Vange-aust

I hallet aust for elva Vikja er det i nyare tid kome opp mange einebustader. Her er dei oppførde i rekkjefølgje frå sør (ved Seljestokkane-Tenål) mot nord:

Bnr 2/56 Fossetun, frådelt bnr 2/12 i 1985, var busett av: Inge Helgeson Fosse (1957–) frå bnr 7/11 under lnr 34 & 1984 Brynhild Johndtr Thune (1961–) frå bnr 1/65 under bnr 1/35 på Vetleøyri. Born: Christer 1984, Marlin 1988, Idar 1989.

Bnr 2/27 Elvheim 0,10 mark. Denne store villatomta vart frådelt bnr 2/12 i 1959 til to av systrene til Ola Ivarson Vange på bnr 2/12+17: Kari 1915 og Anna 1920. Dei overlet etter deling tomta til to døtrer til Kari. Ingrid Olavdtr Orvedal (1951–) frå lnr 52a & 1978 Helge Sigmundson Stadheim (1955–) frå Årdal har: Stig Ove 1979, Eivind 1983, Hanne Kristin 1987.

Bnr 2/53 Solheim, frå bnr 2/27 i 1981. Signe Marie Olavdtr Orvedal (1949–) frå lnr 52a er ugift.

Bnr 2/23 Nytun 0,10 mark, frådelt1954. Busett av John Andersson Vange (1927–) frå bnr 2/2 + 2/11 under lnr 6+7 & 1956 Kirsten Sveindtr Wold (1933–) frå bnr 1/30 i Røysane-Sæbø. Born: Irene 1958 (Bygstad i Gaular), Stig Atle 1961 (Holmestrand).

Bnr 2/25 Solvang 0,05 mark. Denne tomta vart kjøpt i 1956, og her bygde Torhild Andersdtr Vange (1929–) frå bnr 2/2 + 2/11 & 1952 Torleif Andersson Tryti (1928–) frå bnr 4/5–8 under lnr 13 Tenål sommarhus. Dei budde i Årdal, men har etter dei vart pensjonistar vore fastbuande på staden.

Bnr 2/50 Aplatun, frådelt bnr 2/12+17 i 1975 og busett av Inger Olavdtr Vange og Frode Helgesen, og som driv bnr 2/2 +11, sjå meir under bruket.

Bnr 2/59 Deiavollen, frådelt bnr 2/1 i 1989 og busett av: Marta Sofie Endredtr Vange (1948–) frå lnr 5 & 1975 Kjell Bergfjord (1947–) frå Lindås. Dei har: Oddfrid 1977 (Sogndal), Endre 1979.

Bnr 2/66 Deiavollen I, utskilt i 1994 frå bnr 2/33. Agnar Person Fosse (1961–) frå lnr 34a & 1990 Hild Jondtr Vikøren (1962–) frå bnr 1/142 på Skulejordi-Sæbø. Born: Divya 1991, Amrita Manju 1995, Aprajita 1998, Sahil 2001. Borna er adopterte.

Bnr 2/55 Mårbu vart utskilt frå 2/33 og busett i 1983. Ivar Mårdalen (1945–) frå Tinn i Telemark & 1970 Anne Gunnhild Endredtr Hove (1947–) frå bnr 26/16 i Moane-Hove har borna: Anne 1970, Ingrid 1976 (bnr 40/93 i Moane-Grov).

Bnr 2/65 Røderplass, frå bnr 2/33 i 1994, er busett av Ragnhild Bjarnedtr Fjærestad (1963–) frå lnr 109 Tryti & sb Morten Holmberg (1961–) frå Sykkylven. Born: Henrik 1989, Anna Maria 1992, Margit 2000.

Bnr 2/57 Reina vart frådelt bnr 2/7 i 1988. Berit Oladtr Turvoll (1950–) frå lnr 8 Vange & 1970 Per Martin Berglund (1950–) frå Gratangen har: Hild 1973 (lnr 31 Stadheim) og Bjørge 1977. Børge Person Berglund (1977–) & sb Silje Sølvedtr Følid (1983–) frå bnr 45/9 under lnr 9 Liktvorane har Eirik 2007.

Bnr 2/58 Soltun frå bnr 2/7 vart etablert som bustad i 1988 av Per Tubbene (1938–) & Karen Marie (1937–1995). I 2006 bur Per i Hellevik i Fjaler. Huset vart selt til May Britt Magnardtr Nese (1963–) frå bnr 64/25 under lnr 48 i Arnafjord sokn & Harry Paulsen. Dei flytta til Frøya i Trøndelag og selde i 2000 til Aud Helene Helgedtr Grønsberg (1953–) frå lnr 12 Seim & 1982 Arne Sigurdson Helland (1956–) frå Feios. Dei har Kenneth Hivan 1995.