Vikjer i Bergen i 1875, del 2

Første del av denne artikkel stod i Pridlao nr 1 2014, side 46–52 (som no kan lesast her i denne digitale gardssoga). Først var det der ei innføring. Den kan det vera nyttig å lesa på nytt. Personane var fødde i dåverande Vik herad og budde i Bergen ved folketeljinga sist på året 1875. I første del var det med 48 personar. Som i første del er det her gitt eit oversyn i tabell. Personane nummerert frå 049 til 103, og namn og personopplysingar i 1875 er skrivne som i den digitaliserte teljinga. På høgre side i tabellen er sett inn opplysingar om desse personane i «gards- og ættesoge for Vik i Sogn».

I drøftinga nedanfor er også med mange andre personnamn. Dei er henta frå kjelder for Bergen, og dei fleste stader er dei skrivne som i dei digitaliserte eller skanna kjeldene.

Problem med namnetolking er drøfta i første del. Her vil eg berre framheva at på denne tida vart ikkje etternamn sett på som slektsnamn, men som namn på staden der personen budde. Gardsnamn, og andre stadnamn, vart difor vanlegvis borte etter at personen flytta til Bergen.

Eg gjer merksam på at nummereringa følgjer rekkjefylgja i teljinga. Grunnen er at dermed vil personar som står nær kvarandre på lista ofte også ha budd nær kvarandre i byen.

Personane på lista (sjå tabellar nedst på sida)

Nr 049–050 Husmannsson Ola Markusson Vange (1821–1895) gifte seg 1845 med Synneva Anfindtr Vikøyri (1815–1879). Dei busette seg på ein plass i Sæbø, sjå gardssoga, Husmannsplassar utanom Røysane, plass 4. I 1856 flytta familien til Bergen. I teljinga i 1865 finn vi på ein stad i Bergen: Ole og Sønneva (nr 049 og nr 050) og borna: Erik 1848 (nr 051), Ragnelle 1852 (nr 052), Ole 1855 (nr 053) og Karen Johane (fødd i Bergen i 1858 med namnet Karen Johanne Sophie). To søner var då flytta ut: nr 026 Anfin 1844 var med i første del av denne artikkelen og Markus 1846 er nr 096. I 1885 budde «logerende» arbeidsmann Ole Marcusen åleine på Torvet 13. Då han døydde var han på Arbeidsanstalten, der svært mange av dei fattige kom til slutt. I tillegg til denne Vange-familien var det også ein Orvedal-familie i Bergen og som flytta til byen omlag på same tid, sjå nr 094. Det skapar namneproblem når Olsen vart brukt som etternamn for borna for dei båe. Det var såleis Anfin i båe familiar. Men «Atffen» Olsen, 22 år i 1865-teljinga, var truleg nr 026 Anfin Vange, for karen var tenestedreng hjå ein vognmann, og det var yrket til Anfin Vange i 1875. Nr 090 Anfin Olsen [Orvedal] tok førenamnet Anthon (Anton).

Nr 051 Eirik Olason [Vange] (1848–1883) er truleg «Erik Olsen Vigøren», køyredreng, som døydde på sjukehus i Bergen i 1883. I kyrkjeboka skulle då fødselsår, – månad og –dag førast inn. Men for mange gravlagde i Bergen på denne tida er berre fødselsår ført inn. For Eirik står det «35». For at dette skal vera «vår» Eirik, må dette vera alder og ikkje fødselsåret 1835. Eirik var ikkje frå Vikøyri. Men fødestad er ikkje utfylt, slik at «Vigøren» her kan ha tydinga Vik. Som køyredreng kan han ha arbeidd for broren Anfin 1844.

Nr 052 Ragnhild Oladtr [Vange] (1852–) blir borte for oss etter 1875.

Nr 053 «Ole Olsen» [Vange] (1855–), murar, gifte seg 1881 med «Nikoline Oline Andrine Gjestd.» (1859–) frå Bergen. I 1885 budde paret i Grønnevoldsgate 2, utan born. Der var det svært mange leigetakarar. Deretter blir dei borte.

Nr 054 Rognald Halvarson Limmesand (1815–1891) gifte seg i Bergen i 1853 med Ingeborg Rasmusdtr Bekken, 36 år, frå Lavik. Dei fekk: Henrikke Marie 1854, Karl Ludvig 1857, Johan Severin 1861. I dei første åra var Rognald sjøfarande, så matros og fyrbøtar. I 1865 var han daglønar, i 1875 steinarbeidar. I 1875 var sonen Karl Ludvig boktrykkjarlærling. I 1885 budde Rognald og Ingeborg utan born i Kong Oscarsgt 47 og Rognald var arbeidsmann på gassverket. Rognald Halvorsen, maskinist, gift, døydde i Haukelandssmuget 4.

Nr 055 Oline Liljedahl (1842–1916) var i 1875 gift med Peder Rasmussen (1849–), daglønar frå Gloppen. Dei fekk to born i Bergen: Apollonius Liljedal 1874 og Berte Kristine 1877. I 1877 vart Peder kalla matros, i 1885 køyrar. I 1885 var adressa Kong Oscarsgate 34, i 1900 Lille Øvregate 9. I 1900 budde sonen «Appolonius» saman med foreldra og var postassistent. Ved teljinga i 1910 var enkja Oline Rasmussen busett hjå broren Ola Liljedahl i Kålhagen (Heimdal) i Vik. Det er ikkje kome med i gards- og ættesoga. «Vognmands hustru Oline Rasmussen f. Liljedahl», døydde i Vik.

Nr 056–057. Dette er Ingebrigt og Gjøa Vikøyri (v368 i gards- og ættesoga) som flytta til Bergen i 1873. Ved teljinga i 1875 hadde dei med seg Lasse 1853 (nr 058) og Anna 1862 (nr 059). I 1885 var «Ingebrigt Larsen Wigøren» båtsmann på Hornelen. Han og Gjøa budde då i Nicolaykirkealmending 5. I 1910 budde «Ingebrigt Larsen Vik» og Gjøa på ein kvist i Komediebakken 6. Det var i eit forhus, der også dottera Anna (nr 059) budde.

Nr 058 Lasse 1853, son til Gjøa, ser vi ikkje meir til.

Nr 059 «Anna Larsen Vik» gifte seg 1883 i Bergen med korporal Hermund Ingebrigtsen Solvi (1857–) frå Hafslo. I 1875 var han skreddar i Hafslo. I 1883 må han ha vore i pliktig militærteneste. Yrket var seinare skreddar. Born: Kristian Georg 1883, Ingrid Amanda 1885, Leonard 1887, Herman August 1889. I 1885 budde huslyden på same stad som Ingebrigt og Gjøa. Vi finn dei ikkje i teljinga i 1900. I 1910 finn vi Anna og Hermund i Komediebakken 6 med borna: Ingrid 1885 (i kolonialbutikk), Leonard 1887 (fyrbøtar) og Herman 1889 (i mekanisk verkstad).

