Tenål

Tenål/Tenold (Tenål): Tunhuals, Tunhuale (ca 1320), Thønnildt (1563), Tønnild (1567), Thenold (1603), Thennold (1611), Tennold (1647, 1667, 1723), Tenal (1838), Tenold (1863), Tenål (NG, VIK). Dei fleste har i nyare tid bruket Tenold som slektsnamn.

Før år 2000 utførde eg ei omfattande gransking av garden Tenål som adelsete. Det meste av stoffet vart leita opp i Riksarkivet. Av skattelister frå 1563 fann eg at godseigaren på Tenål skatta av ei jordeige på 33,5 laupar. Granskinga vart oppsummert i boka «Jordbruket i Vik», trykt i 2001. Konklusjonen var at Tenål hadde vore adelsete, truleg heilt tilbake til 1400-talet. Siste godseigar var Ingebrigt Pedersen. Han var gift to gonger. I siste ekteskap hadde han sonen Samson og som vart adelsmann på garden Finnen i Arnafjord sokn. For at Ingebrigt og Samson skulle bli rekna som adelsmenn, måtte båe foreldra deira vera adelege. Det var dei. Ingebrigt døydde truleg som gamal mann ca 1620. Han hadde då mange sønesøner, men dei hadde mødrer som var av vanlege folk. Det er grunnen til at bondeadelen på Tenål og i Finnen døydde ut. Deretter vart eiga i godset på Tenål overført til dei adelege godseigarane Axel Mowat og Børge Juel. I 1647 var eiga i Vik for Mowat 23,0 laupar og for Juel 7,4 laupar. Dette er verdiar før nedskriving seinare på 1600-talet. Men sjølv om vi reduserer verdiane sterkt for å få ei samanlikning med verdiar på 1700-talet, finn vi likevel at godset til Ingebrigt Pedersen hadde vore svært stort.

Garden Tenål kjenner vi frå skriftlege kjelder frå ca 1300. Der var det også ei stavkyrkje, og som truleg var oppførd på 1100-talet. Tenål og Hopperstad var kyrkjesokner i bygda. Føli var prestegard for Tenål-kyrkja. Sist på 1400-talet, eller kanskje først på 1500-talet, vart kyrkja øydelagt av eit jordras. Deretter vart Hove kyrkje soknekyrkje for austsida av Flatbygdi og for Seljadalen og Ovrisdalen.

Før Svartedauden var det kanskje 6 bruk på Tenål. I øydetida fram mot 1530 var det truleg berre tre. Tenål var adelssete sist på 1400- og først på 1500-talet. Truleg var det òg tingstad på Tenål.

Gutrid Fartegnsdotter frå Semeling i Valdres kom til Tenål. Ho var av adelslekt og gift med adelsmannen Anders Jensson. Dei hadde sonen Jens Andersson, som er rekna som sikker ættefar i Valdresslekta. Han budde i Vik i 1522. Vi trur at enkja Gutrid gifte seg på nytt med ein ny adelsmann som heitte Per (Peder). Med han fekk ho sonen Ingebrigt Person Tenål, som var rik sjølveigar på Tenål i 1563. Han vart skatta etter ei eige på 33,5 laupar. Det tilsvarar ei eige på 10–12 bruk. Vi trur at Ingebrigt var gift to gonger. Med første kona si hadde han sonen Otte. Han finn vi i ei skatteliste i 1603. Otte Tenål hadde mange born, og dei arva stor eige i Frønningane. Denne eiga vart seld i 1651. På grunnlag av skøyta kan vi rekna opp ei dotter og fem søner av Otte. Dottera Gjertrud var i 1645 gift med Arne Føli. Ho må deretter blitt enkje, for i 1651 var ho gift med Ola Einarson. Han ordna opp i papira for resten av arvingane etter Otte. Sønene Mats og Samson veit vi ikkje noko sikkert om, men det kan tenkjast at Jens Madsen (Madzen), som ei kort tid var sorenskrivar for Ytre Sogn, og var busett på Bøtun i Fresvik, var son til Mats. Per var leiglending på eit bruk på heile 4 laupar på Tenål og dreiv dessutan sagbruk på Tenål omkring 1620. Simon var i Borgund i Sogn i første halvpart av 1600-talet og eigde mellom anna eit bruk i Husum. Valdresætta hadde tidlegare hatt eige i Husum, noko som styrkjer påstanden om at Otte var av Valdresætta. Simon hadde også skogsgarden Vindedal, der han hadde sagbruk. Oluf kan vera «Ole Frønninge» som i 1647 står oppført som eigar av Bruavoll i Vik.

