Husmenn på Vange
I 1875 var det to plassar på Vangsreina (Moane-Vange). På kartet til Ivar Refsdal frå 1915 finn vi på terrassen over Vangstunet eit hus der «Sigrid pao Reinao» budde. Det må vera ein av plassane. Utanom vanlege husmenn var det også huslydar som hadde ei stove på Vange-grunn (plass 5 og 6), som budde i leigd hus (plass 7) eller var innerstar (plass 8).
Plass 1. Markus Nilsson Vange (1772–1834) frå lnr 7 & Ragnhild Jondtr Føli (1777–1842) frå lnr 23 fekk borna: Hermund 1802–30, Jon 1805, Brita 1807 (bnr 26/16 i Moane-Hove), Nils 1808–33, Botolv 1813–15, Botolv 1815 (sjå note lnr 31 Stadheim), Ola 1821 (plass 4 i Sæbø). Markus og Ragnhild flytta til ein plass på Hovland i Vangsnes sokn ca 1830. Jon Markusson Moane-Vange (1805–1870) fekk først Synneva 1829–1907 (sjå hus nr 69 Vikøyri-Sjøtun) med Sigtrud Johannesdtr Vikøyri v466 (1803–1876). Han gifte seg 1833 med Kari Perdtr Stadheim (1807–1897) frå lnr 30. Born: Ragnhild 1831–1900 (ugift, fekk Johanna 1856 med Nils Tomasson Mo/Njøs (1831–) frå Leikanger og Anna 1863 med Hans Monsson Seljestø frå lnr 42; om Johanna sjå bnr 26/32 i Moane-Hove og om Anna sjå note lnr 64b Stedjeberget), Per 1834 (USA 1853), Hermund 1836–49 (drukna), Markus 1839 (USA 1853), Sigrid 1841–43, Sigrid 1843, Ola 1846. I 1875 var enkja Kari og dottera Sigrid 1843 på ein plass med 0,5 daa bygg, 0,7 daa poteter, 1 ku og 2 sauer. I 1896 vart det løyvd kr 10,- i fattigstønad til Kari «Reinen» Vange, men tilsynsmannen fekk i oppdrag å finna ut om utbetalinga kunne utsetjast til hausten. Deretter overtok Sigrid Jondtr Moane-Vange (1843–1927) plassen. Det var ho som vart kalla «Sigrid pao Reinao». Ho hadde fått Marta 1867 (bnr 5/20 under lnr 24 Stadheim) med gift mann Ola Hansson Fjærestad (1832–1898) på lnr 96 og vart 1897 gift med enkjemann og kårmann Jens Person Løland (1830–1909). Jens var frå husmannsplassen Bersteigen under Kvamme i Kvamsøy sokn. Foreldra hans var Per Lasseson Engum (1772–1834) og Anna Hansdtr Indre Nesse (1781–1850). Jens hadde gift seg med Else Jørgendtr Berge (1803–1891) frå Eivindvik og dei hadde drive gardsbruk på Einenes eller Løland i Hyllestad. Else og Jens hadde Pernille 1850, som kom til bnr 26/19 Hove under lnr 71+73, deretter til Teigum på Ovrisdalen. Born: Andreas 1861 (Vikøyri v098), og Jørgina 1869 (Vikøyri v960). Husmannsstova på «Reinao» var i 1906 så dårleg at Jens fekk fattigstønad for å setja ho i stand. Trass i at huset var dårleg, hadde Sigrid i 1910 Tollak Eirikson Kvist (1859–) buande hjå seg. For det fekk ho kr 5 av fattigkassen. Året etter kom Tollak til Grønsberg. Det årlege godsgjersla for å husa Tollak var då kr 36. Men Tollak må ha vore i stand til å arbeida for mat og klede, og vinteren 1917 fekk han kr 10 for å ha tilsyn med Ragnhild Ellingdtr Tenål (1841–1930) frå lnr 15d som også var plassert på Grønsberg.
Plass 2. På den andre plassen på Vangsreina var jordbruket i 1875: 0,7 daa bygg, 1,4 daa poteter, 1 ku, 6 sauer og eitt vinterfôra svin. Her sat husmannsson Ola Jonson Moane-Vange (1846–) & 1867 Brita Lassedtr Vikøyri v632 (1843–). Ola var frå den andre reineplassen. Ola og Brita fekk borna: Per 1867 (USA 1884), Anders 1870, Johan 1875, Hans 1877–78, Ola 1879, Kristina 1881, Elling 1885–86. Ola og Brita reiste til USA med 4 born i 1886.
Plass 3. På ein plass sør for Skulevegen var busett: Ola Andersson Sæbø (1844–1922) frå lnr 2 & 1876 Guri Perdtr Haug (1849–1934) frå Sogndal. Born: Anders 1875, Kari 1878, Ragnhild 1881, Per 1880–83, Per 1883–1955 (Bergen), Torstein 1886, Johannes 1888, Anna 1891. Ola vart kalla jekteførar då han gifte seg, men han var òg kyrkjetenar. I 1891 fekk huslyden fattighjelp for di Ola hadde vore sjuk og sengeliggjande i lang tid. Huslyden reiste til Bergen etter 1915.