Nr 060–061 er Rognald Sørensen og Gjertrud Amunddtr Vikøyri. Rognald 1838 er feil person i gards- og ættesoga. Dette er ikkje Rognald «Vigen» frå Indre Holmedal, men Rognald 20.06.38 frå garden Frøysland i Førde. Foreldra hans var Pernille Larsdtr og Søren Johannesson. Rognald og Gjertrud Sørensen flytta truleg frå Vik til Bergen ca 1870. Born: Anna 1864 (nr 063), Søren Andreas 1867 (nr 062), Hansina 1869 (064), Anne Pernille 1873 (fødd i Laksevåg) og Ragnhilde Gjertrud 1876. Rognald var i 1875 matros. I 1885 budde familien i Ole Eidegade 9. «Ragnald Sørensen» «arbeider hvorsomhelst» og kona var «Gjertrud Amundsøn!» Borna som var heime i 1885 var: Hansine 1870, Pernille 1874 og Gjertine 1875. «Gertrud Sørensen f. Aamundsdtr» døydde i Bergen 1887 som almisselem. Enkjemann og arbeidar Rognald Sørensen frå Førde gifte seg på nytt i 1890 med Sofie Mathea Thomasdtr (1853–) frå Hyllestad. I 1910 var paret i Fredriksbergsmuget 5b og Rognald arbeidde i Silde- og fiskematbutikk.

Nr 062 «Andreas Sørensen» (1867–). Under namnet «Andreas Rognaldsen» hadde Søren Andreas i teljingsåret 1900 familie i Claus Fastingsgade 25 med hustru Gurine 1860 frå Hyllestad. Han var då skreddarmeister og mellombels i Oslo. Born: Ragnhild 1891, Leif 1894, Agnes 1896, Hjørdis 1899. I 1910 var «Søren Andreas Ragnaldsen» med huslyd i Oslo og han var skreddarmeister hjå Herm. Mehren.

Nr 063 «Anne Sørensen» (1864–1892) finn vi ikkje i 1885-teljinga. Ho døydde som ugift tenestejente i Mollesmuget 2. Dette er truleg rett person, sjølv om Ytre Holmedal er gitt opp som fødestad.

Nr 064 «Hansine Sørensen» gifte seg 1890 i Bergen med fyrbøtar Ole Olsen frå Hafslo, fødd 1862. Ho reiste til USA i 1893, og det er skrive at mannen var i Amerika frå før. Det som ikkje stemmer er at ho då vart kalla «verksarbeiders hustru».

Nr 065 Johanna Jensdtr Øvre Hove (1816–1900) gifte seg 1846 i Bergen med Peder Johannesson Seim (1819–1882) frå Haus. Dei fekk Johanne Marie 1847 og Johanne Marie 1852. Den første døydde nok innan 1852. I 1865 var bordarbeidar «Peder Johannessen Saim» gift med «Johane Jensd.» og dei hadde med seg dottera Johane Marie, 14 år. I 1875 vart mannen kalla bryggjearbeidar. Johanne Marie 1852 er då borte. Peder døydde på arbeidsanstalten, ein fattigheim med pliktarbeid. Som gravlagd i Bergen i året 1900 finn vi «Johanne Johannessen f. Haave» i 1816. Ho vart merkeleg nok kalla «tømmermands enke», men det må vera rett kvinne, for ho var frå Vik i Sogn.

Nr 066 I 1845 reiste 29 personar frå Nese til Dane Co., Wisconsin. Malene Torsteindtr Nese (1807–1886) var den einaste i alderen 35–45 år som var ugift. Kanskje det var grunnen til at ho kom tilbake til Noreg og gifte seg i Bergen 1850 med enkjemann Ole Jonas Andersen (1811–1891) frå Bergen. Han vart kalla dixelmand i 1875. Det var yrket også då han døydde. (Sjå om dikselmenn i første del.)

Nr 067 Anders Andersson Limmesand var i 1875 pleieson hjå sjauar Johannes Larsson Tellevig frå Hamre prestegjeld og kona Johanne Hermandsen frå Bergen. Dei fekk sjølv to døtrer, fødde i 1871 og 1873. I 1887 utvandra skomakar Anders A. Limmesand, då busett i Bergen. Kvifor han vart pleieson i 1875 hjå ein nokså fattig familie i Bergen, er uklart. Nær slekt kan det ikkje ha vore.

Nr 068 «Tollev Olsen Orvedal» var i 1865-teljinga skomakarsvein hjå skomakarmeistar Lahn. Men døypenamnet hans var Tollak. «Tollev Olsen» (1838–), skomakar, fødd i Orvedal, gifte seg 1871 med Wilhelmine Margrethe Hansen (1821–) frå Bergen. Med høg alder for brura, fekk dei sjølvsagt ikkje born. I 1885 budde Tollev Olsen og Wilhelmine i Søndre Klevesmug 5 og hadde ei pleiedotter, Laura Ottesen, fødd 1866 i Bergen. I 1900 og 1900 var bustaden den same. Ved teljinga 1900 var namna Tollef og Vilhelmine og i 1910 Tollev og Wilhelmine. Om foreldra til Tollak/Tolleiv: sjå nr 094.

Nr 069 «Ole Olsen Aarvedal» (1836–), «musketeer», gifte seg 1864 med Sophie Larsdtr (1835–) frå Luster. Born: Oluf Theodor 1864–73, Lauritz August 1865 (Ludvig August i 1875), Andrea Kristophine 1869–72, Sigvard Bernhard 1871 (Ingvard Bernhard i 1875), Andrea Oluffa 1874 (Andrea Olufa i 1875) og Elisa Sofie 1876. Ola 1836 vart kalla soldat i 1864 og 1866, musketer i 1869, deretter lausarbeidar eller daglønar. I tillegg til «sagemand» i 1875 står det «brændeskjærer». Det tyder på at han dreiv med oppkutting av ved. Ola og Sofie er også i teljingane i 1891 og 1900. Adressa var då Stølesmuget 7.

Nr 070 For Anders Johannessen i 1875-teljinga for Bergen er det to alternativ: Anders 1853 frå lnr 35 Åse-Arnafjord og Anders 1854 frå plassen Bleiehaugen under lnr 72 Hove. Dei reiste båe til Amerika frå Vik: Anders 1853 i 1877 og Anders 1854 i 1876. Teljinga 1875 for Vik er ikkje digitalisert, men Rune Lee ved Vik Lokalhistoriske Arkiv fortel at Anders Åse då var ugift skreddar på heimegarden under teljinga (budde i fjøset). Anders Bleiehaugen manglar i teljinga for Vik. Det var altså den siste som var bryggjesjauar i Bergen i 1875.

Nr 071 Ingeborg Ellingdtr frå Vikøyri [V205] var i 1875 gift med Severin A.

