Vikøyri

v010 Albrigt Jonson (1673–1741) var husmann og soldat på Vikøyri 1701. Han var kanskje gift med Agata Oladtr (–). Born: Ingeborg 1692 (s122), Ingebrigt 1697 (v352), Jon 1703 (v494), Gjørond (v396).

v012 Alis Oladtr (Nese) Vikøyri v846 (1853–1940), «Krao-Ales», overtok huset på Vikøyri etter foreldra, hus nr 45. Ho fekk Olina 1890 (USA 1907) med Hans Hansson Eidsvåg (1868–), busett i Bergen. Han er ikkje identifisert.

v014 Amund Nilsson Gotevik (1736–1826) frå lnr 7 & 1764 Sigrid Nilsdtr Høgheim (1724–1776) frå Fresvik budde på Vikøyri. Dei fekk truleg Kari 1765 (v022). Ho vart konfirmert i 1783 med stadnamnet «Vigøren». Amund vart attgift 1776 med Kari Larsdtr Ådlane (1743–1811) frå plassen Sløkji i Framfjorden og dei fekk: Eirik 1776, Lars 1779, Nils 1784 (v698). Kanskje hadde dei òg Sigrid 1776 (v206). Amund gifte seg for tredje gong 1812 med Ingegjer Simondtr Vikøyri v904 (1763–1844). Ingegjer var tenestejente på Bruavoll i 1801. Men døypenamnet i 1763 var Ingrid. Amund døydde på legd.

v016 Amund Olason Lidal (1804–1855) frå Fjærland & 1825 Anna Nilsdtr Hatlelid (1803) frå Fresvik fekk: Gjøa 1831 (v368), Gjertrud 1834 (v890), Nils 1836, Turid 1840 (i Bergen 1865), Lasse 1844–44, Anna 1845 (i Bergen i 1865), Brita 1848. Amund hadde ei røykstove som i 1868 var overteken av Nils 1836, men han budde neppe i bygda. Anna var fattiglem på Vikøyri i 1865. Truleg reiste ho til ei av døtrene sine i Bergen eller Askøy, for ho vart ikkje gravlagd i Vik. I 1883 måtte fattigkassen betala eit krav frå Askøy fattigkommisjon for utgifter på Anna.

v018 Amund Torkjellson Vetleøyri s224 (1821–1873) & 1849 Marta Oladtr (Røyrvik) Vikøyri v622 (1824–1905) fekk: Lars 1846 (s118), Tor 1849, Anna 1850 (USA 1886), Ingeborg 1852 (v804 og Flåten i Sæbø), Gyrid 1855 (USA 1876), Ola 1858 (USA 1876), Anna 1861 (USA 1880), Marta 1863–63, Marta 1864–64, Marta 1865 (USA 1884). Amund fekk òg Gyrid 1841 (v870) med Marta Perdtr Kvamme (1807–1872). Marta 1807 gifte seg til Vikøyri v209. Amund hadde kjøpt ei av to stover som Jens Hermundson v434 eigde før, ei røykstove med kokeomn. Marta 1824 var huseigar under Sjøtun i år 1900. Vi trur ho hadde hus nr 70.

v020 Anders Andersson Hovsviki (1697–1742) & Magdeli Oladtr (–1769) hadde: Marta 1727–27, Ola 1728–28, Guri 1730–30, Anna 1731 (v108), Lasse 1734–35, Jon 1736–42, Ola 1738–38?, Guri 1739–41, Ingrid 1740–42. Anders vart kalla «unge Hofsvig-Anders» i kyrkjeboka då to av borna vart døypte. Vi må tru at «Unge Anders» er same person. Problemet er at Anders Styrkson Vikøyri v090 var om lag like gamal. Foreldrevalet for borna er difor usikkert. Magdeli vart attgift 1750 til Vikøyri v512.

v022 Anders Arneson (1763–1856) & Kari Amunddtr Vikøyri v014 (1765–1858) fekk: Gyrid 1790 (Måren i Kyrkjebø), Sigrid 1792, Kari 1793–93?, Amund 1795 (plass 1 i Skulen-Grov), Nils 1799 (v700), Arne 1803, Barbra 1807 (gift 1838 i Bergen). Kor Anders var fødd, veit vi ikkje, men då han vart konfirmert i 1783 var stadnamnet Finnen og ved giftarmålet var det Ytredalen, Høyanger. Alle born er fødde på Vikøyri. Ved folketeljinga i 1801 er Anders og Kari oppførde som ektepar på Vikøyri. Dei gifte seg truleg ca 1790. Men kyrkjeboka seier feilaktig at bryllaupet stod i 1802. Karakteren for Barbra ved konfirmasjon i 1824 var som for mange andre øyringar dårleg: «Ringe siæleevner, forsømt i alle deele af opdragelsen». Anders og Kari var komne på legd alt i 1846.

v024 Anders Beintson Ovri (–) frå lnr 70 & Brita Nilsdtr (–1742) hadde borna: Kari 1728, Beint 1733, Ragnhild 1735. Brita var enkje då ho døydde. Dei foreldrelause borna ser vi ikkje meir til på Vikøyri.

v026 Anders Botolvson Brekke (1731) & 1775 Barbra Monsdtr Brekke (1739), båe frå Ortnevik, budde truleg på Vikøyri. Dei hadde neppe born. Anders hadde Skultestrand som adresse då han gifte seg. Om sysken til Barbra i Vik: sjå lnr 35 Fosse. Barbra var enkje i 1781. Ho vart 1791 attgift med enkjemann Lasse Jonson Tryti (1731–1814) frå lnr 107, sjå òg lnr 2 Sæbø. Lasse gifte seg for tredje gong etter 1801 med enkja Marta Oladtr v280 (1746) på Vikøyri v814. Det er feil gifteår i kyrkjeboka.

v028 Anders Eirikson Menes (1856–1933) frå Balestrand & 1887 Johanna Jondtr Breivik (1855–1928), husmannsdtr frå Gulen, var i året 1900 på Linde i Kvamsøy sokn, der Anders var steinarbeidar. Dei kom så til Vikøyri. Born: Gjertrud 1887 (v240), Kari 1888 (Odda), Eirika 1891 (Oslo), Johanna 1893 (Oslo). Hus nr 66 vart truleg overteke etter Kristian Abelson v596.

v030 Anders Eliasson Vikøyri v196 (1815–1895) & 1843 Brita Oladtr Vikøyri v772 (1819–1889) fekk: Ola 1838 (v738), Elias 1841 (v192), Hermund 1843–59, Ingeborg 1846 (v538), Brita 1848 (gift i Bergen 1876), Ivar 1852, Kristina 1854, Hansina 1859, Kristina 1862–64. Anders var smed og fiskar. Ei tid må det ha vore alvorleg omsorgssvikt av borna i huslyden, for i 1849 plasserte fattigkommisjonen dei to eldste hjå fosterforeldre og dei to yngste på legd. Då det ikkje vart løyvd meir pengar til dette i etterfølgjande år, må tilstanden raskt ha blitt betre. Kanskje hadde Anders reist frå familien for ei tid. Anders og Brita hadde hus på Sjøtungrunn. Hansina Andersdtr Vikøyri (1859) fekk Inga Birgitta 1879 med Henrik Hansson Kvaløy, frå Hassel, men busett i Bergen. Der hadde Hansina vore i 2–3 år. Ho fekk så Johannes 1881 med snikkar Ivar Magnusson Vasshella. Dei blir borte frå bygda. Ivar 1852 fekk Kristina Marie 1874 med Brita Andreasdtr Vikøyri (1854), sjå v142. Ivar blir borte.

v032 Anders Endreson Holstad (1796–1827) frå lnr 87 & 1822 Inger Dortea Andersdtr Bartolomæi v094 (1799–1871) fekk: Guri 1822 (v734), Endre 1825 (v216). Anders drukna på bytur saman med Ola Guttormson Vikøyri v772. Båten kollsiglde i storm. Inger Dortea vart attgift til Vikøyri v780.

v034 Anders Endreson Teigum (1740–1813), frå plass under Føli på Ovrisdalen & 1783 Brita Kristendtr Vikøyri v590 (1755–1843) var på Vikøyri i året 1801. Born: Kristen 1788 (v586), Endre 1792 (v218). Anders var på Brekke då han vart konfirmert, og han var tenar i Orvedal i 1763. Dei hadde båe stadnamnet Midlang då dei gifte seg, men vi trur Brita var frå Vikøyri.

v036 Anders Endreson Røysum (1811) frå Leikanger & 1841 Anna Larsdtr Vikøyri v622 (1806–1861) hadde ikkje born, men Anna fekk Johanna 1831 (s032) med Guttorm Rolandson Tistel (1808–1883) frå lnr 91. Anders kjøpte lemstove til Ingeborg Jondtr v272, men han og Anna flytta til plass nr 10 på Nese før Anna døydde. Anders vart attgift 1861 med Ragnhild Ellingdtr Vollavik (1821) frå plassen Åkerviki og fekk Andreas 1862. Huslyden reiste frå Nese til USA 1867.

v038 Anders Hermundson Voll (–) frå lnr 81 & 1744 Johanna Jondtr «Sæbø» (–1767) fekk: Kristi 1746, Randi 1749–49, Randi 1752–52?, Randi 1756. Kristi levde i 1767, men blir så borte. Anders vart attgift 1769 med Guri Andersdtr Liktvorane (–) frå lnr 9. Randi Andersdtr Vikøyri (1756–1823) vart konfirmert med stadnamnet Skjørvo i 1774, fekk Anders 1791 (som døydde før 1801) med Hans Lasseson Bø (1767–1827) frå lnr 101, var tenar på Liktvorane i 1801 og døydde på legd i Bø.

v040 Anders Ivarson Vikøyri v412 (1875–1956), fenrik og hornblåsar, & 1902 Johanna Andersdtr Sæbø (1879–1960) frå bnr 1/66 i Røysane-Sæbø fekk: Anna 1903–99 (ugift, Vikøyri), Ragna 1905–83 (Høyanger), Ivar 1906–10, Arne 1908–85 (Årdal), Kristen 1910–80 (ugift, Gol), Ingebjørg 1912 (Høyanger), Inga 1914 (Bergen, Vik), Ivar 1916 (sjå bnr 40/15 i Villastrøket-Sjøtun), Johan 1918 (v446). Anders kjøpte hus nr 35.

v042 Anders Jakobson Fjellanger (–1771), skomakar, & 1744 Ingeborg Jondtr (–) hadde ikkje born. Ved skiftet etter Anders var det ingen som visste kor arvingane etter han heldt til. Ingeborg var «stuepige» i prestegarden då ho gifte seg. Ho var neppe frå bygda og blir borte etter 1771.

v044 Anders Jakobson Bjørkehaug (1843–1928) frå Lavik & 1874 Ragnhild Halvordtr Indre Hjartholm (1853–1933) frå Gulen fekk: Jakob 1876–1941 (ugift), Kristina 1880, Birger 1882, Hansina 1884, Birgitte 1886–90, Birte 1888, Birgitte 1890–1956 (ugift, Vik), Jens 1892–92?, Jens 1896. Anders var bakar. Han fekk fattigstøtte i 1921 og frå 1924 fekk han stønad kvar månad. Hus nr 64, taksert til kr 720 i 1878. Birte Andersdtr Jakobsen (1888–1972) fekk Arne 1915 med Anton Otterstad (1896–1965) frå Modalen. Anton reiste til USA i 1915, men kom att, vart gift og døydde i Bergen. Arne vart fødd i Bergen. Han voks opp hjå besteforeldra. Arne Antonson Otterstad (1915–1975) gifte seg og budde ei tid i huset, men huslyden flytta til Ovestevegen 1, Øyane-Sjøtun. Sjå meir under Øyane.

v046 Anders Johannesson Vikøyri v458 (1714–1766) & 1746 enkja Marta Johannesdtr Vikøyri v868 (–1774) hadde neppe born, men dei var fosterforeldre for Hans Henrik 1749 (v428), son til Jakob Petter Bartolomæi v046 og ei syster til Anders. Anders var skysskaffar.

v048 Anders Jonson Vikøyri v498 (1849–1924), «Haug-Anders», & 1874 Marta Beintdtr Rislåg (1844–1935) frå lnr 55b dreiv lnr 41b Grønsberg, men kom 1902 til Vikøyri, hus nr 2. Born: Anna 1875 (hus nr 2), Jon 1872–1902, Birte 1878, Helge 1879, Beint 1880– 82, Beint 1882, Hans 1884–84, Synneva 1884–85. Meir om borna under lnr 41b. Marta fekk sist på året 1924 stønad til eitt mål ved og i følgjande år vanleg fattigstønad

v050 Anders Jonson Ovri (1745–1805) frå lnr 70 & 1778 Margreta Andersdtr Seimsøyri s024 (1749–1814) fekk: Sigrid 1779 (v794), Brita 1782 (v196), Jon 1783 (v496), Sigrid 1791–91?, Anders 1792 (fekk truleg Styrk 1816 på plassen Huglagjerde på Ovrisdalen, vart gift i Bergen i 1819 som verva soldat). Av borna var Anders heime i 1801, Brita var då tenestejente i Sæbø.

v052 Anders Jonson Turvoll (1790–1851) & 1818 enkja Marta Helgedtr (Grønsberg) Vikøyri v574 (1794–1854) budde på Vikøyri. «Haug-Anders» døydde på legd. Tilnamnet hadde han for di han var frå plassen Haugen på Turvoll. Også etterkommarar fekk Haug-namn, såleis sonesonen Anders Jonson v048. Marta kom på legd. Vi veit ikkje noko spesielt gale om henne, men i 1851 nekta storbonden Ola Nilsson Sæbø å ha henne i legd. I staden måtte han betala for kvar dag ho skulle ha vore der. Born: Ragnhild 1820 (v644, USA), Jon 1823 (v498), Helge 1826–26, Ola 1826–26, Anna 1832–32, Helge 1834–34?.

v054 Anders Jonson Vikøyri v518 (1856–1941), «Angunn-Anders», & 1877 Sigrid Arnedtr Stadheim (1856–1930) fekk: Olina 1876 (USA 1893), Jon 1878– 78, Jon 1879 (USA 1900), Andreas 1881 (USA 1899), Randi 1884–84, Randi 1886 (Bergen), Johan 1889 (USA 1903), Martin 1891 (USA 1907), Sitona 1894– 98, Anna Marie 1896 (Bergen). Om foreldra til Sigrid: sjå note lnr 30 Stadheim. Hus nr 73.

v056 Anders Kristenson Vikøyri (Christensen) v586 (1826) & 1852 Isabella Margreta Eliasdtr Vikøyri v196 (1825–) fekk i Vik: Kristina 1848. I 1865 var huslyden i Bergen, der Anders var fyrbøtar. Dei hadde då borna: Kristian Henrik 14 år, Bernhard Julius 11 år, Eilert 8 år, Henrikke Elisabet 5 år og Andrina Martina 2 år. Berre Henrikke Elisabeth 1858 (v863) kom tilbake til Vik.

v058 Anders Larsson «Kvamme» (–) & 1787 Gunhild Ellingdtr «Kvamme» (1749?) fekk: Elling 1787 (v202), Kari 1794 (v798). Kvamme i Kvamsøy sokn vart truleg tenaradresse for dei båe. Jenta kan vera Gunhild 1751 frå Vikøyri v211. Anders døydde før 1801. Deretter fekk Gunhild fattighjelp.

v060 Anders Larsson Vikøyri v618 (1817) & 1853 Gjertrud Torsteindtr Vikøyri v970 (1824) var på Vikøyri då dei gifte seg. Dei reiste til Nord-Noreg i 1859, men i 1865 var ekteparet i Bergen. Dei var då barnlause. Gjertrud var enkje i Bergen i 1875.

v062 Anders Monsson Juvik (1747) frå plassen Hagen & 1778 Kari Ellenddtr Tryti (1739–1804) frå lnr 108 hadde neppe born. Anders hadde jekt. Dei to budde på Vikøyri i 1801.

v064 Anders Monsson Bakka (1758–1835) & 1785 enkja Ingeborg Ellingdtr Bakka (1756–1810), båe frå Aurland, fekk: Barbra 1786, Ingeborg 1789, Elling 1792 (døydde 1811 i storskreda på Nese), Mons 1792–92?, Anders 1794–1804, Mons 1797 (gift som korporal i Bergen i 1823). Dei fire yngste borna var heime i 1801. Ingeborg hadde òg Brita 1775 (s098) med Elling Hansson Ramsøy. Anders var i 1817 korgbindar. Det måtte vera ei bra yrke, for han betalte meir i skatt enn dei fleste øyringar. Anders vart attgift 1823 med Brita Tollakdtr Seim (1778–1846) frå lnr 10. Ein bror til Anders 1758, Johannes 1775, var husmann i Sæbø, sjå note til plass under lnr 3 i Røysane-Sæbø.

v066 Anders Monsson Vetleøyri s144 (1839–1912), «Vossa-Anders», «Gamle-Vossen», & 1863 Kari Sjurdtr Vikøyri v916 (1820–1903) budde på Vikøyri. Dei hadde ikkje born, men Anders hadde Eirik 1857 (plass Ytre Farnes) med Kari Eirikdtr Slinde (1829), tenestejente på Eitorn (nær Hella). Ho vart gift med husmann og enkjemann Endre Olason (Mundal), Farnes i Balestrand. Anders var kjent for å vera ein hardhaus, og han var dessutan uvanleg sterk. Men økonomisk stod det ikkje så bra til, for kona Kari fekk fattighjelp frå 1884 som gamal, sjuk og vanfør. Det var kanskje ikkje noko å utsetja på levemåten til Anders, men vi må likevel ta med at i 1909 likte fattigstyret slett ikkje at ei ugift husmannsjente med to born, Johanna Andersdtr Holane (1860–1937), hadde flytta inn hjå han. Styret truga med at dei ikkje ville gje henne fattigstøtte dersom ho ikkje flytta tilbake til Framfjorden. Anders og Kari budde i hus nr 71.

v068 Anders Nilsson Vikøyri v706 (1750) & 1777 Brita Hansdtr Vikøyri v294 (1739–1809) fekk: Ola 1776 (han var på «utværs skipe» i 1809), Kristoffer 1780 (Indre Oppedal, Lavik, i 1809). Brita hadde òg Marta 1762 med Ingebrigt Jonson Øvre Hove (1729) frå lnr 77.

v070 Anders Nilsson Vikøyri v712 (1799) & 1821 Ingeborg Perdtr (Hønsi) Breidi (1793) budde på Vikøyri. (Om Ingeborg: sjå note lnr 120 Hopperstad). Born: Sigrid 1821 (konfirmert 1836), Kari 1824 (konfirmert 1839), Per 1827 (ikkje konfirmert i Vik), Bothilda 1829 (USA 1854). Inga 1833 (USA 1853). Dåp for Sigrid er ikkje innført i kyrkjeboka for Vik. Sigrid Andersdtr Vikøyri (1821–1852) fekk Guttorm 1849–49 og Brita 1852 med Ola Guttormson Vikøyri v254 (1822–1867). Anders hadde ei stove og ei bu. Anders og Ingeborg tok Brita 1852 med seg då dei reiste til USA i 1856.

v072 Anders Olason Dahl v812 (1826–1869) & 1861 Birgitte Sophie Hans-Petterdtr Rasmussen v298 (1836–1867) fekk: Oluf Martin 1861 og Hans Petter Grødem 1862. Anders hadde òg Jensina Kristina 1851 (USA 1863) med husmannsdtr Marta Andersdtr Rislåg (1821–1851). Marta døydde i barsel. Anders var skomakar. Huslyden reiste til Amerika 1863 eller 1864. Truleg reiste dei saman med far til Anders.

v074 Anders Olason Vikøyri v820 (1727–1781) & 1750 Gjertrud Oladtr «Sæbø» v730 (1725–1759) fekk: Sigtrud 1750 (v268), Gjertrud 1753 (plass Limmesand), Randi 1756–1823 (ugift). Anders var tambur. Han vart attgift 1771 med Anna Tordtr Føli (1725) frå lnr 19 og dei fekk Ola 1772. Randi 1756 døydde av ein smittsam sjukdom. Ho var då på legd i Bø. Anna 1725 og Ola 1772 døydde truleg før 1801.

v076 Anders Olason Vikøyri v778 (1818–1877) & 1849 Gitlaug Hansdtr Njøs (1806–1870) frå Leikanger hadde ikkje born. Dei budde i ei røykstove som i 1868 hadde skorstein. Anders var treskoskjærar i 1865.

v078 Anders Olason Vetleøyri s156 (1820–1872) & 1843 Gjertrud Oladtr Vikøyri v758 (1821) fekk: Ola 1841 (gift i Bergen i 1870), Ola 1844, Hermund 1847, Ragnhild 1850 (gift i Bergen 1881), Anna 1853 (USA 1874), Andreas 1856 (USA 1878, fekk Andrea 1878 med Olina Anfindtr Sogndalsfjøra), Hans Henrik 1859 (USA 1881), Johannes 1864 (USA 1881). Dei tre første sønene var alle til sjøs i 1865. Anders døydde av nervefeber (tyfus). Enkja reiste til USA i 1881.

v080 Anders Olason Vikøyri v798 (1834–1917) & 1862 Gunhild Lassedtr Sinjarheim (1835–1931) frå Lærdal fekk: Kari 1862 (USA 1884), Ragnhild 1866 (USA 1894), Olina Lovisa 1869–1947 (ugift), Edvard 1871 (v160), Ola 1881 (USA 1903). Omkring 1866 var huslyden i Lærdal. I 1893 bad Anders om å få fattighjelp fordi han i lang tid hadde vore sjuk og arbeidsufør. Støtte fekk han berre dette eine året. Gunhild fekk fattighjelp frå 1920. I 1924 fekk ho i tillegg pengar til eitt mål ved. «Fylis-Anders» budde i hus nr 28.

v082 Anders Olason Øksdal (1862) frå lnr 3 & Guri Nilsdtr (Vikøyri) Sæbø v718 (1863) fekk: Nils 1885, Ola 1887, Andreas 1889, Gyrid 1891, Ivar 1894, Brita 1896, Sverre 1900. Anders var handelsmann på Vikøyri, men 1900 selde han forretninga, hus nr 16, til Ola Person Fosse og huslyden flytta til Oslo. Guri hadde overteke bnr 1/8 Flåten etter foreldra og huslyden budde kanskje der. Flåten vart selt ut av slekta. Sjå òg lnr (1+4)f under Sæbø i del 2.

v084 Anders Paulson Fjærestad (1754–1804) frå Balestand & 1789 Sigrid Oladtr Vetleøyri s174 (1753–1842) fekk: Ola 1789 (s156), Jens 1791 og Ingegjer 1796. Huslyden budde på Vikøyri, men flytta til Kallestad under Målsnes i Kvamsøy sokn tidleg på 1790-talet. Men Sigrid døydde på legd med stadnamnet «Lilleøren».

v086 Anders Person Vikøyri v870 (1853–1924), potethandlar i 1875, & 1879 Anna Jondtr Vikøyri v518 (1853–1905) fekk: Johan 1879 (Fana), Per 1881 (USA 1903), Olina 1884, Randi 1886 (Bergen), Martin 1889 (Skjolden), Edvard 1892 (v162), Jens 1894–1977 (ugift, fiskar), Anna 1897 (Bergen). Anders hadde òg Anna 1872 med Anna Einardtr Vikøyri v170 (1830–1881). Anders vart kalla «Vetle-Vossen» og «Vossa-Anders» for di bestefaren var frå Voss. Olina Andersdtr Vikøyri (1884–1954) fekk Agnes Amalie 1905 (v312) med Johan Svendsen «Søfteland» (1884) frå «Bergen». I følgje folketeljinga i 1900 er dette truleg Lars Johan Svendsen (1884–) frå garden Sanden i Os. Søfteland er ein gard i Os, slik at dette var tenaradresse. Olina fekk òg Anna Lovise 1915 (Sjøtunvegen 22) med gift mann Asle Johanson Liljedahl (1865–1929) busett på bnr 43/1 under lnr 5 Juvik. Hus nr 89.

v088 Anders Sjurson Vetleøyri s208 (1839–1876) & 1865 Olina Perdtr (Svardal) Svolsvik (1843–1914) fekk: Marta 1864, Andreas 1867 (USA 1893). Om foreldra til Olina: sjå plassen Bleiehaugen under lnr 72 Hove. Anders hadde òg Johan 1860 (USA 1882) med jenta Sigrid Johannesdtr (Balvoll) Vetleøyri s090 (1832–1889). Anders vart førd opp som treskomakar i 1865 og huslyden var då «logerende». Fattigkassen betalte likkista hans. Olina vart attgift til Vikøyri v624.

v090 Anders Styrkson (1695–1765) & Elsebe Tordtr (1701–1765) fekk: Styrk 1725–43, Marta 1727–27, Marta 1729–30, Palne 1732 (v866). Anders var kanskje frå Leikanger prestegjeld. I 1763 var Anders og Elsebe på legd. Dei vart gravlagde på same dag.

v092 Anders Tollakson Vikøyri v946 (1783–1835) & 1809 Kari Jondtr Vange (1782–1839) frå lnr 8 fekk på Vikøyri: Jon 1810–12, Jon 1814, Tollak 1819 (v948, USA). Jon vart konfirmert 1828, men kjem så bort.

v094 Andreas Hansson Bartolomæi v268 (1773–1818), skomakar, & 1798 Marta Eivinddtr (1767) frå Dal i Valdres fekk: Henrikka 1797 (v586), Inger Dortea 1799 (v032, v780), Hans Henrik 1802 (v260), Jakob 1806 (plass 2 i Skulen-Grov).

v095 Andreas Ivarson Hove (1899–1986) frå lnr 77 Øvre Hove & 1924 Borghild Jacoba Jacobsen v863 (1896–1971) fekk: Borgny Henrikke 1925 (Vikøyri-Sæbø, hus nr 30) og Olaf 1929 (bnr 41/48 på Vikøyri-vest). Sjå meir under Vikøyri-vest, forretningsbygg.

v096 Andreas Jakobson Grov (1836–1882) frå plass 2 i Skulen-Grov & 1867 Gjertrud Sjovatdtr (Finnen) Geithus v272 (1829–1898) fekk Brita 1868 (v708). På Vikøyri hadde dei i 1875: 0,3 daa bygg, 2,8 daa poteter, 10 smalar og 1 vinterfôra svin. Andreas fekk i 1878 ekstra fattigstøtte for di han hadde fått plass på Pleiestiftelsen for spedalske i Bergen. For å koma inn der måtte han ha to sett med «anstendige» gangklede. Støtta omfatta òg pengar til reisa. Andreas døydde på pleieheimen.

v098 Andreas Jensson Løland (1861–1931) frå Hyllestad & 1892 Ingeborg Monsdtr Thorsen v692 (1864–1941) fekk: Jens 1892 (v440), Johan Martin 1894–1959 (Nordøysund på Sulo, Øygarden kommune), Marie 1896–1979 (Oslo), Ingvald August 1898, Edvard 1900 (v164), Sverre 1901–03, Jenny Otilia 1904–12, Astrid 1907 (Oslo). Andreas var fargar. Familienamnet var Jensen. Hus nr 86. Sonen Jens overtok.

v100 Andreas Jonson Vikøyri v538 (1880–1945), skomakar, & 1907 Birte Eliasdtr Vikøyri v192 (1881–1974) fekk: Johan 1908–38 (Bergen), Martin Andreas 1909–69 (Bergen), Erling 1911 (Bergen), Ingeborg 1913–29, Johannes 1917–17, Kari 1919. Andreas hadde òg Sitona 1904 med Brita Oladtr Vikøyri v846 (1865–1946), og han måtte vera med på å betala oppfostringa. Men i 1905 søkte han om å få bidraget nedsett av di han var blitt blind på eitt auga og det fekk han. Hus nr 42. Kari Andreasdtr Johnsen (1919–2002) overtok i 1952. Ho vart sambuar med Per Bendikson Breilid (1916–2000), sjå bnr 41/58 på Vikøyri-vest.

v102 Andreas Kristenson Vikøyri v586 (1823–1910), korgarbeidar og grisehandlar, & 1853 Inga Bendikdtr Hamnen v120 (1823–1892) fekk: Martin 1853–65, Brita 1854 (sjå v142), Kristen 1856 (v588), Bendik 1860–92. Andreas fekk fattigstønad frå 1899. Då fekk dessutan to tilsynsmenn i oppdrag å sjå etter korleis det stod til med husa hans. Hus nr 82.

v104 Andreas Styrkson Vikøyri v928 (1860–1895) & 1888 Anna Marie Monsdtr Thorsen v692 (1867–1946) fekk: Martin 1889 (USA 1905), Jakob Bartolomæi 1891 (USA 1905), Marie 1893 (v594), Anna Sofie 1895–1906. Enkja vart attgift til v160. Huslyden budde i året 1900 i hus nr 59.

v106 Anfin Nilsson Vikøyri v712 (1790–1824) & 1819 Kari Samueldtr Moane-Grov (1795–1883) frå Samuelplassen fekk: Synneva 1815 (plass 4 Sæbø), Samuel 1820 (sjå lnr 13b Tenål), Eirik 1822–45. Kari vart attgift til plassen Urdi i Røysane-Sæbø. Anfin var tambur i 1817.

v108 Anna Andersdtr Vikøyri v020 (1731) fekk Synneva 1761 med Gjert Matiasson Vikøyri v678 (1737). Anna vart konfirmert i 1752 med stadnamnet Kinni. Ho vart truleg gift i Bergen. Gjert kjem bort for oss. Men han budde i 1763 hjå foreldra og var snikkar. Synneva vart gift til ein husmannsplass i Åmdalsviki i Gulen.

v110 Anna Helgedtr Ovri (1859–1953) frå lnr 68 gifte seg 1898 med Ola Andersson Menes, bonde i Balestrand, men vart skild. Ola gifte seg på nytt i 1918. Anna busette seg på Vikøyri ca 1918, hus nr 83.

v112 Anna Jondtr Espesete (1849–1939) frå lnr 93b var ugift. Ho hadde i 1915 hus nr 68 etter husmannsdtr Helene Tollakdtr Dale v314 (1844–1926). Anna flytta kanskje tilbake til Espesete.

v114 Anna Matiasdtr Vikøyri v416 (1844–1938) var ugift huseigar i 1900. Mora Brita 1817 og ei moster Synneva 1820 budde då saman med henne. Hus nr 22. Huset til «Jakob-Anna» vart teikna av Ivar Refsdal. I tillegg eigde Anna eit lite fjøs og ei anna stove mot hus nr 23 og som ho flytta inn i etter brannen i 1922.

v116 Arne Ivarson Røyrvik (–) frå Kyrkjebø & 1737 Tora Arnedtr Mjelleli (1707–1741) fekk: Arne 1738 (Kyrkjebø), Gregorius 1739–39. Arne vart attgift 1741 med Kari Gullakdtr Teigen (1717) frå Kyrkjebø og dei fekk: Gullak 1743, Ivar 1745–45?, Tora 1747 (v374), Marta 1749–49, Marta 1751–58, Ivar 1756–56. Huslyden kom til Vikøyri omkring 1755. Arne var truleg bygdevektar. I 1763 var Arne og kona vanføre og fattige.

v118 Aslak Gullakson Vikøyri v243 (1819) & 1852 Ingeborg Sjurdtr «Fosse» (1829) fekk: Brita 1850–50, Eirik 1852. Fosse var opphaldsadresse, for Ingeborg var husmannsdotter frå Tveit i Vangsnes sokn. Huslyden reiste til USA 1853 og var då innerstar på Fosse.

v120 Bendik Guttormson Hønsi (1793–1860) frå lnr 83 & 1820 Brita Tronddtr Grov (1802–1878) frå plass i Kålhagen budde på ein plass i Hamnen. Dei fekk sju born som levde opp. Huslyden flytta til Huglagjerde på Ovrisdalen i 1853. Sjå om borna der.

v122 Bendik Olason (1667–1741) & Alis Endredtr (1672–1750) fekk: Ola (v744) og Gjertrud (v506).

v124 Birge Hansson Myren (1847–1931) frå Lavik & 1885 Hansina Andersdtr Vamråk (1850–1897) frå Kyrkjebø fekk: Ragnhild Olina 1885 og Anna Serine 1891. Birge var bakar på Vikøyri. Han vart attgift 1900 med husmannsdtr Anna Knutdtr Kvamme (1845–1939) frå plassen Hatleviki i Kvamsøy sokn. Birge hadde følgjande regle om andre kona si: «Ho Ane kona mi e flinke kone. Ho kan kare og spinnje, hespe og tvinje, vaske binnje, ute og innje, da e nett da same for hinnje». «Vetle-Birje» fekk 1921 stønad til kjøp av ½ mål ved, og frå 1924 fekk han årleg stønad. I 1927 vart det gitt stønad til å vøla vedsvoli. «Åreforkalka» står det ved død. Hus nr 39.

v126 Birge Jonson «Sylvarnes» (1739–1810) & 1804 Mari Brynildtr (1757–1823) fekk på Vikøyri: Anna 1803–03, Anna 1805–05. Sylvarnes må vera tenaradresse. Birge var truleg husmannsson frå Sæbø i Høyanger. Mari var dotter til ein skulehaldar i Kyrkjebø. Gifteåret er feil i kyrkjeboka, for dei var gifte ved folketeljinga i 1801.

v128 Birge Olason Hestviki v790 (1830–1864) frå plassen Hestviki under Hanavik i Kvamsøy sokn & 1854 Brita Endredtr Vikøyri v218 (1826–1887) fekk: Olina 1854 (gift i Bergen 1881, attgift 1891), Endre 1857 (gift i Bergen 1890, USA 1908), Ludvig 1860, Marta 1862, Guttorm 1865–65?. «Birge Vigørens enke» fekk i nokre år frå 1864 fattighjelp, men pengane skulle gå til klede for borna. Birge kjøpte stova etter Anders Nilsson v068. Brita vart attgift til Vikøyri v209. Av borna var Marta og Ludvig på Vikøyri i 1875. Dette året fekk Ludvig 4 spd til klede av fattigkassa «så at han kunde blive sat i stand til at reise til Bergen for at indsættes i lære». Marta 1862–94 fekk Lovisa 1885 med Haldor Arneson Pletten (1856) frå Lindås, busett i Bergen. Marta vart gift Sørebø og busett i Bergen.

v130 Botolv Henrikson Vikøyri v318 (1858) & 1879 Anna Johannesdtr Sogndalsfjøra (1854–1884) fekk: Birte 1880, Johanna 1882, Johan 1884–85. Botolv var matros. Botolv fekk Hans 1886 med Olina Lassedtr Målsnes v861 (1864–1956) og han vart attgift 1889 i Bergen med Anne Magnesen (1859) og huslyden flytta då til Bergen, der Botolv var handelsmann i 1900. Hus nr 2 vart overteke ca 1902 av Anders Jonson Vikøyri v048.

v132 Botolv Ivarson Haukenes (1807–1850) frå Fresvik & 1832 Ingeleiv Hansdtr Refsdal (1807) frå plassen Holedna fekk på Vikøyri: Hans 1830 (sjå v262), Ingegjer 1833, Elling 1837. Huslyden blir borte frå bygda. «Bottel Iversen Wigøren» døydde i Bergen ved «en ulykkelig hendelse ved at falde over borde». I 1850 måtte fattigkassa betala eit krav frå Bergens fattigkommisjon for gravferdskostnad for Botolv. Men det vart vedteke å krevja refusjon frå borna.

v134 Botolv Ivarson Tryti (1805–1871) frå lnr 110 & 1838 Anna Jondtr Vikøyri v536 (1801–1861) fekk: Gjertrud 1834–1922 (ugift, sjå v420), Ivar 1838 (v386), Isabella 1841 (lnr 95a Furehaugen på Fjærestad), Jon 1845. I 1865 budde Botolv og Gjertrud 1834 i same hus. Dei hadde ei lemstove med ein liten kokeomn. Botolv var murar. Jon Botolvson Vikøyri (1845–) gifte seg i Bergen 1876 og 1888. Ved teljinga i 1900 var han skipstømmermann i Bergen og hadde då med seg siste kona og fire born.

