Gardsfolk på Brekke og Hopperstad på 1700-talet
Publisert i Pridlao 4(2):17–18. (1987)
Resultatet av slektsgransking blir lett ei oppramsing av namn og datoar. Men dei gamle protokollane gir også opplysningar om levemåte og konfliktar for forfedrane våre med kulturhistorisk interesse. Det følgjande omhandlar slike opplysningar om born og borneborn til to bønder i Vik som livde kring 1700, Ola Bendikson Brekke og Arne Halvarson Hopperstad. Dei er forfedre til svært mange viker.
Folka på Brekke-garden
Ola Brekke var truleg ein velhalden bonde, i all fall greidde han å skaffe gard til tre av sønene. Sonen Bendik overtok bruket på Brekke og vart i tillegg lensmann, Guttorm kom til Espesete og Elling kom til Bø. Sonesonen Ola Bendikson Brekke vart også bonde og lensmann. Der: tre brødrene hadde ei syster som heitte Kari (ca. 1680-1740). Ho gifte seg med Arne Halvorsen Hopperstad (ca. 1863-1748).
Arne må ha vore ein nokså ustabil friar. Det var grunnen til eit slagsmål mellom Elling i Bø og Arne Halvorsen på Hopperstad-tunet i 1708. Detaljar i slagsmålet er kome med i bygdaboka (bind III-1, s. 677). «Elling Bø og andre skulde gravleggja eit barn ved Hopperstad kyrkja, og so dette etter tingboki: «Arne stod i sin faders gårdstun. Da kom Elling gående med en stav i hånden, og efterat Elling og Arne havde hilst på hinanden med håndtag, slog Elling efter Arne med staven. Men Arne veg unda. Hvorefter Arne greb til en øks som han havde ved hånden og vilde hugge efter Elling, men blev hindret af hosstående folk. Siden kom Arne, Hallvard og Elling i slagsmål. Elling sa til Arne: Du havet bedraget min søster med dit frieri og forspildt hende for brød og giftermål, derfor varst du en djevel. Du est en grytehund. Da låg Elling og Arne sammen i hårdrag på marken, og Arnes mor kom og rykkede Elling i håret, medens Elling spændte fra sig. Da de var skildte, kom gamle Hallvard og tog Elling i håret med begge hænder.» Dommen vart at dei alle var like, og kvar vart dømde til å bøta 12 lodd sylv (6 riksdalar) til kongen».
Arne hadde overteke bruket på Hopperstad i år 1700, så Elling meinte vel han for lenge sidan burde ha fått Kari til garden. No vart Kari gift med Arne likevel, men først ca. 1710 og då var Kari blitt 30 år.
Ein gong var dei tre brødrene på Brekke i gjestebod hjå Sjur i Bø. Det kom også I rettsprotokollane og er omtalt i bygdeboka, bind III-1, side 677. Det enda med «hug og slag». Anders Brekke kunne vitna at lensmannen vart køyrd frå Bø i slede og boren inn i huset sitt som ein lemlesta mann: Den venstre foten var broten slik at den nederste delen av foten kunne «lægges og bøles til det øverste». Tenestegjenta til lensmannen sa at ho hadde høyrt sterke rop frå Bøatunet og hadde gått dit for å få greie på kva som føregjekk. Då fann ho husbonden sitjande på tunet, men svak og elendig fordi foten var broten i leddet. Deretter hadde kona til Bendik, saman med brødrene Elling Bø og Guttorm Espesete, hjelpt han opp på ein slede og køyrt han heim.
Hopperstadfolket
Arne Halvorsen Hopperstad var stridslysten også etter han var gift. I allefall vart han uven med grannekona, enkja Marta, og dottera hennar, Brita Sjursdotter. Arne fekk hjelp i kjeftbruken av to av døtrene sine: Åsa og Brita. Prest, klokkar og medhjelpar måtte bruke både åtvaring og tukt. Sistpå vart der alle nekta å gå til alters før dei hadde stått offentlig skrifte. Dei hadde «forseet sig mod det femte bud» står det I kyrkjeboka.
Arne Halvorsen Hopperstad, gift med Kari Olsdotter fekk fem born:
- Ola, bonde på Hopperstad, gift med Anna Haldorsdotter Linde.
- Halvar, gift med Brita Andersdotter Brekke. Dei fekk Balvoll.
- Åsa, gift med Guttorm Olsen Tryti: bonde på Tryti.
- Brita, gift med Rognald Haldorson Linde, bonde på Linde.
