Vetleøyri (Seimsøyri)
s008 Anders Andersson Askeland (1841–1922) frå Lindås i Hordaland & 1868 Ingrid Monsdtr Lønne (1841–1937) frå Kvamsøy sokn fekk: Malena 1868, Ingebjørg 1871–71, Anders 1873, Ingebrigt 1875, Ingebjørg 1882, Ingvald 1888. Anders var jekteskipper. Staden låg under bnr 1/24 Sæbø. Alle reiste til USA innan 1902. Stova til «Anders på Haugen» vart flytta til lnr 15b Tenål.
s010 Anders Anfinson Måredal (1803–1869) frå Kyrkjebø & 1835 Sesilia Nilsdtr Hest (1812) frå Bjordal i Kyrkjebø budde fram til 1846 i ei stove på Vetleøyri, deretter var dei husmannsfolk på Bruavoll. Born: Ola 1839 (USA 1866), Anfin 1842 (USA), Kari 1845 (Hola, Seljadalen) og Lasse 1845 (USA). Enkja og to av borna reiste til USA i 1870.
s012 Anders Endreson Vikøyri v218 (1831–1883) & 1857 Anna Arnedtr Vetleøyri s030 (1821–1911) fekk: Endre 1856–56, Arne 1857–59, Anna 1860 (plass 7 Vange), Johanna 1862 (USA 1885), Endre 1865 (Bergen). Den gamle bygdeboka seier at «OrEndre» var frå Feios, men det er feil. Anna hadde før Anna 1844 med Christopher Munthe Rumohr Reutz (1805) frå lnr 1 Sæbø. Ho hadde òg Svein 1845 med Svein Eliasson Vikøyri v196, v933 (1812–1845). «Slaott-Anna» fekk fattighjelp 1910–11. Far til Anna 1821 var frå plassen Slaottedna under Vetlesand, og det var grunnen til at også Anna Kristofferdtr Vetleøyri (1844–1933) gjekk under namnet «Slaott-Anna». Ho var ugift. Sjå hus nr 107.
s014 Anders Hermundson Stadheim (1707–1758) frå lnr 26+27 & Anna Perdtr «Seimsøyri» (1715–1762) fekk: Sigrid 1745-59, Hermund 1747–57, Per 1748, Johannes 1753–53, Kari 1753–53, Simon 1753–53. Opphavstaden for Anna er usikker. Per Andersson Seimsøyri vart konfirmert 1768, men blir borte.
s016 Anders Hermundson Vetleøyri s072 (1828–1878) & 1855 Marta Oladtr Vetleøyri s194 (1831) fekk: Hermund 1855–72, Olina 1858 (til bnr 9/5 VetleNummedal), Gjertrud 1861–91, Anna 1863 (v520), Marta 1868 (USA 1899), Jon 1871 (USA 1893). Anders var jekteførar. I 1890–91 fekk enkja Marta støtte for den sjuke dotter si, Marta 1868. Anders hadde òg Anna 1849–62 med enkja Brita Eliasdtr Seimsøyri v176 (1818–1866).
s018 Anders Jensson Seimsøyri s086 (1771–1818) & 1798 Gjørond Sjurdtr Sæbø (1773–1803) frå lnr 3 fekk: Sigrid 1799 (s208). Anders vart attgift med Lussi Hermunddtr Nese (1750–1831) frå lnr 48 i Arnafjord sokn.
s020 Anders Lasseson Seimsøyri s131 (1740–1807) & 1765 Ragnhild Jondtr Ovri (1738–1820) frå lnr 70 fekk: Barbra 1766 (lnr 74 Øvre Hove), Sigrid 1769– 69?, Lasse 1771 (Øvre Moane i Moane-Hove). Anders var ein av svært få øyringar som betalte formueskatt i 1789.
s022 Anders Lasseson Vetleøyri s130 (1851–1939) & 1874 Gjertrud Gjertdtr Brekke (1845–1919) frå Aurland: sjå bnr 1/35, hus nr 104.
s024 Anders Olason Seimsøyri s153 (–) & 1745 Brita Markusdtr «Sæbø» (1719) var husmannsfolk på Seimsøyri og fekk borna: Sigrid 1745 (s086), Lars 1747–47, Margreta (v050), Lars 1752 (Seimsøyri, sjå note lnr 112 Skjørvo), Unni 1758–1822, Synneva 1762 (s133). Brita vart konfirmert og gift med stadnamnet Sæbø. Ho var truleg dotter til Markus Torgeirson Vangsnes frå lnr 196. Han var ei tid knytt til lnr 4 Sæbø, men enda opp som husmann i Hola på Seljadalen.
s025 Anders Olason (1754–1822) & Katrina Oladtr Seimsøyri s174 (1752–1786) budde på Seimsøyri. Dei hadde ikkje born. Anders vart attgift 1787 med Brita Oladtr Vikøyri v744 (1747–1822) og fekk: Ragnhild 1788. Dei var då på Dale i Arnafjord sokn. I 1801 var dei på ein husmannsplass på Målsnes i Kvamsøy sokn. Men Anders og Brita døydde med stadnamnet Lilleøren. Brita var då på legd.
s026 Anders Olason Seimsøyri s154 (1793) & 1818 husmannsdtr Margreta Anfindtr Måredal (1790–1847) frå Kyrkjebø budde på Vetleøyri fram til ca 1835. Deretter var dei husmenn under lnr 47b Bruavoll. Born: Ola 1818 (s158), Marta 1821–23, Marta 1824, Ingrid 1827, Anna 1831. Huslyden reiste til USA i 1846. Marta 1824 var då nygift med Ivar Torson Åse (1818) frå plass under lnr 49.
s028 Andreas Hansson Kvamme (1854–1928), Kvamsøy sokn, frå plassen Skaret & Sigrid Hansdtr Svardal (1860–1934) frå plass under lnr 10 fekk: Sigrid 1883 (Bergen), Kari 1885–86, Kari 1887 (USA 1907), Hansina 1890 (USA 1908), Sjur 1892–94, Hans 1895–1972 (ugift, hus nr 103), Anna Sofie 1898 (v724), Sivert 1902–70 (ugift, hus nr 103). Andreas var skreddar. Hus nr 103. I 1899 fekk Ola Larsson s176 på Vetleøyri kr 10 av fattigkassa for hus og brensel for enkja Sigrid Hansdtr Skaret-Kvamme (1816–1904) i to år. Ho var mor til Andreas. Deretter vart ho sendt på legd, men vart så dårleg at ho kom til pleie hjå sonen.
s030 Arne Bendikson Vetlesand (1790–1865) frå plassen Slåttane under lnr 60 i Arnafjord sokn & 1818 Johanna Gunnardtr Skitnevik (1789–1873) frå Ytre Holmedal fekk: Bendik 1819 (Feidje i Feios), Anna 1821 (s012), Ola 1827 (plassen Øvre Bøen under Sværen i Sværefjorden), Mons 1830–48 (drukna), Lars 1834–34?. Huslyden budde ei kort tid i Brekke i Ortnevik og i Juvik, deretter på Vetleøyri, der Arne i 1846 eigde ei lita stove. Arne døydde etter eit fall utfor eit fjell, men han hadde truleg vore ved dårleg helse i mange år, for alt i 1852 fekk «Slaott-Arne» fattighjelp. I 1870 var Johanna så «heldig» å få plass i ei av dei 10 legdene i hovudbygda.
s032 Bendik Hermundson Nese (1830–1910) frå plass nr 20 & 1855 Johanna Guttormdtr «Tistel» (1831–1889) fekk: Lars 1851, Hermund 1855, Anna 1856, Anders 1858, Olina 1859, Martin 1861, Guttorm 1864. Om foreldre til Johanna: sjå v036. Huslyden budde på Vetleøyri, men reiste til USA i 1864.