v136 Botolv Ivarson Koldingsnes (1856–1911) frå plassen Teigen i Kvamsøy sokn & 1884 Anna Sofie Gjertdtr Erikstad (1848–1928), plassdotter frå Svanøy i Kinn, budde i hus nr 35. Botolv var jekteførar. Då dei gifte seg, var Botolv politikonstabel i Bergen. Born: Mathilde 1884 (Øyane-Grov), Inga Lovise 1885 (hus nr 97 på Vetleøyri), Gerhard 1887 (hus nr 97), Albert 1888, Marie 1890 (Tuftedal i Balestrand, så Bergen), Olaf 1893. Olaf var fødd på Bruhjell i Balestrand. Dei andre vart fødde i Bergen. Før 1908 må Botolv ha selt hus nr 35 til Anders Ivarson v040 og flytta til hus nr 97 Vetleøyri.

v138 Botolv Lasseson Voll (1779–1833) frå lnr 80 & 1820 Synneva Ellingdtr Tryti (1782–1835) frå lnr 105 fekk på Vikøyri: Lasse 1820 (plass lnr 51 Orvedal), Ellend 1824 (Eitorn i Leikanger).

v140 Botolv Palneson Vikøyri v866 (1756–1799) & 1776 Brita Rognalddtr Juvik (1753) frå lnr 5 fekk på Vikøyri: Palne 1777–1822, Rognald 1780–80?, Rognald 1781–1841, Anders 1783–83?, Anders 1788– 1868, Andreas 1789–89?, Hans 1792–1849 (døydde i Bergen), Botolv 1795–1848. Botolv Palneson var skomakar. I 1801 hadde enkja Brita berre med seg tre born: Anders, Hans og Botolv. Palne var då i Bergen. Han døydde som korporal ved artilleriet i Bergen. Også Rognald vart busett i Bergen og gifte seg i 1822 med Birte Oladtr frå Leikanger prestegjeld. Botolv 1795 døydde i Bergen som almisselem. Anders 1788 gifte seg i 1811 med Anna Katrina Sunde, truleg frå Førde, og dei var busette i Bergen. Anders vart dømt til tvangsarbeid fem gonger mellom 1857 og 1860. Han døydde på «arbeidsanstalten».

v142 Brita Andreasdtr Vikøyri v102 (1854) fekk Kristina Marie 1874 med Ivar Andersson Vikøyri v030 (1852). Brita reiste til USA 1907. Kristina Marie Ivardtr Vikøyri (1874) fekk Ingvald Andreas 1900–03 med sjømann Ivar Eirikson Vikøyri v174 (1879).

v144 Brita Hansdtr Vikøyri v400 (1869–1919) fekk Immanuel Ingolf 1897, «Mandu», med Jens Larsson Husabø (1873–1931) frå Leikanger. Ho overtok huset etter fosterforeldra. Sjå meir under hus nr 32.

v146 Brita Ingebrigtdtr Vetleøyri s076 (1812–1884) var ugift huseigar på Vikøyri i 1856 og 1868. Ho hadde overteke stova til Nils Andersson v700. Brita fekk Birte 1851 (Bergen) med Anders Sjurson Sjelberg? Brita var ein av dei få einslege på Vikøyri som døydde utan å ha fått fattighjelp. I 1909 var huset hennar overteke som uthus av Brita Larsdtr Vikøyri v608, v148. Det hadde hatt stove i ein ende og fjøs i den andre.

v148 Brita Larsdtr Vikøyri v608 (1842–1932), «Habna-Lars-Brita», fekk Ingebrigt 1878 (til Florø, sjå òg v354) med Gjert Nilsson Vikøyri v718 (1854–1914). I 1900 var Brita huseigar saman med systera Marta Larsdtr Vikøyri (1842–1924). Hus nr 91.

v150 Brita Styrkdtr Vikøyri v930 (1825) fekk Gurina Sesilia 1847 med slaktar Gabriel Smith frå Bergen. Brita reiste truleg frå bygda, slik at ungen vart oppfostra av besteforeldra på Vikøyri. Gurina reiste til Amerika i 1856.

v152 Brita Tordtr Ovri (1870–1952) frå lnr 70b kom til Vikøyri ca 1910. Ho hadde sonen Torvald 1903 (kalla Piteseten). Brita budde i hus nr 70. Helsa svikta kanskje tidleg, for alt i 1927 fekk ho «påkrevet understøttelse». Det er skrive at sonen reiste til Australia og at han sende ein eller fleire sjekkar til henne. Men Brita skjønte ikkje at dette var pengar.

v154 Christopher Bernhard Parelius (1825), fødd i Lavik, & Birgitte Alvig Rasmussen v298 (1823–1898) budde ei tid i Vik, der han var klokkar. Seinare var han jekteskipper og handelsmann. Dei to var søskenbarn. I Vik fekk dei med adresse Grov: Christopher Bernhard 1848, Berthilde Sophie 1850, Hans Petter 1852. Deretter var dei i Lavik, Førde, Bergen og Stord før huslyden reiste til USA i 1867. I alt var det 9 born.

v156 Christopher Parelius Rasmussen v298 (1826–1913) & Magdalene Katharine Henrikdtr Parelius (1816–1897) frå Bergen fekk: Sofie 1850–61 (døydde av meslingar), Albertea Martine 1854–63, Petra Hansine Marie 1859 (v310). Christopher og Magdalene var søskenbarn. Sjå meir under lnr (1+4)b Sæbø fremst under Vikøyri.

v158 David Fredrik Orning (1697–1772) & 1726 Else Sofie Madsdtr Sæbye (–) fekk: Hans Mathias 1728 (prost og universitetslærar i dei baltiske landa), Blancheflor Cathrine 1733 (Bergen), Anna Sophie 1743 (Bergen). Orning var av adelsætt. Han var klokkar og lærar i bygda. Else Sophie var dotter til klokkar og gjestgjevar Mads Hansson Sæbye (1640–1734). I åra 1726–30 dreiv dei gjestgjeveriet på Vikøyri, men i 1760 var dei på Vetleøyri. Seinare var dei truleg i Skaffargard, som hadde vore klokkargard, men no var eigd av Anders Daae. Sjå meir under «Gjestgjeveriet» under hovudkapitlet Vikøyri.

v160 Edvard Andersson Vikøyri v080 (1871–1945) & 1905 enkja Anna Marie Monsdtr Thorsen v692, v104 (1867–1946) fekk: Agnes Emilie 1906–23 (tæring), Gudrun 1907 (v668), Anna Marie 1908 (Bergen). Edvard var bakar. Bakeriet var hus nr 41. Edvard var son til «Fylis-Anders» og vart difor kalla «Fylisen». Han dreiv kafé i bakarhuset, «Fyliskafeen». Huslyden budde i hus nr 59 og som vi trur enkja Anna hadde med seg inn i ekteskapet.

v162 Edvard Andersson Vikøyri v086 (1892–1973) & 1919 Kristina Tomasdtr Nese (1896–1978) frå lnr 46b i Arnafjord sokn fekk: Anna 1921 (Høyanger), Kari 1923 (Årdal), Arne 1925 (Bergen). Edvard eller «Moses» var skomakar på Vikøyri. Huslyden overtok hus nr 48 etter Ingeborg Gullteigane v432. Huset står enno.

v164 Edvard Andreasson Jensen v098 (1900–1960), elektrikar, & 1946 Brita Johannesdtr Tenold v478 (1901–1976) frå Tønderbruket på Seim hadde ikkje born. Dei budde i huset etter foreldra hans: hus nr 86.

v170 Einar Ingebrigtson Vikøyri v372 (1805–1886) & 1831 Kari Oladtr Åse (1798–1861) frå plass under lnr 35 i Åsberget i Arnafjord sokn fekk: Anna 1830, Ola 1833 (v752), Synneva 1836 (v746), Randi 1839, Durdei 1839–81. Einar fekk fattighjelp dei siste åra han levde. Han døydde i Nummedal. I følgje den gamle bygdeboka pynta Einar seg opp med kvit vadmålstrøye. Det var eit gamalt tradisjonsplagg. Einar hadde ei lemstove med kokeomn av malm. Ho var i 1868 overteken av sonen Ola. Anna Einardtr Vikøyri (1830–1881) var ugift, men hadde ei dotter Anna 1872 med Anders Person Vikøyri v086. Anna 1872 var sjuk i konfirmasjonsalderen, og morbroren Ola 1833 fekk fattighjelp for henne, men ho flytta til Bergen i 1890. Ved teljinga i 1900 vart ho kalla Anna Petersen. Randi Einardtr Vikøyri (1839–1881) var òg ugift. Ho fekk Kari 1869–69 med Lasse Olason Vetleøyri s132 (1851).

v172 Eirik Ellingson Vikøyri v204 (1772) & 1798 Ragnhild Arnedtr (1764–1831) fekk: Sigrid 1798 (lnr 108b i Trytisøyna), Ragnhild 1800–00?, Ragnhild 1801 (sjå note lnr 14 Tenål), Gunhild 1805, Elling 1809 (v205). Ved vigsla i 1798 var Geithus stadnamnet for dei båe. Det må vere tenaradresser. Dei to vart førde opp på nytt som gifte i 1805. Det er mange slike feil i kyrkjeboka på denne tida. Vi finn dessutan at i 1801 vart farsnamnet til Ragnhild skrive Anfin. Ho var då 36 år, men då ho døydde i 1831 var alderen 78 år. Det siste er nok mest feil. Eirik fekk truleg som gift mann Ola 1809 (Sagi, Kvamme) med Mari Oladtr Vetleøyri s164 (1777–1842), sjå s091. Gunhild Eirikdtr Vikøyri (1805–1898) var pleietrengjande frå 1881. Ho kom då på legd undernamnet «Gunhilde Tenold».

v174 Eirik Ellingson Vikøyri v205 (1843–1927) & 1869 husmannsdtr Helene Hansdtr Svardal (1837–1909) fekk: Olina 1869 (USA 1889), Elling 1872–72, Ivar 1873–76, Ingebjørg 1876–77, Ivar 1879. Ivar fekk Ingvald Andreas 1900–03 med Kristina Marie Ivardtr Vikøyri v142 (1874). «Bostov-Eirik» finn vi fleire gonger i fattigprotokollen. Hus nr 65. Dette huset låg under bnr 29/1 Holstad.

v176 Eirik Kristofferson Valsvik (1803–1884) frå plassen Jarvane, enkjemann & 1857 enkja Brita Eliasdtr Vikøyri v196, s108 (1818–1866) fekk Kristina 1854–54? i Eivindvik. Der var Eirik skomakar. I 1865 budde dei på Vikøyri og Eirik var «søfarende». Eirik vart kalla «Erik Jarven» i fattigprotokollen, for di han kom frå Jarvane i Valsvik. Frå mai 1867 til mai 1868 sat Eirik på tukthuset i Bergen. Då hadde han for tredje gong fått dom for simpelt tjuveri. I 1875 vurderte fattigkommisjonen å setja Eirik bort til fast forpleiing for å hindra at han reiste rundt og tigga. Enkja Brita hadde fått Anna 1849–62 med Anders Hermundson Hallrynjo s016 (1828–1878). Eirik vart først gift 1834 med Sigrid Hansdtr Otterskreda (1804–1852) frå Notaberget. Dei var plassfolk i Valsvik og hadde ikkje born.

v178 Eirik Larsson Hovland (1817–1896) frå Årdal & 1846 Marta Jondtr Rinde (1812–1886) frå Feios budde i 1865 på Vikøyri og hadde Ingeborg 1845. Han vart tilsett som lensmann i Vik i 1864. Han kom frå ein lensmannsstilling i Aurland. Hovland kjøpte lnr (1+4)c i 1872, og huslyden var i 1875 flytta til inn i ny bustad der Vikjatunet er i dag. Sjå meir under Sæbø.

v180 Eirik Lasseson (1703–1743) & Guri Oladtr Seimsøyri (1665–1743) hadde neppe born. Dei vart gravlagde same dag i det store dødsåret 1743.

v182 Eirik Nilsson Høgheim (1731–1806) frå Fresvik & 1759 Kari Bårddtr Øksdal (1739–1785) frå lnr 3 i Vangsnes sokn var i 1760 i Øksdal, i 1763 innerstar på lnr 190+191 Vangsnes og i 1765 i Borlaugviki i Feios. Dei fekk: Nils 1760 (v702) og Bård 1765 (gift i Sogndal). Deretter kom dei til Gotevik. Det vart han attgift 1790 med Barbra Botolvdtr Refsdal (1742–1823) frå lnr 60. Som fleire andre eldre, fattige folk kom dei så til Vikøyri.

v184 Eirik Olason Esestrand (1811–1847) & 1835 Guri Gjertdtr Balholm (1789–1882), båe frå Balestrand, fekk på Vikøyri: Sitona Katrina 1836–52. Guri må før ha fått Nils 1814 (v718). Barnet er ikkje døypt i Leikanger prestegjeld, men guten vart konfirmert 1830, 15 år, med oppgitt far: «Ole Tomassen». Eirik var bygningsmann. Han fortalde sjølv at han miste 6 hus ved brannen i 1838. I 1864 fekk Guri fattigstønad, men fattigkommisjonen ville ha utlegget refundert frå sonen. Deretter fekk Guri likevel årleg fattigstønad. I 1865 og 1875 budde ho åleine på Vikøyri, i ei lemstove etter enkja Marta Jondtr v466. I 1878 vart ho sett bort til forpleiing. Også no ville fattigkassen ha pengar tilbake frå sonen.

v186 Eirik Sjurson Vikøyri v910 (1847) & 1871 Olina Oladtr Frettheim (1849) frå plass under lnr 40a i Arnafjord sokn fekk: Ola 1869 og Sjur 1871. Dei reiste til USA 1872.

v188 Eli Ingebrigtdtr Vetleøyri s170 (1783–1871) var ugift huseigar i 1846, 1856 og 1868. Ho hadde truleg overteke eit hus som enkja Ragnhild Andersdtr Vetleøyri s156 hadde hatt på Vikøyri før ho gifte seg på nytt. Eli fekk fattighjelp frå 1864. I det året ho døydde vart det utbetalt godtgjersle til to øyrajenter for pleie.

v190 Eli Monsdtr Vetleøyri s144 (1830–1905), «Vossa-Eli», fekk Mons 1858 med Lasse Sjurson Hovland (1829–) frå lnr 4b i Vangsnes sokn og Anders 1853 (v086) med Per Hansson Svardal (1814–1916) frå lnr 10. Mons 1858 var på Vikøyri i 1875, men kjem så bort for oss. Eli må ha vore ute av bygda nokre år, for i fattigprotokollen i 1898 er det skrive at ho var komen tilbake og trengde hjelp. Ho fekk så årleg fattighjelp. Eli hadde i 1900 hus under bnr 1/1, truleg hus nr 2. Det vart overteke av Anders Jonson Grønsberg v048.

v192 Elias Andersson Vikøyri v030 (1841–1919), krøtterhandlar, & 1878 Kari Johannesdtr Kringlen (1849–1923) frå plass 8 på Vange fekk: Ivar 1877 (USA og v388), Johannes 1879 (Egersund), Birte 1881 (v100), Anders 1884–1907, Marie 1886–86, Martin 1888–1906, Kristian 1890 (USA 1909, sjå òg «hus på bygsla grunn» i Røysane-Vange), Ola Johan 1893 (USA 1910), Hermund 1897 (Haugesund). Elias hadde òg Martin 1868 (Bergen) med Ragnhild Hansdtr (1846–1869) frå Lærdalsøyri. Hus nr 42 vart overteke av Birte 1881.

v194 Elias Nilsson Navdal (1856–1944) & 1889 Inger Gerharddtr Hjartås (1858–1940), båe frå Gulen, kom til Vik ca 1892. I åra 1902–40 bygsla dei ein plass under Dingja i Gulen. Elias var snikkar. Born: Jørgina 1888, Severin 1890–1918, Gerhard 1893–94, Gerhard 1895, Bernhard 1897–1922 og Birte 1900. Elias hadde òg Nils Andreas 1888 (Haugane i Eivindvik) med Dortea Johannesdtr Virkesdal. Borna vart ikkje busette i Vik. Vi trur at Elias hadde hus nr 68.

v196 Elias Sveinson Skildheimhaugen (1790–1858) frå Luster & 1812 Brita Andersdtr Vikøyri v050 (1782–1861) fekk: Svein 1812 (v933), Anders 1815 (v030), Brita 1818 (s108, v176), Ragnhild 1821 (v209), Isabella Margreta 1825 (v056). Elias kom til Vik ca 1805. Han var i 1817 «kjedelflikker», men seinare var han hesteskjærar. Yrket førte til at ha reiste mykje rundt i bygdene. Elias hadde ei røykstove som vart overteken av Elling Lasseson v209.

v198 Ellend Halvarson Linde (1730–) & 1753 Anna Jakobdtr Vikøyri v422 (1721–) var truleg busette på Linde, Kvamsøy sokn. Dei fekk Guri 1753. Foreldra hans må vera Halvar Mortenson Linde (1683–1752) & 1729 Margreta Ellingdtr Hægland. Elling vart attgift 1757 med Solveig Andersdtr Vikøyri (1725–). Dei var truleg busette på Vikøyri der Ellend var skaffar. Born: Halvar 1758, Elsebe 1760 (v213), Magnhild 1763–63, Magnhild 1768. Eit anna ektepar var: Ellend Halvarson «Seim» (1727–), soldat og ungkar, & 1758 Marta Sørendtr Vikøren (–). I 1763 var det berre ein «Elling» Halvarson med hustru på Vikøyri. Kven det var, finn vi ikkje sikkert ut av, men vi trur det er den første. I konfirmasjonslistene finn vi den første i 1758 med stadnamnet Ytre Nesse og den andre i 1753 med stadnamnet Seim. Det er rekna med at Anna og Solveig var 20 år då dei vart konfirmerte. Far til Elsebe 1760 var «Elling skaffar» og det må vera den første. Då Halvar 1758 vart døypt, var fleire fadrar frå Linde, mellom dei enkja Magnhild Linde, slik at det må vera den første som var far både til Halvar og dei to med namnet Magnhild. Enkja var truleg Magnhild Nilsdtr (1701–1767) som døydde på Vikøyri.

v200 Ellend Jonson Hove (1772–1838) frå lnr 75 & 1806 Gyrid Øysteindtr Vikøyri v980 (1776–1849) fekk Jon 1815–36. Huslyden budde på Vikøyri. Enkja Gyrid var så «heldig» at ho fekk plass på ei legd i 1846.

v202 Elling Andersson Vikøyri v058 (1787–1852) & 1814 Marta Eirikdtr Huse (1790–1852), husmannsdtr frå Ljotebø i Kyrkjebø, fekk: Anders 1815–15?, Anders 1816, Eirik 1820 (til Nord-Noreg). Etter oppgitt alder ved død skulle Elling vera fødd ca 1775. Dersom det er rett, var han neppe frå Vik. Anders Ellingson Vikøyri (1816–1864) var døvstum. Han vart kalla «Nøren». Truleg hadde han vore hjå lensmann Aarestrup i Bø i lengre tid og gjort nytte for seg der. I 1862 var han blitt sjuk og lensmannen skulle ha 14 spd per år for pleie. Men då Anders vart sengeliggjande i 1864, ville lensmannen kvitta seg med han. Det var fattigkommisjonen kritisk til og ville ikkje hjelpa til med å finna nokon som ville overta. Anders døydde i Bø same året.

v204 Ellend Eirikson Øvre Hove (1732–) gifte seg med Gjertrud Oladtr Åse (1733–) frå lnr 34 i Arnafjord sokn og fekk: Anna 1751–51?, Brita 1756–58, Ellend 1758–58?, Brita 1761. Ellend og Gjertrud var leiglendingar på lnr 74, men flytta til Vikøyri ca 1765 og fekk: Ola 1768 (plass i Finnen i Arnafjord sokn) og Eirik 1772 (Vikøyri v172).

v205 Elling Eirikson Vikøyri v172 (1809–1884) & 1841 Ingeborg Alfdtr Hola (1801–1846) frå Seljadalen fekk: Ragnhild 1839 og Eirik 1843 (v174), «Bostov-Eirik». Ingeborg døydde ved barsel. Elling vart attgift 1848 med Mari Ivardtr Osland (1812–1875) frå Kyrkjebø. Born: Ingeborg 1849 (Bergen), Martin 1852 (v666), Ola 1859–60. Frå før hadde Mari sonen Ivar 1843 (v400), «Bostov-Ivar», med Lasse Rognaldson Slantevik i Kyrkjebø. Elling var daglønar i 1865, grisehandlar i 1875.

v206 Elling Endreson (1777) & Sigrid Amunddtr (1776) fekk: Endre 1803–03, Endre 1804–04?, Gjertrud 1808 (v572 og USA), Endre 1812–14, Kari 1815, Gjørond 1818 (v252). Elling var truleg frå Njøs, Leikanger. I 1801 var han dreng i Juvik, ho tenestejente i Tveit. Foreldra hennar kan ha vore busette på Vikøyri, sjå v014. Elling betalte skatt i 1817, men noko yrke er ikkje oppgitt.

v207 Elling Guttormson Vikøyri v252 (1852) & 1874 husmannsdtr Birte Oladtr Indre Nesse (1849) frå Kvamsøy sokn reiste til USA i 1874.

v208 Elling Kristofferson Vikøyri v600 (1787–1822) fekk på Vikøyri Ola 1816 (v766 og USA) med husmannsdtr Ingeborg Oladtr Ytre Nesse (1790–1874) frå Kvamsøy sokn. Ingeborg vart gift til Vikøyri v618.

v209 Elling Lasseson Vikøyri v642 (1821–1900), grisehandlar i 1875, & 1848 Ragnhild Eliasdtr Vikøyri v196 (1821–1857) fekk på Vikøyri: Brita 1843–52, Brita 1846, Lasse 1848 (v634), Marie 1851 (tenestejente på Seim 1865, deretter borte), Elias 1855 (plass lnr 64 Stedje), Svein 1857 (USA 1861 frå Svolsvik, var truleg fosterson). Elling vart attgift 1862 med Marta Perdtr Kvamme (1807–1872), ei dotter til bonde Per Jensson Kvamme i Kvamsøy sokn, og i 1876 med enkja Brita Endredtr Vikøyri v218, v128 (1826–1887). Marta 1807 hadde frå før Gyrid 1841 (v870) med Amund Torkjellson Vetleøyri s224 (1821–1873) og Anna 1850 (v950) med Ingebrigt Botolvson Skjørvo (1819–1909) frå lnr 112 (som kom til ein plass under lnr 108 Tryti).

v210 Elling Lasseson Vikøyri v634 (1879–1932) & 1900 Anna Katrine Oladtr Alrek (1876–1922) frå lnr 61 i Arnafjord sokn fekk Lina Marie 1901. Elling hadde dessutan Sitona 1900–07 med Ingeborg Oladtr Vetleøyri s176 (1869–1921). Elling var snikkar. Huslyden reiste til USA i 1902.

v211 Elling Markusson (1723–1762) & 1749 Brita Oladtr Vikøyri v730 (–1786) fekk: Anders 1749, Gunhild 1751, Anna 1755. Elling hadde òg Per 1743 med Torbjørg Perdtr Vikøyri (1707–1747). Adresse for Elling ved konfirmasjon var Bø og ved giftarmål Hove, men det er meir truleg at han var frå Voll. I 1758 var han fattig og vanfør. Borna var borte i 1801. Brita vart attgift 1769 til Vikøyri v512. Ho hadde ikkje arvingar.

v212 Elling Olason Vikøyri (1760–1830) & 1787 Barbra Rognalddtr Juvik (1757–1829) frå lnr 5 fekk på Vikøyri: Ola 1790–90? og Anna 1794 (v514). Elling vart konfirmert i 1779 med stadnamnet Vikøyri.

v213 Elsebe Ellenddtr Vikøyri v198 (1760) fekk Lussi 1790 (v790) med Torgeir Madsson Tveiten frå Vang i Valdres og Brita 1796 med Ola Mortenson. Dei to fedrane finn vi ikkje i Sogn i teljinga 1801. Brita Oladtr Vikøyri (1796–1877) fekk Lars 1816 (v606) med Hans Olason Vangsnes (1796–) frå lnr 190. Dei to døtrene til Elsebe vart kalla «Dilte-Lussi» og «Dilte-Brita» i fattigprotokollen. I 1870 vart det innført at Dilte-Lussi og Angunna Vikøyri vart nekta tilskott for året av di dei ikkje ville gå i legd. Det var hevda at legd for dei kunne «indskrænke deres hyppige tiggeri». Dilte-Brita kom på legd alt i 1860. Lussi døydde som fattiglem på Vikøyri.

v214 Endre Andersson Orvedal (1712–1774) frå lnr 51 & 1738 Brita Hansdtr Føli (1709–1754) frå lnr 20+21 var til ca 1845 husmannsfolk på Vange. Brita var spedalsk då ho døydde. Då Endre døydde, var det følgjande born etter dei: Gjertrud 1738 (gift til Ytre Ese i Balestrand), Anders 1745 (ikkje i bygda i 1774), Brita 1746, Barbra 1750. Dei hadde òg Kari 1744 som døydde før konfirmasjonsalder. Barbra var fødd på Vikøyri. Ho fekk Brita 1772 med Markus Nilsson «Hålen» v660 (1753–1831). Endre Andersson «Brekke» vart attgift 1763 med Ingrid Tolleifdtr «Vange» (1725–1781) og dei fekk: Synneva 1764 og Barbra 1766. Brekke og Vange var truleg tenaradresser. Ingrid var neppe frå bygda. Ho drukna i Vangselva. Endre døydde på legd og med stadnamnet «Vigøren». Dei to borna deira var tenarar i Finnen då dei vart konfirmerte i 1781. Dei kjem så bort for oss.

v216 Endre Andersson Andersen v032 (1825–1908) & 1851 Brita Johannesdtr Føli (1827–1895) frå lnr 23 fekk: Anders 1851, Gjertina 1854–54, Johannes 1855– 56, Johannes 1857 (Bergen), Gjertina 1860 (til «Lærarjord» i Gildhus), Andreas Bartolomæi 1863 (advokat, Oslo), Edvard 1867–1931 (ugift, handel i Oslo, sist bnr 40/18 Gildhus). Endre vart i 1865 kalla gardbrukar og skomakar, men han var seinare landhandlar. Han var òg kommunekasserar. Edvard 1867 fekk Jakob Bartolomæi 1885 med Brita Perdtr Vikøyri v884. Endre hadde eit lite småbruk, bnr 1/7 0,12 mark. Det var frådelt lnr 3 Sæbø i 1874. I 1875 var jordbruket: 1,5 daa potet og 2 kyr. Denne jorda blir borte i matrikkelsystemet. I 1868 budde huslyden i eit hus med loft, hus nr 23 «IngerEndre-huset». I tillegg hadde Endre og sonen Anders frå 1889 eit forretningsbygg, hus nr 19, ved hovudgata. I 1892 hadde han 7 bygningar verdsette til kr 9720. I 1903 eigde han ei krambu, ein einetasjes bygning, eit eldhus, ein stovebygning, ein fjøs, ei løe, ei sjøbu og eitt naust til ein verdi av kr 10900. Anders Endreson Andersen (1851–1919) var ugift. Han dreiv landhandelen vidare.

v218 Endre Andersson Vikøyri v034 (1792–1872) & 1822 enkja Mari Sjurdtr (Holane) Vikøyri v326 (1793–1870) fekk: Hermund 1823 (s068), Brita 1826 (v128), Marta 1829, Anders 1831 (s012), Ola 1834 (v770). Den gamle bygdeboka seier at «OrEndre» var frå Feios, men det er feil. Endre hadde i 1868 ei røykstove med kokeomn. Han var fattiglem i 1865. Også Mari døydde som fattiglem.

v219 Endre Frikson (–) & Ingrid Simondtr Bø (–) frå lnr 104 var busette på Vikøyri. Born: Kari (ugift), Brita 1716 (Vikøyri v544).

v220 Endre Guttormson Vikøyri v252 (1860–1933) & Anna Jakobdtr (1859–1889) frå Vanylven i Møre og Romsdal: sjå lnr (1+4)f Flåten under Sæbø. Huslyden var i hus nr 85 i Allmenningen fram til ca 1914.

v222 Endre Hans-Petterson Vikøyri v302 (1887–1974) & 1911 Johanna Ivardtr Hove (1883–1928) frå lnr 77a fekk: Peder 1912–18, Ivar 1915 (hus nr 85), Borghild 1918–2003 (Burgsteinfurt i Tyskland), Birgit 1920 (Fredrikstad), Jenny Edel 1926 (Fredrikstad). Endre tok familienamnet Pettersen. Hus nr 26, kjøpt frå enkja Brita Arnedtr v472. Omkring 1916 selde Endre huset og overtok hus nr 85 i Allmenningen.

v224 Endre Simonson Vikøyri v904 (1759–1821) & 1791 Eli Matiasdtr (1750–1831) fekk: Matias 1793 (plass Øyane-Sjøtun), Jonas 1796. Eli vart ikkje konfirmert i Vik, og ho var såleis neppe frå bygda.

v226 Endre Sjurson Vikøyri v910 (1841–1878), grisehandlar, & 1866 Anna Hermunddtr Vetleøyri s074 (1843) fekk: Hermund 1866 (USA 1885), Brita 1869 (USA 1895), Tor 1871 (USA 1887), Severina 1873 (USA 1893), Hans 1876–98 (spedalsk, døydde i Bergen). Endre kjøpte huset til Morten Ingebrigtson v696. Der sette han inn kokeomn. I 1876 fortalde distriktlege Meyer fattigstyret at Endre var sjuk og ikkje kunne utføra hardt arbeid og at huslyden trengde årleg støtte. Det fekk dei. I 1886 vedtok fattigstyret å betala reisa til spedalsksjukehus i Bergen for Hans. Både han og broren Tor fekk pengar til klede og til reise til Bergen. Derfrå hadde Tor billett til Amerika. Vi kan gissa på at det siste var ordna frå ein farm i USA og at kostnaden skulle dekkast med arbeid når han kom fram. Mora skulle fylgja gutane til Bergen og fekk pengar til å reisa fram og tilbake. Enkja Anna reiste til USA 1895.

v228 Finn Martinson Larsen v674 (1910–1966) & 1937 Agnes Bremerthun (1907–1978) frå Hafslo: sjå bnr 41/19 i Villastrøket–Sjøtun.

v228 Francis Fredrikson Olsen (1881–1946) var fødd i USA. Foreldra var Fredrik Olason Hopperstad (1824) frå lnr 123 & Ragnhild Botolvdtr Stadheim (1840–1920). Om foreldra til Ragnhild: sjå note lnr 31. Francis kom til Vik i 1928 og busette seg i hus nr 84. Han var ein original. Han har fått minnetavle på Vikøyri.

v232 Fredrik Martin Olai Olason Friksen (1871–1946) frå Øksnes i Lofoten, fyrbøtar, & 1896 Sitona Kjelldtr Vikøyri v560 (1872–1949) budde på Vikøyri. Far til Fredrik var frå Vetleøyri: s044. Fredrik og Sitona var søskenbarn. Born: Julia 1897, Konrad 1900, Franka Sofie 1902, Anne Marie 1905, Agnes 1908–10, Sigrun 1910. Fredrik overtok hus nr 29 etter Kjell Frikson v560.

v234 Gabriel Larsson Løfald (1870–1929) frå Indre Holmedal & 1900 Kari Larsdtr Mundal (1874–1936) frå Fjærland vart husmannsfolk på Bruavoll ca 1902. Ca 1910 kom dei til Vikøyri. Gabriel var postbod. Born: Marie 1900, Lars 1903, Johannes 1905, Sjur 1909 (v912), Lovisa 1912–18, Anna 1916. Hus nr 71.

v236 Gierdt Emanuel Kolderup (1785–1870?) frå Bergen, bakarmeister, & Signe Elisabet Margrete Gabrieldtr Lund (1793) frå Farsund kom truleg til Vik før storbrannen i 1838. I 1846 hadde bustadhuset teglsteintak og bordkledning. Det var stove, kammers, kjøken, loft, trefags vindaugo og ei treetasjes kakkelomn i huset. Huset vart verdsett til 250 dalar. Bakarhuset hadde forsvarleg mura bakaromn og verdien var 50 dalar. Paret busette seg i Stavanger frå ca 1855. Utgiftene som fattigvesenet i Stavanger ville ha refundert var store, og i 1869 vedtok fattigstyret at dei to måtte sendast til Vik, slik at dei kunne setjast ut på legd. Dette kravet vart fremja på nytt ovafor «madam» Kolderup etter at ho vart enkje. Men ingen av dei kom tilbake til Vik.

v238 Gjert Nilsson Vikøyri v718 (1854–1914) & Maria Torsteindtr Brusegard (1858–1948) frå Sogndal fekk: Nils 1884, Torstein 1885, Andreas 1887, Sesilia 1888–92, Brita 1891, Sigvald 1893, Ivar 1895, Sigurd 1887, Synneva 1899, Georg Magnus 1901. Frå før hadde Gjert sonen Ingebrigt 1878 (v354) med Brita Larsdtr Vikøyri v608 (1842), sjå v148. Han hadde òg Eli 1881 og Fredrikka 1883 med Birte Petterdtr Tenål, sjå lnr 14 Tenål. Gjert dreiv først som handelsmann, men gjekk konkurs og dreiv deretter som målar. Huslyden reiste til USA frå Vikøyri 1902–07. Huset låg under bnr 1/1. Det var truleg hus nr 49 som i 1908 var overteke av Per Sveinson Kvamme v886.

v240 Gjertrud Andersdtr Menes v028 (1887–1971) frå Balestrand var ugift, dreiv syskule. Hus nr 74.

v242 Gjertrud Oladtr Finnen (1852–1926) og systera Brita Oladtr Finnen (1844–1928), husmannsborn, var i året 1900 busette i hus nr 84. Dei levde av strikking og spinning. Gjertrud fekk Birte 1882, sjå plass under lnr 52 Finnen. Brita fekk frå 1903 litt fattigstønad og i 1914 fekk ho og nokre andre på Vikøyri ekstraløyving for at dei skulle få installert elektrisk lys.

v243 Gullak Johannesson Austheim (1791–1856) frå Fitje i Kyrkjebø & 1819 Sesilia Aslakdtr Tune (1780–1864) frå Ortnevik i Kyrkjebø kom til Vikøyri etter 1821. Born: Aslak 1819 (v118), Johannes 1821 (v464). Gullak fekk fattighjelp det året han døydde. Kona fekk fattighjelp i 1861 og kom på legd året etter.

v244 Guri Markusdtr Vikøyri v662 (1731) fekk Randi 1761 med Einar Jonson «Vikøyri» (1740). Einar vart konfirmert 1760 med tenaradressa Fosse. Randi Einardtr Vikøyri (1761–1825) var ugift. Ho budde på Vikøyri. Ho fekk Markus 1799–99 med Svein Olason Medhus v934.

v246 Guttorm Bendikson Hamnen v120 (1826) & 1859 Ragnhild Oladtr Seim (1828): sjå plass i Vedledna under Seim, lnr 10b.

v248 Guttorm Gjestson «Seim» (1706–1775) & 1732 Synneva Arnedtr Seimsøyri (1702–1781) fekk: Gjest 1732–61, Randi 1733 (v788), Dorte 1743–56, Kristi 1744 (v374), Brita 1747–1807. Seim må vera tenaradresse for Guttorm. Synneva hadde truleg ein bror Jon (v500). I 1760 hadde Guttorm leigebuarar i huset sitt. Sonen Gjest gifte seg og kom til plassen Nautaskreda i Fjærland. Der fekk han Gjest 1761.

v250 Guttorm Jakobson Vikøyri v422 (1725–1806) & ca 1790 enkja Guri Monsdtr Vikøyri v376 (1740) hadde truleg ikkje born. Guttorm var ein av tre øyringar som betalte formueskatt i 1789. Han var skysskaffar i 1801. Han var neppe på Vikøyri i åra 1758–62.

