Var Balvoll før ca 1550 ein del av Bø?
Bruk under Hopperstad
Balvoll er ein liten gard som frå sist på 1800-talet var på ca 23 dekar dyrka jord. Balvoll finn du på Bøadalen, ca 200 m over havet. Når du køyrer riksveg 13 frå Vik, ligg garden på høgre hand, 4–5 km frå Vikøyri. Balvoll må vere eit gamal namn. «Bal» kan gå tilbake til det same ordet som for garden Bale i Balestrand: «bali». Det tyder: jamt opphøga lende eller voll langs ei strand. Men ordet vart også brukt om holmar og skjer langt til havs. Dersom dette er rett, må ordet vise til alle dei avrunda bergknausane på Balvoll. Ei annan tyding (oppsett av Synnøva Holstad Smedsdal) er «bqllr»: rundt lekam (ball). Det måtte også vise til dei avrunda haugane.
Første gong Balvoll-namnet er nemnt i kyrkjebøkene for Vik er 13. mars 1764. Då vart «Ingebrigt Halvorsøn Balvold» døypt. Seinare er namnet skrive: Baldvold, Balevolden, Bahlvold, Balevold, Balvolden, Balvold og Balvoll.
Balvoll vart skilt ut frå eit Hopperstadbruk. Skylda frå 1723 på det som i «Gards- og ættesoge for Vik i Sogn» er lnr 115+116 Hopperstad var 2,33 laupar. (Ein laupar tilsvarar i dag ein nokså stor vestlandsgard). Gardbrukaren på bruket på Hopperstad vart i lang tid vekselvis Ola og Arne. Frådelinga skjedde etter at Halvar var blitt tildelt Balvoll i skifta etter foreldra: Arne og Kari Hopperstad. Skifta er bokførde 13.08.1740 (etter mora) og 01.10.1748 (etter faren). Då faren døydde i 1748 var Halvar berre 21 år. Den frådelte delen Balvoll vart skyldsett til 0,25 laupar. Ved overgang til løpenummer i 1838 fekk Balvoll lnr 116 Hopperstad. Ny skyld var 0,42 spd.
«Aodne-Ola-garden» på Hopperstad (lnr 115) vart seinare oppdelt og vart borte frå matrikkelen.
Teig av Bø?
Jamvel om Balvoll var frådelt eit Hopperstadbruk, og framleis ligg under Hopperstad i matrikkelen, trur eg likevel at Balvoll først på 1500-talet var ein del av Bø. Påstanden byggjer på at den rike sjølveigaren Olav Arneson Bø hadde ein son Arne som kom til Hopperstad og han fekk med seg eige i Bø. Om lag halvparten av denne gardseiga kan ha vore Balvoll. Ola Arneson Bø var i 1563, nest etter adelsmannen Ingebrigt Tenål, den rikaste bonden i bygda. Han eigde ca 8,0 laupar i gardsbruk, av det 3,6 laupar i Bø. Sonen Arne vart bonde på Hopperstad. Etter mitt syn fekk han med seg tre innmarkstykke i Bø. Dei har eg merka ut med grove strek som grenser i figur 1 på utskifingskart ca 1862.
Det eine er Balvoll, den andre er ein langstrekt teig vest for Bøagroi, og den tredje er ein åker i eit åkerområde søraust for Bøatunet.
I ei skøyte frå 1558 går det fram at Olav makeskifta med høvedsmann på Bergenhus mellom anna grunneige han hadde på Bryggja i Bergen med eit lakseverpe i elva Vikja. Også denne eiga vart overført sonen Arne Hopperstad.
