Lnr 127 Sjøtun

5,64 spd = bnr 41/1 8,11 mark. Sjølveigd. Data for 1845: 1,1 daa rug, 19,1 daa bygg, 17,5 daa poteter, 3 hestar, 21 storfe, 42 smalar, 8 svin.

Karen Tuchsen (1767–1835) arva Skaffargard etter Marie Daae Leirdahl. Ho gifte seg 1792 med kaptein Thomas Fasting (1762–1821) og i 1801 budde dei i Skaffargard. Men dei slo Skaffargard saman med Hovsviki og lnr 0 Sæbø til Sjøtun og bygde opp eit nytt gardstun, truleg på Sæbø-jord. Far til Thomas var general Johan Jacob Fasting (1723–1790) i Bergen. Alt 9 år gamal vart Thomas innrullert som korporal og i 1780 vart han løytnant ved Vigske Kompani. Han steig i gradene til kaptein og sjef for kompaniet i 1789 og så til oberstløytnant. Tomas var offiser i krigen i 1808. Han fekk seinare brokkskade etter eit fall frå ein hest og fekk avskjed i 1812. Born: Marie Daae Fasting 1794, Christiane Sophie 1795, Margrethe Marie 1797–1800, Johan Jakob 1798–1872 (oberstløytnant, Sarpsborg), Christian Fredrik Tuchsen 1799, Michael Sundt Tuchsen 1801–01, Birgithe Catharina 1803, Anna Harboe Friman 1804, Anna Chatrine Spidberg 1807, Jens Christian 1809. Den einaste av borna som vart fast busett i bygda var Anna 1804, gift med Kristoffer Parelius Aarestrup og busett på lnr 103b Bø. Karen og Thomas hadde arva stor jordeeige i bygda. Dei eigde òg Hove kyrkje med kyrkjegods. I motsetnad til fleire andre Daae-arvingar selde dei ikkje bruka til leiglendingane. Men sjølv om Karen Fasting hadde stor jordeige, var ho i 1823 i pengeknipe. Ho skulda då Truls Bruland i Førde heile 488 spd, og ho sa i forliksrådet at ho ikkje var i stand til å betala dette innan eitt år, slik kravet var.

Frå 1817 vart bruket pakta bort til (eller styrt av) Marie Daae Fasting (1794–1868) & 1817 løytnant Mads Christensen (1788–1841). Born: Karen 1819 (gift med distriktslege Jørgen Wright Aall og busett på lnr 17 Tenål), Thomas Fasting 1821, Birgitte Cathrinka 1823 (gift med Oscar Lyche, sjå Vange i del 2), Christen 1826, Michael Sundt Tuchsen 1827. I 1814 vart garden Skei i Førde selt ut av slekta, men i 1818 tok Tomas Fasting han att på odel. I 1821 selde enkja Karen Tuchsen denne garden til Mads og Marie, og dei flytta då til Førde. Karen hadde deretter to gardsstyrarar frå bygda etter kvarandre på Sjøtun. Dei er i kyrkjebøkene kalla paktarar, men dei hadde neppe økonomi til å ha eigne husdyr, reiskap og driftsmiddel til eit så stort bruk. Det første paret var Ola Sjurson Sæbø (1771–1823) & 1801 Helga Oladtr Fjærestad (1774–1823), husmannsfolk på plassen Urdi i Røysane-Sæbø. Sjå der om slekt og born. Dei døydde båe av sterkt smittsam tyfus i 1823. Deretter kom Ivar Olason Tryti (1799–1893) & 1823 Gyrid Samueldtr Moane-Hove (1798–1877). Frå og med 1836 var Ivar og Gyrid husmannsfolk på ein storplass under lnr 1+4 i Røysane-Sæbø. Sjå meir der.