s036 Botolv Knutson Seimsøyri s110 (1787–1837) & 1810 Kristi Jondtr Naustvoll (1782–1879), husmannsdotter under Engum i Kvamsøy sokn, fekk: Knut 1810 (v570), Kari 1813, Ragnhild 1820, Brita 1823 (Prestteigen-Svolsvik, USA), Marta 1830. Omkring 1820 var dei på ein plass på Engum, men før 1830 var dei på nytt på Vetleøyri. I 1846 hadde Kirsti overlate huset til Hermund Olason s074 og truleg flytta til Ytre Nesse, der ho døydde 97 år gamal hjå sonen Knut.
s037 Endre Styrkson Vange (1746) frå lnr 8 & 1776 Sigrid Johannesdtr Seim (1747) frå lnr 11 budde truleg på Seimsøyri. Dei hadde neppe born. Endre døydde før 1791 og Sigrid vart attgift til Seimsøyri s164.
s038 Eirik Jakobson Flekke (1821) & 1843 Anna Petrine Sørendtr (1815), båe frå Ytre Holmedal, fekk i Lavik Edvard 1844 (USA 1862) og på Vikøyri Petter 1847 (USA 1864). Eirik var skomakar på Vetleøyri. Eirik og Anna reiste til Amerika 1864. Dei hadde ei lemstove med ein liten kokeomn. Stova hadde han kjøpt av enkja Brita Knutdtr s142. Ho vart selt til Sjur Kolbeinson s206.
s039 Eirik Lasseson Seimsøyri (–1743) & Guri Oladtr (–1743). Om desse to veit vi ikkje noko anna enn at dei vart gravlagde på same dag i det siste av naudsåra 1739–43. Broren Anders var på s020.
s040 Elling Jørgenson Vetleøyri s098 (1815–1887) & 1841 Sigrid Ingebrigtdtr Hove (1807–1902) frå lnr 73 fekk på Vetleøyri: Brita 1842–1932 (ugift). Sjå meir under lnr 18c Tenål.
s041 Even Ellingson Tuften (1808–1871) & 1818 Haldis Gautedtr (1817), båe frå Ål i Hallingdal, fekk: Gro 1845 (s048), Elling 1853, Lars 1858 (USA 1874), Ragnhild 1862–62?. Even var fargar. Han kom til Vetleøyri ca 1860. Enkja Haldis reiste til USA 1874.
s042 Fredrik Johan Johanson Svendsen v450 (1869–1901) & Inga Larsdtr Vetleøyri s120 (1870–1940): sjå bnr 1/91, hus nr 106.
s044 Frik Torkjellson Vetleøyri s224 (1806–1876) & 1834 Sigrid Oladtr Vikøyri v732 (1802–1852) fekk: Guri 1834–34, Kjell 1836 (v560), Guri 1840, Ola 1843 (Øksnes, Lofoten). Huslyden budde på Vetleøyri frå ca 1835. Sigrid hadde frå før Nils 1823 (Nord-Noreg i 1843) med Anders Olason Finnen (1797–1832) frå lnr 51. Frik vart attgift 1856 med enkja Kari Torsteindtr (Fesund) Vetleøyri s078 (1798–1874).
s046 Gjertrud Oladtr Vetleøyri s160 (1831–1906) var ugift. I 1865 var ho tenestejente i Finnabotn, seinare på Hanekam og til sist mest i Kvamsøy sokn. Året 1900 vart ho plassert for pleie hjå Søren Olason Nesse for kr 65,00 per år, men dersom ho vart sjuk, ville han ha meir. I 1903 var ho hjå Eirik Kyrkjeteig for kr 90,00 og då fekk Per Tennefoss kr 1,50 for frakt frå Nessane og kr 2,00 for kjøp av ei trøye. Same år vart det nye utgifter til sko og klede. Kostnadene med Gjertrud steig: i 1904 var det kr 95,00, i 1905 kr 125,00. Ho døydde med stadnamnet Hanekam.
s048 Gro Evendtr Vetleøyri s041 (1845) fekk Guri 1874 med Anders Larsson Hove (1847) på bnr 26/18 i Moane-Hove. Ho reiste til Amerika med barnet i 1875.
s052 Guttorm Kjellson Vetleøyri s104 (1825–1880) & 1852 Brita Oladtr Øvre Hove (1826) frå lnr 75 fekk: Inga 1854 og Kjell 1852. Huslyden reiste til USA 1854.
s054 Halvar Ellendson Seimsøyri (1682–1749) & Synneva Johannesdtr (–) fekk: Ellend 1726, Brita 1728, Johannes 1730, Inga 1732. Borna blir borte for oss. Enkja Synneva var på legd i 1763 og «forarmet».
s056 Halvar Haldorson Linde (1732–1813) & 1758 Sigrid Arnedtr Hopperstad (1720–) kjøpt lnr 122 Hopperstad. Dei hadde: Haldor 1759–92 og Kari 1762–1820 (ugift). Sigrid døydde før 1793. Etter at sonen Haldor hadde overteke bruket, eller etter han måtte gå frå bruket i 1786 for di han var spedalsk, flytta Halvar til Vikøyri eller Vetleøyri. Han vart attgift 1793 med Agata Halvardtr Mjølsvik (1739–1813) frå Ortnevik. I 1801 budde ekteparet på Vetleøyri og fekk fattighjelp. Det var sams skifte etter dei to i 1813.
s058 Hans Kristian Steffenson Tuftedal (1878–1961) frå Balestrand & 1903 Brita Oladtr Vetleøyri s114 (1881–1955) brukte familienamnet Lilleøren, men Hans var smed i Røysane-Vange, sjå meir der.
s060 Hans Lasseson Nokken (1822–1914) frå Kvamsøy sokn, husmannsson, & 1854 Dorte Katrine Bjørndtr Kvalheim (1829–1900) frå Balestrand fekk: Gjertrud 1852 (s210), Brita 1860, Marie 1864, Jensina Lovisa 1870. Paret var på Nokken fram til ca 1861 og kom så til ein plass under Tuftedal i Balestrand. Dorte Katrine er òg kalla Trine i kyrkjeboka. Brita var truleg«Berte Hansen, syerske, bebor en qvist» i Bergen i 1900. Huslyden kom til Vetleøyri etter 1875. Hans budde åleine i eit hus på Vetleøyri i året 1900. Han døydde på Hove.
s062 Hans Olason (1758–1813) & Åsa Oladtr (1764) fekk: Synneva 1793, Kari 1796, Ola 1798 (v780), Ola 1800–00?, Kari 1802, Ola 1803, Kari 1804, Andreas 1806, Marta 1808, Anna 1813. Hans og Åsa var truleg tilflyttarar. Dei to første borna levde i 1801. Vi finn ingen av borna i konfirmasjonslistene 1818–28. Kanskje døydde dei alle før 1815.
s064 Harald Hansson Lilleøren (1915–2000) frå Røysane-Vange & 1945 Svanhild Bertindtr Koldingsnes (1919–1992) frå Vetleøyri: sjå bnr 1/135, hus nr 97.
s066 Helge Olason Vetleøyri s172 (1834–1915), Haug-Helge, & 1861 Marta Jondtr Nosi (1829–1904) frå Jordalen på Vossestrand fekk på Vetleøyri: Ola 1857 (USA 1875), Johanna 1866 (s148), Else 1870 (gift i Bergen og USA 1889). Frå 1911 fekk Helge fattigstøtte som gamal, sjuk og fattig. Hus nr 105 låg under bnr 1/34.
