Herskapshus på Hove omkring 1850
I Pridlao nr 1 2010 er det på side 32–34 ein omtale av arkitekt Jan Ludolf Lund (1809–1894) og dei husa han var arkitekt for i Vik. Der står det under overskrifta Valentinsgarden: «Valentinsen dreiv gard på Hove og det vart halde branntakst på den nyoppførde bygningen 26.11.1847.» Dette gir inntrykk av at Valentinsen førde opp huset. Oppfatninga kan kanskje førast tilbake til ein artikkel som arkitekt Lindstrøn skreiv i 1922 og som er teken inn i Pridlao nr 3 1997. Der står det: «En bygning av Jan Lund der sikkert har hatt sin store interesse, var den nedrevne Valentinsgård på Hove.»
Byggeåret 1847 er feil. Det staslege huset vart bygt fleire år før av løytnant Christian Fredrich Fasting (1799–1887) på ein liten part som han hadde kjøpt av lnr 74: lnr 74b 0,07 spd. Huset må ha vore bygt ca 1830. Då var Lund svært ung, og eg finn det difor lite sannsynleg at han var arkitekt for huset.
Mi framstilling av parsellen, huset og Sjøtungarden er med i «Gards- og ættesoge for Vik i Sogn». I boka går det fram at Christian Fredrich Fasting fekk skøyte på lnr 127 Sjøtun ved skifteskøyte etter mora i 1836. I boka har eg gitt uttrykk for at når Christian Fredrich kjøpte eigedom på Hove og bygde hus der, har det kanskje samanheng med eit motsetningsforhold mellom han og mora. Men eg ser no at det kan vera at mora ikkje kunne skøyta Sjøtun til han for di det var ein eldre bror som hadde odelsretten: Johan Jakob Fasting (1798–1872). Denne karen var som Christian Fredrich militærutdanna og ungkar. Han vart etter kvart oberstløytnant og var plassert på Austlandet. I 1861 fekk han ein «pensjoniststilling» som tollkasserar i Sarpsborg.
Avteikning av kart over storutskiftinga i 1864.
Valentinsen kjøpte truleg sjølve huset i 1847 og det må vera grunnen til at det då vart branntakst. Men huset stod på leigd grunn, og det var kanskje grunnen til at det seinare måtte flyttast.
Av kartet frå storutskiftinga i 1864 ser vi at eigedomen framleis var særskilt inngjerda og at det framleis var ein staseleg nytte- og prydhage ved huset. Av kartet ser det ut som det framfor hovudinngangen var ein eller to runde parterrar. Det var neppe særlig praktisk, men sikkert mellom det mest fornemme ein herskapshage kunne ha på denne tida.
Svein Vold har fortalt meg at det var skinntapet i stova. Når folka på garden seinare ønskte å sy på mjukt skinn under ullabbane, skar dei berre ut stykke av tapetet.
Sikre prov frå samtida om at det var Fasting som bygde huset har eg ikkje, men det er omtalt i manuskriptet for «Gardskipnaden», eit verk for heile landet som det vart arbeidd med i dei første åra etter verdskrigen. Dette verket vart aldri trykt. For Hove i Vik var Endre Nilsson Hove (1873–1964) og Johannes Tuxen Hove (1901-1991) såkalla heimelsmenn. I det uferdige manuskriptet står det: «L.nr. 74 vart mellom 1803 og 1838 kjøpt av løytnant Fasting. Han bygde seg opp eit stort hus nede på flata under Øvre Hove og selde resten av bruket. Han heldt berre att husgrunnen med eit hage- eller ”parkområde” (l.nr. 74b i 1838).» Vidare står det at proprietær Valentinsen kjøpte lnr 74, 75 og 18 og bygde nye uthus litt vestanfor det store våningshuset etter Fasting.
Vi må tru at dei to heimelsmennene har vore einig med forfattaren om at huset var bygt av
Christian Fredrich Fasting. Men dei vanskelege bruksdelingane og -samanslåingane på Hove på 1800-talet har ikkje forfattaren brukt nok tid på. I det siterte utdraget er det såleis feil at Fasting først kjøpte heile lnr 74 og deretter selde frå det meste, for nummereringsregelen for løpenummersystemet var slik at då ville Fasting sin parsell fått lnr 74a og ikkje lnr 74b.
Gudmund Balvoll