I 1655 brukte unge Hermund Jonson Hopperstad 0,5 laupar i Bø og Arne Hopperstad også 0,5 laupar i Bø. Dette var truleg gamal landskyld som ikkje var nedskriven etter øydetida og som i skattematrikkel seinare kom inn med ca halvparten av gamal landskyld. Vi må tru at båe var etterkommarar av Arne og at gardseiga i Bø no var delt mellom to gardsbruk på Hopperstad. I «Gards- og ættesoge for Vik i Sogn» har eg ført opp Arne Hopperstad under lnr 115+116 og Hermund Jonson under lnr 123. Balvoll vart altså skøytt til Halvar Arneson Hopperstad etter arveoppgjer i 1740 og 1748. Deretter vart Balvoll busett. Under storutskiftinga 1861–1865 vart det store langstrekte innmarkstykket selt frå lnr 122 Hopperstad til to bønder i Bø. Verdien vart sett til 0,50 spd (tilsvara 0,2 laupar). For at dette skal vere same teigen som unge Hermund Jonson Hopperstad hadde i 1655, må vi finne ei rimeleg forklaring på at stykket har blitt overført frå lnr 123 til lnr 122. Den er: Helge Ivarson (1663–1730) på lnr 123 var soneson til Hermund Jonson. Då han døydde hadde han ei sjølveige på 1,56 laupar. Denne sjølveiga vart delt mellom enkja og to døtrer. Helge Ivarson hadde i 1734 selt eiga i lakseverpet i Vikja til Hermund Sæbø. Vi kan difor tenkje oss at han, eller enkja Gjørond Johannesdtr (1660–1743), har selt eiga i Bø til Paul Sjurson Hopperstad på lnr 122.
Åkerstykket i Bø som kom under Hopperstad på 1500-talet vart truleg med då Halvar Arneson vart eigar av Balvoll. Vi veit at Ingebrigt Balvoll makeskifta denne åkeren til lensmann Årestrup mot stølsrett på Målsete.
Av figur 1 ser vi at Tryti før utskiftinga hadde ein liten faståker inn i området på Balvoll i sør. Det er rimeleg å tru at dette hadde vore ein åker som hadde blitt selt til trytis-bruket. Slike småsal var ikkje uvanleg når bønder var i pengeknipe.
Av originalkartet for figur 1 ser eg at det var mange og svært uregelmessige åkrar på Balvoll. Det tyder på at jordarbeidinga vart utført med spade eller hakke. Den største åkeren låg mot grensa til Tryti nær husa. Far fortalde etter bestefar at dette skal ha vore ein svært god kornåker i gamal tid.
Ein mørk flekk på kartet er truleg ein blekkflekk. Av grunnkartet ser eg at her låg to små åkerflekker inntil kvarande.
På kartet er det uklart kva som var vegar. Det var kanskje veg frå gardstunet til ein veg som på denne tida gjekk frå det punktet der Teigagroi og Bøagroi møtest i merket mot Balvoll og så langs austsida av Bøagroi og til Bøatunet Men det kan ha vore ein noko svingete veg til Balvoll om lag der «Simovegen» kom seinare (sjå figur 4). På denne tida var det tverrveg til Bø på same stad som i dag (fig. 4). Men frå Bømerket gjekk han til austsida av Bøatunet. Vegen delte av det viktige åkerområdet Sveiggja frå resten av Bø.
I Gulatingslova står det at eigedomane skulle vere steint og reint. Det står for merkjesteinar og reiner. Ein stor del av grensa mellom Sveiggja i Bø og Trytis-eige er ei reine. Denne reina held fram også mellom Balvoll og Tryti lengst i sør. Den «selde» åkeren til Tryti ligg oppe på terrassen. Det styrkje påstanden om at Balvoll vart frådelt Bø. Grensa mot Midlang i sørvest kan ha vore bestemt av reiner, ikkje bergknausar.
Dersom du aksepterer at Balvoll opphavleg var ein del av Bø, aksepterer du også at vi balvollingar har gener som går tilbake til Olav Arneson Bø. Han var truleg gift inn i Tenåladelen. Vi har såleis litt blått blod i årane.
Det er svært lite sannsynleg at det hadde budd nokon på Balvoll før Ingebrigt og Brita kom dit i 1763–64.
Tilkjøp på 1800-talet
I 1852 kjøpte Johannes Anfinson Brekke lnr 105c av Tryti. Det var ein nokså samansett del av Trytisbruket, og i 1870 vart hamnerettar over utgarden for Trytisteigane mellom Fjærestad og Rosheim selt til Balvoll. Far meinte at ein teig på
Småbruket lnr 105b Vomb var opphavleg skilt ut frå lnr 88 Brekke. I 1857 I 1740 vart eit storbruk på Tryti delt.
Dei to delbruka fekk seinare lnr 105 og lnr 106. Delinga skjedde på vanleg måte ved at mest alle teigar vart delte. For trytiseiga sør og aust for Balvoll fekk lnr «Stykkje» kom frå «Anfinngarden». Dersom dette er rett, er lnr 106d 0,08 spd ei blanding av jord- og hamnerettar.
