Øyane-Sjøtun
Nord i Øyane budde det på 1800-talet husmannsfolk som truleg i stor grad levde av å arbeida på Sjøtun.
Plass 1. Denne plassen låg truleg under Grov, men kom under Sjøtun ved storutskiftinga 1859–64. Her var busett: Johannes Torson «Grov» (1791–1840) & 1840 Mari Guttormdtr Gullteigane (1797–1882) frå lnr 53. Johannes var son til Anna Oladtr Fjærestad (1758–1842) frå lnr 95+97 og bonde Tor Andersson Brekke (1759–1814) frå lnr 90. I 1801 var Anna med Johannes på plassen Urdi i Røysane-Sæbø der ei syster til Anna, Helga, var plasskone. Anna døydde på legd, men med etternamnet Grov. Det tyder på at ho og Johannes har budd på plassen ei god tid før han gifte seg. Den 5. januar i 1818 hadde Johannes Torson Fjærestad vore i slagsmål med Per Olason Skjørvo på lnr 111. Per beit Johannes så hardt i ein fing at han måtte til «kirurg». I 1820 hadde Johannes vore full på hausttinget og skjelt ut futen Molberg framfor ei talrik folkemengd. Han slapp unna med å betala litt av sakskostnaden – futen betalte det meste! Mari vart attgift 1842 med Hermund Torson Vikøyri v962 (1819–1903). «Taosa-Kari», Kari Hansdtr Limmesand (1824–1899) frå plass under lnr 13, flytta inn hjå Hermund, og i 1896 fekk han fattigstøtte for å ha henne i huset. Kari vart stanga i hel av ein okse på Sjøtun. Hermund «Øyene» fekk fattighjelp dei siste åra han levde.
Plass 2. Matias Endreson Vikøyri v224 (1793–1867) & 1839 Gjertrud Eirikdtr Holane (1797–1874) frå Framfjorden, var husmannsfolk utan jord i Øyane. Dei hadde ikkje born. Om foreldra til Gjertrud: sjå note til plassen Holaviki under lnr 16 Holane. Far hennar var på Vikøyri v172. Mora vart gift til Vikøyri v372. Gjertrud fekk fattighjelp frå 1869 og kom på legd i 1872.
Ovestevegen 1–9
Nr 1. Bnr 41/119 Vesttun 0,01 mark, 1957. Arne Antonson Otterstad v044 (1915–1975) frå Vikøyri-Sjøtun & 1941 Margrete Magdalene Johandtr Tenol-Tuxen (1924–1999) frå lnr 15e Tenål budde først i hus nr 64 Vikøyri. Born: Berit Lillian 1941 (Volda), Ruth 1944 (Rælingen), Anne Margrethe 1951–99 (Asker), Beate 1958 (Volda). Beate Arnedtr Otterstad (1958–) & 1978 Gunnar Lillebø (1955–) frå Folkestad i Volda budde i Vik ei tid fram til 2001. Born: John Arne 1978 og Terje 1981 (Volda). John Arne er sambuar med Ragnhild Toralvdtr Haugen (1973) frå bnr 97/209 under lnr 195d Vangsnes. Dei har Marius 2000 og Heidi Therese 2004. Dei har flytta til Folkestad i Volda.
Nr 2. Bnr 41/117 Øyheim 0,02 mark, bygt 1956. Otto Jonson Fjærestad (1922–2003) & 1950 Anna Andersdtr Fosse (1924) frå bnr 7/8 under lnr 33 hadde ikkje born. Om foreldra til Otto: sjå lnr 96 Fjærestad. Anna kjøpte i 2007 bnr 41/197 i Villastrøket-Sjøtun, og ny eigar i 2007 er: Elisabeth Arviddtr Stadheim (1975–) frå lnr 28c & sb Anders Engelsbak (1979–) frå Oslo. Dei har Magnus 2006 og Gjøran 2006. Elisabeth har frå før Kristine 1998 med Sondre Eie frå Drangedal. Sjå om han under bnr 36/17 Svingen under lnr 103a Bø.
