Prestberget
Utbygginga av bustadfeltet Prestberget starta i 1969. Tomtene kjem frå to eigedomar: festetomter under prestegarden Grov (bnr 40/1) og sjølveigde tomter under Sjøtun (bnr 41/1). Feltet under Sjøtun var kjøpt av ÅSV, som selde tomtene til tilsette på fabrikken. Området under Grov var det kommunen som hadde hand om. Dei fleste bustader i Prestberget kom opp i åra 1972–84. Busetnaden ligg til Prestvegen, Hatlevegen og i sør også til Øvste Hopperstadmarki og Nedste Hopperstadmarki. Rekkjefølgja følgjer vegnummer.
Prestvegen
Nr 6. Bnr 40/1-60, 1983. Torstein Kongslien (1942) frå Vang i Valdres & Ingebjørg Charlotte Kvalsnes (1947) frå Steigen i Nordland har: Audun 1970 (Sverige), Sigrun 1972 (Tromsø) og Marit 1977.
Nr 8. Bnr 40/1-59, 1983. Arne Dag Andersson Nummedal (1949) frå bnr 1/93 på Vetleøyri & 1980 Gerd Norunn Arnedtr Stadheim (1949) frå bnr 5/1 under lnr 24 har: Geir Andre 1980, Brita Carina 1982 og Siri Therese 1984.
Nr 10. Bnr 40/1-58, 1983. Gjertrud Beintdtr Fjærestad (1928–1987) frå bnr 34/14 under lnr 96 var ugift. Arvingane skøytte i 1988 til: Sven Jonson Seljestø (1960) frå lnr 42 & sb Reidun Rolvdtr Settevik (1971) frå bnr 44/4 under lnr 7 Gotevik. Born: Ida Lovise 1994 og Anne Marit 2000. Sven og Reidun bur ikkje i lag i 2003.
Nr 11. Bnr 40/80, 1997. Arild Agnarson Orvedal (1966) frå Prestvegen 16 & 1990 Reidun Eilivdtr Øvstedal (1970) frå lnr 44cde har: Eirik 1991, Cecilie 1995 og Tone 2000.
Nr 12. Bnr 40/1-57, 1983. Geir Årestrup (1955) frå lnr 93a* Espesete & 1998 Berit Trygvedtr Larsen (1965) frå lnr 51 Orvedal har teke til seg Eli Yun 1999, Leni Han 2002. Born: Marius 2002, Ivar 2005.
Nr 14. Bnr 40/1-33, 1972. Eiliv Ragnvaldson Andersen (1938) frå hus ved Skulevegen i Røysane-Vange & 1966 Kristina Johanna Tusvik (1943) frå Nessane i Kvamsøy sokn har: Egil Rune 1966 (bnr 40/68 i Gildhus), Gerd Elin 1968 (bnr 7/6 Fosse) og Kurt Even 1973 (Førde).
Nr 15. Bnr 40/1-24. Dette har vore bustad for fleire kommunetilsette. Margaret (1959) & Dariusz Hauderowicz (1960) har: Andre 1983 og Dominique 1986.
Nr 16. Bnr 40/1-30, 1970. Agnar Jonson Orvedal (1936) frå lnr 52a & 1958 Gjertrud Oladtr Kyrkjeteig (1933) frå lnr 55 i Arnafjord sokn har: Jostein 1959 (bnr 40/58 i Gildhus), Oddvin 1962 (Os), Arild 1966 (Prestvegen 11 i Prestberget) og Egil 1971 (Gjøvik). Gjertrud og Agnar dreiv ei tid bruket på Kyrkjeteig.
Nr 17. Bnr 40/1-26, 1970. Ingolf Johan Kvist (1948) & 1975 Reidun Slinde (1942) frå Slinde har ikkje born. Ingolf er son til Kristiane Tollakdtr Kvist (1909–1986) frå Øyane-Grov og Birger Andersen i Bergen.
Nr 18. Bnr 40/1-27, 1971. Kjell Norvald Brynjulfson Tjønn (1935) frå Feios & 1965 Gerd Helene Oledtr Leira (1941) frå Skogn har: Bjarte 1966 (bnr 1/27 i Røysane-Sæbø) og Jomar 1968. Kjell og Gerd er skilde og Gerd har kjøpt bnr 26/98 i rekkjehus i Moane-Hove. Om sysken til Kjell Norvald: sjå note til Nedste Hopperstadmarki.
