Prestar i Vik

Den første presten vi veit om etter reformasjonen er Olav Isakson (–). Han var son til ein skipper i Bergen og hadde vore katolsk prest. I 1569 skreiv bispen i Bergen at Olav var «hel skrøbelig udi sin bog og forsømmelig i sine studeringer». Det siste fortel vel at han hadde lite greie på den nye kyrkjelæra. Deretter kom Torlak Olavson (–). Han var kanskje son til forgjengaren. Christen Lauritssøn Lindved (–1607) frå Jylland var prest i Vik frå 1590 til 1607. I 1606 klaga den illgjetne futen Gjøde Pedersøn han inn for den kyrkjelege domstolen i Bergen, mellom anna for økonomiske underslag. Han vart dømd frå livet, men fekk visstnok nåde. Etterfølgjaren var Jakob Nicolai Nilssøn Riber (–1618) frå Ribe på Jylland. Før det hadde han vore kapellan hjå presten i Holmedal i Sunnfjord. Presten der skreiv at Riber drakk og gav han ein dårleg attest. Riber døydde etter tre år i Vik. Etterfølgjaren Jens Jenssøn Bloch (–1622) fekk òg ei kort levetid i prestegarden, 1618–22. Knud Christophersøn Glad (1595–1657) var prest i Vik i 35 år. Han var først gift med Karen Jensdtr Kolding (–1628) og dei hadde Marta. Andre kona var Maren Berteldtr Mule (1614–1665), ei sonedotter til lagmann Christen Mule i Oslo. Vi veit om fem døtrer og to søner: Anna vart gift med den rike Thiis Nagel i Solvorn. Åsta gifte seg med Anders Nagel på Nagløyri i Sogndal og deretter med Nils Hvidhovde på Nagløyri. Karen vart andre kona til prest Gjert Gjertson Mumme i Hemne i SørTrøndelag. Sidsel vart den tredje av fire koner til sokneprest Peder Pederson Hanning i Sogndal. Kirsten vart andre kona til presten Mogens Skanke i Luster og vart attgift med løytnant Blom. Hans var truleg handelsmann i Trondheim og hadde sonen Oluf. Christopher gifte seg med Maren Pederdtr Hjerman i Bergen. Både Knut og Maren var velståande då dei gifte seg, og dei skaffa seg i tillegg eigedomar under oppbygginga etter øydetida. Vi finn såleis at Glad eigde ogdreiv lnr 88 Brekke i 1645. Enkja Maren tok stor eige med seg inn i neste ekteskap — med etterfølgjaren i presteembetet. Ivar Eirikson Leganger (1629–1702) var son til ein rik prest på Leikanger. Som fleire andre prestar på denne tida hadde far hans teke etternamn etter bygda han var i. Ivar hadde fleire sysken. Ei syster, Margrete, vart busett på Stadheim. Namngarden Stadheim hadde på denne tida ei samla matrikkelskyld på 12,50 laupar. Av det eigde ho 7,75 laupar. Men det var lite i høve til rikdomen til broren. Han overtok etter kvart heile eiga som foreldra hadde i Fresvik. Der eigde han på det meste 18,7 laupar, medrekna fire sager. Han disponerte sikkert eiga si vel, men mykje av eigedomane fekk han gjennom andre kona si. I 1687 gifte Ivar seg på nytt med Anna Finde (1665–1728), ei dotter til den rike sunnfjordpresten Peder Finde. Med henne fekk han stor eige i Ytre Sogn. Før han døydde sat han med eigedomsretten til om lag ei femdel av gardane i Ytre Sogn. Samla eige var ca 85 laupar. Han eigde hus og husgrunnar på Vikøyri og hadde eige i: Sæbø, Stadheim, Bruavoll, Refsdal, Brekke, Rosheim, Fjærestad, Bø, Klokkargard, Hovsviki og Røyrvik. Han samla papira for dette i ei mappe som han kalla «Min Lille Jordebog». Ved arveoppgjer etter han og kona kom eiga i Fresvik over på sonen Ivar. Enkja Anna Finde busette seg på Stadheim og styrde den store eiga derifrå. Ivar og Anna hadde borna: Karen 1668–1702, Eirik 1669–1753, Peder 1673–1726, Maren 1678–1719, Ivar 1680–1750 og Nils 1682–1747. Eirik vart sokneprest på Karmøy. Peder vart fut i Ytre Sogn og gifte seg med ei dotter til den rike futen Hans Blixencrone. Maren vart gift med Gjert Christophersøn Munthe, ein bror til den neste presten i Vik, Ludvig Munthe. Ivar vart prest på Leikanger og Nils vart prest i Os.

