Jonas Andersson Daae (1717–1777) 

Jonas var eldste son til Anders Daae og han «arva» både prestestillinga for Vik prestegjeld og prostestillinga for Sogn etter han. Utlysing var unødvendig, for Anders Daae var den rikaste og mektigaste mannen i Sogn. Det var kanskje reglar for utlysing, men stor rikdom var viktigare.

Ivar Leganger var prest i Vik før Anders Daae. Også han var rik og mektig. Han hadde søner som var prestar, og som kanskje var interessert i å overta Vik prestegjeld. Men Anders Daae innynda seg i København med ei prinsesse og fekk stillinga utan utlysing.

Andre kona til Ivar Leganger var av Finne-ætt, og då også kona til Jonas var av Finne-ætt, gir eg først eit oversyn over denne slekta.

Finneslekta

Peder Jørgensen Finde (1610–1691) var prest i Førde. Han var først gift med enkja Beate Christendtr og deretter med Barbara Henriksdtr Nitter. Med den siste hadde han svært mange born. Ei dotter var Anna som vart andre kona til presten Ivar Leganger i Vik prestegjeld. Fire søner til Peder vart prestar: Rasmus, Henrik, Jørgen og Otto. I den gamle bygdeboka for Vik vart det hevda at Ivar fekk så mykje medgift at det finansierte kjøpet hans av sterkt skuldsett odelsgods i ytre Sogn, og som var til sals. Men dette er nok ikkje rett, for Anna hadde berre halv arverett i høve til brødrene. Dessutan var Ivar ein svært rik mann og kunne sjølv finansiera gardskjøpa.

Henrik Pederson Finde (1678–1700) vart prest i Førde etter faren. Han var gift med Maren Samueldtr Bende. Dei var foreldra til Peder Henrik.

Peder Henrik Henrikson Finde (1678–1748) utdanna seg til teolog og vart i 1702 prest på skipet «Kronprinsen» som gjekk i fart til Aust-India. I 1703 vart han prest ved Zion-kyrkja ved den dansk-norske kolonibyen Trankebar søraust i «fylket» Indiamen. Han kom tilbake til Noreg, og i 1707 vart han prest i Innvik. Han vart forfremma til prost for Nordfjord i 1742. Han var først gift med Dorthea Margarithe Schruder (1685–1729), ei dotter til den tidlegare presten i Innvik, Hans Schruder. Dei var båe adelege. Ho hadde truleg arva tittel, han vart kanskje adla på grunn av stor innsats i kolonien. Dei fekk Henrik 1727.

Henrik Pederson Finde (1727–1770) vart proprietær i Sunnfjord og hadde garden Hellevik i Ytre Holmedal som base. Han hadde truleg mykje arva odelsgods etter foreldra. Då han var fadder på dotter til Jonas Daae i Vik i 1752, kalla Anders Daae han student i kyrkjeboka. Henrik gifte seg 15.09.1752 med Anna Dorothea Andersdtr Daae (1725–1771). Dei fekk fleire born.

Peder Henrik Henrikson Finde vart enkjemann i 1727. Han gifte seg på nytt med Elise Chatrine Clausdtr Friman (ca 1700–1777), truleg i 1728, og dei fekk Margrethe 1729 og Claus Friman 1739. Den store aldersskilnaden mellom dei to borna tyder på at dei hadde dødfødde born eller born som døydde små i mellomåra. Margrethe Pederdtr Finde (1729–1800) gifte seg i 1751 med Jonas Andersson Daae (1717–1777). Bryllaupet føregjekk truleg i Innvik. Men då dei sikkert hadde spesialløyve for å gifta seg, vart ikkje vigsla ført inn i kyrkjeboka. Claus 1739 brukte ikkje mellomnamnet Friman seinare i livet. Etter utdanning som prest, vart han kapellan i Vik prestegjeld.