Martinesen, daglønar frå Bergen. Han var døypt i 1849 med namnet Severin Andreas og far hans var Martines Johan Rognaldsen. Born: Ane Maria 1874, Ingvald Severin 1878, Karoline Matilde 1880, Elisa Olotine 1884, Gunhilda 1887 og Ingolf 1891. I 1885 budde familien i Tordenskjoldsgate 21 og Severin var i arbeid hjå G. C. Rieber. I året 1900 var bustaden Ytre Markvei 14 og Severin var skinnhandlar. I 1910 var Severin bryggjearbeidar. Det var då tre born heime: Karoline 1882 (syerske), Hilda 1887 og Ingolf 1891 (snedkersvend). Familienamnet vart no skrive Martinussen.

Nr 072 Nils Lasseson (1834–). Ved teljinga i Bergen i 1865 var familienamnet Linde, i 1875 Lassesen. Nils var frå ein husmannsplass på Lønne i Kvamsøy sokn, men hadde kanskje lært smedyrket på Linde. Nils var gift med Else Johanne Madsen (1833–) frå Bergen. Før dei gifte seg fekk dei Massine Jørgine 1858 (kalla Madsine Georgine i 1865-teljinga). Andre born: Nils Johan 1860–61, Nils Johan 1862, Karl Martin 1865 (Carl Martin i 1865teljinga), Marie Elisabet Christence 1867, Elisa Larsine 1870, Carl Theodor Martin 1872, Johan Bernhard Martin 1875 og Manda Katinka 1878. I 1878 budde familien i gamle Sandviken 24–226. I teljinga 1885 finn vi Nils Lassesen f. 1833 og kona Else Lassesen f. 1834 i Sydnæshaugen 20a, men utan at borna er med. Dessutan er det sett inn at Nils var fødd i Bergen! og var daglønar. I 1900-teljinga manglar huslyden, men Nils og Else er med i 1910-teljinga. Nils arbeidde då ved ein mekanisk verkstad og dei budde i Lyder Sagesgate 12. Der var også dotter Marie 1867 med tre små born. Ho var enkje etter Lauritz Johan Jansen (1869–1894) frå Bergen.

Nr 073 Soldat «Hans Olsen Vikøren» gifte seg 1861 med Rasmine Christine Gise (Guise, Giese), fødd 1842 i Bergen. Hans var bror til nr 009 Anders Viigøren (i første del). Born: Josefine. Andrea 1862, Hans Christian 1865, Inger Oline 1868, Jacob Bartholomai 1872, Hansine Christine 1875, Hagbart Kristian Bartholemay 1878 og Betsy Endrine 1882 (Hendrine i 1900-teljinga). Ved dåp av dei første borna var etternamnet Vikøren eller Viikøren. I 1865-teljinga var etternamnet Wigøren. Då var Hans framleies soldat. Dottera Inger Oline 1868 (nr 074) var døypt i Vik og Hans vart då kalla strandsitjar. Det er sannsynleg at familien har flytta inn i stova til mor til Hans (som var enkje). Men etter at ho døydde i 1871, må dei ha flytta tilbake til Bergen. I teljinga for Bergen i 1875 vart det skrive at også borna «Jacob Bartole Vikør» og «Hanssine Vikør» hadde Vik som fødestad, men det rette er at dei vart døypte i Bergen. I 1885 var Hans bybod. Alle born vart no gjevne opp å vera fødde i Bergen! Borna er i 1885 førde inn med etternamnet Olsen. Borna Josefine 1862 og Inger 1868 var no syersker. Familien budde i Professor Dahlsgade 2. I 1900 vart «Hans Vikør» framleis bybud og namnet til kona vart skrive Rassemine. Sonen Hagbart Christian Bartolemey budde heime, men var fyrbøtar i utanriksfart, no på veg til Island. Fødestaden var «Virkøren Sogn SB!». [SB er Hordaland.] I 1910 vart Hans kalla «fiskebærer». Adressa i 1900 og 1910 var Professor Dahlsgate 7.

Nr 074 Inger Oline Hansdtr Vikøren (1868–) er ikkje påvist etter ho budde heime hjå foreldra i Bergen (nr 073) i 1885.

Nr 075 I 1875 var «Synneve Larsen f. Johannesen» (1848–1917) frå Vikøyri gift med Halvor Larsen (1846–1925) frå Herland i Hosanger. Han vart førd opp som bordarbeidar, men i 1878 registrert som borgar i Bergen med føremål å drive handel. I 1885 budde Halvor Larsen Herland og Synneve i Henrik Wergelandsgade 2 og hadde sonen Theodor 1877. Han døydde truleg liten. I 1900 var Halvor Herland bygningstømmermann og gift med «Sønneve» Herland. Dei hadde to born som vart førde opp som søner, men som hadde etternamnet Andersen og må ha vore pleiesøner: Haakon 1887 og Lars 1890. I 1910 hadde ekteparet namn som i 1900 og hadde med seg to pleieborn: Haakon 1888 og Sølvi Larsen, fødd 1998. Halvor vart i 1900 og 1910 kalla bygnings–tømmermand, ved død bygningsmand. Adresse for ekteparet ved død var som i 1885.

Nr 076 Foreldra til Endre Eirikson (1837–79) var innerstar i Tusvik i Kvamsøy sokn då Endre vart fødd. Då han vart konfirmert, var dei husmannsfolk på Tennefoss. Mora, Alis Hansdtr frå plass i Refsdal, var attgift og kom til plass 56 [i gards- og ættesoga] på Vangsnes. Endre gifte seg i Bergen 1863 med Berthe Susanne Arnedtr (1838–) frå Bergen. Endre var då skomakarsvein. Born: Allers Arent 1861, Bernt Ernst 1863, Edvard Olai 1865 (død liten), Carl Andreas 1867, Hans Arnold 1870 (død liten), Marie Marie 1872, Karoline 1872 (tvilling, døyde straks), Hans Edvard Olai 1874–75, Edvard Olai 1876. Familien budde i Lungegaarden. I 1879 vart Endre registrert som skomakar i heimstadprotokollen. Same året døydde «Endre Eriks.», busett på Kronsminde. «Berthe Eriksen, f. Arnesen 1841», «skomagesvends enke», døydde 1898 med adresse Øvre Fjeldsmug 1.

Nr 077 Johanna Marie Hermunddtr [Tenål] (1836–1901) gifte seg med Claus Olai Bertelsen, sjøfarande frå Bergen, i 1861. Då var etternamnet hennar skrive «Hermansen Tenold». Johanna 1836 var syster til nr 002 Brita 1839, og dei hadde mor som var frå Bergen, og foreldra budde dels på lnr 18 Tenål og i Bergen. I 1875 vart mannen kalla Claus Jacobsen og var «seilmager». Borna var då: Claus 1862, Hendrik 1865 og Ingval 1869. Dei budde i eit hus med mange leigebuarar, i 1885 var det Ole Eidsgade 2. Då var Claus Olai Jacobsen framleis seglmakar, men var i sjøfart. I 1865-teljinga er namneforvirringa så stor at det måtte mange ulike søk til på nettet for å finna familien: «Chlaus O Bertelsen, matros; Johanne Monsdatter! frå Bergen! og barnet Claus B! Clausen». «Johanne Jakobsen» døydde med adresse Tordenskjoldsgt 28.

