bruket. Det hadde 1,5 laupar smør, 6 mæle korn og 0,5 hud i landskyld. Dette tilsvara 2,60 laupar, noko som låg høgt over matrikkelskylda. Eli betalte 500 spd for bruket. Ho måtte låna heile summen hjå Opplysingsfondet. Truleg dreiv ho deretter bruket saman med sønene Ellend og Tor. I den gamle bygdeboka står det at ho alt i 1850 overlet halve bruket til dei to, men utan skøyte, medan Ola Jonson Vangsnes kjøpte den andre halvparten. Det samsvarar ikkje med panteboka. Der går det fram at i 1856 vart bruket tredelt: lnr 192a 1,79 spd, lnr 192b 0,90 spd og lnr 192c 0,89 spd. Dei to siste partane var altså til saman like store som den første. Samla kjøpesum var 550 spd. Same året fekk Eli kårbrev frå dei tre kjøparane.
Lars Ingebrigtson Vangsnes (1777–1844) & 1799 Ingeborg Jondtr Helland (1769–1845) frå Feios fekk på Vangsnes: Ingebrigt 1799. Før 1801 hadde dei flytta til ein plass under Eitorn og fekk 3 born til. Ingebrigt Larsson Vangsnes (1799–) gifte seg i Bergen i 1830.
Ellend Hermundson Vangsnes (1821–) & 1847 Birte Ellenddtr Vangsnes (1819–) frå lnr 187a fekk: Ellend 1844–66, Hermund 1847, Jon 1850–66, Johannes 1854. Elling dreiv lnr 192 saman med mora, men huslyden reiste til USA i 1856. Sjur Hermundson Vangsnes (1824–1860) & 1850 Torbjørg Larsdtr Ramsøy (1823–), husmannsdtr frå Nærøy sokn i Aurland, fekk: Hermund 1851, Ingeborg 1853, Eli 1855. Huslyden reiste til USA i 1856.
Lnr 192a 1,59 spd. I 1868 vart lnr 193r 0,01 spd tilkjøpt. I den nye matrikkelen vart dei to eigedomane til bnr 97/28 Vangsnes 2,60 mark. Data for 1865: 2,5 daa bygg, 4,6 daa potet, 1 hest, 9 storfe, 16 får, 1 vinterfôra svin.
Eli Tordtr var kårkone på bruket i 1865. Brukar frå 1856 var Eirik Andersson Vangsnes (1821–1907) frå plass 6 & 1855 Kari Oladtr Øksdal (1826–1899) frå lnr 3. Born: Brita 1856 (lnr 184b), Anna 1859 (ugift), Ola 1861, Unni 1866 (lnr 193h), Andrina 1869 (ugift). Ola Eirikson Vangsnes (1861–1914) & 1886 Kari Nilsdtr Vangsnes (1862–1943) frå lnr 187a hadde bruket 1889–1923. I 1907 eigde dei òg bnr 97/47 1,62 mark, ein part av storbruket lnr 195a+197a. Born: Edvard 1888, Unni 1890–90, Nils 1892 (Bærum), Kristian 1895 (bnr 97/93 under lnr 191), Anders 1897 (USA), Unni 1899 (Oslo), Lorenze 1901 (USA 1920), Ola 1903 (sjå bnr 97/47 under lnr 197a). Ola hadde òg Sigrid 1858 (note lnr 189c Vangsnes) med Anna Amunddtr Vangsnes (1837–1909) frå lnr 189b. Edvard Olason Vangsnes (1888–1964) & 1915 Johanna Andersdtr Juvik (1890–1917) frå lnr 6c Juvik overtok bnr 97/28 i 1823, før det var han «gårdsbestyrer». Kari hadde framleis bnr 97/47, og det var eige bruk. Born: Olga 1915 (Hokksund), Artur 1917 (ugift, Sem i Vestfold), Klara 1918 (Hokksund, sjå note lnr 6c Juvik). Johanna døydde i spanskesykja. Edvard vart attgift 1919 med Petra Jørgina Andersdtr Øvretun (1894–1972) frå Solvorn. Born: Olav Johan 1920, Alv 1924 (Stokke i Vestfold), Margit 1925 (lnr 7 Gotevik), Leif 1928 (sjå note), Gudrun 1930 (lnr 53 Gullteigane i Vik). Dei tok i 1954 familienamnet Fjellheim. I åra 1956–80 var bruket eigd av Olav Edvardson Fjellheim (1920–1990) & 1942 Nelly Ovidia Nedkvitne (1921–1983) frå Voss. Born: Erling Jon 1942, Nils Olai 1948. I 1956 vart bruket frådelt bnr 97/119, i 1968 bnr 97/154 og i 1977 bnr 97/177. Erling Jon Olavson Fjellheim (1942–) & 1981 Lillian Borghild Breivik (1953–) frå Lårdal i Telemark har: Ole Morten 1979 og Elin 1984. Erling og Lillian er skilde og ho flytta til Raudland i Telemark med Ole Morten. Som følgje av leigeavtale med kommunen i 1972 er det i 2005 15 bustader med festetomt under bnr 97/28 i bustadfeltet Tråna.
I eit hus på bruket bur Nils Olai Olavson Fjellheim (1948–) & 1995 Oddny Vallin (1975–) frå Elfenbein kysten. Dei har: Kristian 1998.
Leif Edvardson Fjellheim (1928–) & 1950 Alma Andreasdtr Midttun (1926–) frå lnr 191 busette seg i Nedste Hopperstadmarki 24 i Vik.
Lnr 192b Vangsnes 0,90 spd = bnr 97/29 1,31 mark, «Lundane». Data for 1865 for lnr 192b + 191b: 2,3 daa bygg, 2,8 daa poteter, 4 storfe, 8 sauer, 1 svin. Litt av bruket ligg i Tråna, ein teig lengre sør og noko i Salbu.
Kjøpar av denne gardparten var Jakob Johannesson Olderkalv (1813–1879) frå Oddekalv i Eivindvik & 1836 Anna Hansdtr Tue (1806–1881) frå Balestrand. Jakob var kyrkjesongar, postopnar og lærar. I 1868 fekk Jakob kjøpt til lnr 193o 0,08 spd og i 1873 lnr 193l 0,23 spd. Born: Johannes 1836–36, Johanna 1837 (lnr 195e, lnr 192b), Synneva 1843 (lnr 193k), Hansina 1846 (plass 15 Vangsnes), Johannes 1850. I 1875 hadde Jakob og Anna ei fosterdotter, Ingeborg 1864, ei dotter til Johanna 1837, sjå nedanfor. Rognald Hansson Tue (1812–1893), ein bror til Anna, var i 1865 innerst under lnr 192b. Han var då ugift «jækteseiler». Johannes Jakobson Olderkalv (1850–) & 1878 Synneva Larsdtr Tveit (1851–) frå lnr 1 fekk: Anna 1879, Marta 1880, Lovisa 1882, Jakob 1884, Amund 1886, Johan 1888. Johannes hadde òg Turid 1875 med strandsitjardtr Anna Knutdtr Grindedal (1852–) på Leikanger. I 1884 kjøpte Johannes lnr 193b og huslyden flytta dit. Bruket gjekk til Knut Jonson Mundal som frå før hadde lnr 196b. Han selde året etter til Lars Simonson Vangsnes (1838–1918) frå plass 63 & 1868 Johanna Jakobdtr Olderkalv (1837–1893). Før det hadde dei vore på lnr 195e. Born: Simon 1869 (USA 1896), Jakob 1871 (USA 1893), Lasse 1874 (lnr 195c), Brita 1878. Johanna hadde òg Ingeborg 1864 (lnr 193n Salbu) med Kristian Nilsson Vangsnes (1839–1917) frå plass 51. Lasse Anfinson Vangsnes (1862–1922) & 1891 Randi Knutdtr Vangsnes (1868–1933) frå lnr 196b reiste til USA, men kom att og hadde dette småbruket 1911–23. Om foreldra til Lasse: sjå note lnr 188b. Lasse var sjømann. Born: Alfred 1891, Karl Andreas 1893–1935 (fødd i Sør-Dakota, til USA 1923, kom att), Kari 1896 (USA 1915), Johannes 1897 (USA 1923), Anna 1905 (USA 1923). Alfred Lasseson Vangsnes (1891–1957) & 1927 Brynhild Sylfestdtr Helland (1901–1962) frå Feios fekk: Laura 1927–43, Sigrun Maria 1929 (Fresvik), Ragnar 1931, Kåre 1935 (Krogstadelva, Nedre Eiker), Marit 1937 (sjå note), Arvid Bjarne 1939 (Bergen), Karl Sigurd 1942 (sjå note). Alfred hadde òg Olga Amanda 1924 med Kari Oladtr Gotevik (1903–) frå lnr 7. Familien skifta etternamn til Sunde i 1941. I 1932 kom bnr 97/84 0,60 mark av lnr 194 inn under bruket. Ragnar Alfredson Sunde (1931–) & 1966 Olaug Andersdtr Erikstad (1934–) frå Årdal i Jølster har: Bjørn 1967 (Voss), Laila 1970 (bnr 97/235 under lnr 195c).
