Hovsviki

Hovsviki (håffsvikji): Hofsvik (1838, NG), Hovsvik (VIK).

Gard nr 47 Hovsviki i matrikkelen, før samanslåinga med Klokkargard og Sjøtun, var Hovsviki gard nr 47. Eigarar: i 1647 Apostelkyrkjegodset, i 1723 Anna Finde, deretter Anders Daae, Jonas Daae, Birgitte (Daae) Michelet. I 1803 kjøpt av Thomas von Fasting. Matrikkerlskyld: 0,33 laup i 1647, 1667, 1723 og 1803.

Hovsviki har nokså sikkert vore eigd av Apostelkyrkjegodset frå før øydetida og hadde vore eige gardsbruk før Svartedauden. I 1647 var Kolbein Andersson (1583–) leiglending. Han var der òg i 1667, men vart då kalla «husmann», noko som tyder på at han hadde kår eller budde i eiga stove. Oppsitjaren var no Anders Olason (1631–) og han hadde med seg sonen Ola 1660. Deretter kom Anders Andersson Hovsviki (1670–) og kona Ragnhild (1652–1731) og vi veit om sonen Anders 1697 (v020). I følgje den gamle bygdeboka var neste leiglendingspar Lars (eller Lasse) Olason (–) og Ingrid Endredtr (–1718) og dei hadde: Ola, Ola, Ingrid og Ingebjørg. I 1718 varte leiglendingen kalla Anders, men han må ha vore der i få år, for i 1723 var Anbjørn Johannesson Vange (1698–1767) frå lnr 8 & Sigrid Styrkdtr Føli (1693–1776) frå lnr 19 i Hovsviki. Born: Styrk 1723 (lnr 8 Vange), Johannes 1727–27, Johannes 1733 (lnr 56 Kinni), Ingegjer og Ingeleiv 1734–63. Huslyden var i Hovsviki fram til 1729 då dei overtok som leiglendingar på lnr 8. Deretter var husmannsson Guttorm Johannesson Limmesand (1696–1760) husmann i Hovsviki. Born: Eirik 1718 (plass under Valsvik) Ivar 1720 (lnr 20 Le og Vikøyri), Gjertrud 1723 (lnr 23 Dale), Endre 1727 (Holumshaugen under lnr 17 Holane), Arne 1728 (plass under Valsvik), Ingrid 1730 (sjå note under lnr 34 Åse i Arnafjord sokn), Ivar 1733 (lnr 28 Dalsver i Arnafjord sokn), Barbra 1735 (gift 1763 med Nils Lasseson «Geithus» og som neppe var frå Vik prestegjeld, båe var tenestefolk på Sylvarnes i manntalet i 1763, kjem bort for oss), Ola 1739–39, Ola 1740 (s164). Då borna var konfirmerte, var dei på ulike gardar i Arnafjord sokn. Guttorm flytta truleg til Vikøyri kring 1741 og Gyrid Endredtr (1703–1742), som vart omtalt som «Gutorm Vigørens kvinde» då ho døydde, var truleg kona hans. Med stadnamnet Vikøyri vart han attgift to gonger: i 1745 med Marta Helgedtr «Frettheim» (1705–1745) og 1746 med Åsa Andersdtr Indre Berge (–), Kyrkjebø. Då Marta døydde står det «uægte barn» bak namnet. Det gjer det uråd å finna noko meir om henne. Guttorm døydde på Vikøyri.

All jord i Hovsviki vart frå ca 1750 driven frå Vange, og garden låg truleg øyde fram til århundreskiftet. Ved teljinga i 1801 var Anders Olason Holstad (1765–1829) frå lnr 86 & 1800 Magnhild Perdtr Vange (1775–1838) frå lnr 5 leiglendingar i Hovsviki og dreiv saman med to halvsysken til Anders. I 1803 hadde dei 4 mjølkekyr og 4 sauer, men ikkje åker. Anders og Magnhild kom til husmannsplassen Haugane under Voll. No vart Hovsviki lagt ned for godt. Thomas Fasting kjøpte Hovsviki i 1803 og han og kona Karen Tuchsen dreiv deretter plassen saman med Skaffargard. I 1838 var Hovsviki formelt slege saman med Skaffargard og med eit bruk i Sæbø til lnr 127 Sjøtun.

Bnr 41/75 Hovsviki 0,33 mark, 1944. Omkring 1947, etter at det vart slutt på gardsdrifti på Sjøtun-garden, bygde Olav Thomassen seg hus i Hovsviki. Hovsviki hadde vore heimestøl for Sjøtun, og det stod eit sel der. Olav bygde både bustadhus og fjøs. Bustadhuset var det Vik yrkesskule som sette opp. Både huset og fjøsen hadde flatt tak, noko som var heilt uvanleg på den tid. Olav dyrka òg opp det stykket som var rundt og nedom husi. Han dreiv med sauer og høns og hadde laksenot. I 1948 gjekk eigedomen til dottera Kirsten Thomassen og i 1952 vart det ei sameige for fem sysken. I åra 1959–67 vart frådelt bnr 41/123, bnr 41/129 og bnr 41/168. I 1968 stod Solveig, Bjørn, Christian og Stein Thomassen som eigarar av bnr 41/75. I 1975 vart frådelt bnr 41/145.

Bnr 41/129 Knausen. Her vart det bygt hytte, eigd av Kirsten Olavdtr Thomassen (1927–1991) & Arne Basken (1923–1984), busette i Lillestrøm. Born: Torunn 1952, Kristin 1955 (sjå bnr 41/145 nedanfor), Geir 1958 (Strømmen) og Hege 1958 (bnr 40/75 i Gildhus). I 1974 overtok borna. I 1976 fekk Johnnie Jacobsen (1952–), gift med Torunn 1952, skøyte på eigedomen. Johnnie busette seg seinare på bnr 1/59 på Vetleøyri, Torunn i Hatlevegen 9 i Prestberget.

Bnr 41/146 Granbø vart frådelt 1989 til Kirsten (Thomassen) Basken. Dette er det opphavlege bustaden på bnr 41/75, med hage. Arvingane skøytte i 1991 eigedomen til Annelise 1931 og Torleif Storaas (1931–). Dei budde i Oslo og dette var feriebustad. I 1994 vart eigedomen kjøpt av Svein Jarle Jonson Bjåstad (1969–) frå bnr 1/29 i Røysane-Sæbø. Han gifte seg 1996 med Anita Leifdtr Lindelid (1966–) frå Fure i Fjaler. Dei har: Daniel 1995 og Oda 1998.

Bnr 41/145 Løvebakken, 1975. Her vart bygt hus av Kristin Arnedtr Basken (1955–) & Geir Ove Løve (1952–). Dei budde i Vik i nokre år. Dei har ikkje born. Ho busette seg seinare i Sørum, han i Skedsmo. I 1980 vart huset selt til: Liv Målfred Asheim (1933–) frå Brekke sokn i Gulen & 1981 Ingvald Alfson Hønsi (1926–) frå lnr 84b. Dei har ikkje born. I 2002 bygde dei hus i Røysane-Sæbø, bnr 1/212. Men Liv eig framleis huset i Hovsviki.