v252 Guttorm Lasseson Vikøyri v642 (1827–1876), grisehandlar, & 1848 Gjørond Ellingdtr Vikøyri v206 (1818–1907) fekk: Brita 1849 (v366, USA), Elling 1852 (v207, USA), Gjertrud 1854 (Bergen), Lasse 1857 (USA 1875), Endre 1860 (v220), Kari 1863–63. Gjørond hadde dessutan Sigrid 1842–65 med Johannes Hansson Vikøyri v468. I 1868 hadde Guttorm ei røykstove med innsett kokeomn i malm. Stova var overteken etter svigerfaren Elling Endreson v206.

v254 Guttorm Rolandson Tistel (1774–1849) frå lnr 91+92 & 1808 Anna Oladtr Øksdal (1777–1854) frå lnr 2 fekk: Brita 1810 (s180), Roland 1815–15, Roland 1816 (Brekkehagen på Bøadalen, så USA), Ola 1821 (s166). I 1819 hadde Anna flytta frå Guttorm og budde på Hove, men forlikskommisjonen formana dei til å leva saman som ektefolk, og det lova dei båe å gjera. «Tistel-Guttorms enke» fekk fattighjelp det året ho døydde. Huset vart selt til Hermund Sjurson v348.

v260 Hans Andreasson Vikøyri v094 (1802–1874) & 1830 Marta Perdtr Limmesand (1793–1852) frå plass under lnr 13 hadde ikkje born. Hans vart attgift 1853 med strandsitjardtr og enkje Mari Stillaugdtr (Stølen) Raudboti (1810) frå Fjærland. Heller ikkje dei hadde born. Hans var fiskar. Han hadde ei raudmåla lemstove med kokeomn i malm.

v262 Hans Botolvson Vikøyri v132 (1830–1906) var i ung alder i bakarlære i Bergen og gifte seg 1855 med Marie Hansdtr (1830) frå Sarpsborg. Dei hadde ikkje born. Hans dreiv deretter bakarforretning på Hamar, men kom ca 1868 til Kristiania. Der vart han omvend og byrja som predikant. Han vart ein kjend forkynnar og gav ut bøker. Frå 1882 til ca 1890 var han i USA.

v264 Hans Hansson Vikøyri (1705–1761) & 1724 Brita Hansdtr Frekaland (–) frå Leikanger hadde ikkje born som vart vaksne. Hans vart attgift 1732 med Anna Stillaugdtr Øygarden (1700–1734) frå Fjærland og fekk Per 1733–33?. Han gifte seg på nytt 1735 med Magnhild Nilsdtr Skåsheim (1715–1767) frå Balestrand. Born: Nils 1736–36, Brita 1739 (v636), Nils 1743 (v704), Anna 1745 (v522). Hans var tambur.

v266 Hans Henrik Jakobson Bartolomæi v418 (1718–1742) var skomakar på Vikøyri. Han gifte seg 1739 i Bergen med Eli Styrkdtr (–). Dei fekk: Jakob Peter 1741. Sonen kjem bort for oss.

v268 Hans Henrik Jakobson Bartolomæi v428 (1749–1786) & 1772 Sigtrud Andersdtr Vikøyri v074 (1750–1819) fekk: Andreas 1773 (v094), Jakob Petter 1776–1834?, Johannes 1779 (v466), Gjertrud Sofie 1782, Anna Sofie 1784 (v758, v336). Hans var skomakar og jekteførar. Frå 1781 var han lensmann.

v270 Hans Henrik Olason Vikøyri v758 (1818–1893), bygningsarbeidar, & 1841 Anna Oladtr Jevnaker (1817–1851) frå Aurland fekk: Ola 1842, Samuel Bugge 1844 (USA 1860), Anna Sofie 1846 (v628), Hermund 1848–71 (ugift, drukna), Guri 1850–96 (Bergen, vart kalla Gurine i 1875 og ved død), Ola 1851(Bergen i 1875, fekk på Vetleøyri Brita 1881, sjå hus nr 99, USA i 1881). Hans overtok eit stort hus etter foreldra (hus nr 24). Hans vart attgift 1853 med Gjertrud Ingebrigtdtr Vikøyri v362 (1819–1898) av Hirt-ætt. Dei busette seg i eit hus som ho hadde arva. Huset som Hans hadde hatt, vart selt til Endre Andersson v214. Born: Andreas 1854 (Hirt-plassen i Røysane-Sæbø), Olina 1855 (Fana), Brita 1858–1932 (ugift, Bergen), Hans Henrik 1861 (USA 1881). Gjertrud fekk òg Solveig 1842 (USA 1867) med Hermund Alvson Sæbø (1813) frå plass nr 2. Gjertrud fekk fattighjelp frå 1893.

v272 Hans Ivarson Vikøyri v410 (1783–1847) & 1806 Marta Johannesdtr Vikøyri v490 (1777–1841) fekk: Ivar 1807 (v390), Johannes 1810–10, Brita 1812, Johannes 1815–15, Johannes 1818 (v468). Hans var skyss-skaffar. Det må ha vore eit bra yrke, for i 1817 betalte han 10 dalar i formue- og næringsskatt. Det var langt meir enn det dei fleste bønder måtte ut med. Hans hadde fjøs, løe og sjøbu. Velstanden kjem òg fram ved at Anders Sjurson Hopperstad på lnr 117 hadde lånt 50 spd av Hans, men ikkje makta tilbakebetaling. I 1824 måtte Anders mellom anna gå med på å halda ei ku for Hans som ein del av tilbakebetalinga. Men uheldigvis kunne Hans bli arg når gjeld ikkje vart betalt i rett tid. Det førde til at då Hans Peter Hansson Meyer hadde helst god dag og gledeleg julehøgtid sist på året 1819, svara Hans med å skjella han ut som tjuv og hund: Tjuv fordi han ikkje hadde betalt gjeld og hund fordi han hadde sett fram skuldingar mot Hans på kyrkjebakken. Av mange slike saker går det fram at det å bli kalla hund var sterkt nedsetjande. Hans vart den tapande parten i forliksrådet. I 1823 hadde Hans kalla Anders Ellingson Åse for ein tjuv. Det var det kanskje ei viss sanning i, for i forliksrådet vart dei einig om å tilgi kvarandre. Hans vart attgift 1843 med Ingeborg Jondtr Geithus (1801–1875) frå plass under lnr 50 i Arnafjord sokn. Dei hadde ikkje born. Men Ingeborg hadde Gjertrud 1829 (v096) med Sjovat Olason Finnen (1804–1876) frå lnr 51. Ingeborg vart attgift 1852 med snikkar Leo Fredrik Halck (1805–1859) frå Bergen. Enkja Ingeborg budde i ei lemstove som ho selde til Endre Andersson v036. «SkaffarIngeborg» fekk fattighjelp det året ho døydde.

v274 Hans Jakobson Hellem (1857) frå Hyllestad & 1882 Lassina Johanna Hans-Madsdtr Vikøyri v288 (1856) fekk på Vikøyri: Jakob 1886–90, Anna Marie 1892, Anna 1893. I teljingsåret 1900 var huslyden komen til Sågnes i Hyllestad.

v276 Hans Wulff Jakobson Bartolomæi v418 (1751–1806) & 1773 Sigrid Hermunddtr «Vikøyri» v332? (1749–1832) fekk: Jakob Petter 1774 (v426), Karen Sybilla 1777 (v536), Solveig 1779 (plass 2 Sæbø), Anna Matea 1781–87. Hans var børsesmed. Ved teljinga i 1801 var Hans «en på livstid i slaveriet dømt mand». Han var dømd for mord.

v278 Hans Jakobson Bartolomæi Wulff v426 (1802–1881) & 1828 Anna Larsdtr Vangsnes (1804–1875) frå plass nr 43 fekk: Lars 1828–28, Karen 1830 (Rosendal), Jakob Petter 1833–33, Synneva Jakobine 1835–72 (gift med Anders Rogne frå Voss, til USA etter 1865), Anna Matea 1837, Hansina 1840–45, Marta 1840–45, Jakob Petter 1843 (sersjant i Bergen), Hans Martin 1847 (USA 1867). Hans var underoffiser (fanejunker). I 1868 hadde han ei lafta lemstove med smidje i tilbygd svol. Huset var 4,6 m x 10,5 m og hadde to stover. Eigar før var Per Tønder v871. Per flytta til Seim ca 1852.

v280 Hans Johannesson Skjørvo (1751) frå lnr 111 & 1783 Marta Oladtr Vikøyri v824 (1746) fekk: Randi 1782–1849 og Ola 1788 (v788). Under lnr 111 Skjørvo har vi skrive at Hans truleg var krøpling og at han døydde ca 1795. Marta vart truleg attgift etter 1801 med enkjemann Lasse Jonson Tryti (1731–1814), sjå v026. «Skjerva-Hans-Randi» døydde på legd. Ola 1788 vart oppfostra av ei halvsyster til mora: Ingeborg Jondtr på Vetleøyri s216.

v282 Hans Johannesson Skagen (1833–1900) frå Indre Holmedal & 1869 Anna Johanna Nilsdtr Eid (1835–1909) frå Fjelberg i Kvinnherad fekk: Johan 1871 (hus nr 78), Nilla Andrea 1873 (Lærdal), Nikoline 1875 (gift i Bergen og USA 1902), Dankert 1877 (USA 1898). Fram til 1876 var huslyden i Lærdal, deretter på Vikøyri. I Lærdal var Hans depotarbeidar. Hus nr 78.

v284 Hans Johannesson «Vikøyri» (–) & 1737 Borgny Knutdtr Vikøyri v568 (1697–1749) fekk: Johannes 1738, Mari 1742 (v376). I 1779 var sonen Johannes i ein vaktstyrke i København. Han kom neppe tilbake til Vik. Mari (eller Marta) vart konfirmert 1760 med stadnamnet Undi.

v286 Hans Lasseson Røysane-Sæbø (1825–1871) frå plassen Urdi & 1853 Brita Oladtr Vikøyri v828 (1825–1900) fekk: Ola 1847–54, Ingeborg 1850–51, Ingeborg 1853–63, Kari 1856, Lasse 1859–59, Eli 1860–61, Eli 1863 (Stavanger), Lasse 1864–64?, Ingebjørg 1866 (Vossestrand), Lasse 1868, Olina 1868 (Myklebust i Nordfjordeid). Dei to siste var ikkje tvillingar, men var fødde i januar og desember i 1868! Kari Hansdtr Vikøyri (1856–1944), «Haga-Kari», var ugift huseigar 1900: hus nr 3 under bnr 1/1. Huset, som hadde eit langt tilbygt uthus, hadde Kari truleg overteke etter foreldra. Huset gjekk med i storbrannen i 1922, men Kari bygde opp att nytt hus. Det fekk bnr 41/3. Systera Ingebjørg hadde ei dotter Brita, gift med Isak Dyrdal. Ho arva huset og Isak selde det til Ragnvald Nilsson Lilleøren s148 (1901–1980), sjå Vikøyri-vest.

v288 Hans Mads Hans-Petterson Vikøyri v300 (1807–1870), snikkar, & 1847 Mette Marie Endredtr Sogndalsfjøra (1822–1912) fekk: Andrina Marie 1847 USA 1875), Hans Petter 1850 (v302), Marta 1853, Olina 1860, Lassina Johanna 1856 (v274), Andrine Marie 1863–64. Hans var snikkar. Han hadde 6 hus som brann ned i 1838. Olina Hansdtr Vikøyri (1860–1884) gifte seg med sersjant Amund Amundson Berven (–) frå Bergen og dei fekk Marie 1883 (USA 1902). Amund drap Olina med gift etter at dei var gifte.

v290 Hans Olai Monsson Thorsen v692 (1884–1968) & 1914 husmannsdtr Ingeborg Oladtr Hauge (1874–1942) frå Lærdal fekk Mons 1915–35. Hus nr 81.

v292 Hans Nikolai Jensson Rasmussen v442 (1892–1976) & Anna Botolvdtr Tryti (1888–1981): Sjå paktarar under Grov og bnr 41/16 på Vikøyri-vest.

v294 Hans Person «Åse» (–) & 1732 Durdei Knutdtr Vikøyri v568 (1690–1763) hadde kanskje Brita 1739 (v068). Åse var truleg tenaradresse. Brita vart konfirmert med stadnamnet Juvik i 1757. Hans levde i 1760, men i 1763 var enkja Durdei på legd.

v296 Hans Person Skjørvo (1823), uekte husmannsson & 1845 Brita Jondtr Lidal (1816) frå Fjærland fekk: Anna 1843 (v854), Ivar 1845–46, Per 1847– 47, Ingeborg 1849, Per 1853 (USA 1866), Johanna 1857 (USA 1866). Om far til Hans: sjå note lnr 111. «Skomager Pedersen» hadde eit tømra hus med stove, kjøkken og gang og med loft over. I 1868 var det grue på kjøkkenet. Hans og Brita reiste til USA i 1866. Huset vart kjøpt av Torina Oladtr Koldingsnes (1828) frå Lånefjorden, sjå v968.

v298 Hans Petter Grødem Rasmussen (1791–1873) frå Bergen & 1823 Berthe Sophie Parelius (1794–1878) frå Eivindvik budde på Vikøyri. Hans Petter var kjøpmannsson og hadde militærutdanning. Han var først offiser, men dreiv landhandel i Balholm 1820–29, kom så til Vik og vart løytnant. Foreldra hans var Rasmus Rasmussen & 1789 Hanne Christiane Byssing. Foreldra til Berthe var klokkar Christopher Parelius gift med Martha Malene. Born: Birgitte Alvig 1823 (v154), Hanna Christiana Byssing 1824 (Haugesund), Christopher Parelius 1826 (v156), Thomas Angel 1831 (til Bergen i 1847, bakar i Sogndal, USA 1888), Fredrikke Ulrikke 1833 (Bergen), Birgitte Sophie 1836 (v072). Løytnant Rasmussen hadde eit hus som i 1846 hadde torvtak, men som i 1856 var tekt med pannestein. Det var 5,5 m x 7,3 m, hadde stove, kammers og eit kjøkken i reisverk, og det var lem over. I 1846 var verdien 150 spd. (Vanlege stover på Øyri vart då takserte til 10–30 spd.)

v300 Hans Petter Hansson Meyer Sæbye (1769–1834) frå lnr 1 Sæbø & Marta Hannibaldtr (1785–1841) frå Lærdal fekk: Nillette Kristina 1804 (Leikanger), Hans Mads 1807 (v288), Anders 1812–91 (Bergen), Kristian 1819 (v598). Hans Petter var i 1801 skomakarsvein. I 1817 var han skomakar, men seinare vart han visstnok børsemakar. Hans Peter må ha hatt husdyr, for i 1797 hadde han fôra beista sine med fôr som han hadde teke uløyves frå ei løe under Sjøtun v302 Hans Petter Hansson (Meyer) Vikøyri v288 (1850–1927) & 1874 Brita Halvordtr Horge (1846) frå Lærdal, gifte i Bergen, fekk: Marie 1875 (USA 1901), Hansina 1877–82, Hans Mads Meyer 1878 (USA 1900), Ola 1881 (USA 1901), Halvar 1883 (USA 1900), Endre 1887 (v222), Hansina 1889 (USA 1906), Sofie 1892–1978 (ugift). Hans eigde i 1868 ei røykstove, kjøpt frå Ola Ellingson v766 (som reiste til USA i 1863), men det er tvilsamt om dette var hus nr 62 som dei budde i seinare.

v304 Hans Torkjellson Vetleøyri s224 (1805–1886) & 1828 Solveig Jondtr «Vikøyri» (1783–1836). Solveig var tenestejente i Refsdal i 1801. Med stadnamnet Vikøyri fekk ho Anna 1810–10 med Eirik Jonson Føli (1781–1816) frå lnr 23. Hans vart attgift to gonger: 1837 med enkja Bothilda Ingebrigtdtr (1790–1858) frå ein plass på Brekke i Ortnevik og 1861 med enkja Marie Knutdtr (Bøtun) Vikøyri v372 (1798–1863). Hans hadde neppe born. Han hadde ei røykstove med kokeomn. I 1876 fekk Hans slag og var ikkje lengre i stand til å hjelpa seg sjølv. Ei syster lovde å hjelpa han fram til Mikkelsmesse, men ho ville ha betaling av fattigkassen. Året etter vart Hans umyndiggjort med Endre Andersen som verje. Deretter hadde fattigkassen årleg store utgifter på han, men han kom ikkje på legd.

v306 Hans Torsteinson (–1784) & 1748 Gjertrud Hansdtr Stadheim (1725–1800) frå lnr 31 fekk på Stadheim: Synneva 1748 (ugift i 1784). Deretter flytta paret til Vikøyri og fekk der: Synneva 1750–50?, Synneva 1751 (ugift i 1784), Brita 1754 (plass Kålhagen), Hans 1757 (ved artilleriet i Bergen i 1784), Torstein 1760 (plass nr 69 Vangsnes), Gjertrud 1762 (plass i Gildhus). Hans var soldat då han gifte seg. Han kan difor ha vore fødd ca 1725. Han var neppe frå Vik. I motsetnad til dei fleste andre på Vikøyri var Hans og Gjertrud i stand til å betala ekstraskatt i 1763. Synneva Hansdtr Vikøyri (1751–1833) fekk Brita 1778 (v416) med ein Lars Andersson. Synneva var ei tid i Bergen, men ho døydde på legd i Vik.

v308 Hans Øysteinson Vikøyri v974 (1825–1872) & 1860 Brita Oladtr Vetleøyri s172 (1831–1923), «Haug-Brita», fekk: Ola 1859, Olina 1860 (lnr 103b Bø), Lasse 1864 (Flåten under lnr 1+4 Sæbø), Øystein 1868 (v976). Brita fekk fattighjelp etter at mannen døydde. Men i 1876 vart det skrive at pengane som var løyvde for året kanskje ikkje vart utbetalt «dersom hendes sønner fremdeles forbliver til forpleiing i Bergen». Det var truleg ein nær slektning av Hans eller Brita som tok seg av dei. Olina 1860 gifte seg med Thomas Aarestrup i Bø. Det var uvanleg på denne tid at ei øyrajente gifte seg til ein høgare «stand». Hus nr 55.

v309 Hansina Perdtr Lønne (1852–1928), plassdtr frå Kvamsøy sokn, kom til Vikøyri etter år 1900. Ho fekk Johanna 1883 med husmannsson Botolv Ivarson Koldingsnes. Johanna Botolvdtr Lønne (1883–1911) var i 1900 tenestejente på Tenning (nær Hella, Leikanger) og fekk Helga Bertine 1903 med Ola Olason Hellen (1870) på Hella, og ho fekk som tenestejente på Bruavoll Anna 1908 med Ola Jonson Holen (1889–1923) frå plass i Hola-Seljadalen. Johanna med dei to borna vart busett på Vikøyri saman med Hansina. Helga Bertine vart gift med Ingvald Olason Hellen (1901–1986) og busett på Hella på Leikanger. Ingvald var frå lnr 31b Ådlane i Arnafjord sokn. Anna 1908 vart gift med Ingebrigt Samuelson Hjelseng (1902–1984) og dei vart busette i Balestrand.

v310 Harald Johan Eirikson Riisnes (1864–1947) frå Masfjorden & 1896 Petra Hansine Marie Christopherdtr Rasmussen v156 (1859–1937) fekk: Sverre Parelius 1897 (NS-statsråd under verdskrigen), Kåre Daae 1899 (USA, kom tilbake), Magdelene Parelius 1901 (Oslo). Riisnes var politimeister 1919–35. Huslyden eigde og budde på lnr 2c = bnr 1/3 Sæbø, i eit hus bygd av landhandlar Rasmussen. Eigedomen liggmellom Hopstock hotell og Vik meieri. Sverre Parelius Riisnæs (1897–1988) & 1920 Aslaug Andersdtr Welle (1898–1980) frå Ørsta fekk Hogne 1927 (Oslo), døypt i Vik.

v312 Harald Larsson Helleland v626 (1905–1981) & Agnes Amalie Johandtr Vikøren v086 (1905–1977) fekk: Åse Lill 1946 (Hatlevegen nr 8 i Prestberget, så hus nr 2 på Vikøyri). Huslyden budde i Bergen.

v314 Helene Tollakdtr Dale (1844–1926) var ugift. Far til Helene var frå Ytre Nesse i Kvamsøy sokn, men vart husmann på Almeplassen på Dale i Arnafjord sokn. Han flytta til Hellane etter at kona døydde i 1876. I 1887 var Helene sjuk, og broren Jon Hallsete fekk av fattigkassen for å pleia henne. Men ho må raskt ha blitt betre. «Helene Hellen» var i 1909–10 i 6 veker i forpleiing hjå Guri Vikøyri og deretter hjå Ola J. Tryti. Kanskje var det eit beinbrot, for først frå 1913 kjem «Hellene T. Dale» inn att i fattigprotokollen. Helene overtok hus nr 68.

v316 Helge Jonson Vikøyri v498 (1858–1931) & 1898 Ellen Hansdtr Eggum (1867–1949) frå Sogndal fekk: Jon 1899 (v504), Halfdan 1901–17, Jens 1903–42 (ugift, snikkar), Sofie 1905, Borghild 1908 (Ålvik). Då paret gifte seg i Bergen var Helge kalla «skomagermester». Seinare var han sjømann. Jens fekk Gunvor 1940–2000 med enkja Margrethe Oline Løfald v912 (1905–1958). Hus nr 60. Sofie 1905 overtok huset.

v318 Henrik Lasseson Røysane-Sæbø (1834) frå plassen Urdi var ugift, men fekk to born: Botolv 1857 (v130) med Brita Botolvdtr Skjørvo (1812) frå lnr 112 og Ingebrigt 1857 («Soffien», til plass lnr 108 Tryti) med Sofie Ingebrigtdtr Vikøyri v364 (1827– 1915). Ved dåp av Botolv er Brita feilaktig ført inn i kyrkjeboka som «Lassedtr». Ved folketeljinga i 1865 budde Brita på Vikøyri med sonen Botolv. Henrik var ikkje i bygda i 1865.

v319 Herluf Hermanson Andersen (1901–1990) frå Voss & 1931 Nelly Johannesdtr Hjørnevik (1904–1980) frå Evanger fekk: Gulborg 1932 (Volda), Marit 1935 (Stavanger) og Jan Herluf 1939 (Bærum). Herluf var typograf. Han og Nelly kom til Vik 1931, budde først i «Villaen» på Seim, deretter på Vikøyri-vest: bnr 41/20 og bnr 41/16. Huslyden reiste til Bergen i 1948 og så til Bryne på Jæren. Broren Oluf Andersen v862 var også i Vik.

v320 Hermund Endreson Stadheim (1686–1743) frå lnr 24+25 & Marita Knutdtr Vikøyri v568 (1685–1743) budde på Vikøyri og fekk: Ragnhild (v500) og Mari (gift til plass under Kvamme i Kvamsøy sokn).

v322 Hermund Hermundson Menes (1744–1806) frå Balestrand & 1775 Anna Jondtr Vikøyri (1736–1814) budde på Vikøyri og fekk Jon 1777 (v508).

v324 Hermund Hermundson Vikøyri v340 (1750–1830) & 1779 Marta Nilsdtr Kvassdalen (1750–1805) frå Myrkdalen fekk på Vikøyri: Gjertrud 1780 (lnr 121 Hopperstad), Randi 1781–82, Hermund 1787, Randi 1789, Styrk 1792, Gjertrud 1793 (plass nr 1 på Hatlekolo). Hermund fekk òg Ragnhild 1779–80 med Brita Oladtr «Vikøyri» (som ikkje var på Vikøyri i 1801). Marta var syster til Brita 1736, som kom til lnr 74 Øvre Hove, og Anna 1732 som kom til lnr 28 Dalsver i Arnafjord sokn. Foreldra deira var frå Kvassdalen, men kom som leiglendingar til lnr 184 på Vangsnes. Hermund var på legd då han døydde. Gjertrud 1780 vart gift med eldste son til klokkar Apollonius Liljedahl. I følgje den gamle bygdeboka aksepterte ikkje foreldra hans ei strandsitjardotter som gifte for sonen. Men dei reiste ut av bygda for å gifta seg.

v326 Hermund Johannesson Nese (1774–1822) frå plass nr 6 på Nese & 1815 Mari Sjurdtr Holane (1794–1870) frå plassen Raudsteinane under lnr 17 budde på Vikøyri. Born: Marta 1816–16, Johannes 1818 (Nord-Noreg), Sjur 1821 (Nord-Noreg). I kyrkjeboka står det i 1822 at Hermund hadde dotte ned frå eit tak og hadde «knust» hovudet. Mari vart attgift til Vikøyri v218.

v328 Hermund Jonson Vikøyri v500 (1753–1814) & 1787 Kari Knutdtr (–) hadde neppe born. Hermund vart attgift 1800 til Vikøyri v900. Kari vart ikkje konfirmert i Vik og var såleis neppe frå bygda.

v330 Hermund Olason (–) frå Voss & 1751 Mildrid Oladtr Vikøyri (1718–1762) fekk: Anna 1749–49?, ukjent namn 1752, Anna 1755, Knut 1758, og eit udøypt barn 1762–62. Borna i 1752 og 1758 veit vi sikkert høyrde til familien, då «Hermund Waassen» var oppgitt far. Hermund kom som tenar til Hove, men busette seg på Vikøyri. Han var snikkar. Tre born levde i 1759, men blir seinare borte for oss. Vi trur Hermund vart attgift med ei som heitte Marta, og som kanskje var frå Voss, og dei fekk: Inga 1763 (plassen Brekkehagen på Bøadalen), Kristoffer 1765 (truleg død før 1801) og Synneva 1767 (tenar i Skaffargard i 1801, truleg død før 1815).

v332 Hermund Olason «Brekke» (–) & 1751 Solveig Andersdtr «Tistel» (–) fekk på Vikøyri: Sigrid 1750 (v276). Hermund vart konfirmert i 1742 med stadnamnet Vikøyri og var soldat på Brekke då han gifte seg. Ut frå det kan ha vore fødd ca 1723. Tistel var truleg tenaradresser for Solveig. Hermund var huseigar på Vikøyri i 1759.

v334 Hermund Olason Stedje (1747–1816) frå lnr 64 & 1772 Turid Oladtr Bø (1744–1828) frå lnr 103 var på plass 1 i Sæbø, men kom til Vikøyri før 1801. Born: Ola 1772, Alis 1777 (plassen Skorpehaugen på Fjærestad), Ragnhild 1780 (lnr 97 på Brennene), Brita 1782, Åsa 1788. Brita Hermunddtr Vikøyri (1782– 1865) fekk Ola 1820–57 med Ola Jonson Føli (1785–1854), sjå v798. Ola 1820 var spedalsk, og det vart skrive at det låg i familien. Men vi veit ikkje om spedalske folk på Stedje eller på bruket i Bø som Turid var frå. Men det var spedalske folk på Føli, noko som tyder på at Brita og Ola 1785 har budd saman nokre år som ugifte etter 1820. Brita døydde på Hopperstad.

v336 Hermund Olason Vikøyri v784 (1790–1870) & 1825 enkja Anna Sofie Hansdtr Bartolomæi v268, v758 (1784–1852) fekk: Olina 1826–26, Olina 1830. Hermund var på legd då han døydde. I fattigprotokollen er han kalla «Hermund Tambour». Anna Sofie hadde ei stove i to høgder på Vikøyri. Stova vart truleg overteki av ein son i første ekteskap: Hans Henrik Olason v270. Olina fekk Ola 1856 med Søren Olason Bauge v942 frå Holmedal, kremar på Vikøyri. Ola Sørenson Vikøyri (1856) vart stuert og restauratør i Fylkesbaatane. Han gifte seg 1886 i Bergen med Helene Jeanette Johannessen (1860–) frå Bergen. Dei budde i Bergen.

v338 Hermund Olason Lindehagen (1824–1852), husmannsson frå Kvamsøy sokn, & 1851 Gjertrud Knutdtr Vikøyri v576 (1827) budde på Vikøyri, men fekk eit kort samliv. Hermund døydde av tyfus som innerst på Føli. Enkja Gjertrud fekk Gunhild 1855 (plass Nese i Gulen) med Andreas Jonson Naddvik, Årdal. Ho gifte seg på nytt 1859 med husmannsson Elling Monsson Nordgulen (1836) frå Eivindvik og dei vart husmannsfolk på Haveland i Eivindvik.

v340 Hermund Olason Vikøyri v730 (1722), soldat, & 1748 Randi Markusdtr Vikøyri v662 (1720) fekk: Styrk 1747, Hermund 1750 (v324), Guri 1753 (ugift i 1786), Per 1755, Ola 1757 (v784). Omkring 1755 budde det tre gifte menn med namnet Hermund Olason på Vikøyri. Det er difor vanskeleg å føra borna til rett familie. Helge-Ola-Hermund var oppgitt far for Per og Ola ved dåp. Vi finn ingen Ola Helgeson i vårt materiale som kan vera far til Hermund 1722, men den mest sannsynlege er Ola Vikøyri v730. Huslyden budde på Vikøyri i året 1762.

v342 Hermund Olason Vikøyri v814 (1848) & 1870 Magnhild Perdtr Vangsnes (1847) frå plass nr 61 fekk: Solveig 1867–67?. Paret reiste til USA i 1870 frå Vikøyri.

v344 Hermund Person Tryti (1723–1760) frå lnr 105+106 & 1756 Ragnhild Andersdtr (1736–1802), truleg frå lnr 104 Bø, kom til husmannsplassen Svolsvik og deretter til Vikøyri. Dei fekk Brita 1756. Brita gifte seg til husmannsplassen Lindehagen med Ola Olason Linde i 1776. Ragnhild vart attgift til Vikøyri v896. Om foreldre til Ragnhild: sjå under Svolsvik.

v346 Hermund Sjurson Rislåg (1743) frå lnr 55 & 1787 Mari Oladtr Haugen-Turvoll v760 (1751–1823) hadde ikkje born. Mari var i Nummedal då ho gifte seg. Hermund døydde før 1801 og Mari døydde på legd. Om Mari: sjå òg Vikøyri v760.

v348 Hermund Sjurson Hopperstad (1790–1871) frå lnr 117 & 1818 Gjertrud Valdemardtr Vikøyri v972 (1788–1848) fekk: Sjur 1818–18 og Sjur 1819–32. Gjertrud hadde og Ingebrigt 1813–13 med Johannes Lasseson Voll v484. Ho hadde vore spedalsk i 7 år då ho døydde. Far hennar hadde hatt smitten med seg frå Nordfjord, står det i kyrkjeboka. Hermund vart attgift 1848 med enkja Gjertrud Oladtr (Skjørvo) Stadheim (1799–1873), sjå note lnr 24 Stadheim. I 1860 fekk Hermund støtte til kjøp av båt. Hermund hadde ei røykstove med innsett pipe med grue. Stova var etter Guttorm Rolandson v254 og ho selt vidare til Kjell Frikson v560.

v350 Håvard Jørgenson Lukreim (1798–1847) frå Vang i Valdres & 1834 Sigtrud Johannesdtr Vikøyri v466 (1803–1876) fekk: Anna 1834–56, Marta 1836– 37, Jørgen 1839 (USA 1864), Johannes 1843 (USA 1865). Sigtrud hadde før Synneva 1829 med husmannsson Jon Markusson Moane-Vange frå plass 1 på Vange og Håvard fekk Ingeborg 1833 med Sigrid Perdtr Sylvarnes, husmannsdtr på lnr 57c. Huset til Håvard vart takstert til 220 dalar i 1846. Sigtrud fekk litt fattighjelp frå 1850. Frå 1870 var stønaden høgare. I 1872 fekk ho ekstra til lysolje, for di ho var sjuk og det ofte var nødvendig å ha lys heile natta. Anna 1834 døydde som spedalsk på sjukehus i Bergen. Synneva Jondtr Vikøyri (1829–1907) var ugift. I 1895 skaffa ho seg ekstrainntekt ved å hysa og pleia «Raustein-Marta» v618. Men «Sigtru-Synva» fekk sjølv fattigstønad frå 1900. I 1907 hadde ho tilsyn og pleie i Juvik. Synneva var huseigar i år 1900. Hus nr 69 vart overteke av Fiske-Guri v638.

v352 Ingebrigt Albrigtson «Brekke» v010 (1697–1749) & 1729 Brita Sylfestdtr Njøs (1697–1749) frå Leikanger hadde ikkje born som vi veit om. Båe døydde som «Vikøyri», men Brita døydde på Leikanger.

v354 Ingebrigt Gjertson Vikøyri v238 (1878) fekk Anny Karoline 1903 med Karen Oladtr Vikøyri v746 (1869). Han fekk dessutan Anna 1899 med Sigrid Lassedtr Bakka (1875) i Gudvangen. Sigrid og Anna reiste til Amerika frå Bakka. Karen gifte seg 1907, sjå v582. Ingebrigt gifte seg i 1904 og vart busett i Florø.

v356 Ingebrigt Ingebrigtson Vetleøyri s076 (1818–1868) & 1864 Anna Andersdtr Hove (1842–1939) frå plassen Bleiehaugen under lnr 71 fekk Marta 1862–1903. Huslyden reiste til USA i 1866 frå Vikøyri.

v358 Ingebrigt Ingebrigtson Vetleøyri s078 (1837–1917) & 1866 Eli Oladtr Vikøyri v828 (1830–1896) fekk: Ola 1865 (v786), Jon 1868 (Bergen). Ingebrigt fekk med seg namnet «Saongfjøren» frå foreldra på Vetleøyri. Eli hadde frå før Ingeborg 1853 med Per Styrkson Sæbø v884. Ingebrigt vart attgift 1899 med Olina Perdtr (Stadheim) Svolsvik (1864), sjå note lnr 30 Stadheim. Dei fekk: Eli 1900–49 (Vikja-Eli, Vetla-Vikjao, ugift). Olina hadde som enkje fått Brita 1893 (v984) med Hermund Hansson Lindehagen, sjå s070. Ingebrigt fekk fattighjelp frå 1901. Hus nr 75.

v360 Ingebrigt Ivarson Hove (1766–1802) frå lnr 76 & 1790 Marta Oladtr Sæbø (1759) frå lnr 3 fekk: Ivar 1790 (plass 1 under lnr 13 Tenål), Ola 1792 (plass lnr 2 i Sæbø), Elling 1795–1802, Ola 1799 (plassen Vedledna på Seim).

v362 Ingebrigt Ivarson Vikøyri v410 (1789–1860) & 1819 Brita Larsdtr (1783–1857) fekk Gjertrud 1819 (v270). Brita var tenar på Ovri i 1801, men i 1812 var ho på Vikøyri og vart kalla sladrebikkje av enkja etter Palne Botolvson Vikøyri v140 for di ho hadde gitt sonen Hans eit dårleg rykte. Kjeglinga enda med at Hans sparka Brita ut døra. Forlikskommisjonen fekk dei til å semjast. Ingebrigt hadde ein liten kokeomn i stova si. Dottera overtok huset. Ingebrigt drog med seg utnamnet «Hirt» frå mora. «Hirthe-Ingebrigth» fekk fattighjelp 1851–60.

v364 Ingebrigt Ivarson Vikøyri v408 (1797–1885) & 1828 husmannsdtr Marta Nilsdtr Tjugum (1794–1888) frå Balestrand fekk Sofie 1827. Dei hadde ei røykstove, 4,3 m x 4,9 m, med ein liten kokeomn. I 1875 fekk dei fattighjelp. I 1886 vart det skrive at jamvel om «Sofi-Ingebrigt» var død skulle «Sofi-Marta» få behalda stønaden som var utbetalt for dei båe. Sofie Ingebrigtdtr Vikøyri (1827–1915) fekk Ingebrigt 1857 med Henrik Lasseson Røysane-Sæbø v318 (1834) frå plassen Urdi. Ingebrigt («Soffien») kom til plass på lnr 108 Tryti. I 1893 fekk han pengar av fattigkassa for å pleia Sofie, året etter vart ho bortsett til Rislåg, men i 1896 og frametter var ho hjå Hans Larsson Vikøyri. I året 1900 var ho på nytt på Rislåg. Deretter var ho kanskje friskare, men i 1909 var sonen på nytt viljug å ta henne i forpleiing. I dei etterfølgjande åra fekk Ingebrigt årleg utbetalt kr 110 for forpleiinga.