Småbruket lnr 105b Vomb var opphavleg skilt ut frå lnr 88 Brekke. I 1857 vart Vomb selt i samband med utvandring, og då fekk Ingebrigt Balvoll kjøpt ein del av eigedomen, eit marka- og lia-stykke, lnr 105e 0,12 spd. Dermed fekk Balvoll inngjerda beite og markaslått i Innleigdi og stølsgarden i Kolgrov og vedaskog både i dei inngjerda stykka og i lia. Far hevda at med i dette kjøpet var beiterett for hest og gris i Brekkelii, men om dette var skrivne rettar, tvilar eg på. Denne eiga fekk i den nye matrikkelen bnr 37/3 med skyld 0,13 mark.
I 1740 vart eit storbruk på Tryti delt. Dei to delbruka fekk seinare lnr 105 og lnr 106. Delinga skjedde på vanleg måte ved at mest alle teigar vart delte. For trytiseiga sør og aust for Balvoll fekk lnr 105 jorda som var nærast Balvoll. Oppdelinga i to parsellar ser vi òg av kartet frå 1862. Teigane omfatta også det vi kalla «Stykkje», dvs jord som låg på sørsida av vegen til Midlang.
Ingebrigt Balvoll fekk i 1860 kjøpt jord under lnr 106 i vest, og det vart lnr 106b 0,08 spd. Jord frå lnr 105 kom under Balvoll i 1870. Det var saman med hamnerettar lnr 105d 0,08 spd. Desse parsellane er difor ikkje med på kartet i figur 2. Vi ser der staden der Bøadalsvegen kryssar elva Hopra. Derfrå er det stipla ein veg i retning Midlang. Etter utskiftinga må det ha skjedd eit makeskifte, slik at ein rett «Simoveg» vart grense mellom «Stykkje» og Tryti.
I den nye matrikkelen i 1886 vart lnr 105d og lnr 106b inkludert i bnr 39/7 Balvoll med ny skyld 1,13 mark.
Enkja Barbra Balvoll (1836–1920) sette opp eit lite kårhus i nordaustlege hjørne av «Stykkje» i 1888. Det var på grunn som låg på det tilkjøpte stykket lnr 106b. Men då ho reiste til USA i 1893 selde ho huset til Ivar Olason Brennene. Eigedomen vart matrikulert som bnr 34/15 Brustad 0,02 mark. Ivar fekk dessutan kjøpt til litt meir jord som låg inntil og som fekk bnr 34/14 0,03 mark. Dette siste stykket kom litt seinare tilbake til Balvoll. Då vi var born, låg dette vesle området i eng.
Under lnr 105 Tryti var det på 1800-talet ein husmannsplass som låg på jord som deretter kom under Balvoll. Denne husmannsstova er med på kartet i 1862. Ho er innteika i figur 4. Men denne plassen låg i 1816 under lnr 108. Det gjev grunn til å tru at plassen vart kjøpt av Ingebrigt Balvoll utan at det kom med i matrikkelen
Før bestefar bygde i 1924 må eit ca 20 m breidt stykke nedanfor reina ha blitt makeskifta til Balvoll.
Utmarksrettar
Etter at Balvoll vart frådelt Hopperstad vart det strid om beiterett i Nyastølli. Balvoll vann fram i rettsaka, men då det ikkje var lov å setje opp heimesel i fellesbeite, hadde ikkje Balvoll nokon stad å setje opp sel, slik at beiterett for mjølkekyr ikkje kunne utnyttast.
Ein annan rett som også må ha lege under Hopperstad, var skogateig. Far fortalde oss at vi eigde heile Liabakken, men det var nok langt frå sant. Det rette var nok ein skogateig på nedsida av Liabakken. Der hadde Balvoll sikkert hogge ved tidlegare, men det var nok slutt før far voks opp.
Ingebrigt Balvoll kjøpte altså hamnerettar frå lnr 105 over Trytisteigane mellom Fjærestad og Roshein. Men heller ikkje her hadde Balvoll nokon stad å setje opp sel. Det vart ordna ved at Balvoll leigde stølsgard på Rosheim og sette opp sel der i utgarden. Dette selet stod til nedfalls då vi var born. Eg hugsar det var avispapir på veggene. Det var ein vanleg måte for å skaffe seg tilleggsisolasjon av sela.
Nærrebøen på Tistel:
sjå «C. Tredje ætteledd».