Bnr 97/157 og bnr 97/168 vart frådelte bnr 9/29 i 1971 og 1974 og busett av: Ingvar Alfredson Skeide (1936–) frå bnr 97/109 under lnr 189c & 1959 Kirsten Marie Kristendtr Vangsnes (1939–) frå lnr 196b. Born: Arvid 1960 (bnr 97/213 i Krossen), Kjell Jarle 1961 (Vassenden i Jølster), Frode 1970 (Sande i Sunnfjord). Ingvar og Kirsten overtok i 2003 også lnr 187b.
Marit Alfreddtr Sunde (1937–) gifte seg med Ingvald Olason Tenold (1934–) frå lnr 15a** Tenål i Vik. Dei busette seg på Hokksund. Karl Sigurd Alfredson Sunde (1942–) & Britt Marie Alf-Kristiandtr Wahl (1941–) frå Ovestevegen 27 i Øyane i Vik busette seg i Asker.
Lnr 192c 0,90 spd = bnr 97/30 1,31 mark. Data for 1865: 2,3 daa bygg, 3,2 daa poteter, 5 storfe, 8 smalar, 1 vinterfôra svin.
I den gamle bygdeboka er det hevda at Tor Hermundson bygsla parsellen av mora frå 1850. I tilfelle dette er rett, må det ha vore ein tidlegare husmannsplass, med hus, på staden. Tor kom til plass 68 på Vangsnes. Parsellen vart i 1856 kjøpt av Otto Otteson Opsal, men kanskje med trussel om odelssøksmål, selde han same året til Ola Hermundson Vangsnes (1819–1871) frå lnr 192 & 1847 Synneva Oladtr Øksdal (1825–1906) frå lnr 3. Dei kom frå lnr 195b, men i 1863 selde dei lnr 192c og kjøpte lnr 3 Øksdal. Kjøpar var: skomakar Jon Fredrikson Stjernegjerd (1837–) & 1861 Kari Lassedtr Åfet, (1825–) båe frå Feios. Born: Marta 1861 (USA i 1881), Guri 1863, Ingeborg 1866, Fredrik 1869. Jon hadde òg Randi 1859 med Marta Ellingdtr Berdal (1834–), Feios. Randi vart oppfostra på ein husmannsplass i Berdal. Jon og Kari reiste til Amerika med dei fire yngste borna og Randi 1859 i 1882. Husmannsson Jon Jonson Vangsnes (1839–1923) frå plass 34 hadde småbruket 1882–91. Han var ugift og selde mot kår til broren Mons Jonson Vangsnes (1850–1919) & 1890 Johanna Johannesdtr Nyborg (1856–1929) frå Frønningen i Fresvik. Born: Anna Bertina 1891 (USA 1907), Johannes 1893, Hans Bernhard 1896 (USA 1915). I 1907 eigde Mons òg bnr 97/42 0,01 mark. I 1927 selde enkja til Johannes Monsson Vangsnes (1893–1968) & 1926 Emma Oladtr Hersvik (1900–1997) frå Solund. Born: Jenny Bjørg 1926 (Stavanger, sjå bnr 97/136), Astrid 1928 (Vinje, Vossestrand), Målfrid 1929–30, Målfrid 1931 (Tolvsrød, Tønsberg), Olaug 1933–2004 (Bergen), Edith Johanna 1935, Gerd 1938 (Vossestrand). Johannes hadde òg Hildur 1922 (Fjærland) med Ragnhild Bjørndtr Hanekamb (1899–1989). I 1963 vart bruket frådelt bnr 97/139, i 1977 bnr 97/178 og i 1992 bnr 97/230. Edith Johanna Johannesdtr Vangsnes (1935–) & 1958 Sverre Kløve (1932–1999) frå Voss overtok i 1963. Dei hadde til 1987 bustad på bnr 97/164 i Salbu. Born: Møyfrid 1958 (Voss), Jan 1959, Oddny 1960 (Haugesund), Einar 1962 (bnr 97/230 under lnr 192c). Jan Sverreson Kløve (1959–) & 1989 Inger Marie Josteindtr Tveit (1960–) frå Feios har: Malene 1996, Anna Mahima 2001. Inger Marie var først gift med Helge Haraldson Øksdal (1957–) på lnr 196a og dei har: John Harald 1978 (bnr 97/130 under lnr 196a).
Bnr 97/136 Hamre. Her vart sett opp kårbustad for Johannes og Emma Vangsnes. Det vart overteke av Jenny Bjørg Johannesdtr Vangsnes (1926–). Ho er busett på Forus i Rogaland, og har nytta staden som ferieplass. I 2007 er staden kjøpt av Jan Kløve og Inger Marie Tveit som også har sjølve bruket.
Bnr 97/139 Utsyn 0,02 mark, 1963. Busett av: Ingolf Botolvson Øksdal (1925–) frå lnr 2 & 1959 Borgny Tollakdtr Raunholm (1929–) frå Fitjar i Sunnhordland. Ingolf var snikkar og dreiv sagbruk. Born: Anne Britt 1960 (Egersund), Ingunn Beate 1962 (Sotra), Solfrid 1967 (Førde).
Bnr 97/178 Framsyn 0,01 mark, 1977. Busett av: Helge Johan Kristianson Høyum (1945–) frå Borlaug i Feios & Astrid Nekkøy (1954–) frå Florø. Born: Connie 1976 (Bergen), Anita 1977 (Stavanger). Helge og Astrid er skilde. Astrid flytta til Florø. Helge vart sambuar med Aslaug Andersdtr Norheim (1948–), Voss.
Bnr 97/230 Fjordglytt, 1992. Busett i 1997 av: Einar Sverreson Kløve (1962–) frå lnr 192c & 1991 Oliv Irene Kristendtr Fosse (1963–) frå lnr 187a Vangsnes. Born: Emma Oline 1990, Amanda 1992, Eilert 1998.
Lnr 194+195 Vangsnes
Eigar i 1647: Apostelkyrkjegodset. Landskyld: 4,5 laupar.
Vi trur Johannes Hansson og Sigrid Halvardtr var på storbruket i 1645 og 1647. Truleg vart dette bruket delt omkring 1670. I følgje den gamle bygdeboka heitte delbrukarane Ingebrigt og Lars. Grunnlaget for å hevda dette er at desse to hadde lagt inn eit slåttegjerde i utmark som dei hadde saman med Hermund Vangsnes på lnr 187+188. Av rettsdokumenta går det fram at Hermund hadde eit like stort bruk som dei to andre til saman. Det høver svært godt.
Lnr 194 Vangsnes
3,92 spd. Proprietæreigd, frikjøpt i 1772. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,93 laupar. Data for 1845: 0,3 daa rug, 11,3 daa bygg, 4,2 daa potet, 1 hest, 12 storfe, 20 smalar, 24 geiter og 2 vinterfôra svin.