Karen Ivardtr Leganger (1668–1702) gifte seg 1686 med Ludvig Christophersøn Munthe (1657–1708), kapellan og seinare prest i Vik. Det er hevda at giftarmålet mellom Ludvig og Karen var avtalt mellom foreldra alt då Ludvig kom til Vik som kapellan. Ho var då 12 år. Mor til Ludvig var dotter til bispen Ludvig Munthe i Bergen. Faren, Christopher Giertsen Morgenstierne, var fut i Indre Sogn. Ludvig vart attgift 1704 med Dorothea Hansdtr Blix (1671–1748), ei syster til futen Blixencrone. Ludvig og konene hans var svært rike. Ludvig eigde såleis heile namngarden Hove og busette seg der. Sjå meir om dette og borna under Munthe-Blix-bruket på Hove.

Det var mykje inngifte mellom dei rike. Ein bror til Ludvig Munthe, Gerhard 1671–1729, gifte seg såleis med Maren Leganger, ei syster til Karen 1668, og han vart attgift 1720 med Elisabeth Maria Tuchsen (1696–1722), ei syster til Frederich Wilhelm Tuchsen (1703–1768). Om Frederich: sjå nedanfor.

Eldste dotter til Ludvig og Karen, Birgitte Munthe (1686–1770), gifte seg 1709 med etterfølgjaren til presteembetet: Anders Jonasson Daae (1680–1763). Anders var borgarson frå Trondheim. Presteembetet fekk han etter å ha skrive smigrande vers til prinsesse Sophie Hedevig i København. Anders Daae tok vel vare på den store eiga han fekk gjennom kona. Han vart ein av dei aller rikaste mennene på Vestlandet. Men bispen var ikkje særleg imponert over hans gjerning som prest og prost. Birgitte og Anders fekk borna: Ludvig 1711–11, Anne Kristine 1714–14, Anne Kristine 1716–17, Jonas 1717–77, Karen Cathrine 1718–96, Christine 1719–82, Marie 1720–99, Ludvig 1722–22, Ludvig 1723–86, Anna Dorothea 1725–77, Gerhard 1728–84. Karen Cathrine 1718 gifte seg med major Frederich Wilhelm Tuchsen (1703–1768). Dei hadde tre born: Christian Frederich 1740, Michael Sundt 1743 og Anders 1745. Christian Frederich og Anders er omtalt under lnr 4 Sæbø. Her kan framhevast at Christian Frederich hadde to døtrer som vart busette i Vik: Karen 1767 (lnr 127 Sjøtun) og Christine Marie 1772 (lnr 4 Sæbø). Gjennom dei slektar svært mange vikjer tilbake til dei rike vikjaprestane. Michael Sundt vart hospitalprest i Bergen, men busette seg seinare i Måren. Frå eit herskapshus der styrde han den store eiga han hadde i gardsbruk og som han for det meste hadde arva. Christine 1719 gifte seg med kapellan Hans Grøn (1709–1745). Han var i Vik, men då han døydde var han i København. Dei hadde fire søner: Johan 1739–79, Ludvig Christoffer 1741–78, Jens Garman 1743–82, Hans Andreas 1744–81. Enkja budde med dei fire sønene i prestegarden. Dei studerte alle teologi, men fleire av dei var visst «underlege i hovudet» og hadde ikkje stillingar særleg lenge. Berre Jens Garman vart gift og fekk born, men både han og kona døydde tidleg. Som dei andre borna til Anders Daae, arva Christine eige i mange gardar. Ho busette seg på eitt av bruka: lnr 2 Sæbø. Det var systersonen Anders Tuchsen som ordna