s068 Hermund Endreson Vikøyri v218 (1823–1908) & 1856 Brita Guttormdtr Bungane (1817–1902) frå lnr 15 fekk: Marta 1855–55, Marta 1856 (plass 5 Vange), Marie 1859 (plass 5 Vange), Guttorm 1865. Hermund hadde òg Ragnhild 1854 med Gjertrud Jensdtr Valsvik (1813–1864). Om Gjertrud: sjå note lnr 29 Valsvik. Hermund og Brita var først på ein plass under Flete, så på Vetleøyri, til sist på plass 5 Vange. I den gamle bygdeboka vart Brita kalla «Bonga-Brita», han: «Bonga-Hermund», «Gamle-Bongjen» eller «OrEndreHermund». Dottera Marie var «Bonga-Marie». Sjå meir under plass 5 Vange.
s070 Hermund Hansson Lindehagen (1872–1907) frå Kvamsøy sokn & Sitona Gjertdtr (Tuftedal) Vetleøyri s210 (1874–1956): sjå bnr 1/139, hus nr 108.
s072 Hermund Jonson Hallrynjo (1802–1867) frå lnr 66 & 1828 Gjertrud Halvardtr Kolåsen (1788– 1856), Fresvik, fekk: Mari 1823 (s166) og Anders 1828 (s016).
s074 Hermund Olason Tennefoss (1817–1850) frå Kvamsøy sokn & 1844 Brita Torkjelldtr Vetleøyri s224 (1813–1894) fekk: Anna 1843 (v226, USA), Johanna 1845 (v398). Hermund hadde overteke huset til enkja Kirsti Jondtr s036. Hermund døydde etter å ha vore spedalsk i tre år. Det var spedalske folk både på fars- og morsida. Også Anna 1843 fekk ein spedalsk son. Brita fekk litt fattigstønad medan ungane var små. Frå 1887 fekk ho støtte som gamal, sjuk og vanfør. I 1890 måtte ho få eit ekstra tilskott, og året etter kom ho på legd.
s076 Ingebrigt Ingebrigtson Skjørvo (1775–1822) frå lnr 111 & 1812 Marta Larsdtr Seimsøyri s119 (1787– 1855) fekk Brita 1812 (v146), Lars 1815 (v608), Ingebrigt 1818 (v356), Brita 1821 (v722). Marta vart attgift 1837 til Vikøyri v700.
s078 Ingebrigt Jonson Fesund (1809–1836) & 1833 Kari Torsteindtr Fesund (1798–1874), båe frå Lavik, budde på Vetleøyri. Dei fekk: Ingebrigt 1837 (v358). Ingebrigt tok med seg namnet «Saongfjøren» til Vik. Kari eigde ei lita stove i 1846. «Sognfjær-Kari» fekk fattighjelp 1850–51. Ho vart attgift til Vetleøyri s044.
s080 Ingebrigt Olason Brekke (1839) & 1870 Olina Sjurdtr Fitje (1841), båe frå Ortnevik, fekk: Johannes 1871, Ola 1872, Sjur 1875–75?, Sjur 1876, Brita 1879, Guri 1883. Huslyden budde frå 1876 på Vetleøyri. Innan 1903 hadde alle reist til USA.
s082 Jakob Olason Vetleøyri v442 (1878–1945) & 1901 Synneva Hansdtr Sætevika (1877–1962) frå Hyllestad: sjå bnr 1/92 (hus nr 95) om familie.
s084 Jakob Petter Øysteinson Bartolomæi Wulff s228 (1842–1896) & 1867 Marta Andersdtr Hove (1845–1933) frå plassen Bleiehaugen under lnr 71 fekk: Ola 1867, Marta 1869, Sigrid 1870–70, Sigrid 1871–71, Anna 1872, Anders 1874. Alle reiste til USA i 1875.
s086 Jens Andersson Føli (1739) frå lnr 23 & 1770 Sigrid Andersdtr Seimsøyri s024 (1745) fekk Anders 1771 (s018) på Seimsøyri og Brita 1774 (s190), Anders 1781–81 og Lussi 1785 (plass lnr 52 Finnen) på Føli. Jens og Sigrid døydde før 1801.
s088 Jens Jakob Johanson Svendsen v450 (1876–1949) & enkja Inga Larsdtr Vetleøyri s120, s042 (1870–1940): sjå hus nr 106.
s089 Johannes Håkonson Seimsøyri (1670–1756) & 1753 Inga Knutdtr «Hanavik» (–) fekk neppe born. Inga vart attgift 1757 med Lasse Gulaugson Teigen (1727–) frå Kyrkjebø. Dei var på plass nr 46 på Vangsnes.
s090 Johannes Ingebrigtson Balvoll (1803–1852) & 1832 Ingeborg Oladtr Fjøra (1810–1889) frå Sogndal var på ein plass på Prestteigen-Midlang før dei kom til Vetleøyri. Born: Sigrid 1832–1908 (gift 1869 med Ernst Sommer frå Bergen), Kari 1835 (USA 1866, sjå note under sjølveigarplass i Moane-Hove), Brita 1838 (USA 1866), Ragnhild 1842 (gift 1867 med Gregorius Kvamme frå Manger), Ingebrigt 1847 (v366). Sigrid og Ragnhild vart busette i Sandviksveien i Bergen. Der var det òg fleire andre frå Vik. Ingeborg vart attgift til Vetleøyri s188. Ho fekk fattighjelp i mange år som arbeidsfør fattig. Sigrid 1832 fekk Johan 1860 med Anders Sjurson Vetleøyri v088. Guten vart oppfostra av bestemora. Han reiste til USA i 1882.
s091 Johannes Nilsson (1775–1853) & 1801 Gjertrud Kristendtr (1780–1807) var truleg barnlause. Dei var neppe frå bygda. Johannes vart attgift 1822 med Mari Oladtr Vetleøyri s164 (1777–1842). Ho var av bondestand, står det i kyrkjeboka. Det var litt overdrive, for far til Mari var frå ein husmannsplass i Hovsviki. Johannes var i 1801 dreng på Vangsnes og han var på Stadheim då han gifte seg første gongen. Mari var tenestejente på Ovri i 1801. Ho hadde fått ein gut Ola 1809. Han er ikkje innførd som døypt i kyrkjeboka, men han vart konfirmert i 1824 og der er Eirik Ellingson oppgitt som far. Det må vera ein gift mann på Vikøyri: v172. «Mari-Ola» 1809 gifte seg og busette seg på plassen Sagi under Kvamme. Huslyden hans reiste til USA 1869. Johannes var på legd frå 1851. Vi skjønar ikkje kvifor han vart kalla «Johannes Rulfsen» i fattigprotokollen. Huset med ei bu var i 1846 eigd av enkja Brita Eliasdtr s108.
s092 Johannes Olason Vikøyri v850 (1834) & 1858 Synneva Amunddtr Vangsnes (1832) frå lnr 189a fekk: Lars 1856–56, Sigrid 1858 (heime i 1875), Ola 1862 (heime i 1875), Kristina 1865 (USA 1883), Amund 1868 (1883), Lars 1870, Anna 1873. Johannes drukna etter 1875. Då dødsfallet ikkje står i kyrkjeboka, vart han neppe attfunnen. Synneva og to born reiste til USA 1884.
s094 Johannes Olason Vikøyri v808 (1854–1925) & 1878 Ingeborg Perdtr Vikøyri v884 (1853–1930). Dei fekk: Anna 1879 (var på lærarskule på Stord i 1900), Olina 1884 (tenar på Skjørvo i 1900), Ivar 1887 (USA 1907), Ola 1889 (USA 1908), Johan 1892 (USA 1913), Anders 1895 (USA 1911) Eli 1881 (USA 1902). «Angunne-Joans», eller «Fjufjakken», var snikkar. Familien var i åra 1881–1883 på ein husmannsplass under Drege i Feios. Hus nr 100.