Nr 078 Fredrik Meyer Tillisch (1838–) frå lnr 8 Vange vart kalla handlande i 1875, elles kjøpmann. Fredrik var bror til nr 030 Bartoline 1850. Han eigde ikkje hus, men var mesteparten av tida i Bergen i gnr 4–5, gate 24. Familien hadde i 1865 og 1875 to tenestejenter. Han gifte seg først med Aligael Elisabeth Johanne Stenersen (1836–1872) frå Elverum og 1873 med Juliane Marie Album (1842–) frå Lærdal. Born, alle fødde i Bergen: Birgit 1863, Trygve 1865, Albert Ditlev Gabriel 1868, Nanna 1875, Jan Henrik Nitter Hansen 1878. Den siste guten vart ved utvandring av familien til USA i 1883 berre kalla Henrik.

Nr 079 Carl Gustav Winsnes (1834–1910) var gift med Laura Amalie Fog (1838–1895) frå Larvik. Dei fekk 7 born. De tre første vart fødde i Lærdal 1864–68, dei tre neste i Naustdal 1869–73 og den siste, Ingolf 1877, i Bergen. Carl Gustav var kapellan i Lærdal og Naustdal før han vart prest i Mariakyrkja i 1874. I åra 1887–1907 var han domprost i Bergen. Foreldra til Carl Gustav var Hannibal Winsnes (1801–1861), prest i Vik 1827–45 og deretter i Lærdal, og hustru Helene Chatrine Kühring (1804–1894) frå Kongsberg. Hannibal og Helene gifte seg i 1827. Born: Johan 1827–28, tvillingane Sitona og Barbra 1828–28, Barbra Lovise 1829, Susane (Christine 1830, Carl Gustav 1834, Wilhelm 1836 (major), Hanne Marie 1838 og Julius Nicolai 1844.

Nr 080–081 Agronom George Wallace (1833–1894), kjøpmannsson frå Bergen, gifte seg 1856 med Sophie Birgithe Huun (1834–1908) frå Trondheim. Dei fekk i Bergen Ellen 1856 og, etter å ha kjøpt lnr 71 og lnr 73 Hove, i Vik: Inger Sophie 1858 og George 1859. I 1859 flytta huslyden tilbake til Bergen og fekk i åra 1862–79 sju born til. Nr 080 Inger Sophie Wallace (1858–) blir borte etter 1875. Nr 081 George Wallace (1859–1933) var styrmann i 1885. I 1906 gifte sjømann George Wallace seg med Marie Johanne Jespersen (1872–) frå Nordhus, Fjelberg i Sunnhordland. I 1910 hadde dei ein liten fiskeforretning ved huset dei budde i: Welhavnsgate Ib i Bergen. Dei hadde då fire born.

Nr 082 Brita 1854 var dotter til Elling Helgeson og Gjertrud Oladtr på lnr 31b Ådlane i Arnafjord sokn. Eit par andre jenter i Vik prestegjeld var aktuelle, men fødselsdag 05.08.1854 i 1910-teljinga stemmer med kyrkjeboka for denne jenta frå Arnafjord sokn. «Berte Ellingsen» gifte seg i Bergen 1880 med skreddar Jonas Severin Kaarstad (1857–) frå Bergen. Born: Hjelma 1880, Johan Martin 1881–81, Johan Martin 1882, Erling Gjertin 1883, Charlotte Johanne 1885, Benny 1887, Bjarne 1889, Karl Johan 1891, Odd 1892, Kitty 1894, Per 1895, Sjur 1897. I alt var det 11 born som levde opp. Huslyden skifta bustad fleire gonger. I 1883 kom dei til Nøstegade 40, i 1889 til Nøstegade 38. I 1892 var adressa Sydneskleven 17, i 1894 Knøsesmug 33c, og ved teljingane i 1900 og 1910 Welhavensgade 14. I 1880 hadde Jonas skifta tittel frå «Skræddersvend» til «theaterskrædder». Det siste var han òg i 1910. Ekteparet med 11 born var ein huslyd i 1900. I 1910 budde berre 7 av borna heime, men eldste sonen hadde med seg kone og tre born!

Nr 083 Øystein Hansson Vikøyri (1868–) var pasient på Lungegaardshospitalet i 1875. I tillegg til St. Jørgen og Pleiestiftelsen var dette eit hospital som tok seg av spedalske, men også andre hudsjukdomar. Ei vanleg liding var skabb, og som let seg kurere. Øystein var neppe spedalsk, for han vart gift i Vik og huslyden flytta til Austlandet i 1903. Sjå om han under Vikøyri v976 i gardssoga.

Nr 084–085 To sysken frå lnr 84 Hønsi var i 1875 på Pleiestiftelsen for spedalske i Bergen. Der var dei ikkje åleine. I alt var det 215 pasientar. Forholda på hospitalet var neppe dei beste, for i protokollen ca 1875 er det stadig innført at pasientar hadde rømt. Vi kan leggja til at det var i 1874 at legen Armauer Hansen i Bergen oppdaga at det var leprabasillen som var årsak til sjukdomen. 084 Anna Oladtr Hønsi (1823–1904) fekk eit langvarig opphald der medan nr 085 Jon Olason Hønsi (1826–1876) døydde tidleg.

Nr 086 Anna (1832–) var frå Nedre Prestteigplass på Midlang. Ho fekk i 1863 guten Elling Herman med ein spedalsk pasient på Pleiestiftelsen: Ola Ellingson Bale (1834?–) frå Balestrand. Både i 1865 og 1875 finn vi Ola som pasient på St. Jørgen. Denne flyttinga av Ola gir grunnlag for å tru at Anna arbeidde på Pleiestiftelsen då ho vart gravid. I 1865 hadde Anna teke ungen med seg tilbake til Vik. Det førte deretter til store utgifter for fattigkassen, 20 spd per år, «hvoraf hun selv udreder betaling for logie». I 1869 må Anna ha vore påviseleg spedalsk, for då står det i fattigprotokollen at ho «anbefales til indsendelse på sygehuset». I 1872 er det skrive at Anna var reist åleine til Bergen og at fattigvesenet hadde teke over ansvaret for guten. Han vart utplassert på Vikøyri for 12 spd per år. Anna var frå 04.03.72 til 03.09.86 pasient på Pleiestiftelsen og var deretter på Lungegårdshospitalet, men då dette hospitalet vart nedlagt i 1895 kom ho tilbake til Pleiestiftelsen. Under namnet Anna Olsd. Præsteteigen finn vi ho der i 1900-teljinga.