med auksjon og buoppgjer då ho vart borte. Marie 1720 gifte seg med ein presteson frå Lærdal, Ove Christian Leyrdahl (1718–1766). Han var lektor i Bergen, men reiste til København og gjekk til grunne der. Marie fekk kreditorar på nakken, kom tilbake til Vik og busette seg på Skaffargard. Ho hadde ikkje born, men tok til seg Cathrine Christine Grøn, ei foreldrelaus dotter etter Jens Garman. Ho døydde lita. Deretter vart Karen Tuchsen buande hjå henne. Karen overtok eigedomane, og ho og mannen bygde opp garden Sjøtun. Ludvig 1723 studerte teologi, tok tilleggsutdanning og vart magister i 1746. Han vart sokneprest i Lindås i Hordaland. Frå «Magisteren» slektar mange kjende personar med namnet Daae. Ein son hans, som òg heitte Ludvig, vart prest i Lavik. Før det var han kapellan i Vik og var busett i Vangshuset. Han gifte seg med dotter til Apollonius Liliedahl, sjå note under lnr 121 Hopperstad. Anna Dorothea 1725 gifte seg med proprietær Henrik Finde i Fjordane. Med rik arv frå båe sider var dei svært velståande. Gerhard 1728 vart prest i Luster. Før det var han personleg kapellan hjå faren. Då var han innblanda i eit fylleslagsmål under eit bygdeting på Vikøyri. For det fekk både han og faren ei alvorleg skrape av bispen.

Jonas Anderssøn Daae (1717–1777) & 1751 Dorothea Margrete Pederdtr Finde (1729–1800) frå Innvik fekk: Birgitte Elisabeth Cathrine 1752–1821. Dei budde i 1763 i Vangshuset. Jonas var personlig kapellan hjå faren og vart prest og prost etter han og vart sjølvsagt busett i Grov. Mor hans flytta då til Vangshuset. Men alt i 1769 fekk Jonas slag, og dei siste 8 åra han levde kunne han ikkje stå på føtene. I 1776 tok han avskil. Dottera gifte seg med prest Michelet i Manger i Hordaland. Ho hadde stor eige i Vik etter foreldra, ei eige ho sat med fram på 1800-talet. Etterfølgjaren Thomas Krog (1714–1785) frå Sunnmøre hadde vore prest i Davik, men hadde dårleg helse og overlet i 1769 embetet der til ein son. Han friskna til att og vart prest i Vik frå 1777 til han døydde. Kona hans, Anna Dorothea (1732–1802), ei dotter til tyskfødd borgar Johan Frederich Tuchsen i Bergen, fekk lnr 20 Føli som presteenkjesete. Anna var først gift med skipsførar Jonas Ravn og hadde med han Adelus Matea 1763 (gift med Anders Daae, sokneprest på Leikanger) og Johanna Dorothea 1766. Jakob Thode (1740–1817) var son til ein domprost i Trondheim. Han vart sokneprest på Nesodden i 1773, Vang i Valdres 1776 og frå desember 1785 i Vik. Han gifte seg 1766 med Anne Catharine Bernhoft (1736–1808). Dei hadde ikkje born. Han gifte seg på nytt med Wilhelmine Sophie Antze (1774–1851) frå Ytre Holmedal. I følgje den gamle bygdeboka var Thode ein populær prest i bygda. Men å arbeida med skjema og protokollar var han svært dårleg til, og feil og manglar i kyrkjebøkene er særleg omfattande i hans periode på 32 år i Vik. Medverkande til dette kan vera at han var sjukleg. Då biskopen var på visitas