Gardar og gardseige i Feios fram til 1723

Oversyn

I våre område byrja kanskje oppdeling av landskapet i gardar og åkrar på 600-talet. Men det hadde vore dyrka kom lenge før dette, slik at påstanden gjeld gardsinndelinga slik vi kjenner ho i historisk tid. Saman med sterk folkeauke skjedde oppdelinga gradvis fram til slutten av vikingtida, altså fram mot år 1000. Eit heldig klima fremja deretter bruksdeling, og i tillegg også busetting i høgtliggjande område. Folketalet steig dermed også på 1100-talet. På 1200-talet var folketalet i Feios truleg nokså stabilt. Det gjeld difor også gardsstrukturen.

Her brukar eg berre skriftlege kjelder. Dei fekk vi først i noko omfang i første halvpart av 1300-talet. Desse tidlege kjeldene gir innsyn i gardstrukturen før Svartedauden. Deretter kom ei øydetid på nærpå 200 år. Det er også ei øydetid for skriftlege kjelder.

Fleire granskingar tyder på at etter øydetida vart det på nytt utvikla ein bruksstruktur som likna på den frå før 1350. Denne artikkelen byggjer på ein slik forklaringsmodell. Ei oppsummering etter denne modellen av gards- og bruksutviklinga 1330–1723 for Feios er gitt i tabell 1. Oppgåvene frå ca 1330 er usikre, medan tala frå og med 1522 og utover byggjer på skattelister, manntal og matriklar. For tida etter 1690 er også kyrkjebøker, panteregister og skifter brukte. Som utgangspunkt for personar i åra etter 1645 har eg brukt Leikanger bygdebok, ættesoga (09).

For å finne svar på spørsmål om bruksstorleik og produksjon må vi bruke tal. Tala finn vi kjeldene, men som oftast i langt meir komplisert form enn det som er brukt her. Eg får skrive som professor Kåre Lunden i «Norsk landbrukshistorie» (08): «Det er ingen annan måte å svare på dei spørsmåla vi stiller enn å forme svara i tal. I det ligg ingen illusjon om at tala frå denne tida er sikre».

Tabell 1

Innføring

Utviklinga av gardar frå før Svartedauden i 1349 fram til 1723 innan noverande Vik kommune har eg skrive om tidlegare. For Arnafjord sokn og Vik er det meste samla i boka «Jordbruket i Vik fram til 1950» og for Fresvik i artikkelen «Gardar og gardseige i Fresvik fram til 1723» i Pridlao nr 1 2012 (kjelder: 01 og 04). For Feios finn vi stoff om emnet i Bygdebok for Leikanger, bind 1 og 2 (06, 09), men her analyserer eg utviklinga på tilsvarande måte som eg har gjort for Amafjord, Vik og Fresvik tidlegare.

Namnbruken for tidsperiodar er ulik i historiebøkene. I boka mi for Vik og Arnafjorden kalla eg åra 1350–1530 for øydetida, 1530–1660 for atterreisinga og 1660–1730 for stagnasjonen. Det høver bra også her. Ca 1330 var gardane i våre område verdsette i månadsmatarbol, her forkorta til bol. Dei fleste bønder var leiglendingar, og årsleiga (landskylda) var jamt over ein laup smør per bol.

Av tabell 1 ser vi at vurderinga indikerer at tal aktive gardsbruk i Feios fall frå 42 ca 1330 til 9 på slutten av øydetida. Det tilsvarar ein øydeprosent for bruk på ca 78. Det er høgt, men lågare enn for Amafjord sokn, og bygda Fjærland var nærpå folketom sist i øydetida. I Jostedal låg alle bruk øyde.

Vi har oppgåver over kyrkje- og presteeige i Feios ca 1330 og eige til Munkeliv kloster ca 1475 (tabell 2 og 3). Dessutan har vi oppgåver over anna geistleg eige i Feios i 1647 (tabell 4) og som for ein stor del må gå tilbake tida før Svartedauden. Det gjeld eige til Munkeliv, Apostelgodset, Allehelgens godset, Prebendegodset og Lyse kloster. Ved vurderinga av dette må vi ta omsyn til at den geistlege eiga på Vestlandet jamt over steig i øydetida i høve til kongeleg (statleg) eige og private godseige.

Etter øydetida vart det sett i verk politiske tiltak for å hindre at bruk som låg øyde skulle bli lagt permanent inn under andre bruk. Det medverka til at øydegardar og -bruk jamt over vart tekne i bruk før det skjedde ei deling til bruk som vart mindre enn før øydetida. Tidspunktet for dette i Feios var kanskje ca 1665. Innan noverande Noreg er det funne at ca 1340 var det 20–25 % fleire namngardar enn det var ca 1665 (08). Men det overskytande var mest små og karrige einskildbruk som låg nede i øydetida og som aldri vart busette på nytt som gardar. Mange av dei var høgdegardar. Dette var bruk som jamt over var rydda i åra 1200-1300. Gardar som ikkje vart busette på nytt etter øydetida, er det mest av på Austlandet. Men også på Vestlandet var det høgmiddelaldergardar som aldri vart attrydda som gardar (13). I Modalen gjeld det Hognaland, Hognatveit, Fitjum og Vasshelle (13). Dei vart liggjande under grannegardar. I våre område var det kanskje ikkje mange slike småbruk og som ikkje vart atterreiste. Men vi veit at dette gjeld Kalhagen på Nese i Amafjorden. Gardane Åsen (Hovsåsen) og Gildhus i Vik kom aldri inn i den nye gardsmatrikkelen frå 1667.

Medverkande til at småbruk, særleg i høgtliggjande område, ikkje vart atterreiste, må vere at klimaet var langt heldigare i vikingtida og fram til ca 1250 enn det var i atterreisingstida. I Feios kan det då ha vore fleire småbruk som låg 350–500 m over havet utan det kom inn i dei skriftlege kjeldene. Men eit problem med å identifisere dei, er at gardane kan ha vore heimestølar både før og etterpå. Men rydningsrøysar kan kanskje vere avslørande også i dag når vi tek omsyn til at fulldyrka jord i høg middelalderen var kornåker og ikkje eng. Småbruk langs fjorden frå høgmellomalderen kan på 1700- og 1800-talet ha blitt tekne opp att som husmannsplassar. Når eg fører to plassar i Indre Borlaug som bruk før 1350 i tabell 1, er grunnen at eg ikkje trur at Hermund Grønsberg kom frå Vik til Feios før året 1701 for å byggje opp ein husmannsplass.

Det kan vere usikkert om plassar langs strendene, som vart busette i atterreisingstida, kan ha vore utmarksteig eller bustad før Svartedauden. Her kan eigaroppgåver vere nyttige. Eit eksempel er Djupvik i Fresvik. Då garden vart rydda på 1600-talet var eigaren presten Glad i Vik, eller eigaren var Vik prestebol som også vart disponert av Glad. Det må vere gardseige som går tilbake til før øydetida, for ein eigar i Vik hadde neppe tileigna seg ein utmarksteig i Fresvik.

Eit småbruk som vart seint atterreist var Ådlane i Framfjorden. Eigedomen vart etter øydetida kalla Ådlane-laupet. Presten i Amafjord disponerte ca år 1330 tre laupar i «Arlaam». Dette må ha vore eit småbruk i høgmellomalderen. Her har eg rekna med at Løsebolteig under Feidje og dei tidlege husmannsplassane i Indre Borlaug har vore små bruk før Svartedauden.

Dei som er interessert i synspunkt som ligg til grunn for oppsettet for 1330 i tabell 1, kan lese meir om det i boka «Jordbruket i Vik» (01).

Arkeologiske granskingar kan vere med på å klarleggje om ein gard låg øyde. Det gjeld særleg tidfesting av karbon i jordlag i åkerreiner. Ormeli i Luster kom først inn i skattelister i 1603, og bør etter historisk rekning ha lege øyde svært lenge. Men arkeologar har funne at det var kontinuerleg åkerdyrking på Ormeli i åra 1285–1640. Dette meinte Kåre Lunden kan kome av at Ormeli var underbruk under ein annan gard i Luster i øydetida (08). Vi kan tenkje oss at Ormeli var brukt som støl og at møka vart brukt på inngjerda kornåker. (Kornåkeren på Ormeli var truleg «øygard», og som var noko anna enn ein «øydegard», sjå Pridlao nr 2, 2011, side 38–41). På den andre sida vi ser ei gransking av permanente åkerreiner på Le i Arnafjorden at dei faste åkrane der ikkje var brukte i øydetida. Her stadfester altså den arkeologiske granskinga at Le låg øyde i lang tid.

Eg går så over til drøfta dei kunnskapane vi har for Feios for dei 10 oppsette åra i tabell 1 i perioden 1330–1723.

Bispeoppgåver ca 1330

Biskop Audfinn i Bergen fekk sett opp eit oversyn over kyrkje- og presteeige i sitt område ca 1330. Presteeiga låg til stillinga, og difor reknar eg dette som identisk med presteboleige etter øydetida. Jordeboka «Bergens Kalvskinn» er lagt ut nettet av Arkivverket, og er lett å finne fram i, men tolking av innhaldet krev spesialkunnskap. I tabell 2 er oppgåvene forenkla. Som nemnt tidlegare vart eiga i gardane rekna i bol, og årsleiga for eitt bol var ein laup smør. Desse einingane vart brukte om kvarandre nokså tilfeldig i jordeboka, men er her alle oppførde som bol i desimalsystem (tabell 2).

Tabell 2

Munkeliv kloster

Munkeliv kloster hadde jordebøker som vart tekne vare på etter reformasjonen. Eiga som Munkeliv kloster hadde i Feios har vi berre oppgitt i ei avskrift frå ca 1475. Eiga kan vere eldre, men finst ikkje i dei tidleg oppgåvene av jordeboka. I Vik var Munkeliv kloster stabil eigar i fleire gardar frå før 1350 til reformasjonen i 1537. Det var dei ikkje i Feios. Men klosteret dreiv aktiv eigedomshandel i øydetida. Klosteret kjøpte og selde også eige i bruk som låg øyde. Men vi kan rekne det som sikkert at dei seks namngardane på lista nedanfor var i drift før Svartedauden. I tillegg finn vi Munkeliv-eige i skattematrikkelen i 1647. Det er eige som vi ikkje finn i jordeboka. Truleg er dette eige frå eit anna geistleg gods som administrativt vart lagt til Munkelivgodset etter reformasjonen. 

For 1475 er oppgåvene for Feios:

Rinde 1,00 bol
Borlaug 8,50 bol
Borlaug, indre tun 10,00 bol
Stjernegjerd Bergum 8,00 bol
Hove («Heghen») 1,00 bol

Munkeliv hadde eige i Rinde. Det ville vere merkeleg om Munkeliv hadde eige i prestegarden. I tabell 1 reknar eg difor med at det var to bruk på Rinde i 1330, eit småbruk i tillegg til åbølet.