s096 Jon Lasseson Vetleøyri s132 (1814–1906) & 1845 Brita Kristendtr Vangsnes (1814–1883) frå plass nr 38 budde på Vetleøyri der Jon overtok ei stove etter faren. Det var truleg hus nr 98, og som gjekk vidare til dottera Marta. Born: Marta 1843 (s176), Karen 1846, Kari 1848 (s102), Lasse 1850–50, Kristina 1852 (s102), Ingeborg 1858–58. Jon vart kalla «Bruavodl-Jon» for di faren kom frå Bruavoll. Jon arbeidde ved Hopstock-saga ved Kyrelvi og hadde med regulering av demninga å gjera. Frå 1894 fekk Jon fattighjelp. I 1899 vart det kjøpt inn 4 alen vadmål. Døtrene skulle sy bukser til han.
s097 Jon Olason Vetleøyri s178 (1812) & 1839 Anna Samsondtr Langateig (1805) frå Vetlefjorden budde på Vetleøyri då dei gifte seg. Omkring 1843 var dei strandsitjarar på Vangsnes, men var paktarar på Langateig då dei reiste til Vesterålen i 1845. Born: Ola 1837, Synneva 1843. Sjå òg: Vikøyri v656.
s098 Jørgen Jørgenson Steile (1774–1848) frå Vang i Valdres & Brita Ellingdtr Vikøyri v064 (1775–1847) hadde borna: Ingeborg 1802 (s104), Elling 1814 (s040, lnr 18c Tenål), Guri 1804 (Nåsen på Vossestrand), Jørgen 1806 (s100). Omkring 1801 må det ha blitt samla soldatar frå eit vidt område til Vik, såleis også Jørgen og broren Trond, som kom til plassen Kålhagen under Grov. Sjå også Vikøyri v466. Jørgen hadde i 1846 stovehus og fjøs.
s100 Jørgen Jørgenson Vetleøyri s098 (1806–1854) & 1839 Anna Jondtr Vikøyri v508 (1809) fekk: Elling 1837–40, Elling 1840, Brita 1843, Brita 1847, Jørgen 1849, Ivar 1853. Jørgen hadde i 1846 ei stove verdsett til 50 dalar, så det var truleg eit nokså nytt og heller stort hus. Anna reiste med borna til USA i 1866.
s102 Kari Jondtr Vetleøyri s096 (1848–1933), kalla «Stora-Kari», og systera Kristina Jondtr Vetleøyri s096 (1852–1939) var ugifte og budde saman. Kristina fekk Brita 1881 (s058) med Ola Olason Vetleøyri s180 (1851). I 1890 kjøpte dei hus nr 99 av Sjur Kolbeinson s206, som reiste til Amerika. Meir under hus nr 99.
s103 Katrina Guttormdtr «Vetleøyri» (1799–1834) fekk Ingebrigt 1825 og Mikkel 1829–29? med Ingebrigt Jonson Brekke (1797–1851) frå lnr 88. Katrina var neppe frå Vik. Vi finn ho heller ikkje i fylket i folketeljinga for 1801. Då Katrina neppe hadde nær slekt på Øyri, vart Ingebrigt oppfostra på Brekke. Ingebrigt Ingebrigtson Brekke (1825) & 1854 Johanna Larsdtr Ådlane (1822), husmannsdtr, fekk Jon 1853. Dei reiste til USA 1856.
s104 Kjell Guttormson Hønsi (1789–1853) frå lnr 83 & 1823 Ingeborg Jørgendtr Vetleøyri s098 (1802–1851) fekk: Brita 1822, Guttorm 1823–24, Guttorm 1825 (s052, USA), Inga 1827, Lars 1830 (s120), Anders 1833 (lnr 84e Hønsi), Inga 1836, Jørgen 1836–37, Jørgen 1840–41.
s106 Knut Johannesson «Seimsøyri» (–) & 1745 Marta Oladtr Seimsøyri s153 (1712–1763) fekk på Seimsøyri: Johannes 1745–49, Johannes 1752 (v480), Ola 1751 (plassen Breidi på Hopperstad). Knut vart attgift 1764 med husmannsdtr Marta Jørgendtr Kvist (1724–1802). Knut finn eg ikkje i manntalet i 1701 eller i dei tidlege konfirmasjonslistene i Vik. Han var mest truleg ein innflyttar.
s108 Knut Mikkelson Vetleøyri s142 (1818) & 1843 Brita Eliasdtr Vikøyri v196 (1818–1866) hadde: Brita 1839, Mikkel 1845–67 (sinnsvak, på legd frå barneåra), Elias 1842. Brita var enkje i 1846. Ho hadde då stove og bu etter Johannes Nilsson s091. I 1851 fekk ho ei tønne korn i fattigstønad. Ho vart attgift til Vikøyri v176. Brita 1839 var i 1853 sett ut for oppfostring.
s110 Knut Styrkson Vange (1750–1795) frå lnr 8 & 1774 Gjertrud Botolvdtr «Limmesand» (1747–1820) budde på Vetleøyri. Limmesand må vera tenaradresse. Ho vart ikkje konfirmert i Vik elle Arnafjord. Born: Brita 1773 (s142), Ragnhild 1775–75?, Marta 1778– 78, Marta 1780–80?, Styrk 1783–83?, Botolv 1787 (s036), Styrk 1794–1802.
s112 Kristen Olason Vetleøyri s176 (1876–1948), «Fiske-Kristen», & 1900 Johanna Oladtr Vikøyri v738 (1875–1951): sjå bnr 1/79, hus nr 101.
s118 Lars Amundson Vikøyri v018 (1846–1926) & 1882 Brita Oladtr Vetleøyri s180 (1853–1889) budde på Vetleøyri: sjå hus nr 94.
s119 Lars Andersson Seimsøyri s024 (1751–1796) & 1778 Brita Ellingdtr Skjørvo (1745) frå lnr 112 fekk: Gitlaug 1778 (lnr 112), Brita 1782 (v508), Brita 1784–1818, Marta 1787 (s076). Lars og Brita var på Skjørvo då ungane vart fødde, men var på Vetleøyri då Lars døydde. Brita 1745 døydde mellom 1801 og 1809.
s120 Lars Kjellson Vetleøyri s104 (1830–1897) & 1858 Ingeborg Tollakdtr Vikøyri v952 (1828–1914) fekk: Ingeborg 1857 (plass under lnr 108 Tryti), Ingeborg 1859 (USA 1882), Kjell 1862, Olina 1868–95, Inga 1870 (USA 1893, v450). Lars hadde stadnamnet «Vellene» då han gifte seg, men ved folketeljingane var han strandsitjar og dagsarbeidar på Vetleøyri. Huslyden kan ha vore busett på Sæbø-grunn i Vedledna. (Sjå òg plassen Vedledna-Sæbø på Vetleøyri.)
s122 Lars Olason Seimsøyri (1674–1764) vart 1737 attgift med Ingeborg Albrigtdtr Vikøyri v010 (1692–1748). Første kone er ukjent. I 1748 gifte han seg for tredje gong med Guri Hansdtr «Seim» (–). I 1763 var dei båe på legd.
s124 Lars Olason Seimsøyri s186 (1760–1842) & Randi Monsdtr Vikøyri v688 (1760–1792) fekk Ola 1792. Lars var korporal, men i ei skatteliste frå 1817 står det «avskediget». Lars vart truleg konfirmert med stadnamnet Alrek i 1779. Han vart attgift 1793 med Ingebjørg Salomondtr Hove (1762–1845) frå lnr 79 ogdei fekk: Ranveig 1793 (lnr 49 Åse), Brita 1796–1814. s126 Lars Sjurson (–) budde på Seimsøyri og fekk borna: Ivar 1736–36, Jon 1738–38, Anders 1740–40? Lars og kona hans kan båe ha vore frå Sogndal eller Hafslo. Dei er borte frå Seimsøyri 1759.
