Vikøyri vest
Med unntak av naust og buer i strandområdet var neppe området vest for den noverande hovudgata busett før storbrannen i 1838. Ut frå kart frå storutskiftinga i 1863 var det heller ingen busetnad sør for det gamle Hopstock hotell. Hovudbygningen til Valentinsen, som storbrannen starta i, låg truleg der hus nr 16 (Fosse-butikken) ligg i dag, eller litt lengre aust. Av hus frå før 1838 var truleg berre nr 22 tilbake då Ivar Refsdal teikna kartet sitt i 1908.
Heile det brannherja området i 1922 er med i dette området. På vestsida av hovudgata tek vi òg med bustadhus som kom opp som erstatning for nedbrende hus og alle kombinerte bustad- og forretningshus vest for hovudgata nedanfor Coop-butikken. Branngrensa i aust gjekk ved «Bryggjesmåtti». På Ivar Refsdal sitt kart frå 1915 brann følgjande hus ned: nr 2–12 og nr 16–22. Av desse bygningane låg nr 7 og 13 på Sjøtungrunn, hus nr 8–10 og 17–22 under Grov og resten under Sæbø. Eigedomane under Grov vart frikjøpte i 1891. Dei låg på båe sider av hovudgata. Mange av dei var forretningsbygg. Det ikkje busette området i vest på Refsdal sitt kart var Sjøtun-eige. Det meste av denne delen vart liggjande som jordbruksjord under Sjøtun fram til 1941.
Bustadhus vest for hovudgata
Hus nr 1 under bnr 1/1. Dette huset brann ikkje ned i 1922 og her budde enkja Brita Larsdtr Rasmussen v606, v442 (1850–1936). I 1922 vart bustad og uthus taksert til kr 3200, i 1925 til kr 1700. I 1954 vart hestestallane og ein del gamle bygningar som stod att etter brannen rivne. Huset til «Fiske-Brita» vart hytte på Fosse på Vikafjellet.
Bnr 1/58 Elveheim 0,01 mark, 1920. Hus nr 2. Huset fekk i 1886 ein branntakst på kr 850. Det hadde vore eigd av Botolv Henrikson Vikøyri v318, v130 (1858) & 1879 Anna Johannesdtr Sogndalsfjøra (1854–1884), men då Botolv med huslyd flytta til Bergen, vart truleg Eli Monsdtr Vetleøyri s144, v190 (1830–1905) busett her i 1898. Ca 1902 vart huset overteke av Anders Jonson Grønsberg v048 (1849–1924). I 1909 var taksten på huset kr 750 og skadetaksten etter brannen også kr 750. Om lag på same plassen vart det bygt nytt hus etter brannen av dottera Anna Andersdtr Grønsberg (Vikøyri) v048 (1875–1952). Ho var ugift. Branntakst på nytt hus var kr 6000. I 1942 vart eigedomen tillagt bnr 41/62 0,01 mark. I 1950 vart staden skøytt til Jakob Olason Hopperstad (1921–1972) & 1952 Inga Ingebrigtdtr Refsdal (1919–2000) frå lnr 59, sjå òg lnr 120 Hopperstad. Dei fekk: Hogne 1958 (bnr 1/186 i Røysane-Sæbø). Huset vart kjøpt av Åse Lill Haralddtr Mathiesen (1946) i 2001. Ho kom frå Hatlevegen 2 i Prestberget.
Bnr 41/3 Nyborg 0,01 mark. Hus nr 3, som tilhøyrde Kari Hansdtr Vikøyri v286 (1856–1944), «Haga-Kari», brann ned i 1922. Det hadde lege under bnr 1/1, men då ho fekk tildelt ny tomt om lag på same stad, vart det registrert under Sjøtun. Takst på nyoppført hus i 1924 var kr 8000. Kari testamenterte huset til Brita Dyrdal (1893), ei systerdotter til Kari, og same året som Kari døydde selde ho huset til Ragnvald Nilsson Lilleøren s148 (1901–1980) & 1940 Ingeborg Hansen (1908–2004) frå Porsgrunn. Dei hadde ikkje born. Ingeborg kom til Vik som frelsesarmeoffiser. Huset er i 2008 eigd av Jenny Eli Fjellanger i Hatlevegn 10 i Prestberget.
Hus nr 4. Ola Eirikson Husabø v756 (1841–1902) frå Leikanger & 1863 Sjurina Oladtr Vikøyri s192 (1844–1930) fekk Ola 1863 (v841). Ola 1841 var fiskar. Ola og Sjurina var mellom dei fattigaste på Vikøyri. Huset vart ikkje bygt opp att etter brannen.