Ingebrigt Person Tenål gifte seg truleg opp at med ei dotter til adelsmannen Olav Aslakson, som vi finn busett i Vik i 1522, men han kom deretter til adelsete Fet i Hafslo. Grunnen til at han kom dit var truleg at han gifte seg inn i Kruckow-ætta, kanskje med ei syster til riksråd Johan Kruckow. Olav Aslakson var kanskje av adelsslektene Bratt og Aspa. Med andre kona si hadde Ingebrigt sonen Samson. Han busette seg i Finnen. Han vart rekna som adelsmann i 1591. Båe far og mor hans må difor vore adelege.

Eiga i Tenålgodset må ca 1640 kome over på Axel Mowat og Børge Juel, to rike adelsmenn. Grunnen må vera at adelsgods ikkje kunne arvast av ikkje adelege, og alle levande søner etter Otte og Samson hadde truleg alle ei ikkje adeleg mor. Mowat overtok heile namngarden Tenål, men vi kan nokså sikkert seia at han aldri var busett der. Ingebrigt sjølv hadde truleg drive eit bruk på ca 3,9 laupar. Eg trur at Per Tenål, som omkring 1650 dreiv eit bruk på 4,0 laupar, hadde som leiglending det same bruket som bestefaren. Jon Person Tenål, som i 1664 dreiv eit bruk på 2,0 laupar, må ha vore son hans. Han hadde då ein fire år gamal son som heitte Per. Deretter kan vi ikkje følgja slekta. Men Brita Finnen, ei dotter til Eirik Kjellson (Kvamme) Finnen, gifte seg med Jon Tenål. Kjell Kvamme var gift med Anna Samsondtr Finnen, og var såleis av Tenåladel. Kanskje gifte Brita seg med Jon Andersson på lnr 12.

Busetnad 1600–1723

I 1603 finn vi Jon, Otte og Helge på Tenål. I 1635 er brukarane Ola Ingebrigtson, Ola Hermundson og Anfin. I 1645 finn vi: Helge og kona Brita, Anfin og Brita Jondtr, Ola Ingebrigtson og Lussi Nilsdtr, Ola Hermundson og Magdeli, Per og Brita Jondtr. I 1647 dreiv brukarane Helge og Anfin 3,67 laupar, Ola 3,64, Per 4,00 og Ola 3,64, til saman 14,95 laupar. Axel Mowat var eigar av alt. I 1655 hadde Anfin 2,67, Ola Hermundson 1,75, Ola Andersson 1,75, Per 4,00 og enkja (etter Helge) 3,50 laupar. I 1667 finn vi Jon Beintson 48 år med 2,63 laupar, Ola Endreson 42 år med 2,63 laupar, Anfin Andersson 68 år med 3,67 laupar, Tollak Jonson 38 år med 2,00 laupar, Jon Person 31 år med 2,00 laupar, Ola Hermundson 82 år med 1,82 laupar. Til saman 14,74 laupar. I 1685 er oppsitjarane: Alf, Ola Endreson, Ola (Anfinson?), Tollak og Kjell med samla leiglendingsskatt på 17 laupar. I 1701 finn vi: Johannes Olason, Anders Olason, Ola Endreson, Ola Anfinson, Tollak Jonson (72 år, men framleis bonde) og Jon Tollakson. I 1711 var brukarane: Johannes, Jon Andersson, Hermund, Anders, Ingebrigt, Jon, og i 1718: Johannes, Anders, Hermund, Jon Andersson, Ingebrigt og Jon. Vi ser at frå først på 1700-talet var det 6 bruk på Tenål. Dei fekk i 1838 lnr 13–18.