Nr 087 Husmannsjenta Randi Kristendtr Hopperstad (1836–) var i 1875 i den store tenarstaben på Pleiestiftelsen. «Randine Christensdatter Hopperstad», ugift tenestejente i Bergen, reiste til Amerika i 1882.

Nr 088 Gjertrud Jondtr (1820–1886), frå husmannsplass under lnr 39 Kjelven, gifte seg i Vik i 1851 med Herman Hermansen (1822–1894) frå Bergen. Dei fekk i Grov sonen Herman 1852. Familien flytta til Bergen ca 1855. I 1865-teljinga hadde dei òg Augusta Sophie 1858, fødd i Sandvigen. Familien budde i Sandviken også i 1865. Herman 1822 var då dagarbeidar. I 1875 vart han kalla sjauar. Adressa var Sandvigen 1–5. Då Herman 1822 døydde, var han almisselem og budde i Sandvigen 23. Nr 089, sonen Herman 1852, var oppførd to gonger i 1875-teljinga: I Sandvigen saman med foreldra som «rebslagersvend», i den første innføringa som soldat i garnisonteneste. Der var der innført mange soldatar. Herman 1852 gifte seg 1885 med Joakime Tønnesdtr (1853–) frå Vanse prestegjeld i Vest–Agder. Dei fekk Hariett 1889. Vi finn paret i teljingane i 1885, 1900 og 1910. Han var ved desse teljingane lausarbeidar. Bustad var i 1900 ein kvist i Elvegaten 9b, i 1910 Edvardsensgate 9.

Nr 090 Matros Anfin Olason Orvedal (1840–) gifte seg 1869 med Mette Cathrine Clemetsen (1844–) frå Bergen. Då han ikkje fanst på vår først liste for 1875 over fødde i Vik, måtte dette granskast nøyare. Det viste seg å vera eit ektepar i Sandviken 2–26. Der står han som matros Anthon Olsen, fødd 1840 i «Sogn» og gift med Mette Olsen, fødd 1844 i Bergen. Born: Katrine 1870, Klement 1875, Anna 1875. Den to siste var tvillingar. Anfin er også med i 1875 i skipsliste for båten Pasifik. Der er han båtsmann Anton Olsen, 35 år og med Sandvigen! som fødestad. Anfin brukte namnet Anton også i teljinga 1885, men her var det rett fødestad: «Vig». Han var då «lossearbeider ved skipe». I 1910 finn vi lausarbeidar Anton Olsen (med fødestad «Aaarevdal!», Sogn!) og Mette Katrine Olsen. Dei budde på ein kvist i eit forhus til Weisenbergsmuget 11c. Sjå òg nr 094.

Nr 091 Skomakarsvein «Christen Sjursen», frå Vikøyri, fødd 06.01.32, gifte seg i Bergen 1859 med «Marie Marørethe Olsdtr», fødd 11.09.29, frå Indre Holmedal. Ved død var fødestaden for henne oppgitt å vera Sveen, noko som samsvarar med dåp i kyrkjeboka for Gaular av Maria Margretha Sveen (ein husmannsplass). Born: Sivert Martin 1857 (død liten), Sine Olufine Margrethe 1859–59, Sine Olufine Margrethe 1861, Herman Martin 1863, Christopher Marius 1866, Lorents August 1868–68, Lorents August 1870, Lovise Johndine Bertine 1873. Ved dåp av borna var det nesten kvar gong skifte av adresse i Sandvigen. I 1875 var det Sandvigen 2–29. Der var det seks huslydar. Huslyden var også med i 1865-teljinga. I 1885-teljinga budde familien i Absalon Beyers gade 17 i Bergen. Tre av borna var med: Kristofer 1866 (marmorhoggar hjå Riber),«Sorens» 1870 (fotograflærling) og Lovise 1873. Marie Margrethe Sjursen døydde 1897 med adresse Absalon Beyers gade 20, og «skomager og enkemand» Kristen Sjursen, fødd 1828!, døydde på arbeidsanstalten i 1906.

Nr 092 «Sigrid Sommer» (1832–1908) og nr 093 «Ragnhild Sjursen» var døtrer til Johannes Ingebrigtson (Balvoll) Vetleøyri. Dei budde i 1875 nær kvarandre i Sandvigen. Sigrid fekk på Vetleøyri sonen Johan 1860, som mor hennar fostra opp på Vetleøyri. I 1869 gifte Sigrid Johannesdtr (1832–1908) seg i Bergen med «rebslagerdreng» Ernst Sommer (1847–) frå Bergen. Born: Ankje Margrethe 1868, Ingeborg Oline 1871, Joakim Fredrik 1874. Borna var fødde i Sandvigen, men med ny adresse kvar gong. Ernst var då:« rebslagerdreng», arbeidar og daglønar. I 1875 var «Erents» Sommer daglønar og familien budde i 2–34a i Sandvigen. I 1885 var «Erens» framleis daglønar og huslyden budde i Bagersmuget i i Sandvigen. Det var også adressa ved teljinga i 1900, og den ugifte dottera Ankje «Margrete» budde hjå foreldra. (Men ho gifte seg 1902 med sjømann Bernhard Bendiksen frå Årstad.) Då Sigrid døydde i 1908 var adressa Ekerengate 9. Ein kvist i Ekerengate 9 var også adressa for lausarbeidar «Erent» i 1910. Han budde då åleine.

Nr 093 «Ragnhild Sjursen» (1842–1915). Under namnet «Ragnhild Johannesdatter Mitlang» var ho tenestejente i Manger då ho i 1867 gifte seg med Gregorius Sjurson Kvamme (1840–1911) frå Manger. Før det hadde dei fått Birgitte Elise 1867, døypt i Manger. I teljinga 1875 er oppgitt fødestad for denne jenta Vik i Sogn (som altså er feil). Stadnamnet «Mitlang» kjem av at foreldra ei tid var husmannsfolk på Prestteigen–Midlang. Born fødde i Bergen: Sigvarda Gerhardine 1871, Ole Johan 1872–73, Karen Bertine 1875–84, Richard Gustav 1876, Dankert 1879, Sigvald Kristoffer 1881.

Familien brukte dels etternamnet Sjursen, dels Kvamme. I 1885 budde familien i Vinkelsmuget 3 i Sandviken og som var det same som 2–34 i 1875. Gregorius var daglønar. Namnet Ragnhild vart tidlegare ofte skrive Ragnhilda, men i Bergen finn vi for denne vikjajenta også: «Ragnhelda» og «Rekkear». I 1900 var Gregorius og «Ranghilda» åleine i forhus i Edvardsensgate 33. Han vart kalla lausarbeidar. Det var han òg i 1910. Adressa var då Martin Wahlsgate 11 i Sandviken, der Gregorius døydde i 1911 og Ragnhild i 1915.vI 1910 var det 6 husvære i huset. Da budde Gregorius og Ragnhild i husvære nr 2, dottera Birgitte med mann og 10 born i nr 5 og sonen Sigvald med kone og fire born i nr 6.