Ingebrigt var på dette bruket frå ca 1670. Han hadde sonen Ola 1655, som kom til lnr 187. Neste brukar var Anfin Markusson «Grøneng» (1650–). Han var enkjemann då han gifte seg i 1693 med Brita Vangsnes (1673–1733). Dei fekk truleg Brita 1695–95 og Brita 1708 (sjå lnr 2 Øksdal). Anfin var neppe frå Grøneng i Balestrand. Kanskje var det denne karen som var leiglending på eit bruk i Sværen i 1686. Innan 1718 overtok Anbjørn Sjurson Stjernegjerd (1661–1748) frå Feios. Anbjørn var leiglending i Berdal i Feios frå 1692. Kona er ukjend. Vi veit om borna: Synneva 1688, Sjur 1695 (lnr 195), Marta 1698 (lnr 3 Sæbø i Vik). Synneva Anbjørndtr Vangsnes (1688–1762) & 1722 Lasse Torgeirson Vangsnes (1692–1774) frå lnr 196 fekk: Torgeir 1724–24, Lasse 1725 (plass 47 Vangsnes), Solveig 1732, Marta 1739 (Langeteig, Vetlefjorden). Solveig Lassedtr Vangsnes (1732–1811) & 1761 Anfin Nilsson Kvalheim (1734–1773) frå Balestrand fekk: Synneva 1762 (plass 18 Vangsnes), Marta 1765–74, Nils 1767 (plass 69 Vangsnes), Kari 1770–71, Lasse 1772 (lnr 198). Anfin var truleg son til Marta Anfindtr «Vangsnes» (1712–1794). Ho var først gift 1732 med Hans Ivarson (som vi ikkje har identifisert) og gifte seg på nytt i 1734 til Kvalheim i Balestrand. Lasse Torgeirson hadde blitt sjølveigar av lnr 194 same året han døydde. Enkja Solveig hadde ikkje råd å sitja med lnr 194, men selde bruket mot kår til Nils Larsson Mel (1727–1803) & 1762 Kari Mikkeldtr Langeteig (1740–1817), båe frå Vetlefjorden. Born: Lars 1763, Anna 1767 (lnr 188), Johannes 1768–68?, Gjertrud 1770–71, Mikkel 1771 (Nedre Breili i Fresvik), Johannes 1775(Hella, Leikanger), Gjertrud 1778–78?, Gjertrud 1784 (lnr 194). Lars Nilsson Vangsnes (1763–1832) & 1792 enkja Randi Hansdtr Torsnes (1754–1826), fødd på Meland i Vetlefjorden, fekk skøyte på bruket i 1797. Dei fekk Markus 1798. Ei dotter til Randi frå første ekteskap, Randi Markusdtr Torsnes (1787–1798), døydde på Vangsnes. Markus Larsson Vangsnes (1798– død før 1828) gifte seg 1818 med Anna Oladtr Meland (1800–1830) frå Vetlefjorden og dei hadde: Ola 1819–19 og Lars 1821. I skiftet etter Lars Nilsson i 1832 vart bruket utlagt til sonesonen Lars Markusson Vangsnes (1821–1841). Men fordi han døydde ung, vart bruket i 1842 selt på auksjon. I ein lengre periode før dette hadde bruket vore drive av Gjertrud Nilsdtr Vangsnes (1784–1854) & 1816 Ola Olason Vangsnes (1786–1859) frå lnr 186. Dei fekk kår under bruket etter auksjonen. Born: Randi 1816 (Lunde i Balestrand), Ola 1818 (plass 56 Vangsnes), Kari 1822–98 (ugift, Vangsnes), Malena 1827 (sjå note), Markus 1830 (lnr 193k). Kjøpar på auksjonen var Svein Sveinson Dyrdal (1799–1880) & 1834 Anna Jensdtr Dyrdal (1805–1879), båe husmannsborn frå Nærøy sokn i Aurland. Born: Jensina 1835–39, Svein 1837–37, Ingeborg 1838, Jensina 1840 (lnr 189a), Gyrid 1843 (Bøtun, Fresvik), Liva 1846 (sjå note). Ingeborg Sveindtr Vangsnes (1838–1929) & 1861 Ola Jonson Hopperstad (1831–1914) frå lnr 120 i Vik hadde bruket 1861–1900. Ved teljinga i 1865 vart Ola førd opp som bonde og fehandlar. Born: Svein 1861–84 (drukna ved bording av dampbåten), Jon 1863, Guri 1865 (lnr 84b Hønsi i Vik), Anna 1866 (USA 1887), Ola 1868–68, Ingeborg 1869 (USA 1901), Kristen 1871 (USA 1892), Olina 1872–72, Lovisa 1872–72, Ola 1875 (USA 1901), Andreas 1875 (USA 1909), Olina 1879 (USA 1902). I 1875 vart bruket tillagt lnr 193q 0,08 spd. Ny lnr 194 3,99 spd = bnr 97/44 5,95 mark. Jon Olason Hopperstad (1863–1916) & Elsebet Oladtr Kjosås (1855–1944) frå Kvam i Hardanger, ei syster til Jon på lnr 184a, fekk: Ingeborg 1891–1981 (Bergen, ugift, døydde på Vangsnes), Emilie 1893–1945 (ugift, døydde på Vangsnes), Ola 1895–95, Ola 1896, Olaf 1902 (sjå note). Jon vart kalla innerst og rokkedreiar ved dåp av born fram til 1896. I 1902 vart bruket frådelt 97/64 0,01 mark, i 1918 bnr 97/84 0,60 mark (som kom inn under lnr 192b), i 1923 bnr 97/87 0,17 mark. Ny bnr 97/44 5,20 mark. I 1990 var skylda 5,05 mark. Ola Jonson Hopperstad (1896–1982) & 1925 Gjertrud Sjurdtr Eithun (1902–1985) fekk: Jon 1926 (Oslo), Astrid 1928 (Oslo), Sjur 1930, Svein 1932 (Feios), Erna 1934 (Hamar), Anna Solveig 1936 (Oslo), Gudveig 1938 (Oslo), Inger 1943 (Haus i Hordaland). Ola hadde bruket i åra 1921–57. Sjur Olason Hopperstad (1930–) & 1960 Rosa Lilly Haring (1932–) frå Thisted, Danmark, fekk: Guri 1962 (Strømmen, gift med Morten Aleksander Helgeson Jomisko frå Hatlevegen 9, Prestberget i Vik), Ola 1964, Tore 1964 (Oslo), Doris 1967 (Sande i Sunnfjord), Irene 1969 (Frekhaug). Ola Sjurson Hopperstad (1964–), ugift, har overteke bruket.
Bnr 97/144 Solstad, 0,02 mark vart frådelt bnr 97/44 i 1965 og hus vart bygt av Svein Olason Hopperstad (1932–). I 1998 vart staden skøytt til broren Sjur. I 2004 overtok Tore Sjurson Hopperstad (1964–). Han leiger bort huset.
Malena Oladtr Vangsnes (1827–) & 1861 Anfin Olason Vestreim (1827–) frå Leikanger fekk Ola 1862. Huslyden fór til USA i 1864.
Liva Sveindtr Vangsnes (1846–) & 1873 Halvar Andersson Beito (1845–) fekk på Vangsnes: Lovisa 1871. Huslyden flytta til Slidre i Valdres i 1873. Men Lovisa fekk på Vangsnes Anna 1893 med paktarson Anders Anderson Prestegard (1871–) frå Aurland. Lovisa gifte seg til Nedre Breili i Fresvik i 1900, og der var òg Anna 1893.
Olaf Jonson Hopperstad (1902–) & 1930 Brita Brynjulfdtr Havnerås (1905–) frå bnr 97/74 under lnr 188a fekk på Vangsnes: Elfrid 1930 og Bjørg Oddrun 1936. Dei flytta til Ballangen, der Olaf var lærar.
Bnr 97/87 0,17 mark og bnr 97/88 0,06 mark vart båe frådelt bnr 97/44 i 1923. Desse parsellane vart kjøpte av Ola Markusson Frivik (1877–1974) frå lnr 193k. Han hadde òg bnr 97/40 (= lnr 195f under Salbu), sjå om familie under Salbu. Frå eigedomen 97/87 vart i 1968 frådelt 1968 bnr 97/153 og i 1983 bnr 97/213. I 1907 eigde Ola Frivik bnr 97/72 Kakelletteigen av lnr 195a+197a. Denne parsellen kom inn under bnr 97/38.
Lnr 195 Vangsnes
3,92 spd. Proprietæreigd, av det halvparten eigd av futen Per Leganger og arvingar etter han. Full sjølveige frå 1804. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,93 laupar. Data for 1845: 13,4 daa bygg, 2,5 daa poteter, 1 hest, 12 storfe, 10 sauer, 18 geiter, 2 vinterfôra svin.