Anders Daae og dei kondisjonerte

Anders Daae og borna hans høyrde sjølvsagt til dei kondisjonerte. Det kom fram av språket han brukte ved dåp av barneborn. Her brukar eg son eksempel dåpen den 3. juli 1740 av barnebarnet Ludvig Christopher Grøn. Han var son til kapellan Hans Grøn i Vik prestegjeld, gift med den nest eldste av dei fire døtrene til Anders Daae, Christine 1718–82. Mora til barnet vart aldri nemnt under dåpen. Det var regelen for alle, også dei kondisjonerte. Det skulle alltid vera fem fadrar. Her var dei alle av den kondisjonerte klassen: velædle og vellærde captein Frederich von Tuchsen, velærverdig Hr Iver Leganger, hæderlige og vellærde studios Mons. Jonas Daae, vælædle Fru krigsråd Moduets k. Lene Munthe, dydfullkomne Jomfrue Maren Daae.

Her ser vi at Anders Daae legg på fine titlar for eigne born. Jonas Daae blir kalla vellærd sjølv om han endå ikkje er ferdig utdanna prest. Den tredje av dei fire døtrene hans, Marie (1710–99) vart her kalla Maren. Det var dermed truleg døypenamnet hennar. Ho var altså dydfullkommen. Tolkinga av det overlet eg til lesarane.

Birgitte Jonasdtr Daae (1752–1821)

I kyrkjeboka for Vik prestegjeld, sokna Vik, finn vi i 1752 dåpen av Birgitte, det einaste barnet til Margrethe og Jonas Daae. Dåp og innføring vart utført av prost Anders Daae: Døbt 31. Maji Welærverdige Hr Jonas Daaes lille datter, ind Hovedkirken, kaldet Birgitta Elisa Chatharina. Fad: Prosten Anders Daae, Studios Mons. Henrich Finde, Frue Prostinden af Nordfjord Elisa Catharina Friman, Madame Anna Sophia Harberg og Jomfrue Maria Daae.

Vi kan merka oss at Anders Daae i kyrkjeboka alltid enda kvinnenamn som Elise og Anne med a. Han skreiv også Chatarina, ikkje Chatrine. Av originalen i kyrkjeboka ser vi at Anders Daae først må ha gløymt å skriva inn førenamna til prostinna! Det vart difor skrive inn i venste margen etterpå! Henrich Finne var fødd adelsmann. Det er ikkje nemnt på annan måte enn med den franske ærestittelen monsure, og denne tittelen fekk også mange som ikkje var adelige, til dømes hans eigne søner. Henrich vart kort tid etter gift med den yngste dotter til Anders Daae: Anna Dorothea (1725–1777). Som nemnt tidlegare overtok Henrich mykje adelsgods og ekteparet vart busett på garden Hellevik i Ytre Holmedal og dei fekk mange born. Vi merkar oss at ved denne dåpen heiter Maren no Maria. Det vart kanskje brukt for å skilja henne frå bestemora.

Staseleg bryllaup, men eit tragisk ekteskap

Den 1. juni 1752 var det gudsteneste i Hopperstadkyrkja. Kva som skjedde denne dagen, og dagen etter, finn vi skrive inn i kyrkjeboka av personleg kapellan for Anders Daae, Jonas Daae. Det var Jonas som stod for gudstenesta. Biskop Erik Pontoppidan var æresgjest i kyrkja. Han var komen til Vik fordi han dagen etter skulle vigsla dybædle jomfru Marie Andersdatter Daae (1720–99) og vellærde og høylærde Magister Ove Christian Leyrdahl (1718–66), ein son til soknepresten i Lærdal. Vigsla skulle skje: efter biskopens behagelige Forlangende forettet av ham selv i Hove kirke.

Programmet for gudstenesta i Hopperstadkyrkja var svært kort: Berre ei kort preik av Jonas Daae.