Nr 094 Sigrid Tollakdtr Orvedal (1805–1884) frå lnr 51 gifte seg 1836 i Vik med Ola Olason Røysane–Sæbø (1803–97) og dei fekk: Ola 1836 (nr 069), Tollak 1838 (nr 068), Anfin 1840 (nr 090), Brita 1842 (nr 002 i første del). Familien flytta til Bergen ca 1853.

Vi ser av tabellen at Sigrid «Tollevsdatter» var enkje i 1875. Men alt i teljinga i 1865 finn vi «Seri Tollaksdatter» som enkje og fattiglem på Sandvigens fattighus. Det er uventa at ho vart førd opp i teljingane med det etternamnet (farsnamnet) ho hadde før ho gifte seg. Då ho døydde i 1884 var adressa Sandv. 2–66. Det var eit fattighus og truleg det same som var bustaden i 1865. Det har ikkje lukkast å finne Ola 1803 i dei digitaliserte kyrkjebøkene for Bergen. Ein grunn kan vera at «Ole Olsen» var eit svært vanleg namn. Men han døydde før 1865.

Nr 095 Synneva Mikkeldtr Vetleøyri (1819–1904) gifte seg 1847 i Bergen med «reebslagersvend» Ole Andreas Olsen (1821–1861) frå Sandvigen (der far hans hadde same yrket og budde på 1–68. Det vart også adressa for ekteparet). Born: Christiane 1844 (død lita), Gertine Christine 1847 (død lita), Ole Michael 1849, Birthe Oline 1852 (Berthe Oline i 1865), Nils Severin 1854, Ingebrigt Johan 1857, Anne Emilie 1859 (død lita), Olafine Andrea 1861 (Olufine Andrea i 1865). I 1865-teljinga finn vi enkja Synneve Mikkelsen med fire born i Sandvigen. I 1875 var «Søneve Olsen» dagsarbeiderske og sønene Nils Severin og Ingebrigt Johan sjømenn. Vi finn ikkje Synneva i teljingane i 1885 og 1900. Enkja «Synneve Olsen» døydde på aldersheimen Rothaugen.

Nr 096 Marcus/Markus Olsen (1846–) var gullsmeddreng i 1865, gullsmedsvein i 1869, gullsmed hjå Theodor Olsen i 1885. Han var son til Ola og Synnøve Vange (nr 050–051). Han gifte seg 1869 med Gunhilde Marie Olsen (1848–) frå Bergen. Born: Oluf Andreas 1869 (kontorist i 1885 og seinare), Sophie Magdalene 1871, Mathilde Marie 1872. Adressa i 1885 var Vestre Muralmending 21, i 1910 Nordre Rentesmug 6. I 1910 hadde han og Gunhild med seg borna Olaf Andreas og Sofie.

Nr 097 Guttorm Olsen (1843–1886) er i teljinga i 1875 ført opp med Sogndal som fødestad. Men då han gifte seg i Bergen i 1873, går det fram at var frå Vik. I gards- og ættesoga finn vi at han voks opp på Vetleøyri (s180). Både i 1873 og seinare blir han kalla skomakarsvein. Kona var Johanne Benedikte Olsen (1844–) frå Bergen. Born: Oluf 1872 (neppe døypt i Bergen), Guttorm Thistel Andreas 1874 (altså tre førenamn), Berthe Catharina 1876, Olga Christine 1880, Johan Bernhard 1882, Guttorm Andreas 1882, Olivia Marcella 1884. Legg merke til at det andre barnet fekk gardnamnet Tistel som døypenamn. Årsaka var at far til farmora var frå Tistel [Guttorm Rolandson Tistel 1774–1849]. Slike tillegg var vanleg i Vik for «fine» slektsnamn som Tuchsen, men ikkje for gardsnamn. Adressa skifta to gonger før 1882, men var deretter, og då Guttorm døydde i 1886, 22–162. Dette var i 1885 Professor Dahlsgade 2. Det var det same huset som var busett av nr 073 Hans Olason Vikøyri med familie. Ved teljinga i 1885 var Guttorm 1874 og dei to tvillingane som var fødde i 1882 borte. Dette var altså då eit ektepar med 6 born. Guttorm Olsen var almisselem då han døydde i 1886. Johanna vart attgift i Sandvigen 1892 med dikselmann og enkjemann Karl Martin Madsen (1850–1912). I 1900 budde dei to i Gørbitz gate 2 og hadde med seg Johan 1882 og Oliva 1884. Ved teljinga i 1910 budde Karl og Johanne Madsen i Søndre Almenning 2, andre etasje, i Bergen.

Nr 098 Guri Hansdtr Vikøyri (1850–1896) vart kalla Gurine i Bergen. I 1875 var ho hushjelp hjå skipsførar Johan Ziesler. Oppgitt fødestad var då ikkje Vik, men «Sogn». Ho gifte seg 1877 med Johannes Andreas «Eliasen» (1850–1940) frå Førde. Han var «snedkersvend». Det var yrket også seinare. Etternamnet vart seinare som oftast skrive Eliassen. Born: Agnes Johanne 1878, Emil Olai 1880, Gerhard Johan 1882, Hjalmar August 1884, Jenny Marie 1886, Anne Randine 1889. I åra 1882–86 var adressa 18–173f og som kanskje var identisk med «Skiven 38a» i 1889 og 1896. Seinare vart gata kalla Skivebakken. Skivebakken 38a var framleis adressa for Johannes då han døydde i 1940. I 1910 hadde han med seg dottera Jenny 1886 i husværet.

Nr 099 «Ole Olsen  Vigøren» (1835–1907) gifte seg 1861 med Berthe Dorthea Sørensen (1830–1897) frå Bergen. Born: Betsy Magdalene 1861, Christian Olay 1863, Hans Olai 1866, Berthe Marie 1868, Lorenzte Benedicte 1871, Synneve Serene 1872. I 1875 var det borna Betsy, Hans, Marie, Lorentse og Sønneve som var i live. Ola brukte seinare etternamnet Vikør eller Olsen Vikør. Ola var tømmermann, i 1900-teljinga var han tømmermann på verft. Men då «Berthe Olsen f. Sørensen» vart gravlagd, vart ho kalla «arbeidsmands hustru». I 1900, og då han døydde som enkjemann i 1907, budde han i Granesmuget 4b.

Nr 100 Georg Martin Vikøyr (1858–), ugift, var kokk på båten Diana ved teljinga for Bergen i 1875. «Georg Martin Thorsen», ugift, busett i Bergen, 25 år, emigrerte til Amerika 1884. Yrke: stuert.