Den første leiglendingen på dette delbruket skal vera Lars Vangsnes (–). Han var gift med ei dotter til Anfin Vangsnes på lnr 192+193. Vi veit at han hadde problem med å få betalt landskylda i rett tid. Anna og Kari, som båe kom til lnr 187, var truleg døtrene hans. Lasse Tolleivson Huke (1665–) frå Leikanger gifte seg med Gyrid Lassedtr Fjærestad (–1700) frå lnr 95+97 i Vik og dei vart leiglendingspar på lnr 195. Gyrid døydde utan å ha born etter seg. I skiftet etter henne var det difor enkjemannen og sysken til Gyrid som var arvingar. Dermed får vi greie på at ho hadde to søstrer på Vangsnes: Solveig (gift på lnr 196) og Gjøa 1662? (ugift på Vangsnes, døydde i 1747, 85 år gamal). Lasse vart attgift 1701 med Gjertrud «Hovland». Hovland var truleg tenaradresse. Lasse hadde ved skiftet i 1701 søskina Johannes de, Ola 1663–1744 (døydde på Vangsnes), Johannes dy og Unni 1682 (lnr 197 Vangsnes). I følgje den gamle bygdeboka var Lasse ein kranglefant. I eit slagsmål med Anfin på lnr 194+195 hadde dei drege kvarandre i håret. Det er ofte nemnt i rettsprotokollane på denne tida, og det har nok samanheng med at karane hadde langt hår. Til bruket kom Sjur Anbjørnson Vangsnes (1695–1752) frå lnr 194. Han kom truleg til bruket ved å gifta seg med enkja Gjertrud. Sjur vart attgift 1742 med Turid Jondtr Feten (1713–1798) frå Vetlefjorden. Dei fekk: Asbjørn 1746 (lnr 10 Svardal i Vik), Gyrid 1751 (Rendedal, Vetlefjorden). Turid vart attgift 1753 med Jon Lasseson Hopperstad (1723–1784) frå lnr 119+120 Hopperstad. Born: Sjur 1754, Brita 1758 (lnr 187), Helga 1759–59, Markus 1759–59. Sjur Jonson Vangsnes (1754–1803) & 1787 Brita Sjurdtr Vangsnes (1761–1839) frå lnr 191 fekk: Jon 1788 (død før 1801), Turid 1790 (lnr 1 Tveit), Brita 1792 (lnr 198), Jon 1798 (død før 1801), Sjur 1798. Sjur vart halvt sjølveigar frå 1794. Resten vart frikjøpt i 1804. Brita vart attgift 1804 med Gjest Olason Slinde (1767–1850) frå Norane sokn i Sogndal. Brita og Gjest fekk ikkje born. Sjur Sjurson Vangsnes (1798–1878) & 1819 Ingrid Person Mundal (1799– 1874) frå Fjærland fekk: Brita 1820–20, Brita 1821 (lnr 197), Sjur 1826 (USA 1844), Per 1829 (USA 1844), Brita 1833–60, Jon 1836 (USA 1844). I 1844 reiste Sjur og Ingrid til USA, og bruket vart selt til Per Sveinson Dyrdal (1794–). Per var bror til Svein på lnr 194. Han gifte seg med Susanna Hansdtr Ramsøy (1823–). Dei var båe frå Nærøy sokn i Aurland. Born: Anna 1847, Ingeborg 1849–49, Ingeborg 1852, Elling 1854. I 1850 selde Per bruket etter deling i lnr 195a 1,96 spd og lnr 195b 1,95 spd og flytta til Ramsøy i Aurland. Derfrå reiste familien til USA i 1856. Lnr 195a vart selt til Jon Eirikson Ramsøy og kom så inn under lnr 197.
Lnr 195b 1,95 spd. Kjøpar av dette halvbruket i 1850 var Ola Hermundson Vangsnes (1819–1871) frå lnr 192 & 1847 Synneva Oladtr Øksdal (1825–1906) frå lnr 3. Alt i 1856 selde Ola bruket mot kår. Han kjøpte same året lnr 192c. Han og Synneva kom seinare til lnr 3 Øksdal. Sjå meir i note der. Kjøpar var Bendik Tollakson Vangsnes på lnr 189. Han tredelte bruket og la ny lnr 195b 0,65 spd inn under bruket sitt, medan lnr 195c og lnr 195d vart nye småbruk.
I 1888 var skylda av denne gardparten sterkt redusert: lnr 195b 0,25 spd = bnr 97/48 0,39 mark. I 1891 vart frådelt lnr 97/56. Ny skyld bnr 97/48 0,25 mark. Eigar vart no Knut Olason Høvik på lnr 191e, men då han reiste frå bygda ca 1895, selde han truleg til Per Olason Vangsnes (1847–1931), sjå vidare under lnr 191c.
Lnr 195c 0,65 spd. I 1860 vart frådelt lnr 195e 0,11 spd. Ny lnr 195c 0,54 spd = bnr 97/49 0,81 mark. Data for 1865: 2,3 daa bygg, 1,1 daa potet, 2 storfe, 9 smalar, 1 vinterfôra svin.
Kjøpar av denne parsellen var Sjur Jonson Vangsnes (1809–1899) frå lnr 191 & 1840 Kristi Ellingdtr Ese (1816–1899) frå Balestrand. Born: Jon 1841–44, Ingeborg 1844, Jon 1846, Brita 1849 (USA 1880, Anna 1852 (USA 1883), Gjertrud 1855 (USA 1880). Før ca 1857 var Sjur og Brita husmannsfolk i Sværen. I 1868 kom lnr 193p 0,04 spd = bnr 97/43 0,05 mark inn under bruket. I 1879 fekk Jon Sjurson Vangsnes (1846–1915) skøyte på bruket. Han vart gift 1879 med Ingrid Sjurdtr Åfet (1837– død etter 1900) frå Feios og dei fekk Kari 1881–97. Ingrid hadde frå før Lasse 1870 med Jørgen Anfinson Sværen (1850–), husmannsson frå Sværefjorden (som reiste til USA). Om Lasse: sjå lnr 184a. I 1891 kom bnr 97/56 0,14 mark av lnr 189a inn under bruket og i 1902 bnr 97/64 Storesvagjerdet 0,01 mark av lnr 194. Staden vart skøytt frå skiftet etter Jon til: Lasse Larsson Vangsnes (1874–1968) frå lnr 192a & 1901 Brita Ellenddtr Vangsnes (1873–1950) frå lnr 188b. Dei hadde bruket 1925–48. Born: Johanna 1902–42, Erling 1904, Borghild 1906 (Bergen), Lars 1908 (Bergen), Maria 1911 (Bergen), Klara 1913 (Bergen, deretter bnr 97/95). I 1947 vart frådelt bnr 97/95 0,01 mark. I 1948 vart bruket skøytt til Lars 1908 som i 1949 skøytte vidare til Erling Lasseson Vangsnes (1904–1999). I 1954 vart dei tre bruksnummera slegne saman til bnr 97/49 og i 1964 vart frådelt bnr 97/140. I 1982 overtok Johannes Kristianson Vangsnes (1933–). Han eigde og budde på bnr 97/54 (= lnr 196b). Bnr 97/215 vart skilt frå i 1984 og bnr 97/235 i 1997.
Bnr 97/244, 2002. På frådelt tomt er busett: Terje Johannesson Vangsnes (1970–) & sb Gro Mari Klingen (1975–) frå Kolvereid, N-Trøndelag. Dei har ikkje born.
Bnr 97/95 0,01 mark vart sommarhus for Lars Lasseson Vangsnes (1908–). I 1982 vart eigedomen overteken av systera Klara Lassedtr Henriksen (1913–). Ho og mannen har vore fastbuande her frå 1995. Sjå òg bnr 97/140.
Bnr 97/140 0,02 mark, 1964. Busett av John Georg Henriksen (1907–) & 1961 Klara Lassedtr Vangsnes (1913–) frå bnr 97/49. I åra 1982–95 budde dei i Bergen. I 1982 vart eigedomen skøytt til: Karin Eline Sjurdtr Neset (1947–) frå Veitastrond & 1967 Amund Olav Heimdal (1944–) frå Leikanger. Born: Gro 1968 (bnr 97/181 Sinklesteinsviki), Tor Steinar 1973–79, Kjetil 1980.
Bnr 97/215 Storesvaet. Jorunn Johannesdtr Vangsnes (1965–) frå lnr 196b & 1988 Leif Arve Kåreson Voll (1958–) frå bnr 27/7 under lnr 80 Voll i Vik har: Runar 1988, Øystein 1991.
Bnr 97/235. Laila Ragnardtr Sunde (1970–) frå lnr 192b har bygt hus på staden. Ho er ugift.
Lnr 195d 0,65 spd = bnr 97/50 0,88 mark. «Haugen». Data frå 1865: 0,5 bygg, 2,5 potet, 4 storfe, 1 vinterfôra svin. I 1903 kom bnr 97/67 0,03 mark av bnr 195a+ 197a inn under bruket.
Kristina Maria Perdtr Vangsnes (1810–) frå lnr 185 fekk Anna 1831 med Lars Tomasson Berdal (1791–) frå Feios. Ho gifte seg 1835 med Sjur Gjestson Ese (1807–1851), husmannsson frå Balestrand, og dei var strandsitjarar på Vangsnes, sjå plass 66. Born: Gjest 1834–34?, Gjest 1836 (USA 1856), Per 1839. Enkja Kristina fekk skøyte på parsellen i 1856. Per var med mora i 1865 og vart kalla tidlegare pleiestiftelseslem. Som kårkone reiste Kristina saman med Per til USA i 1867. I 1861 vart eigedomen skøytt til Anna Larsdtr Vangsnes (1831–1910) & 1861 Anfin Hansson Berdal (1835–1900) frå Feios. Dei fekk: Hansina 1864, Sjur 1866. Anfin var skreddar. Økonomiske problem var kanskje årsaka til at Anfin og Anna flytta til ein husmannsplass under Jordal i Fjærland i 1868. Dei skøytte bruket til husmannsson Tor Andersson Jordal (1836–1872) & 1863 Eli Kristendtr Jordal (1846–1919), båe frå Fjærland. Born: Anna 1863, Kristen 1866–81 (ugift), Ingeborg 1868 (gift 1889 med ei handelsmann på Evanger), Anders 1869 (USA 1889), Torina 1872 (sjå lnr 193f). Anna Tordtr Vangsnes (1863–1945) & 1889 Jon Ivarson Tenål (1863–1927) frå plassen Fesevodl under lnr 13 i Vik overtok bruket. Jon hadde vore eigar av lnr (1+4)v Sæbø i Vik, reiste så til Amerika, men kom tilbake. Tor var smed. Dei fekk: Tor 1889, Ivar 1891–1904 (tuberkulose), Kristian 1896–1911, Andreas 1901–1921. Tor Jonson Vangsnes (1889– 1937) & 1929 Ragnhild Bjørndtr Hanekam (1899–1989) frå bnr 97/69 under lnr 197a+195a brukte etternamnet Haugen. Born: John 1930, Ragnar 1931 (Bergen), Arthur 1932 (sjå bnr nedanfor), Toralv Martin 1935 (sjå bnr nedanfor), Gunvor Reidun 1935. Ragnhild hadde òg Hildur 1923 med Johannes Monsson Vangsnes (1893–1968) frå lnr 192c. John Torson Haugen (1930–2004) dreiv bruket. Han var ugift. Arthur 1932 overtok gnr 97/50 frå arvingar i 2006.