Nr 20. Bnr 40/1-31. Svein Harald Haraldson Lilleøren (1948) frå hus nr 97 på Vetleøyri & 1970 Else Brakestad (1951) frå Voss har: Merete 1971 (bnr 4/80 i Seljestokkane, Tenål) og Kjersti 1973 (Bergen).
Nr 21. Bnr 40/1-25, 1970. Hus vart bygt av Helene Alvida Bibow (1947) & 1964 Jon Bjåstad (1945–1998). Dei flytta i 1988 til bnr 1/180 i Røysane-Sæbø, sjå meir der. Kommune overtok og i 1989 leigde og i 1991 selde til: Jan Albert Loopstra (1961) & 1988 Leentje van der Wal (1962), båe frå Nederland. Born: Yntze 1992, Atle 1995 og Sigrid 1996.
Nr 22. Bnr 40/1-28, 1971 Huset var bygt som bustad for to familiar av ÅSV. Det er kjøpt av: Alfred Kollsete (1970) frå Sogndal & 1998 Målfrid Eilifdtr Øvstedal (1975) frå lnr 44cde. Born: Anita 2000, Asbjørn 2002 og Torgeir 2005. Alfred har òg Tomas 1990 med Turid Kjelldtr Christensen (1971) frå Nedste Hopperstadmarki nr 25.
Nr 23. Bnr 40/1-32, 1973. Lina Jondtr (Vikøren) Mellingen (1912) frå bnr 1/54 i Røysane-Sæbø bygde huset. Ho kom då frå bnr 41/38 på Vikøyri-Sjøtun. I 1978 overtok Brita Hillmann (1946–1997) og Margrethe Mellingen (1947). Huset vart kjøpt av: Stein Gunnar Solberg (1955) frå bnr 1/145 i Røysane-Sæbø & sb Sonja Hillersøy (1970) frå Halsenøy. Dei har: Endre 2001.
Nr 26. Bnr 41/148 Apaltun, 1981. Agnar AlfsonHønsi (1933) frå lnr 84a & 1962 Jenny Endredtr Brekke (1934) frå lnr 88a har: Asbjørn 1963 (bnr 28/9 under lnr 84b Hønsi) og Eldar 1968 (Kongsberg)
Nr 28. Bnr 41/159 Røysi, 1982. Øyvind Dyvartson Johansen (1928) frå Sørum i Akershus & sb Alvhild Oladtr Grindhaug (1931) frå Marifjøra har: Kjell Otto 1963 (Skjetten i Akershus) og Frank 1964 (Kyrkjebø). Huslyden flytta til Kyrkjebø. Huset vart 1985 overteke av: Ivar Oddgeir Nesbø (1938) frå Svelgen & 1966 Eldri Kyrkjeeide (1942) frå Kvam i Hordaland. Born: Stig 1974 (Oslo) og Stine 1983 (Bergen).
Nr 29. Bnr 41/163 Jakobbu. Huset var funksjonærbustad for ÅSV. Det vart kjøpt 1983 av Jacob Hornnes. Men i 1992 kjøpte han direktørbustaden til ÅSV i Hamnen og selde til: Birger Olai Alfredson Hopperstad (1950) frå lnr 10 Svardal & 1986 Reidun Monsdtr Nese (1958) frå lnr 43 i Arnafjord sokn. Born: Anne Kari 1986, Turid 1990, Eli 1992.
Nr 30. Bnr 41/185 Utsyn. Funksjonærbustad for ÅSV vart kjøpt i 1998 av Solveig Johanne Erlingdtr Sværen (1954) frå bnr 60/13 i Åsberget i Arnafjord sokn & sb Steinar Andersson Rinde (1954) frå Feios. Dei har ikkje born. Om sysken til Steinar: sjå note Ovestevegen under Øyane.
Hatlevegen
Nr 1. Bnr 40/1-48, 1973. Eigedomen vart kjøp 1979 frå ÅSV av Asbjørn Nordeide (1945) & 1974 Jorunn Johannesdtr Brekke (1952). Dei flytta 2003 til barndomsheimen til Jorunn i Røysane-Sæbø, bnr 1/52. Øyvind Erlingson Guddal (1970) frå Nedste Hopperstadmarki nr 16 er ugift. Han overtok i 2002.