Bnr 41/198, 2007, frå bnr 41/117. Jarle Kjell Magneson Tveit (1976–) frå bnr 43/37 under lnr 5 Juvik & Toril Øyan (1977–) frå Hønefoss har: Alex 2007.
Nr 3. Bnr 41/125 Sjøli 0,02 mark, bygt 1969. Gjertrud Markusdtr Nese (1941) frå lnr 45a & 1968 Martin Albertson Sveinsbø (1937–) frå bnr 63/8 under lnr 40c Frettheim, båe frå Arnafjord sokn, fekk: Siv Margunn 1969 (Kløfta, sjå òg bnr 3/22 under lnr 9 Seim) og Ruth Kristin 1972 (Fredrikstad).
Nr 5. Bnr 41/115 Lia 0,03 mark, 1956. I 1961 vart tilkjøpt bnr 41/128 0,01 mark. Halfdan Brekke (1920–2007) frå Arendal & 1945 Kari Hielm Morseth (1921– 1972) var i Vik 1951–60. Born: Tormod 1946, Kjersti 1947, Leif 1953, Harald 1953, Trond 1957. Halfdan var lektor på realskulen og redaktør av Sogningen. Han var deretter mykje i Afrika. I 1969 gav han ut boka «Maru et sandkorn i Afrika». Halfdan var i Zambia 1972–1991, gifte seg på nytt med Maloni Mulobela og fekk Lilly 1990. Olaf Kristoffersen (1903) & Sigrid Arnedtr Ovri (1898–) frå lnr 67 var eigarar 1960–62. Dei kom frå Drammen og flytta tilbake. Trygve Andersson Farstad (1931) frå Hustad, Fræna, & 1954 Kirsten Oledtr Skjold (1932) frå SørOdal hadde huset 1962–1971. Born: Torkjell 1955 (Kristiansand), Siri 1960 (Stavanger) og Vemund 1965 (Gjerdrum). Huslyden flytta til Gjerdrum i Akershus. Arkitektane Jon og Olav Vikøren overtok av konkursbuet Vibru i 1972. I 1988 vart Olav Vikøren eineeigar av denne eigedomen som låg under buet. Anders Olason Vikøren (1961) frå bnr 1/44 i Røysane-Sæbø & 1992 Brit Hilde Grønbæk (1963) frå Oslo fekk: Mathilde 1992, Agnes 1997. Anders vart attgift 2003 med Kristina Arydasdtr Starkute (1977–) frå Vilnius i Litauen. Born: Viktor Aleksandras 2003 (etternamn Starkus Vikøren), Elijas 2005 (etternamn Palne). Brit Hilde har overteke huset. Ho er sambuar med Morten Pettersen frå Jeløy i Moss.
Nr 8. Bnr 41/186, 1995. Magne Andersson Rinde (1949–) frå Feios & 1972 Berit Jondtr Atterås (1955–) frå Sjøtunvegen nr 14 bygde hus og flytta hit frå Sjøtunvegen 16. Born: May-Britt 1972 (bnr 7/10 Fosse), Dagmar 1974 (leigebuar bnr 59/33 Valsvik), Jan Ove 1979 (bur heime). Om sysken til Magne: Sjå note.
Nr 9. Bnr 41/139 Bakketun 0,01 mark, 1967. AlfJohannes Settevik (1926–1995) frå lnr 7 Gotevik & 1950 Petra Fredrikdtr Fosse (1925–) har: Fredrik 1950 (Voss), Jensine 1951 (bnr 97/176 i Krossen og Kalviki på Vangsnes), Gerd Inger 1956 (Sande i Sunnfjord) og Per Arvid 1962–82. Om foreldra til Petra: sjå note til bnr 5/20 under lnr 24 Stadheim. Alf Johannes og Petra har òg lnr 191d på Vangsnes.
Anders Rinde i Feios har tre born i området for denne boka: Eivind 1946 (bnr 97/28-2 i Tråna, Vangsnes), Magne 1949 (Ovestevegen 8) og Steinar 1954 (Prestvegen 30 i Prestberget).