Verdsetjing for Feios ca 1330

For å kunne samanlikne gardsverdiar og landskyld før og etter øydetida må vi gjere omrekningar. I øydetida skjedde det eit dramatisk fall i landskyld i laupar, slik at ho berre var ca 20 % midt på 1600-talet mot det ho var ca 1330. Verdsetjing i bol fall bort etter øydetida. Frå og med 1647 vart samla landskyld for bruket også sett på som ei verdsetjing av bruket. For å få ei direkte samanlikning av boltal med laupsverdiane i skattematriklane i 1647, 1667 og 1723, kan vi difor multiplisere dei nye laupstala med fem. (Ei samanlikning som høver bra også for Arnafjord sokn, Vik og Fresvik.) Dette er ei grov samanlikning, men meir komplisert omrekning gir neppe noko rettare svar.

Sum av kyrkjeeige i tabell 2 er 35,25 bol og presteeige er 38,25 bol, total 73,50 bol. Reknar vi at total verdi for alle gardar var ca fem gonger laupsverdien for Feios i matrikkelen 1723, får vi ca 300 bol. Kyrkje- og presteeiga ca 1330 for Feios var dermed ca 25 %. Normalt var det ca 50 % geistleg eige i Vestlandsbygdene på denne tida. Ein nærpå like stor del kan altså ha vore eigd av klostergods og andre geistlege gods. Vi kan gjere overslag over den siste gruppa ved å summere Munkeliveiga ca 1475 og ei omrekna eige frå laupar til bol for geistlege gods i året 1647 i tabell 4. Reknestykket er: 29,50 bol + 6,53 laupar * 5 = 62,15 bol. Det kan vere tilfeldig at dette stemmer bra med den forventa geistlege eiga.

Vi kan rekne med at eit normalbruk i Feios ca 1330 var 7–9 bol. Prestegarden (åbølet) var på 10 bol. Til å vere ei lita bygd hadde altså Feios ein svært stor prestegard på Rinde. Verdsetjinga av bruk i Midtre Sogn var av ukjende grunnar høgare enn i kystområda (og på Strilelandet), der eit middelbruk var 3–5 bol. For Årdal, Lærdal og Borgund er middelbruket berekna (i øydegardsprosjektet) til ca 12 bol og totalt for heile kyrkesoknet Borgund til 550 bol. Desse store skilnadene i verdsetjing i bol før Svartedauden mellom områda kan etter mitt syn ikkje forklarast med ulik bruksstorleik eller ulike vilkår for korndyrking.

Prestegarden Kyrkjevoll i Borgund var verdsett til 14 bol, og matrikkelskylda var 3 laupar i 1667 og 1838. Dette var ingen storgard, sjølv om det var to hestar på bruket i atterreisingstida. Men dette var kanskje den einaste garden i Borgund som fekk matrikkelskyld i laupar som var så mykje som 20 % i høve til boltalet. I middel var det under 10 %! Samla matrikkelskylda for Borgund i 1838 var berre 48 laupar mot 58 laupar for Feios! I perioden 1667–1838 var det altså bruka i Feios som var høgt skyldsette i høve til i Borgund.

Namngardar i drift i 1330

Ut frå kyrkjeoppgåvene, og opp gåvene frå Munkeliv kloster, kan vi slå fast at det må ha vore bønder på fyIgjande namngardar før øydetida: Indre Borlaug, Ytre Borlaug, Feidje, Rinde, Tjønn, Drege, Dale, Lunde, Sætre, Helleland, Åfet, Bergum, Stjernegjerd, Berdal og Hove. Dei som manglar ut frå tabell 1 er: Tveit, Sæterli, Grindedal, Osen og Løsebolteig. Grindedal og Osen kom så tidleg i drift etter øydetida at eg reknar med at dette var gardar som var i drift før øydetida. Tveit er meir usikker. Garden er ikkje med i 1647, men «Tued» er med i ei liste i 1611 (11). Sæterli kan kanskje ha vore nydyrkingsbruk først på 1700-talet. «Løsebolteig» blir drøfta seinare. På fleire av gardane må det ha vore to eller fleire bruk.

Feios vart i «Bergen kalvskinn» eit par stader kalla Feidjedalen. Saman med tidleg oppdeling i mange bruk etter øydetida, og høg matrikkelskyld, viser dette at Feidje var storgarden i Feios. Reknar vi med at det i middel var 6 personar i kjernefamilien (medrekna faste tenestefolk) på bruka i Feios blir det  252 personar, og legg vi skjønsmessig til 48 personar for andre, blir det ca 300 personar. Eit like rett anslag er at folketalet i 1330 var omlag som i 1665, eller noko høgare. Ut frå tabell 5 kjem vi til at 15 det i 1665 var ca 320 personar i Feios.

Eg har lite tru på at kompliserte reknestykke gir noko rettare svar. Ved hjelp av eit samansett reknestykke fann Andreas Holmsen i granskinga si for Sogn i 1937 at det var ca 725 personar i Borgund før Svartedauden. Forfattarane som skreiv bygdebok for Borgund, trykt i 1987, meinte at dette var urimeleg høgt. Det er eg samd i. Eit meir passande tal er ca 500 personar. Det høver også betre mot 329 menneske i 1701 (og 513 i 1769!).

Ein måte å prøve å finne ut kor høgt folketalet var, er å rekne på tenkjeleg storleik av matproduksjonen. Det mest nærliggjande er å sjå på korndyrkinga, fordi korn var den viktigaste matkjelda. Dette er nærare drøfta i boka i «Jordbruket i Vik». Ut frå resultata for Vik og Arnafjord sokn, meiner eg at i høgmellomalderen må det ha vore dyrka korn i Feios på minst 550 dekar årleg! På denne tida vart ikkje jorda grøfta, så det må det ha vore utruleg mange faste åkrar lappar som skulle til for å dekke behovet. Dei skulle dessutan gjødslast årleg med husdyrgjødsel. Det oppsette åkerarealet er neppe for høgt, for ved arkeologisk utgraving av det nedlagde middelalder-småbruket Lurekalven på ei lita øy i Lindås i Hordaland vart det funne at åkerarealet hadde vore 11–13 dekar. Dette bruket var på 4 bol.

Busetnad i 1522

Tiendpengeskatten (formueskatten) i 1522 gir oss innsikt i namngardar som då var i drift. Kor mange bruk det var på desse namngardane, er meir usikkert. Dette var på slutten av øydetida, og vi kan rekne med at desse gardane hadde vore i drift gjennom heile øydetida.

Under «Ffediaass skibree» er det ført opp 26 personar, dei første åtte med gardsnamnet «Ffrøswig» og dei siste åtte med gardsnamnet «Vongsnes». Dei mellomståande 10 gardsnamna bør då vere i Feios. Namna finn vi tabell 3.

Tabell 3

Skrivemåten skapar problem for oss. I «Norske Gaardsnavne» er nr 18 tolka til Borlaug (11). Det aksepterer eg. Men nr 14 og 17 er ukjende gardsnamn, og som ikkje kom med i dette verket. Det første står kanskje for Nedtun, som kan ha vore eitt av tuna på Feidje. Men det kan også vere Nedre Tjønn som var eigd av Rinde kyrkje ca 1330. På nr 17 står det kanskje Midttun og som kan ha vore på storgarden Feidje. I tabell 1 fører eg difor opp tre bruk på Feidje i 1522. Det er overraskande at det i 1522 skulle vere tre bønder i Åfet. Men ikkje alle på lista, til dømes i Vik, var bønder. Det er nærliggjande å tru at ein av desse personane hadde eit anna yrke, til dømes dreiv båttrafikk og handel. Dermed reduserer eg tal aktive bruk i Åfet til to. Eg kjem så leis fram til at det var 9 bruk i drift i Feios i 1522.

Eirik Borlaug betalt 12 lot med sølv i skatt og nr 12 på Åfet 19 lot. Det var langt meir enn for dei andre personane i Feios. Det er den siste som eg trur kan ha hatt eit meir lønsamt yrke enn å vere bonde.

Gardsbruk 1563 og 1567

For året 1563 har vi lister over ein pengeskatt og som gir eit sikrare oversyn over bruk som var i drift enn lista frå 1522. For 1567 har vi ei tilsvarande liste over leidangen. I 1563 finn vi Dale og Borlaug med atterreiste bruk. I 1567 finn vi Tjønn, men ikkje Borlaug, Dale og Åfet. Det kan ha vore fleire grunnar til at ein bonde ikkje måtte ut med leidang. Fritak kan vere grunnen for Åfet, men for dei tre andre gardane kan det ha vore reelle endringar. Ei grunn kan ha vore peståtak (om også var årsaka til Svartedauden og øydetida), noko som framleie var vanleg gjennom heile 1500-talet. Det kan såleis gje ei rimeleg forklaring på at ikkje eit einaste bruk vart atterreist i Fresvik på 1500-talet og at det der var stor utskifting i namn på brukarar mellom 1563 og 1567 (04).

Pengeskatt 1603

For året 1603 har vi ein pengeskatt som var utskriven slik at 10 bønder skulle betale ein samla sum. Først på 1600-talet vart det for fleire skattar brukt eit forenkla grunnlag for skattenivå ved at bruka vart delt i tre grupper: fullgard, halvgard og øydegard. Dette systemet var mest brukt på Austlandet og lite i Sogn, men var brukt for skatten i 1603. For Sogn er det ikkje sikkert at ein «øydegard» var eit attreisingsbruk, men kunne vere eit småbruk som hadde vore i drift også i øydetida. Men eg vel å tru at Grindedal var under atterreising i 1603.

Tabell 4 a

Tabell 4 b

Skattematrikkelen 1647

I skattematrikkelen for 1647 får vi greie på namnet på kvar brukar, eigarar av bruket og kor stor landskyld dei kravde inn av ulike landskyldvarer. Landskyldvarene har eg rekna om til laup i desimalsystem. I tabell 4 finn vi på første linje for kvart bruk samla landskyld for bruket og namn på bonden. På neste linje kjem førsteigaren med eige. (Førsteeigaren «eier og bruger», det vil seie at det var han som hadde overoppsynet og samordna arbeidet med landskylda.

Her kjem korte merknader om nokre av bruka i tabell 4. For andre bruk viser eg til Leikanger bygdebok, ættesoga (09).

Torstein og Jens var bønder i Ytre Borlaug. Jens (1608–) var son til Ola Jensson Gjerde som dreiv Ytre Borlaug frå ca 1622. Torstein (–1657), gift med Gudrun Tolleifdtr, var leiglending frå ca 1645. Bruket kan i 1647 ha vore delt mellom dei to, men ikkje eiga. Båe ekte par fekk born, men ingen av borna over tok på Ytre Borlaug.

Mons dreiv eit storbruk på Feidje. Han var gifte med Gyrid Ellingdtr og dei hadde dottera Ingeborg. Dei vert alle borte for oss. Bruket var ekstremt stort og kan ha vore ei samling av 3–4 bruk frå før øydetida. Anders dreiv eit nokså stort bruk på Feidje, men var likevel «slet forarmet», dvs at han ikkje var i stand til å svare skatt. I følgje Lyngvær i Leikanger bygdebok var bruket hans kalla Hagetun (09). Sjå meir om Hagetun seinare.

Sjur Monsson Drege (–ca 1661) var bonde på Dale frå ca 1629. Han var i 1645 gift med Anna Lassedtr Dale (–1700). Dei hadde Johannes 1644, som kom til Drege, og fire døtrer. Anna vart attgift med Jon Botolvson (1638–) og som dermed overtok drifta. Ein son, Sjur 1662, vart brukar etter dei.