Hus nr 5. Knut Olason Finsethagen v578 (1841–1914) frå Hemsedal & 1874 Ragnhild Oladtr Vetleøyri s192 (1849–1936) budde i «Hotell Krypinn». Born: sjå v578. Andrina Knutdtr Vikøyri v578 (1883–1962) fekk tre born utan å vera gift: Olina 1903 (Bergen), Ragnvald 1907 (tok etternamnet Andersen, til Røysane-Vange) og Henry 1914, sjå v578. Etter brannen i 1922 flytta Andrina til hus nr 55.
Hus nr 6. Johannes Jonson Tenål v478 (1866–1946) & Inga Hermunddtr Øvstedal (1865–1939) bygde dette huset på bygsla grunn under bnr 1/1. Det vart i 1894 taksert til kr 1300 og skadetaksten etter brannen (medrekna ei pakkbu) kr 18300. Johannes dreiv handel med landbruksvarer, men kjøpte i 1916 landhandelen til Johan Martin Svendsen (hus nr 17). Dei to husa vart ikkje bygde opp att etter brannen. Johannes og Inga flytta til Vedledna. Sjå meir under Seim i del 2.
Hus nr 7. Dette huset var nybygt i 1900 og låg på Sjøtun-grunn. Branntakst var kr 4200. Her var busett Lars Jensson Gjerløv v610 (1843–1936) & Ingebjørg Guttormdtr Fretheim (1856–1951). Gjerløv dreiv Vik Forbruksforening 1874–78 og 1882–1907 og deretter eigen handel 1907–22 i bustadhuset sitt. Det vart difor noko ombygt. Ny takst i 1912 var kr 4.600 og i 1919 kr 21.500. Den siste var medrekna fjøs og løbygning. Skadetaksten etter brannen for dei same bygningane var kr 19.100. Etter brannen bygde Gjerløv ny bustad: bnr 41/12 i Villastrøket-Sjøtun.
Bnr 41/16 Borgheim 0,05 mark, frådelt 1924. I 1922 brann hus nr 8 ned. Eigar av det hadde vore Per Styrkson Sæbø v884 (1829–1917). Som erstatning fekk Brita Perdtr Vikøyri v884 (1866–1944) tildelt tomt lengre vest. Der bygde ho hus. Det nye vart i 1924 verdsett til kr 10500. Frå 1939 til 1948 budde Herluf Andersen v319 med huslyd i huset. I 1944 vart staden kjøpt av Hans Nikolai Jensson Rasmussen v442, v292 (1892–1976) & Anna Botolvdtr Tryti (1888–1981). Dei hadde ikkje born. Dei pakta prestegarden og så bnr 39/1 Hopperstad. I huset var òg ein halvbror til Anna og huslyden hans: Olav Johanson Tryti v638 (1898–1982) & 1931 Johanna Elisabeth Simondtr Kleive (1908–1988) frå Hyllestad. Dei hadde tidlegare leigd bnr 39/13 Bruknappen under lnr 121 Hopperstad. Born: Johanna 1931 (Skedsmokorset), Sigvald 1933–2008 (Oslo), Audun Hilmar 1936 (Årdal, så i huset), Oskar Johan 1938 (Tysvær, sjå hus nr 10) og Edith Inger 1940 (Gjerdrum). I 1977 overtok borna.
Bnr 40/6 0,05 mark, 1890. Hus nr 9. Øystein Styrkson Vikøyri v932, v982 (1825–1900) & 1855 Magnhild Jondtr Vikøyri v496 (1824–1916) var huseigar. Born: sjå v982. I 1890 fekk Øystein skøyte på grunnen som bnr 40/6. I 1907 står Isak Rasmussen oppførd som eigar, men i 1915 budde enkja Magnhild framleis i huset. Huset brann ned i storbrannen i 1922. Huset vart ikkje attreist etter brannen, og i 1949 var Vik kommune eigar av bruksnummeret.