Alt anna vart sløyfa, som introduksjon av kvinner etter barnefødsel og ikkje minst den tidkrevjande altergangen. Det vart ikkje gjennomført, for Jonas og biskopen skulle vidare til trulovingsfesten, i huset skreiv Jonas Daae i kyrkjeboka. Kva hus dette var forsto alle: Vangshuset som Anders Daae hadde kjøpt og brukte som familiebustad. Der var det no alt på eit lystig lag: ein trulovingsfest. Der var det nok rikeleg med mat og drikke. Men det einaste Jonas Daae skreiv inn i kyrkjeboka var at faren hadde ei utgreiing omkring Ps 112 1,2 i bibelen. Kva dette var, har eg ikkje funne ut av.

Dagen etter vart altså paret vigde i Hovekyrkja av biskopen. Anders Daae var eigar av både Hopperstad- og Hovekyrkja, og kunne leiga dei ut for andre føremål enn kyrkjegang.(Til samanlikning:sjå heidringa av fru Holstein i Hopperstadkyrkja eitt år etter at ho vart i ei kiste som vart plassert i eit gravkammer, Pridlao 2014 (2) 40–44. Det kan såleis vore ein fest i og utanfor Hovekyrkja med mykje mat og drikke. Det kan tenkjast at dette vart eit mønster for tradisjonen med jonsokfeiring frå ca 1763 med felles vigsle for 2–4 brudepar på jonsokkvelden i Hovekyrkja med ujamne mellomrom, stundom også trulovingar, sjå seinare.

For Marie vart ekteskapet med Ove Christian ei stor tagedie. Det er det skrive om i den gamle bygdeboka. Ekteparet levde truleg eit nokså luksuriøst liv i Bergen. I den gamle bygdeboka står det at Ove Christian i 1762 fekk løyve av biskopen til å reisa til København. Men han kom ikkje tilbake til lektorposten sin, vart så avsett og døydde i København kort tid etter. Vi må tru at det var misbruk av alkohol som gjorde at han gjekk til grunne. Marie sat tilbake i Bergen i botnlaus gjeld, og Anders Daae måtte betala det ho skulda. Han tok henne tilbake til Vik, og ho vart busett i Vangshuset. Ho arva småbruket Skaffargard etter faren og vart busett der resten av livet. I 1768 var ho fadder på ein unge på Liktvorane. Då skreiv Jonas Daae henne inn i kyrkjeboka som Madame Maren Leirdal. Nokre månader seinare var det: Madam Maren Lærdal.

Famelien Jonas Daae gir gåve

Det einaste vi veit om dottera Birgitte Elise Chatrine under oppveksten, finn vi som utgangspunkt i ein lang artikkel som Robert Kloster skreiv i den gamle bygdeboka, bind I, side 139–226, om dei gamle kyrkjene i Vik prestegjeld. På side 177–178 fortel han at Blix fann restar av tre ljosekroner i Hopperstadkyrkja og som han sette i stand og hengde opp i kyrkja. Det var ei stor og to mindre. Ei av desse hadde ein lang latinsk innskrift som fortel at familien Jonas Daae julekvelden 1758 ga krona til kyrkja «og for at de som så kronen skulle minnes deres eneste datter Birgitta Elise Chatarine som døde av kopper». I ettertid kan ein undra seg over at Kloster oversåg at Birgitte ikkje døydde som småjente, men fekk eit langt liv. På den andre sida kan ein undra seg over at Jonas Daae tok med den seks år gamle jenta som givar og at han skreiv ein latinsk tekst. Var det for å etterapa Ivar Leganger sitt sjølvskryt på latin i Hopperstadkyrkja og som kanskje skulle overtyda Gud om at også han fortente ein overordna stilling i Paradis?

System i kyrkjebøkene

Då det ikkje var pålagt korleis kyrkjebøkene skulle førast, hadde Ludvig i si tid som prest og prost sitt eige system. Det var stort sett det same som faren Anders Daae hadde brukt dei siste åra han førde kyrkjebøkene. Gudstenester skulle haldast på søndagar i kyrkjeåret. Gudstenester i Vik vart nummerert for seg med eit tal i venstre marg. For kyrkjeåret 1767 var det siste: 19). Dessutan nummererte Ludvig også fortløpande dåp og gravlegging i venstre marg. I 1767 var det 25 døypte og 33 gravlagde. For truloving og ekteskap hadde ikkje Jonas Daae noko tilsvarande system.