Bnr 97/209 Sjøtun, 742 kvm, vart frådelt bruket 1981. Toralv Martin Torson Haugen (1935–1982) & 1970 Hildeborg Halvordtr Saga (1944–) frå Bø i Telemark fekk: Torborg Helene 1971 (Sotra, så Vangsnes), Tore 1972 (Vangsnes), Ragnhild 1973 (Folkestad i Volda), Halvor 1975 (Langesund i Telemark), Anne Maria 1879 (Bergen), Toralf Martin 1983 (Sogndal). Toralv Martin 1935 døydde i ei bilulukke på vegen Vangsnes-Vik. Hildeborg vart attgift 1989 med broren Arthur Torson Haugen (1932–).
Lnr 195e 0,11 spd = bnr 97/51 0,13 mark. «Kaleviken» i 1875. Data for 1865: 0,6 daa bygg, 1,8 daa potet, 1 ku, 4 smalar.
I 1860 fekk Kari Simondtr Vangsnes (1831–1909) frå plass 63 skøyte på denne parsellen. Ho var ugift og hadde i 1865 med seg brørne: Lasse 1828 (jekteførar i 1865, USA 1870) og Lars 1838 (skreddar i 1865, så til lnr 192b). I 1875 var Lars Simonson Vangsnes (1838–1918) frå plass 63 med huslyd på eigedomen. Han kjøpte i 1884 lnr 192b og flytta dit. I 1890 fekk skomakar Nils Ivarson Hjelseng (1857–) frå ein plass under Tjugum i Balestrand & 1895 Marta Bendikdtr Hanevik (1857–), husmannsdtr frå Kvamsøy sokn, skøyte på staden, og dei fekk: Brita 1889 og Bertina 1891. Men ved teljinga i året 1900 budde dei på ein husmannsplass i Berdal i Feios. Då var skreddar Hans Person Salbu (1866–1925) & 1887 Ingeborg Kristendtr Olderkalv (1864–) frå lnr 192b på småbruket. Dei kjøpte sikkert staden, men tinglyst skøyte fekk dei først i 1925. Hans var skreddar. I åra 1922–29 eigde Hans òg foreldrebruket lnr 193n i Salbu. Born: Ola 1888–89, Ola 1890 (sjå note lnr 187a), Anna 1892– 1915, Kristi 1896. I 1939 skøytte enkja Ingeborg bnr 97/51 til Kristi Hansdtr Salbu (1896–). I skifteskøyte etter henne i 1975 gjekk bnr 97/51 (og parsellen bnr 43/10 av Juvik) til Olav Olason Salbu (1937–2001) frå Hustavenes (sjå note lnr 187a) & 1962 Aslaug Sofie Støfringsdal (1938–) frå Voss. Dei fekk Kjell 1963 (Voss), Gerd 1965 (Kaupanger), Ove 1968 (Voss). Familien var først på Voss. Olav og Aslaug flytta til bnr 43/10 under lnr 5 Juvik. I 1988 var bnr 97/51 skøytt til Halvor Flatland (1952–) frå Drangedal & 1981 Reidun Einardtr Aafedt (1957–) frå Feios. Born: Ann Kristin 1982, Ingvild 1984, John Are 1989.
Lnr 195f 0,08 spd + lnr 195h 0,12 spd + lnr 193m 0,01 spd = bnr 97/40 0,31 mark Vetlehagen. Sjå: Salbu.
Lnr 195g Kalvik 0,28 spd = bnr 97/52 0,45 mark. Data for 1875: 1,4 daa poteter, 1 ku, 4 sauer og 1 vinterfôra svin.
Denne parsellen, som truleg omfatta den tidlegare plass 20 Vangsnes, vart kjøpt av plassfolka: jekteførar Fredrik Olason Vangsnes (1838–1915) frå lnr 186 & 1861 Ragnhild Anfindtr Kvalheim (1832–1911) frå Balestrand. Born: Anfin 1861–83, Synneva 1864 (sjå note), Marta 1866–67, Helga 1869 (USA 1891, gift i USA med Anders Eirikson frå lnr 189a+195b), Ola 1871, Marta 1875–75. I 1890 var òg Lars Andersson Vangsnes (1845–1935) frå plass 9 & 1868 Malena Eirikdtr Sogndalsfjøra (1848–1911) medeigar av parsellen. Ved teljinga i 1875 er dei oppførde på lnr 195g saman med huslyden til Fredrik, og både huslydar hadde lik jordbruksproduksjon. Lars med huslyd reiste til USA i 1891, kom tilbake og kjøpte lnr 184b. Sjå om familien der. Ola Fredrikson Vangsnes (1871–), snikkar, & 1896 Helga Andersdtr Handal (1869–) frå Hyllestad hadde eigedomen frå 1898. Born: Fridtjof 1896, Haldis 1897, Johannes 1899, Arnfin 1901, Ragnvald 1903, Elisa 1905, Andreas 1907. Familien flytta til Hardanger ca 1915 og Ola Ellendson Vangsnes (kalla «Aokkre-Ola») (1871–1956) frå lnr 188b & 1901 Brita Mikkeldtr Henjum (1877–1966) frå Leikanger overtok, men skøyte vart først tinglyst i 1945. Brita var ei dotter som Ingeborg Larsdtr Henjum (1855–) hadde med Mikkel Eirikson Slinde. Ola var jekteskipper. Tidlegare hadde familien truleg vore busett på foreldrebruket til Ola. Born: Erling 1902 (sjå note), Edvard 1905 (bnr 97/99 under lnr 188a), Martin 1906 (USA 1937), Ingvald 1910–1940 (døydde ved senking av panserskipet Norge på hamna i Narvik), Bjarne 1912, Odd 1914 (bnr 97/153 under Krossen), Ingeborg 1919 (sjå bnr 97/106 under lnr 196a). Bjarne Olason Vangsnes (1912–1997) overtok, men bygde hus saman med Ingeborg 1919 på bnr 97/106. I 1983 fekk Odd Edvardson Vangsnes (1947–) skøyte på staden. Han bur med huslyd på bnr 97/82 under lnr 188a.
Synneva Fredrikdtr Vangsnes (1864–1943) var ugift tenar på Vangsnes. Ho hadde Anfin 1890 (Tyssedal) med Ivar Olason Juvik (1871–) frå lnr 5. Ivar reiste til USA i 1892.
Erling Olason Vangsnes (1902–1965), styrmann og kaptein i Fylkesbaatane, var aktiv motstandsmann. Han vart arrestert 04.02.1945 og deretter torturert. Han gifte seg 1938 med Gudrun Botolvdtr Fimreite (1902–1988) frå lnr 191b. Born: Bjørg 1940, Bjarne 1939 (Tranby i Lier) Familien budde i Bergen til ca 1961, så i Fana.
Lnr 196+197 Vangsnes
Apostelkyrkjegodset var eigar i 1647. Landskyld: 4,50 laupar.
Endre og Marita Oladtr var leiglendingspar i 1645. Endre var her òg i 1657, for då betalte han kvegskatt. Hans Endreson, som var på bruket i 1670-åra, var truleg ein son. I følgje den gamle bygdeboka hadde Hans vore ute i krigen med svenskane. Økonomisk gjekk det dårleg, for i 1676 stod han til rest med landskylda for 6 år. Innan 1701 var bruket delt, med 2/3 av matrikkelskylda til lnr 196 og 1/3 til lnr 197.
Lnr 196 Vangsnes/Ytre Vangsnes
3,99 spd. Proprietæreigd, i 1735 av Hans Peter Tønder. Frikjøpt i 1735. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 2,58 laupar.Data for 1845: 11,3 daa bygg, 3,5 daa poteter, 1 hest, 11 storfe, 20 sauer, 14 geiter, 1 vinterfôra svin.
