Prestegardstunet

Den gamle prestebustaden, og mange driftsbygningar og paktarbustad, stod her. Det staslege våningshuset, bygt av Anders Daae ca 1755, vart i åra 1941–44 flytta til Dei Heibergske Samlingane i Amla.

Som prestegardstunet reknar vi her busetnad under Grov, vest for riksveg 13 og sør for vegen til Hopperstad. Her er eit hybelhus og nokre mindre bustader. I tillegg finn vi 5 einebustadar.

Bnr 40/1-5, 1956. Jon Hermanson Ovrid (1912–1983) & Anna Endredtr Nesse (1905–2001) frå Nessane fekk Inger Johanne 1952 (Røros). Jon var fødd på Vossestrand, sjå note lnr 70b Ovri. Anna hadde frå før Arthur 1932 (Drammen). Huset er overteke av Inger Petterdtr (Fjærestad) Refsdal (1958) frå lnr 96 Fjærestad, og som har flytta frå lnr 61 Refsdal.

Bnr 40/1-15, 1963. Guttorm Olason Refsdal (1911–1993) frå lnr 60 & 1941 Anna Oladtr Refsdal (1917–1992) frå lnr 58 har: Aslaug 1942 (bnr 4/61 på Seljestokkane på Tenål), Olav Håkon 1946 (Øvste Hopperstadmarki nr 21), Odd 1949 (Øvste Hopperstadmarki nr 10), Arvid 1955 (Kaupanger) og Anne Gro 1961 (bnr 45/9 på Liktvorane). Olav Håkon vart eigar i 1987. I 2007 er Gunn Iren Sigurddtr Stadheim (1963) frå bnr 4/61 i Seljestokkane, Tenål, leigebuar med to born: Martine 2000 og Henriette 2003. Borna har etternamnet Kjosmoen. Ho var før sambuar i Oslo.

Bnr 40/1-53. Jon Arneson Undi (1934) frå lnr 63 & 1960 Aslaug Henrikdtr Jordalen (1938) frå lnr 64a Stedje fekk: Arne Harry 1960–66, Anne Karin 1961 (bnr 97/37-12 i Tråna på Vangsnes), Liv Berit 1964 (Sverige), Elsebet 1967 (Vik) og Per Johnny 1970–97. 

Bnr 40/1-71, 1966. Bjørn Kåreson Salbu (1955) frå lnr 50b Hustavenes under Geithus i Arnafjord sokn & sb Heidi Irene Ness (1963) frå Ørlandet har: Ingrid Johanne 2001. Heidi har frå før: Ingar 1996 og Trude 1984. Bjørn dreiv ei tid foreldrebruket. Han gifte seg 1981 med Grete Bårdsgjere (1956) frå Skodje. Born: Bjørn Kåre 1981 (Stavanger), Anne-Lise 1984, Tore 1987 og Jonny 1990. Dei skilde seg i 1999. Frå før hadde Grete: Gunn Sølvi 1980.

Bnr 40/1-70 Fredtun, 1995. Per Olav Bjarneson Geithus (1958) frå bnr 66/4 i Arnafjord sokn & 1984 Tove Sortevik (1958) frå Svelgen har: John Bjarne 1985, Trygve 1988, Anne Kristine 1988, Ingunn 1990, Tor Petter 1991 og Jostein 1995.