Lnr 13 Tenål

6,49 spd. Eigar i 1647 Axel Mowat, i 1723 arvingar etter magister Bugge, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Frikjøpt i 1798. Skyld: 3,67 laupar i 1647, 3,17 laupar i 1723, 2 laupar i 1788 og 1838. I 1845 var det 5,6 daa poteter, 18,2 daa korn, 4 hestar, 15 storfe, 47 smalar og 3 svin på bruket.

Dette storbruket hadde svært høg matrikkelskyld til etter 1723. Her finn vi Anfin Andersson (1599–) frå ca 1635. Kona heitte Brita Jondtr, og vi veit om sønene: Anders 1645, Ola 1658 (lnr 16) og Endre 1664 (sjå note). Anders Anfinson (1647–1697?) var gift med Lussi Johannesdtr (1655–1730), og i 1701 var det følgjande søner på bruket: Jon 1679 (lnr 16), Ola 1682 (lnr 50 Åse i Vik), Anfin 1689 (lnr 9 Seim), Helge 1693 (lnr 0 Sæbø) og Anders 1695–1743. Ei dotter, Sigrid 1681, kom til lnr 88 Brekke. Lussi vart enkje og gifte seg oppatt med Johannes Olason Vangsnes (1666–1728) frå lnr 189+190 og fekk Anders 1698. Johannes arva eige i bruk på Vangsnes. Anders Johannesson Tenål (1698–1775) fekk bygsel på bruket i 1722. Han var gift med Anna Tollakdtr (1701–1737). Ho var truleg frå lnr 9 Seim. Dei hadde: Marta 1730 (lnr 15), Lussi 1732 (Bøyum i Fjærland), Johannes 1734. Anders gifte seg på nytt 1738 med Ragnhild Rognalddtr Vetle-Nummedal (1713–1753) frå lnr 40. Ho døydde på barselseng. Born: Anna 1739 (lnr 32 Stadheim), Sigrid 1741–41, Sigrid 1742–42, Gyrid 1742–42, Gyrid 1743–43, Rognald 1745–45, Eli 1747 (lnr 72 Hove), Gyrid 1747 (lnr 9 Seim), Ola 1753 (lnr 18 Flete i Arnafjord sokn). Johannes Andersson Tenål (1734–1794?) & 1763 Sigrid Ellingdtr Engum (1736–1794?) frå Kvamsøy sokn hadde ikkje born. Sigrid var dotter til Brita Ingebrigtdtr Seim, sjå note lnr 11. Det kom nye folk på bruket. Det var: Anders Johannesson Tuftene (1766–1845) & 1798 Anna Perdtr Skjeldestad (1774–1863), båe frå Sogndal. Born: Durdei 1799 (til plass 3 under bruket), Johannes 1805 og Per 1815 (lnr 62 Undi). Anders kjøpte bruket i 1798 og var såleis den første sjølveigaren på lnr 13. I 1835 gjekk bruket til: Johannes Andersson Tenål (1805–1859) & 1834 Marta Jondtr Seim (1810–1898) frå lnr 11. Born: Anna 1835, Anders 1837–57, Ragnhild 1842–72, Johanna 1847 (lnr 13a). Dottera Ragnhild var spedalsk og døydde av det. Anna Johannesdtr Tenål (1835–1907) & 1858 Lasse Ivarson Bøtun (1834–1916) frå Fresvik fekk: Brita 1857–98, Anders 1859–59, Anders 1863, Marta 1866 (lnr 105 Tryti), Johanna 1868 (USA 1893), Ivar 1871 (USA 1892), Ragnhild 1875. I 1859 skøytte enkja Marta bruket til Lasse 1834. Men han var ikkje i stand til å styra det store bruket. Han selde frå partar og vart etter kvart sett under verjemål. Han reiste til USA med sonen Ivar 1892, men kom heim att. Først på 1900-talet var det fattigkassa som tok seg av han. I nokre år ville dei ikkje gje han støtte i sommarhalvåret. Dei meinte at han då kunne utføre sesongarbeid.

