Frå kyrkjeboka 1739, 1750 og 1751
Publisert i Pridlao 5(2):52 (1988)
Urtegårdsmannen
Tittelen urtegårdmann vart frå ca. 1550 til slutten av 1700-talet brukt om ein som dreiv med allsidig hagebruk og gartneri, men svært ofte var dette ein person som dyrka, selde og brukte medisinske urter. Dei fleste urtegårdsmennene helt til i byområda. Det er difor overraskande at vi i kyrkjeboka for Vik midt i året 1739 finn at mellom dei som hadde gått til alters var «Frante urtegaardsmand» (og skomakarenkja). Eg har ikkje funna att namnet Franz seinare i kyrkjeboka, så det er ikkje sikkert han var fastbuande i Vik.
Telthus i Vik
Eit telthus var ein lagerplass for militært utstyr, som telt og våpen. Telthusa vart til vanleg bygd på stolpar, som eit stabbur. I bygdaboka for Vik, bind II side 226–221 og side 259, ser vi at Det Wigske Compagnie vart oppretta i 1726, men når «dette fikk sitt eget telthus har ikke kunnet finnes».
Ei utgreiing i kyrkjeboka om dødsfallet til «danemand Iver Aase» gir oss prov for at eit slikt telthus fanst i Moane i 1751.
Hendinga er skildra i detaljar i kyrkjeboka: Ivar hadde vore ein tur på prestegarden til hest og var på veg tilbake til Åse. Då han kom til telthuset i Moane, stupte han av hesten. Omlag ein time etter han hadde reist frå prestegarden vart han funnen død av Helge Sjurson Sæbø og Elling Lasseson Bø. Ivar vart berre 28 år. Han vart gravlagd 13. februar 1751.
Ivar Anderson Åse
Ein grunn til at dødsfallet til Ivar Anderson Åse vart skildra så inngåande i kyrkjeboka kan vera at slike brå dødsfall var uvanleg på 1700–talet. Ein annan grunn kan vera at det gjorde eit djupt inntrykk på prestegarden at Ivar kom derifrå. Det kan også vera at Ivar hadde vore der for å be om tilgiving for sine (nye) synder. For i kyrkjeboka under året 1750 finn vi at presten (i påhøyr av medhjelparen) hadde åtvara han mot ektebrot. Han skulle «ikke æfterdags give sin hustru ringeste anleedning til nogen mistanke i henseende til ægtebrud».