Ola Bendikson Vangsnes
Publisert i Pridlao 30(1):63–64.
Ola Bendikson Vangsnes (1779-1841) var eldste son til Bendik Olason Vangs nes (1740-1821), den mektige lensmannen på storbruket Inr 189+190 på Midt tun. Ola hadde odelsrett, men då han truleg tidleg skeia ut, hadde foreldra lite lyst til å overlate garden til han. Men då han i 1799 gifte seg med Gyrid Hansdtr Meland (1758-1825), ei 21 år eldre jente frå Vetlefjorden, såg dei vel ikkje nokon annan utveg enn å skøyte halv parten av bruket til han. I gards- og ættesoga har dette bruket Inr 190. Men det gjekk ille med Ola. Alt i 1804 måtte hans selje bruket, og han og kona fekk kår. Men også kåret sløste han bort, og Jon Laberg (som skreiv den gamle Balestrandboka) fann at han til og med selde kårkornet.
Ola vart så borte frå Vangsnes. Men etter at tingbøker frå Nordhordland er blitt digitaliserte, er det kome fram at han deretter hadde eit langvarig forbrytarliv i Bergen. Den 12. oktober 1812 vart det i Nordhordland tingrett, på sorenskrivaren sitt kontor i Bergen, opna straffesak mot Ola Bendikson Vangsnes og ei jente som vart inn skriven i protokollen som «Antonette Baar Halvorsdatter». Første forhøyr hadde vorte gjennomført 16. september.
Identiteten til Antonette skapte store problem. Ho fortalde først at ho var fødd i Vik, og retten skriv til sokneprest Thode for å få dåpsattest. Men han fann henne ikkje som døypt i Vik. For oss som ikkje har tiltru til Thode sine opp gåver i kyrkjeboka, ser vi ikkje heilt bort frå at det kjem av manglande inn føring. Men så sa jenta at ho ikkje var sikker på at ho var fødd i Vik. Kanskje var det i Luster? Desse opplysingane gir oss grunn til å tru at ho var av reisande fantefolk. Men sjølv om Antonette hevda ho var fødd i Sogn, må ho sist i oppveksten ha butt i Bergens-område, for stift prest Fleischer hadde skrive ut ein attest til retten for konfirmasjon og siste alter gang. Då vart ho kalla Antonette Bårds datter. Kvifor ho då kalla seg Bårdsdotter, kunne ho ikkje gjere greie for. Identiteten vart endå meir problematisk då det vart funne eit pass frå 1803 med namnet Maria Antonette Jørgens i ei av to kister som Antonette hadde. Det var eit pass ho hadde skaffa seg før ho reiste til København for å gå i teneste der. Ei pass med same namn hadde ho for ein båtreise frå Altona i Slesvig-Holstein til Bergen i 1806.1 Altona hadde ho vore i teneste hjå kjøpmann Bøhre i to år. Vidare hadde ho ein attest i 1803 frå styrmann Christian Pedersen i Bergen (som no var død). Der hadde ho vore i 2 V2 (eller 3 V2) år. Attesten var for tenestejente Maria Antonette Jürgens. Men ho heldt fast på at det rette namnet var Antonette Baar Halvorsdatter. Retten gav opp å finne ut kven ho var, men slo fast at ho var så gamal at ho kunne straffast, for det vart skrive i protokollen «at det med Vished kan sees af hendes utvortes, at hun er langt over lavalder».
Med dagens datateknikk kan vi søkje etter henne over heile landet i 1801teljinga. Då finn vi berre to jenter som heitte Antonette Halvorsdtr. Dei var i Vestfold. I Nordre Bergenhus Amt fanst det ikkje ei einaste jente med namnet Antonette eller variantar av dette nam net. Vi stolar meir på 1801-teljinga enn på kyrkjebøkene på denne tida, men det kan nok tenkjast at ikkje alle «reisande» kom med. Men i 1801-teljinga finn vi som «logerende» hjå Carl Wilhelm Hence i Bergen: Anthonette Jørgensdatter, 23 år. Det må vel vere same jenta? Her har vi no tre farsnamn å velje i! Vi merkar oss at dersom oppgitt alder er rett, var ho omlag like gamal som Ola.