Nr 2. Bnr 40/1-56, 1982. Kjell Mikal Espeland (1938) frå Farsund & 1966 Dagmar Vindedal (1944) frå Lærdal har: Anne 1967 (lnr 11 Seim), Hilde 1969 (bnr 5/37 på Føli) og Kåre 1970 (bnr 97/202 i Sinklesteinviki på Vangsnes).
Nr 3. Bnr 40/1-37, 1972. Øystein Bang-Olsen (1933) frå Bergen & 1960 Aud Marie Myklebust (1934) frå Jølster har: Elin 1962 (Høyanger), Øyvind 1964 (Florø) og Kjetil 1965 (Randaberg).
Nr 4. Bnr 40/1-44, 1972. Jon Leidulfson Finden (1935–2002) frå bnr 68/7 Finnen i Arnafjord sokn & 1961 Anna Maria Alme (1939) frå Luster har: Leidulf 1962 (bnr 40/32 i Moane-Grov), Jan Ove 1963 (Balestrand) og Sveinung 1965 (Halden).
Nr 5. Bnr 40/1-35, 1972. Pål Steinar Green (1937) frå Verdal & 1963 Gyda Brynjulfdtr Tjønn (1941) frå Feios har teke til seg Gro Marita 1972. Gro Marita var sambuar med Frode Høyum (1970) frå Feios, og dei har: Silje 1994 og Fredrik 1995. Om sysken til Gyda: sjå note Nedste Hopperstadmarki.
Nr 6. Bnr 40/1-41, 1972. Sigvald Sjurson Grønsberg v914 (1943) frå hus nr 78 på Vikøyri-Sjøtun & 1969 Edith Sverredtr Brennset (1943) frå Nessane i Kvamsøy sokn har: Ina Merete 1970 (lnr 93a* Espesete) og Stig Rune 1973 (Vik). Om foreldra til Edith: sjå bnr 41/184-3 i Sjøtuntunet.
Nr 8. Bnr 40/1-40, 1972. Sverre Gunvald Mathiesen (1936) frå Bergen & 1968 Åse Lill Haralddtr Helleland (1946) har sonen Kai Henrik 1975 (Tønsberg). Dei er skilde, og Sverre bur aleine i huset. Åse Lill har kjøpt seg hus på Vikøyri, hus nr 2. Om foreldra til Åse Lill: sjå Vikøyri v312.
Nr 9. Bnr 40/1-49, 1973. Helge Jomisko (1927) frå Vadsø & 1958 Helga Leidulfdtr Finden (1931–2007) frå bnr 68/7 Finnen i Arnafjord sokn fekk Morten Aleksander 1959 (Strømmen), Helge Roald 1962 (bnr 1/180 i Røysane-Sæbø, så Øygarden ved Bergen, så Øvste Hopperstadmarki nr 16), Elisabeth 1966 (Vadsø). Dei to vart skilde. Helga busette seg på Vangsnes, men flytta tilbake til Vik før ho døydde. Gunnar Leivson Fjellheim (1957) frå Nedste Hopperstadmarki nr 24 & 1998 Torunn Arnedtr Basken (1952) kjøpte huset 1979. Dei har ikkje born. Gunnar gift seg 1979 med Edit Irene Einardtr Nummedal (1961) frå lnr 40c* Vetle Nummedal. Born: Anita 1980 (bnr 97/37-14 i Tråna på Vangsnes), Henriette 1981 (bnr 97/249 i Tråna på Vangsnes) og Veronica 1987–2006 Torunn var gift med Johnnie Jacobsen, sjå bnr 1/59 på Vetleøyri og bnr 41/129 i Hovsviki. Gunnar og Edit Irene er skilde. Ho er attgift, sjå bnr 97/37-15 Tråna, Vangsnes.
Nr 10. Bnr 40/1-36, 1972. Johan Kjell Fjellanger (1934–1975) & Jenny Eli Johndtr Lilleøren (1934) frå bnr 1/78 på Vetleøyri fekk: Kjell Rune 1956 (ugift), og Siri 1962 (bnr 4/77 i Seljestokkane, Tenål).