v366 Ingebrigt Johannesson Vetleøyri s090 (1847) & 1882 Brita Guttormdtr Vikøyri v252 (1848) fekk: Gurina 1882, Johanna 1885, Jørgina 1887. Ingebrigt var jekteførar. Huslyden reiste til USA 1893.

v368 Ingebrigt Larsson Vetleøyri v606 (1835) & 1860 Gjøa Amunddtr Vikøyri v016 (1831) fekk: Anna 1862 (gifte seg i Bergen 1883 med etternamnet Larsen). Gjøa (Gyrid) hadde frå før Lasse 1853 med Lasse Lasseson Hellevik. Ingebrigt hadde røykstove med innsett kokeomn, hus nr 61, kjøpt frå Jens Hermundson v434. Lasse 1853 skapte i 1869 problem for fattigkommisjonen. Det var vanskeleg å få sett han bort «som følge af hans slætte og tyvagtige rygte i bygden». Huslyden, med unntak av Lasse, flytta til Bergen i 1873, men Lasse var i huslyden «Larsen» i 1875. Tollak Hansson Svardal v950 overtok huset.

v370 Ingebrigt Martinson Vikøyri v696 (1831–1910) & 1854 Gjertrud Oddtr Vikøyri v726 (1825–1918) fekk: Ola 1853–1928, Kari 1856–1942. Huslyden reiste til USA 1857. Huset, ei røykstove med kokeomn, vart kjøpt av Johannes Johannesson v472. Eigar før hadde vore Jon Larsson v524.

v372 Ingebrigt Olason Vikøyri (1783–1855) & 1815 Brita Kristendtr Holane (1781–1815) frå plassen Holaviki under lnr 16 i Framfjorden, hadde ikkje born som voks opp, men Brita hadde Gjertrud 1797 (plass i Øyane-Sjøtun) med Eirik Ellingson Vikøyri v172. Ingebrigt vart attgift 1817 med Alis Ivardtr «Vikøyri» (1783–1842) og dei fekk: Ivar 1819 (v392), Ola 1821, Marta 1823 (plass nr 3 på Hatlekolo), Brita 1826 (USA 1876). Alis har vi ikkje identifisert. Ho var tenestejente på Skjørvo i 1801. Ingebrigt gifte seg tredje gong 1843 med Kari Johannesdtr Indre Nesse (1803–1844) frå Kvamsøy sokn og fekk: Karl 1844–84 (USA 1856). Han gifte seg fjerde gong 1846 med Marie Knutdtr Bøtun (1798–1863) frå Fresvik. Marie vart attgift til Vikøyri v304. Ingebrigt hadde òg Einar 1805 (v170) med Randi Einardtr Vikøyri v900, v888 (1778–1836).

v374 Ingebrigt Olason (1734–1805) & 1775 Tora Arnedtr Vikøyri v116 (1747–1776) fekk Kari 1775 (ugift tenar i Bergen i 1805). Vi trur at Ingebrigt var ein gut Barbra Ingebrigtdtr Brekke i Ortnevik, hadde fått med gift mann Ola Johannesson Hallsete. «Horeaktige folck» står det i kyrkjeboka. Ingebrigt vart konfirmert med stadnamnet Stadheim i 1757, var dreng på Stadheim i 1763, men hadde tenaradressa Midlang då han gifte seg. Om Barbra: sjå Vikøyri v744. Ingebrigt vart attgift 1776 med Kristi Guttormdtr Vikøyri v248 (1744–1809). Ingebrigt og Kristi var ikkje med i teljinga 1801.

v376 Ingebrigt Paulson Vikøyri v868 (1723–1786) & 1753 Mari Hansdtr Vikøyri v284 (1742–1779) hadde ikkje born. Ingebrigt var skaffar. Han vart attgift 1779 med Anna Håkondtr Engum (–) frå Kvamsøy sokn. Han må ha gift seg for tredje gong ca 1780 med husmannsdtr Guri Monsdtr Indre Nesse (1742) frå Kvamsøy sokn. Guri gifte seg på nytt med ein ny skaffar: Guttorm Jakobson v250. Heller ikkje denne gongen finn vi giftarmålet i kyrkjeboka.

v378 Ingebrigt Rognaldson Refsdal (1686–1759) frå lnr 60+61 & Randi Gunnardtr Hove (1660–1745) frå lnr 74 hadde ikkje born etter seg. Ingebrigt vart attgift 1745 med Guri Oladtr Fjærestad (–) frå lnr 95+97. Om «Ingebrigt i Dalen» vart det i 1759 skrive at han hadde vore soldat og underoffiser i den store nordiske krigen 1709–20. I 1763 var enkja «fattig og skrøbelig».

v380 Ingebrigt Simonson (Stedje) Vikøyri v906 (1711–1767) & 1745 Brita Oladtr Liktvorane (1722) frå lnr 9 hadde ikkje born. Brita vart konfirmert 1740 med stadnamnet Liktvorane, men hadde tenaradresse Sæbø då ho gifte seg. Brita var i live i 1767.

v382 Ingebrigt Sjurson «Vikøyri» (1815–1860) & 1837 enkja Brita Tolleifdtr Vikøyri v920 (1789–1851) hadde ikkje born. Ingebrigt var son til Sjur Hansson Kvamme og Sissel Ingebrigtdtr Brekke frå Ortnevik. Brita døydde i Lavik, men «liget ble hjemført».

v384 Ingebrigt Torgeirson Vikøyri v967 (1796–1870) & 1821 Synneva Oladtr «Vikøyri» (1779–1867) hadde ikkje born. Synneva var neppe frå Vikøyri. Ho var tenar i Refsdal i 1801. Ingebrigt var huseigar på Vikøyri i 1846, men i 1865 var paret fattige innerstar på Vikøyri. «TorgeirIngebrigt» var på legd mindre enn eitt år før han døydde. Huset hans var i 1868 overteke av Malena Ivardtr v596.

v386 Ivar Botolvson Vikøyri v134 (1838–1925) & 1867 Kari Nilsdtr Lærdalsøyri (1847–1900) budde i Bergen. Ivar var matros, seinare los. Han døydde i Vik som enkjemann. Born: Johanna 1872 (fødd i Lærdal), Bernt Martin 1880, Nils 1884.

v388 Ivar Eliasson Vikøyri v192 (1877–1946) & 1902 Brita Sofie Karlsen Sund (1879–1939) frå Fjellberg hadde ikkje born. Dei dreiv hotell i Haugesund. Ivar vart attgift 1939 med Sigrun Gabrielsen (1891–1959) frå Bremnes. Ivar og Sigrun kom til Vik våren 1939. Dei dreiv forretninga «Spesialen». Dei budde først i lærarbustaden i Gildhus, men kjøpte Borgstova under Sjøtun (sjå under Sjøtunvegen).

v390 Ivar Hansson Vikøyri v272 (1807–1887) & 1829 Guri Oladtr Hønsi (1805–1870) frå lnr 82 fekk: Brita 1827 (v718), Marta 1829, Per 1831 (Nord-Noreg 1848), Ola 1835 (Nord-Noreg 1848, deretter USA), Hansina 1837 (USA 1861), Synneva 1840 (lnr 5 Juvik ogUSA), Anna 1843–44, Jon 1845 (USA 1856) og Johannes 1847 (USA 1861). Marta fekk Anna 1850–52 med Alf Sjurson Rislåg (1823) frå lnr 54. I 1865 var ho kjøkkenjente på spedalsksjukehus i Bergen. Ivar var, som faren, skysskaffar. I 1875 dyrka han 1 daa potet (sikkert på leigd jord) og hadde 1 ku, 2 smalar og 1 vinterfôra svin. Familien hadde ei lemstove med kokeomn. Til å vera på Vikøyri var huset stort: 5,8 m x 4,6 m. Ivar eigde dessutan både fjøs, naust og eldhus.

v392 Ivar Ingebrigtson Vikøyri v372 (1819–1892), båtførar, & 1851 Synneva Jensdtr Bårdgard (1809–1899) frå Norum sokn i Sogndal hadde pleiedottera Alis 1858. Ho var dotter til Ola Person og Marta Ingebrigtdtr på husmannsplass nr 3 Hatlekolo. (Marta var syster til Ivar.) Ivar hadde ei lemstove etter faren, hus nr 10. Ivar fekk 1890 skøyte på grunnen som huset stod på. Synneva Jensdtr vart i fattigprotokollen kalla «Jo-IvarSynneva». I 1893 var Synneva sengeliggjande og fattigstyre vedtok at ho skulle pleiast hjå Alis. Råderetten for fattigkommisjonen over desse fattige var omfattande, for det var vedteke at Alis skulle overta eigedelane hennar. Alis Oladtr Vikøyri (1858–1931) overtok huset. Ho var ugift huseigar i året 1900, hus nr 10. Etter brannen i 1922 bygde Alis opp nytt hus på bnr 41/20, sjå Vikøyri-vest.

v394 Ivar Johannesson Kvamme (1787–1845), bondeson frå Kvamsøy sokn, & 1817 enkja Karen Sybilla Hansdtr Vikøyri v276, v536 (1777–1865) fekk: Kari 1817 (v502), Johanna 1819 (v570), Brita 1823. Ivar døydde i Bergen om bord på eit fartøy. Brita Ivardtr Vikøyri (1823–1892) var ein tur i USA, men budde i 1865 på Vikøyri, der ho hadde overteke ei lita lemstove etter Johannes Lasseson v484. Men i 1869 gifte ho seg med enkjemann Jakob Andreasson Grov v094 (1806–1882) og flytta til plass 2 i Skulen-Grov.

v396 Ivar Jonson Holstad (–) frå lnr 87 & 1734 Gjørond Albrigtdtr Vikøyri v010 (–) fekk på Vikøyri Albrigt 1736–36. I 1748 var dei komne til Bergen.

v398 Ivar Knutson Kvamme v570 (1845) & 1872 Johanna Hermunddtr Vetleøyri s074 (1845) fekk Knut 1873. Huslyden reiste til USA i 1874.

v400 Ivar Lasseson Osland v205 (1843–1912) frå Kyrkjebø, skreddar, & 1864 Ingeborg Øysteindtr Vikøyri v974 (1832–1911) hadde ikkje born, men fostra opp Brita 1869 (v144), ei dotter som Brita Øysteindtr Vikøyri v974 (1841–1926) hadde med husmannsson Hans Olason Røyrvik (1845–). Ivar vart kalla «Bostov-Ivar». Ivar kjøpte ei lemstove etter enkja Marta Nilsdtr v954. Hus nr 32 vart overteke av Brita 1869. Det låg under bnr 1/24.

v402 Ivar Olason Bø (1743–1812) frå lnr 103 & 1777 Brita Perdtr Hopperstad (1750 død etter 1801) fekk: Ola 1777 (plass 2 i Skulen-Grov), Marta 1779– 79, Sjur 1789, Marta 1795–1818. Sjur døydde truleg før 1801. Ivar hadde i tillegg Brita 1773–73? med Ingrid Jonasdtr Vikøyri v544, s128 (1745–1811). Brita 1750 hadde Marta Sjurdtr Hopperstad (1722–) frå lnr 117+118+121 fått med Per Jakobson «Voll».

v404 Ivar Olason Vikøyri v740 (1825–1900), skomakar og grisehandlar, & 1858 Sigvor Oladtr Vetleøyri s192 (1835–1931) hadde ikkje born. Ivar vart kalla «Karavodlen», for di faren var oppfostra på Karevoll. Ivar overtok ei lemstove etter faren, truleg hus nr 80. I 1877 hadde han fire hus verdsett til heile kr 1480.

v406 Ivar Olason Vikøyri (1889–1936) & 1921 Gyrid Oladtr Nummedal (1894–1964): sjå bnr 1/44 i Røysane-Sæbø.

v408 Ivar Person (–) frå Stavanger vart attgift 1793 med Sofie Finndtr Sørheim (1761–1827) frå Luster. Ivar døydde før 1801. Born: Per 1794, Ingebrigt 1797 (v364). Første kona til Ivar veit vi ingen ting om. Sofie hadde frå før Anfin 1790 (v106) med Nils Jonasson v712. Som enkje fekk ho Ivar 1802–76 (gift 1825 i Bergen) med Halvar frå Hemsedal.

v410 Ivar Person Vikøyri v872 (1755–1805) & 1781 Gjertrud Ingebrigtdtr (Hirt) Dalsver (1753–1805) frå lnr 28 i Arnafjord fekk: Sigrid 1781, Hans 1783 (v272), Per 1787 (Bergen), Ingebrigt 1789 (v362), Brita 1792–92?, Jakob 1793 (v416), Brita 1795–95. Ivar drukna i fjorden. «Utnamnet» Hirt følgde borna.

v412 Ivar Sjurson (Bø) Vikøyri (1839–1925), grisehandlar m. m., & 1869 Anna Kristendtr Hopperstad (1839–1917) frå «plass ved Klokkargarden» fekk: Ola 1863 (bnr 1/23 i Røysavegen-Sæbø under lnr 1+4 Sæbø), Brita 1865 (sjå hus nr 23 og hus nr 37), Arne 1869 (bnr 2/14 i Røysane-Vange), Anna 1871–74, Anders 1875 (v040), Kristina 1877 (ugift, hus nr 37), Samuel 1882 (v898). Om «Brit-Ivar» sjå note lnr 102 Bø. Mora Brita Oladtr Bø (1815–1900) flytta til Vikøyri, truleg saman med sonen. Hus nr 37 på Vikøyri-Sæbø.

v414 Ivar Sjurson «Grønsberg» (–1781) & 1738 Ingerborg Oladtr Fjærestad (1710–83) frå lnr 95 +97 fekk: Sjur 1739 (plassen Breidi Hopperstad), Ola 1745, Kari 1748–49, Lars 1752. I 1758 vart det skrive at Ivar var ein fattig mann med stor gjeld, kone og tre born.

v416 Jakob Ivarson Vikøyri v410 (1793–1849) & 1814 enkje Brita Larsdtr Vikøyri v362 (1778–1855) fekk: Anders 1815, Brita 1817 (ugift), Synneva 1820 (ugift). Brita var truleg ein unge som Synneva Hansdtr Vikøyri v306 (1751–1833) hadde med ein Lars Andersson. Det er uklart kven ho var gift med første gongen. Jakob hadde i 1817 ikkje noko yrke, men han betalt likevel ein del skatt. Same året hadde bror til Jakob, Hans 1783, sparka og slege han og kalla han for ein hund. Saka vart utsett i forliksrådet, og kom ikkje opp på nytt. Slagsmål mellom øyringar var vanleg. Men Jakob og Brita var kanskje fredlege folk, for det vart kalla overfall då Nils Jonasson v712 og sonen Jonas hadde gått laus på dei i 1823. Johannes Nilsson v486 hadde også vore med på overfallet. Jakob hadde ei stove som vart overteken av dottera Synneva. «Hirthe-Jakobs kone» fekk fattighjelp det året ho døydde. I 1875 og 1900 budde dei ugifte døtrene saman i hus nr 22. Brita Jakobdtr Vikøyri (1817–1905) fekk Anna 1844 (v114) med Matias Olason Vetleøyri s140 (1818–1852). Synneva Jakobdtr Vikøyri (1820–1909) fekk Anna 1842 med Lasse Johannesson (Voll) Vikøyri v484 (1818–1883). Anna Lassedtr Vikøyri (1842–1898) gifte seg 1872 med Ivar Olason Orvedal/Refsdal (1843). Dei fekk ikkje born i Vik. Ved teljinga i 1875 var Anna 1842 «tilreisande» hjå mora. Då ho døydde, vart det skrive at ho var sinnsjuk og at Ivar var på ukjend stad i Hardanger. Likevel finn vi ikkje Anna i fattigprotokollen. Sjå meir om Anna og Ivar i note under lnr 52 Orvedal.

v418 Jakob Jakobson Bartolomæi Wulff (–1772) & Anna Sophie Hansdtr Lindholm (1686–1748) fekk: Hans Henrik 1718 (v266), Jakob Petter 1721 (v428), Jakoba Susanna 1724. Jakob vart attgift 1750 med Sybilla Bendikdtr Lunden (–) og dei fekk: Hans Wulff 1751 (v276). Jakob var regimentssmed (børsesmed). Han hadde før arbeidd i Bergen. Bartolomæi er frå gamalt av kjent familienamn nedover i Europa. Namnet Wulff er utvilsamt tysk, men det var òg vanleg i Danmark. Jakob og Anna Sophie var innflyttarar som fekk stor etterslekt på Vikøyri.

v420 Jakob Peter Johannesson Vikøyri v470 (1843) fekk Anna 1864 (v940) med Gjertrud Botolvdtr Vikøyri v134 (1834–1922). Smed-Joans-Jakob reiste visstnok til USA. Anna 1864 brukte slektsnamnet Botolfsen då ho gifte seg med handelsmann Søren Eilifson Rivedal (sjå bnr 1/28 i Røysane-Sæbø).

v422 Jakob Jonson (1677–1744) & Sigrid Knutdtr Vikøyri v568 (–) fekk på Vikøyri: Anna 1721 (sjå v198), Per 1724 (soldat i Bergen 1764), Jon 1725 (v512), Guttorm 1725 (v250). Sigrid vart attgift til Vikøyri v782.

v424 Jakob Person Vikøyri v872 (1753–1787) & 1783 Sigrid Reidardtr Vikøyri (1745) fekk: Brita 1783 (v716), Lars 1787 (til plass lnr 50 Åse). Sigrid levde i 1801.

v426 Jakob Petter Hansson Bartolomæi Wulff v276 (1774–1835) & 1801 Synneva Johannesdtr Seljestø (1774–1855) frå lnr 42 fekk: Hans 1802 (v278), Sigrid 1804 (s228), Sigrid 1808–08?, Brita 1810, Ola 1814 (v792), Johannes 1817 (v470). Jakob Petter var smed på Vikøyri. I 1817 betalte han svært lite i skatt. Brita Jakob-Petterdtr Bartolomæi Wulff & 1836 Ola Botolvson Skjørvo (1805–1863) frå lnr 112 kom til ein plass under Indre Nesse i Kvamsøy sokn. Dei hadde ei dotter Birte 1849 som gifte seg til Vikøyri v207.

v428 Jakob Petter Jakobson Bartolomæi v418 (1721–1793) & 1748 Sigrid Johannesdtr Vikøyri v458 (–1789) fekk: Hans Henrik 1749 (oppfostra av v046, til v268), Jakob 1750, Anna Sofie 1753–58, Johannes 1757–58, Johannes 1760 (Veholmen). Jakob reiste rundt og sette i stand regimentgevær på faren sine vegne. Seinare vart han kalla Jakob smed. I 1742 var det innsamling i kyrkjene til Jakob «formedles armod efter den store skade». Kanskje var det ei ulukke. I 1758 var han framleis svært fattig og det var lite av verdi i «hands ringe huus». Huslyden reiste frå Vik ca 1859 og Jakob vart husmann på Veholmen under Selvik i Sandnes kommune. Der vart han gift på nytt.

v430 Jan Johannesson «Stadheim» (1700–1771) & 1732 Brita Johannesdtr Vikøyri v458 (–) fekk Randi 1732–32, Johannes 1734 (Teigum på Ovrisdalen), Randi 1737–41, Inga 1740–41, Randi 1742 (v604), Johannes 1746–62, Synneva 1748 (v702). I samsvar med dette hadde Jan fire born i 1758.

v432 Jens Amundson Holum (1854–1889), husmannsson frå Fresvik, & 1881 Ingeborg Amunddtr Gullteigane (1850–1918) frå lnr 53 fekk: Johan 1882 (v448, USA) og Amund 1888 (gift i Bergen 1909). Jens var skomakar. Hus nr 48 på Vikøyri-Sæbø.

v434 Jens Hermundson Vetleøyri s190 (1798) & 1823 Anna Johannesdtr (1774–1844) hadde neppe born. Anna budde på Vikøyri då ho gifte seg, men ho var neppe frå Vik. Jens vart attgift 1845 med enkja Brita Nilsdtr Vikøyri v712, v622 (1793–1846) og i 1847 med Gjertrud Andersdtr Hove (1804). Om Gjertrud: sjå note lnr 73. Jens og Gjertrud reiste til USA i 1864 frå Vikøyri. Røykstova, som dei hadde overteke etter Lars Markusson v622, vart selt til Ingebrigt Larsson v368.

v436 Jens Kristofferson Åberge (1831–1910) frå Sogndal & 1858 Marta Øysteindtr Vikøyri v974 (1828–1918) budde på Vikøyri der «Trefot-Jens» var skreddar. Born: Anders 1856 (Røysavegen-Sæbø under lnr 1+4), Brita 1859 (Tenningen i Eitorn krins, Leikanger), Kari 1863–75, Kristina 1865 (USA 1889), Sitona 1868 (v676), Karen 1870 (USA 1892), Ragnhild 1873–78. Hus nr 52 på Vikøyri-Sæbø.

v438 Jens Krogh Hopstock (1840) & Live Helene Otilia Andvord (1849–1920) hadde: Elisa Sophie 1874, Ola Andreas 1875, Julie Cecilie 1882, Thorstein 1885. Sjå meir under lnr 1+4 fremst under Vikøyri.

v440 Jens Andreasson Jensen v098 (1892–1972), arbeidar, & 1918 Eli Oladtr Vikøyri v786 (1896–1967) hadde ikkje born. Jens overtok hus nr 86 etter foreldra. v442 Jens Nikolai Rasmussen (1830–1903) frå Sund på Sotra & Ellen Malene (1835–1880) fekk: Hans Kristian 1876–77, Birte Katrine 1859 (v841). Jens var bakar. Han vart attgift 1885 med Brita Larsdtr Vikøyri v606 (1850–1936) og dei fekk: Hans Kristian 1889–89, Hans Nikolai 1892 (v292). Brita hadde dessutan: Sitona 1875 med Jon Guttormson Hønsi (1853–1936) frå lnr 83, Jakob 1878 (Bergen) med soldat Jon Jonson Tveito frå Voss og Inga 1885–92 med ein tenestegut på Sjøtun, Botolv Jørgenson Kvammen frå Lavik. Om Jens har Ole Andreas Hopstock skrive at som bakar var han ein slurv. I tillegg ville han gifta seg på nytt med «Fiske-Brita» eller det var ho som fekk dette til, skreiv han. «Far ville ikke ha henne i huset. Rasmussen måtte slutte.» Vi kan elles merka oss at Brita ikkje visste fødselsåret sitt då ungane vart døypte. Det var aldri det same frå gong til gong. «Bager Rasmussen» fekk fattighjelp frå år 1898. Hus nr 1.

v444 Jens Styrkson Vikøyri v928 (1874–1942), snikkar, & 1905 Johanna Monsdtr Thorsen v692 (1870–1941) hadde ikkje born, men tok til seg Martin Andreas Kristenson Christensen v594, v672 (1918–2002), «Bulle-Martin» (eller «Bulle») og dei to systrene hans: Agnes Lovise 1914 og Aslaug Johanna 1917. Hus nr 51 vart overteke etter Lars Kristofferson Solvorn v620. Det var fostersonen Martin Andreas 1918 som tok over huset etter Jens Styrkson.

v446 Johan Andersson Andersen v040 (1918–) & 1955 Borgny Marie Olafdtr Atterås (1930–) frå bnr !/92 under bnr 1/2 på Vetleøyri: sjå Tomtebu, bnr 41/109.

v448 Johan Jensson Vikøyri v432 (1882) & 1903 Karolina Karldtr Rød (1880) frå Stårheim, Nordfjordeid, fekk på Vikøyri: Ingvald 1907 og Bertine 1909. Johan var skomakar på Vikøyri. Han reiste til USA i 1909. Resten av huslyden følgde etter i 1913.

v450 Johan Martin Svendsen (1842–1916) frå Lærdal, landhandlar, & 1868 Anna Hermunddtr Grov (1844–1910) frå plass 2 i Skulen-Grov, fekk på Vikøyri: Fredrik Johan 1869 (USA 1893, kom att: s042), Karl Herman 1873 (USA 1893), Jens Jakob 1876 (s088), Matias Olai 1879 (v682). Hus nr 17 på Vikøyri-vest.

v452 Johan Wilhelm Middelfart (1835–1898) frå Drammen var distriktslækjar i Vik 1864–1873. Han var gift med Jørge Jensine Wærenskjold Sandberg (1837) frå Fredriksvern. Ved folketeljinga i 1865 budde dei på Vikøyri og hadde då ikkje born. Middelfart reiste til Fredrikstad. Huslyden var kanskje busett hjå Hopstock.

v454 Johanna Oladtr Tryti (1869–1946) frå lnr 106 fekk: Anna 1888 med Botolv Guttormson Hatlekolo (1865–1938) frå Halvarhaugen og Olav 1898 («Brekke-Olemann») med Johan Lasseson Vikøyri v638 (1876). Johan var skomakar. Om Anna: sjå paktarar i Grov. Om Olav: sjå Vikøyri-vest, bnr 41/16.

v456 Johannes Andersson Ambla (1824) frå plass på Kaupanger & 1856 Ragnhild Lassedtr Fossheim (1825) frå Lærdal fekk: Marta Marie 1856, Olai 1858, Andreas Klingenberg 1860, Edvard Ludvig 1862. Johannes var fargar på Vikøyri. Huslyden var neppe i Noreg i 1865 og var då truleg reist til USA.

v458 Johannes Andersson Vikøyri (1692–1778). I manntalet frå 1701 finn vi denne guten på Vikøyri. Vi trur at han vart far til mange born på Vikøyri. I alle høve viser nokre skifte at det var mange personar som hadde felles far på Vikøyri og som heitte Johannes. Vi veit ikkje kven han var gift med. Born som er identifiserte er: Anders 1714 (v046), Brita (v430), Sigrid (v428), Sjur ?–1769 (Brekkehagen, Bøadalen), Nils 1722 (v710), Ingeborg 1727 (Brekkehagen).

v460 Johannes Anfinson Måredal (1752–1821) frå Måren i Kyrkjebø & 1781 Kristi Oladtr Brekke (1744) frå Lånefjorden budde på Vikøyri. Born: Synneva 1781–81, Anna 1789–89?. Kristi levde i 1801, men kjem så bort. Slektningar av Johannes frå Måredal vart seinare husmannsfolk på Bruavoll og på Vetleøyri (sjå s026).

v462 Johannes Endreson Nesse (1833–1910) & 1871 Brita Johannesdtr Brekke (1827–1910), båe frå Kvamsøy sokn, fekk Johannes 1868. Huslyden var på Vikøyri i 1875, men flytta til Årøy i Sogndal i 1877.

v464 Johannes Gullakson Vikøyri v243 (1828–1907) & 1849 Ingrid Jonasdtr Vikøyri v546 (1813–1864) fekk: Brita 1849, Guri 1852 (v612), Lars 1857 (USA 1897). Deretter fekk Johannes sonen Hans 1875 med husmannsdtr Brita Oladtr Kvamme (1830) frå Kvamsøy sokn. Han gifte seg på nytt 1876 med Randi Nilsdtr Øvre Helland (1835–1914) frå Modalen. Dei fekk: Ingrid 1876 og Nille Marie 1878–78. Om Randi: sjå note under Prestteigen-Svolsvik. Johannes fekk fattighjelp 1865–66, deretter først frå 1902. Han og Randi budde i hus nr 20. Ingrid Johannesdtr Vikøyri (1876) fekk Nille Marie 1900 med Lars Jonson Rogne (1879) frå Voss, sjå meir under bnr 68/3, lnr 51 Finnen i Arnafjord sokn.

v466 Johannes Hansson Bartolomæi v268 (1779–1835) & 1799 Marta Jørgendtr Steile (1768–1826) frå Vang i Valdres fekk: Sigtrud 1801–02, Sigtrud 1803 (v350), Guri 1805 (bnr 26/16 i Moane-Hove), Dortea 1810–12. Dei hadde i 1801 ei fosterdotter Marta 1794 med Guttorm som far. Mora var truleg Marta Jørgendtr. Marta hadde brørne Jørgen Jørgenson s098, på Vetleøyri og Trond 1771 på plass i Kålhagen. Johannes var velhalden smed i 1817. Han vart attgift i 1827 med Marta Jondtr Vikøyri v530 (1788–1862). Dei fekk: Marta 1829 (USA 1854). Enkja Marta var huseigar i 1856, i 1868 var huset eigd av enkja Guri Gjertdtr v184.

v468 Johannes Hansson Vikøyri v272 (1844–1905) & 1843 husmannsdtr Anna Johannesdtr Bøtun (1815–1872) frå Fresvik fekk: Hans 1843 (USA 1864), Synneva 1848 (gift i Bergen 1869), Johannes 1850, Ola 1852–86 (ugift matros, Bergen). Johannes fekk dessutan Sigrid 1842–65 med Gjørond Ellingdtr Vikøyri v206, v252 (1818–1907) og som enkjemann Tolleif 1884 med Ragnhild Tolleifdtr Bakken (1844) frå Skrautvål i Valdres, sjå lnr 102b Bø.

v470 Johannes Jakobson Bartolomæi Wulff v426 (1817–1865) & 1842 Kari Johannesdtr Koldingsnes (1817) frå Kvamsøy sokn fekk: Johanna 1842–42, Jakob Petter 1843 (v420), Johannes 1846 (USA 1864), Martin Wulff 1849, Synneva 1854, Ola 1860. Johannes var smed. Enkja Kari reiste til USA med tre born i 1867.

v472 Johannes Johannesson Vikøyri v476 (1831–1904) & 1864 Brita Arnedtr Teigum (1837–1911) frå plass under lnr 22c på Ovrisdalen fekk: Johanna 1864 (Tveite på Vossestrand), Arne 1867 (USA 1887), Sitona 1869–70, Sitona 1872 (Stalheim, Vossestrand), Andreas 1875 (USA 1893), Johan 1878 (bakar i Sogndal). Johannes disponerte meir jord enn dei fleste øyringar og hadde i 1875 ei ku, 6 sauer og 2,5 daa poteter. I 1884 fekk Johannes fattighjelp for di han i lengre tid hadde vore sjuk og sengeliggjande. I 1896 var Johannes på nytt skral, og då fekk han pengar til «Sød Mælk», som distriktslækjaren meinte var bra medisin! I året 1900 var Johannes treskoarbeidar. Brita døydde i Sogndal. Hus nr 26.

v474 Johannes Johannesson Tvedten (1847) frå Kvinnherad & Berta Andrina Matiasdtr Teigeland (1851) frå Moster fekk i Vik: Johan 1878. Huslyden budde på Vikøyri nokre år, men flytta til husmannsplassen Trehaugen, Valestrand i Sunnhordland. I året 1900 hadde dei der følgjande born heime: Hanna Gustava 1888, Helene 1891, Gusta Olava 1896.

v476 Johannes Jonson Turvoll (1794–1841) frå plassen Haugen & 1820 Angunna Oladtr Haugo (1790–1876) frå Voss budde på Vikøyri. Born: Ola 1820 (v808), Jon 1823 (v518), Sigrid 1825–1914 (ugift, døydde på Stadheim som fattigstøtta innerst), Anna 1828–28, Johannes 1831 (v472), Anders 1833. Sigrid fekk Anna 1854 med Ola Ivarson Moane-Grov (1829–) frå Samuelplassen. Sigrid og Anna reiste til København i 1881. Angunna fekk fattighjelp, men var i tillegg fæl til å tigga. Det ville fattigstyret ha slutt på i 1870 ved å setja ho på legd. Men både ho og «Dilte-Lussi» v213 nekta å gå i legd. Lussi kom likevel på legd året etter, men ikkje Angunna.

v478 Johannes Jonson Tenål (1866–1946) frå lnr 13b & & 1890 Inga Hermunddtr Øvstedal (1865–1939) frå bnr 13/4 under lnr 44 hadde hus nr 6. Johannes dreiv bondehandel. I 1916 kjøpte han hus nr 17, landhandleriet til Johan Martin Svendsen v450. Båe husa brann ned i 1922 og vart ikkje bygde oppatt. Sjå meir under bruket Vedledna på Seim.

v480 Johannes Knutson Vetleøyri s106 (1752) & 1781 Brita Kristendtr Hove (1752–1835) frå lnr 73 hadde neppe born. Johannes var jekteførar. I 1817 var han så velståande at han betalte skatt. I protokollen for forlikskommisjonen vart bustaden for Johannes fleire gonger kalla Teigen. Kanskje var det ein teig som låg på Sæbøgrunn. I 1802 hevda Anders Sæbø på lnr 2 at Johannes hadde sett opp eit hus på hans grunn, noko som tyder på at teigen låg der «kvartal sør» kom seinare. Nokre forlikssaker tyder på at Johannes var ein hard forretningsmann. I 1805 hadde han lånt Hermund Hermundson Vikøyri noko over 10 rdl mot veksel. I 1807 hadde ikkje Hermund betalt, og Johannes gav han då kort frist innan han ville ta pant i ei sengebu som Hermund eigde, så selja ho eller føra ho bort.

v482 Johannes Larsson Vikøyri v618 (1819) & 1853 Magnhild Andersdtr Indre-Dale (1819), husmannsdtr frå Sværefjorden, fekk: Lars 1854, Anders 1858, Kari 1853, Johan 1863. Johannes var sjømann. Huslyden reiste til Amerika i 1866 frå Vikøyri.

v484 Johannes Lasseson Voll (1790–1849) frå lnr 80 & 1817 Synneva Sjurdtr Røysane-Sæbø (1789–1856) frå plass under lnr 3 fekk: Lasse 1818, Sjur 1820 (Nord-Noreg), Johannes 1823, Brita 1824 (s130), Johannes 1829–49, Ingebrigt 1839. Johannes hadde òg Ingebrigt 1813–13 med Gjertrud Valdemardtr Vikøyri v972, v348 (1788) og Arne 1815–50 (Osland, Kyrkjebø) med Kari Andersdtr Vikøyri v058, v798 (1794–1874). Johannes hadde ei lita lemstove med kokeomn. «Vodla-Synneva» kom på legd frå 1850. Lasse Johannesson Vikøyri (1818–1883), «Vodla-Lasse», reiste til Nord-Noreg 1844, men kom tilbake. I 1875 sa han frå til fattigkassen at han ikkje var i stand til å livnæra seg. Han kom då på legd. Sjå òg v416 og note lnr 80 Voll.

v486 Johannes Nilsson Vikøyri v706 (1761–1808) & 1789 Gunhild Pauldtr Skaffargard (1761), sjå Sjøtun, budde på Vikøyri. Born: Ivar 1788, Jon 1791–91?, Jon 1794 (v514), Synneva 1797–1832, Ingegjer 1800–00?, Ingegjer 1802–02?, Johannes 1802–02?, Daniel Johannes 1804–19, Ingegjer 1805 og Johannes 1807–19. Fødsel for Jon og Synneva står ikkje kyrkjeboka. Ivar 1788 var hjå besteforeldra (v706) i 1801. Han blir borte.

v488 Johannes Olason Fjærestad (1771–1845) & 1806 Brita Jondtr Vikøyri v522 (1772–1846) fekk: Jon 1805–06, Ola 1807 (Nedre Trytisøyna under lnr 107 Tryti), Anna 1819 (v808). Om foreldre til Johannes: sjå note lnr 96. Mor til Johannes var frå Låne, difor vart sonen kalla Lån-Ola. Brita døydde som fattiglem.

v490 Johannes Person Seim (1737–1782) frå lnr 11 & 1767 Barbra Jondtr Hove (1738–1784) frå lnr 77 fekk på Vikøyri borna: Kari 1769, Jon 1773, Marta 1777 (v272), Brita 1780 (plass under lnr 50 Åse). Johannes vart gift med tenaradresse Fosse. Sjølv om alder ved død tyder på at han var fødd i 1732, er dette rett person, då faren til Johannes Seim var frå Fosse.