Ei vanleg gudsteneste på 1760-talet omfatta ikkje dei kyrkjelege handlingane: truloving, vigsle, barnedåp og gravlegging.

Eg har kopiert føringa av kyrkjeboka for Vik sokn for gudsteneste nr 11 i året 1768.

Kopi nr 1. Nummeret sette han inn i venstre kant. Vi ser at han brukte to typar av bokstavar: latinske og gotiske. Dei latinske var stort sett dei same som vi skreiv då eg gjekk i folkeskulen, løkkeskrift. Ord med slike bokstavar skriv eg her i kursiv. Gotiske bokstavar er stort sett uleselege utan spesialkunnskapar, og varierte mykje. Men Jonas Daae si gotiske handskrift er etter mitt syn ikkje spesielt vanskeleg.

For gudsteneste nr 11) «6te Søndag efter Paaske» ser vi at Jonas Daae brukte svært store bokstavar og at «efter» er gotisk skrift. Jonas Daae sette så inn ein krumma loddrett strek. Bak den loddrette streken kjem så dei kyrkjelege handlingane og med langt mindre skrift og med tre tette linjer. (Vanlegare var det at han her brukte berre to linjer.) Hr Finde præd. Hr Johan Grøn for alt. Com 225. Altså var det kapellan Claus Finde som stod på preikestolen denne søndagen, og det var den presteutdanna dottersonen til Anders Daae, Johan Grøn, som ordna med altergangen. (Johan Grøn budde i prestgarden, men hadde ingen stilling.) Com 225 viser kor mange som gjekk til alters denne preikesøndagen. For di det nesten alltid var liten plass bak den loddrette streken, forkorta Jonas Daae mange ord. Så på nye heile linjer kjem så opplysingar om andre hendingar denne dagen. Her er det ikkje anna enn at «Ole Lassesen Hoelstads Enke» vart introdusert for kyrkjelyden etter barnefødsel. (Det skjedde visst vanlegvis ved at den som helt preika leidde henne inn i kyrkja.) Av andre vanlege hendingar var opplesing av kongebrev.

St Hans var ein spesiell dansk-norsk kyrkjedag den 24. juni og som vart avvikla i 1770. Dagen eller kvelden før var det vanleg med truloving og ekteskap. I Vik trur eg at denne feiringa føregjekk i og utafor Hovekyrkja.

Kopi nr 2. På St Hans-afta 1768 (tysdag 23. juni) var det ei uvanleg innføring i kyrkjeboka for Vik sokn. Det var uvanleg ved at tre bryllaup vart førde opp som det var ein del av ei gudstenest, men også ved at dei fem linjene er skråstilte, tettstilte og med lange skråstilte slynjer. Mitt inntrykk er at Ludvig Daae hadde vore med på bryllaupsfeiringa i Hovekyrkja og neppe var edru då han skreiv dette inn. Mitt inntrykk blir styrkt av at han først skreiv dette inn i Arnafjord-protokollen. Men han kryssa dette ut då han skjønte at dette var feil protokoll. Ektepar vart aldri vigde under vanlege gudstenester, slik at Johan Grøn, som vigde para, neppe hadde andre oppgåver enn å vigsla dei tre para. Jonas Daae skreiv inn denne hendinga som gudsteneste nr 14 i venstre marg. Men han skjønte seinare at det burde han ikkje ha gjort, for han skreiv inn talet 14 også den første vanlege preikesøndagen etterpå. Under gudsteneste nr 14 var det konfirmasjon. Det var unge teologar som stod for sjølve konfirmasjonen. Jonas Daae hadde ingen kyrkjelege oppgåver, men han må ha vore edru, for han skreiv inn namna på konfirmantane i protokollen på ein utruleg flott måte!

