Røyrvik

Røyrvik (røyrvik, råirvikji): Rørvig (1603, 1611, 1647, 1667), Rørvigen (1723), Rørvig (1863), Røirvik (NG), Røyrvik (1838, VIK). Røyrvik var første gard på strondi frå Vik som låg i Arnafjord sokn.

Lnr 12 Røyrvik

5,58 spd = bnr 47/1 8,16 mark. Eigar i 1647: Allehelgensgodset, i 1723 Anna Finde, deretter Daae-ætta. Frikjøpt i 1779. Matrikkelskyld: I 1647 og 1723–2,50 laupar, i 1838 2,67 laupar. Oppgåver for 1845: 14,9 daa bygg, 4,2 daa potet, 2 hestar, 21 storfe, 50 smalar, 17 geiter og 3 svin.

Den første brukaren etter øydetida vi kjenner til er Amund i 1603. Då var også Morten der, som «øydegardsmann». I 1611 heitte brukaren Helge, og Gregorius hadde truleg overteke etter Morten. I 1626 var Anders brukar, og vi trur at det var same Anders som i 1645 var gift med Gjøa Simondotter. Denne karen var truleg Anders Jonson Indre Nesse (1606–) frå Kvamsøy sokn. Etter den gamle bygdeboka arva han ein del av Nokken etter faren og busette seg der. Der skulle han vera gift med Marta Botolvdtr og ha sønene Elling 1644 og Per 1656. Men det er neppe rett at Anders var gift med Marta, for mor til Elling døydde i Røyrvik i 1733 og heitte Kari. Det er også tvilsamt om dei budde på Nokken, for i 1667 var Anders Jonson i Røyrvik og hadde med seg guten Ola 1665 på bruket. Sonen Elling kan då vore i krigsteneste og Per kan ha vore i teneste på ein annan gard. Ola 1665 kjem bort for oss, medan Per kom til Nokken og Elling vart bonde i Røyrvik. Elling Andersson Røyrvik (1644–) & Ingeborg Perdtr Kvamme (–1698) frå Kvamsøy sokn hadde: Per 1678, Anna (lnr 39 Kjelven) og Gjertrud 1682 (lnr 29 Valsvik). Per Ellingson Røyrvik (1678–1728) & Lussi Kristendtr Nissestad (1681–1768) frå lnr 14 fekk: Jon 1708 (lnr 9 Liktvorane), Sigrid 1709 (Ytre Tennefoss i Kvamsøy sokn), Ingeborg 1712 (ugift), Anna 1714 (Brekke i Lånefjorden i Kvamsøy sokn), Ivar 1716 (lnr 59 Refsdal), Marta 1720 (lnr 17 Holane), Elling 1723–44, Lasse 1724 (lnr 17 Tenål). Lussi vart attgift 1729 med Elling Guttormson Hove (1699–1775) frå lnr 73 og dei fekk Per 1731. Per Ellingson Røyrvik (1731–1812) & 1753 Johanna Sjurdtr Bø (1729–) frå lnr 101 fekk: Elling 1754–1830 (ugift), Brita 1755 (ln 52 Finnen), Sjur 1758 (sjå note lnr 10 Svardal), Guttorm 1761, Lussi 1763 (lnr 26 Stadheim), Ingeborg 1766–66, Lasse 1770, Jon 1774. Lasse Person Røyrvik (1770–1829) & 1800 Eli Oladtr Svardal (1771–1829) frå lnr 10 fekk borna: Johanna 1802–16, Ola 1804, Per 1807–16, Guttorm 1812–16, Johanna 1817. Dei tre borna som døydde i 1816, døydde på same dag, 13. januar. Lasse fekk ein tung start på bruket: Han måtte løysa ut odel for den eldste broren Elling og brorsonen Ola Sjurson. Dessutan skulle foreldra ha stort kår. Ola Lasseson Røyrvik (1804–) fekk Marta 1824 (v018) med Ingeborg Larsdtr Vikøyri v622 (1798–1837). Han gifte seg 1825 med Gjertrud Steffendtr Holane (1799–1825) frå lnr 17. Ho døydde etter fødsel av eit dødfødd barn. Ola gifte seg på nytt 1827 med Brita Jondtr Ytre Nesse (1807–1833) frå Kvamsøy sokn. Born: Gjertrud 1828 (USA 1852), Lasse 1829 (sjå note), Gjertrud 1831 (USA 1852). Ola gifte seg for tredje gong 1836 med Brita Sjurdtr