v492 Johannes Person Kvist (1720–1790) frå Kvamsøy sokn & 1750 Sigrid Jørgendtr Vikøyri v550 (1730) fekk: Per 1750 (plass lnr 13 Limmesand), Frik 1754, Marta 1757–58, Marta 1758. I 1760 vart det skrive at Johannes, som nokre andre, var «likeledes i Tyverie» og om Sigrid: «vides endnu intet sådant». Han vart dømt til «kagstrykning», skulle brennemerkast i skallen som tjuv og sendast til straffearbeid på livstid på festninga i Bergen. Domen fekk han kanskje før 1763, for då manglar han i manntalet. Per var fødd på Kollingsnes. Frik og Marta døydde truleg før konfirmasjonsalder.

v494 Jon Albrigtson Vikøyri (1703–1743) & 1732 Gjertrud Oladtr Fjærestad (–) frå lnr 96 fekk: Simon 1729–32, Ola 1732 (lnr 3 Sæbø), Ingeborg 1742 (Vetleøyri s216). Borna vart fødde på Vikøyri. Gjertrud vart attgift til Vikøyri v824.

v496 Jon Andersson Vikøyri v050 (1783–1849) & 1810 Anna Valdemardtr Vikøyri v972 (1783–1855) hadde: Anders 1810 (plassen Bleiehaugen under lnr 72 Hove, så USA), Hildeborg 1815–33, Valdemar 1817–18, Margreta 1821 (USA 1852), Magnhild 1824 (v982), Randi 1825 (v518), Brita 1828–28. Jon var av dei heller få øyringane som betalte skatt i 1817, men «John Snædkers Enke» fekk fattighjelp dei to siste åra ho levde.

v498 Jon Andersson Vikøyri v052 (1823–1860) & 1846 Synneva Oladtr Vikøyri v772 (1815–1897) fekk: Anders 1849 (lnr 41b Grønsberg og v048), Ingeborg 1851–52, Ingeborg 1853–60, Ola 1855 (lnr 1/44 i Røysane-Sæbø), Helge 1858 (v316), Marta 1845 (v580), Olina 1847. Synneva vart kalla «Subla-Synneva». I følgje den gamle bygdeboka kom det av at ho ofte avslutta eit utsegn med «Hon suble meg». Men namnet Hauge er også knytt til familien. Det kjem frå husmannsplassen Haugen på Turvoll. Synneva døydde ved å falla utfor ei bryggje i Bergen i mørke. Huslyden budde i ei røykstove med kakkelomn, overteken etter foreldra til Jon.

v500 Jon Arneson Seimsøyri (1703–1776) & 1732 Ragnhild Oladtr (1698–1742) fekk: Guri 1732 (v964), Anna 1736, Ragnhild 1738–38?, Ranveig 1741–41, Synneva 1742–42?. Jon vart attgift 1743 med Ragnhild Hermunddtr Vikøyri v320 (–) og dei fekk: Arne 1743–43, Ragnhild 1745–58, Marta 1748–49, Marta 1750, Hermund 1753 (v328), Arne 1756–56?. I 1763 hadde foreldra berre med seg ei svak dotter (som må vera Marta). Anna 1736 var ugift då faren døydde. Jon hadde truleg ei syster Synneva (v248).

v502 Jon Eirikson Føli (1815–1873) frå lnr 23 & 1844 Kari Ivardtr Vikøyri v394 (1817–1901) fekk: Gjertrud 1842 (USA 1867), Eirik 1845–45, Ivar 1847– 47, Johanna 1848, Ivar 1852 (USA 1870), Eirik 1855 (USA 1876), Johannes 1857. Jon overtok ei lemstove etter enkja Billa Hansdtr v394. Enkja Kari reiste til USA i 1878 med to born.

v504 Jon Helgeson Vikøyri v316 (1899–1978), sjømann, & 1925 Eli Jondtr Hove (1897–1961) frå bnr 26/12 i Moane-Hove fekk: Erling 1925–25, Herman 1926 (hus nr 80, så Hatlevegen 19 i Prestberget), Anna 1928–2008 (Bergen), Einar 1930–32, Einar 1933–99 (Feios), Agnar 1935 (Førde), Jon 1936 (Manger), Harald 1939–42. Hus nr 76.

v506 Jon Hermundson «Sæbø» (1687–1771) & Gjertrud Bendikdtr Vikøyri v122 (–1768) fekk Brita 1728–28. I 1758 og 1763 budde Gjertrud og Jon på Vikøyri. Dei var då svake og fattige og måtte leva av det folk ville gje dei, vart det skrive. Om Jon: sjå lnr 4 Sæbø.

v508 Jon Hermundson Vikøyri v322 (1777–1814) & Brita Larsdtr Vetleøyri s119 (1782–1846) fekk: Lars 1804 (Øvre Trytisøyna), Anna 1809 (s100, USA), Brita 1812 (v922). I 1801 var dei båe tenarar på Skjørvo. I 1815 gifte Brita seg oppatt til Vikøyri v642.

v510 Jon Hermundson Grov (1838–1910) frå plass 2 i Skulen-Grov, «Skule-Jo», jekteførar, fiskar og handlande med jordbruksprodukt, & 1863 Anna Oladtr Vikøyri v780 (1840–1931) fekk: Sitona 1863 (hus nr 80), Olina 1866–1952, Hermund 1868 (hus nr 21), Hermund 1872–1940 (gift i Bergen 1909, døydde på Vikøyri), Johan 1875–82, Andreas 1880–1953 (USA 1899, kom att), Inga 1880–82, Inga Johanna 1883–1953 (gift Nødtvedt i 1910, Bergen). Hus nr 21. Det brann ned i 1922, men vart bygt opp att.

v512 Jon Jakobson Vikøyri v422 (1725–1788) vart konfirmert som soldat i 1746 med adressa Hønsi. I 1750 var han framleis soldat, og med tenaradressa Voll gifte han seg då til Vikøyri med enkja Magdeli Oladtr v020 (–1769). Jon gifte seg på nytt 1769 med enkja Brita Oladtr Vikøyri v730, v211 (1786) og i 1787 med enkja Sara Oladtr Vikøyri v774, v900 (1754).

v514 Jon Johannesson Vikøyri v486 (1794–1848) & 1820 Anna Ellingdtr Vikøyri v212 (1794–1853) budde på Vikøyri. Born: Barbra 1822 (USA 1857), Gunhild 1825, Johanna 1830 (USA 1866), Elling 1837 (USA 1856), Anna 1843 (USA 1857). Anna hadde òg Brita 1816 med Styrk Kjellson Vikøyri v562 (1790–1853). Brita kom til Øvre Prestteigplass på Midlang. Jon og Anna hadde både stove, bu og fjøs. Barbra arva stova, men denne stova var borte i 1868. Gunhild Jondtr Vikøyri (1825) fekk to born med Per Olason Engum (1816–) frå Kvamsøy sokn: Anna 1849 og Jon 1863. Ho og borna reiste til USA i 1866. Før det hadde ho laga seg bustad i bua til faren. Denne bua selde ho til enkja Brita Endredtr v608.

v516 Jon Johannesson Føli (1830) frå lnr 23 & 1858 husmannsdtr Brita Oladtr Linde (1826) frå Kvamsøy sokn fekk: Alis 1858 og Gjertrud 1860. Huslyden budde på Vikøyri, men reiste til USA i 1866. v518 Jon Johannesson Vikøyri v476 (1823–1912), sjømann, & 1847 Randi Jondtr Vikøyri v496 (1825–1893) fekk: Johannes 1848–1911 (fekk tukthusdomar for tjuveri), Johanna 1850 (plass Nesse, USA 1881), Anna 1853 (v086), Anders 1856 (v054), Margreta 1859 (s150), Brita 1862 (USA 1886), Gjertrud 1864 (Vossestrand), Marie 1867 (v624), Olina 1872–72. «Angunna-Jo» fekk fattighjelp frå 1900. Hus nr 74.

v520 Jon Jonson Limmesand (1860–1938), «Alme-Jo» frå plassen under lnr 13, skreddar, & 1884 Anna Andersdtr Vetleøyri s016 (1864–1953) fekk 13 born: Anders 1884–91 (drukna i Vikja), Jon 1886 (USA 1902), Hermund 1888 (USA 1904), Samuel 1890–1955 (USA 1906), Anders 1892 (USA 1909), Marie 1894 (til Bergen), Gurina 1896 (USA 1913), Andreas 1898 (USA 1914), Martin 1901 (v668), Anna (Bergen), Wilhelmina 1910 (sjå hus nr 28). Det skulle òg vera to jenter som fekk namnet Solveig, men som døydde tidleg etter fødselen. Men dei, og dei andre borna fødde etter 1896, er ikkje innførde i kyrkjeboka som fødde eller døypte, truleg fordi huslyden var med i sekta til Ulness v908. Hus nr 57. Jon var son til Jon Styrkson Vikøyri v932 (1833) og Solveig Jondtr Vangsnes (1830–1898) frå plass nr 33. Solveig gifte seg 1863 med enkjemann Ola Ingebrigtson (Dale) Limmesand (1785–1877). I 1875 var Ola, Solveig og Jon 1860 innerstar på Vikøyri og Ola fekk fattighjelp. I det året han døydde vart «naturalydelser efter Alm-Ole» overført til ein annan fattig stakkar: den spedalske Andreas Jakobson v096.

v522 Jon Lasseson Vikøyri (1731) & 1770 Anna Hansdtr Vikøyri v264 (1745–1824) fekk: Brita 1772 (v488). Jon var i livet 1801.

v524 Jon Larsson Vikøyri v618 (1805–1854) & 1833 Barbra Perdtr Stadheim (1805–1841) frå lnr 31 budde på Vikøyri. Born: Lars 1830–30?, Ragnhild 1832 (gifte seg i Bergen 1862, sjå òg v954), Johanna 1835 (v770). Huset var i 1856 kome over på Ingebrigt Martinson v370.

v526 Jon Lasseson Vikøyri v642 (1816) & 1849 Ragnhild Botolvdtr «Vikøyri» (1820–1857) fekk på Vikøyri: Lasse 1850–50, Botolv 1855–56. Ragnhild var dotter til Botolv Knutson og Kristi Jondtr. Dei var husmannsfolk under Engum, Kvamsøy sokn. Jon var ikkje i Vik i 1865. Han reiste kanskje til USA.

v528 Jon Olason Vikøyri (1697) vart kalla «Hål-Ola-Jon» då ein unge han hadde vart gravlagd i 1731. Jon hadde to brør på Vikøyri, Ola 1693 og Markus 1695, sjå v822.

v530 Jon Olason Hopperstad (1753–1835) frå lnr 115 & 1781 Synneva Andersdtr Ovri (1750–1818) frå lnr 68 fekk: Anders 1779–79?, Ola 1781–81?, Jon 1783, Marta 1888 (v466), Brita 1792 (Halvarhaugen på Hatlekolo). Dei tre sønene finn vi ikkje i Vik i 1801. Mor til Jon prøvde å få bruket på Hopperstad, lnr 115, over på Jon, men den eldste broren overtok. Jon vart verande på Vikøyri. Jon var i tvistar med broren Arne på Hopperstad, men også med andre. I 1797 hadde ekteparet med to born teke på seg eitt års teneste på lnr 1 Sæbø, men dei flytta frå tre månader før tida. Sjølv om eigaren Hans Petter Meyer Sæbye ville betala full løn for heile året, var ikkje Jon nøgd med det i forliksrådet.

v532 Jon Olason Viddene (1833–1932) frå Gol & 1865 Ingeborg Larsdtr Hofslund (1838–1911) frå Sogndal fekk: Kristina 1866–1960, Olina 1869 (gift Vaksinen i 1900, Bergen), Lars 1873 (sjå hus nr 34), Karl 1876 (USA 1896), Ola 1879 (USA 1899). Jon var fargar på Vikøyri. Hus nr 34.

v534 Jon Person Vikøyri (1698–1774) var gift med ei som heitte Brita. Dei fekk følgjande born som vi veit om: Per 1726 (v874), Brita 1730, Eirik 1734, Gjørond 1744 og truleg Kristi 1747 (v600). Born fødde 1730–44 døydde truleg små. Jon vart attgift 1769 med Anna Ellingdtr (1715–1781), enkje på ein plass i Hola under Flete i Arnafjord sokn.

v536 Jon Person Holstad (1773–1805) frå lnr 86 & 1800 Karen Sybilla Hansdtr Wulff v276 (1777–1865) fekk borna: Anna 1801 (v134), Sigrid 1803 (sjå note lnr 28 Hønsi), Anna Matea 1805. Sybilla vart attgift til Vikøyri v394.

v538 Jon Sjurson Vikøyri v922 (1847–1927) & 1875 Ingeborg Andersdtr Vikøyri v030 (1846–1933) fekk: Birte 1875 (gift til etternamnet Pisani i Bergen 1899), Kristina 1877 (Bergen, gift 1899), Andreas 1880 (v100), Ivar 1883 (Bergen). Johan 1886–89. «Raustein-Jo» var sjømann og skomakar, seinare snikkar. Hus nr 63.

v540 Jon Torson Vikøyri v964 (1759–1824) & Kari Andersdtr (1749–1819) budde på Vikøyri i 1801. Dei hadde då ikkje born med seg. Jon vart attgift 1820 med Kari Oladtr «Vikøyri» (1770–1849). Alt i 1801 vart det skrive at Kari «nyder almisse av sognet», og ho døydde som fattiglem. Ho vart kalla «Tydske-Kari».

v542 Jon Øysteinson Vikøyri v982 (1862–1949) & 1884 Inger Oladtr Vikøyri v734 (1863–1931) fekk: Ola 1885–1904, Magnhild 1886 (til Toten), Anna 1888 (USA 1908 og Ørlandet), Synneva 1890 (Bergen, sjå note plass 2 Sæbø), Johanna 1892–1909 (fekk tæring), Brita 1894 (Bergen), Øyvind 1896 (ugift, Årdal), Guri 1898 (Lærdal), Rolf 1901 (v892), Åslaug 1903 (Høyanger), Olina 1905 (ugift, Bergen), Olaf Jostein 1909– 24. «Ysteidn-Jon» var skomakar. I 1897 vart Inger innlagd på sinnsjukehus i Bergen, og Jon fekk fattighjelp til røkt og pleie av borna. Namnet hennar vart brukt for å identifisera borna, som «IngerRolf». Hus nr 38.

v544 Jonas Hansson Henjum (1717) frå Leikanger & 1743 Brita Endredtr Vikøyri v219 (1716–1782) fekk: Sjur 1742, Ingrid 1745 (s128), Hermund 1748–49, Anna 1751. Jonas vart konfirmert i Vik i 1737, han var truleg ein son til Hans Bøtun som hadde nær slekt på lnr 52 Orvedal. I 1758 vart det skrive at Jonas hadde kone, tre born, ei blind mor og var svært fattig. Jonas og Brita var på Vikøyri også i 1760.

v546 Jonas Larsson Vetleøyri s128 (1784–1835) & 1814 Brita Ellenddtr Tryti (1780–1829) frå lnr 105 fekk: Gunhild 1810, Svein 1811–11?, Ingrid 1813 (v464), Turid 1816–32, Lars 1820–22, Brita 1822 (gift 1858, Bergen). Jonas vart attgift 1832 med Sigrid Øysteindtr Vikøyri v980 (1789–1849). Sigrid vart attgift 1837 til Vikøyri v871.

v548 Jonas Nilsson Vikøyri v712 (1796–1849) & 1822 Anna Mikkeldtr Hopperstad (1792–1837) frå plassen Breidi fekk: Kari 1823 (Våtvik/plass Bøyum i Fjærland), Nils 1829 (til Fjærland i 1845), Mikkel 1834 (Lidal i Fjærland, USA 1861). Jonas vart attgift 1839 med Synneva Nilsdtr Bøyum (1793–1849).

v550 Jørgen Nilsson Vikøyri (1693–1763) var gift med Marta (–). Dei fekk: Marta 1726–26?, Sigrid 1730, Synneva 1736–36. I 1758 var Jørgen i armod og ingen eigde huset hans, og i 1763 var han på legd.

v552 Jørgen Olason Vikøren (1895–1970) frå bnr 1/44 i Røysane-Sæbø & 1925 Ragna Andersdtr Fosse (1900–1938) frå lnr 34 fekk: Odd 1925 (ugift, hus nr 72), Alv 1927–2002 (Bergen), Magne 1930 (bnr 59/23 under lnr 30 Valsvik). Jørgen var skomakar, seinare postbod. Han kjøpte hus nr 72 etter Lasse Ellingson Vikøyri v634.

v554 Kari Kjelldtr Vikøyri v564 (1845–1927) fekk to born med skomakar og ungkar Ola Nilsson Fjærestad (1842–1922) frå lnr 95c: Karl 1871 og Ivar 1880. Kari reiste til USA med dei to sønene i 1881. Ola vart skomakar og plassmann under lnr 103a Bø.

v556 Kari Oladtr Gilderhus (1811–1889) frå Voss fekk følgjande born med Benjamin Harbo Johanson Liljedahl (1813) frå lnr 121 Hopperstad: Ola 1841 (Bergen), Herman 1844–48?, Olina 1847–47, Marta Gjørine 1850–82 (ugift, Vikøyri). Benjamin reiste til USA i 1856. «Ruse-Kari» budde på Vikøyri. (Sjå òg note under lnr 121 Hopperstad.)

v558 Karl Torkjellson Vetleøyri s226 (1883–1945) & 1908 Konstanse Elida Sofie Karlsen (1886–1971) frå Tromsø fekk: Signy Amalie 1913 (England), Bjarne Hermund 1915 (bnr 41/124 på Vikøyri-søraust, så Lillesand), Hjørdis Kristine 1917 (Skien, hus nr 29 på Vikøyri). Magnus 1920, Charlotte Konstance 1923 (Nesttun, så England), Torhild Alvhilda 1925 (Tromsø), Frida 1929 (Halden). Karl hadde dessutan Nikoline 1905–21 med Ragnhild Eliasdtr Røysane-Vange (1882). Hus nr 36 vart kjøpt frå Lars Olason v628. Magnus 1920 overtok.

v560 Kjell Frikson Vetleøyri s044 (1836–1923), fiskar, & 1860 Gjørond Sjurdtr Vetleøyri s208 (1833–1924) budde på Vikøyri. Born: Fredrik 1860–65, Fredrik 1861–61, Sigrid 1862 (s226), Marta 1866–1946 (ugift), Fredrik 1869–70, Sitona 1872 (v232), Sjur 1875–82. Kjell fekk høg fattigstønad 1912–23 som «fattig, gammel og syk». Hus nr 29.

v562 Kjell Styrkson Røysane-Sæbø (1756–1820) frå plass under lnr 3 Sæbø & 1780 Brita Jondtr Rislåg (1751–1843) frå lnr 54 budde på Vikøyri. Born: Styrk 1790 (v930), Randi 1789, Gjørond 1780 (v962), Synneva 1782 (s178), Marta 1787, Randi 1793 (v962). Brita var på legd då ho døydde.

v564 Kjell Torson Vikøyri v962 (1817–1897) & 1844 Ingeborg Oladtr Eggum (1816) frå Lærdal fekk: Gjertrud 1839 (lnr 10 Seim), Jon 1845, Kari 1845 (sjå v554), Tor 1847–47, Jørgen 1847–47, Tor 1848, Ola 1851, Gjørond 1854, Olina 1856, Karl 1859–59. Far til Ingeborg, Ola Amundson, var husmann på plassen Margretejorven. Kjell var smed. Smidja var i eit tilbygg på huset. Med unntak av Gjertrud hadde alle reist til Amerika innan 1881. Kjell kjøpte hus nr 46 av Markus Larsson v656, som reiste til Nordland i 1845, og han selde det til «Brei-Lars» v614.

v566 Klemmert Olsen (1866) frå Bohuslän, Sverige, & Maren Marie Nilsdtr Frediksen (1865) frå Strusshamn på Askøy kom til Vik i 1924. Born: Anton Karl 1893 (Stavanger), Fredrik, Artur 1905, Klemmert, Alf 1909, Karoline. Klemmert var blekksmed, men dreiv òg handel. Boksaren «Ole Lukkøye» Klementsen ættar frå desse to. Hus nr 82.

v568 Knut Botolvson (1661–1741) & Kari (–1732) budde på Vikøyri. Born: Marita 1685 (v320), Sigrid (v422), Durdei 1690 (v294), Borgny 1697 (v284). Knut vart attgift 1737 med Brita Andersdtr «Skjørvo» (–). Skjørvo kan vera tenaradresse.

v570 Knut Botolvson Vetleøyri s036 (1810–1882) & 1844 Johanna Ivardtr Vikøyri v394 (1819–1845) fekk: Kari 1842–73 (ugift, var spedalsk, fekk fattighjelp på Vikøyri), Ivar 1845 (v398, USA). I 1846 fekk Knut bygsling på plassen Tofinnvedledna på Ytre Nesse, gifte seg på nytt, men fekk ikkje fleire born.

v572 Knut Larsson Vikøyri v622 (1802–1878) & 1830 Gjertrud Ellingdtr Vikøyri v206 (1808–1890) budde på Vikøyri. Born: Anna 1830–30, Lars 1831–49 (fekk nervefeber), Anna 1834 (USA 1857), Sigrid 1837, Ingeborg 1840, Kari 1842–73, Marta 1845 (v978, USA), Endre 1848–49. Knut eigde i 1868 ei røykstove. Enkja reiste til Amerika i 1884. Ho fekk støtte til kjøp av klede før ho reiste. Men ho kom tilbake til Vikøyri og fekk fattigstøtte frå 1887. Men fattigstyret fann her ei ekstra finansieringskjelde: buet etter enkja Kari Sjurdtr Røysane-Sæbø på plassen Urdi. Fattigstyret tok altså tilbake det som var av verdi etter at fattigfolk døydde. Ingeborg Knutdtr Vikøyri (1840) fekk Endre 1866 med Lasse Olason Kvamme. Ho reiste til Amerika med sonen i 1871. Hus nr 82 vart overteke av Andreas Kristenson Vikøyri v586, v102.

v574 Knut Markusson Vikøyri v660 (1790–1817) & Marta Helgedtr Grønsberg (1794–1854) frå lnr 41 fekk: Ragnhild 1813 (til plass i Øvre Moane-Hove, så USA), Sesilia 1817 (til Hola-Seljadalen, USA). Marta vart attgift til Vikøyri v052.

v576 Knut Olason Vikøyri v784 (1796–1855) & 1821 Gunhild Abrahamdtr Styvi (1798) frå Aurland fekk: Ola 1821 (Feios), Anna 1824, Gjertrud 1827 (v338), Randi 1830, Sjur 1833 (gift i Bergen 1864), Guri 1836, Hansina 1841. Juledagskvelden 1817 var Knut «fint i farten» og møtte Albrigt Eirikson frå plass nr 1 på Hatlekolo. Han var også full. Gamalt uvenskap fekk næring, og Knut slo Albrigt i hovudet. I forliksprotokollen står det at dei lova å tilgje kvarandre. «Svarte-Knud» («Svorte-Knud») fekk fattighjelp frå 1850, mellom anna for ein tur til sjukehus i Bergen. Siste året var han på legd. Gunhild reiste til Amerika med Guri og Hansina i 1862. Randi Knutdtr Vikøyri (1830–) fekk Hermund 1853–53? med Ola Olason Vangsnes (1835–1883) frå lnr 186 og Karen 1858 med Mons Ellingson «Sæle». Randi og Karen var på Vikøyri 1865, men blir så blir borte frå bygda. Truleg reiste dei til Amerika.

v578 Knut Olason Finsethagen (1841–1914) frå Hemsedal & 1874 Ragnhild Oladtr Vetleøyri s192 (1849–1936) budde på Vikøyri der Knut var blekksmed. Han vart kalla «Hallingen», ho «Todleiv-Ragnhilda» etter bestefaren. Born: Hansina 1875, Johan 1875, Karolina 1876–90 (døydde av tæring), Brita 1878–85, Olina 1881–84, Andrina 1883, Ola 1885–85, Brita 1887 (Bergen), Karolina 1890 (Bergen). Andrina Knutdtr Vikøyri (1883–1962) fekk Olina 1903 (Bergen) med Sivert Gunnarson frå Årdal i Jølster, Ragnvald Olai 1907 med Anders Olason Henjum (1882–1968), husmannsson, busett på garden Dalen på Leikanger, og Henry 1914 (Årdal) med Johannes Olason Sæle (1882) frå Fana. I 1918 ville presten Svendsen at dei to gutane skulle setjast bort på Sogns Barnehjem, men han fekk ikkje støtte for dette i fattigstyret. Andrina døydde i Bergen. Ragnvald Olai 1907 busette seg i Røysane-Vange. Han tok familienamnet Andersen. Brita 1887 fekk Knut 1906 med Trygve Ludvigsen frå Bergen. Hus nr 5. Frå 1922 budde Andrina i hus nr 55.

v580 Knut Rasmusson Nøttveit (1852) frå Manger & 1875 Marta Jondtr Vikøyri v498 (1845) budde på Vikøyri der Knut var smed. Dei fekk: Susanna 1876. Dei reiste truleg til Amerika.

v582 Knut Sjurson Lindehagen (1863–1948) frå Kvamsøy sokn & 1907 Karen Oladtr Vikøyri v746 (1869–1953) fekk: Andrina 1908 (Høyanger) og Svanhild 1914. Karen hadde òg Anna Sofie 1888 (Eitorn i Leikanger) med Ivar Olason Juvik (1871–) frå lnr 5, Olina 1893 (Samnanger) med ein som heitte Andreas og Anny Karoline 1903 (Årdalstangen) med Ingebrigt Gjertson Vikøyri v238 (1878), sjå òg v354. Foreldra til Knut var husmenn i Lindehagen, men var frå Lavik. Knut og Karen hadde hus nr 44. Svanhild overtok.

v584 Knut Larsson Styve (1894–1952) frå Evanger & 1920 Minnie Lovise Kvamme v886 (1893–1973) fekk: Kathleen Ann 1921 (Voss, gift Mykkeltvedt, sjå hus nr 49), Enny Bergnice 1927 (lnr 8c Vange) og Norvald 1929–38. Knut bygde 1925 slaktehus med røykeri og pølseproduksjon på Vetleøyri. Styve gjekk konkurs og slakteriet vart 1936 kjøpt av Jon Nilsson Lilleøren (1903–1993). Knut Styve starta då kjøtutsal på Øyri i bui etter Guttorm Endreson Vikøyri v220, sjå bnr 29/6 og hus nr 49 under Vikøyri-Sæbø. Bustad: sjå bnr 41/23 under Villastrøket-Sjøtun.

v586 Kristen Andersson Vikøyri v034 (1788–1872) & 1817 Henrikka Andreasdtr Bartolomæi v094 (1795–1870) budde på Vikøyri. Born: Brita 1818 (truleg død før konfirmasjonsalder), Andreas 1823 (v102), Anders 1826 (v056), Brita 1829 (Fresvik), Marta 1832, Kristen 1835 (v592), Gjertrud 1838–38?. Kristen vart rekna som fattiglem i 1865. Også seinare fekk han litt frå fattigkassa. Men han vart ein «billig» mann for fattigstyret. Marta Kristendtr Vikøyri (1832) & 1851 husmannsson Lars Ivarson Berge (1825) reiste til USA frå Fjærland i 1854.

v588 Kristen Andreasson Hamnen v102 (1856–1920) & 1882 Marta Johannesdtr Hove (1850–1896) frå plassen Bleiehaugen under lnr 72 fekk: Andreas 1881–1909, Johannes 1887–87, Anna 1888 (USA 1907), Martin 1891 (USA 1909). «Habna-Kristen» var skomakar. I følgje den gamle bygdeboka tok han ofte skomakarskrinet med seg kringom på gardane. Det var ein gamal skikk. Skomakaren budde då på garden til oppdraget var fullført. Kristen vart attgift 1897 med Ingeborg Oladtr Prestteigen-Midlang (1845–1933) frå Øvre Prestteigplass. Ingeborg hadde frå før Ola 1871–94 med Ola Johannesson Hatlekolo (1852–) frå plass 2. Huslyden var i året 1900 busette under bnr 1/1. Det var truleg det vesle huset nr 40, taksert i 1887 til kr 280. Men i 1908 var huslyden i hus nr 77. Under namnet «Ingeborg Fjærestad» og «Ingeborg Prestteig» fekk ho fattigstønad frå 1919.

v590 Kristen Kristenson (–1761) & 1755 Isabella Oladtr (1725–1794) fekk Brita 1755 (v034) og Gjøa 1758–58. I 1760 budde Isabella og dottera hjå Guttorm Gjestson v248. Ho vart attgift til Vikøyri v874.

v592 Kristen Kristenson Christensen v586 (1835–1917) & 1858 Mari Hansdtr Feidje (1831–1914) frå Feios budde på Vikøyri. Kristen reiste til sjøs, seinare dreiv han handel. Born: Henrikka 1858 (v863), Hans 1861–89 (kontorist i Bergen), Marie 1863 (Bergen, USA), Kristina 1865 (gift i Bergen 1889), Martin 1867 (v670), Bernhard Julius 1869 (USA 1888), Olina 1871 (Leikanger), Kristen 1874–74, Hansina 1876 (Bergen, var kalla handelsbestyrerske då ho gifte seg i 1901), Birte Johanna 1878 (Manger). Kristen hadde i 1868 ei lemstove, overteken etter faren. I 1880 eigde han tre hus, verdsette til kr 1800. Hus nr 50 var i året 1900 overteke av Martin 1867.

v594 Kristen Martinson Christensen v670 (1891–1920) & 1914 Marie Andreasdtr Vikøyri v104 (1893–1920) fekk: Agnes Lovise 1914, Aslaug Johanna 1917 («Fengslet» i Røysane-Vange, så Galilea, Grov), Martin Andreas 1918 (v672). Kristen og Marie døydde av tuberkulose. Borna fekk fosterforeldre: Vikøyri v444. Agnes gifte seg med Ivar Hammer frå Bergen. Dei budde ei tid på Vikøyri, men flytta til Årdal.

v596 Kristian Abelson Hindøya (1841–1906) frå Davik, skomakar og garvar, & 1866 Malena Ivardtr Brekke (1831–1902) frå Lånefjorden hadde ikkje born. Men Malena hadde frå før: Bothilda 1858–92 med Ola Person Skjørvo (1827–1915), husmann på Hatlekolo. Hus nr 66 var truleg frå ca 1840 og hadde vore eigd av Ingebrigt Torgeirson v384 og vart overteke av Malena. Ho selde til Anders Eirikson Menes v028.

v598 Kristian Hansson Vikøyri v300 (1819) & 1845 Marta Sjurdtr Oppheim (1819) frå Vossestrand budde på Vikøyri der Kristian var huseigar i 1846. Dei fekk Marta Marie 1847 (gift i Bergen 1869). Paret reiste truleg til Amerika innan 1865.

v600 Kristoffer Ellingson Øvstedal (1751–1821) frå plass under lnr 44 & 1787 Sigvor Eilifdtr Hove (1764–1795) frå lnr 74 budde på Vikøyri. Born: Elling 1787 (v208), Brita 1789 (Sameigni i Hagen-Bøadalen), Eilif 1793 (plass Turvoll, så USA). Kristoffer vart attgift ca 1798 med Kristi Jondtr Vikøyri v534 (1747–1827). Ho var på legd då ho døydde.

v602 Kurt skomakar (1689–1734) & Gjertrud (–) fekk: Gjertrud 1727, Anders 1730–30, Anna Dortea 1731–34, Gjertrud 1734.

v604 Lars Andersson Nornes (1736–1827), Sogndal, var først gift på Norane i 1765. Han vart attgift 1795 med Randi Jandtr Vikøyri v430 (1742–1819) og dei budde på Vikøyri. Dei fekk neppe born. I 1760 var Randi sagt å vera sjuk og vanfør, men ho fekk likevel eit langt liv. Lars døydde på legd.

v606 Lars Hansson Vikøyri v213 (1816–1879) & 1843 Sigrid Nilsdtr Vikøyri v716 (1817–1906) budde på Vikøyri. «Fiske-Lars» var fiskar. Han hadde ei stove med ein liten kakkelomn. Born: Brita 1840 (Vossestrand), Gjertrud 1843 (Hola, Seljadalen), Ola 1844 (s176), Jakob 1847 (Bergen), Brita 1850 (v442), Lasse 1853 (v638), Lars 1856 (Bergen). Lars hadde òg Ingebrigt 1835 (v368) med Sigrid Oladtr Vetleøyri s190 (1806–1872) og Per 1835 (v878) med Marta Perdtr Bersteigen (1810–1902). Dei var båe ugift. (Om Marta: sjå plassen Breidi under Hopperstad med note, v174 og plass i Svardal). Enkja Sigrid hadde det vanskeleg økonomisk. Ho fekk til dømes pengar av fattigkassa i 1897 for å kjøpa eit nytt skopar.

v608 Lars Ingebrigtson Vetleøyri s076 (1815–1855) & 1843 Brita Endredtr Refsdal (1813–1891) frå lnr 59 fekk: Brita 1842 (v148), Marta 1844–1924 (ugift), Ingebrigt 1847–47, Ingebrigt 1848–72, Endre 1851–52, Brita 1853–1904 (ugift). Huslyden budde truleg i leigde rom fram til 1866. Då kjøpte Brita 1813 bua som Gunhild Jondtr v514 hadde hatt som bustad. Brita vart rekna som fattiglem i 1865 og hadde det sikkert økonomisk vanskeleg. I 1887 bad Brita 1853 om støtte for mor si som var blitt sengeliggjande. Mora døydde på Hønsi.

v610 Lars Jensson Gjerløv (1843–1936), & Ingebjørg Guttormdtr Fretheim (1856–1951), båe frå Aurland, fekk: Anna Mari 1886 (Bergen), Jens 1888 (Narvik), Guttorm 1891 (Laksevåg). Lars eigde ein parsell av lnr 17 Tenål, bnr 4/2+3. I 1900 hadde dei nytt våningshus, hus nr 7, verdsett til kr 4200. Gjerløv dreiv Vik forbruksforening 1874–78 og 1882–1907 og deretter eigen handel 1907–22. Ny bustad: bnr 41/12 i Villastrøket-Sjøtun.

v612 Lars Johan Jonson (1844) frå Hersvik i Askvoll & 1877 Guri Johannesdtr Vikøyri v464 (1852) fekk: Kirsti 1877, Johannes 1879 (gift 1904 med etternamnet Hertsvig), Johanna Birgitte 1882, Gjert 1884. Huslyden reiste truleg til Amerika innan år 1900.

v614 Lars Johannesson Hatlekolo v618 (1850–1936) & 1877 Kari Hansdtr Hagen-Bøadalen (1851–1931) frå plassen Sameigni budde på Vikøyri, der «Brei-Lars» var smed. Born: Hans 1872 (vognfabrikk på Voss under namnet Hans Vik), Marta 1877 (til Lekve, Voss), Johannes 1880 (USA 1903), Ingeborg 1883 (Bergen), Olina 1885 (Bergen), Brita 1888 (Hønefoss), Kari 1890 (Bergen), Kristian 1892 (USA 1911). Hus nr 46 var overteke etter Kjell Torson v564.

v616 Lars Johannesson Hjelmtveit (1826), skomakar, & 1870 Mari Oladtr Nordre Navdal (1828), båe frå Eivindvik, hadde i 1868 kjøpt huset etter bakar Tor Torson v966 og som hadde vore eigd av bonde Ola Olason Hopperstad etter at Torson gjekk konkurs. Huset vart neppe rive, men det er ikkje klårlagt kva hus dette er på Ivar Refsdal sine kart, sjå hus nr 41.