I 1701 var Torgeir Markusson Hopperstad (1645–) frå lnr 117+118+121 Hopperstad i Vik & Solveig Lassedtr Fjærestad (–) frå lnr 95+97 Fjærestad i Vik leiglending på dette bruket. Vi veit om borna: Ola 1675 (lnr 3 Sæbø i Vik), Markus 1679–1751 (sjå note), Inger (lnr 3 Sæbø), Gjertrud (lnr 86 Holstad i Vik). Lasse 1692 (lnr 194), Lars 1695 (ugift på Vangsnes i 1747) og truleg Synneva (lnr 188). Solveig hadde systrene Gyrid og Gjøa på lnr 195. Neste leiglendingspar var: Ola Samsonson Øksdal (–1713) frå lnr 2 & 1704 Ingeborg Jondtr «Vangsnes» (–1741). Vangsnes må vera tenaradresse for Ingeborg. Ola var utplassert som soldat på garden Tveit i 1701. Han kan såleis vera fødd ca 1675. Born: Guttorm 1705 (lnr 2 Øksdal), Gjørond 1707, Samson 1710 (plass 62 Vangsnes). Ingeborg vart attgift 1715 med Lasse Jonson Måredal (1689–1729) frå Kyrkjebø, ein bror til Jens på lnr 192+193. Born: Ola 1716–16, Jens 1716–31, Ragnhild 1719 (sjå note). Ein bror til Frik på lnr 197 fekk kjøpt bruket i 1735. Ola Nilsson Åse (1666–1743) frå lnr 50 i Vik & Ingrid Mikkeldtr (1687–1743) hadde: Eirik 1726–45, Nils 1728, Marta 1730 (død før 1743), Mikkel 1731– 31, Ingeborg 1732–32, Gjertrud 1733 (død før 1743). Alle borna vart fødde på Åse. Legg merke til mange dødsfall i dei store dødsåra kring 1731 og 1743. Då Eirik døydde i 1745, hadde han ikkje andre arvingar enn broren Nils. Nils Olason Vangsnes (1728–1804) & 1746 Ingeborg Amunddtr Vangsnes (1716–1782) frå lnr 187 fekk: Ingrid 1749. Nils vart attgift 1785 med Marta Monsdtr Feidje (1758–død etter 1801) frå Feios. Ingrid Nilsdtr Vangsnes (1749–1777) & 1774 Hans Monsson Feidje (1743–1795), ein bror til Marta, fekk: Mons 1774, Ingrid 1776 (Henjum på Leikanger, sjå òg lnr 190), Anna 1776 (død før 1785). Det var ikkje uvanleg at far og dotter gifte seg med to sysken, men her var mann til dottera 15 år eldre enn kona til faren. Nils var eigar til 1792. Då overtok Mons Hansson Vangsnes (1774–1836) & 1794 Ingeborg Tomasdtr Vangsnes (1769–1825) frå lnr 198. Born: Tomas 1794 (sjå note lnr 191), Nils 1803. Mons vart attgift 1826 med Sigrid Larsdtr Kvålen (1784–1845) frå Leikanger og dei fekk Hans 1829 (lnr 196b). Nils Monsson Vangsnes (1803–1882) & Randi Botolvdtr Holum (1811–1892) frå Flåm sokn i Aurland hadde ikkje born, men tok til seg Guri 1838, ei dotter til Ola Holum. Han var ein bror til Randi. I 1875 hadde dei òg fostersonen Ola 1867, ein son til Guri 1838, sjå lnr 196a. I 1865 vart bruket delt i lnr 196a og lnr 196b mellom Guri 1838 og ein halvbror til Nils.
Ragnhild Lassedtr Vangsnes (1719–) & 1751 Gunnar Olason Brekke (1726–) frå Ortnevik fekk på Vangsnes: Durdei 1752. Deretter kjem familien bort for oss.
Markus Torgeirson Vangsnes (1679–1751) vart plassmann i Hola på Seljadalen i Vik. Men frå ca 1730 til ca 1744 var han truleg busett på Vangsnes. Kona er ukjend. Sannsynlege born: Ingeborg (til plassen i Hola), Helga 1718–59, Brita 1719 (Seimsøyri s024), Gjøa 1727–27, Hermund 1731–90, Marta 1737–40, Hermund 1742 (plass 29 Vangsnes) og truleg Ingeborg 1745 (plass 55 Vangsnes). I tilfelle det siste er rett, var Markus på ein plass under Sæbø i 1745.
Lnr 196a 2,01 spd = bnr 97/53 3,05 mark. Ytre Vangsnes. Data for 1865: 3,4 daa bygg, 2,8 daa poteter, 1 hest, 5 storfe, 12 smalar, 1 vinterfôra svin.
Guri Oladtr Vangsnes (1838–1916) frå lnr 196, men fødd i Flåm sokn i Aurland, & 1862 Ola Helgeson Liktvorane (1829–1907) frå Vik fekk: Randi 1863 (Bergen, gift 1894), Helge 1864, Ola 1867–91 (døydde etter ei ulukke på Fylkesbaatane), Brita 1868 (Tønsberg), Ingeborg 1870 (ugift, Bergen), Ragnhild 1871 (Moss), Nils 1873 (Vaksdal, Bergen, gift 1898), Ingebrigt 1875, Ola 1877 (ugift sjømann i 1900, hadde då ei dotter Ingebjørg 1896, fødd i Bergen), Botolv 1879 (lnr 2 Øksdal). Ola var jekteskipper. Ingebrigt Olason Vangsnes (1875–1950) & 1903 Olina Andersdtr Teigen (1875–1953) frå Fjærland fekk: Gunhild 1904–92 (bnr 97/82 under lnr 188a), Anders 1905 (Arna), Olaf 1906 (Bergen, sjå òg bnr 97/109 under lnr 189c), Gudrun 1908 (Balestrand), Olga 1910 (bnr 97/94 under lnr 188b Vangsnes), Harald 1911 (Kolbu på Toten), Emma 1914 (bnr 97/99 under lnr 188a). Helge Olason Vangsnes (1864–1945) & 1900 Brita Monsdtr Grindedal (1868–1948) frå Feios overtok. Dei hadde ikkje born. I 1948 vart frådelt bnr 97/100, i 1951 bnr 97/106 og i 1960 97/130 og 97/132. Johannes Botolvson Øksdal (1909–2001) frå lnr 2 hadde bruket 1948–83. Han var ugift. I 1983 overtok Ingolf Botolvson Øksdal (1925–) & 1959 Borgny Tollakdtr Raunholm (1929–) frå Fitjar i Sunnhordland. Dei var busette på bnr 97/139 under lnr 192c, sjå der om born. Alt året etter vart bruket skøytt til Helge Haraldson Øksdal (1957–) frå bnr 97/103 i Salbu & 1978 Inger Marie Josteindtr Tveit (1960–) frå Feios. Dei fekk John Harald 1978 (bnr 97/130 under lnr 196a). Dei vart skilde og Inger Marie vart attgift til lnr 192c. Helge vart attgift 1999 med Inger Magnusdtr Bungum (1959–) frå bnr 53/3 Hola under Flete i Arnafjord. Dei har: Mona 1990, Kenneth 1991.
Bnr 97/100 Nyheim 0,02 mark. Dette var kårbustad for Ingebrigt og Olina Vangsnes. I 1949 vart staden skøytt til to ugifte systrer frå Vetlefjorden: Turid Andersdtr Rendedal (1879–) og Synneva Andersdtr Rendedal (1883–). Dei er gravlagde i Balestrand. I 1965 overtok Aleksander Stachura (1925–) frå Polen & 1962 Audny Sunde (1934–) frå Olden i Nordfjord. Born: John Anfinn 1963 (Gvarv), Solgunn Margaret 1965 (Oslo), Øystein Rune 1966 (Bø i Telemark), Jorid Anette 1970 (Ålesund), Fred Åge 1974 (Porsgrunn). Aleksander og Audny flytta til Gvarv i Telemark ca 1969 og var skilde i 1979. Borna har Sunde som etternamn. Aleksander bur i 2005 i omsorgsbustad i Vik.
Bnr 97/106 Strandly 0,05 mark + 97/120 0,01 mark, båe frådelt 1951. Her vart busett frå 1980: Ingeborg Oladtr Vangsnes (1919–) frå lnr 195g og broren Bjarne Olason Vangsnes (1912–1997).