Lasse 1604 var leiglending på Lunde 1628–84. I 1645 var han gift med Anna Andersdtr og dei hadde truleg tre søner. Ingebrigt Lasseson 1628 overtok som leiglending på halve garden i 1665. I 1647 var Lasse «slet forarmet».

Sætre var delt mellom Olle og Olluff. Den første var Ola Larsson og som i 1645 var gift med Synneva Knutdtr, og dei hadde 6 born. Ola Larsson overtok bygsling etter faren i 1638. Ola Rognald son var bygslar i 1646. I 1647 var garden delt i to bruk, båe på 1,13 laupar. Men det var mange eigarar, og eiga var ikkje delt mellom bruka. Landskyld varene var smør og i alt 15 kalveskinn. Med oppgitt samla skyld i laupar kan vi rekne oss til at eitt kalveskin vart verd sett til 0,03 laupar. Det var mange menn og guteborn på Sætre (med Sæteri) i 1647. Oluf åleine hadde fem gutar frå 10 år og nedover. Peståtak, eller andre smittsame og dødelege sjukdomar, kan vere grunnen til at dei alle ser ut til å vere borte i 1701, og Sætre var då på nytt samla i eitt bruk.

Tveit manglar i skattematrikkelen i 1647. Garden kan då ha lege øyde. Men i eit dokument frå 1596 er staden nemnt som liggjande «i Dreiges jord» (06). Når Tveit vart kalla plass, må det ha vore ein busett stad. Tveit er nemnt i 1611 og var då kanskje busett som atterreisingsbruk. I ei åstadrettsak i 1690 vart det vist til eit brev frå Mons Dale til sonen Sivert, der han kunngjer at Tveit skal tilhøyre Sivert frå mai 1659, og i eit skifte etter Sivert går det fram at borna hans skulle ha eige i Tveit, og at enkja etter han skulle disponere halvparten av Tveit så lenge ho levde (06). Dette galdt eige. Dale-folka budde neppe sjølv på garden. Tveit kom inn i matrikkelen 1667 med matrikkelskyld 0,75 laupar. Det var då Ola 1614 som var på garden. I åstadsaka i 1690 løyste Johannes Drege inn dei andre arvingane. Ola Eirikson (Smed) og kona hans skulle få drive bruket på livstid, mot å betale Johannes 3 riksdalar i året (06). Dette må vere ein leiglendingskontrakt. Denne Ola må vere Ola 1614. Jamvel om Tveit vart kalla øydeplass, ser vi at han var busett. Tveit vart kanskje seint busett, men eg vel å tru at han var ein attreisingsgard.

Ola og Johannes dreiv eitt storbruk i Berdal, men i praksis var truleg bruket delt. Problemet ved oppsetjinga av skattematrikkelen i 1647var truleg at eiga ikkje var delt. I 1657 var dei båe borte, og Sjur sat på den største delen av storbruket.

Også for storbruket på Hove kan problemet ha vore det same. Vi merkar oss at Kristen Hove hadde stor eige i eit bruk på Feidje.

Lyseboleige og private eigarar 1647

Under reformasjonen i 1537 vart geistlege gods konfiskert av Kongen (krona), men vart framleis drive for seg. Unntak er at det store Lysegodset straks vart selt til ein fut. Sjølve klosteret var rive og steinen brukt til eit slott i Danmark. Men sjølv om godset var selt, førde privilegia til at det lenge vart halde samla. I ettertid har det vist seg at oppgåvene i skattematrikkelen i 1647 gir det beste innsynet i godseiga for Lyse kloster også i mellomalderen. Altså kan eige i 1647 gå tilbake til tida før 1330.

Maren Fuhr var dotter til Tord Benkestokk og enkje etter Anders Lauritzson Fuhr (Heiberg) 1565–1629, fut i Indre Sogn. Futane hadde stor evne til å tilrive seg eige i gardar, men her var det kanskje tidlegare Benkestokk-eige i Feios-gardar som Maren hadde overteke.

Bernt Arntzen Nagel var rik kjøpmann i Bergen, men vart eigar av Kroken i Luster og han busette seg så på Nagløyri ved utlaupet av Årøyelvi. Han flytta seinare tilbake til Bergen.

Vi merkar oss at prestane Eirik Leganger på Leikanger og Peder Hanning i Sogndal er komne inn som jordeeigarar i Feios i 1647. Dei må ha kjøpt gods frå private jordeigarar.

Presteboleiga 1647

Kyrkje- og presteboleige er rekna som den mest stabile eigeforma gjennom øydetida. Rinde kyrkje eigde ca 23 bol i Feios ca 1330. Det tilsvar ca 4,60 laupar i 1647. Men i 1647 var landskylda for eiga til Rinde kyrkje berre 2,83 laupar. Det tyder på at nærpå halvparten av eiga vart selt frå i øydetida. Det som tel mest i dette rekneskapet er bortfallet av den store eiga i Tjønn og Nedre Tjønn.

I 1330 eigde Rinde prestebol 18,75 bol i Feios. Av det var 10 bol i åbølet Rinde. Denne eiga vart truleg rett etter Svartedauden stilt til rådvelde for presten på Leikanger for di prestestillinga i Feios då vart nedlagd. I tillegg kjem 13,00 bol i Drege som var eigd av Leikanger prestebol. Til saman skulle dette tilsvare 5,75 laupar i landskyld i 1647. Men i 1647 hadde Leikanger prestebol 7,80 laupar i landskyld i Feios. Auken kom kanskje av overføring i øydetida til prestebolet av eige som Rinde kyrkje hadde hatt, og altså ei overføring til inntekter for presten på Leikanger. I tillegg henta Sogndal prestebol 0,62 laupar og Aurland prestebol 0,50 laupar i land skyld frå Feios.

I 1330 disponerte presten i Arnafjord sokn landskylda av 6 bol i Sætre. Det tilsvara 1,20 laupar etter øydetida. Men etter at prestestillinga i Arnafjorden vart lagd ned, vart denne eiga, eller deler av eiga, overført til Arnafjord kyrkje. I alle høve tok denne kyrkja 0,33 laupar i landskyld frå Sætre i 1647. Mykje av eiga i Feios til Arnafjordkyrkja, eller Arnafjord prestebol, vart altså blitt borte i øydetida. Samla landskyld for Sætre i 1647 var 2,62 laupar. Det tyder på at Sætre ca 1330 vart verdsett til ca 13 bol. For Sætre var det i 1647 ei sterkt oppsplitta bondeeige, noko som tydelegvis hadde skapt store problem då garden vart delt.

Manntal til kvegskatten 1657

Manntalet i 1657 er namna på brukarane og kor mykje dei betalte i skatt. Grunnlaget for skatten var tal hestar og storfe på bruket. Vi finn følgjande personar, med omrekna skatt til desimalsystem:

Indre Borlaug: Botolv 2,33
Ytre Borlaug: Jens 1,52, Torstein 0,77
Feidje: Nils 3,25, Anfinn 0,33, Endre 1,27, Ingebrigt 1,06, Ivar 0,56, Jon 1,22, Lars («haffuer indtet», truleg Løsebolteig)
Rinde: Peder 2,26
Tjønn: Lars 1,08, Ola 2,29 BEllend 1,04, Hans 2,02
Dale: Sjur 3,00
Lunde: Lasse 2,30
Sætre: Guttorm 0,86, Ola 0,80
Grindedal: Mons og Jon 2,36
Smidje: Asbjørn 1,28
Helleland: Lasse 0,56, Lars 2,08
Åfet: Eirik og Anbjørn 4,29, Knut 2,56
Bergum: Torald 1,55
Stjernegjerd: Johannes (også del av Berdal) 1,36, Tørris 0,52
Berdal: Sjur 2,36, Mons («eijer indtet»), Aslak 0,54, Jon 0,77
Hove: Kristen og Peder 3,29, Ola 2,05
Osen: Lars («eijer indtet»).

Frå ca 1640 vart mange av dei framtidige bøndene i Feios sende ut i krigsteneste. Dei fleste kom aldri tilbake. Dermed vart gamle folk sitjande som leiglendingar til dei døydde. Difor vart nok drifta ofte trappa gradvis ned. Det er difor neppe nokon god samanheng mellom landskyld på bruket og nivå på kvegskatt i 1657. Men vi kan slå fast at Jens Ytre Borlaug, Nils Feidje, Peder Rinde, Lars Tjønn, Ellend Drege, Sjur Dale, Mons og Jon Grindedal, Eirik og Anbjøm Åfet, Sjur Berdal, Kristen og Peder Hove og Ola Hove sat på store bruk i 1657.

Manntal 1661–1665

Før skattematrikkelen kom i 1667, vart det sett opp tre manntal. I følgje Statsarkivet sette futen og sorenskrivaren opp eitt i 1664, men det vi har for Feios, må vere eldre, truleg frå 1661 eller 1662. Eit av prova er at Anfinn Borlaug var 19 år i futen sitt oppsett, men 24 år i 1665–66. Også namna på bøndene viser at futen sine oppgåver må vere eldre enn 1664. Roald Lyngvær i ættesoga av Leikanger bygdebok ser ut til å ha valt året 1661. Då gjer eg det same. Vidare har vi to manntal som soknepresten sette opp: innsende i 1664 og 1666. Eg reknar med at oppgåvene var for 1663 og 1665.

Dei to siste manntala skal ha vore gjennomført utan at det var ei direkte befaling frå København. Men likevel må vi kunne rekne med at eit av føremåla med manntala var å skaffe oversyn over dei som kunne bli soldatar i dei nærmaste åra. Det kjem tydeleg fram i manntalet for Feios i 1663 der berre unge menn som er oppførde med alder. Dei var 13–25 år. Eit anna eksempel er frå futen sitt oppsett. Der har ein tenar på Feidje, Tomas Lasseson 24 år, fått merknaden «svag i brøstet». Helsetilstanden til alle dei andre er ikkje med. Føremålet må ha vore å få fram at soldat kunne han ikkje bli. I 1665 kom også alder på små gutebarn med.

Eit anna hovudføremål må ha vore å få finne fram til korleis skatten på gardsbruk burde fordelast. Dette vart dermed grunnlaget for skattematrikkelen i 1667. Dei tre manntala er skanna inn på nettet av Digitalarkivet og teksten er tolka frå desse originalkjeldene. Manntalet frå 1665 er det mest fullstendige. Det skulle omfatte alle menn på bruket, medrekna små gutebarn, og er inndelt i søner, drenger og «husmenn». Landskylda er i stor grad oppgitt i laup smør, mæle korn og huder. Dette har eg rekna om til laupar i desimalsystem.

Brukarar og landskyld for Feios 1665

Av manntala i 1660-åra har eg lagt mest arbeid i manntalet frå 1665. Historikarar har hevda at matrikkelen i 1667 berre har med samla matrikkelskyld for namngardar med fleire brukarar. Men i manntalet for 1665 har prestane både for Vik og Leikanger prestegjeld delt landskylda på bruka. Dette har eg brukt i følgjande oppsett. Bak kvar namngard har eg ført opp på namn på kvar brukar med oppgitt alder og landskyld i omrekna laupar.

