Sjøtunvegen

Gardsvegen inn til garden Sjøtun vart kalla Sjøtunvegen. Garden hadde veg til Hovsviki, med bru over Hopra. Første del av vegen er i dag inngangen til byggefeltet Sjøtunvegen 11–22. Inntil Sjøtunvegen, aust for Hopra, ligge den gamle borgstova under Sjøtun og 7 villabustader bygde 1949–1959.

Sjøtunvegen 1–10

Bnr 41/47 Borgstova 0,05 mark, frådelt 1940. Borgstova er den einaste bygningen som står att av tunet på Sjøtun som vart bygt opp kring 1805. Stova var bustad for tenarar og tenestejenter på Sjøtun. Vi veit at Ola Torkjellson Le (1862–1949) frå lnr 20a i Arnafjord sokn & 1908 Marta Alfdtr Hønsi (1872–1950) frå lnr 83a budde i Borgstova då Ola var gardsstyrar på Sjøtun. I 1911 flytta dei til Askelund i Balestrand. Stova vart fråselt bruket i 1940 til Ivar Eliasson Vikøyri v192, v388 (1877–1946). Han vart først gift 1902 med Brita Sofie Karlsen Sund (1879–1939) frå Fjellberg. Dei hadde ikkje born. Dei dreiv hotell i Haugesund. Ivar vart attgift 1939 med Sigrun Gabrielsen (1891–1959) frå Bremnes. Ivar og Sigrun kom til Vik våren 1939. Dei dreiv forretninga «Spesialen» i forretningsbygget til Johannes Hove. Dei budde først eit års tid i lærarbustaden i Gildhus. I 1961 selde einaste arving, Ivara Lampe (1897–), Borgstova tilbake til Olav Thomassen (1901–1966), tidlegare eigar av Sjøtun. I 1964 overtok Brita Jondtr Refsdal (1903) frå lnr 61. Brita var i Oslo, men systera Johanne Jondtr Refsdal (1906–1987) budde der. Guttorm Holstad kjøpte Borgstova i 1982. Han oppretta ein stiftelse som restaurerte bygningen og er eigar.

Bnr 41/84 Ottertun 0,07 mark, 1946. I 1948 fekk tomta ny eigar. Han bygde hus på staden: John Andersson Seim (1912–1986) frå hus under lnr 10a & 1946 Kirsten Stoltenberg Svendsen (1915–1999) frå lnr 98 Midlang fekk: Audun 1947 (Kolbotn) og Sven Oskar 1952 (Oslo). I 1974 overtok borna. Huset vart seinare selt til: Anne-Cecilie Riiber (1972) frå bnr 3/22 under lnr 9 Seim & 1997 Kai Roger Klarholm (1972) frå Oslo. Born: Sebastian 1996, Emma 2001.

Bnr 41/61 Fjordglytt 0,21 mark, frådelt 1942. I 1947 vart tomta tillagt bnr 41/91 0,01 mark. Tomta gjekk i 1956 til Olav Johannesson Fretheim (1929) & 1958 Olga Henrikdtr Årestrup (1938) frå lnr 93a* Espesete og som bygde hus på staden i 1957. Born: Harald Rune 1958 (Nedste Hopperstadmarki nr 18), Oddveig Karin 1961 (Lavik) og Ruth Jorunn 1964 (Feios). Olav var oppfostra på lnr 57 Karevoll, der mora, Kari 1893–1970, var frå. Ho var ei tid gift med Johannes Olason Fretheim (1900–1982) på lnr 40a Frettheim i Arnafjord sokn.

Bnr 41/65 Mundheim 0,35 mark, 1942. Frå tomta vart selt bnr 41/86 og 41/87 slik at ny skyld vart 0,12 mark. I 1965 vart tillagt bnr 41/131 Mundheim II, 0,01 mark. Ola Markusson Breilid (1890–1957) frå plass under Bøtun & 1924 Signe Johannesdtr Vangsnes (1896–1971), båe frå Fresvik, overtok tomta i 1948 og bygde hus. Born: Jon 1925–25, Svanhild 1926–40, Per 1930–59, Olav Johannes 1932 (Drammen), Ragnhild Kjerstina 1935. I 1957 overtok borna, og i 1968 var Ragnhild eineeigar. Huset vart busett av Ragnhild Kjerstina Oladtr Breilid (1935) & 1959 Ola Jonson Vange (1928). Dei dreiv i åra 1958–97 bnr 2/13 på Vange. Sjå der om borna.

Bnr 41/116 Ingetun 0,10 mark, 1956. Bernt Oscarson Fridell v864 (1926) & 1951 Dagny Haaheim (1925) frå Ulvik har: Inge 1954 (Øvste Hopperstadmarki nr 7 i Prestberget) og Hildeborg Margrethe 1959 (bnr 40/2 på Prestteigen-Midlang).

Bnr 41/64 Karenfryd 0,12 mark, 1942. Otto Ingvaldson Midlang (1925) frå bnr 4/43 under lnr 16 Tenål kjøpte tomta i 1958 og bygde hus. Han er ugift.

Bnr 41/87 Solstad 0,12 mark, 1947. Arnfinn Ivarson Risløv (1920–2003) frå bnr 39/15 på Hatlekolo & 1951 Anna Sveindtr Wold (1923) frå bnr 1/30 i Røysane-Sæbø har: Heidi 1951 (Bergen, men eig bnr 1/48-9 under Hamnen), Stein Vidar 1952 (Øygarden), Tove Iren 1956 (Lillehammer) og Frode 1964 (Nedste Hopperstadmarki nr 11).