Christian Fredrich Tuchsen Fasting (1799–1887) vart løytnant ved kompaniet i Vik. Han kjøpte ein liten del av eit bruk på Hove og bygde eit stort herskapshus der, sjå lnr 74b Hove. Vi kan gissa på at når mora ikkje skøytte Sjøtun til han, kan grunnen vera eit sterkt motsetningsforhold mellom dei to. Ved skiftet etter mora i 1836 vart bruket utlagt til Christian Fredrik og som då overtok drifta. Han vart ordførar i bygda og var stortingsmann. Men då han vart oberstløytnant og krigskommissær, måtte han flytta frå bygda. Han overlet då drifta til kaptein Christen Christensen (1826–1900), ein son til Marie Daae Fasting og Mads Christensen. Christen var ugift, men hadde Brita Oladtr Tryti (1833–1891) frå plassen Nedre Trytisøyna som hushalderske. Med henne hadde han truleg Johanna 1862 som vart oppfostra på Sjøtun. Christen Christensen kjøpte lnr 123 Hopperstad. Dette bruket pakta han bort til Johanna 1862 og mann hennar, sersjant Ola Ellingson Stokkebø. Seinare fekk dei kjøpt bruket nokså rimeleg. Christen Christensen var mykje med i styr og stell. Han var ordførar i bygda i åra 1858–61 og 1866–73 og han var formann i fylkeslandbruksstyret 1861– 67. Han var også svært aktiv i husdyravlen. I 1887 vart han eigar av bruket. Systera Karen Christensen (1819–1890) og mann hennar, distriktlege i Vik Jørgen Wright Aall (1810–1853), var busette på lnr 17 Tenål. Dei hadde sonen Christian Fredrik Fasting Aall (1851–1903). Han vart truleg oppfostra på Sjøtun. Han vart sorenskrivar i Sunnfjord og gift med Anna Haagine Antonie Mauritzdtr Naumund (1855–1909) frå Oslo. Far hennar var korpsdyrlege og var fødd i Tyskland. Christian Fredrik flytta ikkje til Vik, men enkja Anna Aall var der i 1906, men det var sonen Nicolai som dreiv garden. Nicolai Benjamin Aall (1883–1941) & Christine Johanne Richarddtr Aarseth (1886–), skipsførardtr frå Bergen, fekk borna: Anne Cathrine 1910 (Sauda), Gunvor 1912 (Nesttun i Bergen), Christian Fredrik 1914–43 (dødsdømt av tysk militærdomstol, skoten på Trandum). Nicolai og Christine vart skilde. I dei vanskelege 1920-åra fekk familien økonomiske problem, mellom anna som følgje av at det vart sett opp ny driftsbygning på eit uheldig tidspunkt – i 1917. Tomter vart selde frå, men likevel vart bruket selt på tvangsauksjon i 1929 til brørne David og Olav Thomassen frå Lærdalsøyri. Faren, Tomas Sylfestson, var fiskar og vognmann. Olav vart seinare eineeigar. Olav Tomasson Thomassen (1901–1966) & 1926 Inga Pauline Kristofferdtr Pedersen (1903–1988) frå Egersund hadde borna: Kirsten 1927 (sjå meir under Hovsviki), Solveig 1930 (Molde), Bjørn 1932 (Kongsberg), Christian 1934 (Oslo), Steinar 1946 (Toten). Olav var postassistent i Vik frå 1924 og postopnar 1928–1940. Ca 1947 flytta huslyden til Hovsviki. David Tomasson Thomassen (1897–1966), handelsreisande, flytta frå Vik til Bergen i 1933 og hadde der kone og fire born. Frå 1940 var han eigar av delar av Sjøtun. David drukna ved bryggja i Vik.

Våningshuset på Sjøtun brann i 1937 og ny bustad vart oppsett. Som Nicolai Aall hadde Olav Thomassen økonomiske problem og selde unna mange tomter. I 1939 var det likevel framleis stor jordbruksdrift, men i 1940 var det slutt, og resten av garden vart selt ut i parsellar. Vi kan for 1949 telja opp 94 særskilt matrikulerte eigedomar av Sjøtun. Driftsbygningen vart tilhaldstad for smelteostfabrikken Ara. Han fekk kort levetid. Driftsbygningen låg inntil Sjøtunvegen, vart kjøpt av Vik samyrkelag og riven 1998. Bustadområdet der kalla vi Sjøtuntunet.