Sæbø (1804–) frå plass under lnr 3 i Røysane-Sæbø og dei fekk: Eli 1836, Mari 1837, Sjur 1839–39, Brita 1841, Sjur 1843, Johanna 1846. Etter kvart må det ha gått galdt økonomisk for Ola. Han selde i 1837 garden til syster si og vart husmann under bruket. Dei eldste borna hans reiste til USA i 1852 og i 1862 følgde Ola og kona etter med tre born. Johanna Lassedtr Røyrvik (1817–1911) & 1835 Helge Kristenson Hopperstad (1803–1861) frå lnr 120 fekk 9 born: Kristen 1835, Lasse 1836 («nytt samansett» bruk på Føli), Ola 1839–1919 (ugift handelskar i 1875), Eli 1841 (lnr 10 Svardal), Guttorm 1843–43, Guttorm 1844 (USA 1875), Steinor 1846 (ugift, Vikøyri v926), Helge 1849–49, Johanna 1850 (lnr 13a Limmesand), Per 1853 (USA 1875), Eli 1855 (USA 1882), Helge 1856–72, Sjur 1860–62. Kristen Helgeson Røyrvik (1835–1910) & 1865 Ragnhild Jondtr Finnen (1838–1918) frå lnr 52 fekk: Helge 1866, Anna 1868 (bnr 68/2 under lnr 52 Finnen), Johanna 1871 (ugift, Hardanger), Jon 1873, Helge 1875 (sjå note bnr 39/21 på Hatlekolo), Ola 1877 (USA 1901), Guttorm 1880 (USA 1903), Sjur 1883 (Dimmelsvik i Kvinnherad). Kristen fekk skøyte på bruket i 1850. Helge Kristenson Røyrvik (1866–1952) & 1892 Guri Kristendtr Hopperstad (1865–1953) frå lnr 120 fekk: Brita 1893 (lnr 34 Fosse), Kristen 1895 (bnr 39/21 på Hatlekolo), Kristian 1899 (bnr 41/31 i Villastrøket-Sjøtun). Helge fekk skøyte på garden i 1891. Han fekk økonomiske problem og i 1893 skreiv han under på ein obligasjon på kr 700 til J. K. Hopstock med pant i stovebygningen. Han selde unna Åneset til broren Jon, og faren kjøpte plassen Naustvollen. Men i 1903 var Helge konkurs, og bruket vart selt i 1904. Huslyden flytta til Hatlekolo, der Guri fekk ein part av farsgarden, bnr 39/21. Dei frådelte partane var bnr 47/2 0,75 mark og bnr 47/3 0,74 mark. Etter det var bnr 47/1 6,67 mark. Kjøpar av bruket var: Johannes Knutson Vangsnes (1864–1912) & Gjertrud Endredtr (1871–1874). Johannes overtok 1910 farsbruket lnr 196b på Vangsnes, sjå om born der. Bruket vart kjøpt av: Andreas Torkelson Fimreite (1874–1941) frå Sogndal & 1898 Brita Ingebrigtdtr Haukenes (1889–1948) frå Fresvik. Born: Torkel 1898, Martha 1901 (bnr 1/74 på Vetleøyri), Ragna 1903 (bnr 68/4 Finnen), Ingebrikt 1906 (lnr 53b Finnabotn), Johannes 1909 (bnr 64/13 under lnr 47b Nese), Ingvald 1911 (sjå bnr 46/2 under lnr 10 Svardal). Torkel Andreasson Røyrvik (1898–1970) & 1930 Aslaug Oladtr Finden (1906–1995) frå bnr 68/7 Finnen fekk 4 born: Arne 1930, Olav 1933 (Sjøtunvegen 12), Borgny 1935 (lnr 30 Stadheim), Gunnar 1940 (bur i Vik, var ei tid gift med Gunvor Ivardtr Refsdal, 1940–90, frå lnr 60), Magne 1946 (bnr 97/161 på Salbu på Vangsnes). Arne Torkelson Røyrvik (1930–) er ugift. Han dreiv garden 1970–1995, flytta så til hus nr 38 på Vikøyri-Sæbø. Tore Martin Olavson Røyrvik (1959–) & 1980 Astrid Einardtr Bolstad (1958–) frå Skjolden overtok i 1996. Dei bur på bnr 41/10 i Villastrøket-Sjøtun. Born: Kristin 1980 (Bergen), Odne 1984 og Ingrid Elina 1988. Tore har frå 2003 drive med villsau.

Lasse Olason Røyrvik (1829–) & 1852 Kari Perdtr Nokken (1832–) frå Kvamsøy sokn reiste til USA i 1852.