Bnr 41/20 Ålborg 0,04 mark, 1924. Alis Oladtr Vikøyri v392 (1858–1931) hadde før brannen hus nr 10. I 1909 og etter brannen vart huset taksert til kr 520. Ho bygde opp hus på ny tildelt tomt, i 1924 taksert til kr 9100. Deretter var ei kort tid Marie Pederdtr Løvik (1893) frå Vevring i Sunnfjord huseigar. Frå 1933 til ca 1939 budde Herluf Andersen v319 med huslyd i huset. Brita Oladtr Stedje (1877–1957) frå lnr 64 var neste eigar. Ho var ugift. I 1959 overtok ei systerdotter: Johanna Lassedtr Halrynjo (1907–1994) frå bnr 1/57 i Røysane-Sæbø & Atle Ivarson Øverås (1909– 2001) frå Vinjum i Aurland. Dei hadde ikkje born. Mor til Johanna var syster til Brita 1877, heitte òg Brita og var fødd 1874. I 2003 overtok Oskar Johan Olavson Tryti (1938–) frå hus nr 8.
Forretningsbygg
Bnr 41/48 Hovheim I 0,05 mark, 1940. Andreas Ivarson Hove (Øvre-Hove) v095 (1899–1986) & 1924 Borghild Jacoba Jacobsen v863 (1896–1971) bygde i 1956. Det var butikk i 1. etasje og bustad i 2. etasje. Frå tidlegare hadde dei bustadhus på Strondi: bnr 41/42+48. Born: Borgny Henrikke (1925–1998) (Vikøyri-Sæbø, hus nr 30) og Olaf 1929. Olaf Andreasson Hove (1929) & 1953 Lilly Johannesdtr Sandvik (1933) frå bnr 3/5 Seimsstrondi på Vetleøyri har: Arvid 1954 (Stavanger), Wenche 1955 (Bergen), Ranveig 1956 (Bergen), Oddvar 1957–61, Borghild Lovise 1958 (Bergen), Laila 1959 (Førde), Oddveig 1959 (Tønsberg), Oddvar 1961 (bnr 5/39 på Føli), Jan Christian 1964, Gunhild Marie 1968 (Bergen) og Monica 1978–82. Lilly og Ola budde ei tid på Strondi i huset etter foreldra hans, seinare flytta dei til forretningsbygget, og sonen Jan Christian overtok huset på Strondi.
Bnr 40/6 0,05 mark, frådelt 1891. Dette var før brannen matrikkelnummer for hus nr 9, men kom etter omregulering på tomt etter hus nr 12. Her bygde Anders Hansson Tenål (1857–1941) kombinert bustad og forretningsbygg, men huslyden budde på bnr 41/2 i Villastrøket-Sjøtun. Etter konkurs i 1925 starta Anders ny forretning på Rulsen. Bnr 40/6 vart overteke av Eirik Brekke og Einar Holstad, seinare Eirik åleine. Eirik Olason Brekke (1900–1986) frå lnr 90 & 1935 Magdalene Sletten (1908–1994) frå Bergen fekk: Ola 1936 (Trøgstad), Jan Erik 1938 (Nessane, så bnr 41/4 i Villastrøket-Sjøtun), Åse Margrete 1943 (Sogndal), Kjell Vidar 1944 (Hatlevegen 12 i Prestberget) og Lars Magne 1949 (Egersund). I 1985 vart eigedomen skøytt over på alle borna.
Bnr 41/8 Tunheim 0,03 mark, frådelt 1921. Dette var truleg først bygslingstomt, for i 1915 var det hus nr 13. Her var busett Thormod Edvardson Liljedahl (1885–1962). Han hadde postopneri i huset. Han overtok seinare eigedomen etter faren i Hamnen, og dette vart apotek og bustader for apotekarar. Rolf Greve (1882–1966) var apotekar i huset 1921–33. Greve kjøpte til jord bak apoteket: bnr 41/21 0,15 mark i 1926 og bnr 41/25 0,02 mark i 1927. Der kom det tennisbane. Eit anna teikn på velstand var at huslyden hadde to hushjelper. Greve bygde hytte i 1928 aust for stølen Liasete på Bøadalen, bnr 36/15 Prikkhaug. Rolf var gift med Torlaug Pedersen (1900–1952) og dei hadde borna: Ruth Teodora 1922–31. Randi 1923, Tordis 1924, Åse 1926, Rolf 1930. Ruth («Lilleprik») døydde av difteri. På gravsteinen står det: «En sol på jorden, en stjerne på himlen». Neste apotekar var Steinar Berg-Ekkern (1889). Frå 1946 til 1955 var Reinhardt Skjolddal (1896) apotekar. Han var eigar av huset også under etterfølgjaren Gunnar Fladmark (1902), som var styrar 1955–61. Borna til Skjolddal selde huset i 1967: Odd 1929, Solvor 1933 og Rigmor 1933. Apotekarar i bygda etter 1961 var: Vidar Vollsnes (1931) fram til 1969, Fredrik Fladmark (1931) som var son til Gunnar, og i 1975–76 Harald Birkelid (1923) og frå 1976 Helge Grønningsæter (1951). Frå 1964 var apoteket i nytt bankbygg lengre oppe i gata, før det i 2003 flytta til Vikjatunet, og med Brita Andersdtr Fosse (1964) frå bnr 7/7 under lnr 35a+ 34b Fosse frå som apotekar. Ho er busett på bnr 40/37 i Moane-Grov. I 1964 leigde Trygve Tveit første etasje i bygget ogflytta då over fargehandel frå bnr 1/73 og i 1970 kjøpte han eigedomen. I 1982 vart det sett opp tilbygg nordover og inntil huset på bnr 40/6. Trygve skøytte frå seg eigedomen i 1988. Trygve Monsson Tveit (1920–1991) & 1953 Gunnhild Jensdtr Rinde (1920), båe frå Feios, fekk: Anne Grethe 1954 og Gunn Torhild 1955. Anne Grethe Tveit (1954) & 1984 Nils Steinar Hove (1960) frå lnr 72 har: Runar 1984 (Bergen), Gøril 1987 og Tord 1990.