Indre Borlaug: Botolv 75 år, 1,98.
Ytre Borlaug: Jens 38 år, 0,90; enkja (etter Torstein?) 1,89; Eirik 30 år 0,69.
Feidje: Endre 37 år, 4,59; Ivar 50 år, 1,00; Eilif (Løsebolteig) 36 år, 0,14; Peder 41 år, 3,15; Ingebrigt 32 år, 1,06; Jon 45 år, 1,50; Hans 20 år, 2,35.
Rinde: Peder 40 år, 3,31. Tjønn: Ola 80 år, 1,20; Anders 25 år, 1,45. Drege: Hans 50 år, 2,14; Elling 36 år, 1,82.
Tveit: Johannes 20 år, 0,37. Dale: Jon 28 år, 2,20.
Grindedal: Mons 58 år, 1,00. Lunde: Lasse 60 år, 0,56; Ingebrigt 35 år, 0,50.
Sætre: Guttorm 64 år, 0,65; Arne (Sæterli ?) 30 år, 0,45; Ola 40 år, 0,65.
Smidje: Asbjørn 44 år, 1,00. Helleland: Jon 42 år, 0,50; Simon (? år) 0,87.
Åfet: Knut 47 år, 2,00; Torald 45 år, 1,50; Torstein ? år, 2,80.
Bergum: Anbjøm 42 år, 1,17. Sternegjerd: Tomas 40 år, 0,82; Johannes 42 år, 1,22.
Berdal: Jon 58 år, 1,92; Aslak 34 år, 1,00; Anfinn 26 år, 2,02; Beint 20 år, 2,02.
Hove: Peder 47 år, 2,50; Ola 62 år, 2,00.
Osen: Lars 47 år, 0,33.

Det har vore problem med tolking av landskyldoppgåvene i det skanna materialet, og ein kan også tvile på om presten hadde pålitelege oppgåver. Nokre viktige endringa frå 1647 kjem likevel fram. Vi kan såleis slå fast at storbruket i Berdal, som var drive av Ola og Johannes i 1647, no var delt mellom Anfinn og Beint. På Feidje var storbruket der delt i mange bruk. Men det var likevel mange store bruk i Feios. På Åfet var det eit bruk med landskyld 2,80 laupar, og på Hove var storbruket på 4,5 laupar delt mellom Peder og Ola. Vi må tru at Allehelgensgodset var eigar av bruket som Peder var leiglending på.

Husmann eller innerst?

I bind 2 av Leikanger bygdebok (ættesoga) er det ført opp svært mange husmenn i Feios på 1600-talet (09). Det trur eg er feil, og vil grunngi det nærare.

Professor Knut Mykland hadde i verket «Norges historie» ei omfattande drøfting av manntala i 1660-åra (10). For kvart bruk skulle inndelinga vere: bonde, søner, drenger og husmenn. Han skreiv at manntalsførarane brukte rubrikken husmenn som ein sekk for alle som ikkje høvde inn under dei tre første rubrikkane. Det vart ei svært samansett gruppe. På denne tida hadde ordet husmann eit anna innhald enn som det fekk seinare. Til dømes vart kårfolk og nyryddingsmenn (så lenge dei var fritekne for skatt) kalla husmenn. Ein fut brukte overskrifta «Husmend og ledige Karle». Altså kom karar som ikkje var i fast arbeid på eit bruk inn i husmanns rubrikken.

I ei liste over husmenn på Voss vart det skrive at alle var fattige, «hvoraf de fleste går omkring og betler» (10). I til svarande manntal for Vik i 1665 går det fram at mange av «husmennene» var tiggarar. Til slutt for bygda finn vi eit oversyn over strandsitjarar på Vikøyri. Det blir innleia med: «Foruden offuer bem(elte) fattige Huus-Folk...». Det som no vart kalla fattige husfolk må finnast innan den store gruppa av «husmenn» i manntalet. Om strandsitjarane på Vikøyri står det at dei korkje sår eller haustar, og med kvinner og born tyngjer dei ned «almuen» og hentar den daglege føda hjå dei; «stædet til største udarmelse». «Husmenn» kan også hatt yrke utanom bruket, som å drive handel eller eit handverk (til dømes som smed). Men slike personar finn vi merkeleg nok ikkje i manntala i 1660-åra i Vik eller i Feios.

Også i Nordhordland var husmannsgruppa svært variabel på 1600-talet (07). Dei fleste var svært fattige. Prestar erga seg over at mange ikkje ytte noko til kyrkjefellesskapet og i 1666 stemnde presten i Hamre ni «husmenn» i Meland sokn fordi dei ikkje, som andre «husmenn», utføre arbeid for han på preste garden (07). Slikt pliktarbeid kom for dei som ikkje gav offer eller ytte tiend.

Vi må kunne slå fast at det var få som hadde husmannsplass med jordbruksproduksjon på bruk i Sogn på 1600-talet. Mange var husfolk (innerstar) eller tiggarar. Dei fleste som ikkje var innerstar var strandsitjarar som dreiv fiske og/eller transport.

I ei forskrift i 1670 vart det fastsett at bonden på eit matrikulert bruk var ansvarleg for skatten til dei som var busette på bruket. Det gav grunnlaget for husmannsplassar med jord under bruket, men som først fekk noko omfang i Sogn frå ca år 1740. Husmennene var deretter med på å betre jordvegen på plassane, utan at det kom etterkommarar til gode. Povel Juel hevda i boka si frå 1722 at nyordninga førde til auka jordbruksproduksjonen, men han såg ulempa med at husmennene utan godtgjersle forbetra jorda på bruket (03). Men eit motsett syn vart etter kvart meir vanleg: Husmenn hadde store føremoner av at dei ikkje betalte matrikkelskatt.

Innerstar og husmenn på Feidje

I Feios finn vi flest «husmenn» på 1600-talet under Feidje i Leikanger bygdebok (09). Grunnlaget var mest manntala i 1660-åra og dei var alle personar (med eller utan born) som ikkje var bønder eller bondesøner. Soknepresten tok i 1665 også born under 12 år med, og under storbruket til Endre Feidje finn vi: Lars 50 år med borna: Antoni 10 år, Mons 8 år, Lasse 6 år og Ivar 3 år. Denne Lars var kanskje Lars Lasseson, 44 år, i 1661-manntalet. Lars og kona kan ha vore innerstar og viktig arbeidskraft på storbruket. Antonius finn vi seinare att som sagmeister i Osen, og Lasse var i 1701 bonde på Feidje. Under bruket til Ivar Feidje finn vi i 1665 berre Lars 4 år som «husmann». Vi kan tippe på at han var fosterson hjå Ivar. Under bruket til Jon Salomonson Feidje finn vi i 1665 følgjande «husmenn»: Lars Jensson med sonen Jens 4 år, Salmund 80 år, Arne 48 år, Botolv 60 år, Haldor 52 år, Ola Andersson 50 år, Anders 1 år. Salomon er utvilsamt far til Jon, og han kan ha budd i eit kårhus saman med to (ugifte?) søner: Arne og Haldor. Dei to siste kan ha teke på seg tilfeldig arbeid på namngarden og skulle såleis ikkje stå som drenger på bruket. Som Botolv Paulson, Lars Jensson og Ola Andersson står dei alle oppførde som husmenn i Leikanger bygdebok, bind II (09). Dei to siste familiane kan heller ha vore innerstar eller strandsitjarar (i allmenningen på austsida av elvosen?).

Soldatutskrivinga

I manntalet 1665 var det berre 13 menn i alder 26–35 år i Feios (tabell 5). Det må ha ein samanheng med krig og krigsrusting. I den katastrofale tapskrigen mot svenskane 1657–59 var nærpå ein av fem vaksne norske menn med. Dei fleste måtte vere ungdomar. Historikarar har hatt ulike meiningar om konsekvensane av dette. Sverre Steen meinte tydelegvis at næringslivet kunne gå som før. Men legg til: «Bøndene mistet riktignok drengene sine» (12). Vi har liten innsikt i kor omfattande utskrivinga var i sognebygdene. Men det gjev grunn til å tru at tap i strid og sjukdomar under krigshandlingar i desse åra er hovudgrunnen til låge tal for menn i årsklassane 16–25 og 26–35 for året 1665 i tabell 5.

Åra på 1660-talet var fredelege, men det var då systemet med legdesoldatar vart utbygt. Frå 1675 vart legdesoldatar i mengdevis sendt i krig og dei fleste kom ikkje tilbake. Det førde til eit stort underskott av unge menn i sognebygdene minst fram til 1730.

Av tabell 5 ser vi at mangelen på unge menn i 1665 var større i Feios og Arnaf]orden enn i Vik. I Vik var det då 16 heimeverande soldatar, i Arnafjord sokn 8. I Feios finn vi ikkje ein einaste heimeverande eller utplassert soldat! Ein tenkjeleg grunn kan vere at unggutane vart sendt ut av bygda for opp trening fordi det ikkje var nokon offiser i bygda. Men då burde vi ha funne desse soldatane att i grannebygdene. Det gjer vi ikkje. Ein annan tenkjeleg grunn enn soldattap er at det har vore stor barnedød i åra 1640–50. Ein annan grunn kan vere at unggutane har reist frå bygda for å bli rydningsbønder i bygder som Fresvik, Jostedal og Fjærland. Ein siste grunn kan vere at mange unggutar reiste til Bergen for å verve seg til utanlandsfart. Kanskje var det slik at bøndene i Feios var lite interessert i faste tenestefolk, for i onnene kunne dei utnytte den store gruppa av fattige innerstar i bygda.

Militærvesenet var korrupt. Til dømes kunne offiserar kjøpe seg stillingar. Ein annan metode var å ta seg betalt for at ein unggut skulle sleppe militærteneste. I ein tvist i 1681 med sonen Ola om leiglendingsretten sa Marita Fjærestad i Vik at ho og mannen hadde betalt for at Ola skulle sleppe unna militæret. Men no kom Ola og ville ta bruksretten frå dei. Kanskje var slikt frikjøp lettare å få til i Vik enn i Amafjorden og Feios?