Bnr 97/130 Storesva 0,05 mark. Her vart busett: Sigurd Botolvson Øksdal (1920–) frå lnr 2 & 1948 Liv Arthurdtr Vindland (1920–) frå Kolbu. Dei fekk Sigbjørn Johannes 1957. Dei var på Kolbu før dei kom til Vangsnes, Dei flytta til Balestrand ca 1972. Eigedomen er overteken av John Harald Helgeson Øksdal (1978–) frå lnr 196a & sb Hege Kjelldtr Sagerøy (1979–) frå bnr 26/32 Moane-Hove i Vik. Dei har: Mario 2002, Julian 2007.
Lnr 196b 1,99 spd = bnr 97/54 3,05 mark. Data for 1865: 3,4 daa bygg, 2,5 daa potet, 1 hest, 5 storfe, 14 smalar, 1 vinterfôra svin.
Hans Monsson Vangsnes (1829–1899) frå lnr 196 & 1851 Anna Anfindtr Bjelde (1826–1879) frå Lærdal fekk: Ingeborg 1851, Mons 1854–56, Sigrid 1857, Ingeborg 1860, Mons 1863, Randi 1865. Huslyden reiste til USA i 1867 og bruket gjekk til Knut Jonson Mundal (1832–1910) & 1864 Anna Jondtr Lidal (1834–1903), båe husmannsborn frå Fjærland. Dei kom frå plassen Haugane i Øvre Mundal i Fjærland. Born: Ivar 1858 (USA 1879), Johannes 1864, Randi 1868 (lnr 192b), Ingeborg 1872 (ugift, Vangsnes), Maria 1880–1962 (ugift, Vangsnes). Bnr 97/66 0,49 mark av lnr 197a+195a kom inn under bruket i 1904. I 1910 vart bruket skøytt til: Johannes Knutson Vangsnes ( 1864–1912) & 1901 Gjertrud Endredtr Vangsnes (1871–1974) frå lnr 197a+195a. Dei eigde 1904–10 lnr 12 Røyrvik i Vik. Born: Kristian 1898, Knut 1902–92 (USA i 1924, fattig original som kom tilbake til Vangsnes), Andreas 1903 (USA), Erling 1906 (USA 1922), Martin 1909 (Bergen). Johannes og Gjertrud hadde i åra 1903–10 lnr 12 Røyrvik i Vik (Arnafjord sokn). Kristian Johannesson Vangsnes (1898–1965) & 1933 Jenny Oladtr Frivik (1911–) frå lnr 195f Salbu hadde bruket 1943–65. Born: Johannes 1933, Odd Johan 1935 (bnr 97/87 Krossen), Gunvor 1937 (Trondheim, så Grimstad), Kirsten Marie 1939 (bnr 97/157 under lnr 192b). Kristian hadde òg Tordis 1924 med Torina Peder-Johandtr Franck (1897–1936), sjå lnr 193f. I 1954 vart bnr 97/66 0,46 mark og bnr 97/85 0,03 mark slege saman med bnr 97/54. I 1979 vart frådelt bnr 97/191 0,01 mark og bnr 97/192 0,01 mark. Johannes Kristianson Vangsnes (1933–) & 1963 Målfrid Anlaug Ragnvalddtr Bøthun (1942–) frå Fresvik har: Reidun 1964 (Florø), Jorunn 1965 (bnr 97/215 under lnr 195c), Kristian 1967 (bnr 97/37-9 i Tråna), Rune 1968 (heime), Terje 1970 (lnr 195c). I 1982 overtok Johannes også lnr 195c (bnr 97/49). I 2007 overtok Jorunn 1965 bnr 97/49 og bnr 97/54.
Bnr 97/191 Kjeldebakken 0,01 mark. Terje Blomseth (1945–) frå Bergen & 1967 Olaug Instefjord (1947–) frå Ikjefjorden har: Kjell Morten 1968 (Haugesund), Gry 1969 (bnr 97/205 i Sinklesteinsviki), Stig 1981 (Askøy).
Bnr 97/192 Litun 0,01 mark, 1979. Per Helge Noss (1939–) frå Gaular & 1963 Aslaug Graue (1938–) frå Voss bygde hus her. Born: Born: Arnfinn 1964 (Gaular), Geir Arne 1965 (Bergen), Per Bjarte 1970. Per og Aslaug flytta til bnr 2/67 Røysane-Vange i 1995. Per Bjarte Per-Helgeson Noss (1970–) & 1994 Britt Karin Erikdtr Lidal (1969–) frå lnr 6c Juvik har: Espen André 1990, Amalie 1995, Helena 1998.
Lnr 197 Vangsnes
1,92 spd. Proprietæreigd, på 1700-talet truleg av Daae-familien. Frikjøpt 1803. Matrikkelskyld i 1723 og 1838: 1,30 laupar. Data for 1845: 6,7 daa bygg, 4,9 daa poteter, 1 hest, 8 storfe, 22 sauer, 18 geiter, 2 vinterfôra svin.
I 1701 var Frik Nilsson Åse (1672–1747) frå lnr 50 i Vik & 1702 Unni Tolleivdtr Huke (1682–1739) frå Leikanger komne til dette bruket. Dei hadde neppe born. Unni var syster til Lasse på lnr 195. Frik vart attgift med Synneva Hansdtr (1700–1768). Dei fekk Nils 1742–72. Enkja Synneva vart ført opp som husmann under lnr 191 i 1763. Vi er usikre på kor Frik og Synneva heldt til etter 1734. Kanskje hadde dei kår. Neste leiglendingspar frå 1734 var Johannes Botolvson Vangsnes (1703–1761) frå lnr 184+185 & 1734 Kari Asbjørndtr «Ytre-Nesse» (1700–1768). Ytre-Nesse i Kvamsøy sokn må vera tenaradresse. Dei to var barnlause. Deretter kom Elling Kristofferson Hove (1722–1766) frå lnr 73 i Vik & 1750 Brita Jondtr Hopperstad (1715–1776) frå lnr 119+120 Hopperstad. Born: Kristoffer 1752 (Vikøyri v600), Jon 1754 (plass under lnr 36 Nummedal i Vik), Brita 1759. Elling hadde vore lærar på Seljadalen i Vik og familien budde då i Øvstedal. I 1768 flytta enkja tilbake til plassen i Øvstedal, og til bruket kom Ingebrigt Andersson Føli (1735–1803) frå lnr 23 i Vik & 1766 Marta Markusdtr Tenål (1732–1812) frå lnr 15 i Vik. Dei fekk Anders 1765– 83. I 1803 vart bruket selt til Halvar Samuelson Lidal (1775–1838) frå Fjærland & 1800 Anna Markusdtr Dale (1775–1857) frå Sværefjorden. Om foreldra til Halvar: sjå lnr 30 Valsvik i Arnafjord sokn. Halvar hadde vore jektesiglar og hadde lagt seg opp pengar på det. Born: Guri 1801 (plass 65 Vangsnes), Markus 1804, Samuel 1807–22, Brita 1811 (lnr 198, så USA), Sitona 1813 (plass 67 Vangsnes), Anna 1817 (Jordalen på Vossestrand, så USA), Gjertrud 1820 (ukjend etter 1839). I skiftet etter Halvar i 1839 vart bruket utlagt til eldste son. Markus Halvarson Vangsnes (1804–1892) & 1841 Brita Sjurdtr Vangsnes (1821–1860) frå lnr 195 fekk: Anna 1842–42, Ingrid 1844. Huslyden reiste til USA i 1844 og bruket var skøytt til Jon Eirikson Ramsøy (1812–) frå Nærøy sokn i Aurland & 1844 Gjertrud Nilsdtr Kinni (1817–) frå lnr 56 i Vik. Born: Nils 1845, Torbjørg 1847, Eirik 1850, Kristi 1853–53, Johannes 1854, Kristi 1857, Anfin 1860. I 1867 reiste huslyden til Amerika. I 1850 fekk Jon kjøpt til lnr 195a 1,96 spd, slik at det var eit stort bruk han reiste frå. I 1868 vart frådelt lnr 197b 0,04 spd til husmann Anders Sjovatson på plass 12.
Lnr 197a+195a «Endregard» 1,92 + 1,96 spd. Data for 1865: 10,0 daa bygg, 5,0 daa potet, 2 hestar, 13 storfe, 36 smalar og 3 vinterfôra svin. I 1868 var det ca 18 daa åker på bruket, men berre 1 daa dyrka eng. Også på dei andre Vangsnes-bruka var det då lite dyrka eng. I 1868 vart bruket frådelt lnr 187b 0,04 spd, og i 1870 vart lnr 195a frådelt lnr 195f 0,08 spd. I 1870 vart så lnr 197a og lnr 195a slege saman i matrikkelen med skyld 3,67 spd = bnr 97/47 5,82 mark.