v618 Lars Jonson Holane (1778–1855) frå plassen Raudsteinane & 1806 Brita Hansdtr «Nese» (1785–1837), båe frå Arnafjord sokn, fekk: Jon 1805 (v524), Tolleif 1807 (v954), Hans 1809 (sjå plassen Holumshaugen under lnr 17 Holane), Sjur 1812 (v922), Marta 1815, Anders 1817 (v060), Johannes 1819 (v482), Marie 1821, Marie 1825 (Raudboti, Fjærland). Om foreldre til Brita: sjå under husmann Tolleif Ådlane i Hola i Framfjorden. Lars vart kalla «Rænsteen-Lars» i fattigprotokollen, ei klar mistyding av namnet Raudsteinane. Han vart attgift 1841 med husmannsdtr Ingeborg Oladtr Ytre Nesse (1790–1874) frå Kvamsøy sokn. Ho hadde frå før Ola 1816 (v766, USA), sjå v208. Enkja Ingeborg fekk fattighjelp i mange år. Ho hadde namnet «Toffin-Ingeborg» for di ho var frå plassen Torfinnvedledna. Systera Brita Oladtr (1792–1869), «Toffin-Brita», var ugift. Ho døydde på legd i Vik. Marta Larsdtr Vikøyri (1815–1900) fekk to born med husmannsson Johannes Olason Hatlekolo (1825–1916), «Brei-Johans»: Lars 1850 (v614) og Ola 1852 (plass 5 Vange). Marta var i 1875 busett på lnr 106 Tryti saman med sonen Ola. Ho hadde 5 sauer på plassen. Fleire hyste «Raustein-Marta» frå 1896 og fekk utbetalt fattighjelpa. Men i året 1900 var det ingen som ville ha henne for kr 50 per år, og då kom ho til sonen Lars som fekk kr 90 per år!

v620 Lars Kristofferson Solvorn (1877), strandsitjarson frå Solvorn i Hafslo, & 1898 Kristina Styrkdtr Vikøyri v928 (1877) fekk i Vik: Kristoffer 1898. Lars var bakar. Huslyden var i hus nr 51 i 1900, men hadde flytta frå bygda i 1908. Huset vart overteke av Jens Styrkson v444.

v622 Lars Markusson Vikøyri v660 (1777–1844) & 1801 Anna Knutdtr (1770–1831) fekk på Vikøyri: ingeborg 1798, Knut 1801–02, Knut 1802 (v572), Anna 1806 (v036), Marta 1809 (plassen Sløkji under Ådlane i Arnafjord sokn), Markus 1812 (v656). Om Marta heiter det ved konfirmasjon i 1824: «Ringe siælsevner, ussel oplysning og skiødelsløs». Anna Knutdtr var neppe frå Vik. Lars var ein av få øyringar som betalte skatt i 1817. Han vart attgift 1833 med Agata Oladtr Finnen (1794–1835) frå lnr 51og fekk Ola 1834–34. Han vart på nytt gift 1836 med Brita Nilsdtr Vikøyri v712 (1793–1846). Ho vart attgift til Vikøyri v434. Vi trur at det var Ingeborg Larsdtr Vikøyri (1798–1837) som fekk Marta 1824 (v018) med Ola Lasseson Røyrvik (1804) frå lnr 12 og at ho døydde som spedalsk på sjukehus i Bergen i 1837. Men alder ved død vart oppgitt å vera 28 år. Lars hadde både stove og fjøs i 1839. Jens Hermundson v434 flytta inn i stova.

v624 Lars Olason Mo (1855–1938) frå Hafslo & 1880 enkja Olina Perdtr Vikøyri v088 (1843–1914) hadde ikkje born. Lars reiste til Amerika 1885. Kona Olina var ikkje med. Han kom att etter ca 20 år. Truleg hadde han vore i gruvearbeid, for han var kalla «Gruben». Lars vart attgift 1914 med Marie Jondtr Vikøyri v518 (1867–1948). Hus nr 56.

v626 Lars Olason Helleland (1870–1956) frå Feios, & 1893 Ragnhild Oladtr Vikøyri v832 (1869–1958) fekk: Brita 1893 (Odda), Birte Olina 1895 (sjå hus nr 31), Ola 1897 (USA 1918, kom att: bnr 1/118 i Tomtebu), Per 1899 (USA 1923, kom att, sjå under Tomtebu), Astrid 1902 (Odda), Harald 1905 (v312), Signe 1909 (Odda), Odd 1915 (bnr 1/120 i Tomtebu). Ragnhild var dotter til «Bakkjen». Det må vera grunnen til utnamnet «Bakka-Lars». Hus nr 31.

v628 Lars Olason Vikøyri v768 (1841–1910) & 1867 Anna Sofie Hansdtr Vikøyri v270 (1846–1908) budde på Vikøyri der Lars var båtførar, seinare korgmakar. Born: Anna 1868 (sjå hus nr 23), Martin 1870–73, Martin 1873 (v674), Hermund 1876 (Aurland), Hansina 1881 (Bergen), Lars 1885 (Bergen), Andreas 1889 (lnr 193b Vangsnes). Hus nr 36.

v630 Lars Torson Skaffargard (1750–1802) & 1775 Sigrid Oladtr Tenål (1741) frå lnr 18 fekk: Brita 1776, Tor 1780 (v958). Brita fekk Sigrid 1798 med Johannes Olason Nese (1774–1848), om han: sjå note under lnr 42 Nese i Arnafjord sokn. Tor var bataljonstambur. Sigrid 1798 gifte seg i Bergen i 1843.

v632 Lasse Eirikson Målsnes (1810–1889) frå Kvamsøy sokn & 1839 Barbra Nilsdtr Øksdal (1808–1871) frå lnr 3 hadde: Brita 1837–37, Nils 1840–67, Brita 1843 (plass 2 Vange), Randi 1843–44, Ola 1845 (v816), Hans 1849–71. Lasse var «uekte»: mor var husmannsdtr Randi Oladtr Målsnes (1784–). Lasse vart attgift 1875 med Gyrid Sjovatdtr Finnen (1829–1882). Gyrid vart spedalsk. Det var også mor hennar, den ugifte husmannsjenta Alis Oladtr Finnen (1804–1853). Sjovat Olason Finnen (1804–1876) frå lnr 51 fekk to uekte born innan eitt år: Gyrid og halvsystera Gjertrud, gift til Vikøyri v096. Lasse hadde i 1846 både stove og ei bu. I 1858 var det kome omn i stova. I 1881 hadde fattigkassen kosta mjøl og andre matvarer til Eirik H. Nummedal, men då han døydde, vart varene henta og gitt til «Nuska-Lasse». Lasse hadde i 1882 fått bygt nye båt, men hadde ikkje pengar til oppgjer, kr 24. Fattigkassa løyvde kr 20, men ville ha eigedomsretten til båten! Hus nr 87, ei røykstove, vart overteken av Ola Knutson Sylvarnes v810.

v634 Lasse Ellingson Vikøyri v209 (1848–1925) & 1871 Jensina Johannesdtr Hov (1841–1875) frå Fresvik fekk: Ragnhild 1870 (Byrkjeland i Hyllestad, Bergen), Brita 1872 (død ung), Hansina 1875–75. Lasse vart attgift 1876 med Ragnhild Hermunddtr Valsvik s068 (1852–1931). Born: Jensina 1877, Elling 1879 (v210, USA), Gjert 1881 (Bergen, USA), Henrikke 1883 (USA 1901), Endre 1886 (USA 1903), Hans 1888 (USA 1905), Gjertrud 1890 (USA 1905), Birte 1892 (utflytt 1909, døydde ung), Svein 1895 (lnr 15a Bungane), Sigurd 1899. Sigurd Lasseson Vikøren (1899–1991) & Lydia Samsondtr Skåren (1897–1976) frå Naustdal fekk: Lyder 1920, Samson 1922 og Nilla 1922. Sigurd var fyrbøtar, så fabrikkarbeidar i Framfjorden. Familien flytta til Askøy. Jensina Lassedtr Vikøyri (1877–1977) & 1899 Anders Botolvson Nesse (1876–1902) frå Kvamsøy sokn fekk: Anna 1899 og Botolv 1901. Som enkje fekk ho Ragnhild Lovise 1906 med boktrykkjar Thomas R. Thorsen (1883–) som då var i Vik. I 1911 gifte ho seg til etternamnet Jakobsen og vart busett i Bergen. Då ho feira 100-årsdagen hadde ho 8 born og 18 barneborn. Hus nr 72.

v636 Lasse Jonson Stadheim (1738) frå lnr 29 & 1768 Brita Hansdtr Vikøyri v264 (1739) fekk: Hans 1769, Randi 1771, Jon 1777, Jon 1779, Magnhild 1780. Av ein merknad i kyrkjeboka då Lasse vart døypt går det fram at det hadde gått uvanleg lang tid frå fødselen, og at presten hadde skunda på foreldra for å få ungen døypt. Brita hadde òg Marta 1762 med Ingebrigt Jonson Hove (1729–) på lnr 77 Øvre Hove. Denne huslyden flytta til Bergen.

v638 Lasse Larsson Vikøyri v606 (1853–1897) & 1875 Guri Jondtr Sæle (1845–1929) frå Kvamsøy sokn, var på plassen Sælsvedledna, men enkja, «Fiske-Guri», flytta til Vikøyri. Born: Johan 1876 (Bergen), Jensina 1879 (England), Anna 1886 (Bergen), Svein 1890–93. Lasse hadde dessutan Lars 1873 med Gjertrud Gjestdtr Dale (1837) frå Kyrkjebø. (Om Lars 1873 og Gjertrud: sjå plassen Leite under lnr 60 Vetlesand). I år 1900 budde Guri hjå Ludvig Eikaas i Allmenningen. «Guri Sæle» fekk kr 5,00 i «julebevilgning» av fattigkassa i 1916. I åra 1918–27 fekk ho årleg støtte frå Fastings legat. Hus nr 69 vart overteke etter Synneva Jondtr Vikøyri v350 (1829–1907). Johan Lasseson Sæle (1876) fekk Olav 1898 (v860) med Johanna Oladtr Tryti v454 (1869–1946).

v640 Lasse Nilsson Geithus (1764–1823), frå plass under lnr 50 & 1791 Marta Einardtr (1759–1802) fekk: Nils 1792, Nils 1795 (v716, plass Geithus), Barbra 1798 (plassen Hellevik under Lønne i Kvamsøy sokn), Einar 1794. Marta var neppe frå Vik. Lasse vart attgift 1804 med Ranveig Oladtr Seimsøyri s186 (1757–1818). Med namnet Randi var ho tenar på Skjørvo i 1801.

v642 I 2021 vart det klarlagt at Lasse Olason Vikøyri (1791–1848) ikkje var frå garden Røyrvik i Hyllestad slik det stod i den trykte utgåva i 2008. Nytt fødselsår er oppført på grunnlag av oppført alder i kyrkjeboka for dødsfallet. Ingen av fadrane for borna kunne vera av Lasse si slekt, og heller ikkje skiftet etter han avslører kor han var frå. Han kom kanskje til Vik som ung tenestegut og vart fanga opp av det militære systemet. Han gifte seg 1815 som soldat med enkja Brita Larsdtr Vikøyri v508 (1782–1846) og vart dermed huseigar. Lasse og Brita fekk: Jon 1816 (v526), Ola 1819, Elling 1821 (v252, Nord-Noreg), Gjertrud 1824, Guttorm 1827 (v252). Lasse døydde i Bergen. Brita vart kalla husmannskone då ho døydde. Lasse hadde både stove, fjøs, stabbur og naust, men alt var lågt verdsett i 1846. Ola Lasseson Vikøyri (1819–1895) var eit problem for fattigstyret heilt frå unge år. Han var neppe heilt normal. I tillegg var det vanleg at han drakk så mykje at han krabba. I alle høve var det namnet «Krabbe-Ola» som vart brukt om han i fattigprotokollen. Utgifter til klede går att som grunn for støtte. I 1869 kom soknepresten med forslag om at dei skulle prøva å få han utplassert hjå ein «ordentlig mand» i bygda då det var uheldig at han stadig heldt til på Vikøyri «hvor det gives især rig anledning til udskeielser i enhver retning».

v644 Lasse Torson Åse (1820–1905) frå plass under lnr 49 & 1848 Ragnhild Andersdtr Vikøyri v052 (1820– 1914) fekk: Anna 1846. Huslyden reiste til USA 1853.

v646 Lasse Øysteinson Vikøyri v974 (1835–1919) & 1868 Johanna Oladtr Hønsi (1839–1915) frå plass under lnr 82 hadde: Jon 1862 (USA 1881), Ola 1869 (USA 1886), Hans 1875 (USA 1890). Hus nr 58. 

v648 Leif Martinson Larsen v674 (1904–1975) & 1927 Gyrid Sjurdtr Grønsberg (1903–1957) fekk: Sigurd 1927 (hus nr 25), Martin 1935 (bnr 1/145 i Røysane-Sæbø, deretter Florø) og Olav 1942 (sjå Sjøtunvegen 1–10). Om foreldre til Gyrid: sjå note lnr 41a Grønsberg. Hus nr 25.

v650 Lorentz de Ferry Barclay (1824–1867) frå Onstad i Aurland & 1860 Synneva Styrkdtr Vikøyri v932 (1836) fekk: Ingebjørg 1859, Johan Didrik 1861, Ingeborg 1864, Kari 1867. Huslyden flytta til Dyrdal i Aurland. Enkja Synneva reiste til USA i 1902.

v652 Ludvig Eliasson Eikaas var smed på Vikøyri i Allmenningen, truleg hus nr 92, seinare i Røysane-Vange. I 1877 vart smedhuset hans verdsett til heile kr 1680. Familie: sjå «Smedhuset» i Røysane-Vange.

v654 Mads Olason Førde (1791–1881) frå Kyrkjebø & 1820 Brita Jondtr Hove (1795–1852) frå lnr 79 fekk på Vikøyri: Johanna 1825–1830, Ola 1828–30, Johanna 1831 (Bergen), Salomon 1833–33, Olina 1835 (v924), Marta 1840 (gift 1869 i Bergen). Brita 1795 døydde av tyfus (nervefeber). «Mads Vigøren» fekk fattighjelp alt frå 1858, og i 1877 var han komen på legd.

v656 Markus Larsson Vikøyri v622 (1812) & Randi Samsondtr Langateig (1808–1845) frå Vetlefjorden fekk: Johannes 1839–41, Anna 1841, Synneva 1845. Huslyden reiste til Tverrlandet i Nordland i 1845. Randi døydde før dei kom fram. Hus nr 46 vart selt til Kjell Torson v564. Sjå òg: Vetleøyri s097.

v658 Markus Monsson Brekke (1725–1798) frå Ortnevik & 1766 Anna Knutdtr Ytre Borlaug (1721–1798) frå Feios fekk Mons 1767 og Knut 1770–81. Markus var i 1763 tenar på Tryti, men han vart gift med stadnamnet Grov. Mons vart fødd som Hopperstad og Knut som Slantevik. Vi trur det første kjem av at dei nokre få år var på ein husmannsplass i Kålhagen. Far til Anna var frå lnr 99 Midlang. I skiftet på Vikøyri er farsnamnet til Anna skrive «Hansdtr». Mons fekk sonen Ola 1794–99, sjå plassen Urdi i Røysane-Sæbø. Han var i 1798 soldat i Fredrikshald. Om sysken til Markus: sjå v026, lnr 35 Fosse og plass lnr 64 Stedje.

v660 Markus Nilsson Hola-Seljadalen (1753–1831) & Marta Perdtr «Grønsberg» (1748–1822) fekk: Lars 1777 (v622), Nils 1780–80?, Nils 1781–1817, Ingeborg 1783, Knut 1790 (v574). Markus hadde òg Brita 1772 med Barbra Endredtr Vikøyri v214 (1750–). Marta kan vera ei jente som vart fødd på Linde i Kvamsøy sokn og som vart konfirmert i 1763 med adresse Nese. I samsvar med dette var ho tenar på Nese i 1763. Huslyden flytta til Vikøyri ca 1779. Markus hadde jekt. Han vart attgift 1823 med Marta Tordtr Vetleøyri s218 (1759–1840).

v662 Markus Olason Vikøyri (1695) & Ingrid Johannesdtr Bø (1691–1781) frå lnr 104 hadde borna: Gjøa 1723, Endre 1724 (krøpling), Guri 1730–30, Guri 1731 (v244), Kari 1731–31, Ola 1734, Ingrid 1739, Anna 1740 (til plass på Sæle i Kvamsøy sokn), truleg òg Randi 1720 (v340). Markus vart i 1738 kalla «Hål-Ola-Markus», sjå v822. Markus var borte frå Vikøyri i 1758. I 1763 var «Giøe Markusdatter, tillige med sin gl. moder Ingeri, fattig og elændig».

v664 Marta Tolleifdtr Vikøyri v956 (1791–1876) fekk Rognald 1831 (Nord-Noreg 1853) med Mons Person Vetleøyri s144 (1802–1849). Ho var huseigar på Vikøyri i 1846, truleg etter foreldra. Lemstova var i 1868 overteke av Jens Kristofferson v436, hus nr 52. «Thollef-Marthe» fekk fast fattighjelp frå 1862 og overtok i 1869 legda etter «Klyp-Ingeri» v848.

v666 Martin Ellingson Vikøyri v205 (1852–1912) & 1874 Barbra Andersdtr Hove (1839–1879) frå plass under lnr 74 fekk: Ola 1874–1919 (drukna ved bryggja i Vik), Andreas 1876–1894. Martin var skomakar. Martin vart attgift 1880 med ei syster til Barbra, Guri Andersdtr Hove (1854). Dei fekk: Bernant Martin 1881 (hus nr 70), Edvard 1883 (Bergen), Hanna 1885. I 1883 må Guri ha vore misnøgd med at mor hennar, Lukris, var komen på legd, for då tilbaud Martin fattigstyret å ta henne i pleie for kr 40 per år, medan det kosta kr 73 per år å ha henne på legd. Hus nr 33. Ola 1874 budde åleine i huset etter foreldra.

v668 Martin Jonson Vikøren v520 (1901–1965) & 1944 Gudrun Edvarddtr Vikøren v160 (1907–2002) var barnlause. «Alme-Martin» var butikkekspeditør. I 1969 overtok Gudrun eigedomsretten for heimen etter foreldra: hus nr 59. Det var her Martin og Gudrun budde. I 1955 fekk dei skøyte på eigedomen til foreldra til Martin, hus nr 57, men det vart selt i 1956.

v670 Martin Kristenson Christensen v592 (1867–1951) & Anna Lassedtr Bakka (1868–1923) fekk: Kristen 1891 (v594) Anna Marie 1893–1981 (ugift), Lovise 1895–1906 (tæring), Margit 1898 (Bergen), Harald Johan 1901, Sverre 1905 (v936). Martin var skomakar. Far til Anna var Lasse Olason Turvoll (1820–1897) frå lnr 45, gift Bakka i Nærøyfjorden. Hus nr 50. I 1951 vart eigedomen skøytt til Anna Marie, men med rett for Sverre med huslyd å leiga andre etasje. I 1966 vart staden skøytt til Sverre 1905.

v672 Martin Andreas Kristenson Christensen v594, v444 (1918–2002) & 1943 Marta Kristiandtr Vangsnes (1918–1992) frå lnr 191c fekk: Jens Kristian 1944 (Oslo), Kjell Johan 1943 (Nedste Hopperstadmarki nr 25), Martin Steinar 1950 (Hatlevegen 16 i Prestberget). «Bulle-Martin» overtok hus nr 51 etter fosterforeldra sine: v444, men bygde seinare hus i Tomtebu, bnr 41/110 Kristentun.

v674 Martin Larsson Vikøyri v628 (1873–1928) & 1900 Olina Oladtr Turvoll (1874–1918) frå lnr 46 tok familienamnet Larsen. Martin var bakar. Born: Otto Andreas 1901 (USA), Anna 1902 (Sandnes), Leif 1904 (v648), Agnes Amanda 1906 (Dalen, Leikanger), Gudrun 1907 (Vang, Hedmark), Finn 1910 (v228, bnr 41/19 i Villastrøket-Sjøtun), Helga Marie 1913 (Mjøndalen). Hus nr 25.

v676 Martin Styrkson Vikøyri v928 (1868–1935) & 1894 Sitona Jensdtr Vikøyri v436 (1868–1943) fekk: Sigvald 1892–1906, Julia 1894 (v902), Marie 1896 (USA 1913), Anna Sofie 1898 (Eitorn i Leikanger), Jens 1900–53 (ugift), Karoline 1905–68 (ugift), Sofie 1908 (Lærdal), Margit Cicilie 1910–86 (ugift, Årdal). Martin var handelsmann og jekteførar. I året 1900 var familien i Bergen. Hus nr 92 i Allmenningen vart overteke etter Ludvig Eikaas v652.

v678 Matias Gjestson Turvoll (1701–1777) & Ragnhild Sjurdtr (1700–1759) fekk på Vikøyri: Johannes 1729–59 (gift 1756 i Sogndal, busett i Fjøra), Sjur 1731–32, Sjur 1734–41, Hans 1736–36?, Gjert 1737 (v108), Brita 1740–41, Sjur 1743. Matias vart attgift 1760 med Brita Sjurdtr Hopperstad (1715–1768) frå lnr 117+118+121. Brita må ha flytta inn hjå Matias før dei gifte seg, for i sjeleregisteret frå 1760 er det skrive om henne: «som han agter at ægte». Då ho døydde, hadde ho vore sjuk og sengeliggjande i tre år. Matias gifte seg for tredje gong 1768 med Ingeleiv Oladtr Refsdal (1732–1812). Dei fekk: Brita 1770 (s162), Ingrid 1773 (plassen Holedna i Refsdal). Om opphav til Ingeleiv: sjå note lnr 59. Ingeleiv vart attgift 1790 til Seimsøyri s222.

v680 Matias Kristofferson Vikøyri (1695–1739) var truleg gift to gonger. Med første kona hadde han: Ola 1722 (v818), Ola 1727–57 (ugift, Vikøyri), Kristoffer 1729–29, Matias 1731–47. Han vart attgift 1733 med Anna Kristina Jakobdtr Vikøyri (–) og dei fekk: Marta 1734 (konfirmert 1752 med stadnamnet Grønsberg). Faren Kristoffer Matiasson (1654–1739) døydde på Vikøyri. Han er truleg identisk med Kristoffer Matiasson Myrkaskog, sjølv om den siste, på grunnlag av andre oppgåver, skulle vera fødd ca 1662. Kristoffer og Matias er ikkje med i manntalet 1701.

v682 Matias Olai Johanson Svendsen v450 (1879–1931) & 1912 Marta Karldtr Nissestad (1890–1951) frå lnr 14b fekk: Arnfinn 1913 (bnr 41/86 i Sjøtunvegen), Kåre Johan 1914–26, Torhild 1916 (bnr 41/108 i Tomtebu), Hermann 1919–64 (Årdal), Torleiv 1922 (v944), Johan Martin 1927 (Arna og hus nr 65). Hus nr 54. Matias dreiv handel i huset sitt. I 1945 vart eigedomen overteken av Torleiv 1922.

v684 Mikkel Knutson Åremo (–) frå Voss & 1755 Anna Andersdtr (–) var busette på Vikøyri. Mikkel var skulehaldar i Arnafjord i 1755 og i Vik i 1760. Anna var kanskje også frå Voss. Born: Anders 1756, Anna 1757, Knut 1758, Jon 1761, Josef 1763, Guri 1766. Huslyden kjem bort for oss.

v686 Mikkel Olason Vikøyri v852 (1812) & 1842 Synneva Guttormdtr Engum (1808), frå Kvamsøy sokn, budde på Vikøyri og dei fekk: Ola 1840–40?, Olina 1842, Synneva 1846–46, Hermund 1851–51?, Guttorm 1851. Huslyden reiste til USA 1857.

v688 Mons Hermundson Frettheim (1718–1803) frå lnr 40 i Arnafjord sokn & 1759 Synneva Torsteindtr (1723–1806), truleg frå Sogndal, fekk: Randi 1760 (s124), Marta 1762. Synneva hadde òg Torstein 1758–58? med Jon Markusson «Dale». Jon vart konfirmert i 1747 med stadnamnet Dale og var i 1763 tenar på Limmesand. Men dette hjelper oss ikkje til å finna fram til foreldra. Mons hadde omkring 1750 dotte ned av eit tre under lauving og skadd hovudet sitt. Han var difor «smårar» og hadde store problem med å greia seg. Ei natt medan kornet stod på staur hadde han lurt seg inn på ein åker på Seim, og med ein kniv hadde han skore med seg nokre aks. I retten sa han at han hadde tenkt å gni aksa mellom hendene og bruka kornet til mat.

v690 Mons Lasseson Vetlesand (1730–1762) frå plassen Slåttane under lnr 60 & 1756 Kari Arnedtr Karevoll (1726) frå lnr 57 fekk: Lasse 1756, Arne 1757, Anna 1760 (plass Vetlesand). Mons vart utkommandert i 7-årskrigen og døydde i København. Huslyden var først på ein plass i Hola i Framfjorden, men i 1763 finn vi under Vikøyri: «1 fattig soldatenke ved navn Kari, hvis mand Mons Lassesen nu nylig er død i Kongens tjeneste i Kiøbenhafn.»

v692 Mons Torson Breistein (1842–1929) & Malena Sjurdtr Remme (1839–1921). Sjå hus nr 81.

v694 Mons Torsteinson «Vange» (1723–1814) & 1751 Marta Perdtr Midlang (1724–1770) frå lnr 98 var truleg på ein plass på Brekke i Ortnevik og fekk der borna: Turid 1751, Brita 1753, Marta 1755, Eirik 1758. Mons var kanskje bror til Jon Torsteinson på lnr 98 Midlang og såleis frå Feios. I 1757 var han soldat på Vikøyri, «ung og frisk». Der var paret òg i 1763. Mons vart attgift 1771 med Brita Perdtr Vollavik (1733–1802), enkje på lnr 45 Nese. Dei fekk på Vikøyri: Johannes 1772–1836 (gift, Hyllestad). Deretter kom Mons og Brita til bnr 2 Sørbø i Hyllestad. Her må leggjast til: Brita 1733 hadde i 1755 gift seg til lnr 45 Nese med Amund Andersson (1735–1757). Men same året fekk han ein unge med ei syster, Brita. Han vart dømt til halshogging, men slapp med livsvarig fengsel på Munkeholmen. I 1758 gifte Brita Perdtr seg på nytt med Johannes Guttormson Åse-Arnafjord. Han vart bonde på bruket på Nese. Men han var ein av mange som vart utkommandert til vaktteneste i Holstein i 7-års krigen, var sjuk då han kom heim i 1763 og døydde. Mons var tredje ektemannen til Brita Vollavik.

v696 Morten Ingebrigtson Hove (1805–1882) frå lnr 73 & 1832 Synneva Hansdtr Føli (1803–1872) frå lnr 21 fekk: Anfin 1829 (USA 1854), Ingebrigt 1831 (v370, USA), Ola 1834 (USA 1854), Brita 1842. Synneva vart spedalsk og var blind i 1865, vart innlagd på hospital i Bergen i 1852 og døydde der. Morten reiste til USA 1857, og altså lenge før kona døydde. Der vart han attgift med plassenkja Anna Oladtr (Hagen) Espesete. Huset vart selt til Endre Sjurson v226.

v698 Nils Amundson Vikøyri v014 (1784–1820) & enkja Gjertrud Bårddtr Vikøyri v704 (1755–1839) skal etter kyrkjeboka ha gift seg i 1800. Men den førre mann hennar døydde i følgje kyrkjeboka først i 1802, og Nils var berre 16 år i året 1800. Det rette året for vigsla var nok 1803 eller 1804. Dei to hadde ikkje born. Gjertrud var på legd då ho døydde.

v700 Nils Andersson Vikøyri v022 (1799–1891) & 1837 enkja Marta Larsdtr Seimsøyri s119, s076 (1787–1855) hadde ikkje born. Men Nils hadde Brita 1822 (v856) med Åsa Arnedtr Linde (1800–1873) frå Kvamsøy sokn. Nils var fattiglem i 1875, og i 1884 kom han på legd. Stundom vart det gitt pengar til litt klede til dei som var på legd. I 1887 var det Nils sin tur: han fekk pengar til ei skinnhue. I 1888 vart han sett bort til forpleiing på Rosheim, og då vart han stasa skikkeleg opp med nye gangklede. Stova hans var i 1856 komen over på den ugifte Brita Ingebrigtdtr v146. v702 Nils Eirikson Vikøyri v182 (1760–1806) & 1801 Synneva Jandtr Vikøyri v430 (1748–1826) budde på Vikøyri. Synneva døydde på legd.

v704 Nils Hansson Vikøyri v264 (1743–1802) & 1768 Randi Nilsdtr Liktvorane (1740–1796) frå plass under lnr 9 fekk på Vikøyri: Hans 1771–73. Nils var snikkar. Han vart attgift 1797 med Gjertrud Bårddtr «Vikøyri» (1755–1839). Gjertrud var neppe frå Vik. Ho finst ikkje på konfirmasjonslistene, og det var neppe nokon mann med namnet Bård i bygda i den aktuelle tida. Gjertrud vart attgift til Vikøyri v698. Ho fekk ikkje born i Vik.

v706 Nils Johannesson Seljestø (1726) frå lnr 42 & 1761 Lussi Guttormdtr Gildhus (1732–1809) budde først på plassen Haugen på Turvoll. Born: Johannes 1761 (v486), Ola 1771–71. Nils hadde frå før Anders 1750 (v068) med Synneva Andersdtr «Seim» (1719). Synneva var i 1801 hjå sonen. Nils fekk òg Johannes 1754 med Åsa Johannesdtr. Nils levde i 1801. Ivar 1788, son til Johannes 1761, budde då hjå Nils og Lussi. Nils og Synneva er to av mange gamle som må ha døydd dei første 10–15 åra av 1800-talet utan at det vart ført inn i kyrkjeboka.

v708 Nils Johannesson Prestteigen-Svolsvik (1868–1909) & 1895 Brita Andreasdtr Vikøyri v096 (1868– 1931) fekk: Johannes 1895–1905, Johanna 1897 (USA 1920, så Sogndal), Andreas 1900 (drukna til sjøs i 1930-åra), Ragnvald 1903 (s200), Johannes 1908–10. «SkaffarNils» kollsigla på Sognefjorden. Brita vart kalla «SkaffarBrita» og sonen Ragnvald gjekk under namnet «Skaffaren». Hus nr 47.

v710 Nils Johannesson Vikøyri v458 (1720–1778) & 1752 Agata Andersdtr (1722–1777) fekk: Synneva 1752–58. Nils vart gift som «Vange» og Agata som «Tryti». Han vart konfirmert som «Hopperstad» og ho som «Orvedal». Foreldra til Agata er ukjende.

v712 Nils Jonasson (1764) frå Lærdal & 1793 Kari Andersdtr «Karevoll» (1761–1834) budde på Vikøyri og fekk: Brita 1793 (v622, v434), Jonas 1796 (v548), Anders 1799 (v070), Ola 1802–02, Johannes 1804 (til plass 3 Sæbø). Foreldra til Nils var truleg Jonas Nilsson og Sigrid Larsdtr. Nils vart neppe konfirmert i Lærdal. Kari var fødd på Turvoll av ei bergensjente og ein ukonfirmert gut frå Luster: Anders Olason, ca 21 år. Kari vart oppfostra på Karevoll, der ho fekk Ola 1788 (v740) med Anfin (Bruavoll) Måredal (1758–1824). Nils fekk òg Anfin 1790 (v106) med Sofie Finndtr Sørheim (1761–1827) frå Luster, sjå v408. Kari vart kalla husmannskone då ho døydde.

v714 Nils Knutson Kvamme (1852–1947) frå plassen Hatlevik & Margreta Jondtr Vikøyri v518 (1859–1936) kom til Vikøyri ca 1886, men var omkring 1890 nokre få år på plassen Bruahaugen under Kvamme i Kvamsøy sokn. Nils hadde systera Anna på Vikøyri v124. Born: Knut 1886 (Bergen), Jon 1888 (Sande i Sunnfjord), Pernille 1891, Randi 1894 (bnr 34/8 under lnr 96 Fjærestad), Per 1897 (Oslo) og Johan 1900–72 («Joa», psykisk utviklingshemma, ein kjendis på Øyri). Borna er ikkje innført som døypte i kyrkjeboka. Årsaka kan vera at foreldra var med i sekta til Sivert Ulness. Nils fekk fattighjelp frå 1919. Hus nr 88.

v716 Nils Lasseson Vikøyri v640 (1795–1857) fekk Sigrid 1817 (v606) med Brita Jakobdtr Vikøyri v424 (1783). Nils vart gift til ein plass under lnr 50 Geithus i Arnafjord sokn.

v718 Nils Olason Balholm v184 (1814–1896) & 1848 Brita Ivardtr Vikøyri v390 (1827–1891) budde på Vikøyri, seinare på Flåten under Sæbø. Nils var «uekte» son av Guri Gjertdtr Balholm v184 og Ola Tomasson «Balholm» i Balestrand. I følgje 1865-teljinga var han fødd i Aurland prestegjeld. «Guri-Nils» var sjømann, men i teljinga i 1875 vart han kalla gardbrukar, og i ein branntakst i 1888 for landhandlar. Born: Eirik 1847, Ivar 1850–53, Anna 1852 (lnr 2 Øksdal), Gjert 1854 (v238, USA), Ivar 1856–71, Ola 1859 (USA 1879), Guri 1863 (v082), Samuel 1865 (USA 1884), Nils 1868–81. Nils fekk òg Tor 1841–41 med Anna Tordtr Fosse (1813–) frå lnr 33. Nils fekk 1872 kjøpt lnr (1+4) f Flåten. Dottera Guri overtok eigedomen der. Sjå meir under lnr 1+4 Sæbø. I følgje teljinga i 1865 var Nils fødd i Aurland prestegjeld.

v720 Nils Olason Hatlestad (1876–1932) frå Fjærland & Brita Jondtr Gjerde (1876–1959) frå Jostedalen hadde ikkje born. Nils kom til Vik i 1916 og var då handelsreisande. Då han døydde, var han agent. Enkja budde i andre etasje i hus nr 25 (hjå Leif Larsen v648).

v722 Nils Person Vange (1821–1872) frå lnr 5 & 1851 Brita Ingebrigtdtr Vetleøyri s076 (1821–1918) fekk: Ingeborg 1849 (USA 1876), Brita 1853 (lnr 18a Tenål), Marta 1856 (s118), Inga 1859 (bnr 1/45 i Røysane-Sæbø), Gjertrud 1863 (plass 2 i Skulen-Grov). Hus nr 83.

v724 Nils Sjurson Fedje (1897–1960), Tjønn, Feios, & 1920 Anna Andreasdtr Lilleøren s028 (1898–1980) fekk: Gunnvor 1920 (Årdal), Andreas 1922 (Årdal), Sigrid 1925–38, Ellinor 1927 (hus nr 88), Signe Hansine 1929 (Nord-Odal), Artur Bjørnar 1932 (Årdal), Reidar 1937 (Vikøyri, hus nr 78). Hus nr 77.

v726 Odd Arneson Igdeveit (1788) frå Vossestrand & 1819 Bothilda Ellingdtr Sæbø (1785–1852) frå lnr 3 var på Vikøyri frå ca 1820. Born: Inga 1815, Ingeborg 1818 (v856, USA), Gjertrud 1821–25, Kari 1824–24, Kari 1825, Gjertrud 1825 (v370, USA). Inga Oddtr Vikøyri (1815–) & 1840 Hermund Torson Ovri (1800) frå lnr 67 reiste til Nord-Noreg i 1841 med sonen Tor 1839. Kari Oddtr Vikøyri (1825–) fekk Anna 1844–44 med Hermund Olason Sæbø (1827–1904) frå lnr 3.

v728 Odd Larsson Helleland v746 (1915–1967) & 1944 Marie Thorvalddtr Thorsen v960 (1911–1998) fekk: Leif Tore 1944 (Bergen). Sjå òg bnr 1/120 under Tomtebu.

v730 Ola Vikøyri (–). Av fleire med namnet Ola på Vikøyri i 1701 var det ein som fekk følgjande born: Styrk 1717 (plass nr 3 under Sæbø), Hermund 1722 (v340), Gjertrud 1725 (v074) og Brita (v211, v512).