Bnr 41/6 Vestheim 0,03 mark + bnr 41/32 Vestheim I 0,01 mark. Denne første tomta vart frådelt 1916. Denne tomta fekk Anders Anfinson Seim (1860–1944) tildelt i 1924. Dette må ha skjedd etter omregulering, for grunnen låg før brannen i 1922 på eigedomar under Grov. Det var bustad i andre høgda, men huslyden til Anders hadde frå før bnr 1/11 i Røysane–Sæbø. I 1934 gjekk eigedomen til: Rolf Jonson Johnsen v542, v892 (1901–1970) & 1931 Randi Botolvdtr Christensen (1902–1970) frå Njøs på Leikanger. Dei to dreiv handel der fram til 1970. Dei fekk Inger Randi 1944. Dei to fostra òg opp Gunnvor Jensdtr Vikøyri v316, v912 (1940–1999), gift Paulsen og busett i Mathopen, Bergen. Inger Randi Johnsen (1944) var med i drifta frå 1962 og dreiv fram til 1971. Ho gifte seg 1985 med Bjørn Sæbø (1948) frå Oslo. Dei har ikkje born, har budd i England, Nederland og Drøbak.
Bnr 1/73 Vestre hjørnetomt 0,10 mark. På denne tomta bygde Johannes Jonson Hove (1887–1960) frå lnr (1+4)d i Røysavegen-Sæbø forretningsbygg i 1930. Der har vore svært mange aktivitetar, men ikkje bustader. I 1960 var Reidar Johannes Bjarneson Hove (1926) frå bnr 41/15 i Villastrøket-Sjøtun eineeigar. Ny eigar har overtek og leiger ut lokale. På tomta var det før brannen varebuer.
Bnr 41/58 Breitun 0,08 mark. Ved oppstykking av Sjøtun i 1942 kjøpte Edvard Breilid parsellen bnr 41/58 0,32 mark. I 1943 selde han frå bnr 41/68 og i 1951 gjekk bnr 41/101 0,24 mark til Sogn billag og resten til broren Per. Per sette opp kombinert bustad og garasjebygg. Garasjane vart seinare ombygd til fryseboksanlegg og er deretter på nytt ombygd. Per Bendikson Breilid (1916–2000) frå hus nr 19 & 1946 Kirsten Andersdtr Sæbø (1918–1975) frå lnr 2 hadde ikkje born. Per vart seinare sambuar med Kari Andreasdtr Johnsen v100 (1919–2002). Ho hadde eigedomen bnr 1/87 på Vikøyri-Sæbø (hus nr 42) og i 1979 flytta Per dit og selde bnr 41/58 til Jon Arve Olavson Holen (1949–1985) frå bnr 2/6 i Hola på Seljadalen & Venke Brit Seim (1950–) frå Årdal. Born: Ann Kristin 1971 (lnr 2 Sæbø), Geir Ove 1972 (bnr 1/208 under lnr 1/24 i Røysane-Sæbø), Bjørn Kjetil 1976 (Øvste Hopperstadmarki nr 20). Jon Arve drukna mellom Vik og Balestrand. Venke Brit vart i 1997 attgift til Hatlevegen nr 15 i Prestberget. Seinare overtok Ingvald Målsnes og sonen Rune. Ingvald med huslyd var busett i Øvste Hopperstadmarki nr 1 i Prestberget. Rune Ingvaldson Målsnes (1964) & 2005 Hildur Helgedtr Turvoll (1957) frå lnr 46 har: Mari 1988, Terje 1990 og Mina 1994.