s128 Lars Sjurson Seimsøyri v918 (1758–1823) & 1778 Ingrid Jonasdtr Vikøyri v544 (1745–1811) fekk: Sjur 1778 (Vikøyri v920), Jonas 1784 (v546), Sjur 1785 (Brekke i Ortnevik). Ingrid hadde dessutan Brita 1773–73? med Ivar Olason Bø v402 (1743). Lars vart 1811 attgift med Sigrid Knutdtr Kyrkjeteig (1742–1811), enkje på lnr 55 i Arnafjord sokn. Ho var frå Hauge i Luster.
s130 Lasse Andersson Gotevik (1825–1904) frå lnr 7 & 1852 Brita Johannesdtr Vikøyri v484 (1824) hadde borna: Anders 1851 (s022), Synneva 1853–53?, Johannes 1856 (USA 1874, fekk Brita 1883 med Johanna Amunddtr Gullteigen, sjå note lnr 53), Gjertrud 1859–59?, Synneva 1862 (s214), Johan 1865 (USA 1893), Gjert 1867 (lnr 11a Seim). Lasse fekk støtte frå 1890 som arbeidsfør fattig.
s131 Lasse Larsson Seim frå lnr 11B Seim & Barbra Andersdtr (1697–1765) fekk: Anders 1740 (s020) og Marta. Marta skulle vera gift med Simon Guttormson Tveden.
s132 Lasse Jonson Turvoll (1781–1847) frå plassen Haugen & 1812 Kari Hansdtr Nissestad (1786–1847) frå lnr 14 fekk: Sigrid 1812 (døydde truleg lita), Jon 1814 (s096), Ragnhild 1816–16?, Eli 1818 (Fjærland 1854), Ragnhild 1820 (v814, USA), Knut 1821 (plassen Urdi under Jordal i Fjærland), Sigrid 1823 (v846), Hans 1826 (Raudboti, Fjærland), Ellend 1829–29, Ellend 1830–30. Dåp for Knut 1821 er ikkje innført i kyrkjeboka, men han vart konfirmert i 1838. Huslyden var først i Moane-Hove, så på Bruavoll til ca 1828, og til slutt på Vetleøyri. Stova deira der gjekk til sonen Jon. Eli 1818 hadde Lasse 1851 med Ola Person Nese v846. Lasse Olason Vetleøyri (1851–1928) fekk Kari 1869–69 med Randi Einardtr Vikøyri v170 (1839– 1881).
s133 Lasse Olason Seimsøyri s174 (1759–1819) & Synneva Andersdtr Seimsøyri s024 (1762–1826) hadde neppe born. I 1786 var Lasse på Seimsøyri, men i 1801 var paret på ein husmannsplass i Orvedal. Dei flytta seinare tilbake til Vetleøyri. Synneva døydde på legd.
s134 Lasse Olason Vetleøyri s156 (1829–1906) & 1855 Ingeborg Fransdtr Høgheim (1826–1856) frå Fresvik fekk: Brita 1856–56. Lasse var handverkar. I året 1900 budde han framleis i eige hus og dreiv med korgbinding. Av di han var åleine, hadde han til sist vanskar med å greia seg og fekk fattighjelp frå 1902. Vi finn ikkje att huset hans i 1908.
s136 Markus Lasseson Osland (1842), husmannsson, & 1873 Brita Larsdtr (1830–1904) budde ei kort tid på Vetleøyri. Dei fekk: Lars 1876. Vi trur Brita var dotter til Pernille Oladtr som i 1865 var på Enehaug i Kyrkjebø. Markus og Brita reiste tilbake til Kyrkjebø der dei vart plassfolk under Osland.
s138 Matias Olason «Stadheim» (1759) & 1789 Kari Salomondtr Hove (1758–1798) frå lnr 79 budde på Vetleøyri. Matias vart konfirmert 1778 med stadnamnet Stadheim, men vi finn ingen Ola på Stadheim som kan ha vore faren. Han kan heller ikkje vera son til Ola Matiasson på Vikøyri. Born: Ola 1788–88?, Ola 1789 (s178). Matias vart attgift 1801 med Marta Oladtr Vetleøyri v818 (1761–1817).
s140 Matias Olason Vetleøyri s178 (1818–1852) & 1850 Anna Ivardtr Røysane-Sæbø (1822–1899) frå storplass under lnr 1+4 fekk: Synneva 1850 (sjå note lnr 18 Flete). Matias hadde dessutan Anna 1844 (v114) med Brita Jakobdtr Vikøyri v416 og Marta 1844 med Anna Tordtr Fosse (1813–) frå lnr 33. Matias overtok huset etter mora. Anna 1822 vart attgift 1854 og flytta tilbake til foreldreplassen i Røysane-Sæbø.
s142 Mikkel Olason «Vellene» (1787–1846) & 1810 Brita Knutdtr Vetleøyri s110 (1773–1847) budde på Vetleøyri. Mikkel var truleg fødd på plassen Vedledn, Skjeldestad i Sogndal, men oppfostra i Sogndalsfjøra. Born: Ola 1811 (s180), Synneva 1816–17, Knut 1817– 17?, Knut 1818 (s108), Synneva 1819–1904 (gift i Bergen). Mikkel hadde stove, naust og smidje. Stova vart overteken av Einar Jakobsen s038. «Mikkel Lille-Ørens enke» fekk fattighjelp før ho døydde.
s144 Mons Person Stadheim (1802–1849) frå lnr 30 & 1833 Anna Arnedtr Myrland (1805–1850) frå Myrkdalen (men fødd i Framfjorden) budde på Vetleøyri. Då Anna vart døypt står det: «Faderen angjevet at være gift mand». Born: Eli 1830 («Vossa-Eli», v190), Per 1834 (Prestteigen-Svolsvik, USA 1865), Anders 1837 (v066), Sigrid 1841 (USA 1864), Ola 1845 (USA 1864), Olina 1847 (lnr 55a Rislåg, USA). Mons fekk dessutan Rognald 1831 (Nord-Noreg 1853) med Marta Tolleifdtr Vikøyri v664. I 1848 fekk Mons to skjepper poteter i fattigstønad.
s146 Morten Hansson Føli (1700–1761) frå lnr 20+21 & 1739 Barbra Torbjørndtr «Hove» (1703–1761) budde på Seimsøyri. Dei miste livet då husa deira vart tekne av eit jord- og snøskred først i april. Dei fekk: Barbra 1741 (gift 1777 til plass 58 på Vangsnes).
Ved gjennomgang no i 2021 av s146 såg eg at Barbra Torbjørndtr «Hove» vart gift i 1739. Namnet Torbjørn var uvanlig i Vik. Difor var det naturleg å gå gjennom manntallet i 1701 for Vik på nytt på leit etter personar med dette namnet. Eg fann berre ein person. Det var husmann Torbjørn Ivarson på plassen Åsen. Middelaldergarden Åsen i Hovsåsen har eg skrive om tidlegare, mellom anna i boka «Jordbruket i Vik». Etter øydetida kom garden i drift att på 1600-talet, men då som plass under eit bruk på Føli. Torbjørn med husly var truleg dei siste som budde der. Det kan neppe vera tvil om at Barbra «Hove» voks opp i Hovsåsen. Morten og Barbra vart vigde først på året 1739, og eg trur no at dottera Barbra vart fødd same året. Barbra 1739 vart konfirmert i 1759. (Det var då konfirmasjon annakvart år.) Ho gifte seg altså til ein plass på Vangsnes og fekk to døtrer: Brita 1780 og Barbra 1784. Flittige slektsgranskarar greier vel å finna ut kor det vart av dei to jentene og kan kanskje fylgja ei slektsgrein fram til i dag. Det å vera etterkommar etter folk busette i Hovsåsen, kan vel vera like bra som å vera etterkommar av Anders Daae? I alle høve er det mykje meir arbeid. Teljinga i 1801 må vel vera første forsøk?
