Sjøtuntunet

Etter at hovudbygningen på Sjøtun brann ned i 1936 vart det sett opp ny hovudbygning av eigaren Olav Thomassen. Eigedomen vart utskilt 1960 som bnr 41/127 0,01 mark og var då kjøpt av Martin Hansson Åfelt (1906–1961) frå Feios. Han var overrettssakførar og ugift. Først i 2004 vart huset overført til arvingar.

Etter 1990 er det kome fleire nye hus i tunområdet:

Bnr 41/176 Sjøthunet I, 1990. Ragnar Hansson Haugen (1928) frå Fjærland & 1956 Steinhild Gunnlaug Supphellen (1933–1999) har: Asbjørg 1957 (Fjærland), Hallgeir 1960 (Gol), Hildegunn 1968 (Bergen) og Stein Roar 1972 (Fjærland).

Bnr 41/177, 1990. Trygve Endreson Skjerven (1962) frå lnr 114b Skjørvo er ugift, var før i Ålvik.

Bnr 41/178, 1990. Ledvin Johannes Leifson Vikøren (1954) frå «Butikken» under lnr 40 Frettheim i Arnafjord sokn er ugift.

Bnr 41/179, 1990. Borghild Johanne Adolfdtr (Rysjedal) Borlaug (1918) frå Hyllestad har flytta til hus nr 52 Vikøyri-Sæbø. Ove Hansson Grønningen (1955) frå bnr 1/211 i Røysane-Sæbø & sb Ranveig Olafdtr Hove (1956) frå bnr 41/48 på Vikøyri-vest har Frank 1974. Dei har flytta frå kvarande. Ranveig og Frank bur i Bergen.

Bnr 41/182, 1992. Jon Olason Sagerøy (1954–2007) frå bnr 26/32 i Moane-Hove var ugift.

Bnr 41/183, 1992. Kåre Alfson Bø (1943) frå lnr 102b & Solfrid Søgnesand (1949) frå Jølster var busette i Jølster. Dei har tre born. Dei vart skilde i 1995 og Kåre flytta tilbake til Vik.

Bnr 41/184, seksjon 1. Anna Ingebjørg (Ulvund) Liljedahl (1940–) frå Myrkdalen var gift på bnr 98/5 under lnr 1 Tveit i Vangsnes sokn. Ho vart skild.

Bnr 41/184, seksjon 3, 1993. Sverre Andersson Brennset (1921) frå Nessane og 1943 Malena Jensdtr Hatleberg (1922) frå Tysnes i Hordaland har borna: Edith 1943 (Hatlevegen 6 i Prestberget), Arvid 1945 (Leikanger) og Kirsten 1951 (Lærdal). Dei budde først på garden Brennset.

Bnr 41/184, seksjon 4. Ingrid Eilifdtr Øvstedal (1958) frå lnr 44cde & 1983 Olav Atle Georgson Sande (1949) frå Høyanger har: Merete 1978 (Sogndal), Øystein 1983 (Bergen). Huslyden var lenge på Sande i Ortnevik, var så leigebuarar på Vangsnes.

Bnr 41/184, seksjon 5, 1993. Hildur Kristina Karlsdtr (Nesse/Sørevik) Teigen (1926) frå lnr 33a Valsvik flytta hit frå bnr 59/13 under lnr 33a Valsvik i Arnafjord sokn. Sjå der om to ekteskap og born.

Bnr 41/184, seksjon 6, 1993. Arve Ågeson Hauglum (1968) frå bnr 52/11 på Ådlane i Framfjorden er ugift. Han flytta til Frøya og selde til: Geir Inge Kåreson Seim (1971) frå bnr 41/9 i Villastrøket-Sjøtun. Han er også ugift. Han flytta i 2007 til Moelv, Hedmark, og bustaden vart kjøpt av Vik interiør A/S og busett av Linn Arildtr Grønningen (1976–) frå bnr 41/106 på Tomtebu.

Bnr 41/187. Dette var kommunal legebustad frå 1965 til like før 1990. Lege Helge Mjelde (1933–) frå Osterøy & Inger Flesjå (1934–) frå Ølve i Hardanger budde i Vik 1967–1970 og hadde 5 born. Dei flytta til Osterøy. Lege Einar Rolfson Sand (1943–) frå Flekkefjord & 1968 Kirsti Mork (1944–) frå Hjelset fekk: Ragnhild 1969, Geir 1970, Torild 1973, Ingrid og Gro 1982. Dei var i Vik 1970–73, men flytte til Liberia i Afrika (misjon) og seinare til Flekkefjord. Lege Per Erik Hansen (1944–) fødd i Skien & 1970 Kristin Jacobsen (1947–) frå Tynset var i Vik 1972–82. Born: Harald 1972, Berit Katrine 1973, Bård Erlend 1977, Signe Marit 1983 og Per Øystein 1983. Huslyden flytta til Kaupangerskogen. I 1993 vart eigedomen kjøpt av: Odd Ivarson Pettersen (1948) frå hus nr 85 i Allmenningen-Vikøyri & sb Oddbjørg (Bergum) Sande (1955) frå Hafslo. Born: Pål Inge 1984 (ugift, hus nr 85 på Vikøyri) og Gaute 1989. Oddbjørg var tidlegare gift med Jon Eivindson Sande (1948–1980) og dei var busette på Nessane. Dei fekk: Roger 1976–77, Veronika 1977 (Balestrand) og Jon Ove 1980 (Høyanger).