Storgarden Feidje i 1665

På Feidje var brukartalet auka frå fem i 1647 til seks i 1657 og 1665. Det mest nærliggjande er å tru at storbruket på 5,11 laupar i 1647 er blitt delt, men det må også ha skjedd andre endringar. I 1657 betalte Nils Feidje 3,26 riksdalar i kvegskatt. Endre 1,27 rd, Jon 1,22 rd, Ingebrigt 1,06 rd, Ivar 0,56 rd og Anfinn 0,33 rd. Det kan såleis ikkje vere tvil om at Nils Feidje dreiv det meste av storbruket vidare. Han var velståande, men hadde neppe nokon son som kunne drive bruket vidare. Han døydde truleg ca 1659, og då enkja gifte seg med Anders Hansson Tue frå Balestrand, vart det han som vart leiglending på stor bruket. Han døydde truleg i 1663, og då kan det sjå ut som Endre Helgeson (1624–) skifta bruk, for i 1665 sat han på eit bruk med landskyld på 4,18 laupar. I 1681 var Endre lagrettemann. Han hadde dottera Solveig som gifte seg men Lasse Larsson Feidje (1659–1713) og som var bonde på Feidje i 1701. Då det var skifte etter Lasse i 1714 var dei barnlause, men Lasse hadde broren Antonis som var sagmeister i Feios. Dei to har eg tidlegare rekna opp som innerst søner på Feidje. Storbruket gjekk over på Nils Lasseson Helleland. Nils hadde fire døtre: Anna vart gift til Ytre Borlaug og Kari til Midlang i Vik. Dei to siste var Synneva (-1701) og Sigrid. Synneva gifte seg ca 1676 med Anfinn Johannesson Rinde (1637–) og Sigrid ca 1689 med Anders Anfinnson Vangsnes (1648–1724) frå storbruket Inr 192+193. Storbruket på Feidje var delt mellom dei to. I 1701 finn vi difor ektefellane deira, Anfinn og Anders, som bønder på delbruka. I 1701 dreiv Nils Anfinnson (1777–) saman med faren. Han gifte seg 1703 med ei jente frå Mundal i Fjærland, og då dei nokre år seinare flytta til Mundal, var det dottera Kristi som i 1723 var på bruket saman med mannen Anders Trulsson Ulvestad frå Vetlefjorden. Dei gifte seg i 1711. Ved skiftet etter Anders Anfinnson hadde enkja borna: Anders, Gjertrud og Åsa. Då hadde alt Anders Anderson overteke på bruket.

For dei andre bruka på Feidje skjedde det i åra 1647–1665 mange og raske endringar, noko vi kan følgje i den mellomliggjande kvegskatten og i dei tre manntala. Tre bønder sat kanskje på same bruket i 1665 som i 1657: Ivar, Ingebrigt og Jon. Ivar dreiv 1 laupar i 1665 og var utvilsamt småbrukar. Han var den eldste av bøndene på Feidje i 1665; 50 år. Ingebrigt dreiv i 1665 eit bruk på 1,05 laupar og Jon eitt på 2,00 laupar. Vi vil seinare sjå at Ingebrigt var på eit bruk som vart kalla Hagetun. Tunet låg for seg sjølv, aust for klyngetunet. Jon var utvilsamt son til Salomon som var bonde på Feidje i 1647. Jon var i 1665 truleg den einaste bonden på Feidje som var fødd på garden. I 1661 og 1663 er det berre oppgitt 5 bønder på Feidje. Då kan eitt av bruka ha lege øyde. I 1665 var ein som heitte Peder (41 år) ny bonde på Feidje. Han dreiv eit bruk på 2,60 laupar. I 1701 vart Peder Anfinnson Feidje gravlagd. Fram til 1719 var ikkje alder for gravlagde opp gitt i kyrkjeboka for Leikanger prestegjeld, men vi får tru at dette var Peder i manntalet i 1665.

For Feidje fører soknepresten i 1665 opp ei samla landskyld på 13,60 laupar. I 1723 var matrikkelskylda for namngarden 12,50 laupar. Til samanlikning var det same tendens for store namngardar nede i bygda i Vik (01). Der var konklusjonen at årsaka kunne vere at bønder på desse bruka i 1660-åra truleg dreiv øydejord oppe i dalane og som dei hadde mist innan 1723.

 

Folketalet

For manntalet i 1665 kan vi studere alderssamansetnaden.

I tabell 5 er oppgåvene for Vik og Amafjord sokn henta frå boka «Jordbruket i Vik» (01). Første aldersgrupper er for 5 år, resten for 10 år. Dei første åra var på denne tida den mest kritiske, med svært mange dødsfall. Men vi ser av tabellen var det langt frå dobbelt så mange i gruppa 6–15 år i 1665 som i første gruppe, så barnedødsfalla i denne andre gruppa var nok også stor. Ei medverkande årsak til det var truleg koppar som slo til med 5–10 års mellomrom. Det låge talet av menn i alder 16–35 kom truleg mest av soldatutskriving.

Sist i 1690-åra var det svært vanskelege år klimatisk. Det galdt særleg 1698. Det er kjent at i naudsår, og året etter, vart det fødd færre born enn vanleg. Det kan vere ein hovudgrunn til få born i gruppe 0–5 år i Feios i 1701.

I Feios var det i 1701 fleire heimeverande soldatar. Men få år etter starta den store nordiske krigen. For Nordhordland er det funne at minst 1500 menn var utskrivne innan åra 1709–1719 (07). Med same reknestykket må vi kunne gå ut frå at ca 30 feiosingar var ute i krigen. Kanskje opp mot halvparten døydde ved strid og av sjukdom.

Vi ser av tabell 5 at det var nedgang i mannspersonar i Feios frå 1665 til 1701. Denne nedgangen kom i aldersgruppa 0–5 år og for gamle folk.

Manntal 1701

Manntalet for 1701 skil seg frå dei i 1660-åra ved at det er berre bønder, bondesøner, tenarar og utplasserte soldatar som står under matrikkelgarden. Resten er samla til slutt under prestegjeldet i ei gruppe for seg. For Vik prestegjeld var overskrifta for denne gruppa: «Husmænd, ødegårdsmænd, inderster, håndverckere og deslige». Dei aller fleste i gruppa som vart førde opp med gardsnamn var innerstar, nokre få står som husmenn. Som eige oppsett kjem dei som budde på Vikøyri. Dei vart kalla husmenn utan jord.

Vi kan merke ein skilnad for «husmannsgruppa» i manntalet for 1701 mellom Vik og Leikanger prestegjeld. I det første blir dei fleste av desse familiane kalla innerst. I det andre blir ikkje ordet innerst brukt i det heile. I Feios vart difor alle kalla husmenn. Åtte personar står under «Stranden i Fejås». Dei kan alle ha vore busette på allmenningane vest og aust for elvosen. Ein av dei vart kalla håndverksmand (men var skreddar), og Turi, 40 år, vart kalla huskone.

For Feios kan vi påvise to husmannsfamiliar på Indre Borlaug i 1701-manntalet. Der var Hermund Markusson Grønsberg (frå Vik) 40 år med sonen Markus 9 år og Ola Monsson 36 år med sønene Samson 12 år og Mons 7 år. Båe familiane døydde truleg ut i dei vanskeleg åra fram mot 1720. Men vi finn dei ikkje som gravlagde i kyrkjeboka. I alle høve er ikkje Hermund, eller etterkomarar etter han, med då det var skifte i 1728 etter broren Jon Seljestø i Vik.

Dei andre fem familiane vi då finn på gardane i Feios under gruppa i 1701 kan all ha vore innerstar. Det var ein på Feidje, to på Rinde, ein i Berdal og ein i Osen. Den som sikkert kan omtalast som husmann av dei fem er Rasmus Arneson «Borlaug» (1665–). Han gifte seg 1698 med Marita Arnedtr (ca 1678–1727). Borlaug må vere tenaradresse for Rasmus. Han var truleg son til ein innerst frå Feidje. Rasmus og Marita fekk Ola 1700 på Feidje og det var opphaldsadresse for familien også i 1701. Men dei vart kanskje deretter ei kort tid på Hove, for sonen Jesper 1703 vart fødd på denne namngarden. Rasmus vart attgift 1729 med Sigrid Larsdtr «Rinde». Rinde var truleg tenaradresse. Dødsfalla til Rasmus og Sigrid finn vi ikkje i kyrkjeboka, men det var skifte etter Sigrid i 1743. Det galdt husmannsplassen Skaffarbakken under Rinde. Plassnamnet tyder på at Rasmus hadde vore skyss-skaffar. Sonen Jesper Rasmusson (1703–1769) gifte seg 1731 med tenaradressa Feidje. Han vart strandsitjar i Osen. (Sjå meir om Sigrid og to systrer i neste kapittel.)

Etter mitt syn er det lite sannsynleg at det vart oppretta husmannsplassar med jord på det vesle bruket Osen på 1700-talet. Dei som budde der i 1701 var mest truleg innerstar. I tillegg var det då fire strandsitjarhus på allmenningane i Osen. På denne tida var det vanleg i Sogn at det kom busetnad i strandallmenningane. Det kom truleg av at bøndene ikkje var organiserte. Dei hadde frå gamalt av kvar sin båtplass eller naust, og verna berre om det. Eit eksempel på dette er at ein bonde i Feios reiv ned eit hus som vart sett opp på ein stad der han hadde hatt båtplass. I retten fekk han ikkje medhald i handlinga. Futen hevda at dette berre ville ha vore lovleg dersom også dei andre brukarane som hadde rett til allmenningsplass meinte at strandsitjaren skulle fordrivast (06).

Ein grunnleggjande skilnad på 1700- talet for våre bygder var at ein innerst budde i hus som høyrde til bruket, medan ein husmann var eigar av husa på plassen.

Skiftet etter Sigrid Larsdotter

I skiftet etter Sigrid Larsdtr på plassen Skaffarbakken i 1743 går det fram at ho hadde to arvingar: ei syster som heitte Brita og ei systerdotter Asgjer Mons dtr. For vidare oppklaring er det ein føremon at Brita var eit lite brukt namn i Feios på denne tida og at Asgjer var eit svært uvanleg namn. Det er dessutan viktig å vite at kyrkjebøkene for Leikanger omkring 1743 framleis var svært mangelfulle både når det gjeld dåp, vigsler og dødsfall.

I følgje skiftet var Brita Larsdtr då gift med Botolv Olason. I kyrkjeboka finn vi at Brita Larsdtr Osen døydde i 1763 og at ho var fødd ca 1680. Under ekstraskatten i 1762 (skanna under Digitalarkivet) finn vi dei to busett i eige hus på garden Osen. Men mannen Botolv finn vi ikkje som gravlagd i Feios. Botolv Osen og Brita Njøs gifte seg i 1707, og det må vere våre folk. 

Den tredje av dei tre systrene trur eg vart gift med enkjemann Mons Olason Hagetun. Dottera Asgjer fekk sikkert namnet sitt etter første kona til Mons. Marita Larsdtr Hagetun døydde i 1739 og Mons Hagetun i 1743. Men fødsel for dottera Asgjer og ekteskap for Mons og Marita finn eg ikkje i kyrkjeboka. Det merkelege er at Marita Larsdtr hadde ein namnsyster som i 1707 gifte seg med ein Botolv Olason. Dei vart leiglendingar i Osen. 

Kven var faren Lars? Sigrid hadde gardsnamnet Rinde då ho gifte seg, og Brita hadde Njøs. Det kan båe vere tenaradresser. Men den aldrande Lars Olason Njøs (1632–1726) var bonde på Njøs i 1701 og hadde då to søner. Dersom han var faren, kan det ikkje ha vore søner eller born etter dei i 1743. Det finn eg ikkje ut av gjennom skifter eller personar i kyrkjebok for Leikanger. 

Bønder i Feios 1701–1723 

Ved matrikkelførebuinga i 1723 skulle bøndene gi opp om dei hadde husmannsplass på bruket. Då finn vi berre fire plassar i Feios, ein på kvar av namngardane Feidje, Tjønn, Berdal og Hove. Vi merkar oss at plassane i Indre Borlaug i 1701 manglar.

Tabell 6

Det følgjande er eit oversyn over brukarane i Feios i perioden. 