Bygg aust for hovudgata
Bnr 1/68 Gatetomten 0,12 mark. Hus nr 16. På denne staden hadde Hopstock krambu. Ho vart overteken av Anders Olason Øksdal v082 (1862) & Guri Nilsdtr Vikøren v718 (1863). Born: sjå v082. Krambu med naust og sjøbu vart i 1903 taksert til kr 6050. I 1900 selde Anders til Ola Person Fosse v844 (1872–1945) frå Leikanger og huslyden flytta til Oslo. Etter brannen, og omregulering, bygde Ola opp nytt kombinert bustad- og forretningsbygg. Også bnr 40/10 0,06 mark, 1891, høyrer inn under eigedomen. Om huslyd: sjå v844. Bjørg Oladtr Fosse v844 (1905–2001) & 1935 Einar Mikkelson Holstad (1904–1967) frå lnr 86 dreiv forretninga vidare. Eigedomen er kjøpt av Gunvor Grov (1942–), busett på bnr 97/177 på Krossen og Kalviki, Vangsnes.
Bnr 40/11 0,03 mark, 1891. Hus nr 17. Her hadde Johan Martin Svendsen v450 (1842–1916) & 1868 Anna Hermunddtr Grov (1844–1910) landhandel. Pakkbu og våningshus var nyoppførde i 1896. Born: sjå v450. I 1907 står sonen Jens Jakob Svendsen som eigar, men kort tid etterpå overtok Johannes Jonson Tenål v478 (1866–1946) handelshuset. Etter brannen i 1922 flytta Johannes til Vedledna under Seim. Men han, og deretter sonen Hermund, var framleis eigar av tomta. Ho vart ca 1950 selt til Mons Thorsen, som selde til Vik samyrkelag og som sette opp eit tilbygg til hus nr 18.
Bnr 40/12 0,05 mark. Hus nr 18. På denne tomta hadde Hopstock varebu. Staden vart kjøpt av Søren Rivedal (1847–1914) som bygde på ein etasje og starta butikk i underetasjen. Krambubygninga vart taksert i 1900 til kr 4500. Om huslyd til Søren og sonen Erling: sjå bnr 1/28 under Røysane-Sæbø. I 1935 opna Vik samyrkelag butikk i huset og kjøpte det i 1939. Over butikken var det husvære og her budde styraren fram til 1951: Sigvald Naas 1935–41, Karl Lerum 1941–50 og Ludvig Brosvik 1950–51. Karl Ørbeck Lerum (1916–2007) frå Luster & 1940 Gunvor Bjarnedtr Hove (1921–2005) frå bnr 41/15 i Villastrøket-Sjøtun fekk i Vik: Kåre Norvald 1939, Bjarne Magnar 1941, Gerd 1943, Vidar 1947, Laila 1949. Karl overtok styringa av Lærum saftfabrikk i Sogndal. I 1970 vart eit nytt varehus opna og i 1976 vart huset med tilbygg kjøpt av Vik kommune som bygde det om til Kommunehus II. I 2004 er Knut Mykkeltvedt eigar.
Bnr 40/10 0,06 mark. Hus nr 19. Endre Andersson Andersen v032, v216 (1825–1908) bygde landhandel her, og frå han gjekk det til sonen Anders. I 1920 vart det kjøpt av Johan Støfringsdal (1895–1968) frå Jølster: Han dreiv landhandel i bygget. Etter brannen i 1922 sette han opp nytt kombinert bustad- og forretningsbygg, men gjekk konkurs i 1925. Kjøpar var: Bendik Eirikson Breilid (1878–1946) & 1901 Anna Perdtr Flete (1877–1965), båe frå Fresvik. Born: Edvard 1903, Anders 1908 (styrar ulike samyrkelag, sist busett i Lærdal, var gift med Ester Andersdtr Hjemsæter 1907–42 frå «Fengslet» i Røysane-Vange) og Per 1916 (bnr 41/58 på Vikøyri-vest). Edvard Bendikson Breilid (1903–1990) & 1932 Oline Hansdtr Tenold (1906–2001) frå lnr 13e Tenål har borna: Åse 1932 og Hildur 1942 (bnr 26/75 i Moane-Hove). Åse Edvarddtr Breilid (1932) & 1959 Sigurd Ese (1929) frå Balestrand dreiv sportsforretning i Sogndal, men overtok i 1990 og starta med sportsforretning. Born: Liv 1960 (Balestrand) og Morten 1963 (Bergen).