i 1802 såg «Hr. Thode saa godt ud som nogenside». Det fekk kona hans æra for! Ved ny visitas i 1812 kom han ikkje til møtestaden Kvamsøy, og på spørsmål om han framleis var sjuk, var svaret «Jo, han er meget syk!» og madame Thode (altså den nye kona, 38 år gamal) «beklagede sig over sin gamle mands svage tilstand». Vertskapet laga der mat på ein steinhelle i ei trong røykstove. Gjestane klaga over lopper i sengene, og vertinna fru Thode låg om natta på golvet i spiskammerset — utan sovepute. Men om Thode ikkje heldt orden på kyrkjebøkene, passa han på at bønder, husmenn og strandsitjarar betalte det dei skulle. I 1812 var han såleis i forliksrådet med krav om korntiend for 12 år frå Hans Nilsson Karevoll. På same tid hadde han grunnleigekrav på gjestgivaren Rolfsen, og ein husmann på Linde i Kvamsøy sokn hadde ikkje utført det haustearbeidet han skulle etter festekontrakten. Presteenkja Wilhelmine Sophie Thode kjøpte lnr 8 Vange etter Jacobine Grøegaard. Ho testamenterte bruket til ei systerdotter: Anna Elisabeth Fürstenberg. Joachim Frederik Kjelstrup (1764–1846) var frå Hamarfest. Han var prest i Vik 1817–24. Før det hadde han vore på Toten, i Lom og i Ørskog på Sunnmøre. Etterpå var han i Ås, Akershus. Dei som interesserer seg for slekter bør merka seg at han gav dei fleste konfirmantar og forelder svært dårlege karakterar. Det galdt både kunnskapar og moral. Christian Bøschen (1779–1832) frå Bergen var prest i Vik i knapt to år. Hannibal Winsnæs (1801–1861), kjøpmannsson frå Drammen, var prest i Vik 1827–44 og deretter i Lærdal. Christian Severin Flinthhoug Houge (1812–1874) frå Risør var prest i Vik 1845–56. Han var høgt verdsett i bygda og var ordførar 1848–49. Arnt Uchermann (1812–1875) var son til ein distriktslege i Innvik. Han var prest i Vik 1857–67, deretter i Gloppen. Jørgen Christian Andreas Grøner (1814) frå Drammen var i Vik 1867–73, deretter i Gjerstad, Aust-Agder. Christian Ludvig Emil Meyer (1833) var i Vik 1873–78 deretter i Bergen. Han var gift med Christianne Sophie Uchermann. Hans Christian August Inger (1841), presteson frå Ramnes i Vestfold, var sokneprest i Vik 1878–89, deretter i Rakkestad. Han var gift med Agnes Emilie Mohn og dei hadde åtte born. Tre av dei vart fødde i Vik: Maria 1880, Ester 1882 og Agnes Augusta 1886. Sven Borchman Hersleb Walnum (1849), presteson frå Bergen, var prest på Torvastad i Rogaland før han kom til Vik i 1889. I 1903 flytta han til Nordmøre. Han var først gift med Wencke Frantzdtr Hopstock (1858–1885), så med systera Francka Cesilie Hopstock (1864–1890) og for tredje gong med Marie Sofie Sørensen (1853), ei dansk diakonisse. Far til dei to første var handelsmann i Bergen og bror til Ole Andreas Hopstock, handelsmann på Vikøyri. I året 1900 hadde Walnum følgjande born med seg i prestegarden: Charl Vencher 1885, Ingolf 1888, Franca Cecilie 1889 og Alf 1895. Frank Filip Hopstock 1881 reiste til USA i 1898 og Yngvar 