Endre Anfinson Tenål (1664–) var gift med Unni dy Hermunddtr Hopperstad (–) frå lnr 119+120. Dei døydde båe før 1701, men hadde to born etter seg. Namna på dei kjenner vi ikkje til.

***

I 1860 skøytte Lasse Ivarson ein part av bruket, lnr 13b 0,47 spd, til Samuel Anfinson Vikøyri. I 1863 gjekk ein svært stor part, lnr 13e Holadalen 3,01 spd, til Hans Olason Stedje. Ny skyld på lnr 13a var no 3,03 spd. Etter utskifting i 1871 vart lnr 17d på 0,07 spd, som Lasse hadde kjøpt, lagt til. I 1876 og 1878 var den attverande delen av hovudbruket, lnr 13a, frådelt fem delar. To av delane, lnr 13a2 0,50 spd og lnr 13a4 0,28 spd, kom inn under lnr 17a, men var frå 1887 eigd av handelsmannen Lars Gjerløv. Dei kom som bnr 4/2 og bnr 4/3 i 1936 inn under lnr 13b (= bnr 4/10). Resten er lnr 13a1.

Lnr 13a1 = bnr 4/1 1,56 mark. Denne resten av bruket vart drive av Lasse Ivarson og Anna ei tid, men omkring 1890 vart halvparten, bnr 4/35 0,78 mark, frådelt til Anna Johannesdtr, som no truleg var skilt frå Lasse. Bnr 4/1* 0,78 mark vart i 1891 ved verja for Lasse, Svein Aase, skøytt over på sønene Anders Lasseson og Ivar Lasseson. Ved folketeljinga i 1900 disponerte Lasse ei stove på parsellen. Jord vart truleg seld frå. Anders Lasseson var busett på eigedomen frå ca 1922. I skiftet etter han i 1944 gjekk bnr 4/1** med skyld 0,12 mark til ugift syster Ragnhild 1875–1947. Etter ho døydde var ikkje parsellen lengre busett. Han vart i 1945 skøytt til Anders Jonson Tryti (1894–1968) og i 1952 til sonen Ivar Andersson Tryti (1926–), busett i Årdal. Om Anders: sjå lnr 13a3. I 1995 gjekk eigedomen til Nils Ingar Bryn (1968–) frå Voss & sb Hildegunn Einardtr Nummedal (1970–) frå lnr 40c* Vetle-Nummedal. Dei har bygd hus på staden. Born: Lillian 1999, Malene 2002, Lovise 2006.

Bnr 4/35 0,78 mark.Ved folketeljinga i 1900 er Anna Johannesdtr Tenål (1835–1907) oppførd som bonde på denne gardparten, og ho hadde Anders 1862 og Ragnhild 1875 med seg på bruket. Det ser ut til at det var Anders Lasseson Tenål (1863–1944) som overtok drifta. Anders vart seinare eigar av båe bnr 4/1 og bnr 4/35. I 1914 fekk han kjøpt eit større småbruk frå lnr 13 (sjå neste bruk) og slo det saman med bnr 4/35.

