Klokkarar i Vik
Jamvel om bruket kom i privat eige av prestane i bygda frå ca 1670, kan det likevel tenkjast at klokkaren hadde burett på Skaffargard. På ein papirlapp som er funnen i Hopperstadkyrkja, og som truleg er skrive av Mads Sæbye, står det: «Efter elldgamle Mænds Minde oc Sagn skall her haffue været beskiicked Degn eller Klockere offer alt i Gieldet eller de 5 Kirker: Hopperstad, Houffes, Arnefjords, Østremss d. e. Kirkebøe oc Øens Kirkesogne». Desse namna er: 1. Kristen Pederson Wiborg, 2. Nils Mortensen Windelbør , 3. Henrik Pedersen , 4. Per Hansson Korsør (klokkar i 20 år), 5. Jørgen Nilsson (8 år), 6. Samuel Tomasson frå Hardanger (1 år), 7. Mads Hansson Sæbye frå Jylland. Dei tre første var truleg danskar. Klokkarane hadde inntekter av klokkargarden Hallrynjo og frå klokkartollen. Om dei tre første hadde andre inntektskjelder veit vi ikkje, men tre av dei fire siste dreiv også gjestgjeveriet på Vikøyri. Per Hansson (–) var der kring 1660. Deretter overtok «Jørgen Klokker», gift med Maren. I 1672 overtok Mads Hansson Sæbye (1640–1734). Han var først gift med Eli Bertildtr (–) og deretter med Sofie Hansdtr Møller (1652–1744). Vi veit om to born med den siste kona: Else Sofie og Hans (sjå lnr 1 Sæbø). Else Sofie Sæbye (–1771) & 1726 David Fredrik Orning v158 (1697–1772) dreiv ei kort tid gjestgjeveriet på Vikøyri, men var i 1760 busett på Vetleøyri. I 1763 står dei under Sæbø med «intet jordbrug». Av skiftepapira får vi likevel inntrykk at dei var knytt til Skaffargarden, for første skiftemøte i 1771 skjedde der. David Fredrik var av adelsætt. Han var lærar og klokkar. Born: Hans Mathias 1728 (kjend prost og universitetslærar i dei baltiske landa), Blancheflor Cathrine 1733–66 (gift i Bergen 1756 med Nils Milbach), Anna Sophie 1734 (gift med Christian Reusch, offiser og postmeister i Bergen).
Neste klokkar, Apollonius Liliedahl, busette seg på eige bruk, lnr 121 Hopperstad, sjå del 2.