Indre Borlaug: Ola Botolvson (1645–1709) hadde overteke etter faren. Han hadde i 1701 sonen Ola 18 år. Han hadde ei langt yngre kone i andre ekteskap: Brita Botolvdtr (1669–1773). Enkja gifte seg 1710 med Johannes Anfinnson Feidje (1685–1753). Han var son til Anfinn Johannesson og var heime på Feidje i 1701. Av di dette var eit leiglendingsbruk, måtte Ola 1682 bort frå bruket. I 1701 var det to husmannsplassar under denne garden. I 1723 vart det innført at det ikkje var husmenn der. Husmann Peder Olason (1691–) og kona Synneva fekk i Borlaug; Gyrid 1717 og Ola 1727, men dei kan ha vore utanfor bygda i dei mellomliggjande åra. Dei reiste dessutan truleg frå bygda etter 1727. 

Ytre Borlaug: Peder Hansson Fimreite (1647–1715), av rik ætt, var gift med Anna Nilsdtr Feidje (–1714), også ho var velståande. I mars 1715 var det skifte etter dei. Då vart gardseige dei hadde i Borlaug, Feidje og Fimreite delt mellom borna; Karen ca 1677, Unni 1679, Ingeborg 1686 og Hans 1693. I tillegg hadde dei Nils (1681–1708) som truleg dreiv bruket saman med faren frå 1701. Hans (1693–1720) var yngst. Han gifte seg 1715 med Steinor Oladtr Øvre Mundal (–1742) og overtok drifta. Dei fekk Peder 1716, Randi 1717–32, Hans 1721. I 1723 eigde Prebendegodset ½ laupar i Ytre Borlaug, resten av landskylda, ca 3 laupar, var eigd av familiemedlemer. Familieeiga var så stor at odelslova kunne brukast. Ein av eigarane var Knut Eirikson Midlang (1689–1760) frå Vik. Mor hans var syster til Anna Nilsdtr. Problemet vart løyst ved at Peder 1716 overtok ⅔ av garden og Knut ⅓. Men enkja Steinor gifte seg på nytt 1721 med Peder Jonson Huke (1691–1765) frå Leikanger og dei dreiv delgarden for Peder 1716 til han vart vaksen. 

Gardseiga var blitt splitta opp ved arvedeling gjennom to generasjonar, og det førde til komplisert oppdeling av landskylda. Eiga av geiteskinn i Ytre Borlaug i 1723 var såleis fordelt slik: Hans Fimreite 2/3 skinn (= 6/9), Frik Hanevik 2/9 skinn, Sjur Hansson 2/9 skinn, Peder Jonson 2/9 skinn. Knut Eirikson 1/3 skinn, Guttorm Midlang 1/3 skinn. Til saman blir dette 18/9 og altså 2 geiteskinn. Futeenkja Maren Fur eigde 2½ laupar, 2 geiteskinn og 3 mæle kom i Ytre Borlaug i 1647. Det er altså denne eiga som i 1723 var blitt til opp splitta bondeeiga. 

Vi kan merka oss at etter deling var matrikkelskyld: 2,34 og 1,17 laupar. Dette var uendra fram til ommatrikuleringa i 1838 (Inr 146 og Inr 147 i kjelde nr 05). Truleg hadde dette vore sjølveigde bruk frå 1721. 

Feidje: Omkring 1690 var storbruket til Endre Helgeson delt mellom døtrene Synneva (–1701) og Sigrid, gifte med Anfinn Johannesson Rinde (1637–) og Anders Anfinnson Vangsnes (1648–1724). Den siste var frå storbruket på Ytre Vangsnes, Inr 192+193 (sjå kjelde 02). I 1701 hadde Anders sønene Anfinn 1694 og Anders 1699. Den første døydde ung og det var Anders Andersson som vart neste brukar. Det var skifte etter kona til Anfinn Johannesson i 1702 og då hadde dei borna Nils, Johannes, Kristi og Sigrid. Nils 1677 dreiv i 1701 saman med faren, men han gifte seg til Øvre Mundal i Fjærland. Johannes kom til Indre Borlaug. Dottera Kristi gifte seg 1711 med Anders Trulsson Ulvestad frå Vetlefjorden og det var dei som dreiv bruket i 1718 og 1723.

Sjur Sjurson Berdal (1657–1745) var gift med Brita Sjurdtr Dale (1649–1733). Dei hadde fleire born. Eldst var Sjur 1681–1707.

Nils Larsson (1656–) var gift med Kari Sjurdtr Dale (–). Nils var neppe frå Feios. Kari var syster til Brita, som var kona til Sjur Sjurson Feidje. Nils og Kari fødde born på Feidje til 1710. Deretter blir familien borte. Det var truleg dette bruket som vart bygsla frå 1706 av Ola Alfson Fosse (1680–1761) og Gjertrud Ellingdtr Hove (1674–1746) frå Inr 33 og Inr 71 i Vik. Gjertrud hadde broren Tor som kom til Høgheim i Fresvik. Mor til Gjertrud var Guri Oladtr (–1716) og ho var kanskje frå Feios. Ho vart attgift med Ingebrigt Hopperstad, ein bror til Nils som kom til Berdal. Dessutan gifte to systrer til Peder Huke i Borlaug seg til heimgarden til Gjertrud i Vik.

 

Ingebrigt Andersson Feidje (1632–1709) hadde i 1701 sonen Knut 1694. Då Knut vart fødd, var Ingebrigt godt over 60 år! Kona hans burde vi finne i kyrkjeboka, men presten på Leikanger brydde seg lite med å føre inn gravlegging av kvinner. Knut Ingebrigtson (1694–1779) gifte seg 1720 med Brita Andersdtr «Vangsnes». Brita kan ha vore dotter til Anders Anfinnson (Vangsnes) Feidje og ha vore hjå slekta si på Vangsnes då ho gifte seg. I alle høve kom Knut og Brita til Inr 192 på Vangsnes. Konene til Knut hadde kort levetid, og i alt vart han gift fem gonger! Ei av dei var frå Tjønn (sjå meir der). Ingebrigt hadde og dottera Brita som i 1723 vart gift med Jon Pederson «Tryti» frå Vik. Tryti var utvilsamt tenaradresse. Truleg var dette Jon Person Vikøyri (1698–1774), for kona hans heitte Brita. Dei to budde på Vikøyri og fekk fleire born. «Engelbricht Hagetun» døydde i 1709. Det gir grunn til å hevde at Ingebrigt var på Hagetun. Dette bruket vart deretter delt mellom Tomas og Mons. Den første må vere Tomas Kristofferson Helleland (1675–1752) gift 1707 med Anna Ingebrigtdtr Lunde (–1754). Tomas var i 1701 utplassert soldat på Ytre Borlaug og var då 24 år. I Leikanger bygdebok, ættesoga, er huslyden førde opp under Osen og med merknader om at dei først var på Helleland. Men då dottera Gjørond 1716 vart døypt var stadnamnet Feidje. Tomas og Anna vart gravlagde med stadnamnet Teigen. Dei var då kanskje komne til ein husmannsplass. Mons Olason «Grindedal» (1673–1743) gifte seg 1709 med Asgjer Kristofferdtr Helleland (1669–1721), ei syster til Tomas. Ho døydde på Feidje. Dette paret har bygdeboka plassert under Osen med to born med namnet Sjur, fødde i 1709 og 1710. Dette er neppe rett. Mons og Asgjer kom truleg til Feidje på same tid som Tomas og Anna. Grindedal må vere tenaradresse for Mons. I manntalet for 1701 finn vi to alternativ for han. Det var tenarar i 1701 med namnet Mons Olsen, ein var på Bergum og var 22 år og ein var 24 år og var på Vangsnes. Gjøri Monsdtr Hagetun, 24 år, døydde i 1741. Dåpen (i 1717?) finn vi ikkje i kyrkjeboka. Jamvel om eg ikkje finn vigsla i kyrkjeboka, trur eg at Mons vart attgift med Marita Larsdtr (1687–1739) og at dei fekk ei dotter Asgjer. Dette er også omtalt under skiftet etter systera Sigrid Larsdtr på Skaffarplassen. Marita må altså ha gift seg med enkjemann Mons Olason og dei hadde ikkje andre born etter seg enn Asgjer Monsdtr i 1743. Både Mons og Marita døydde med stadnamnet Hagetun.

Eirik Johannesson Hove (1636–1706) vart bonde på Feidje og hadde dottera Helga. Helga Eirikdtr Feidje (–1705) gifte seg 1704 med Ola Tollakson Torsnes, Balestrand (1678–1742). Ho døydde truleg i første barsel og Ola vart attgift 1707 med Unni Toralddtr Åfet (1670–1743). Dei fekk Helga (1708–09), Helga (1710–45) og Anna 1712. Etter at Helga døydde, flytta truleg Eirik til Åfet, der han døydde. På Åfet var sonen Torstein bonde. Ola var bonde på Feidje i 1723. På bruket var det i 1723 ein husmann.

Lasse Larsson Feidje (1659–1714) gifte seg 1693 med Solveig Endredtr. Ho var dotter til Endre Helgeson Feidje, som var brukar på Feidje i 1665. På bruket var i 1665 (som innerstar?): Lars 50 år med borna Antonis 10 år, Mons 8 år, Lasse 6 år og Ivar 3 år. Lasse må ha overteke noko av bruket etter Endre. Ved skiftet etter Lasse går det fram at paret var barnlaust og vi får stadfest at han hadde brødrene Antonis og Ivar. Det kom nye folk til på bruket. Det var Hans Toraldson Åfet (1673–1754) gift 1716 med Brita Sjurdtr og som truleg var dotter til Sjur Sjurson på Feidje.

I 1723 var samla matrikkelskyld for Feidje-bruka (medrekna Løsebolteig) 12,75 laupar. Det var det også i 1838. Men frå 1723 til 1762 var tal bruk redusert til 6. Det var det også i 1838. Men fram til 1762 må det også ha skjedd ei omstrukturering for berre bruket til Anders Trulsson har same skyld i 1838 som i 1723 og vart då Inr 150 (05). Ein del av omstruktureringa var truleg at Anders Andersson Feidje i 1743–44 kjøpte eige i Feidje som omrekna tilsvarar 1,42 laupar. I 1718 og 1723 var dette eige til Blixencrone. Denne parten vart seinare samla i eit bruk som vart kalla Feidjeteigen og vart truleg driven av dottera Sigrid og mannen hennar. Dette vart truleg Inr 151 i 1838 (05).

Løsebolteig var i 1701 driven av Ola Lasseson Lunde (1645–), gift 1697 med Helga Oladtr Feidje. I 1723 vart det skrive at småbruket var blitt utmark og låg under bruket til Hans Taraldson. Mitt syn er at dette kan ha vore eige for godset til Lyse kloster frå før øydetida og at eit meir opphavleg namn var Lyse-bol-teig.

Rinde: På Rinde var Johannes leiglending fram til han døydde før 1657. Enkja Synnøva Tomasdtr gifte seg med Peder (1625–) og dei var på Rinde fram mot 1684 (09). Då flytta inn frå Tjønn: Anders Larsson (1641–1726) gift med Kari Johannesdtr Rinde (–1701). Han gifte seg på nytt i 1702 med Turid Åfet (1661–1747), ei syster til Hans på Feidje. Anders var 62 år då han gifte seg i 1702 og i 1723 var han framleis bonde! Men i følgje bygdeboka bygsla sonen Åmund (1697–1738) jord i Rinde frå 1720 (09).