Bnr 41/86 Svensheim 0,11 mark. Arnfinn Mathias Svendsen v682 (1913–1991) & 1937 Gjertrud Eide (1911–1995) fekk: Magnar Inge 1937 (Drammen), Kirsten Margrete 1940 (Bergen), Hjørdis 1941 (Haugesund) og Ivar 1944 (Hatlevegen 20 i Prestberget). Ivar Arnfinnson Svendsen (1944) har overteke.

Olav Leifson Larsen v648 (1942) har rom i det siste huset. Han gifte seg 1966 med Frida Utstein (1942) frå Etne. Dei fekk i Etne: May Bente 1966 (Nedre Eiker), Leif Kåre 1969 (Stavanger), Geir Ove 1975 (Stavanger). Olav er skild og arbeidar i Göteborg.

Sjøtunvegen 11–23

Nr 11. Bnr 41/85 Bruheim 0,03 mark, 1946. I 1950 vart tilkjøpt bnr 41/99 0,01 mark. Huset vart bygt av Jon Andersson Tryti (1920) frå lnr 13a3 Tenål. Han flytta til Oslo, og i 1963 overtok Sjur Jonson Grønsberg v914 (1911–1974) frå lnr 15k Tenål. Han gifte seg 1939 med Guri Sveindtr Aase (1915–1993) frå lnr 48 Åse og dei budde i hus nr 78 på Vikøyri. Dei skilde seg før 1963. Born: sjå v914. I 1976 overtok Torfinn Mathias Torleivson Svendsen (1952) frå hus nr 54 på Vikøyri-Sjøtun & 1976 Kjellfrid Fretland (1950) frå Bergen. Born: Kjetil 1977 (Vik) og Hilde Gunn 1979 (Kaupanger).

Nr 12. Bnr 41/121 Soltun 0,01 mark, 1959. OlavTorkelson Røyrvik (1933–2007) frå lnr 12 & 1957 Ingebjørg Markusdtr Nese (1932) frå lnr 45a i Arnafjord sokn har: Tore Martin 1959 (bnr 41/10 i Villastrøket-Sjøtun) og Morten 1962 (Kaupanger).

Nr 13. Bnr 41/90 Ækrao 0,04 mark, 1947, bygt ca 1953. Magnus Eirikson Kyrkjeteig (1909–1987) frå lnr 55 i Arnafjord sokn var ugift. I 1995 overtok Gudveig Oladtr Kyrkjeteig (1936) & 1956 Endre Halvarson Hanekam (1926–1996) frå lnr 58 i Arnafjord. Dei dreiv ei tid lnr 58. Born: Harald 1957 (bnr 97/190 i Krossen og Kalviki på Vangsnes), Olav 1957 (bnr 97/164 i Salbu på Vangsnes), Einar Gudleik 1960 (Kvamsøy), Terje 1964 (Førde) og Marit 1968 (Romarheim).

Nr 14. Bnr 41/122 Bakkely, 0,01 mark, 1959. Jon Olafson Atterås (1933–1997) frå hus nr 95 på Vetleøyri & 1955 Olga Ivardtr Refsdal (1933) frå lnr 61 har: Berit 1955 (Sjøtunvegen nr 16), Turid (Leikanger), Inger 1958 (Sjøtunvegen nr 18) og Oddveig 1960 (lnr 85 Holstad).

Nr 16. Bnr 41/144 Rindetun, 0,01 mark, av bnr 41/22, 1974. Berit Jondtr Atterås (1955) frå Sjøtunvegen nr 14 & 1972 Magne Andersdtr Rinde (1949) frå Feios bygde her. Dei flytta til Ovestevegen 8 i Øyane-Sjøtun i 1995. Sjå der om born. Sven-Arne Sverreson Fjærestad (1964) frå bnr 41/124 på Vikøyri-søraust overtok nr 16.

Nr 18. Bnr 41/83 Bakketun 0,10 mark, 1946. Tomta vart først busett i 1983 av: Dagfinn Haraldson Otterskred (1953) frå bnr 65/1 Otterskreda i Arnafjord sokn & 1981 Inger Jondtr Atterås (1958) frå Sjøtunvegen 14. Dei har: Frode 1977, Stig 1981 (Vik) og Siri 1983 (Vik).

Nr 20. Bnr 41/142 Bakkamo, 1971. Lilly Johandtr Fagerheim (1946) frå Sjøtunvegen 22 & 1965 Bjarne Karl Bjørnestad (1945) frå Dale i Sunnfjord. har: Anne Line 1966 (Sjøtunvegen 22), Knut Jarle 1967 (Sjøtuntunet), Leif Bjarne 1970 (leigebuar Skjørvo) og Bente 1973 (Marifjøra).

Nr 22. Bnr 41/72 Flatmo 0,04 mark, 1944 + bnr 41/82 0,03 mark, 1946. På denne tomta bygde Tjalve Godager (1910) hus. Då han reiste frå bygda i 1947 vart bustaden kjøpt av: Johan Fagerheim (1912–2007) frå Flo i Stryn & 1945 Anna Lovise Asledtr Vikøren v086 (1915). Born: Lilly 1946 (Sjøtunvegen 20), Else 1954 (Stavanger). Anna eig òg hus nr 89 i Allmenningen. Anne Line Bjørnestad (1966) bur i huset til besteforeldra. Ho har: Bjarte 1995.