s148 Nils Jonson Stedje (1865–1919) frå plassen Stedjeberget under lnr 64 & 1888 Kristense Sveindtr Voll (1862–1891) frå lnr 80: sjå bnr 1/34, hus nr 105.
s152 Nils Monsson (1829), truleg frå Fusa, & 1862 Brita Gjertdtr Haukebø (1831) var på Myrekrok (Haukebø) i Kyrkjebø. Born: Kristine Ellingine 1860, Sigrid 1862, Johan 1866 (USA 1892), Monsina 1868, Anna 1872 (USA 1892). Huslyden flytta til Vik etter 1875. Monsina fekk i Vik Birgitte Nikoline 1890 med kjøpmannson Jakob Knutson frå Bergen. Dei bli borte. Nils hadde før vore gift med Kristi Monsdtr frå Fusa. Dei var busett på Fusa og hadde: Brita 1848 og Ingeborg Vilhelmina 1851. Nils og Brita reiste til USA frå Vetleøyri i 1892. Nils var handelsbetjent ved emigrasjon. Anna og Johan hadde då stadnamnet Vatekar.
s153 Ola Seimsøyri (–) fekk først på 1700-talet fire born som vi finn att seinare: Anders (s024), Barbra (v840), Sissel (v750) og Marta 1712 (s106).
s154 Ola Andersson «Vikøyri» (1754) & 1784 Ingrid Oladtr «Vangsnes» (1764–1822) fekk: Ola 1787, Anders 1788, Brita 1789 (s188), Ola 1792–92?, Anders 1793 (s026, USA), Ola 1796 (plassen Urdi i Røysane-Sæbø). Ola 1754 var truleg son til ein som vart kalla «Havmand Anders» i kyrkjeboka. Ingrid er ikkje identifisert. Ho var enkje i 1801 og då budde ho og dei to yngste sønene på Vetleøyri.
I boka frå 2008 står det at Ingrid Oladtr ikkje er identifisert. Eg prøver på nytt i 2021. I skanna utgåver av kyrkjebøker for Vik finn eg at Ingrid Oladtr Brekke vart konfirmert i 1782. Det må vera tenaradresse. Ut frå det trur eg ho vart fødd i Vik ca 1765. I kyrkjebøkene finn eg inga postering som har vore oversett tidlegare. Men her må leggjast til at Anders Daae sine innføringar på denne tida var svært mangelfulle. Leiting blant fadrar til borna, og etter Ingrid som fadder, kan gi resultat omkring slekta hennar! Det skulle alltid vera 5 fadrar, og summe av dei var ofte nære slektningar.
s156 Ola Andersson Vikøyri v084 (1789–1830) & 1818 Ragnhild Andersdtr «Tennefoss» (1790–1869) hadde borna: Anders 1820 (v078), Lasse 1829 (s134). Tennefoss var tenaradresse. Ho var truleg dotter til ein husmann på Målsnes og var 12 år i 1801. Ragnhild vart attgift 1841 til Vetleøyri s170.
s158 Ola Andersson Vetleøyri s026 (1818) & 1842 Ragnhild Tollakdtr «Vikøyri» (1812–1908) fekk Anders 1844–44. Dei to reiste til Amerika 1844. Ragnhild var neppe fødd i Vik, og vart ikkje konfirmert i bygda.
s160 Ola Anfinson Seim (1782–1851) frå lnr 11 & 1820 Marta Oladtr Øvre Hove (1796–1847) frå lnr 77 fekk: Anfin 1820 (USA 1844), Ola 1822, Arne 1826 (USA 1851), Gjertrud 1828–29, Gjertrud 1831 (sjå s046), Synneva 1834 (USA 1856), Marta 1838 (NNoreg), Anna 1842 (USA 1853).
s162 Ola Eirikson «Seimsøyri» (1760–1844) & Brita Matiasdtr Vikøyri v678 (1770–1838) fekk: Anna 1805, Ingeleiv 1809 (v910). Ola var truleg frå Førsund i Kyrkjebø. Ola og Brita er førde opp som gifte ved folketeljinga i 1801, men ekteskapet står ikkje i kyrkjeboka. Anna Oladtr Vetleøyri (1805–) fekk Ola 1833 med Sjur Simonson Hallrynjo (1815–) frå lnr 65. Om Ola: sjå note lnr 65 Hallrynjo.
s164 Ola Guttormson Hovsviki (1740–1817) vart attgift 1791 med enkja Sigrid Johannesdtr (Seim) Seimsøyri s037 (1747) og fekk: Endre 1792–92?. Dei budde på Seimsøyri. Første kona til Ola heitte Brita og med henne hadde han Mari 1777 (s091). Ola og Brita budde då truleg utafor fylket, kanskje i Bergen.
s166 Ola Guttormson Vikøyri v254 (1821–1867) fekk Guttorm 1849–49 og Brita 1852 (USA 1856) med Sigrid Andersdtr Vikøyri v070 (1821–1852). Han gifte seg 1857 med Mari Hermunddtr Vetleøyri s072 (1823–1914): sjå plassen Vedledna under Vetleøyri. Frå 1862 pakta Ola og Mari lnr 8 Vange.
s168 Ola Hansson Eitorn (1867) frå Leikanger & 1894 Johanna Gjestdtr Bale (1865), husmannsdotter frå Balestrand, var i 1900 på Vetleøyri der Ola var fiskehandlar. Dei to reiste truleg til USA i 1904.
s170 Ola Jensson (1778–1859) & 1804 Brita Oladtr Turvoll (1765–1830) frå lnr 45 fekk: Ola 1806. Ola 1778 vart konfirmert 1794 med stadnamnet «Øren». Han var soldat på Fosse i 1801 og var på Vetleøyri då han gifte seg. Men faren Jens budde neppe på Øyri. Brita hadde frå før Eli 1783 (v188) med soldat Ingebrigt Olason. Ola vart attgift 1841 med enkja Ragnhild Andersdtr Vetleøyri s156 (1790–1869). Ho vart fattiglem i 1865. I 1869 vart ho kalla «Skut-Ragnhilde».
s172 Ola Jonson Turvoll (1798–1854) frå plassen Haugen & 1828 Elsebe Helgedtr Føli (1796–1859) frå lnr 22 fekk: Ragnhild 1828 (plass under lnr 108 Tryti), Brita 1831 («Haug-Brita», v308), Helge 1834 (s066), Jon 1838. Jon gifte seg 1862 med Marta Monsdtr Ytre Borlaug (1825–) og var på ein plass på Henjasand på Leikanger. Dei reiste til USA i 1866.
s174 Ola Lasseson (1719–1785) & 1750 Ingegjer Anbjørndtr Vange (1719–1785) frå lnr 8 budde på Seimsøyri. Ola var korporal. Han vart konfirmert og gift med stadnamnet Tenål, men det var truleg tenaradresse. Born: Anna 1750, Katarina 1752 (s025), Sigrid 1753 (v084), Ranveig 1757 (v640), Lasse 1759, Ingeborg 1764–64. Alle borna levde i 1785.
s176 Ola Larsson Vikøyri v606 (1844–1928) & 1870 Marta Jondtr Vetleøyri s096 (1843–1933) fekk: Jon 1873 (skomakar, Bergen), Ingeborg 1869, Kristen 1876 (bnr 1/79 Vetleøyri), Jakob 1878 (bnr 1/92 Vetleøyri), Severin 1881 (s202), Brita 1884–1908, Lars 1886 (lnr 105b Vomb-Brekke), Sigrid 1871. Ola fekk fattighjelp frå 1920. Far til Ola 1844 vart kalla «Fiske-Lars». Namnet gjekk også over på Lars 1886. Hus nr 98. Ingeborg Oladtr Vetleøyri (1869–1921) fekk: Johan 1894 med Anders Helgeson Tryti (1873–1945) frå lnr 105 og Sitona 1900–07 med snikkar Elling Lasseson Vikøyri v634 (1879–1932). Ingeborg gifte seg i Bergen 1908, var der, men døydde i Vik.
