Fresvikgodset — var det eit gods?
Publisert i Pridlao 19(2):58–59 (2002)
Namnet Fresvikgodset vart teke i bruk tidleg på 1900-talet i ein artikkel i Tidsskrift for Historielaget for Sogn. Seinare har «godset» og «godseigarane» i Fresvik vore omtala i fleire gonger. Det har såleis vore hevda at vikjapresten Ivar Leganger var godseigar i Fresvik og at han hadde godsforvaltar der (sjå Årbok for Sogn 2001, side 104). Det er likevel uklårt kva som var spesielt med eigarstrukturen i Fresvik på 1600-talet. Heldigvis har Vik Lokalhistoriske Arkiv materiale som gjer at vi kan finna ut meir om dette utan omfattande arkivarbeid.
Fresvik kyrkje 1835, ei skisse av William Henry
Kva er eit gods?
Med eit gods forstår vi i dag ein stor jordbruks- og/eller skogseigedom med staseleg hovudbygning (herskapshus). Det er ein definisjon som vi ikkje kan bruka for norske gods i gammal tid. Då var godsa i Noreg store samlingar av eige i gardar og der bøndene var leiglendingar. Som eksempel kan vi trekkja fram Losnagodset og godset til Munkeliv kloster. Dei hadde båe eige i utruleg mange gardar rundt om på Vestlandet. Men eigaren dreiv ikkje gardane sjølv, men tok inn årlege avgifter i form av jordbruksprodukt. Årsavgifta (landskylda) stod i forhold til verdien av bruket, slik både avgift og verdi kunne gjevast opp i det mest sentrale av alle jordbruksprodukt: smør. Eininga var ein laup, som tilsvara 15,3 kg smør.
Då dei gamle godsa av ulike årsaker gjekk i oppløysing både før og etter reformasjonen, vart eiga i gardsbruk i stor grad kjøpt opp, og ofte vidareselt, av rike handelsfolk og embetsmenn som såg på denne eiga som pengeplassering.
Prestane i Vik vart mellom dei største eigarane av jordegods i Sogn. I rekkjefylgje gjeld dette: Ivar Leganger, Ludvig Munthe og Anders Daae. Men av di det fleste i dag oppfattar ein godseigar som noko anna enn ein eigar av mykje «strøgods», bør vi unngå å omtala desse prestane som godseigarar.
Leiglendingane sine rettar til skog
Dei som ikkje eigde bruka sjølve — leiglendingane — hadde full driftsrett på bruket. Men det var eitt unntak: Dei kunne ikkje ta meir ut av skogen enn det som dei trengde til eige bruk og for å betala halve landskylda. På Vestlandet var det på 1600-talet nokså vanleg at leiglendingar på bruk med mykje skog dreiv flaumsag, men det måtte skje etter løyve frå eigarane, og dei ville sikkert ha sin del av inntekta. Som eksempel tek vi med ein tvist frå Kvamme i Kvamsøy. Der vart Hans Kjellson bøtlagd for å ha hogge ulovleg i skogen omkring 1650 og for å ha selt sagtømmer. Eit anna eksempel er frå 1593 og gjeld skogsgarden Lagmannsåsen i Fresvik sokn. Der hadde leiglendingen Mads «Sagemester» ikkje betalt eigaren det han skulle ha av salet frå skogs- og sagdrifta.
Ivar Leganger sitt jordegods i Fresvik
Far til presten Ivar Leganger i Vik, Eirik Ivarson Nordal, var prest i Leikanger. Han hadde på ein eller annan måte blitt stor jordeeigar i Fresvik. Sonen Ivar hadde mange sysken, men fordi han gjorde eit svært rikt gifte med Anna Finde, hadde han sikkert ikkje problem med å betala ut dei andre arvingane av eiga i Fresvik. I eit dokument frå 1675 vart eiga til Ivar Leganger i Fresvik gitt opp å vera 18,7 laupar. Det samsvarar bra med det vi har rekna ut at enkja Anna Finde hadde i Fresvik i 1723 (sjå tabell). Men Ivar og Anna eigde langt meir enn dette. I sjølve Vik var til dømes eiga i 1723 46,8 laupar. For å halda greie på eiga si, samla Leganger mange dokument i ei mappe som han kalla «min Jorde-Bog». Ho skulle innehalda: «Odels- skiøde- kiøbefølge- pantte-breffer, domme, transporter, arffveskifter, sampt anden lowlig beviis wed hånden er på mit lille jordegods». Denne mappa er i dag ved Bergen museum, men det meste av innhaldet er borte. Dokumenta som ligg der omhandlar berre Fresvik, og det er kanskje grunnlaget for påstanden om at det skal ha vore eit spesielt Fresvikgods.
I mappa finst omtale av eit skogsskifte i Fresvik frå 1679. Årsaka til at det kom opp må ha vore at sameige av skogen skapte store problem. I sameiga var det vanskeleg å kontrollera tømmerdrifta til leiglendingane, og det kan òg ha vore ugreie jordeigarane imellom. I sameiga ville sikkert alle hogga der det var best skog og lettast å driva tømmeret fram. Dessutan var det då 3–4 flaumsager i drift i Fresvik, og også inntektene av dei kan det ha vore usemje om. Men vi skal sjå at skiftet ikkje omfatta all skog på Fresvikåsen. Dessverre fortel dokumentet lite om korleis skogen vart driven.