Tjønn: Lars finn vi som bonde på Tjønn i 1647 og i manntalet for kvegskatten i 1657. Han var i 1645 gift med Marta Larsdtr og hadde ei dotter Sigrid. Lars døydde før 1661, for i futen sitt manntal i 1661 finn vi sonen Anders Larsson Tjønn (1641–1726) som bonde på Tjønn og i kolonna for søner står: «16 år, Laurits Lassesen, en enkes søn». (Lassesen må vere feilskrift). Anders var gift med Kari Rinde, og dei flytta til Rinde i 1684. I tillegg til Anders var Ola bonde på Tjønn i 1665. Ola var fødd ca 1584 og gift med Magdeli Knutdtr. Vi finn ikkje etterfølgjaren direkte, men ei arvesak tyder på at neste brukar var son til Ola og heitte Ola (09). Kanskje var Ola Olason gift med Sigrid Knutdtr (1637–1720) som døydde på Tjønn. Etter Ola kom Endre Torsteinson Tuftedal (1651–) frå Balestrand. Dottera Kari kom til Helleland. Både Anders og Endre ser ut til å ha hatt ei dotter som heitte Guri.

Guri Andersdtr Tjønn (1671–1748) gifte seg med Lasse Torson Ytre Hamre (1663–1730). Dei hadde mange born etter seg. Dottera Sigrid, fødd 1703, gifte seg 1723 med enkjemann Knut Ingebrigtson (Feidje) Vangsnes. Ho døydde truleg i 1725–26, men dødsfallet (gravferda) står i kyrkjeboka først i 1729. Det merkeleg er at det var skifte etter henne på Vangsnes i 1728, og der går det fram at dette skiftet vart halde først etter at også den tredje kona til Knut var død. Ho døydde i 1727! Grunnen kan vere at Sigrid vart borte på fjellet og vart først attfunnen i 1729. Det var berre død av gravlagde personar som kom i kyrkjeboka.

Guri Endredtr Tjønn (1685–1749) gifte seg 1709 med Ola Knutson Husabø (1680–1749) frå Leikanger.

Drege: I 1690 gifte Lasse Jonson Dale (1665–1725) seg med Helga Beintdtr (1669–1751) og dei var i 1701 leiglendingar på Drege. Ho var kanskje dotter til Beint Berdal, som var 20 år i 1665. På det andre bruket på Drege var Johannes Sjurson Dale (1644–94). Enkja etter han, Anna Johannesdtr (–1713) frå Rinde, gifte seg 1700 med Peder Olason Føli (1661–1718) frå Inr 19 i Vik. 1 1723 var det Sjur (1678–1733) som var brukar. Han gifte seg 1719 med Anna Nilsdtr Berdal (1704–85). Denne Sjur var truleg også frå Berdal og son til Ola Sjurson, for i 1701 var Sjur Berdal heime, var reservesoldat og 21 år.

Tveit: I manntalet for 1701 er Tveit førd opp saman med Drege. Det er skrive inn tre bønder, og her vel eg å plassere Jon Botolvson, 64 år, under Tveit. Jon finn vi ikkje i kyrkjeboka, heller ikkje som gravlagd. Kanskje han drukna? I 1718 er Tolleif Bøtun, Eirik Breili og Sjur Dale førde opp som brukarar, men då dei to første budde i Fresvik, er det meir rimeleg at dei berre var eigarar. Det får vi stadfesta i 1723 då Tolleif, Eirik og Mons var eigarar og Mons brukar. Mons Sjurson Dale (1689–1754) gifte seg 1721 med Sigrid Hermunddtr Bruhjelle (1687–1735) frå Balestrand.

Dale: Far til Jon Bårdson (1627–1702) finn vi ikkje i Feios i manntala i 1645 og på 1660-talet. Jon kan difor ha kome frå ei anna bygd og gift seg med ei enkje i Dale. Truleg sat han i 1701 på eit kårbruk og som gjekk inn att i hovudbruket då han døydde. Sjur Jonson Dale (1662–1737) var gift med Kari Jondtr (–1720). Dei hadde mange born som levde opp.

Lunde: Ingebrigt Larsson Lunde (1628–1733) var frå garden. Han hadde fleire born. Kona er ukjend. Torstein Ingebrigtson Lunde (1673–1759) overtok lenge før faren døydde. Han gifte seg 1704 med Synneva Halvardtr Sætre (1668–1757).

Sætre: I 1660-åra var det uvanleg folksamt på Sætre, med fire brukarar. Ein av dei kan ha vore i Sæterlien. Bonden Ola hadde i 1665 fem søner i alderen ½–10 år! Men i 1701 var det likevel ikkje meir enn ein bonde på Sætre. Det var Svein Anfinnson (1649–1729) og som var gift med enkja etter Halvar. Denne Halvar kan ha vore frå Smidje eller Åfet, der det var gut med dette namnet i alder 10–11 år i 1665. Svein kan ha vore son til Anfinn Berdal, men er ikkje med i manntala i 1660-åra. Men Anfinn Berdal sine arvingar eigde 1,24 laupar i Sætre i 1723.

Sæterli: I 1660-åra var ikkje Sæterli utskild som eigen gard, men i 1723 var garden eig av arvingar etter Anfinn Berdal. I 1701 var Elling Pederson (1647–1705) i Sæterli og han hadde då sonen Anfinn 1690! «Elling Lien» og «Marita Lien» var gravlagde samstundes. Dette gir grunn til å tru at Elling først var gift med ei dotter til Anfinn Berdal. Hermund Pederson (–1738) kom så til garden. Han gifte seg ca 1707 med ei dotter til Svein Sætre. Det har vore uråd å finne ut kor han var frå, men det er nærliggjande åtru at han var bror til Elling. Då han vart gravlagd var namnet «Hermund Lien» og alder er ikkje oppgitt. «Peder Hemundsen Lien» vart døypt i 1710.

Grindedal: Dette var ein einbølt gard både i 1660-åra og i 1701. Nils Torson (1661–) eigde heile garden i 1723.

Smidje: Også dette var ein einbølt gard i 1701. Matrikkelskylda var som for grindedal, men likevel var det to drenger på garden i 1701. (I 1838 vart matrikkelskylda for Smidje sterkt oppjustert.) Ola Olason Stadheim (1665–1749) frå Inr 32 i Vik var soneson til Guttorm Midlang og som hadde kone frå Feidje. Ola trulova seg med dotter til leiglendingen på Smidje og fekk bygsling på garden, men det vart ikkje noko av ekteskapet. Men Ola fekk likevel retten til bygslinga. Han gifte seg 1697 med Gjørond Toralddtr Åfet (1663–1740).

Helleland var oppdelt i tre små bruk og som hadde uendra skyld til 1838.

Lnr 169. Ola Johannesson Helleland (1650–1702) var gift med Durdei Knutdtr (–1709). Dei fekk, Jens 1691 og Johannes 1693. Sjølv om det var uvanleg med tidlege ekteskap, kan Ola med ei tidlegare kone ha hatt Anders 1670 og Marta 1677. Marta vart 1697 gift til lnr 40 Frettheim i Arnafjorden. Anders var truleg utplassert soldat på Åfet i manntalet i 1701, med oppgitt alder 31 år. Eg brukar difor 1670 som fødselsår og ikkje 1662 som er utrekna på grunnlag av oppgitt alder ved død. (Det siste var ofte misvisande på 1700-talet.) Durdei vart attgift 1703 med Anders Monsson Frettheim (1675–1733), ei bror til mann til Marta. Dermed tok Anders Monsson over bygslinga av bruket.

Lnr 167. Nils Jonson (1667–) var bonde i 1701. Nils Helleland gifte seg 1695 med Kari Torsteindtr Tjønn. Dei fekk Jon 1695. Det må vere denne familien som var på bruket i 1701. I 1711-manntalet står det at Nils hadde hustru og ein fosterson. Men dei vart borte etter 1711 og nytt leiglendingspar vart Anders Olason Helleland (1670–1746), frå nabobruket, og Magdeli Nilsdtr Husabø (1674–1754) frå Leikanger. Dei gifte seg i 1712.

Lnr 168. Kristoffer Nilsson (1639–1721) og Kristi Nilsdtr (–1699) hadde ved skiftet etter Kristi borna: Mons 1669, Asgjer 1669 (til Feidje), Tomas 1675 (til Feidje) og Botolv (døydde 1707). Mons Kritofferson Helleland (1669–) gifte seg 1709 med Gyrid Ellingdtr Tretteteig frå Fresvik. I 1711 var det Mons som var blitt leiglending. Det vesle bruket vart kalla Skotabø.

Åfet: Torstein Eirikson Feidje (1647–1749) gifte seg andre gong 1698 med Unni Nilsdtr. I første ekteskap hadde han fleire born som voks opp. I skiftet etter han vart arven delt i tre like delar mellom svigerdotter Kari og brørne Anders og Sylfest. Eirik Torsteinson Åfet (1687–1741) vart neste brukar frå ca 1720, men dreiv truleg saman med faren frå 1713. Han gifte seg 1721 med Kari Andersdtr Husabø.

Ingebrigt Toraidson Åfet (1676–1761) overtok på bruket i ung alder. Han var difor bonde på Åfet i heile perioden 1701–23. Han gifte seg 1707 med Kari Oladtr (1689–1745) frå Indre Borlaug.

Knut Halvarson Åfet (1674–1751) var også ung då han vart bonde, Han gifte seg 1698 med Synneva Anfinndtr Feidje (1681–1744). Det var ei uvanleg ung brud! Knut dreiv det største bruket på Åfet, men ca 1709 vart det delt mellom Knut og Anna Åfet (–1710?) og mann hennar. Anna gifte seg i 1708 med Johannes Lasseson. Anna var truleg ei syster til Knut. Johannes Lasseson Eitorn (1683–1753) var truleg på Hove som tenar i 1701, og der henta han seg ny kone. Dei to delbruka var uendra i 1838 og vart lnr 173 og lnr 174 (05).

Bergum: Anbjørn Eirikson Åfet (1621–1711) var først bonde på Åfet, men bytte ca 1665 bruk med broren Torald. Det var kanskje i samband med dette at 0,67 laupar av Åfet kom under Bergum. Anbjørn var gift med Randi Hansdtr Øvre Mundal. Dei hadde dottera Synneva som vart gift med Anders Hansson Øvre Mundal. Dei vart busette i Fjærland. Det var ein son i dette ekte skapet som kom frå Fjærland og overtok bruket. Eirik Anderson Mundal (1684–1773) gifte seg 1712 med Ingeborg Pedersdtr Ytre Borlaug (1686–1749). Saman med parten i Åfet var bruket på 2,00 laupar. Det vart lnr 175 i 1838.

Stjernegjerd: Anfinn Markusson Grønsberg (1661–1733) frå Vik vart leiglending på garden ved å gifte seg 1690 med enkja Gjertrud Sjurdtr Stjernegjerd (–1736).

