Tre kvinneskjebner
Brita Halvarsdotter (Balvoll) Holavikje (1767–1815)
Brita var det tredje barnet til Halvar og Brita Balvoll. Ho voks opp på Balvoll, men i 1790 var ho kome i teneste på Linde på andre sida av fjorden. Der hadde ho ei faster som var gift med ein bonde på Linde. På same tid var Torstein Kristenson Nese, Arnafjord, hjå syster si, Brita, som også var gift til Linde.
Brita Halvarsdotter og Torstein gifte seg, og dei fekk første barnet sitt på Linde.
Deretter var dei i nokre år på husmannsplassen Berstein under Kvamme. Der vart dei tre neste borna fødde. Sist i 1805 eller først i året 1806 kom dei så til Holavikji, ein husmannsplass under garden Hauglum i Framfjorden.
For Brita vart livet ein tragedie etter ho gifte seg. Det ser vi av følgjande oversyn over barneflokken:
- Ingeborg (1798–1798)
- Kristen (1801–1803)
- Kristen (1803–1803)
- Halvar (1805–1805)
- Brita (1806–1806)
- Brita (1809?–1815)
- Anna (1811?–1815)
- Ingeborg (1813–?)
Dei første fire borna døydde før Brita og Torstein kom til Holavikji. Deretter døydde det femte barnet før det var eitt år. Berre det siste barnet, Ingeborg, voks opp Husmannskona Brita Halvarsdotter døydde av ein smittsam sjukdom og vart gravlagd saman med to av borna: Brita (6 år) og Anna (4 år).
Helga Hermundsdotter Meistarplass / Lakkaholet (1776–1861)
Helga var fødd i Vik, men kven som er far til Helga er det uråd å finna sikkert ut av i kyrkjebøkene. Det vi veit er følgjande: Den 14.06.1776 gifte enkjemann «Mogens» Simonson (Stedje) Hallrynjo (ca 1745–1797) seg med Barbra Arnfinnsdotter Ovri (ca 1755–1809). Under 27.09.1776 i kyrkjeboka (altså 3 månader seinare) finn vi at Helga Monsdotter Hallrynjo vart døypt. Då var «Mogens» altså blitt til «Mons».
Av fleire data i kyrkjebøkene frå Vik og Sogndal, og folketeljinga i 1801, må vi kunna slå fast at Ivar Beintson Tenål (1771–1823) gifte seg med ei Helga Hermundsdotter som skulle vera frå Hallrynjo og fødd ca 1776. Men giftarmålet for Ivar og Helga finn vi ikkje i kyrkjeboka for Vik.
Vi finn heller ikkje innført dåpen av Helga Hermundsdotter omkring 1776, berre dåpsdagen for denne Helga Monsdotter.
Det er også merkeleg at då eldste sonen til Ivar og Helga vart døypt, vart mora innskriven som «Helga Monsdotter». «Monsdotter» kan difor ikkje vere ei vanleg feilskrift for «Hermundsdotter». Kanskje det er slik at Barbra Ovri skulle ha barn med ein eller annan Hermund. Men for å unngå å få ein uekte unge, gifte ho seg med enkjemann Mons Hallrynjo tre månader før ungen vart fødd? Namnet Hermund kjem først i kyrkjebøkene etter at Mons var død. Det styrkjer teorien.
Kring 1796-98 må Helga og Ivar ha vore busette på Hallrynjo, for då vart dåpen av sønene Beint og Hermund ført inn i kyrkjeboka med det stadnamnet.
Etter bygdeboka for Vik, bind II-2 side 378, kom Ivar med familie til ein husmannsplass i Vikadalen i Ardal, seinare til Meistarplassen i Nordafjorden i Sogndal.
Men ved folketeljinga i 1801 var dei alt komne til denne husmannsplassen under garden Hovland i Kaupanger.
På grunnlag av kyrkjebøkene for Vik og Sogndal, og opplysingar i Årbok IV frå Sogndal sogelag, finn vi at Helga og Ivar hadde fem born som levde opp:
- Beint (1796–1870)
- Hermund (1798–1861)
- Kari (1800–1842)
- Barbra (1804–1881)
- Jon (1813–1896)
Sønene Beint, Hermund og Jon vart alle husmenn.