Matrikkelarbeidet i 1723
Det beste samla oversynet over jordbruksforhold og drift i Fresvik på denne tida får vi frå matrikkelarbeidet i 1723. Ivar Leganger var då død, men enkja Anne Finde sat med heile eiga, og vi kan rekna med liten skilnad frå sist på 1600–talet i dette materialet kan vi lett samanlikna eigarstruktur for gardar i Vik og i Fresvik. Denne samanlikninga viser at det ikkje var særleg stor skilnad mellom dei to bygdene. Nesten alle oppsitjarar var leiglendingar, og for dei fleste bruk var det fleire eigarar. Men i motsetnad til Vik var det i Fresvik berre ein privat jordeigar: Anna Finde. Det går også fram av den oppsette tabellen. Anna Finde hadde eige i svært mange bruk, men var i liten grad eineeigar av bruka.
På fleire gardar var tømmerskogen ein del av driftsgrunnlaget. For følgjande gardar er det skrive at «noget ringe tømmer-hugster» var eit tillegg til jordbruksdrifta: Skau, Bjørnetun, Bøtun, Høgheim, Flete, Øvre Breili, Otterhjell, Holum, Grundeland. For Hove heter det at tømmerskogen var uthoggen, og for nokre andre gardar er det skrive at det var tømmerskog for eige bruk.
Det spesielle for Fresvik er at det vart ført opp ei ikkje matrikulert sameige som vart kalla Fresvik skog. Det var felleseige for gardane: Bjørnetun, Bøtun, Høgheim, Flete, Øvre Breili, Holum og Grundeland. Det heiter om denne skogen at han aldri hadde vore delt mellom gardane. På grunn av skogen sin «beskaffenhed», og for di han var vanskeleg tilgjengeleg, kunne han heller ikkje i framtida bli delt mellom gardane, vart det hevda. Det var tydeleg viktig for komiteen å få fram kvifor det var ei slik spesiell ordning for skog som ikkje var skilt ut for seg i matrikkelen. Denne fellesskogen var i 1725 eigd av Anna Finde. For denne fellesskogen skulle det etter framlegget svarast ein årleg matrikkelskatt på 0,7 laupar.
På garden Holum, der Anna Finde eigde 2,8 laupar, var det el vass-sag som tilhøyrde arvingane etter «salige» Ivar Leganger og som skulle få ei årsavgift på 0,05 laupar. Vi ser altså at det låg til rette for at Ivar Leganger kunne ha eigen tømmer- og sagdrift i Fresvik. Det er likevel meir truleg at han gjorde avtalar med leiglendingar om drifta. Men det aller meste av eiga til Ivar Leganger i Fresvik var vanleg eige i bruk drivne av leiglendingar.
For Leikanger prestebol var det ei spesiell ordning på eitt bruk på Bøtun. Leiglendingen der heitte Hans Endreson. På dette bruket var det noko fureskog som alltid hadde vore eigd av Leikanger prestebol, og som dermed kunne drivast for seg. Årsavgifta for det vart sett til 0,05 laupar. Dette bruket hadde ikkje sameige i Fresvik skog.
Vi har sett at Ivar Leganger eigde ei sag som låg på garden Holum. Vi finn også nemnt to andre vass-sager i sjølve Fresvik. På garden Bøtun var det ei sag som vart skyldsett til 0,03 laupar og som truleg var eigd og driven av leiglendingane der. Under garden Flete hadde det tidlegare vore ei sag. Men her kunne komiteen slå fast at ho var øydelagd og ubrukeleg. Ho skulle såleis ikkje verdsetjast og tilleggjast avgift. På rydningsplassen Simlenes var det to oppsitjarar. Den eine arbeidde for sagmeistaren på Frønningen sag. (Frønningane er her ikkje med under Fresvik.)
Vi har sett at Fresvik skog i 1723 vart verdsett til 0,7 laupar. Av tabellen ser vi at samla eige i Fresvik var 33,2 laupar. Fresvik skog utgjorde altså ein liten del av jordverdien i Fresvik. Vi kan elles merka oss at sjølv om Leganger var eineeigar av Fresvik skog, var skogen likevel i prinsippet ei sameige for mange gardar. Ved seinare utskiftingar vart difor skogen i Fresvikåsen oppstykka på svært mange bruk.
Ein hovudkonklusjon må elles bli at «Fresvikgodset» var ein del av det store «Vikjagodset» til Ivar Leganger og Anna Finde. Ved vidare oppbygging i Anders Daae si tid vart «Vikjagodset» ein av dei største samlingane av gardseige på Vestlandet. Ivar Ivarson Leganger, ein son til Anna og Ivar, vart sokneprest i Leikanger. Han arva eiga i Fresvik. Ho gjekk dermed ut av jordegodset til dei rike vikjaprestane.
Gudmund Balvoll
Eigar | Laup |
Anna Finde – leiglendingsbruk – Fresvik skog med sagbruk Leikanger prestebol Sogndal prestebol Fresvik kyrkje Vangen kyrkje Domkyrkja i Bergen Lektoratet i Bergen Bondesjølveige Sum for Fresvik |
17,6 0,7 6,5 1,0 0,7 2,8 0,5 1,6 1,8 33,2 |
Nr | Namnegard | Brukar | Laup |
53 52 54 54 55 54 63 63 |
Bjørnetun Skau Bøtun Bøtun Høgheim Bøtun Hove Hove |
Endre Bård Hans Jonson Eilif Tor Hans Eirikson Knut Anders |
3,3 2,2 2,1 2,1 2,1 2,0 1,8 1,8 |