v732 Ola Amundson Lidal (1763) & 1793 Gjertrud Lassedtr Hatlestad (1773), båe frå Fjærland, fekk i Lidal Brita 1793 (gift 1836 med Sjur Olason Jetland frå Kyrkjebø), Lasse 1796, Lars 1799, og på Vikøyri : Sigrid 1802 (s044), Amund 1804, Ola 1807 (s188).

v734 Ola Amundson Bale (1826–1867), husmannsson frå Balestrand, & 1849 Guri Andersdtr Vikøyri v032 (1822) fekk: Anders 1849 (kom bort på sjøen), Amund 1855 (USA 1874), Brita 1858 (truleg USA), Inger 1863 (v542). Ola var skomakar. Huslyden var på ein plass under Dale i Sværefjorden til ca 1860.

v736 Ola Andersson Holsen (1754) & 1791 Marta Larsdtr Hugset (1761–1804), båe frå Førde, fekk på Vikøyri: Kari 1793, Johannes 1795, Guri 1799, Lars 1803. Alle borna var i live då det var skifte etter mora, men dei kan ha døydd før 1815. Ola vart attgift 1804 med Gjøa Gullakdtr (Tørkenes) Øvre Hove (1748), sjå lnr 78 Øvre Hove. Gjøa budde i 1801 på Vikøyri og var då enkje.

v738 Ola Andersson Vikøyri v030 (1838–1898) & 1863 Ingeleiv Håkondtr Lysne (1832–1926), Lærdal, fekk: Brita 1858, Anna 1863 (USA 1893), Hermund 1866, Kristina 1869, Hans 1872 (USA 1892), Johanna 1875 (s112), Ingeborg 1878 (kokke hjå ein kjøpmann i Bergen i 1900), Jensina 1881–82. Hus nr 43.

v740 Ola Anfinson Karevoll (1788–1857) & 1819 Brita Ivardtr Bøtun (1785) frå Fresvik fekk på Vikøyri Ivar 1825 (v404). Ola var oppfostra på Karevoll, men mora gifte seg til Vikøyri v712. Ola hadde ei stova som vart overteken av sonen Ivar. Også han gjekk under namnet «Karavodlen».

v742 Ola Arneson (–1743) & 1732 Synneva Einardtr Bøtun (1701–1764) frå Fresvik hadde: Randi 1732, Ingrid 1735–41, Ingeborg 1738, Ingrid 1742. Ola har vi ikkje identifisert. Dei fire jentene døydde truleg før konfirmasjonsalderen. Synneva vart attgift 1743 til Vikøyri v800.

v744 Ola Bendikson Vikøyri v122 (–), regimentstambur, & 1737 Ragnhild Hansdtr Geithus (ca 1713) frå lnr 50 i Arnafjordsokn fekk: Ola 1739, Hans 1739, Ingeborg 1743 (v946), Alis 1746–46, Brita 1747 (s025). Ola vart attgift 1749 med Barbra Ingebrigtdtr Brekke (–) frå Ortnevik. Barbrahadde frå før Ingebrigt 1734 (v374). Ola og Barbra blir borte frå Øyri omkring 1760, og då syster hans, Gjertrud, døydde i 1768 budde Ola Bendikson i Bergen.

v746 Ola Bjørnson (1830) frå Skrautvål i Valdres, jord- og steinarbeidar, & 1873 Synneva Einardtr Vikøyri v170 (1836–1915) fekk: Karen 1869 (v388, sjå òg v354), Edvard 1873 (Bergen), Anna 1876, Karl 1879 (USA). Synneva hadde frå før Eirik 1864–65 med Nils Andersson Stadheim (1827–1874) frå lnr 29. I 1897 fekk Synneva fattighjelp for Anna 1876, som var sjuk. «Valdres-Ola» hadde hus under bnr 41/1. Det låg mellom hus nr 57 og 62 i 1908. Det var borte i 1915. Ola døydde før 1900. «EinarSynneva» fekk fattighjelp frå 1903, og i 1908 kravde enkjefru Aall på Sjøtun grunnleige for tre år frå fattigkassen for di Synneva ikkje hadde betalt. Huset hadde i 1909 den nest lågaste husverdien på Vikøyri: kr 80.

v748 Ola Botolvson Aasen (1878–1966) frå Frønningane, snikkar, & 1919 Gurina (Gina) Monsdtr Thorsen v692 (1887–1971) fekk: Olga Gurina 1920 (Oslo), Margit Mathilde 1921 (Hatlevegen 19 i Prestberget), Bjarne 1923–24. Hus nr 79.

v750 Ola Einarson Vikøyri (1702–1760) & Anna Anfindtr Hove (1692–1749) frå lnr 73 budde på Vikøyri. Vi veit ikkje om dei hadde born. Anna var syster til Durdei, gift med Ola Hermundson Vikøyri v782. Ola vart attgift 1750 med Sissel Oladtr Seimsøyri s153 (–), ei syster til Anders Olason Seimsøyri s024. I 1758 eigde Ola ei halv jekt, men med andre sine pengar.

v752 Ola Einarson Vikøyri v170 (1833–1898) & 1863 Anna Oladtr Hanavik v790 (1823–1910) hadde ikkje born. Anna var fødd på Søreide i Kyrkjebø, men foreldra flytta til plassen Hestviki under Hanavik i Kvamsøy sokn. Ola overtok lemstova til faren. Enkja etter «EinarOla», «EinarAnna», fekk fattighjelp frå 1898, truleg for di ho var pleietrengjande. Men vilkåra var strenge: Husa skulle seljast for å dekka utgifter. I 1900 budde ho hjå Karen Oladtr Vikøyri v582. Karen hadde då overteke huset, hus nr 44.

v754 Enkjemann Ola Eirikson Hallrynjo (1678–1756) på lnr 65 & 1733 enkja Kari Gunnardtr Vikøyri (1681–1769) busette seg på Vikøyri. Ein son til Ola frå første ekteskap, Ellend 1701, overtok bygslinga på Hallrynjo. Sonesonen Ola kom til Vikøyri v762.

v756 Ola Eirikson Husabø (1841–1902) frå Leikanger, fiskar, & 1863 Sjurina Oladtr Vikøyri s192 (1844–1930) fekk Ola 1863 (v841). «Hjelp til sjølvhjelp» heiter det, og i 1899 fekk Ola fattigstøtte for kjøp av ny båt. I 1907 måtte det stå dårleg til med Sjurina, for då fekk Andrina Knutdtr Vikøyri oppgjer for pleie og tilsyn. Deretter fekk Sjurina årleg fattigstønad. Men ho budde framleis i huset sitt, for ho fekk i 1914 støtte til lysinstallasjon. Hus nr 4.

v758 Ola Eirikson Sæbø (1774–1823) frå lnr 1 & 1804 Anna Sofie Hansdtr Bartolomæi v268 (1784–1852) fekk: Sigtrud 1805–33, Gyrid 1812 (plass 2 Skulen-Grov), Hans Henrik 1818 (v270), Gjertrud 1821 (v078, USA). Anna Sofie vart attgift til Vikøyri v336. For Sigtrud var «småkopper» gitt opp som dødsårsak. Det var uvanleg at vaksne folk døydde av denne barnesjukdomen. I 1817 var Ola ein av 17 øyringar som betalte skatt.

v760 Ola Ellingson (1713–1781) & 1740 Randi Oladtr Fjærestad (1717) frå lnr 96 var på plassen Haugen på Turvoll. Born: Ola 1741–41, Gjøa 1742–1814 (ugift), Elling 1744–1805 (ugift, konfirmert i Vollavik i 1761, tenar i Finnabotnen i 1801, døydde som innerst på Vikøyri), Johannes (Bergen), Anna (gift med Anders Samsonson Vikøyri v896, bustad ukjent), Mari 1751 (v346), Anders 1754 (truleg død før konfirmasjonsalder). Huslyden kom til Vikøyri etter 1762. Ola vart attgift 1775 med Kari Eirikdtr Nissestad (1738) frå lnr 14 og dei fekk Randi 1775–1839 (ugift, døydde som legdeslem på Vetleøyri).

v762 Ola Ellendson Hallrynjo (1750) frå lnr 65 & 1788 Eli Oladtr Hopperstad (1757–1838) frå lnr 123 fekk: Anna 1788–88?, Synneva 1791. Synneva Oladtr Vikøyri (1791–1846) var ugift. Ho fekk tre gonger dom for tjuveri. Ein gong var det ull og tobakk ho hadde stole på Vikøyri. Siste dom var livsvarig tukthusarbeid. Ho døydde etter 10 år i tukthus i Bergen.

v764 Ola Ellingson Finnen (1781–1823) & 1808 Åsa Bendikdtr Tune (1789) frå Ortnevik var i Ortnevik, men kom til Vikøyri ca 1816. Om foreldre til Ola: sjå note lnr 51 Finnen. Born: Anfin 1808 (plassen Holumshaugen under lnr 17 Holane i Arnafjord sokn), Bendik 1812, Alis 1814, Mari 1817–17, Elling 1819 (fekk Ola 1851–52 med Marta Ingebrigtdtr Vikøyri v372 og Tor 1854 med Brita Nilsdtr Limmesand, til USA 1856, sjå òg lnr 17b Holane i Arnafjord sokn), Lars 1821 (Nord-Noreg 1845). Bendik og Alis nådde ikkje konfirmasjonsalder.

v766 Ola Ellingson Vikøyri v208 (1816–1886) & 1845 Gjertrud Sjurdtr Hopperstad (1819) frå lnr 119 fekk på Vikøyri: Elling 1844–55, Åsa 1846, Sjur 1848–52, Anna 1853, Elling 1857, Sjur 1857–57, Gjertrud 1858 ?, Sjur 1860–61, Anna 1861, Ingeborg 1856–56. Huslyden reiste til USA 1863.

v768 Ola Endreson Nese (1801–1878) frå plass nr 5 & 1832 Malena Oladtr Vikøyri v852 (1803–1887) fekk: Lussi 1832 (lnr 60 Vetlesand), Ola 1835 (gift 1861 i Bergen, hadde to born i 1865), Lars 1838–38, Lars 1841 (v628). Ola hadde òg Ola 1828 med Anna Oladtr Holane (1798–1881) på plassen Holumshaugen under lnr 17 i Arnafjord sokn. Ola og Malena hadde ei lemstove der det før 1856 vart sett inn ein kakkelomn. Hus nr 77.

v770 Ola Endreson Vikøyri v218 (1834) & 1862 Johanna Jondtr Vikøyri v524 (1835) var i Bergen i 1865, der Ola var matros. Dei hadde då: Berentine Marie 1863. Dei kom ikkje tilbake til Vik.

v772 Ola Guttormson Vikøyri v888 (1792–1827) & 1814 Ingeborg Ivardtr Åse (1785–1859) frå lnr 49 fekk: Hermund 1813 (Nord-Noreg 1843), Synneva 1815 (v498), Brita 1818 (v030), Ivar 1822–46, Olina 1822. Ola drukna på bytur, sjå v032. Huset var ei lita lemstove med kokeomn. Det vart overteke av Olina Oladtr Vikøyri (1822–1896) som var ugift.

v774 Ola Hansson Føli (1731) frå lnr 20+21 & 1754 Synneva Nilsdtr Vange (1729) frå lnr 5 fekk: Sara 1751 (sjå v900 og note lnr 5 Vange) og Nils 1756. Nils vart gift 1787 med Anna Ingebrigtdtr «Tenål». Dei blir borte for oss.

v776 Ola Hansson Vange (1854–1918) frå plass i Røysane-Vange & 1880 Ingeborg Vilhelmdtr Dale (1850–1924) frå lnr 22 fekk: Hans 1881–83, Vilhelm 1883 (USA 1904), Hanna 1885–90, Lovisa 1887 (USA 1923), Brita 1887–90, Hans 1891 (USA 1910). Ola var handelsmann frå 1882, først saman med Søren Rivedal, seinare åleine. Hus nr 25 og nr 24.

v778 Ola Hansson Vikøyri v280 (1788–1826) & 1815 Brita Andersdtr «Vikøyri» (1787–1842) fekk: Hans 1816–63 (konfirmert 1831, spedalsksjukehus i Bergen frå 1844), Anders 1818 (v076), Lasse 1821–23, Lasse 1824. Vi har ikkje funne ut kven som var foreldra til Brita, men vi trur ho var tenestejente på Føli i 1801. Brita vart attgift 1830 med Jon Hansson Øksdal (1775–1842) frå lnr 3 i Vangsnes sokn. Jon var tenar på Hovland i 1801. Han døydde på legd.

v780 Ola Hansson Vetleøyri s062 (1798–1847) & 1829 enkja Inger Dortea Andreasdtr Bartolomæi v094, v032 (1799–1871) fekk: Marta 1830 (kanskje død før konfirmasjonsalder), Anders 1833 (trommeslagar, brigademusikken i Bergen), Hans 1836 (gift i Bergen 1861, eldste dotter Inger Olina 1868 vart døypt i Vik), Anna 1840 (v510). Ola drukna på Sognefjorden. Han hadde i 1846 både stove, fjøs og løe. Inger hadde same stova i 1868.

v781 Ola Hermundson Orvedal (–) frå lnr 52 & Randi Olason Bø (–) frå lnr 104 budde truleg på Vikøyri. I 1736 er det innført at Ola Orvedal på Vikøyri hadde fått eit barn utan at presten var underretta. Barnet var truleg dødfødt, og vi kan ikkje sjå at dei fekk andre born.

v782 Ola Hermundson Vikøyri (–) & Durdei Anfindtr (1676–1745) hadde ikkje born. Arvingar etter Durdei var fire systrer: Randi 1677–1758 (ugift, Vikøyri), Gjertrud 1678, Marta og Anna 1692 (v750). Vi trur dei fem jentene var døtrer til Anfin Ingebrigtson Hove på lnr 73. Ola vart attgift 1749 med enkja Sigrid Knutdtr Vikøyri v568, v422 (–). Dei fekk neppe born.

v784 Ola Hermundson Vikøyri v340 (1757–1814) & 1787 Gjertrud Knutdtr Sogndalsfjøra (1759) fekk: Brita 1788, Hermund 1790 (v336), Knut 1791–91?, Knut 1796 (v576), Styrk 1799–02, Styrk 1803 (gift 1829 i Bergen, fattiglem der i 1875).

v786 Ola Ingebrigtson Vikøyri v358 (1865–1944), gards- og skogsarbeidar & 1894 Jensina Tollakdtr Finnabotn (1868–1946) frå plass under lnr 53 fekk Eli 1896 (v440). Hus nr 67.

v788 Ola Ivarson Gilshaugen (1734–1820) frå Hyllestad & 1768 Randi Guttormdtr Vikøyri v248 (1733) fekk på Vikøyri: Guttorm 1769 (Engum i Balestrand), Ingeborg 1772 (Prestteigen-Svolsvik). Ola flytta tilbake til Hyllestad og gifte seg på nytt i 1790.

v790 Ola Ivarson Osland (1777–1847) frå Kyrkjebø & 1820 Lussi Torgeirdtr Vikøyri v213 (1790–1877) var på ein plass under Søreide i Kyrkjebø og fekk der: Ivar 1820 (konfirmert 1836) og Anna 1823 (v750). Dei kom så til Hestviki under Hanavik i Kvamsøy sokn og fekk: Else 1826, Birge 1830 (v128), Lasse 1835–35 og Lasse 1837–37. Dei kom så til Vikøyri. «Ole Hestvigens enke» fekk fattighjelp frå 1852.

v792 Ola Jakobson Bartolomæi Wulff v426 (1814–1893) & 1841 Ingebjørg Nilsdtr Vange (1816–1895) frå lnr 6 fekk: Synneva 1840–40, Brita 1841. Ola var smed på Vikøyri. Huslyden reiste til Amerika 1857. Ola hadde eit stort bustadhus, 4,3 m x 8,5 m, og eit fjøs, 1,9 m x 3,7 m. Dei to husa vart i 1860 overtekne av Søren Olason Bauge v942. Han sett opp nytt hus på staden, hus nr 24.

v794 Ola Jakobson «Sætre» (–) & 1816 enkja Sigrid Andersdtr Vikøyri v050, v836 (1779) fekk: Margreta 1817 og Jakob 1820. Ola var i Feios då han gifte seg, men han var truleg frå Sogndal eller Aurland. Ola var ein av tre smedar på Vikøyri i 1817. Men nokon stor skatteytar var han ikkje. Huslyden blir borte frå bygda.

v796 Ola Jonson Fjærestad (1880–1948) frå bnr 34/8 under lnr 96, «Prestteig-Ola», & 1920 Ingeborg Endredtr Ovri (1888–1966) frå lnr 69 fekk: Randi 1923–2001 (sjå hus nr 70, Bergen), Erling 1925–25, Erling 1926–94 (bnr 1/13 på Skulejordi-Sæbø), Jon 1929 (bnr 1/121 på Flåten-Sæbø under lnr 1+4 Sæbø), Sverre 1930 (bnr 41/124 på Vikøyri-sydaust), Ingolv 1934 (bnr 1/118 i Tomtebu). Ola hadde òg Brita 1910 med Ingeborg Ivardtr Tryti (1879–1919), sjå note under plassen Nedre Trytisøyna. Ola var frå 1902 tilsett i militærmusikken, men tok seinare arbeid i Vik. Hus nr 71.

v798 Ola Jonson Føli (1820–1887) frå lnr 23 & 1825 Kari Andersdtr Vikøyri v058 (1794–1874) fekk: Sigrid 1825–92, Jon 1828 (USA 1857, fekk Hildeborg 1848 med Magnhild Jondtr Vikøyri v496 v982), Anders 1834 (v080), Eirik 1838–38?. Kari hadde dessutan Arne 1815–50 (Osland, Kyrkjebø) med Johannes Lasseson Voll v484. Ola hadde òg Ola 1829–87 med Brita Hermunddtr Vikøyri v334 (1782–1865). Det må ha vore noko gale med «Fylis-Sigrid» 1825, for faren fekk støtte for henne alt i 1854. Ho kom seinare på legd. «Fylis-Ola» fekk fattighjelp i mange år før han døydde. Hus nr 27.

v800 Ola Jonson Vikøyri (–) & 1743 enkja Synneva Eirikdtr Vikøyri v972 (1701–1764) fekk: Ola 1745 (død før 1764). I 1758 var Synneva enkje, sjukleg og svært fattig.

v802 Ola Jonson Hopperstad (1756) frå lnr 117+ 118+121 & 1787 Kari Tordtr Vetleøyri s218 (1765) budde på Vikøyri. Born: Hermund 1788–1815, Tor 1791 (v962), Marta 1794, Ellend 1799, Brita 1805 (Nord-Noreg 1846), Ola 1807. Ola var ein uekte son til Marta Sjurdtr Hopperstad. Hermund 1788, ugift soldat, vart funnen død ute, ikkje så langt frå gjestgjevarstaden. Under forhøyr sa gjestgjevarkona at Hermund var ein bra kar, men var om kvelden noko drukken, men ikkje verre enn at han sjølv «satte eller hævet sig» opp på kjøkkenbenken, der han vart sitjande medan han åt 2 sildar og 3–4 poteter som ho gav han. Sidan heldt han eit lys i handa, så tenestejentene skulle sjå å eta. Heile 82 personar vitna, men mord vart ikkje påvist.

V803 Ola Johannesson «Sæbø» (1725–62) & 1742? Ingeborg Oladtr Fjærestad (1733–78) frå lnr 95+97 fekk Johannes 1743 og som vart regimentsoldat i Vik.

v804 Ola Johannesson Hove (1853–1882) frå plassen Bleiehaugen under lnr 72 & 1881 Ingeborg Amunddtr Vikøyri v018 (1852–1905). Ingeborg vart attgift 1891 til lnr (1+4)f Sæbø, sjå under Sæbø.

v806 Ola Johannesson Sæbø (1833) frå plass nr 3 & 1859 Kristi Guttormdtr Grøneng (1831) frå Balestrand fekk: Guttorm 1859. Denne huslyden flytta til Jordal i Fjærland i 1860 og vidare til USA i 1861.

v808 Ola Johannesson Vikøyri v476 (1820–1890) & 1852 Anna Johannesdtr Vikøyri v488 (1819–1903) fekk: Anna 1852 (Øvre Trytisøyna), Johannes 1854 (s094), Brita 1858–1947 (ugift). I 1896 hadde Anna fått litt av fattigkassen, men ut på året bad ho om å få meir, og då fekk ho kr 30.

v810 Ola Knutson Sylvarnes (1859–1905) frå lnr 57 i Arnafjord sokn & 1882 Hansina Jondtr Tune (1859–1950) frå Ortnevik dreiv ei tid lnr 62 Alrek, men enkja og borna kom til Vikøyri. Born: sjå lnr 62 Alrek. Hus nr 87. Johan Olason Sylvarnes (1899–1989) overtok. Han var ugift. Også enkja Johanna Oladtr (Sylvarnes) Morland (1890–1979) budde i huset.

v812 Ola Kristenson Dahl (1795) frå Dvergedalen i Sogndal & 1822 Sesilia Andersdtr Mobakken (1789–1863) frå Hafslo budde på Vikøyri. Born: Kristen 1823 (Nord-Noreg), Kristina 1825–49, Anders 1826 (v072), Johannes 1829 (Oslo), Martinius 1831–53, Ola 1834 (USA 1856). Sesilia hadde òg Per 1840–89 med Jakob Lemvig Sjurson Talle og Jens Kristian 1821–25 med Jens Christian frå Oslo. Per vart gift til Sogndal i 1840 med Eli Endredtr Fjøra (1819–1881). Ola var velståande koparslagar, Sesilia jordmor. I 1850 hadde Ola 1834 vore på sjukehus i Bergen i 10 dagar. Fattigkommisjonen i Bergen sende rekning til Vik for dette, og faren måtte ut med pengane. Dahl hadde tre hus som brann ned i 1838. Det huset han bygde på nytt låg truleg nordaust for hus nr 16. Det var eit tømra hus, 12 x 5,5 m, i to etasjar med mørkeloft over, stove i ein ende og verkstad i den andre, med eit kjøkken i mellom. Ola Dahl reiste til USA i 1863 eller 1864. Huset vart kanskje selt for flytting.

v814 Ola Lasseson Røysane-Sæbø (1821) frå plassen Urdi & 1849 Ragnhild Lassedtr Vetleøyri s132 (1820) fekk: Lasse 1845, Hermund 1848 (v342, USA 1870), Lasse 1850, Per 1853, Henrik 1858. Ola hadde òg Ola 1848 (v832) med Brita Rognaddtr Tue (1825) frå Balestrand, sjå note til plassen Urdi. Ola Lasseson hadde ei lemstove med kakkelomn. Huslyden reiste til USA 1871.

v816 Ola Lasseson Vikøyri v632 (1845) & 1872 Lina (Lussi) Hermunddtr Nese (1845) frå plass 8 fekk på Vikøyri: Barbra 1873. Huslyden reiste til Amerika i 1874.

v818 Ola Matiasson Vikøyri v680 (1722) & 1754 Kari Hermunddtr «Tenål» (–1773) fekk på Stadheim Matias 1748–48 og på Vikøyri: Matias 1755–58, Hermund 1758, Marta 1761 (s138), Ola 1767–67. Ola var dreng på Stadheim då han vart konfirmert i 1742 og i Myrkaskog då han gifte seg. Kari var neppe frå bygda. Ho var enkje då ho døydde. «Ole Mattiassen med hustrue, eier intet» står det i 1763.

v820 Ola Nilsson (1687–1757) budde på Vikøyri. Kona er ukjend. Born: Anders 1727 (v074), Sigrid 1730 (truleg død før konfirmasjonsalder), Nils 1733 (lnr 78 Øvre Hove), Brita 1738 (lnr 5 Juvik). I 1741 vart Ola attgift med Anna Jensdtr «Hopperstad» (1684–1758).

v822 Ola Olason (1693) & Synneva (–) var på Vikøyri omkring 1760. I oppgåver frå denne tida vart Ola kalla «Hålen» og «Vetle-Hål-Ola». I 1744 vart «Ole i Hålens søn Ole» døypt. Ola 1744 ser vi ikkje noko meir til. Håle-namnet kjem nok frå Seljadalen. Vetle-Hål-Ola var sikkert son til «Ole i Hålen» som døydde i 1729, oppgitt å vera 57 år gamal ved død (67 år var truleg nærare det rett). Kona hans var kalla Anna Vikøyri, så dei budde nok på Vikøyri. I tillegg til Ola 1693 kan vi gå ut frå at «Hål-Ola-Jon» og «Hål-Ola-Markus» var born av «Hål-Ola» og Anna. Dette får vi stadfesta av manntalet i 1701: Ola Jonson (1660–1729), strandsitjar på Vikøyri, hadde sønene: Ola 1693, Markus 1695 (v662) og Jon 1697 (v528).

v824 Ola Olason «Fjærestad» (1714–1774) & 1744 Gjertrud Oladtr Vikøyri v494 (–), fødd på lnr 96 Fjærestad, fekk: tvillingane Brita 1745–45 og Marta 1745– 45, Marta 1746 (v280, v026), og trillingane Jon 1751– 51, Ola 1751–51, Roland 1751–51. Dei må ha hatt minst to born til, for i 1759 hadde dei tre born. Men då Ola døydde, var det berre enkja og Marta 1746 som var arvingar. Fjærestad må vera tenaradresse for Ola. I 1798 var Gjertrud gamal og sengeliggjande.

v826 Ola Olason Hatlelid (1856–1930) frå Fresvik & 1878 Brita Guttormdtr Hatlekolo (1857–1937) frå Halvarhaugen budde på Vikøyri, der Ola var smed. Ola eigde i 1889 tre bygningar. Born: Olina 1879, Eli 1881, Brita 1883, Gurina 1887, Johanna 1889, Andreas 1891. I 1892 reiste huslyden til USA. Der kom det fem born til.

v828 Ola Olason Juvik (1789–1844) frå lnr 5 & 1828 Eli Alfdtr Hola-Seljadalen (1798–1880) fekk: Brita 1825 (v286), Kari 1828–1914, Eli 1830 (v358), Alf 1836–69 (drukna i Bergen), Gjertrud 1841. Systrene Kari 1828 og Gjertrud 1841var ugifte og hadde hus saman i 1900, hus nr 93. Gjertrud Oladtr Vikøyri (1841–1926), «Juvik-Gjertrud», hadde Anna 1867 med Jon Botolvson «Vange » (1837). Om foreldra til Jon: sjå note lnr 31 Stadheim og lnr 14 Tenål. Anna Jondtr Vikøyri (1867–1955), «Juvik-Anna», overtok hus nr 93 etter mora. Ho var kjent som ei ordrapp kvinne.

v830 Ola Olason Kvamme (1842) frå Olden, fanejunker, & 1865 Anna Madsdtr (1838) frå Lærdal budde i Vik frå 1875 og nokre år frametter. Anna var dotter av Anna Nilsdtr Lærdalsøyri og ein kar frå Valdres. Born: Sofie 1864, Alette Marie 1867, Ola Andreas 1871–71, Ingeborg Marie 1872, Ola Andreas 1874.

v832 Ola Olason Røysane-Sæbø v814 (1848–1934) & 1870 Brita Larsdtr Ramsøy (1837–1914) frå Gudvangen fekk: Ragnhild 1869 (v626), Brita 1872, Alvøen), Ola 1875 (USA 1895), Lars 1878 (gift i Bergen 1902, så USA), Hansina 1881–81, Hansina 1883. Brita gifte seg med Bernard Olsen, Alvøen ved Bergen. Han vart attgift med Hansina. Brita 1837 var «uekte» med far frå Undredal, i 1865 var ho tenestejente på Tryti. Ola vart attgift 1914 med Kari Oladtr Valsvik (1865–1952) frå plassen Teigen under lnr 31. Ola var murar. Han vart kalla «Bakkjen». Hus nr 53.

v834 Ola Olason «Tryti» (1776) & 1754 Anna Johannesdtr Vange (–) frå lnr 7 hadde sonen: Johannes 1737. Han var fråverande då det var skifte etter faren. Då Anna fekk Johannes, var Ola soldat på Tryti. Han kan difor vore fødd ca 1715. Han var truleg frå Tryti, då dette var adresse både i 1737 og 1754. Ola og Anna kom neppe til Vikøyri før etter 1763.

v836 Ola Olason «Tryti» (–1815) & 1805 Sigrid Andersdtr Vikøyri v050 (1779) fekk: Ola 1806 (s187). Ola var soldat då han gifte seg og var då plassert på Tryti. Han må vera fødd ca 1780. Ola 1806 levde i 1816, og vi trur han kom til Seimsøyri. Sigrid vart attgift 1816 til Vikøyri v794.

v838 Ola Olason Stadheim (1743) frå lnr 32 & 1793 Kari Oladtr Hopperstad (1750–1818) frå lnr 115 fekk: Anna 1792–92?. Ola var på Vikøyri i 1801 og«næret sig ved arbeide».

v840 Ola Olason «Sæbø» (–) & 1743 Barbra Oladtr Seimsøyri s153 (–1767) budde på Vikøyri. Ola var korporal eller «knegt». For fleire militære på denne tida var stadnamnet Sæbø brukt utan at dei var frå garden. I eit sjeleregister frå 1760 er det skrive at Ola var «befunden i stort Tyverie» og om Barbra: «vides endnu intet». I 1763 var ho fattig, «huusarm» og truleg enkje.

v841 Ola Olason Vikøyri v756 (1863) & 1885 Birte Katrine Jensdtr Vikøyri v442 (1859) reiste frå bygda. Ola var sjømann då dei gifte seg. Vi trur Ola var i Fana ved Bergen i året 1900, sjølv om han vart gitt opp å vera fødd i 1860. Han hadde då ei anna kone.

v842 Ola Olason «Åse» (–) & 1764 enkje Kari Larsdtr Seimsøyri s186 (1729) fekk Ragnhild 1767 (sjå plassen Urdi i Røysane-Sæbø) og Ola 1770–70. Ola var soldat då han gifte seg. Han kan vera ein gut frå Voss som vart konfirmert 1754 med stadnamnet Åse. Kari vart 1774 attgift til Vikøyri v880.

v844 Ola Person Fosse (1872–1945) frå Leikanger & 1902 Birte Knutdtr Furehaug (1879–1949) frå Bøadalen dreiv handel på Vikøyri, først i forretninga etter Anders Øksdal v082, hus nr 16, og etter brannen i 1922 i nytt kombinert bustad- og forretningsbygg. Dei hadde: Ingebjørg 1905 (kalla Bjørg). Ingebjørg Oladtr Fosse (1905–2001) & 1935 Einar Mikkelson Holstad (1904–1967) frå lnr 86 dreiv forretninga vidare. Dei hadde ikkje born.

v846 Ola Person Nese (1825–1898), «Krao-Ola», frå lnr 42 & 1854 Sigrid Lassedtr Vetleøyri s132 (1823– 1907) fekk: Kari 1851–51, Alis 1853 (v012), Karl 1857 (USA 1882), Brita 1860–60, Per 1862 (USA 1882), Brita 1865. Ola hadde i tillegg Lasse 1851 med Eli Lassedtr (1818), ei syster til Sigrid. Ola dreiv med skyss. Brita Oladtr Vikøyri (1865–1946) fekk Karl 1891 (kalla «Næpao», USA 1911) med skomakar Nils Nilsson Olstad (1867–) frå Sogndal og Sitona 1904 med Andreas Jonson Vikøyri v100 (1880–1945). Sitona vart gift med Karl Andersen frå Lærdal. Dei budde i Bergen. Ved takst i 1868 hadde Ola røykstove med skorstein og som han hadde overteke etter Lussi Torgeirdtr v790. Men verdien var berre 5 spd. Truleg var dette det same huset som huslyden budde i også seinare, hus nr 45. Det var «Krao-Alis» som overtok huset, men også «Krao-Brita» budde der.

v848 Ola Person Gildhus (1751–1781) & 1772 Magdeli Aslakdtr Holane (1736–1810) frå plassen Raudsteinane i Arnafjord sokn fekk på Vikøyri: Ingrid 1781. Ingrid Oladtr Vikøyri (1781–1869) var tenar på Fjærestad i 1801. Ho fekk Ola 1804 (v850) med Simon Monsson Hallrynjo (1779) frå lnr 65. Under namnet «Klyp-Ingeri» kom ho på legd frå 1850.

v850 Ola Simonson Vikøyri v848 (1804–1900) & 1833 Kristi Johannesdtr Hamrum (1808–1888), husmannsdtr frå Fjærland, fekk: Johannes 1834 (s092), Anna 1838 44, Anna 1847 (gift 1876 i Bergen). Ola var «uekte» son til Simon Monsson Hallrynjo (1779) frå lnr 65 og Ingrid Oladtr Vikøyri v848 (1781–1869). I 1868 hadde Ola fått kokeomn av malm i stova si. Ola er kalla «Klypp-Ola» i den gamle bygdeboka. Namnet hadde han etter mora. Ola var daglønar i 1865 og 1875. Etter fleire år med fattighjelp kom han på legd i 1891. I 1896 fekk Anna Sjurdtr Hopperstad kr 2,00 for å ha reinvaska Ola og kleda hans.

v852 Ola Sjurson Hopperstad (1772) frå plassen Breidi & 1799 Synneva Larsdtr »Vikøyri» (1771–1841) fekk: Malena 1803 (v852), Sjur 1806, Kari 1809, Mikkel 1812 (v686, USA), Lars 1816, Brita 1819, Brita 1823 (Hjelseng, Balestrand). Huset var i 1848 eigd av Randi Hermunddtr Vikøyri v324 (1789–1865). Ho døydde på legd. Sjur Olason Vikøyri (1806) reiste til Nord-Noreg i 1841, men kom att og eigde i 1848 eit lite einromma hus på Vikøyri. I 1856 var han ikkje lenger huseigar og i 1862 reiste han ugift til USA.

v854 Ola Sjurson Vikøyri v910 (1844–1912), skomakar, & 1871 Anna Hansdtr Vikøyri v296 (1843–1908) fekk: Sjur 1872 (USA 1893), Ingeborg Helene 1874 (USA 1900), Hans Johannes 1877–77, Hansina Kristina 1878–94, Edvard 1880–1917 (USA 1907, Bergen), Eline Marie 1882 (Bergen, fekk i Vik Hans Olai 1903 med matros Jakob Andersson Lien fødd 1874), Ivar 1884 (USA 1906), Bernhard 1888–89. Ola hadde òg Larsina 1871 (USA 1884) med Marta Knutdtr Vikøyri (1845), sjå v978. Ola hadde tilnamnet «Fjak». Han var ein flittig gjest i fattigprotokollen. I 1891 vart det skrive at kona hans framleis var sjuk, og i 1894 fann kommisjonen at det stod så dårleg til med økonomien til «Ingeleiv-Ola» at det var nødvendig å løyva han og familien kr 60 for året. I 1910 fekk han kr 50 for å vøla huset. Sonen Edvard var på ein båt som vart torpedert i 1917. Hus nr 54.

v856 Ola Torson Vikøyri v962 (1825–1891) & 1848 Brita Nilsdtr Vikøyri v700 (1822–1852) overtok huset etter far til Ola. Ola var smed. Born: Gjørond 1848–49, Gjørond 1850 (USA 1866), Åsa 1852–52 (døydde av tyfus 2 dagar etter mora). Ola var attgift 1853 med Ingeborg Oddtr Vikøyri v726 (1818–1904) og dei fekk: Tor 1853–56, Brita 1858–60, Karl 1861 (USA 1866). Ola og Ingeborg reiste til USA i 1866 med to born.

v858 Ola Tollakson Vikøyri v946 (1777–1841) & 1809 Marta Johannesdtr Hove (1770–1814) frå lnr 77 fekk: Ingebjørg 1810–10. I 1801 var det to tenestejenter på eit bruk på Hove som heitte Marta Johannesdtr og som var 30 og 40 år. Dei var truleg søstrer og frå lnr 77 Øvre Hove. Men dåpen til den yngste manglar, og den eldste må ha døydd før 1814 utan at det kom i kyrkjeboka. Ola og Marta fekk neppe born som levde opp. Han vart attgift 1814 med Synneva Andersdtr (1774–1844) og dei fekk Tollak 1815–37. Synneva vart tenar i Skaffargard i 1801. Ho døydde på legd.