Hus nr 20 hadde tidlegare vore eigd av Johannes Gullaksen Vikøyri v464, men var i 1915 overteke av Tor Simonson Vollavik (1858–1919) frå lnr 54. Tor var ungkar. Han døydde i Vollavik, og det må ha vore ein ny huseigar i 1922. Huset vart ikkje atterreist.
Bnr 40/9 0,05 mark, 1891. Hus nr 21 vart overteke frå foreldra av Hermund Jonson Vikøyri v510 (1868–1957). Han var ungkar og fiskar. Han var ei tid i USA. På staden var det i 1882 eit hus og eit uthus til samla verdi kr 1400. Ved omtaksering i 1902 vart stovehus og naust sett til kr 1400. Skadetaksten på det nedbrente huset i 1922 var kr 2300. Det vart bygt opp att etter brannen. Det vart i 1924 taksert til kr 14500. I 1953 vart det overteke av to born av ei syster av Hermund, Inga Johanna 1883–1953, gift med Johannes Nødtvedt i Bergen. Borna var: Paul 1911 (til bnr 2/34 Røysane-Vange) og Anna 1914. Anna Johannesdtr Nødtvedt (1914–2004), «Lillemor», har budd i huset. Det er i slekseige.
Hus nr 22 låg inneklemt mellom to forretningsbygg. Ugift huseigar var Anna Matiasdtr Vikøyri v416, v114 (1844–1938). I tillegg eigde ho ei anna stove litt lengre aust og eit lite tømra fjøs. Samla verdi i 1909 kr 850. Skadeerstatning i 1922 var kr 730. Huset og fjøs brann ned i 1922. Den andre stova låg inntil hus nr 23, vart noko brannskadd, men vart ny bustad. Huset vart flytta til Tenål av Hansina Oladtr Limmesand (1885–1964) frå plassen Limmesandhagen under lnr 13.
Hus nr 23 «Inger-Endre-huset». Endre Andersson Andersen v032, v216 (1825–1908) & 1851 Brita Johannesdtr Føli (1827–1895) fekk 7 born, sjå v216. Endre var landhandlar på Vikøyri, men var òg kommunekasserar. Endre hadde eit lite småbruk, bnr 1/7 0,12 mark. Det kom frå lnr 3 Sæbø i 1874. I 1875 var jordbruket: 1,5 daa potet og 2 kyr. Denne jorda blir borte i matrikkelsystemet. I 1868 budde huslyden i eit hus med loft. Stova hadde kakkelomn og kjøkenet hadde skorstein. Loftet vart brukt til krambu. Dette huset hadde han truleg kjøpt frå Hans Henrik Olason Vikøyri v270. Men huset vart truleg påbygt. I tillegg hadde Endre og sonen Anders frå 1889 forretningsbygget hus nr 19 ved hovudgata. Anders Endreson Andersen v216 (1851–1919) var ugift. Han dreiv landhandelen vidare. Han gjekk under namnet «Ha'kje», eit uttrykk han brukte når han var uviljug å selja. Etter at Anders døydde, vart våningshuset, brushuset, eit eldhus og eit stabbur overteke av Ola Andersson Lysne (1872–1949) frå Lærdalsøyri. Han vart som enkjemann gift med Brita Ivardtr Vikøyri v410 (1865–1956). Dei flytta til Bergen i 1927. Ola vart som matros vigd i Bergen 1894 med Anna Larsdtr Vikøyri v628 (1868–1915). Dei budde i Bergen og hadde tre born: Astrid 1895, Otto 1897 og Agnes Lovise 1899. Ei syster til Ola Lysne, Anna, var gift med Apollonius Liljedahl, sjå lnr 121 Hopperstad. Nye eiarar leigde bort både som husvære og til forretningsdrift. Såleis hadde Johan Liljedahl (1892–1944) landhandel i bygget på 1930-talet. Huset vart rive av Vik kommune. Eigedomen ved hovudgata og bnr 1/7 kom over til Johan Støfringsdal frå Sunnfjord. Han gjekk konkurs i 1925. Konkursbuet vart kjøpt av Bendik Breilid, sjå hus nr 19.