Berdal: Ola Sjurson Berdal (1655–1705) var gift med Solveig Toralddtr Åfet (1655–1732). Dei hadde ei dotter Ragnhild (1686–1764) som 1712 gifte seg med Jens Hansson Bøtun (1691–1758) frå det ein halvbruket av Skrivar garden i Fresvik. Med Solveig er det fire systrer frå Åfet som vart bondekoner i Feios. Dei hadde dessutan fire brør som vart bønder i Feios, ein på Feidje, ein i Åfet og to på Flove.

I 1712 kjøpte far til Jens, Hans Torsteinson Bøtun (1661–1733), ein del av eiga i bruket som sonen var på i Berdal. Det må vere grunnlaget for at også foreldra kom til Berdal og overtok drifta av ⅓ av bruket til sonen Jens. Samla matrikkelskyld for dei to bruka var 1,93 laupar. I 1838 var det to bruk i Berdal med skyld 1,94 laupar, noko som tyder på at bruket til Hans gjekk inn att i bruket til Jens etter at Hans døydde.

Enkja Kristi Jensdtr Berdal (–1731) gifte seg 1702 med Nils Olason Hopperstad (1675–1743) frå Inr 122 i Vik. Han var frå rik og mektig ætt i Vik og kom til eit storbruk på 3,25 laupar. I 1723 eigde han heile bruket. Kristi var dotter til Jens Torbjørnson Holst Ylvisåker. Far til Jens var lensmann i Nordum skipreide og gifte med Karen Fardal og som hadde eige i Berdal i 1647. Ein bestefar til Jens var futen Jens Pederson Holst, og etter han fekk etterkommarane stor arv som jordegods. Første mann til Kristi var Anfinn Sjurson Berdal (1639–1701), og når han vart akseptert som ektemann for Kristi, må vi tru at han vart rekna som eit godt gifte. Kristi må ha vore andre eller tredje kona til Anfinn.

Asbjørn Sjurson Stjernegjerd (1661–1748) var leiglending i Berdal frå 1693, men mellom 1711 og 1718 flytta familien til Inr 194 Vangsnes. Kona er ukjend. Då overtok Jens Anfinnson Berdal (1685–1751), gift ca 1713 med Gjertrud Andersdtr Målsnes (1686–1751) frå Kvamsøy sokn. Jens var son til Kristi Jensdtr i første ekteskap. Mor til Gjertrud på Målsnes vart attgift med Kristen Jensson Ylvisåker, ein bror til Kristi! Asbjørn var sikkert leiglending i Berdal på livstid, men med den rike Berdalsfamilien som motpart, var det ingen framtid for borna hans i Berdal. Dessutan hadde truleg Jens straks rett til å overta drifta av halve bruket. Men det kan også tenkjast at det vart brukt eit positivt verkemiddel: avståing av leiglendingsrett mot betaling. Slik avståing veit vi vart brukt på Strilelandet på 1700-talet (07). Anfinn Berdal og Kristi hadde og ei dotter Unni (1691–1733) som gifte seg til ein storgard på Vangsnes, Inr 189+190. Ho vart attgift 1726 med Ola Person Stedje frå Vik. Han vart ein rik og mektig lensmann på Vangsnes. Dottera Kristi 1727 kom til bruket Hagetun under Feidje.

Jens Berdal fekk i 1733-34 kjøpt 2,00 laupar i Berdal, men om det førde til at bruket hans vart auka, er uklart. Men i alle høve skjedde det fram mot 1838 ei omstrukturering av bruka i Berdal. I 1762 var det berre tre bruk i Berdal. I 1838 var det fire bruk, med samla matrikkelskyld 6,52 laupar, det same som i 1723 (05).

Spesielt for Berdal i 1723 er at ætlingar etter Anfinn Berdal eigde heile namngarden. Unntak var at Rinde kyrkje eigde 2 mæle korn (= 0,12 laupar) i namngarden.

Hove: Nils Pederson Hove (1658–1728) var gift to gonger, andre gong 1690 med Anna Oladtr Midttun frå storbruket Inr 189+190 på Vangsnes. I andre ekteskap hadde han seks døtrer. Kanskje var det grunnen til at han vart sitjande som leiglending til han var godt over 70 år.

Eirik Toraldson Åfet (–1700) vart leiglending på Hove etter broren Åmund 1611. Han gifte seg 1698 med Unni Pederdtr Ytre Borlaug (1679–1742). Enkja Unni gifte seg 1701 med Sjur Olason Vangsnes (1663–1746). Han var truleg ein bror til Anna på nabobruket.

I 1723 var det ein husmannsplass under Hove. Familien var truleg Rasmus Arneson (1665–) gift 1698 med Marita Arnedtr (1668–1727). Han hadde tenaradressa Borlaug, men var truleg frå Feidje. Dei fekk Ola 1700 på Feidje og Jesper 1703 på Hove. I 1701 var dei på Feidje. Som skrive tidlegare vart Rasmus attgift 1729 med Sigrid Larsdtr «Rinde» (–1742/43). I følgje matrikkelutkastet i 1723 var det då ikkje husmenn på Rinde, så Rasmus kom truleg først til plassen Skaffarbakken under Rinde i 1729. Jesper Rasmussen (1703–1769) gifte seg 1731 med Anna Hansdtr (fødd 1711 eller 1712) og dei vart strandsitjarar i Osen. Jesper hadde tenaradressa Feidje då han gifte seg.

Osen: I 1701 var det Ola Lasseson (1649–) som var leiglending. Deretter kom Botolv Olason Osen (1682–) som truleg var son til Ola Lasseson. I 1701 var Botolv dreng i Tjønn. Botolv gifte seg 1706 med Marita Larsdtr (–). Dei fekk svært mange born, det siste i 1727. I 1762 var det dottera Gjertrud 1708 som var på bruket. Far til Marita var kanskje Lars Larsson (1639–), som i 1701 budde på bruket i Osen. Der var han kanskje innerst. Marita døydde kanskje i 1747, men då må alder ved død vere ca 15 år lågare enn oppgitt. Ei vanleg årsak til at menn ikkje vart gravlagde er at dei kom bort på sjøen. Men at det skal gjelde både Ola Lasseson og Botolv Olason er vel i overkant av det sannsynlege?

Vi kan merke oss at fram mot 1762 var det ein nedgang i tal bruk i Feios frå 1723. Medverkande til det kan vere dei dramatiske kriseåra 1739–43 (sjå 01). Frå sist ca 1650 og fram til 1723 kan det sjå ut som Feios (og Fresvik) eksporterte kvinner utover i Sogn og importerte menn. Hovudårsaka var kanskje at soldatutskrivinga var hardare i Feios enn til dømes i Vik.

Jordbruk i Feios 1723

På grunnlag av protokollen til matrikkelkommisjonen i 1723 er tabell 6 sett opp. Vi reknar med at oppgåvene for husdyr er nokså pålitelege. For sauer og geiter er berre sum innført i protokollen. Som for Vik og Arnafjord vart det dyrka bygg på dei lågtliggjande gardane og ei blanding av bygg og havre (bl.k.) på dei høgtliggjande. Sånaden er i protokollen oppgitt i tønner. Dette er omrekna til areal (dekar) etter omrekningsfaktorar som er gitt i boka «Jordbruket i Vik» (01). På grunn av sannsynleg under rapportering er såkornmengda plussa på med 20 % i dei tre bygdene.

Ut frå tabell 6 ser vi at i Feios var det langt fleire hestar enn i Arnafjord sokn. Det kjem truleg av at det i Arnafjord sokn var mange strandagardar og som var små og hadde fiske som ein viktig del av levevegen. Ut frå tal i tabell 6 kan vi rekne oss til at i middel vart det dyrka 5,2 dekar korn per laup i Feios, 4,4 daa/ laup i Arnafjord sokn og 5,5 daa/laup i Vik. Jamvel om det vart lagt vekt på korndyrking, måtte dei aller fleste bønder i Vik kjøpe importkorn. I middel fekk kanskje bondefamiliane i våre område på denne tida nærpå like mykje energi i kosten frå importert rug som frå eigeprodusert korn.

Bøndene var i 1723 framleis interessert i sjølvforsyning, men produksjonen av korn vart påverka av at kornet jamt over var billig i forhold til husdyrprodukta. Før Svartedauden var 8 mæle korn i landskyldrekning likestilt med ein laup smør. På 1600-talet var dette endra til 16 mæle korn mot ein laup smør. Denne store endringa må ha ført til at bøndene helst ville betale landskylda med smør og må ha medverka til at matrikkelskylda i våre område vart smørskyld. Men korntiend var framleis ein stor utgiftspost for bøndene. Det var negativt for den lokale korndyrkinga, for det var ikkje tiend på importkornet.

Den låge kornproduksjonen i 10-åra kring år 1700 har samanheng med dårleg klima og billig importkorn. Men det kan også ha samanheng med lite arbeidshjelp. Ved arding om våren måtte til dømes bonden ha med seg 3–4 personar som hakka laus fleirårig ugrasmasse i fôra og bar massen ut av åkeren (sjå kjelde nr 03, side 19). Til det kunne neppe arbeidsfolk leigast, for alle bønder sådde kornet på same tid.

Det kan neppe vere tvil om at kornproduksjon var større i Feios før Svartedauden enn i 1723. Dette har eg ikkje sett opp noko reknestykke for. Men til samanlikning er kornarealet i Arnafjord sokn i eit normalår ca år 1330 kalkulert til 570 dekar (01). Åkerareala i våre bygder var på sitt høgste ca år 1865. Det har vi eit bra grunnlag for å kalkulere. Det går ut over ramma for denne artikkelen, men for Arnafjord sokn var det i 1865 ca 660 dekar. Det var det doble av arealet i 1723, og avlingsnivået var høgare. Då var poteter blitt ein viktig åkervekst og medverka til at bygdene våre i stor grad var sjølvforsynte med mat.

Tabell 6 - 2

Kjelder

01 Balvoll, G. 2001. Jordbruket i Vik fram til 1950. VLA, 232 s.
02 Balvoll, G. 2008. Gards- og ættesoge for Vik i Sogn. VLA, 446 s.
03 Balvoll, G. 2011. Kommentarutgåve av «En God Bonde, Hans Avl og Biæring» av Povel Juel 1722 med tillegg i 1777. (Boka ligg som pdf-fil på internett).
04 Balvoll, G. 2012. Gardar og gardseige i Fresvik fram til 1723. Pridlao 29(1):65–78.
05 Balvoll, G. 2013. Ekstraskattane i Feios 1816–20. Pridlao 30(1): 74–76.
06 Bøthun, P. 1965, Leikanger bygdebok I, gardssoga, 542 s.
07 Døssland, A. 1998. Strilesoga, bind 3, 254 s.
08 Lunden, K. 2002. Norges landbrukshistorie, bind II, 455 s.
09 Lyngvær, R. 1979. Leikanger bygdebok II, ættesoga, 811 s.
10 Mykland, K. 1977. Norges historie, bind 7, 447 s.
11 Rygh, O. 1919. Norske Gaardnavne, bind XII (digitalutgåve).
12 Steen, S. 1930. Det norske folks liv og historie gjennem tidene, bind V, 434 s.
13 Sulebust, J. 1997. Strilesoga, bind 2, 264 s.

Gudmund Balvoll