v860 Olav Johanson Tryti v638 (1898–1982) & Johanna Elisabeth Kleive (1908–1988) frå Hyllestad: sjå bnr 41/16 Vikøyri-vest.

v861 Olina Lassedtr Målsnes (1864–1956), ugift, frå plassen Sandviki i Kvamsøy sokn, sjå hus nr 68.

v862 Oluf Hermanson Andersen (1897–1971) frå Voss & 1922 Ingeborg Rekve (1899) frå Bulken fekk: Hermann 1922 (Årdal), Nils 1926 (Årdal), Arne 1928 (Årdal), Gunnar 1930 (Høyanger), Agnar 1934 (Høyanger). Oluf var typograf. Huslyden kom til Vik 1932 og flytta til Høyanger 1947. Dei budde først i hus nr 25, deretter i bnr 41/17 i Villastrøket-Sæbø. Oluf hadde òg broren Herluf v319 i Vik.

v863 Oluf Theodor Jakobsen (1857–1907) frå Bergen, urmakar, & 1858 Henrikke Elisabet Andersdtr Christensen v056 (1858–1944) hadde borna: Olga Helene 1886–1952 (ugift), Kristian Marius 1888 (Bergen), Harald Teodor 1890–1910, Gurine Henriette 1893–1905, Borghild Jacoba 1896 (v095). Hus nr 30.

v864 Oscar Efraim Fridell (1886–1954) frå Sverige & Berta Margrethe Midtun (1895–1974) frå Fana hadde borna: Ernst 1924 (Bergen) og Bernt 1926 (bnr 41/116 i Sjøtunvegen). Oscar kom til Vik som murar etter brannen i 1922. Huslyden leigde bustad ulike stader på Vikøyri, ei tid i IngerEndre-huset, hus nr 23. v866 Palne Andersson Vikøyri v090 (1732–1756) & Anna Botolvdtr «Vikøyri» (1725–1783) fekk: Botolv 1756 (v140). Palne fall i sjøen frå ei jekt i Kaupangerbukta og drukna. «Død i stor fattigdom», står det.

v868 Paul Jonson (1664–1740) & Marta Johannesdtr (–) fekk: Ingebrigt 1723 (v376), Kari 1728 (ugift i 1786), Johannes 1731–31?, Johannes 1735–71 (til Straumsnes, Fresvik). Enkja Marta vart 1746 attgift til Vikøyri v046.

v870 Per Hansson Svardal (1839–1916) frå plass under lnr 10, jekteskipper og murar, & 1865 Gyrid Amunddtr Vikøyri v018 (1841–1934) fekk: Marta 1866 (USA 1892), Hans 1869 (USA 1889), Tor 1871–1928 (hus nr 79), Anna 1874 (Bergen), Kari 1876–82, Hansina 1879–1921, Kari 1882–82, Karl 1884 (USA 1903), Olina 1888–97. «Bersteig-Per» fekk òg Anders 1853 (v086) med Eli Monsdtr Vetleøyri s144, v190 (1830–1905). Hus nr 79.

v871 Per Henrikson Tønder v956, v920 (1813–1894) & 1837 enkje Sigrid Øysteindtr Vikøyri v980, v546 (1789–1849) var barnlause. Per var smed. Han vart attgift 1850 med Brita Andersdtr Halland (1816) frå Leikanger. Born: Sigrid 1851, Marie 1855, Thomas Andreas 1862. Ca 1852 flytta dei til Vedledna-Seim og bygde opp eit bruk. Huset gjekk til Hans Wulff v278.

v872 Per Jakobson Vikøyri v422 (1727) & 1751 Brita Hermunddtr «Vange» (1719–1796) fekk: Jakob 1753 (v424) og Ivar 1755 (v410). Vange var truleg tenaradresse for Brita. I «Siæleregister» for 1760 er han kalla slottssoldat Jakob, men i manntalet frå 1763 finn vi ikkje familien under Vikøyri. Dei var kanskje borte frå bygda nokre år. Men sønene vart konfirmerte i Vik i 1773. Per døydde før 1788.

v874 Per Jonson Vikøyri v534 (1726–1779) & 1764 enkja Isabella Oladtr Vikøyri v590 (1725–1794) fekk: Kristen 1763. I 1763 budde paret i lag, og då vart Isabella kalla «Fæstequinde». I dette manntalet vart gifte kvinner kalla «Hustrue». Per drukna.

v875 Per Jonson Torsnes (1803–) & 1833 Kari Nilsdtr Balemyri (1807–), båe frå Balestrand, fekk på ein plass på Torsnes: Gjertrud 1832–36, Jon 1833, Nils 1834, Gjertrud 1837, Lasse 1839, Bertil 1841, Marta 1844–44. Dei flytta til Vikøyri i 1845 og fekk der: Brita 1845 (gift i Bergen 1864) og Marta 1848. Familien flytta frå Vik ca 1850.

v876 Per Knutson Midlang (1787–1869) frå lnr 98, furer, & 1819 Ingeleiv Oladtr Hagen-Bøadalen (1795–1860) frå plass under lnr 124 fekk: Gjertrud 1819 (v948), Barbra 1828 (gift Ellefsen i Bergen), Ola 1831. Familien var på Midlang då borna var fødde, men må ha flytta til Vikøyri før 1860. Ola reiste til Bergen i 1846 og derfrå truleg til USA.

v878 Per Larsson Vikøyri v606 (1835), steinarbeidar, & 1859 Anna Hansdtr Vangsnes (1833) frå lnr 198 fekk: Marta 1860–61, Hans 1862–63, Marta 1864 (USA 1886), Hans 1867 (USA 1884), Nils 1872–72, Nils 1875–76. Per hadde adresse Røyrvik då han gifte seg. Per og Anna var huseigarar i 1868, reiste til USA 1889 og hadde med seg fostersonen Hermund Nilsson Øvstedal (1876) frå lnr 44a. Per hadde òg Botolv 1856 (Eidfjord) med Torina Oladtr Koldingsnes (1828–), sjå v968. Han var då tenar på Linde.

v880 Per Larsson Vikøyri (1751–1804) & 1774 enkja Kari Larsdtr Vikøyri v842 (1729) hadde neppe born. Per var skomakar og var ein av svært få øyringar som betalte skatt i 1789.

v882 Per Person Kvamme v886 (1899–1957) & 1927 ingeborg Andrea Andersdtr Hjemsæter (1902–1995) frå «Fengslet» i Røysane-Vange fekk: Richard 1928 (bnr 1/48-4 i Hamnen), Asbjørn 1930, Trygve 1931–46, Sven Oluf 1932–54. «MaolarPer» hadde forretning bak bustaden, hus nr 49. Sjå meir under hus nr 49.

v884 Per Styrkson Sæbø (1829–1917) frå plass nr 3 & 1859 Maren Jensdtr Øye (1837–1903) frå Lærdal budde på Vikøyri. Born: Styrk 1857–58, Brita 1859–60, Johan 1863 (Bergen), Brita 1866 (ugift, sjå hus nr 8), Martin 1869, Brita 1872, Sitona 1875–76, Sitona 1877, Ola 1881–81, Marie 1882 (Bergen). Per fekk òg Ingeborg 1853 (s094) med Eli Oladtr Vikøyri v828, v358 (1830–1896). Brita Perdtr Vikøyri (1866–1944) fekk Jakob Bartolomæi 1885 (USA 1902) med Edvard Endreson Andersen v216 (1867–1931). Guten vart oppfostra av besteforeldra. Per fekk 1890 skøyte på bnr 40/5. Dette var hus nr 8 og som brann ned i 1922.

v886 Per Sveinson Kvamme (1863–1951), målar, & 1890 Anna Perdtr Trones (1865–1923), Verdal, fekk: Minnie Lovise 1893 (v584), Agnes Salvine 1896 (til Røysane-Vange), Per Severin 1899 (v882), Borghild 1902–90 (ugift). Hus nr 49. Huset var truleg kjøpt frå Gjert Nilsson Vikøyri v238, som reiste til USA i 1904. Per og Anna gifte seg i USA og kom til Vik 1897–98 og budde i året 1900 i Grov. Anna dreiv kaffistove i huset sitt. Dottera Borghild heldt fram med kafédrifta.

v888 Randi Einardtr Vikøyri v900 (1778–1836) budde på Vikøyri. Ho fekk Ola 1792 (v772) med Guttorm Olason (soldat, neppe frå Vik) og Einar 1805 (v170) med Ingebrigt Olason Vikøyri v372 (1783–1853).

v890 Rognald Sørenson Frøysland (1838) frå Indre Holmedal & 1864 Gjertrud Amunddtr Vikøyri v016 (1834) fekk: Anna 1864, Søren Andreas 1867, Hansina 1869. Gjertrud hadde dessutan Amund 1857 med Hans Jonson Skjerdal. Huslyden flytta til Bergen i 1870 og brukte etternamnet Sørensen.

v892 Rolf Jonson Johnsen v542 (1901–1970) & Randi Botolvdtr Christensen (1902–1970): sjå bnr 41/6 Vikøyri-vest.

v894 Salomon Jonson Hove (1786) frå lnr 79 & 1821 Gjørond Oladtr Hove (1785) frå lnr 77 fekk på Vikøyri Jon 1823, men kjem deretter bort for oss.

v896 Samson Andersson Rendedal (1725–1818) frå Vetlefjorden & 1761 enkja Ragnhild Andersdtr Vikøyri v344 (1732–1802) fekk: Anders, Hermund 1762 (plass under lnr 36 på Åsberget i Arnafjord sokn), Kristi 1768–1858, Kristina 1772. Samson vart i følgje kyrkjeboka attgift 1799 med Anna Oladtr (1745–1828). Men i teljinga 1801 var Samson framleis gift med Ragnhild. Dette er eit av mange prov på feil årstal i kyrkjeboka kring år 1800. Anna Oladtr, 54 år og innerst på Hove i 1801, var kanskje den andre kona. Kristi Samsondtr Vikøyri (1768–1851) var på legd i Arnafjord sokn frå 1848. Ho døydde på Dale. Anders Samsonson Vikøyri var gift med Anna Oladtr Haugen-Turvoll v760 (–). Dei budde neppe i prestegjeldet.

v898 Samuel Ivarson Vikøyri v412 (1882–1944), skomakar på Vikøyri, hornblåsarkorporal & Anna Ingebrigtdtr Molde (1881–1959) frå Lærdal fekk: Ingvald 1910 (Ulvik), Anna Marie 1912–95 (ugift, var i butikk), Ivar 1914, Margit 1917–18, Margit 1920–84 (ugift, arbeidde i meieriet). Ivar var skomakar og dreiv ei tid saman med Johan Andersson Vikøyri v040 i hus nr 41. Hus nr 52.

v900 Sara Oladtr Vikøyri v774 (1754) gifte seg 1778 med Einar Olason Geisme (1742–1780) frå Aurland. Dei fekk Randi 1778 (v888). Sara vart attgift 1787 med enkjemann Jon Jakobson Vikøyri v512. Deretter fekk ho Einar 1796–1800 med Svein Olason Medhus v934. I 1800 gifte ho seg på nytt med enkjemann Hermund Jonson Vikøyri v328 (1753–1814).

v902 Sigurd Nilsson Sværen (1901–1975) frå plassen Bøen i Sværefjorden, snikkar, & 1932 Julia Martindtr Vikøyri v676 (1894–1974) hadde adoptert dotter: Eva Bjørg 1935. Foreldra var: Johannes Nilsson Sandvik (1900–1987) & 1924 Lovisa Olaidtr Stavedal (1903–1987), sjå bnr 3/5 Seimsstrondi under Vetleøyri. Eva Bjørg gifte seg med Sigurd Leifson Larsen v648 (1927–2002). Dei busette seg i Bergen. Hus nr 63.

v904 Simon Endreson «Vikøyri» (1716–1800) & 1759 Ingebjørg Kristendtr (1731–1783) frå Valdres fekk på Vikøyri: Ingrid 1758–58, Endre 1759 (v224), Ingrid/Ingegjer 1763 (v014), Jonas 1766. I sjeleregister frå 1760 står det om Simon: «iligemaade ved tyverie», men kona var eit betre menneske: «vides ikke noget ondt».

v906 Simon Olason Stedje (1683–1766) frå lnr 64 & Ragnhild Oladtr (–) hadde: Ingebrigt 1711 (v380), Ola 1713 (lnr 64 Stedje), Mildrid 1716–1767 (gift 1765 til Dale i Feios), Mons 1719 (lnr 65 Hallrynjo). Simon var på fattiglegd i 1758.

v908 Sivert V. Ulness (1865) & Lillean (1868) fødd i USA, bygde forsamlingslokalet Ebenezer på stranda i Allmenningen i 1895, hus nr 90. Sivert William Ullness reiste til USA i 1884 og det vart då skrive at han var fødd i Sogndal, men busett i Illinois. Det første er neppe rett. Men faren var truleg frå Ølnes. I USA vart han knytt til ei pinserørsle. Han kom tilbake til Noreg for å byggja opp ei grein av rørsla med amerikansk kapital. Han starta først Gudshuset Sion i Sogndal. I året 1900 hadde paret desse borna i Vik: Emly 1892, Beulak 1894, Agnes Kristine 1897, Lilli Sophie 1900. I Vik fekk dei òg Ester 1904. Ulness flytta til Oslo. Borna er ikkje innførde som fødde og døypte i kyrkjeboka. Hus nr 90.

v910 Sjur Endreson Nese (1798–1871) frå plass nr 5 & 1841 Ingeleiv Oladtr Vetleøyri s162 (1809–1883) fekk på Vikøyri: Endre 1841 (v226), Ola 1844 (v854), Eirik 1847 (v186, USA), Brita 1850–50.

v912 Sjur Gabrielson Løfald v234 (1909–1938), matros, & Margrethe Oline Oladtr Fet (1905–1958) frå Hafslo fekk: Gunnar 1934 (Drammen, etternamn Løvfald) og Kirsten 1936 (Drammen). Huslyden budde ei tid i hus nr 65. Dei to borna vart fødde i Bergen, og oppfostra frå ca 1942 i Luster. Enkja Margrethe fekk Gunnvor 1940–99 med Jens Helgeson Vikøyri v316 (1903–1942). Ho vart oppfostra hjå Rolf Johnsen v892. v914 Sjur Jonson Grønsberg (1911–1974) frå lnr 15k Tenål & 1939 Guri Sveindtr Aase (1915–1993) frå bnr 15/1 under lnr 48. Dei vart skilde og Sjur flytta til Sjøtunvegen 11. Born: John 1939 (Ovestevegen 27 i Øyane-Grov), Svein 1941 (Søgne), Sigvald 1943 (Hatlevegen 6 i Prestberget). Hus nr 78.

v916 Sjur Kristenson Holane (1792–1846) frå ein plass under lnr 17 & 1819 Magnhild Endredtr Nese (1796–1872) frå plass nr 5, båe frå Arnafjorden, fekk: Kristen 1819, Kari 1820 (v066), Kristen 1828–28?, Kristen 1832 (Bergen, gift), Lussi 1836 (Bergen, gift 1860), Henrikka 1840 (Nord-Noreg). Magnhild hadde i 1856 ei røykstove som i 1868 var overteken av Anders Monsson v066.

v918 Sjur Larsson «Sæbø» (–) & 1756 Brita Tollakdtr Bruavoll (–) frå lnr 47 fekk: Lars 1756–58, Lars 1758 (s128), Tollak 1761 (s216), Ola 1764.

v920 Sjur Larsson Seimsøyri s128 (1778–1835) & 1817 Brita Tolleifdtr Vikøyri v956 (1789–1851) fekk: Ola 1818 (Nord-Noreg, deretter s192). Ved folketeljinga i 1801 finn vi Sjur Larsson «Sæbø», 23 år, som slave på Bergenhus festning. I 1811 var han rømling frå festninga. Den lange straffa tyder på eit alvorleg brotsverk. Men som gift var han truleg ein fredeleg kar. Men Brita kom i forliksprotokollen i 1824. Ho hadde æreskjelt Ola Dahl v812. Brita hadde òg Per 1813 (v871) med Henrik Tønder. Om eventuelt opphav til Henrik: sjå note lnr 184+185+186+198 Vangsnes. Brita vart attgift til Vikøyri v382.

v922 Sjur Larsson Vikøyri v618 (1812–1896) & 1847 Brita Jondtr Vikøyri v508 (1812–1896) fekk: Jon 1847 (v538). «Raustein-Sjur» var ei tid skomakar, men i 1865 var han steinarbeidar. I 1891 fekk Sjur kr 10 til kjøp av båt, men fattigstyret var i tvil om det var nok til ein brukbar båt. Helsa svikta, og det medførte økonomiske problem. I 1896 betalte fattigkassen for setjepoteter Sjur hadde kjøpt i 1895. Ekstra fattighjelp vart gitt, og då hadde Sjur ei sjuk og sengeliggjande kone. Vi ser at dei båe døydde i 1896.

v924 Sjur Olason Stadheim (1829) frå lnr 30 & 1857 Olina Madsdtr Vikøyri v654 (1835) fekk: Ola 1857. Dei fòr kanskje til USA, då dei manglar i folketeljinga i 1865.

v926 Steinor Helgedtr Røyrvik (1846–1929) frå lnr 12 var ugift. Ho hadde hus nr 40 etter Kari Oladtr Valsvik v832 (1865–1952).

v928 Styrk Jakobson Grov (1833–1909) frå plass 2 i Skulen-Grov & 1858 Gjertrud Perdtr Fimreite (1834–1896) frå Norane sokn i Sogndal budde på Vikøyri der Styrk var gardeigar, grisehandlar og jekteførar. Born: Andreas 1860 (v104), Per Nitter 1862 (USA 1885), Jakob Bartolomæi 1865 (USA 1884), Martin 1868 (v676), Marie 1871 (USA 1892), Jens 1874 (v444), Kristina 1877 (v620), Hans Henrik 1881 (USA 1899). Styrk vart attgift 1898 med Inga Eirikdtr Øvstedal (1839–1929) frå plass under lnr 44. Hus nr 76.

v930 Styrk Kjellson Vikøyri v562 (1790–1853) & 1821 Sesilia Bendikdtr Austrheim (1790) frå Kyrkjebø fekk: Guri 1820 (bnr 26/18 i Moane-Hove), Brita 1825 (v150). Styrk hadde frå før Brita 1816 med Anna Ellingdtr Vikøyri v212, v514 (1794–1853). Brita 1816 kom til Prestteigen-Midlang.

v932 Styrk Øysteinson Vikøyri v980 (1794–1874) & 1824 Kari Sjurdtr Hopperstad (1797–1876) frå lnr 117 fekk på Vikøyri: Øystein 1825 (v982), Sjur 1828–36 (drukna), Synneva 1831–32, Jon 1833 (USA 1862), Synneva 1836 (v650), Sjur 1840 (lnr 17a Holane). Styrk hadde røykstove, men det vart innsett kokeomn. Jon Styrkson Vikøyri (1833) fekk Jon 1860 (v520) med Solveig Jondtr Vangsnes (1830–1898) frå plass 33 og Ranveig 1862 med Marta Jondtr «Voll» (1835). Om Marta og Ranveig: sjå plassar i Rislåg.

v933 Svein Eliasson Vikøyri v196 (1812–1845) fekk Samuel 1835 og Brita 1837 (bnr 13/4 Øvstedal) med Inga Samueldtr Moane-Grov (1812), Johan 1841 (USA 1862) med Gyrid Jondtr Rinde i Feios og Svein 1845 med Anna Arnedtr Vetleøyri s030, s012 (1821–1911). Inga 1812 reiste til Bergen i 1841, seinare til Danmark. Ho gifte seg i 1841 med Sjur Olason Fanestøl frå Voss. Samuel Sveinson Vikøyri (1835–1876) vart fire gonger dømd til tvangsarbeid i Bergen mellom 1865 og 1873. Han er oppført som sjauar og daglønnar. Dei to første dommane var på 1 månad i 1865 og 1866, så fekk han to dommar på tre månader frå november 1866 til februar 1867 og siste dommen var frå november 1873 til februar 1874. Då han døydde, var han på «Arbeidsanstalten».

v934 Svein Olason Medhus (–), truleg frå Ål i Hallingdal, var strandsitjar på Vikøyri i 1789. Då var han ein av tre øyringar som betalte formueskatt. Han vart borte frå bygda før 1801. Svein fekk Einar 1796–1800 med Sara Oladtr Vikøyri v900 (1754) og Markus 1799–99 med Randi Oladtr Vikøyri v244 (1761–1825). v936 Sverre Martinson Christensen v670 (1905–1991) & 1928 Marie Guttormdtr Nummedal (1908–1999) frå lnr 37 fekk: Kristen 1928 (hus nr 57), Guttorm 1937–1980 (Nessane, så Vik), Sølve 1944 (Hatlevegen 14 i Prestberget). Hus nr 50.

v938 Synneva Oladtr Stadheim (1830–1920) frå lnr 28b vart tidleg foreldrelaus. Ho reiste til USA i 1854, men kom att. I 1865 var ho tenestejente på Midlang. Ho kom til Vikøyri etter at tenartida var slutt. Ho var fattiglem på Vikøyri i år 1900. Frå 1910 fekk ho årleg støtte frå fattigkassen innan gruppa: gamle, fattige og sjuke. «Fylis-Synva» budde i hus nr 27.

v940 Søren Ellefson Rivedal (1847–1914) frå Fjaler, handelsmann på Vikøyri, & 1885 Anna Jakobdtr Vikøyri v420 (1864–1950): sjå bnr 1/28 under Røysane-Sæbø.

v942 Søren Olason Bauge (1832–1864), handelsmann frå Ytre Holmedal & 1857 Marta Knutdtr (1834) frå Lærdalsøyri fekk på Vikøyri: Karl Nikolai 1857, Oluf Johan 1859, Fred Peter Røkling 1861, Ingeborg Fredrikka 1863. Søren hadde òg Ola 1856 med Olina Hermunddtr Vikøyri v336 (1830), då var han krambusvein. Søren bygde hus nr 24 i 1861. Etter han døydde, gjekk huset til Christopher Rasmussen v156, som brukte det som krambu. Marta og borna reiste truleg til Amerika i 1864 eller 1865 utan at dette vart registrert. Det same skjedde med Dahl-familien, som også vart borte frå bygda på same tid. I Bergen fann eg: Ole Sørensen Wiik (1856–1923).

v944 Torleiv Matias-Olaison Svendsen v682 (1922–1998) & 1950 Aslaug Oladtr Brekke (1926), Årdal, kjøpte bnr 41/13 på Vikøyri-Sjøtun. Om born: sjå hus nr 54.

v946 Tollak Andersson Bruavoll (1749–1803) frå lnr 47 & 1775 Ingeborg Oladtr Vikøyri v744 (1743) fekk på Vikøyri: Ola 1774–74?, Ola 1777 (v858), Kristi 1779, Anders 1783 (v092), Margreta 1789–1867 (ugift). Ingeborg var i live 1801. Margreta var i fattigprotokollen frå 1851. I 1865 var ho «logerende» i Bø. Men ho døydde med stadnamnet Vikøyri.

v948 Tollak Andersson Vikøyri v092 (1819–1894) & 1843 Gjertrud Perdtr Midlang v876 (1819–1894) fekk: Kari 1843, Anders 1845. Huslyden fór til USA i 1866.

v950 Tollak Hansson Svardal (1848–1902) frå plass under lnr 10 & 1873 Anna Ingebrigtdtr Vikøyri v209 (1850–1926) fekk: Hans 1871–73, Hans 1873 (Bergen), Marta 1877 (Bergen), Karl 1880 (sjå under lnr 81 Voll), Nils 1883–1966 (ugift, hus nr 61), Anders 1885 (sjå under lnr 81 Voll), Anna 1887 (Herdla), Ingebjørg 1891 (Andøya), Jensina 1893 (Fana). «Tollak-Anna» fekk fast fattigstønad frå 1924. Hus nr 61. Far til Tollak budde òg i huset i 1875.

v952 Tollak Olason Øksdal (1775) frå lnr 2 & 1806 Ingeborg Jakobdtr Vangsnes (1784–1872) frå lnr 187 budde på Vikøyri frå ca 1820. På Vangsnes fekk dei Anna 1806 (plass lnr 47a Bruavoll), og Ola 1809. Dei kom så til plassen Hola i Hafslo og vi veit om borna: Ragnhild 1817, Brita 1818 (lnr 46 Turvoll), Sjur 1819. Fødselsår for dei tre borna er rekna ut etter konfirmasjonslistene 1831–33. På Vikøyri fekk dei: Johannes 1821–1900, Eli 1824, Ingeborg 1828 (s120). Johannes 1821 budde saman med mora i 1865. Han døydde ugift i Finnen.

v954 Tolleif Larsson Vikøyri v618 (1807–1846) & 1839 Marta Nilsdtr Sæbø (1813) frå Høyanger fekk: Brita 1839, Birger 1842–65, Lars 1844. Tolleif hadde òg Markus 1829 med Anna Tolleifdtr Føsund (1799–1890) i Kyrkjebø. Ved konfirmasjon av Tolleif i 1822 står det: «Vandkundig og yderst forsømt i sin ungdom». Lars reiste til Bergen i 1860. «Tollef-Marte» eller «Tollef Larsen Viigørens enke» fekk fattighjelp frå 1846. I 1865 hadde ho hjå seg, truleg med støtte frå fattigkassa, Jon 1858, ein son til Ragnhild Jondtr Vikøyri v524 (1832) og Ingebrigt Tolleifson Alrek (1835–1869) frå plassen Slåttekvina, sjå meir om guten der. Ivar Lasseson v400 overtok stova. Det var ei lita hytte på 3,7 m x 3,7 m, verdsett i 1848 til berre 20 spd.

v956 Tolleif Person Måren (1724) frå Kyrkjebø & 1764 Brita Øysteindtr (–) fekk: Øystein 1764. Tolleif var bygdevektar med bustad på Vikøyri. Han vart attgift med Ragnhild Anbjørndtr Bjordal (1747–1829) frå Kyrkjebø og dei fekk: Brita 1789 (v920, v382) og Marta 1791 (v664). Ragnhild hadde frå før Gjertrud 1774 med Nils Olason (dreng på Hest) og Brita 1778 med Ivar Birgeson Bjordal (1753–1815).

v958 Tor Larsson Vikøyri v630 (1780–1851) & 1814 Anna Eirikdtr Sæbø (1778–1850) frå lnr 1 budde på Vikøyri. Dei hadde neppe born. Gjestgivarane passa sjølv på at andre ikkje selde brennevin. I 1818 var Tor ein av dei som vart avslørt. Han måtte ut med 3 rdl til fattigkassen og like mykje til forlikskommisjonen.

v960 Tor Monsson Thorsen v692 (1873–1949), garvar, & 1895 Jørgina Jensdtr Løland (1869–1959) frå Hyllestad fekk: Jens 1895 (USA 1914), Malena 1896–1985 (ugift, Bergen, Hopstock hotell), Johanna 1898–1989 (ugift, Vik), Mons 1899–1984 (ugift, forretningsmann i Vik), Sigurd 1901 (USA 1921), Anna 1903–87 (ugift, Vik), Thorvald 1905 (lnr 2c Sæbø, sjå fremst under Vikøyri), Borghild 1906–87 (ugift, Vik), Marie 1911 (v728). Jørgina var syster til Anders 1861 på Vikøyri v098. Hus nr 81. Mons og systrer vart busette på bnr 3/22 under lnr 9 Seim.

v962 Tor Olason Vikøyri v802 (1791–1850) & 1815 Gjørond Kjelldtr Vikøyri v562 (1780–1837) fekk: Kari 1815–16, Kjell 1817 (v564, USA), Hermund 1819 (til plass i Øyane-Sjøtun), Ola 1825 (v856). Mellom relativt få øyringar som betalte skatt i 1817 finn vi òg Tor. Han vart attgift 1845 med Randi Kjelldtr Vikøyri v562 (1793–1877), ei syster til Gjørond. Randi skulle i 1874 setjast ut på legd, men bad seg fri. I staden fekk ho utbetalt 4 spd. Men alt året etter var ho komen på legd. Sonen Ola overtok huset.

v964 Tor Tolleifson «Hønsi» (1730) & 1755 Guri Jondtr Vikøyri v500 (1732) fekk: Gjertrud 1752–53, Synneva 1755 (død før konfirmasjonsalder), Jon 1758–58?, Ragnhild 1758 (konfirmert 1776), Jon 1759 (v540). Tor var soldat då han gifte seg. Han vart konfirmert i 1750 med stadnamnet Hønsi. Enkja Guri gifte seg på nytt 1775 med Nils Nilsson Gotevik (1749) frå lnr 7. Nils og Guri fekk Nils 1776–83, fødd i Gotevik, men han døydde på Vikøyri. Enkja Guri budde hjå sonen Jon i 1801.

v966 Tor Torson (1821) frå Bergen & 1843 Karen Knutdtr Aune (1810) frå Vågsøy i Nordland hadde i 1865 følgjande born, som alle var fødde i Vik: Karen Thorene 1851, Edvard Kristian 1853, Georg Martin 1858. Tor hadde bygd nytt stovehus og bakeri i 1851. Det gjekk galdt økonomisk, og årsaka var truleg for dyre hus. Stovehuset åleine kosta 260 dalar. I 1868 var bakeriet eigd av fire bønder i bygda. Bustadhuset vart kjøpt av Ola Olason Hopperstad. Han selde det til Lars Johannesson Hjelmtveit v616.

v967 Torgeir Tomasson «Hanekam» (1746) & 1775 Marta Pauldtr Vetlesand (1752) frå lnr 60 kom til Vikøyri ca 1783. Hanekam er utvilsamt tenaradresse for Torgeir. Han var neppe frå Vik prestegjeld. Born: Paul 1775–75?, Gjertrud 1775–80, Anna 1777–77?, Ingeborg 1779–79?, Synneva 1782–82, Gjertrud 1782–82, Johannes 1783–83, Paul 1787–87, Paul 1789–1811 (drepen av skreda på Nese), Johannes 1790–90?, Anna 1793–93, Gjertrud 1793–93, Anna 1795–95?, Ingebrigt 1796 (v384). Torgeir og Marta med dei to sønene var på Vikøyri i 1801. Truleg døydde dei to mellom 1801 og 1815.

v968 Torina Oladtr Koldingsnes (1828–) frå Kvamsøy sokn hadde Botolv 1856 (Eidfjord i Hardanger) med Peder Larsson «Linde» v878 (1835–). I 1865 var Torina og guten på Hopperstad. Guten vart konfirmert i Vik i 1871. Torina kjøpte hus på Vikøyri, sjå v296, men reiste til USA i 1881. Mor til Torina, Synneva Tordtr Koldingsnes (1798–1865), døydde på Vikøyri. Ho fekk fattighjelp frå 1857. Far hennar var Ola Hansson Brekke (1798–1881) i Lånefjorden. Han kom til plassen Renninganeset under Låne.

v969 Torstein Andersson Vikøyri (1655–) & Kari Simondtr Bø (1680–1734) frå lnr 104 hadde: Brita 1731? (ugift) og Gyrid. Gyrid Torsteindtr var kring 1720 enkje etter ein Per Person i Hordaland og hadde ein son og ei dotter.

v970 Torstein Aslakson Tune (1781–1852), Fitje i Ortnevik, & 1822 Torbjørg Ellingdtr Tryti (1787) frå lnr 105 fekk: Gjertrud 1824 (v060), Gunhild 1830 (gift i Bergen frå ca 1863). Torstein vart attgift 1836 med Brita Knutdtr Rinde (1789) frå Feios og dei fekk Torbjørg 1838. Torbjørg Torsteindtr Vikøyri (1838–1925) var ugift. Ho budde i året 1900 hjå Johannes Gullakson Vikøyri. Ho fekk fattighjelp frå 1906. I 1918 var ho sett bort til forpleiing hjå Arne Rislåg. Dessutan vart det gitt ei ekstraløyving frå fattigkassa for kjøp av eit par sokkar og labbar til henne. I 1923 kom ho på gamleheimen.

v972 Valdemar Rasmusson Myklebust (1758–1802) frå Davik & 1783 Hildeborg Knutdtr Sogndalsfjøra (1756–1827): fekk: Anna 1783 (v496), Gjertrud 1788 (v348), Randi 1792, Knut 1797. Valdemar var spedalsk, og han smitta dottera Gjertrud. Hildeborg vart attgift 1814 til lnr 81 Voll.

v974 Øystein Hansson Indre Nesse (1793–1852), husmannsson frå Kvamsøy sokn, & 1827 Brita Lassedtr Vangsnes (1798–1856) frå lnr 187 var omkring 1835 på Vange, men elles på Vikøyri. Born: Hans 1825 (v308), Marta 1828 (v436), Lasse 1831–31?, Ingeborg 1832 (v400), Lasse 1835 (v646), Brita 1841. Øystein døydde av tyfus, og truleg fekk det som vart kalla nervefeber. I 1848 sette fattigkommisjonen bort dei to yngste ungane til forpleiing. Foreldra nekta først å gå i legd, men dei døydde likevel som legdslemmar. Brita Øysteindtr Vikøyri (1841–1926) var ugift, men fekk Brita 1869 (v144) med husmannsson Hans Olason Røyrvik (1845). Brita 1841 fekk fattighjelp frå 1914. I 1921 vart ho lagt inn på gamleheimen.

v976 Øystein Hansson Vikøyri v308 (1868) & 1895 Synneva Oladtr Øksdal (1870) frå lnr 3 reiste til Oslo i 1903. Dei hadde då: Harald 1896 og Gyda 1900. Seinare budde dei i Vestfold.

v978 Øystein Johannesson Ås (1833–1892) frå Hyllestad, snikkar, & 1878 Marta Knutdtr Vikøyri v572 (1845) fekk: Karl 1879, Sigrid 1880–82, Knut 1882–82. Enkja og Karl 1879 reiste til USA 1893. Marta hadde òg Larsina 1871 (USA 1884) med Ola Sjurson Vikøyri v854 (1844–1912).

v980 Øystein Styrkson Vange (1748–1805) frå lnr 8 & 1772 Synneva Ellingdtr Føli (1750) frå lnr 22 fekk: Elling 1772, Ingeleiv 1773 (s182), Guri 1776 (v200), Marta 1783, Sigrid 1789 (v546), Styrk 1794 (v932). Huset låg under lnr 2 Sæbø. Det veit vi fordi Øystein måtte i forliksrådet på grunn av manglande betaling av grunnleiga.

v982 Øystein Styrkson Vikøyri v932 (1825–1900) & 1855 Magnhild Jondtr Vikøyri v496 (1824–1916) fekk på Vikøyri: Anna 1856 (flytta frå bygda), Kari 1859 (gift 1890 med namnet Karen, Bergen), Jon 1862 (v542), Marta 1866–1936 (ugift, hjå Karen i 1900). Magnhild hadde òg Hildeborg 1848 (USA 1875) med Jon Olason «Tenål». Det var truleg Jon 1828 v798. Han reiste til USA. Øystein var fiskar. Magnhild var i 1900 sjuk etter eit beinbrot. Deretter fekk ho årleg fattighjelp. (Namnet hennar er feilskrive til Ragnhild i folketeljinga i 1900.) Marta Øysteindtr Vikøyri (1866–1936) var ugift, men fekk Maria 1889–89 med bakar og enkjemann Theodor Henrik Nilsen i Bergen og Øystein 1893 (v984) med Torgeir Kristofferson Lie, Bergen. Hus nr 9.

v984 Øystein Torgeirson Vikøyr i v982 (1893–1985) & 1922 Brita Hermunddtr Vikøyri v358 (1893–1984) fekk: Magnhild 1922 (Austlandet), Olga 1923 (Bergen), Anna Margreta 1926 (Oslo), Hildeny 1929 (Natvik, Årdal), Yngve 1930–75 (sjå bnr 1/43 Røysane-Sæbø), Bjørg 1933 (Oslo), Solveig 1935 (Bergen). Hus nr 82. Vetleøyri