Bnr 47/3 Åneset 0,74 mark. Jon Kristenson Røyrvik (1873–1959) fekk kjøpt denne parten i 1894. Systera Johanna 1871 var ei tid saman med han. Han gifte seg 1902 med husmannsdtr Kristina Erikdtr Onstad (1869–1955) frå Aurland og dei fekk Ragna 1903. Dette hadde vore plass for kårfolka på garden, og det stod hus der frå før, i alle høve eit bustadhus. På bruket var det 2 kyr, 5–6 sauer og vel 20 geiter. Jon planta og eplehage. Bnr 47/2 0,75 mark vart drive som kårbruk, men vart overteke av Jon 1873, slik at det kom saman med bnr 47/3. Ragna Jondtr Røyrvik (1903–1976) dreiv bruket ei tid, men i 1974 overtok Helge Nilsson Fosse (1925–1986), busett på bnr 7/9 Fosse. I 1985 overtok: Norvald Helgeson Fosse (1954–) busett med huslyd på bnr 4/77 på Seljestokkane på Tenål.

Husmenn

I 1825 var det ein husmannsplass i Røyrvik, men ei tid skal det ha vore tre plassar. Det må ha vore før 1865. Namna på to var: Mattisplassen og Naustvollen. I kårbrev til Johanna Lassedtr (1817–1911) i 1860 står det at ho skulle disponera til eige bruk plassen «Stranden». Det var truleg kårplassen Åneset. Det var truleg her bror hennar, Ola Lasseson, var med den store huslyden sin i åra 1837–62. Ein tredje plass var Bjønshovden. Denne plassen låg under Åneset og lengst sørvest, mot Limmesand. Vi finn ingen Matias som kan ha vore plassmann i Røyrvik. Vi veit heller ikkje kven som budde på Bjønshovden.

På ein plass under bruket var: Kristen Kristenson Svolsvik (1772–1839) frå lnr 11 & 1801 Kari Sjurdtr Hopperstad (1772–1801) frå plass nr 1 på Breidi. Dei hadde ikkje born. Kristen vart attgift 1808 med Eli Perdtr Linde (1776–1846) frå Kvamsøy sokn. Mor til Eli var «qvindemenneske» Kristi Tordtr Linde (1747–1822), som døydde på legd i Røyrvik, og faren må vera ein ukonfirmert gut: Per Torbjørnson. Denne guten har vi ikkje identifisert. Born: Kristen 1809–15, Nils 1813–15, Kristen 1817 (plass Limmesand). Dei første to borna døydde same dag. Det var tre veker før tre ungar på sjølve bruket strauk med.

Johannes Vilhelmson Dale (1806–) frå lnr 21 & 1839 Synneva Oladtr Limmesand (1813–) frå plassen Hagen fekk: Ola 1835, Barbra 1838–39 («lagt i hjel af moderen»), Elling 1840 (USA 1856), Brita 1842. Johannes og Synneva flytta til Førde i 1842, og reiste derifrå til Tysfjord i Nord-Noreg i 1846. Dei hadde med seg borna Ola og Brita.

Ola Hansson Limmesand (1820–) frå plassen Hagen & 1846 Anikka Andersdtr Ytre Tennefoss (1811–) frå Kvamsøy sokn var på plassen Naustvollen. Dei fekk: Hans 1845 (USA 1869) og Guri 1852. Anikka hadde dessutan Gjertrud 1834 med Lasse Eirikson Ytre Nesse. Hans 1845 fekk Brita 1869 (v144) med Brita Øysteindtr Vikøyri v974 (1841–1926). Guri reiste til USA saman med foreldra i 1878. Tuftene etter denne plassen låg der fylkesvegen kom. Hans-Ola hadde slåtteteig i Prestteiggjelet, og der er det så bratt at det er utruleg at det går an å gå der med ei høybør på ryggen. Ola hadde graset ned der det var flatare, og kona hesja. Staden vart kalla Annikahesjane lenge etterpå. Ola brukte bortimot 1,5 time å gå til ein annan slåtteteig, i Botn fremst i Røyrvikdalen. Han bar rågras og turrhøy heim om kveldane. Elles vart høyet sett i stakk og henta om vinteren. I 1875 hadde han ei kvige med kalv og 8 sauer og litt poteter. Det kom folk frå Kyrkjebø til Naustvollen: Ola Arneson Osland (1846–) & 1874 Dina Anfindtr Norevik (1846–). Dei må ha vore berre eit par år i Røyrvik. Dei to eldste borna vart fødde i Norevik i 1874 og 1876. I Røyrvik fekk dei Andrina 1878, men neste barn vart fødd i Norevik 1881. I alt var det 7 born. Huslyden flytta til Bergen. Far til Ola var Arne Johannesson Vikøyri v484 (1815–1850).