s178 Ola Matiasson Vetleøyri s138 (1789–1824) & 1809 Synneva Kjelldtr Vikøyri v562 (1782–1839) var først på Vikøyri, frå 1816 på Vetleøyri. Born: Kari 1809 (konfirmert 1824), Jon 1812 (s097), Marta 1815, Matias 1818 (s140), Kjell 1822. Konfirmantar frå Øyri fekk ofte dårleg omtale i kyrkjeboka på denne tida, men for Kari, som vart konfirmert i 1824, er det eit unntak: «Rosværdig både fra oplysningens og sædelighedens side». Ola var på fylla nyttårsaftan 1818 og gjekk laus på Ola Jensson Vetleøyri og slo sund to vindaugsruter i huset hans. I forliksrådet måtte han akseptera bot til fattigkassa og erstatning til Ola Jensson.
s180 Ola Mikkelson Vetleøyri s142 (1811–1892) & 1841 Brita Guttormdtr Vikøyri v254 (1810–1875) var på Vetleøyri. Ola var smed, men laga òg trelås og spelte fele. Born: Mikkel 1840–40, Mikkel 1841 (USA 1863, då nygift i Bergen), Guttorm 1843–86 (gift 1873 i Bergen), Knut 1847–87 (USA 1870), Ola 1851 (målar i Bergen i 1875, USA), Brita 1853 (s118). Ola hadde kanskje nerveproblem, for i 1859 hadde han vore på Arbeidsanstalten i Bergen for «kuur, pleie og undersøgelse». Fattigkassen kosta reise og opphald. Frå 1883 vart det utbetalt stønad for Ola. Han var då i pleie hjå dottera Brita på Vetleøyri.
s182 Ola Olason Brekkehagen (1777–1854) frå Bøadalen & ca 1802 Ingeleiv Øysteindtr Vikøyri v980 (1773–1855) fekk: Anna 1803–03?, Øystein 1806 (s228), Synneva 1812–1905 (sjå note lnr 95b Fjærestad). Ola var frå plass under lnr 88 Brekke. Ola kom på legd i 1851, og i 1854 sende Per Tønder ei rekning til fattigkassa for klede han hadde kjøpt til den spedalske «Ole Olsen Seim». Ingeleiv kom på legd i 1853.
s184 Ola Olason «Seimsøyri» (–) & 1778 Anna Perdtr Gildhus (1746–1823) fekk Ola 1778 og Torbjørg 1782. Ola var kanskje ikkje frå Vik. Sonen Ola var soldat på Hopperstad eller Hove i 1801. Han vart truleg gift til Vikøyri v836 med soldatadressa Tryti. Torbjørg var tenar på Fosse 1801. Ho døydde kanskje ung etter å ha fått Anna 1801 med ein som heitte Ola. Anna Oladtr Vetleøyri (1801–1884) var ugift, men fekk Brita 1824 med Elling Hansson Nese (1794–) frå plass nr 19. Anna måtte nok greia seg utan økonomisk støtte frå Elling, for han hadde også fire andre «uekte» ungar. I 1865 var Anna dagarbeidar på Vikøyri. Med stadnamnet «Lilleøren» kom ho på legd frå 1878. Ho gjekk under namnet Torbjørg-Anna.
s186 Ola Olason «Thue» (1729–1763), tambur, & 1755 Kari Larsdtr «Feidje» (1729) var husmannsfolk i Hagen ved Seimsøyri. Tambur Ola Olason «Seimsøyri» stod fremst på kyrkjegolvet ved konfirmasjon i 1752. Born: Ola 1755, Ranveig 1757 (v640), Lars 1759–59? og Lars 1760 (s124). Då borna vart døypte, var Ola korporal. Av borna var berre Lars i live ved skiftet etter Ola i 1764. Enkja Kari vart attgift til Vikøyri v842.
s187 Ola Olason Vikøyri v836 (1806) & 1847 Ingeleiv Mikkeldtr Hamarsnes (1815–1852) frå Fjærland fekk: Ola 1848–49, Ola 1852–52 (død i Fjærland). Dei gifte seg i Balestrand, men busette seg på Vetleøyri. Det var fire Ola Olason fødde på Øyri 1806–1807, men vi trur den rette er Vikøyri v836. I 1852 flytta Ola og Ingeleiv til Fjærland. Dei var då alvorleg sjuke.
s188 Ola Olason Vikøyri v732 (1807–1864) & 1829 Brita Oladtr Vetleøyri s154 (1789–1847) budde på Vetleøyri og fekk Ola 1832–32. Ola vart attgift 1854 med enkja Ingeborg Oladtr (Balvoll) Vetleøyri s090 (1814–1889), fødd i Sogndal. Ingeborg fekk fattighjelp i mange år, men var for det meste arbeidsfør.
s190 Ola Person Finnen (1782–1849) frå plass under lnr 52 & Brita Jensdtr (Føli) Seimsøyri s086 (1774) fekk: Sigrid 1806, Ingebrigt 1809 (konfirmert 1824), Per 1812–28. Brita var tenestejente på Åse-Arnafjord i 1801. Ho hadde då med seg Jens 1798 (v434) som ho hadde fått med Hermund Ingebrigtson Skjørvo (1769–1838) frå lnr 111. Sigrid vart fødd i Finnen. Vigsla er ikkje innført i den mangelfulle kyrkjeboka omkring 1804. Det var syskenbyte ved at Tolleif Person gifte seg med Lussi Jensdtr. Dei var på plassen i Finnen. Ola hadde stove med eldhus og ei sengebu. Sigrid Oladtr Vetleøyri (1806–1872) fekk Ingebrigt 1835 (v368) med Lars Hansson Vikøyri v213, v606. Sigrid budde i 1865 på Vetleøyri, truleg i huset etter faren.
s192 Ola Sjurson Vikøyri v920 (1818–1892), fiskar og grisehandlar, & 1846 Kari Hansdtr Føli (1807–1892) frå lnr 21 fekk på Vetleøyri: Sjurina 1844 (v756), Hans 1847, Ragnhild 1849 (v578), Hans 1851. Kari hadde òg Sigvor 1835 (v404) og Hansina 1839–41 med Ola Arneson Øvre Hove (1811) frå lnr 74. Ola Sjurson var ei tid i Nord-Noreg. Ola hadde i fattigprotokollen tilnamna «Tollef-Ole» og «Tjok». Det første kom av at far til mor hans heitte Tolleif. I 1883 fekk han støtte til kjøp av båt. I 1890 fekk han støtte fordi Kari hadde vore sengjeliggjande i nærpå eitt år.
s194 Ola Torson Åse (1787–1856) frå plass under lnr 48 & 1820 Gunhild Arnedtr Dyrdal (1792) frå Aurland fekk: Brita 1821, Arne 1824 (plass Dale, USA). Ola vart attgift 1825 med Marta Hansdtr Brekkehagen (1794–1883). Born: Tor 1826 (s220, USA), Marta 1831 (s016, USA), Gunhild 1834 (til Vossestrand). Ola eigde ei stove i 1846. Ola var skreddar, for kona vart kalla «SkreddarMarta». Ho fekk fattigstønad frå 1870. Marta 1831 fekk i 1883 stønad for å pleia mora. Brita 1821 gifte seg 1845 med husmannsson Ola Eilifson Turvoll (1817–). Dei reiste til USA same året.