Nr 11. Bnr 41/156 Berget. Dette huset vart bygt av Høyland, kjøpt 1977 av Kjell Opheimshaug (1949) frå Hafslo & 1973 Unni Olavdtr Hopperstad (1946) frå lnr 125. Dei flytta til bnr 26/12 i Moane-Hove, sjå meir der. Håvard Olason Geithus (1950) frå bnr 66/1 i Arnafjorden & 1988 Fatuma Yaru Mohamed (1970–1993) frå Tanzania har: Farida 1989 og Lina 1990.
Nr 12. Bnr 40/1-34, 1972. Kjell Vidar Eirikson Brekke (1944) frå nr 12 Vikøyri-vest & 1971 Gerd Marie Johandtr Handal (1951) frå lnr 184b Vangsnes har: Vidar 1973 (USA) og Jan Eldar 1977 (Oslo).
Nr 13. Bnr 41/151 Sjøtunlia, 1977. Arne Monsson Tveit (1927–2001) frå Feios & 1953 Signy Knutdtr Grønsberg (1932) frå Feios har: Kjell Magne 1953 (bnr 43/37 under lnr 5 Juvik), Asbjørn 1955 (Voss), Steinar 1957 (Voss), Gunnar 1959 (Voss) og Terje Jonny 1965 (Ovestevegen 15 i Øyane-Grov).
Nr 14. Bnr 41/153, 1977. Sølve Sverreson Christensen (1944) frå bnr 1/53 på Vikøyri-Sæbø & 1971 Marit Helene Morland (1948) frå Bergen har: Svein Bjarne 1971 (Ullersmo), Rune 1973 (Vik), Jarle 1978 (bnr 1/53 på Vikøyri-Sæbø), Tore 1984.
Nr 15. Bnr 41/160 Lønnetun, 1982. Gudmund Andersson Seim (1951) frå lnr 10a & 1997 Venke Brit Seim (1950) frå Årdal har ikkje born. Ho var først gift med Jon Arve Olavson Holen (1949–1985), sjå om familie under bnr 41/58 på Vikøyri-vest.
Nr 16. Bnr 41/154 Cibbies 0,01 mark, 1977. Martin Steinar Martinson Christensen v672 (1950) & 1976 Gerd Arnhild Simlenes (1945), Fresvik har: Ole Morten 1976 (Sverige, så Vik), Geir Magne 1978 (Bergen). Martin var fyrst gift i 1970 med Anne Karin Fluto (1949), Geilo. Barn: Tone Merete 1970 (Bergen).
Nr 17. Bnr 41/158 Litun, 1981. Ingvar Håkonson Vangsnes (1952) frå Feios & 1974 Gudny Olavdtr Lilleøren (1951) frå «Smedhuset» i Røysane-Vange har: Håkon 1975 (Feios) og Sølvi Masie 1983 (Bergen, så Kleppestø). Ingvar har flytta til Fresvik.
Nr 18. Bnr 41/152, 1977. Olav Jonson Fjærestad (1952) frå bnr 1/121 under lnr (1+4)f Flåten i Sæbø & 1977 Alvhild Sverredtr Flæte (1951) frå lnr 18a Flete i Arnafjord sokn har: Aud Siril 1978 og Janne Siren 1984 (Vik).
Nr 19. Bnr 41/157 Granbu, 0,01 mark. Herman Jonson Vikøren v504 (1926–1997) & 1964 Margit Mathilde Aasen v748 (1921) har: Olav 1967 (heime). Huset vart bygd ca 1980. Før det budde huslyden på Vikøyri: sjå v748.
Nr 20. Bnr 41/161 Svendslid, 1982. Hus vart bygt av Ivar Arnfinnson Svendsen (1944) frå bnr 41/86 i Sjøtunvegen & 1968 Ingrid Oladtr Nummedal (1946) frå lnr 37. Dei har: Kristin 1968 (Rælingen), Kåre 1969–70, Åge 1971 (Kløfta) og Hanne 1972 (Oslo). Ingrid og Ivar er separerte og det er Ingrid som bur her. Ivar har overteke foreldrebustaden i Sjøtunvegen.