Nr 101 Nils Amundson Vikøyri (1836–) melde flytting til Bergen i 1859. I folketeljinga i 1865 finn vi han som tømmermann på eit skipsverft under garden Lille Damsgård på Laksevåg. Han gifte seg i Askøy sokn 1863 med Johanne Albertine Nikoline, 23 år, frå Fjeld prestegjeld. Far hennar var Albert Johannesson. Men som etternamn var farsnamnet vanlegvis skrive Albrigt, til dømes i 1865-teljinga då Nils var oppgitt å vera gift med «Nekoline Albrigtdr», 25 år. Dei hadde då to born. I oppføringa er dei følgde av mor til Nikoline/ Nicoline, Marte Mikkeldtr., 53 år og enkje, og fleire born til Marte. Borna til Nils vart døypte i Bergen: Anne Marie 1864, Amund Andreas 1865, Larsine Albertine 1870 og Augusta Magdalena 1871. I teljinga i 1875 finn vi Nils oppførd på skipsverftet i Laksevåg, men med ein merknad om at han var reist til Guinea i VestAfrika. Det er lite truleg at Nils hadde oppdrag på båten, men at dette var målet for reisa. Resten av huslyden finn vi ikkje i denne teljinga, noko som tyder på at dei var med på båten. Nils med huslyd finn vi ikkje i teljingane i 1885 og 1900, noko som må tolkast til at dei ikkje kom tilbake til landet.

Nr 102 Carl Olsen, ugift dekksgut på båten Orion i 1875 var truleg Karl 1857 frå Vikøyri (v846 i gards- og ættesoga). Han reiste til Amerika i 1882 frå Vik og vart då kalla tenestegut.

Nr 103 Ola Olason «Hopperstad» (1820–1887). Soga om denne karen er så spesiell, at det er nødvendig med ei spesiell utgreiing. Den 29.12.1820 vart fødd uekte «Ole» av foreldre «Ole Johnsen Vigøren» og Brita Hermunddtr. Dette barnet finn vi omtalt under v334 i gards- og ættesoga. (Der er Ola 1820 feilaktig oppgitt som død i 1857.) Ola Jonson var frå Fyli, og vi finn han att i gards- og ættesoga som gift mann på Vikøyri v798. Mora Brita Hermunddtr (1782–1864) døydde på Hopperstad, og der vart truleg også sonen oppfostra sjølv om namnet vart skrive «Ole Olsen Vigøren» då han vart konfirmert 1836. Ola 1820 vart spedalsk. Ved teljinga i 1865 finn vi han på lnr 125 Hopperstad som: «Ole Olsen», 44 år, «logerende» daglønar. Den 5. juni 1874 gifte «Ole Olsen», handelskar frå Vik, seg i Bergen med Severine Nilsdtr «Volden», fødd 19.03.45. [Søk i skanna kyrkjebøker viser at far hennar var gardbrukar i Lidal, Ørstad sokn i «Volden» prestegjeld. Severine var på heimstaden ved teljinga i 1865]. Far til Ola 1820 vart, då dei gifte seg, oppgitt å vera «Ole Johnsen Hopperstad». Oppgitt fødselsdata for brudgomen var 10.12.20, og sjølv om fødselsdagen avvik med 19 dagar, kan det neppe vera tvil om at dette er «vår» Ola 1820. [Oppgåvene viser kor vanskeleg det er å søkja etter born fødde utanfor ekteskap. Ved konfirmasjon var «adressa» Vikøren, fordi det var der faren budde, og til vigsla har vel Ola 1820 fortalt at han var frå Hopperstad. Dermed sette skrivaren inn Hopperstad som etternamn for faren, noko som altså blir feil.] Ekteskapet fekk ein dårleg start, for i fattigprotokollen for Vik i 1875 vart det innført at det var kome to brev frå fattigvesenet i Bergen om Severine Nilsdtr, kona til Ola Olason Hopperstad: «Der som husvild og hjælpesløs er givet plads på Bergens Arbeidersantalt. Ordføreren oplyser at nævnte kone er ankommet Vik og at hun hidtil har været forsørget af fattigvæsenet». Det som ikkje står der er at ho hadde fått ein son i 1874 og at ungen truleg var med til Vik. Då ungen vart døypt sist på året 1874 var bustadadressa 14–21, men manglande betaling kan vera grunnen til at dei vart kasta på gata. Vi finn ikkje noko meir om Severine i fattigprotokollen for Vik. Ho reiste tilbake til Bergen og familien vart teken vare på av fattigvesenet i Bergen. I fattigmanntalet for Bergen finn vi Ola og Severine i åra 1878–86 i Ladegårdsgaden 48 med borna: Bernhard Nicolai 1874–86, Sine Oluffa 1877, Oscar Martin 1880, Sigurd 1881–82, Sigurd Antonius 1885. I 1886 var dei overflytta til eit anna hus. Severine var blitt spedalsk. I åra 1891–95 budde familien i Ladegårdsgaden 46. Severine var framleis spedalsk. «Ole Olsen Hopperstad», gift arbeidsmann, døydde på Arbeidsanstalten, fattigavdelingen i 1887. Ved teljinga i 1910 finn vi Severine Olsen busett i Absalon Beyersgate 48 i Bergen saman med dei ugifte sønene Oscar Olsen (skreddarsvein) og Sigurd Olsen (farmarbeidar). Oscar vart gitt opp som forsørgjar av mora.

----

Det følgjande er oppretting av feil i «gards- og ættesoge for Vik i Sogn» under lnr 125 Hopperstad. På lnr 125 hadde Ola Olason (1799–1869) og Gjertrud Oladtr (1803–1884) frå lnr 103 Bø tre søner med namnet Ola, fødde 1823, 1825 og 1835, den første fødd før dei gifte seg. Ola 1823 er ikkje komen med i gards- og ættesoga. Vi merkar oss at det var Ola 1825–1904 som overtok bruket. Ola 1823 vart konfirmert i 1838, men døydde truleg før 1865. (Ei vanleg årsak til at menn kom bort var at dei drukna på sjøen, og det var berre gravlagde personar som kom inn i kyrkjeboka.) Ola 1835–1908 vart ikkje konfirmert i Vik. Grunnen kan vera at han var sinnsjuk. Han var truleg heime på garden til 1891. Frå då av vart det årleg løyvd kr 56 av fattigkassen til «sindsykeforsørgelse». Han døydde som «amtsforpleiet» sinnsjuk. Ingen av dei tre brørne budde i Bergen. Men hovudgrunnen til at dette kjem med her er at i ein fotnote under lnr 125 i gards- og ættesoga er Ola 1835 forveksla med Ola 1820 som kom til Bergen (nr 103).