Husmann Ivar Beintson (Tenål) Meistarplassen døydde i 1823, 54 år gamal.
Helga Hermundsdotter gifte seg på nytt alt same året med inderst Sjur Johannesson Berget (ca 1787 – ca 1850) frå ein husmannsplass i Fardal. Dei vart strandsitjarar i Fardal på ein stad som heitte Fardalstår eller Lakkaholet. Namnet Lakkaholet er brukt også i dag, og denne staden ligg ca 300 nord for brua over elva i Fardal.
Då Helga flytta til Lakkaholet hadde ho med seg den 10 år gamle guten sin, Jon. I Lakkaholet var Jon også etter han vart gitt.
Den eldste dotter til Helga, 3. Kari, fekk ein gut utan å vera gift. Også dei hadde stadnamnet Fardalståi. Vi må difor gå ut fra at Helga og Sjur vart strandsitjarar i Fardalståi/Lakkaholet, og at dei budde saman med Jon, Kari og ungen hennar.
Alderdomen på ein husmannsplass kunne vera usikker sjøl om det var mange slektningar i nærleiken: Sjur må ha døydd før 1861, og i kyrkjeboka er innført at legdelem Helga Hermundsdotter døydde i Fardal i 1861, 83 år gamal. Borna hennar hadde tydelegvis meir enn nok med å livberge seg og familiane sine: Helga vart på sine gamle dagar sendt omkring på legd.
Barbra Ivarsdotter (Meistarplass) Kvedahagen (1804-1881)
Den yngste dotter til Helga Hermundsdotter og Ivar Beintson, 4. Barbra, gifte seg med husmannsson Lars Johannesson Berget. Han var ein bror av Sjur Johannesson, den andre mannen til mora. Barbra og Lars gifte seg to år etter Helga og Sjur.
Barbra Ivarsdotter og Lars Johannesson vart husmannsfolk i Kvednahagen under garden Øyre i Fardal. Dei hadde 8 born:
- Marta (1825–?)
- Helga (1828–1849)
- Anna (1828–1855)
- Ivar (1833–1908)
- Barbra (1835–1920)
- Kari (1838–1859)
- Johannes (1841–1855)
- Lars (1843–1917)
Den eldste dottera, 1. Marta, vart gift til ein husmannsplass i Fardal. 4. Ivar og 8. Lars vart fiskarar og budde i Sogndalsfjøra. 5. Barbra (som er oldemor mi) gifte seg med Ingebrigt Balvoll. Dei fire andre døydde unge. Dei var spedalske. Av dei to tvillingane Helga og Anna, levde Anna lengst. I dødslista står det at ho var legdelem og at ho hadde vore spedalsk i 6 år. Same året døydde 7. Johannes, 14 år gamal, og også han hadde vore spedalsk i 6 år. Den femte dottera, 6. Kari, levde til ho var 21 år.
5. Barbra fortalde ikkje til borneborna sine på Balvoll at ho hadde hatt 4 syskin som døydde unge og at to av dei var tvillingar. Grunnen måtte vera at ho ikkje ville snakka om at dei var spedalske og døydde av det. Det var nok ei skam.
Husmann Lars Johanneson (Berget) Kvednahagen døydde i 1845, 53 år gamal. Det minste barnet, Lars, var då berre 2 år. Dette måtte skapa store problem for den sjuklege og fattige familien. I tillegg vart Barbra Ivarsdotter tidleg vanfør.
Vi kan slå fast at Kvednahagen ikkje kunne vera mykje å leva av for ei vanfør enkje med 8 born (av dei var 4 spedalske!).
Då 5. Barbra Larsdotter reiste til Vik i 1862 for å gifta seg med Ingebrigt Balvoll vart mora, Barbra Ivarsdotter, med på flyttelasset. Ho vart liggjande til sengs på Balvoll i nesten 20 år. Ho vart gravlagd 18.10.1881.
Gudmund Balvoll