Plass 4. Endre Endreson Holstad (1807–1887) frå lnr 87 & 1837 Brita Ellenddtr Føli (1812–) frå lnr 20 var på ein plass under Vetla-Vange. Born: Brita 1833, Endre 1837, Ellend 1839, Ivar 1843. Huslyden reiste til Nord-Noreg i 1845.
Plass 5. I ein stova på Vange budde husmannsson Ola Johannesson Hatlekolo (1852–) & 1881 Marta Hermunddtr Vetleøyri s068 (1856–). «Brei-Ola» var snikkar. Born: Johannes 1882, Hermund 1883. Ola hadde òg Ola 1871‒94 med Ingeborg Oladtr Prestteigen-Midlang (1845–) frå Øvre prestteigplass. Huslyden reiste til USA i 1889. I stova flytta inn: Ola Tolleifson Alrek (1851–1897) frå plassen Slåttekvina i Arnafjord sokn & 1890 Marie Hermunddtr Vetleøyri s068 (1859–). Born: Thea Bertine 1890, Brita 1892, Hanna 1894, Jensina 1896. Marta og Marie var systrer. Ola hadde òg Gjertrud 1877 med Anna Andersdtr Nese (1845–) frå plass 7 på Nese i Arnafjord sokn og Marie hadde Guttorm 1881 med Ivar Matiasson «Vasø» (1858–) frå Bergen. Guttorm reiste til USA frå Vange i 1899. Ola stod i eit landhandleri. I 1900 budde òg foreldra til Marie på plassen på Vange: Hermund Endreson Vikøyri v218 (1823–1908) & 1856 Brita Guttormdtr Bungane (1817–1902). Dei var først på ein plass under Flete i Arnafjord sokn, så på Vetleøyri s068 før dei kom til Vange. Sist på 1800-talet fekk dei fattighjelp. I 1900 fekk enkja Marie tilbod om å pleia foreldra for kr 150. Men då dei var sengeliggjande, ville ho ha kr 160 for dette. I 1902 vart det løyvt ekstra av fattigkassa til kiste og gravferd for Brita. Deretter vart det utgifter til pleie av Hermund, men i 1906 fekk han avslag på søknad om pengar til tobakk. I 1901 gifte enkja Marie Hermunddtr seg med Gullak Larsson Flete (1832–1919) frå Arnafjord sokn. Han hadde blitt enkjemann to gonger i USA, og var no for andre gong tilbake til Vik for å finna seg kone. Dei to reiste til USA med borna til Marie i 1901. I USA fekk dei: Anna Karina 1902. Om Gullak: sjå lnr 33bc Valsvik.
Plass 6. Ola Jensson Limmesand (1850–1923) frå lnr 13a & 1878 Anna Ingebrigtdtr Øyri (1853–1919) frå Fresvik var husmannsfolk på Limmesand fram til 1894 då dei pakta eit bruk på Nese. I 1900 var dei husmenn under lnr 47b Bruavoll, men ca 1915 var dei busette i eit hus på Vange, og der døydde dei. Born: Jens 1878–1957 (USA 1897, seinare Vange), Marie 1880 (USA 1900), Ingebrigt 1882 (USA 1900), Hansina 1885–1964 (USA 1910, men tilbake i 1923), Birte 1888–1919 (USA 1905, ugift), Elling 1894–1912. Jens og Hansina vart buande i huset etter foreldra.
Plass 7. I ei leigd stova i det gamle Vangstunet vart busett: Ola Tuksen Hansson Tenål (1855–1921) frå lnr 13e & 1888 Anna Andersdtr Vetleøyri s012 (1860–1909). Ola var handelskar, mest med hest. Born: Stina 1888 (Høyanger), Anna 1889 (Undredal), Hans 1891 (USA 1911, så Sandnes), Anders 1892 (USA 1910), Fredrikka 1894–94, Fredrikka 1895 (bnr 41/1 i Villastrøket-Sjøtun, så Leikanger), Ola Tuksen 1896–1914, Andreas 1899 (USA 1923), Per 1901 (Tønsberg), Johanna 1903 (England).
Plass 8. Johannes Hansson Kringlen (1822–1906), Lavik & Marie Oladtr Anvik (1815–1904), Lindås, var innerstar på Vange i år 1900. Dei hadde tre myndige born då Johannes døydde: Kari 1849, Synneva 1854, Hans 1859. I 1865 var familien på ein husmannsplass under Kringlen i Lavik. «Kringle-Kari» gifte seg 1878 med handelskar Elias Andersson Vikøyri v030 (1841– 1919). Dei var busette på Vikøyri v192 og fekk mange born. Synneva 1854 kom til lnr 69 Ovri. Hans 1859 vart konfirmert i Vik i 1873 og reiste til USA i 1881.
Tomter utskilde frå bnr 2/33. Frå areal som vart kjøpt av ÅSV for industri og funksjonærbustader er utskilde følgjande tomter i Vange-aust: bnr 2/55, bnr 2/65 og bnr 2/66.