s196 Olav Jonson Vikøren (1909) frå bnr 1/54 i Røysane-Sæbø & 1930 Brita Jondtr Grønsberg (1909–1983) frå lnr 15k Tenål: sjå bnr 1/65 under bnr 1/35 på Vetleøyri. Huslyden tok namnet Thune.
s198 Per Botolvson «Turvoll» (1704–1754) & 1732 Kari Johannesdtr (1703–1767) hadde borna: Botolv 1732–32, Botolv 1736–36 («som hastig og uformodentlig fantes død hos moderen i sengen»), Gjertrud 1737–40, Ola 1739, Botolv 1741–41. Far til Per kan ha vore Botolv Olason som var tenar på Fosse i 1701 og var då 22 år. Deretter kan han ha vore husmann på Turvoll. Då fleire av ungane til Per vart fødde, var adressa Seim, noko som her er tolka til Seimsøyri. I 1763 var enkja Kari Johannesdtr legdeslem og «forarmet». Ola Person (1739–1779) fekk med stadnamnet Turvoll sonen Elling/Ellend 1761 (v212) med Gyrid Ellingdtr Føli (1742–1766) frå lnr 22. Gyrid var i Refsdal då ungen vart døypt. Dei gifte seg i 1771. Då var tenaradressa hans Orvedal. Ola var tenar i Bø i 1763. Han drukna.
s200 Ragnvald Nilsson Vikøyri v708 (1903–1968) & 1934 Tora Sofie Torkjelldtr Lilleøren s226 (1902–1993) budde på Vetleøyri: sjå hus nr 96.
s202 Severin Olason Vetleøyri s176 (1881–1966) & 1903 Sofie Nilsdtr Fuglsbø (1875–1951): sjå bnr 1/99, hus nr 109.
s204 Simon Monsson Juvik (1754–1829) frå plassen Hagen & 1787 Kari Andersdtr Bruavoll (1753–1818) budde på Seimsøyri i 1801 og hadde då ikkje born.
s206 Sjur Kolbeinson Menes (1836) & 1860 Ingrid Oladtr Homrane (1831), båe frå Balestrand, budde frå ca 1864 på Vetleøyri i ei lemstove med kokeomn. Stova var kjøpt frå Eirik Jakobson s038. Sjur var skreddar i 1865, seinare jekteførar. Born: Brita 1860, Ola 1863 (USA 1883), Kristi 1866–66, Kristina 1868 (USA 1883), Johannes 1871 (USA 1888). Ingrid hadde òg Anna 1855 med Martin Lasseson Nokken. I 1865 var den ti år gamle jenta alt blitt tenestejente på Vikøyri. Anna 1855 reiste til Amerika 1878 og Sjur og Ingrid i 1890. Sjur hadde tidlegare selt huset sitt, hus nr 103, til Andreas Hansson Kvamme s028 og kjøpte hus nr 99 etter Ola Mikkelson Vetleøyri s180. Det siste vart kjøpt av Kari Jondtr Vetleøyri s102 då Sjur reiste til Amerika.
s208 Sjur Sjurson Hopperstad (1802–1850) frå lnr 117 & 1827 Sigrid Andersdtr Vetleøyri s018 (1799) fekk borna: Anders 1827–27, Marta 1829–56, Per 1831, Gjørond 1833 (v560), Anders 1839 (v088). Sjur hadde òg Ingeborg 1821 med Ingeborg Larsdtr Indreli (1798–1889) i Flåm sokn i Aurland.
s210 Steffen Hansson Svardal (1853–1933) frå plass under lnr 10 & Gjertrud Hansdtr Vetleøyri s060 (1852–1939): sjå hus nr 102.
s212 Styrk Johannesson Kinni (1783–1851) frå lnr 56 & 1819 Brita Lassedtr «Fjærestad» (1788–1856) hadde i 1846 stove, sengebu og naust. Dei hadde neppe born. Styrk var soldat på Austlandet i 1809. Fjærestad må vera tenaradresse. Vi finn ikkje Brita i folketeljinga for Vik i 1801. Ho kom på legd i 1855. Oppgitt alder ved død var 90 år. Det var uvanleg langt frå det rette.
s214 Synneva Lassedtr Vetleøyri s130 (1862) fekk Lars 1886 med Hermund Ingebrigtson Refsdal (1859) frå lnr 59. Synneva reiste til USA med sonen i 1893.
s216 Tollak Sjurson Vetleøyri v918 (1761–1828) & 1788 Ingeborg Jondtr Vikøyri (1742–1823) frå v494 hadde neppe born. I 1801 hadde dei hjå seg Ola 1788 (v778), ein halvsysterson til Ingeborg.
s218 Tor Antonson Lidal (1735–1807) frå Fjærland, handelskar på Seimsøyri, & 1756 Marta Ellenddtr Tryti (1730) frå lnr 108 fekk: Anton 1756 (Lindås i Hordaland), Elling (Noranger, Lindås), Marta 1759–1840 (v660), Kari 1765 (v802), Brita 1773. Tor vart attgift før 1801 med Mette Sjurdtr (1753). Ho var kanskje frå Aurland. Ho døydde truleg mellom 1801 og 1815.
s220 Tor Olason Vetleøyri s194 (1831–1887) & 1854 Eli Oladtr Tenål (1814) frå lnr 18 fekk på Vetleøyri: Marta 1852, Ola 1854. Huslyden reiste til Amerika 1862.
s222 Torbjørn Olason «Tenål» (1720) & 1752 Kristi Andersdtr Ytre Tennefoss (1720) frå Kvamsøy sokn fekk: Guri 1752, Anders, Ola, Ingebrigt 1762–63. Torbjørn vart attgift 1768 med Marta Sørendtr «Seimsøyri» (1733–1770) og 1790 med enkja Ingeleiv Oladtr Vikøyri v678 (1732–1812). Marta var neppe frå Vik. Ved død vart ho innførd i kyrkjeboka som «Sjurdtr».
s224 Torkjell Amundson Lidal (1776–1841) & 1804 Gyrid Kjelldtr Bøyum (1777–1836), båe frå Fjærland, var busette på Seimsøyri. Born: Hans 1805 (v304), Frik 1806 (s044), Kjell 1808, Sjovat 1812–12, Brita 1813 (s074), Brita 1817, Amund 1821 (v018). Torkjell vart attgift 1839 med Anna Hansdtr Henjum (1787–1852) frå Leikanger. Ved konfirmasjon av Hans i 1822 står det: «Ringe siæle-evner, yderst vandkundig og forsømt». Broren Frik vart konfirmert same år, og her var karakteren: «Rosverdig kundskab og flid». «Henjasand-Anna» fekk fattighjelp frå 1846, kanskje også før. Brita Torkjelldtr Vikøyri (1817–1899) var ugift. Ho fekk 1861 «budeiepremie» for 24 års teneste på Åse. Men nokon sikring for ein god alderdom var ikkje dette, for «pigen Tørkel-Brita» fekk fattighjelp frå 1894 som arbeidsfør fattig. Systera Brita 1813–94, som var enkje, gjekk det enno verre med. I 1891 fekk ho plass på ei ledig legd, men året etter var ho svært sjuk og vart sett bort til forpleiing.
s226 Torkjell Halvarson Trædal (1861–1919) & 1883 Sigrid Kjelldtr Vetleøyri v560 (1862–1925): sjå hus nr 96.
s228 Øystein Olason Vetleøyri s182 (1806–1883) & 1839 Sigrid Jakobdtr Wulff v426 (1804–1871) fekk: Jakob Petter Bartolomæi Wulff 1842 (s084, USA). Øystein hadde i 1846 stovehus og fjøs. Ved død var han fattiglem og rekna som sinnsjuk.