Lnr 13a3+13a5+17b+18f i alt 1,59 spd = bnr 4/5+ 4/6+4/7+4/8 i alt 1,94 mark. Anders Olason Seim (1838–1917) frå lnr 12 kjøpte saman småpartar av Tenål til eit småbruk. Denne eigedommen vart kalla Lesdalen. Anders gifte seg 1878 med Johanna Johannesdtr Tenål (1847–1913) frå lnr 13. Dei hadde ikkje born, og bruket vart i 1914, med unntak av bnr 4/5 0,19 mark, selt til ein systerson til Johanna, Anders Lasseson Tenål (1863–1944) frå lnr 13. Han tok med seg bnr 4/35 0,78 mark inn i bruket. Anders var ungkar, men hadde Olina 1888, sjå note lnr 15a**. Han skøytte i 1922 bruket til systerson Anders Jonson Tryti (1894–1968) frå lnr 105 & 1915 Tora Jondtr Hove (1890–1962) frå bnr 26/12 i Moane-Hove. Før det budde huslyden i Moane. Born: Marta 1915 (Nesttun, Bergen), Anna 1916 (Lærdal), Johanna 1918 (Voss), Jon 1920 (kjend felespelar, Sjøtunvegen 11, så Oslo, sjå òg bnr 52/4 under lnr 31b Ådlane), Olav 1922–96 (Oslo), Anfin 1924 (Oslo), Ivar 1926 (Årdal), Torleif 1928 (Årdal og bnr 2/25 Vange-aust), Tordis Amanda 1930 (til Oslo), Harald 1933–33. I 1923 kom bnr 4/48 0,23 mark inn under bruket. I dei vanskelege 30-;åra kom Anders og Tora i økonomiske vanskar og i 1934 vart bruket selt til skreddar Ola Olason Tenål, ein son til Ola Hansson Tenål på lnr 13e. Anders og Tora flytta til leigd hus på Vikøyri. Anders og Tora vart skilde i 1951 og Anders gifte seg på nytt 1953 med Sofie Helgedtr Vikøyri v316 (1905–1955) og for tredje gong 1957 med Turid Melby (1908–) frå Fredrikstad.

Ola Olason Tenål hadde i 1919 kjøpt lnr 18b og bygd opp eit småbruk. Han dreiv no båe bruka. Ved skifteskøyte etter han i 1941 gjekk denne delen av eiga til sonen Sigmund Olason Tenål (1926–1981). Han selde det vidare i 1948 til Georg Guttormson Tistel (1918–) & 1945 Torhild Tomasdtr Thue (1917–1993). Dei kom frå lnr 91b Vetla-Tistel. Om foreldra til Torhild: sjå lnr 18b Tenål og note lnr 57 Sylvarnes i Arnafjord sokn. Georg og Torhild pakta bruket eitt år før dei kjøpte det. Born: Brit Gunlaug 1946 (lnr 55a Rislåg), Torunn 1953 (Lillehammer), Rolf 1962 (heime). Det vart bygt nytt bustadhus i 1970. I 1987 fekk Brit Gunlaug Georgdtr Risløv (1946–) skøyte på bruket. Ho driv det frå lnr 55a Rislåg.

Lnr 13b 0,47 spd = bnr 4/10 0,64 mark. I 1865 finn vi ingen hest, men 3 kyr, 9 smalar og eitt vinterfôra svin på småbruket. Kjøparen av denne gardparten var Samuel Anfinson Vikøyri v106 (1820–). Han hadde neppe godt nok økonomisk grunnlag for å kjøpa og driva gard. Han vart borte frå bygda etter at han i 1863 hadde selt småbruket til Jon Tollakson Seim (1834–1910) frå lnr 9 & 1863 Marie Johannesdtr Vebjørnsen (1835–1900) frå plassen Rindane i Seimsdalen i Årdal. Dei hadde borna: Tollak 1864, Johannes 1866 (Vedledna, bnr 3/6 Seim), Anders 1869 (USA 1887). Tollak Jonson Tenål (1864–1940) & 1895 Anna Hansdtr Nummedal (1870–1960) frå lnr 40c* Vetle-Nummedal overtok i 1899. Born: Jon 1896 og Karen 1897 (lnr 28 Stadheim). Tollak hadde bygningsarbeid som tilleggsyrke. I 1936 fekk sonen Jon Tollakson Tenål (1896–1980) skøyte på bruket. Han gifte seg med Marie Hansdtr Sjøtun (1899–1988) frå Solvorn. I 1936 kom òg bnr 4/2 og bnr 4/3 inn under bruket. Samla skyld av bnr 4/2+3+10 var deretter 1,39 mark. Jon og Brita fekk borna: Torvald 1928, Anna 1933 (Sogndal), Harald 1930–51, Bjørg 1934 (USA 1955), Agnar 1938 (Ål i Hallingdal). Torvald Jonson Tenål (1928–) & 1955 Anna Ivardtr Refsdal (1932–) frå lnr 60 fekk: Jon Harald 1955, Gudveig 1958 (lnr 105 Tryti), Målfrid 1963 (bnr 40/43 i Gildhus), Inger Anne 1965 (Sogndal). Torvald og Anna hadde bruket 1966–91. Jon Harald Torvaldson Tenold (1955–) & 1978 Eldbjørg Einardtr Vikøren (1958–), Feios, har: Torodd 1977 (Oslo, så bnr 41/91 Gildhus ), Hilde 1978 (sjå bnr 39/21 Hatlekolo). Far til Eldbjørg kom frå Vikøyri v504.