Kjøpar av storbruket i 1867 var Endre Kristenson Berge (1839–1882) frå Fjærland & 1869 Mari Jensdtr Nornes (1840–1927) frå Norane sokn i Sogndal. Born: Kristen 1870–70, Gjertrud 1871 (lnr 196b), Brita 1872 (Menes i Balestrand, så Nykirke i Vestfold), Kristen 1873–74, Kristen 1875, Lovisa 1876 (USA 1903), Jens 1879 (USA 1899), Elen Marie 1882 (lnr 184b). I 1899 skøytte enkja bruket til sonen Kristen. Kristen Endreson Vangsnes (1875–) & 1901 Anna Marie Anfindtr Åse (1871–) frå lnr 36a i Arnafjord fekk: Endre 1902. I eit bryllaup i 1902 vart garden kjøpt av Ingebrigt Nilsson Vangsnes (1852–) og Bjørn Andersson Hanekam (1865–1936). Kjøparane var visstnok interessert i å omgjera kjøpet, men i 1903 vart kjøpekontrakt skriven. Bruket med husdyr, innbu og alt som høyrde garden til gjekk til Bjørn Hanekam og Ingebrigt Vangsnes. I tillegg til å ta over all gjeld skulle seljaren få kr 6000. Gjelda var kr 7380. Kjøparane lyste garden for sal:
«Eiendommen har stor furu- og løvskov, er meget letbrugt og har en særdeles vakker beliggenhed.» Dei to kjøparane delte i 1903–04 det meste av bruket mellom seg: bnr 97/47 og bnr 97/69. Men fleire mindre parsellar vart selde.
Følgjande parsellar vart frådelte og selde: bnr 97/65 0,81 mark, bnr 97/66 0,49 mark, bnr 97/67 0,03 mark, bnr 97/68 0,12 mark, nr 97/70 0,04 mark, bnr 97/71 0,05 mark, bnr 97/72 0,07 mark og bnr 97/73 0,90 mark.
Bnr 97/47 Vangsnes 1,62 mark. Ingebrigt Nilsson Vangsnes (1852–) hadde frå før lnr 184b. Ingebrigt overlet bnr 97/47, utan at skøyte vart tinglyst, til ei syster og mann hennar, og i trykt matrikkel frå 1907 står dei som eigar. Ingebrigt med familie flytta ca 1910 til Vestfold. Kari Nilsdtr Vangsnes (1862–1943) gifte seg 1882 til lnr 192a med Ola Eirikson Vangsnes (1861–1914). Dei flytt inn i husa på den tidlegare storgarden lnr 197a+195a. Enkja Kari overlet lnr 192a til ein son. Ho var så eigar og brukar av bnr 97/47 og bnr 97/73 0,90 mark. Sonen Ola Olason Endregård (1903–1983) dreiv ei tid saman med mora. Han overtok i 1951 etter skiftet for Kari. Han gifte seg med Jenny Andersdtr Øvrebø (1915–) frå Gaupne og dei busette seg i Bærum, men vart skilde. Born: Andreas 1940 (USA, så Oslo), Ole Kristian 1943. I 1972 overtok Ole Kristian Endregard (1943–). Han har vore busett i Rælingen.
Bnr 97/69 Høiland 1,69 mark. På denne parten av lnr 197a+195a vart det bygt opp eit nytt gardsbruk. Bjørn Andersson Hanekam (1865–1936) frå plassen Bjørkevik under lnr 58 i Arnafjord sokn & 1891 Ragnhild Torbjørndtr Hjellhaug (1868–1959), husmannsdtr frå Kaupanger, hadde drive landhandel på Vangsnes ut frå dei små parsellane lnr 186c, lnr 186e og bruksnummer 97/58 0,14 mark av lnr 184a. Det siste tok han med seg inn i det nye bruket. Han kjøpte også til utmarksteigen bnr 97/75 Skredfjellsteigane 0,24 mark av bnr 97/59 (lnr 186a). Om Bjørn og Ragnhild: sjå òg lnr 186e. Born: Anna Birgitta 1892 (USA 1909), Adolf 1893 (USA 1911), Nils 1896 (USA 1912), Sigurd 1897, Ragnhild 1899 (lnr 195d), Borghild 1902 (lnr 3 Øksdal), Audun 1904–65 (Bergen), Maria 1906 (bnr 97/102 under lnr 191e). Sigurd Bjørnson Hanekam (1897–1980) & 1927 Kari Eirikdtr Sevre (1897–1986) frå Nes i Hallingdal hadde bruket 1935–79. Dei tok familienamnet Høiland. Born: Bjarne 1928, Erling 1930–95 (sjømann, sist busett i Bergen), Ragnhild 1935 (Oslo), Sigurd Kåre 1939–79 (Svalbard). Bjarne Sigurdson Høiland (1928–) er ugift.
Bnr 97/65 Vellene 0,85 mark. Bernt Olason Vatsøy (1860–1918), husmannsson frå Solund, & Ragnhild Lassedtr Bøtun (1856–), husmannsdtr frå Fresvik, var i året 1900 husmannsfolk på Eitorn. Bernt var murar. Dei hadde då borna: Ola 1885 (USA 1912), Lasse 1887 (USA 1910), Nils 1889, Kirsti 1890 (USA 1911). Dei busette seg på denne parsellen. Bnr 97/78 0,05 mark kom inn under bruket og vart i 1978 slege saman med bnr 97/65. For ein periode er eigarforholda ukjende for oss, men så overtok: Anders Torsteinson Fosse (1891–) & 1923 Ingrid Oladtr Henjum (1893–) frå Dalen, båe frå Leikanger. Dei hadde ikkje born. Anders reiste til Amerika frå Balestrand i 1909, men kom tilbake. Ingrid døydde på gamleheimen i Balestrand. Olav Sjurson Fedje (1915–1985) & 1940 Gunvor Pederdtr Lunde (1910–), båe frå Feios, hadde småbruket 1953–78. Born: Sverre 1941, Harald 1942–2003 (Os i Hordaland), Per 1944 (Stjørdal i Nord-Trøndelag), Randi Kirsten 1947–2006 (på bruket, så Sjøtun i Vik). I 1962 vart frådelt bnr 97/138 0,02 mark og i 1971 bnr 97/158 0,01 mark. Olav kjøpte i 1971 bnr 97/141 under lnr 186d. Dette var ein skogateig som i 1991 kom over på sonen Sverre. Sverre Olavson Fedje (1941–) & 1965 Aud Magnhild Ottodtr Vangsnes (1942–2002) frå lnr 189c overtok i 1978. Born: Sven-Arild 1965, Ove 1968. I 2000 frådelt bnr 97/238 og busett av: Sven-Arild Fedje (1965–) & 2000 Anita Johndtr Hop (1967–) frå Austreim i Nordhordland. Born: Marc André 2001, Ada Marie 2003. I 2003 overtok Sven-Arild òg bnr 97/65.
Bnr 97/158 Svabu 0,01 mark vart frådelt 1971 og vart bustad for Sverre og Aud Magnhild.
Bnr 97/71 Kalveteigen 0,05 mark. Kjøpar av denne parsellen i 1904 var Ivar Otterås. I 1907 er Ingebrigt Olason på bnr 97/53 (= lnr 196a) oppførd som eigar. Truleg vart parsellen tidleg selt vidare utan at skøyte vart tinglesen. Men i 1949 vart heimel tilkjent: Johan Herman Ivarson Fardal (1890–1958) frå lnr 3 Øksdal & 1916 Ingeborg Perdtr Vangsnes (1893–1972) frå lnr 193h. Born: Agnes Teodora 1916–39, Unni 1919 (lnr 191a), Harald 1921, Per 1926 (Bergen), Ingeborg 1932 (Balestrand). I 1958 vart eigedomen skøytt til Harald Johanson Fardal (1921–2004). Han har vore ugift anleggsarbeidar. Dei gamle husa vart rivne og Harald bygde nytt i 1958. I 1961 vart frådelt bnr 97/133.
Bnr 97/133 Sjøstrand 0,02 mark. På denne eigedomen var Kristian Helgeson Åse (1908–1995) frå Åsberget i Arnafjorden & Andrea Martindtr Hammaren (1923–1997) frå Måren i Kyrkjebø leigebuarar. Dei kom i 1964 til Vangsnes frå bnr 64/32 under lnr 48 Nese i Arnafjorden, og var først ei tid på bnr 97/71. Born: Aud Margrethe 1944 (bnr 97/150 på Salbu), Henny Marie 1963 (lnr 42 Seljestø i Vik). Dei flytta seinare til dotter si på bnr 97/150. I 1968 fekk Unni Johandtr Fardal (1919–1994) & 1948 Bjarne Midttun (1922–) skøyte på eigedomen, men dei var busette på bnr 97/24 under lnr 191. I 1978 vart bnr 97/133 skøytt til Inger Johanne Bjarnedtr Midttun (1954–) & 1977 Kåre Ledvin Havnen (1950–) frå Kaupanger. Dei har: Bjørn 1977 (heime), Unni 1983 (heime).