Føreord

(frå trykt utgåve, 2008)

Boka er ei revidert, oppdatert og utvida utgåve av «Gards- og ættesoge for Vik i Sogn» som vart gitt ut i fem hefte i åra 2002–2006.

Boka omfattar ikkje soknene Feios og Fresvik. Dei kom inn under Vik kommune i 1992. Tidlegare høyrde desse bygdene inn under Leikanger kommune. Gardar og ætter der er med i Leikanger bygdebok som kom ut med gardssoge av Per Bøtun i 1965 og ættesoge av Rolf Lyngvær i 1979. Kvams­øy sokn kom inn under Balestrand i 1964. Denne sokna var med i «Bygdabok for Vik i Sogn» som kom ut i åra 1951–58, men er ikkje med her. Eit oppdatert innhald av gards- og ættesoga for soknet fram til 1985 kom med i ein ny utgåve av bygdeboka «Balestrand» i 1985. Vangsnes sokn kom inn under Vik kommune frå Balestrand i 1964 og kom med i det siste av dei fem hefta.

I samsvar med hefta er boka er delt inn i fem delar. For ættene i del 1–4 har eg til ei viss grad nytta meg av stoff i bind III av «Bygdabok for Vik i Sogn», og for Vangsnes sokn har «Balestrand: bygd og ætter» av Jon Laberg i 1934 vore nyttig. Men med unntak av ein del skifte, og stoff frå tingprotokollar, er det meste av stoffet frå desse kjeldene kontrollert og revidert. Ei grunnleggjande arbeid med ættesoga var utførd av Vik Lokalhistoriske Arkiv ved Arne Inge Sæbø og Torstein Hønsi før 2001. Seinare har Rune Lee ved Vik Lokalhistoriske arkiv stått for svært mykje av innsam­lingsarbeidet for tida frå 1880 og fram til 2008. Vik kommune har vore svært hjelp­sam når det gjeld oppdatering av gardsmatrikkelen.

Arbeidet har vorte gjennomført utan spesielt lønna personale og utan direkte økonomisk støtte av kommunen. Innhaldet har difor fått ei sterkt konsentrert form. Mykje vanleg bygde­bokstoff er ikkje med. Men Vik har frå før ein rik lokallitteratur. Av slike kjelder kan fram­hevast: tids­skrift­et Pridlao, «Bygdabok for Vik i Sogn» med Olav Hoprekstad som skrift­styrar, utvandrarboka «Ein stad skal ein vera» av Rasmus Sunde frå 1989, «Jordbruket i Vik» av Gudmund Balvoll frå 2001, «Stølar i Vik» av Liv Rege Engan frå 2004. For Feios og Fres­vik viser eg til Leikanger bygdebok.

Av mange som har hjelpt til med innhaldet, kan framhevast: Helga Turvoll for Selja­dalen, Olav O. Refsdal for Ovrisdalen, Erlend Tenold for Flatbygdi, Ingolf og Sverre Fjære­stad for Vikøyri og Jon Sværen for Arnafjord sokn og Vangsnes sokn. Liv Rege Engan, Rune Lee og Arne Inge Sæbø las korrektur for hefta.

Gudmund Balvoll

Føreord for nettutgåva

Dei siste ti åra har eg i periodar tolka skifter i Vik for åra frå 1698 til ca 1750. Dei finn du under Arkivverket som skanna frå skifteprotokollar. Resultat frå denne granskinga vart teke inn i artiklar i tidsskriftet Pridlao, men dei er no komne med også i denne nettutgåva. Det har betra den eldste delen av soga for Vik mykje. Det beste eksemplet har vi truleg for lnr 41 Grønsberg.

Gards- og ættesoge for Vik i Sogn omfattar berre soknene Vik, Arnafjord og Vangsnes. Men i tidsskriftet Pridlao har eg skrive om Feios og Fresvik. Det gjeld særleg tre artiklar: Gards- og ættesoge for Feios fram til 1723 i året 2015, og for perioden 1723–1839 i året 2017. Tilsvarande stoff for Fresvik er berre fram til 1723, trykt i Pridlao i 2012. Dette vil verta gjort tilgjengeleg og søkbart i denne nettutgåva.

Grunnen til at eg bygde gardssoga på løpenummersystemet frå 1838 var at eg dermed kunne følgja utviklinga framover i tid. Eit eksempel er at den rike lensmannen Olav Arneson Bø i 1558 var ei tur til Bergen og då gjorde eit makeskifte med lensherren på Bergenshus festning: Erik Rosenkrantz. Då fekk Olav eigedomsrett over eit lakseverpe i elva Vikja. I denne nettutgåva kan vi fylgja ætta etter Ola, rikdomen og lakseverpe framover i tid under Hopperstadbruk. Her bør du lesa tekst, men eit einstydig søkjeord er lakseverpe.

Å søkja seg bakover i tid, slik slektsgranskar gjer, er vanskelegare. Men her har vi nytte av at eg har gjennomført ei einsarta oppbygging med førenamn + farsnamn, som Jon Hermundson eller Marta Eivinddtr (Legg merke til at eg ofte skriv Olason og ikkje Olsen.) Vi må kanskje passera mange stopp før vi finn det rette. Men dersom vi i staden skriv inn førenamn + farsnamn + opphaldstad kan vi kanskje koma raskare fram. Men i gamal tid var etternamnet ei oppgåve av staden som personen til ei kvar tid budde, og ikkje eit slektsnamn.

Ein del feil i den trykte utgåva av boka frå 2008 er retta opp, og nokre enkle tillegg er komne med. Elles er manuskripet uendra.

Bruk søkeknappen! Det veit eg er nyttig, for eg brukte han ofte under skriving av boka.

Gudmund Balvoll