Lnr 13e 3,01 spd = bnr 4/11 3,86 mark. I 1865 var det 1 hest, 7 kyr, 11 smalar og 2 svin på det nyoppretta bruket. Dei som bygde opp dette bruket var Hans Olason Stedje (1820–1892) frå lnr 64 & 1848 Kristina Marie Oladtr Sæbø (1828–1860) frå lnr 1+4. Born: Sitona 1849 (lnr 15e), Ola 1851, Anna 1853 (busett i Undredal, gift 1884 med Kristen Markusson Farnes frå Balestrand), Ola Tuksen 1855 (sjå plass 7 Vange), Anders 1857 (bnr 41/2 i Villastrøket-Sjøtun). Då borna vart fødde, vart foreldra førde opp som innerstar. I 1879 vart bruket skøytt over på sonen Ola Hansson Tenål (1851–1937) & 1872 Marta Oladtr Tenål (1852–1928) frå lnr 16. Born: Hans 1876, Brita 1878–1937, Ola 1880 (lnr 18b*), Ivar 1882 (USA 1902), Kristian 1884 (USA 1903), Kristina Marie 1886 (lnr 9 Seim), Ingebrigt 1888 (USA 1907), Per 1889 (USA 1910), Anders 1891(bnr 41/22 Villastrøket-Sjøtun), Fredrikka 1893 (bnr 41/22), Jon 1895 (bnr 41/11 i Villastrøket-Sjøtun). Deretter gjekk bruket til Hans Olason Tenål (1876–1950) & 1911 Helga Oladtr Nummedal (1886–1960) frå lnr 39. Born: Oline 1906 (hus nr 19 Vikøyri-vest), Olav 1909–89 (Årdal, som pensjonist i kårstova på bruket), Martha 1911 (Sogndalsfjøra), Jon 1913–14, Monsina 1915 (Lillehammer), Anna 1916 (bnr 15/1 under lnr 48 Åse), Johanna 1919 (Sogndal), John 1921–2001, Brita 1923 (bnr 1/74 under bnr 1/33 på Vetleøyri), Oddvar 1925, Helga 1927 (bnr 1/124 under bnr 1/35 på Vetleøyri). I 1950 vart bruket skøytt til Oddvar Hansson Tenold (1925–) & 1954 Astrid Helgedtr Tryti (1932–) frå lnr 105. Born: Hjalmar 1955 (Haslum i Oslo), Annlaug 1955 (Stord), Håvard 1959, Hildegunn 1960 (Leikanger), Tore 1961 (Hvalstad i Asker). Håvard Oddvarson Tenold (1959–) & 1994 Anne Gro Erlingdtr Stadheim (1965–) frå bnr 5/1 under lnr 24 overtok i 1991. Born: Jardar 1987, Brynjar 1990, Marte 1991, Tuva 1994. Håvard og Anne Gro har flytta frå kvarandre og Anne Gro har kjøpt bnr 41/55 i Villastrøket-Sjøtun.

Bnr 4/86 med bustadhus vart frådelt 4/11 i år 2000. Staden vart kjøpt og busett i 2001 av Nils Geir Myrkaskog (1958–) frå bnr 41/104 Tomtebu på Vikøyri. Han er skild frå Olaug Olavdtr Brekke (1961–). Dei var på bnr 31/16 under lnr 90 Brekke, sjå om born der.