Antonette sa i retten at ho ikkje trudde det var straffbart å skifte namn. Det hadde ho truleg rett i, for mange sogningar som flytta til Bergen på 1800-talet endra både på førenamn og eventuelle familienamn (etternamn). Det var dessutan kanskje ikkje berre Antonette som var usikker på kven som var faren? Men når namnskifte vart gjort for å skjule brotsverk, vart det sikkert rekna som straffbart. Det var det neppe her.
Den 11. mai 1812 hadde Ola Bendik son Vangsnes blitt dømt til eitt års straffearbeid for å ha stole ein føringsbåt med årar i Bergen. Under straffearbeid om sommaren 1812 hadde han kome seg unna oppsynsmannen og greidde så å halde seg på rømmen i Bergen. Av rettsprotokollen går det fram at dei som kjende til Ola, var nokså uviljuge til å fortelje om dette i retten. Men han for talde sjølv at han då delvis budde på eit vertshus på Nøstet i Bergen der Antonette arbeidde. Han hadde blitt kjent med henne om lag eitt år tidlegare. Antonette leigde ei kort tid ein hybel i byen, og vertinna fortalde at ho hadde sett Ola der ein gong. Men Ola hadde aldri overnatta der. Eit kvinneleg vitne gav elles Antonette ein fin attest: Ho hadde aldri stole og heller ikkje vore i lag med tjuvar.
Ola må så ha bestemt seg for å leggje ut på røvartokt. Opplegget var truleg noko han hadde brukt før. Han vitja bygdene i robåt, stal varer om natta og selde dei seinare andre stader. Dersom han ikkje stal for mykje på ein stad, kunne dette gå bra. For kjøparar var det truleg nok av. Her må vi ta omsyn til at dette var i 1812 - det verst hungersåret på 1800-talet. Desse personane ville nok ikkje fortelje at dei hadde kjøpt tjuvegods. Kanskje var dette personar han kjende frå tidlegare «forretnings reiser»?
Etter ei tid på rømmen i Bergen hevda Ola i retten at han hadde funne ein herrelaus robåt på Vågen. Han hadde så tydelegvis overtalt Antonette til å vere med på ei lønsam røvartur.
Det gjekk kanskje bra med «forretningsreisa» ei tid. Men til slutt var Ola uheldig: Ein gong i september stal han frå eit ulåst eldhus hjå lensmann Fougstad i Alverstraumen. Dit kom han nordfrå. Antonette hadde tydelegvis først tilstått at ho hadde vore med på tjuveriet. Men Ola, gentleman som han var, tok på seg all skuld, og då vart Ola og Antonette einige om at ho hadde sove i båten medan Ola vitja eldhuset. Ola vart også skulda for å ha stole havremjøl frå Mons Olsen Øyjorden. Mons hevda at han hadde spora opp at mjølet hadde blitt selt til Mons på Træet på garden Eidvågen for 8 riksdalar. Ei gardkone kunne dessutan fortelje at Ola hadde spurt henne om ho kunne lagre ei tønne havremjøl, ei skjeppe salt og eitt pund tobakk. Det ville ho ikkje, angiveleg for di ho ikkje kjende Ola frå før. Men varene hadde ho ikkje sett, og både Ola og Antonette nekta for å ha stole slike varer. Ola hevda i retten at han kan nok ha spurt kona om lagerplass, men grunnen var at han hadde tenkt å kjøpe desse varene på kreditt. Der og då var dette kanskje ei genial grunngiving. Men siste i rettssaka kom det fram at Ola ein gong tidlegare hadde kjøpt ei vare på kreditt og då på ein lite akseptabel måte. Ola hadde dessutan prøvd å selje eit tørklede til bondekona, men ho ville ikkje kjøpe. Kor han hadde fått dette klede frå, var ikkje etterspurt i ret ten. Men når det galdt sal av havremjøl, slapp Ola unna. Vitnet som var innkalla omkring salet til Mons i Træet møtte ikkje. Men ei tenestejente til Mons i Træet var tilfeldigvis i byen og var vil jug å møte i retten. Ho kunne fortelje at husbonden hadde kjøpt 2 pund havre mjøl hjå ein framand kar, men det var ikkje Ola. Ho hadde aldri sett han før no i retten. I neste rettsmøte kunne Mons i Træet fortelje at han ikkje hadde kjøpt havremjølet av Ola, men av ein annan omreisande person. Han var sjølvsagt ukjend.