Nr 21. Bnr 1/48-7, 1980) Ola Torleivson Svendsen (1955) frå hus nr 54 på Vikøyri-Sjøtun & 1977 Olaug Midtbø (1953) frå Voss har: Anne Britt 1978 (Høyanger) og Aud Trude 1982.
Nr 22. Bnr 41/143 Reppa 0,01 mark, 1973, + 41/164 frådelt 1986. Bjørn Endreson Holstad (1946–1996) frå bnr 6/28 på Teigum i Ovrisdalen & 1970 Britt Lillian Norvalddtr Sandvik (1950) frå hus nr 30 på Vikøyri-Sæbø har: May Britt 1970 (Sola), Evald 1973 (Sola) og Geir 1976 (Vik). Bjørn overtok foreldrebruket på Teigum.
Nr 23. Bnr 1/48-8 Lysningen, 1983. Ivar Endreson Holstad (1949) frå bnr 6/28 på Teigum & 1974 Kristin Johanne Bueie (1950) frå Dovre har: Marie 1975 (Bergen), Åsgeir 1980, Øystein 1983 og Håvard 1985.
Øvste Hopperstadmarki
Nr 1. Bnr 40/1-47, 1973. Ingvald Jonson Målsnes (1934), Balestrand & 1964 Solfrid Liaskar (1943) frå Volda har: Rune 1964 (bnr 41/58 på Vikøyri-vest), Jarle 1966 (Sogndal) og Kari Johanne 1971 (bnr 41/11 i Villastrøket-Sjøtun).
Nr 3. Bnr 40/1-46, 1973. Ivar Nicolai Pedersen (1933) frå Kåfjord & 1966 Ingebjørg Øvretun (1938) frå Fardal har: Hogne 1967 (Oslo), Noralv 1975 (sjå Nedste Hopperstadmarki nr 10) og Magne 1977 (Eiken i Vest-Agder).
Nr 5. Bnr 40/1-51, 1979. Trygve Otterstad (1926–2002) frå Eksingedalen & 1957 Astrid Leidulfdtr Finden (1933) frå bnr 68/7 under lnr 52 Finnen har: Siv 1958 (Oppegård) og Trude 1964 (Asker).
Nr 7. Bnr 40/1-43, 1972. Magne Bratteteig (1943) frå Sogndal & 1971 Gudny Nilsdtr Nummedal (1946) frå lnr 40d Vetle Nummedal fekk: Bente 1969 (Mjøndalen i Buskerud), Nils Kristian 1972 (Sogndal). Dei to er skilde, Gudny er busett i Naustdal i Sunnfjord og Magne i Sogndal. Huset gjekk 1981 til: Inge Berntson Fridell (1954) frå bnr 41/116 i Sjøtunvegen & 1977 Gudveig Marie Midlang (1957) frå Prestteigen-Midlang. Dei har: Frode 1978 (Oslo), Marita 1981 (Bergen) og Bernt Erlend 1990. Inge og Gudveig er skilde og Inge har overteke bnr 1/12 i Røysane-Sæbø.
Nedste Hopperstadmarki
Nr 1. Bnr 40/1-61, 1983. Asbjørn Paulsen (1952) frå Bergen & 1984 Gunn Torhild Trygvedtr Tveit (1955) frå bnr 41/8 på Vikøyri-vest har: Eva 1986 og Andrea 1988.
Nr 3. Bnr 40/1-62, 1983. Johannes Sandvik (1925) & 1945 Kristine M. Almås (1928), båe frå Hustad i Møre og Romsdal, har: Mary Sonja 1946 (Sandnes) og Kari Janne 1953 (Øvste Hopperstadmarki nr 19).
Nr 7. Bnr 40/1-64, 1983. Oddvar Kolltveit (1945) frå Strandebarm i Hardanger & 1970 Solveig Irene Arnedtr Stadheim (1948) frå bnr 5/1 under lnr 24 har: Berit 1974 (Frekhaug), Arna 1976 og Oddveig 1985.
Nr 9. Bnr 40/1-65, 1985. Toralf Norvaldson Østerbø (1947), Ikjefjord i Kyrkjebø, & 1981 Tove Oddbjørndtr Helgås (1960) frå Ovestevegen 21 i Øyane-Grov har: Thomas 1982 og Trond 1986.