1882 reiste året etter. Svend Svendson Svendsen (1850–1934) var son til ein gardbrukar i Time på Jæren. Han gifte seg 1878 med Kirsten Svendsen (1856–1932) og dei fekk: Gunvor 1882, Berta 1883, Sigrun 1884. Sunniva 1886, Svend 1888, Otto 1890, Kirsten 1892, Valborg 1897. Svendsen var prest i Vik 1903–1921. Sonen Otto gifte seg med Brita Adamdtr Midlang og vart bonde på lnr 98 Midlang. Dette var første gong sidan Anders Daae sine dagar at ein vikjaprest fekk etterkommarar som busette seg i bygda. Apollonius Johan Liljedahl (1875–1940) var prest i Tana, Valle og Jølster før han vart prest i Vik 1921–29. Deretter var han prest i Eiker. Han var gift med Anna Theodora Aas (1878). Born: Barbra 1910, Edvard 1911, Anna Regine 1912, Bernt Theodor 1914, Arne Harboe 1915, Sidsel 1920. Apollonius var son til den kjende politikaren Edvard Liljedahl (1845–1924) frå lnr 121 Hopperstad. Han var som pensjonist busett på småbruket bnr 1/48 i Hamnen. Simon Johan Nigard (1880–1979), Tysnes, var prest i Vik 1929–37 og gift med Klara Marie Knudsen (1883). Born: Agnar Johan 1906, Tordis Anna 1910, Hildur 1911–97 (ugift), Christian Sofus 1916, Torstein Svein 1918, Johannes Eirik 1918. Nigard var den første nynorskbrukande presten i bygda. Hallvard Søvde (1902–1989) frå Luster var sokneprest i Vik 1938–50. Han gifte seg 1928 med Kristina Rebni (1902–1945) og dei hadde: Arne 1928–81 (Madla), Jostein 1931–66 (Bergen), Sverre 1933–2001 (Masfjorden), Atle 1938 (Åsane). Han vart attgift 1947 med Borghild Bertindtr Straume (1904–1986) frå bnr 59/9 Valsvik skule. Ho var lærar i Arnafjord sokn før ho gifte seg. Ivar Døskeland (1902–1979) frå Gaular var sokneprest i Vik frå 1950 til 1970 då han tok avskil. Han gifte seg 1931 med Mathilde B. Skjerve (1907–1994) frå Reimegrend, Voss. Born: Ingebjørg Maria 1932–95 (gift, busett i Sandnes), Målfred 1935 (gift 1960 med Kjell Hornnes 1929–1997 frå lnr 8c Vange, busett Bergen), Olav Johannes 1940 (ugift, Sandnes, men Bergen frå 2002). Egil Johnny Selvaag (1930–2002), Kristiansund, & 1958 Kari Anne Sommer (1934) frå Oslo var i Vik 1970–75. Born: Per Egil 1960, Elisabeth 1962, Dagfinn Christian 1964, Inger Eugenie 1967, Anne Marie 1970, Hans Fredrik 1970. Leif Karsten Paus (1946) frå Onsøy i Østfold & 1971 Ragnhild Helene Westeng (1949) fekk: Christian 1972, Annette 1974, Fredrik 1979. Paus var prest i Vik 1976–80. Jens Terje Johnsen (1947) frå Halden & 1977 Jorunn Gunvordal (1954) frå Sogndal var i Vik 1981–88. Born: Karen Synnøve 1977, Solveig Johanne 1980, Torlaug 1984, Gjertrud 1986, Andreas 1988. Olav Martin Hove (1950) frå bnr 79a Hagen-Hove hadde full prestestilling 1988–99, deretter halv stilling for Feios og Fresvik. Han bygde hus på bnr 26/45 i Hagen-Hove, sjå der om huslyd. Helge Helgesen (1956) frå Madagaskar & 1981 Tone Iren Nilsen (1962) frå Fosnavåg har: Kristin 1982 (Stavanger), Leif 1986, Kim Tomas 1987, Jan Markus 1996, Tor Henrik Adrian 2003.