Kopi nr 3. Den 17. søndagen etter Trinitatis i 1768 var det i Hopperstadkyrkja ei spesiell gudsteneste. Det hadde i dagane før vore skifte etter Anders Daae, ein av dei rikaste på Vestlandet. Tre søner var prestar, Jonas, Ludvig og Gerhard. Dei to brøren til Jonas hadde oppgåver under gudstenesta, Jonas skulle føra protokollen. Jonas Daae skreiv kyrkjeprotokollen med ekstrem skråskrift og lange slynjer. Eg har brukt svært lang tid å tolka det som står der. Det som står bak den krumma loddrette streken er særleg vanskeleg å tolka. Eg trur det står på tre linjer: Hr Prost præd. Ludvig/ for alt. Gerhard Daae/ forrettet. Skriftemål. (Kva som her er med latinske og gotiske bokstavar er vanskeleg å finna ut av.) På dei neste to heile linjene står det med gotisk skrift; Com 170. Int. Ole Myrkeskougs og Johannes Tryttens h./ Bedet for Kongen som nu sedvanligt på sin lange reise, (Kongen var sinnsjuk. For å få han bort frå eit skandalefylt liv i hovudstaden, vart han sendt ut på ei reise i Europa og som føregjekk langt over eitt år.)

Det siste Jonas Daae fører inn i kyrkjeboka er i året 1769 for Vik sokn: Copuleret Tirsdagen den 20. Junji Mons. Henrich Conradsen Fesser, bager og giestgiver her til Viig og Dimoiselle Giertrud Christina Sæbye udi Hove kirke, fæst udi huset aftenen tilforn af Hr Finde. Forlovere: vellærde Hr Leut. Gulmuyden og David Frederich Orning. «Fest» må vi tolka til at det var kapellanen som trulova paret. Men det var Jonas Daae som vigde dei. Det var altså bryllaupsfest to dagar på rad. Av di trulovinga skjedde kvelden før bryllaupet, må dei to ha fått spesialløyve for vigsla. Jonas Daae skreiv at bryllaupsfeiringa føregjekk «i huset». Her var det nok ikkje Vangshuset, men gjestgivarstova. Vi kan elles merka oss at det var Gjertrud som hadde fått løyve til å overta som gjestgivar etter faren. Men når no dei var gifte, var det Konrad som var sjefen.

Vi merkar oss at dette bryllaupet skjedde nokre få dagar før jonsokaftan (23. juni), og som var den store giftedagen i Vik, ofte med fleire vigsler samstundes i Hovekyrkja. Dette året var det tre par som gifte seg 23. juni. Det var: Hermund Nilsson Tistel og enkja Barbra Oladtr Bø; Hermund Tollakson Undi og jente Ingeborg Hermunddtr Skjerven; Sjur Rognaldson Juvik og enkja Synneva Oladtr Sæbø. Dei vart nye ektepar på lnr 101 Bø, lnr 63 Undi og lnr 3 Sæbø. Det går ikkje fram av kyrkjeboka kven som vigde dei. Men det er ikkje handskriftene til Jonas Daae eller Claus Finde. Eg trur at den som skreiv dette inn må vera prestesonen Johan Grøn, som budde i prestgarden, som ikkje var tilsett i stilling i prestegjeldet. Men han var med på mange gudstenester i Vik. Her må han ha fått ansvar for å vigsla tre par på jonsokaftan og for å skriva det inn i protokollen. Vi må kunna gå ut frå at dette var eit tradisjonelt jonsokbryllaup i Hovekyrkja, sjølv om det ikkje står i kyrkjeboka.