Plassar under lnr 13

Plass 1, Fesevodl. Her var Ivar Ingebrigtson Vikøyri v360 (1790–1870) & 1816 Marta Jensdtr Hatleli (1790–1877) frå Fresvik husmannsfolk. Born: Anna 1812– 12?, Anna 1817–32, Marta 1826 (sjå note lnr 12 Seim), Ellend 1835–47. Plassen var stor. I 1865 var det: 1,1 dekar bygg, 0,7 daa poteter, 2 kyr, 7 smalar og 1 vinterfôra gris på plassen.

Deretter var Ivar Jonson Tenål (1823–1882) frå lnr 16 & 1867 Anna Oladtr Hatleli (1834–1882) frå Fresvik på plassen i nokre år. Born: Jon 1863 (lnr [1+4]v Sæbø, så USA og lnr 195d Vangsnes), Marta 1869–1928, Brita 1872 (Jordalen i Fjærland), Birte 1873 (lnr 22a Teigum på Ovrisdalen), Olina 1876 (lnr 189c Vangsnes), Synneva 1876 (sjå hus på bygsla grunn under lnr 10 Seim). Alt i 1865 var den ugifte Anna på plassen med sonen Jon og då som leigebuarar. I 1868 flytta huslyden truleg til Føli til ein plass som låg under lnr 16. Der var dei i 1875. I 1876 var Ivar og Anna så sjukelege at fattigkommisjonen fann det mest forsvarleg å plassera heile huslyden på legd. Etter at foreldra døydde, vart borna, med unntak av Jon 1863, med fattighjelp utplasserte på Seim og Tenål.

Jon Ingebrigtson Tenål (1844–1927) frå lnr 16 & 1868 Sitona Hansdtr Tenål (1849–1920) frå lnr 13e var på plassen med to born i 1875. Der må dei ha vore frå 1868. Huslyden kom så til lnr 15e (bnr 4/18).

Anfin Anfinson Bale (1857–) & 1881 Kristi Andersdtr Slinde (1843–) frå Sogndal og sonen Andreas Martin 1884 var omkring 1885 husmannsfolk på Fesevodl. Far til Anfin var frå Indre Ese i Balestrand og mora, Anna Amunddtr, frå Lavik. Anfin var husmann på Tenål då han vart skamslegen i eit slagsmål i Nummedal i 1887. I året 1900 var Anfin og Kristi husmannsfolk på Bale i Balestrand.

Plass 2. Gulbrand Pederson Får (1827–1912) frå Slidre i Valdres & 1869 Ingebjørg Nilsdtr Ølmheim (1840–) frå Sogndal var husmannsfolk på Tenål frå omkring 1877. Kor dei hadde stova si, er usikkert. Born: Nils 1867 (USA 1886), Marta 1868 (USA 1891), Brita 1872–72, Ola 1874 (USA 1894), Per 1878 (Fjærland), Brita 1881–90. I åra 1867–77 var huslyden innerstar i Nummedal. Der var Gulbrand skomakar. Ekteparet fekk fattighjelp frå ca år 1900. Som enkje fekk Ingebjørg berre kr 80 per år til 1928, men i 1916 fekk ho kr 15 ekstra til eit skopar og to skjorter.

Plass 3. På ein plass som kan ha lege under lnr 13 var: Per Olason Tryti (1797–) frå lnr 109 & 1822 Durdei Andersdtr Tenål (1799–) frå lnr 13. Dei var der til dei reiste til Ibestad i Nordland i 1845. Born: Anders 1820, Ola 1823, Anna 1826, Jon 1828, Per 1831–34, Anna 1834, Per 1837, Birte 1840, Gjertrud 1845. Anders Person Tenål (1820–1905) & 1853 Anna Beintdtr Tenål (1827–1868) frå lnr 14 fekk Durdei 1852 og reiste til USA 1853.