Ola og Antonette hadde kome seg til bake i Bergen før dei vart fengsla. Då vart det hjå Ola funne ei gryte, og som lensmannen hevda var stolen frå eldhuset hans. Her hadde Ola først overtalt Antonette til å seie at det var hennar gryte. Men no angra han svært på det og tilstod at han hadde stole ho frå eldhuset. Det ser ut til at desse lause fuglane hadde eigedelane i kister som dei fekk plassert ein eller annan stad hjå kjent folk. Politiet hadde tydelegvis funne tak i desse kistene. Dei vart opna i retten. Mellom kleda fann dei berre eitt plagg som kunne identifiserast som tjuvegods. Det var eit blått og kvitstripa ullforklede som ei tenestejente hjå lensmannen meinte var hennar. Ei brevtaske som Ola hadde, vart vurdert som tjuvegods, då namnet korporal Tagescheld truleg var innskrive i veska. Men denne korporalen kunne i retten fortelje at han hadde selt taska til ein kar i Sandviken.
Kona til denne kjøparen, Pauline Nesse, hadde fortalt han at ho hadde selt ho vidare til ein framand kar. Retten mis tenkte denne kona for å ha gitt falsk for klaring. Mann til Pauline, Johannes Nesse, vitna så i retten. Han sa at kona hans hadde selt taska til Ola ein dag han kom inn i huset hans «og drak sig en Drone». Men retten ville ha vitnemål også frå Pauline. Men då ho var sjuk, måtte ho under eid forklare seg i sjuke senga. Då sa ho at Ola var kjøpar haus ten 1812. Dermed fall vel dette tiltale punktet bort.
Båten som Ola hadde brukt, vart funnen. Båten vart taksert. Men nokon annan eigar hadde ikkje meldt seg. Her var kanskje Ola heldig, for eit nytt påviseleg båttjuveri kunne kanskje ha auka fengselsstraffa. Men då straffepåstanden ikkje vart grunngitt, veit vi ikkje om retten såg på dette som tjuveri.
Då rettssaka skulle avsluttast 19. februar 1813 hadde politiet altså berre to handfaste bevis for tjuveri: ei gryte og eit forklede. Då hadde det vore halde 11 rettsmøte. Men mange av møta var kortvarige for di fleire vitne ikkje møtte eller var sjuke. Det kan verke som førearbeidet til møta ofte var dårleg. Til dømes viste det seg at eit vitne som vart innkalla, hadde lege i grava i om lag to år.
Men i møtet 19. februar, kom det fram at Ola, før han vart straffedømt i 1812, hadde skaffa seg kreditt under falskt namn hjå kjøpmann Johan Trumphy og enkja Madam Lunde. Saka vart difor utsett på ubestemt tid. Saka kom difor først til avslutning 22. mars 1813. Det viste seg at Ola, under namnet Ole Wiig, hadde fått kjøpt eit halvt anker med kornbrennevin på kreditt. Det var fransk brennevin, og altså ikkje simple saker. Ola meinte sjølv at han hadde sagt at han hadde ei jekt med poteter liggjande ved Torget og at han skulle betale når han hadde fått selt potetene. Men kjøpmannen meinte at «Ole Wiig» hadde sagt at han hadde eit fartøy med skinn og talg liggjande i Sandviken. Nokon skrifteleg avtale var det ikkje. Men Ola må ha verka tillitsvekkjande som vi kunne vente av ein lensmanns son. Ingen ting overraskar når det gjeld Ola. For det vart sagt i retten at korn brennevinet hadde kome tilbake til kjøpmannen dagen etter kredittkjøpet gjennom ein ukjend mann frå Stavang er. Men dersom vi ikkje aksepterer denne historia, kan vi tenkje oss at kjøp mannen tidleg forstod at han var blitt grundig lurt, at brennevinet truleg vart drukke opp og at han aldri ville få betaling for vara. Dermed var det ikkje nokon grunn til å gå til politiet med saka. Han kan ha dikta opp tilbakeleveringa for å dekke over at politiet først fekk greie på kreditthandelen av andre langt over eitt år etterpå. Men uansett var dette ein svært uheldig tilleggspåtale for Ola: Han hadde gitt seg ut for å vere ein velståande forretningsmann og skuteeigar og under falskt namn.
Påstanden frå aktor var fem års straffearbeid ved Bergenhus Festning. Men Antonette slapp truleg straff. Andre har funne at Ola Bendikson Vangsnes døydde på tukthus i Bergen så seint som i 1841.
Gudmund Balvoll