Kopi nr 4. Claus Finde overtek kyrkjebøkene

Jonas Daae fekk slag i året 1769, truleg rett etter bryllaupet i gjestgivarstova. Etter det kunne han ikkje gå eller stå. Truleg skjedde det 21. eller 22. juni. Jonas Daae vart truleg rett etter slaget transportert til Vangshuset der mora budde saman med mange av den nære slekta. Men offisielt overtok Claus Finde kanskje føringa av kyrkjebøkene i Vik prestegjeld 27. juni 1769 under ein nattverd i Vangshuset. Jonas Daae må ha teke med seg protokollen for Vik sokn og hadde skrive inn øvst på ny side: Tirsdagen den 27. Junji Com. Eg kjenner att Jonas Daae si handskrift. Dessutan skreiv han alltid Junji, medan Claus Finde alltid seinare skreiv Junii. Tanken til Jonas Daae var nok at etter Com skulle det skrivast inn talet på dei som var med på nattverden, men i staden for dette skreiv Claus Finde inn: dets høyhæderlige NR paa Vange gaard, hvis Navne udi Combogen findes anført in. Denne boka er komen bort.

Det var alt som kom inn i protokollen den dagen. Seinare same året finn eg at han gav Jonas Daae Alters Sakramente, og at den dødssjuke Ola Sjurson Bø i 1770 fekk det forkærelige Alterviins Sacramente. Det som var høyhæderlig for Claus Finde var altså truleg altervinen.

Dette var alt som kom inn i kyrkjeprotokollen den 27. juni 1769. Kort tid etter fører Claus Finde inn ei truloving og to giftarmål: Trolovet Jon Jacobs Wiigøren og Enken Brit Olsd ibid. Neste linjer: Copuleret Enkemann Jon Jacops. Wiigøren og Enken Brit Olsd ibid. Den 7. Julii. Samme dag og time: Jon Pedersen Wiigøren og Enken Anna Ellingsd. Holum. Jon Jakobsens forgiftingsmænd: Joen klokker Liliedal og Iver Peders Hønsie. I gards- og ættesoga er to av personane: v512 Jon Jakobson Vikøren og v534 Jon Person Vikøren.

Etter at Claus Finde hadde skrive inn dette, fann han at hadde gløymt å føra inn at det hadde vore gudsteneste i Vik den 1. juli, og då var det han sjølv som stod på preikestolen! Det skreiv han så inn som ny tredjelinje i protokollen. Det som står der, er vanskeleg å tyda. Men det står kanskje: Skrifte. Prædiken holdes. Int: Alf Grønsbergs hustrue. Det siste er eit prov for at dette var «eit referat» av ei gudsteneste.

Vi ser at Claus Finde sin måte å føra kyrkjeboka på, var eit fullstendig brot med det som Jonas Daae hadde brukt. Han innførde ikkje eit nytt system. Det heile var prega av tilfeldige innfall. Dessutan hadde han ei skjelvande hand. Det førde til mange blekkflekker og rot.

Dette fortel vel at det krev mykje tolmod å tolka det som Claus Finde skreiv inn i protokollane dei seks åra han stod for dette arbeidet. Men det vart ikkje særleg betre med dei to neste prestane.

Claus Pederson Finde

Claus Pederson Finde (1739–1816) var døypt Claus Friman. Det siste namnet brukte han ikkje. Han studerte teologi, og før han var ferdig utdanna, stod han to gonger på preikestolen i Hopperstadkyrkja, i 1763 og 1765. Han vart kapellan for Jonas Daae, truleg frå 1766. Han hadde skjelvande hender og med fjørpenn vart det ofte uleselig skrift og mange blekk-klattar. I 1769 velta han truleg eit blekkhus over protokollen for Vik sokn, slik at fleire sider på slutten av året er nær på uleselege.

Etter at Jonas Daae døydde, fekk ikkje Claus Finde stillinga etter han, men vart sokneprest i Kinn. I følgje ein omtale i Bergens Tidende vart kyrkjebøkene der endå meir uleselege. Claus Finde døydde ugift. Eit positivt ettermæle er at sokneprest Claus Finde var støttemedlem av Det nyttige selskap i Bergen.