 

Gudmund Balvoll

 

Folketeljing i Bergen 1875:

Nr, namn, gift/ugift, år, stilling

049 Ole Marcusen Vanga g 1817 arbeidsmann
050 Synneva Anfinsdat. g 1813 hustru
051 Erik Olsen u 1850 søn, arbeidsmann
052 Ragnhild Olsen u 1853 datter, syerske
053 Ole Olsen u 1855 søn, lærling
054 Rognald Halvarsen g 1815 stenarbeider
055 Oline Rasmussen g 1842 kone
056 Ingebrigt Larsen g 1832 matros
057 Gjøa Larsen g 1830 kone (gift med Ingebrigt)
058 Lasse Larsen u 1853 søn, grubearbeider
059 Anne Larsen u 1862 datter
060 Rognald Sørensen g 1839 matros
061 Gjertrud Sørensen g 1833 kone
062 Andreas Sørensen u 1867 søn
063 Anne Sørensen u 1863 datter
064 Hansine Sørensen u 1869 datter
065 Johanne Johannessen g 1821 kone
066 Malene Andersen g 1807 kone
067 Anders Andersen   1862 pleiesøn
068 Tolleiv Olsen g 1838 skomagersven
069 Ole Olsen g 1835 sagemand
070 Anders Johannesen u 1853 bryggesjauer
071 Ingeborg Martinesen g 1850 hustru
072 Nils Lassesen g 1834 smedsven
073 Hans Olsen Vikør g 1836 daglønner
074 Inger Oline Vikør u 1867 forsørges af faderen
075 Synneve Larsen f. Johannesen g 1847 hustrue
076 Endre Erichsen g 1836 skomagersven
077 Johanne Jacobsen g 1833 hustrue
078 Fredrik Meyer Tillisch g 1834 handlende
079 Carl Gustav Winsnes g 1834 soknepræst
080 Inger Sophie Wallace u 1858 datter
081 George Wallace u 1859 søn
082 Berthe Ellingsen u 1854 tjenestepige
083 Østen Hansen Wikøren u 1869 pattient
084 Anna Hønsi u 1824 hospitalslem (Pleiestiftelsen)
085 John Hønsi u 1825 hospitalslem (Pleiestiftelsen)
086 Anna Pæsteteigen u 1833 hospitalslem (Pleiestiftelsen)
087 Randine Kristensen u 1837 tjeneste (Pleiestiftelsen)
088 Gjertrud Jonsdatter   1819 (frå Arnafjord sokn)
089 Herman Hermansen u 1852 rebslagersvend
090 Anthon Olsen g 1840 matros (frå Sogn)
091 Kristen Sjursen g 1831 skomager
092 Sigrid Sommer g 1833 kone
093 Ragnhild Sjursen g 1842 kone
094 Sigrid Tollevsdatter e 1805 fattiglem, spinderske
095 Søneve Olsen e 1819 dagsarbeiderske
096 Marcus Olsen g 1845 gulsmed
097 Gutorm Olsen g 1845 skomager
098 Gurine Hansen u 1850 tj.tyende
099 Ole Vikør g 1835 tømmermand
100 *Georg M. Thorsen u 1858 kok
101 *Nils Aamundsen g 1836 tømmermand
102 *Carl Olsen u 1856 deksgut
103 Ole Olsen Hopperstad g 1820 (ikkje i teljinga)  

 

Gards- og ættesoge for Vik i Sogn;

Namn og fødselsår, farsnamn, stad

Ola 1821 Markus Nilsson plass i Vange
Synneva 1815 Anfin Nilsson Vikøyri v106
Eirik 1848 (son av Ola 1821 og Synneva)  
Ragnhild 1852 (dotter av Ola og Synneva)  
Ola 1855 (son av Ola og Synneva)  
Rognald 1815 Halvar Nilsson plass lnr 13 Limmesand
Olina 1842 Apollonius Liljedahl lnr 121 Hopperstad
Ingebrigt 1835 Sigrid Oladtr (sjå Vikøyri v 368)
Gjøa 1831 Amund Olason Vikøyri v 016
Lasse 1853 (uekte son til Gjøa)  
Anna 1862 (dotter til Ingebrigt og Gjøa)  
Rognald 1838 (feil person og fødestad i boka) v890
Gjertrud 1834 Amund Nilsson Vikøyri v016, v890
Søren Andreas 1867 (son av Rognald og Gjertrud)  
Anna 1864 (dotter av Rognald og Gjertrud)  
Hansina 1869 (dotter av Rognald og Gjertrud)  
Johanna 1816 Jens Olason lnr 78 Øvre Hove
Malena 1807 Torstein Olason lnr 42 Nese
Anders 1861 Anders Knutson lnr 13b Limmesand
Tollak 1838 Ola Olason innerst lnr 51 Orvedal
Ola 1836 Ola Olason innerst lnr 51 Orvedal
Anders 1854 Johannes Person Bleiehaugen, lnr 72 Hove
Ingeborg 1849 Elling Eirikson Vikøyri v205
(Nils 1834 Lasse Eirikson Lønne Kvamsøy sokn)
Hans 1836 Ola Hansson Vikøyri v780
Inger Olina 1868 (døypt i Vik) O. H. Vikøyri v780
Synneva 1848 Johannes Hansson Vikøyri v468
(Endre 1837 Eirik Endreson Tusvik Kvamsøy sokn)
Johanna Marie 1836 Hermund Olason lnr 18 Tenål
Fredrik 1838 Ditlef Fredrik Tillisch lnr 8 Vange
Karl Gustav 1834 Hannibal Winsnæs prest, lnr 126 Grov
Inger Sophie 1858 George Wallace lnr 71+73 Hove
George 1859 George Wallace lnr 71+73 Hove
Brita 1854 Elling Helgeson 31b Ådlane
Øystein 1868 Hans Øysteinson Vikøyri v308, v976
Anna 1823 Ola Sjurson lnr 84 Hønsi
Jon 1826 Ola Sjurson lnr 84 Hønsi
Anna 1832 Ola Hermundson d.e. Prestteigen–Midlang
Randi 1836 Kristen Arneson plass Hopperstad
Gjertrud 1820 Jon Kristenson plass lnr 39 Kjelven
Herman 1852 Herman Hermanson (sjå plass Kjelven)
Anfin 1840 Ola Olason (Sæbø) Orvedal, lnr 51
Kristen 1832 Sjur Kristenson Vikøyri v916
Sigrid 1832 Johannes Ingebrigtson Vetleøyri s090
Ragnhild 1842 Johannes Ingebrigtson Vetleøyri s090
Sigrid 1805 Tollak Anfinson lnr 51 Orvedal
Synneva 1819 Mikkel Olason Vetleøyri s142
Markus 1846 Ola Markusson plass nr 4 Sæbø
Guttorm 1843 Ola Mikkelsen Vetleøyri s180
Guri 1850 Hans Henrik Olason Vikøyri v270
Ola 1835 Ola Endreson Vikøyri v768
Georg Martin 1858 Tor Torson Vikøyri v966
Nils 1836 Amund Olason Lidal Vikøyri v016
Karl 1857 Ola Person Nese Vikøyri v847
Ola 1820 Ola Jonson Fyli sjå under v334 Vikøyri

*Personar i utanriksfart. Særskild liste.