- Sigrid, gift med Halvar Haldorson Linde. Dei hadde bruk på Hopperstad
Tre syskin frå Linde gifte seg altså med tre syskin frå Hopperstad. Åsa slo seg i lag med soldat Guttorm Tryti, og det ville ikkje foreldra hennar akseptera. Men etter at mora var død, gifte Åsa seg likevel med Guttorm. Men del vart vigde på Lindane, ikkje i Hopperstadkyrkja. Åsa og Guttorm hadde ei dotter, Kari. På same måte som mora og bestefaren kom også ho bort i vanskar på grunn av munnbruk.
Ekteskapet mellom Brita og Rognald fekk dramatisk start og slutt. I kyrkjeboka er det under 30. september 1745 innført at eit «pigebarn» frå Hopperstad var døypt med namnet Kari. Brita Hopperstad og soldat Rognald Linde var foreldre. Deretter er det skrive at då brud og brudgom kom gåande mot Hopperstadkyrkja for å bli vigde, måtte bruda søkje barselseng. «Mens dette alt uforventa», står det - og det forstår vi då godt. Det ser ut som ungen vart døypt straks etter fødselen, for han døydde 10 dagar gamal og vart gravlagt 13. oktober. I mellomtida hadde presten vigd dei to, den 3. oktober 1745 – og det var ein onsdag.
Det dramatiske med slutten var at Brita og Rognald vart gravlagde på same dag, 26. juni 1789.
Sigrid og Halvard fekk sonen Haldor (1758-1787?). Han gifte seg med syskinbarnet sitt, Ragnhild Halvarsdotter Balvoll (1759–1817). Haldor vart spedalsk og døydde straks etterpå. Ragnhild budde deretter på Balvoll, og sonen Halvar Haldorson (1787–1838) vart fostra opp der. Denne Halvar vart strandsitjar under Grov og deretter husmann på Skjørvo.
Dottera «Halvar-Brita» gifte seg med ein frå Skjørvo, og dei vart buande på Husmannsplassen. Det er neppe tvil om at dette er opphavet til namnet «Halvarhaugen».
Rapport i kyrkjeboka
Den mektige presten Anders Daae hadde etter preika den 25. mars 1734 samla medhjelparane sine, Jon Anderson Tenål ved Hovekyrkja og Elling Ingebrigtson Hopperstad ved Hopperstadkyrkja, og ombodsmennene til hovudkyrkja: Nils Nilson Midland og Ola Sjurson Fjærestad. No skulle det tydelegvis ordnast opp i alt det syndige som skjedde i bygda. Først kunne medhjelparen for Hove-sokna fortelja at Anders Føli «hid-til-dags» ikkje hadde lived saman med «sin danequinde Alice» som ektefolk burde, og at Lars Nummedal «hid-ind-til» skal ha vore sterkt ueinig med dei gamle svigerforeldra sine og for «deres skyld lagt sin hustru, deres datter, for had». Presten fastsette korleis det skulle ordnast opp i dette. Deretter kjem rapporten frå Elling Hopperstad for Hopperstad og Bødalen.
Ola Bendikson Brekke (altså han som var lensmann) skulle omlag 14 dagar tidlegare ha tappa øl for ein del ungdomar og teke seg betalt for det. Farbroren Elling i Bø var ikkje særleg betre, for hjå han hadde det vore «danse-stue» med mykje ungdom samla. Dessutan kunne medhjelparen fortelja om usemja mellom Arne Hopperstad og dottera Åsa. Ho skulle «bæra kiærlighed for en soldat ved nafn Guttorm....», mot farens vilje og samtykke (Ope rom i kyrkjeboka for etternamnet).
Elling fekk deretter ordre av presten om å ta med seg to andre menn («danemænd, som hand self behager»). Dei tre skulle «Jo før jo bedre» gå til «lendsmandens huus» og «formane benevnte Ole Bendiksøn at utholde sig fra saadan ulovlig ølsalg». «I liigemaade» skulle dei gå til Bø og formane foreldra der til å halde huset reint og fritt for spel og dans – «baade hellige og søgnedage». Til slutt skulle dei gå til huset til Arne Hopperstad og der skulle dei formane dottera til å vera lydig mot faren, for han rådde henne ikkje til noko anna enn det som var til beste for henne. Ho måtte halda seg unna «ublu» samkvem og forargelig åtferd, går det fram av den lange rapporten i Kyrkjeboka.
Vi veit ikkje om presten fekk lensmannen til å halda opp med ulovleg ølsal eller om bøadalingane slutta å dansa i Bø. Men Åsa retta seg i alle høve ikkje etter formaningane - for 6 år etterpå gifte ho seg med Guttorm.
Gudmund Balvoll.