Lnr 14 Tenål

3,47 spd. Eigar i 1647: Axel Mowat, i 1723 kapellan Jens Garmann, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Frikjøpt i 1842. Skyld: 3,64 laupar i 1655 1,75 laupar, 1667 og 1723 1,75 laupar, i 1788 og 1838 1,33 laupar. Ca 1650 vart lnr 17 frådelt dette bruket. I 1845 var det: 13,7 daa bygg, 7 daa potet, 3 hestar, 16 storfe, 45 smalar og 4 svin på bruket.

Det var truleg på dette bruket Ola Hermundson (1585–) var i 1635, 1645, 1655 og 1665. Kona hans heitte i 1645 Magdeli. Ola starta med eit bruk med høg landskyld, men den gamle mannen var i 1667 på det minste bruket på Tenål. I 1685 var kanskje Kjell på bruket, men deretter kom Anders Olason Tenål (1662–1728). Han trur vi var ein son til Ola Endreson Tenål på lnr 15. Anders var gift med Anna Oladtr (1654–1742), og ho kan ha vore ei dotter til Ola Hermundson (og var først gift med Kjell?). I 1701 hadde Anders og Anna følgjande søner: Ola 1683, Elling 1687, Ola 1694 og Elling 1696. Ola Andersson Tenål (1694–1765) & Anna Ingebrigtdtr Hove (1692–1774) frå lnr 71 fekk borna: Guttorm (til lnr 106 Tryti), Anna 1729, Sigrid 1732 (lnr 29 Stadheim), Gyrid 1734 (lnr 1 Sæbø). Anna Oladtr Tenål (1729–1766) & 1754 Beint Jonson Ovri(1728–1789) frå lnr 70 var neste leiglendingspar. Borna: Elling 1754, Anna 1756 (lnr 22 Føli, så lnr 5 Vange), Ragnhild 1758 (lnr 29 Stadheim), Ola 1762 (ugift, truleg død før 1801). Beint gifte seg på nytt 1766 med Kari Andersdtr Åse (1735–1777) frå lnr 48+49 og borna deira var: Anna 1767 (lnr 69 Ovri), Ivar 1771 (sjå note lnr 65 Hallrynjo) og Jon 1774–1803. Elling Beintson Tenål (1754–1834) & 1789 Helga Anfindtr Ovri (1762–1851) frå lnr 69 fekk: Beint 1792, Anfin 1792–92?, Anna 1795–95?, Ola 1797 (sjå note), Anfin 1799–99, Barbra 1801 (lnr 73 Hove), Anna 1806–06?. Vi veit at Elling hadde både frukt- og humlehage. I 1842 vart leiglendingsbruket skøytt til Beint Ellingson Tenål (1792–1876). Han gifte seg 1816 med Brita Nilsdtr Sæbø (1796–1880) frå lnr 4. Dei fekk ti born: Helga 1816 (lnr 21 Føli), Elling 1818, Nils 1820 (lnr 43a Myrkaskog), Stina Marie 1823 (USA i 1855), Ola 1826–26, Anna 1827 (plass 3 lnr 13 Tenål), Anfin 1830–30, Fredrik 1831 (USA 1853), Hans 1834 (USA 1853), Petter Rye 1837 (lnr 14b). I 1847 gjekk bruket vidare til Elling Beintson Tenål (1818–1897) & 1851 Synneva Nilsdtr Vange (1807–1898) frå lnr 8. Som ugifte hadde dei fått Guro 1840–49, og Elling hadde dessutan fått Elling 1850 med Anna Arnedtr Vetleøyri s030 (1821–1911). Om Elling vart det i 1850 skrive at dette var fjerde gong han hadde fått «uekte» barn - og det med fire ulike jenter. Vi finn berre to i kyrkjebøkene for prestegjeldet. Elling og Synneva tok til seg Birte 1863, ei dotter til Petter Beintson Tenål. I 1870 vart bruket delt mellom Elling og Petter Rye. Lnr 14a fekk 0.97 spd, og delen til Petter lnr 14b 2,50 spd. Ein innkjøpt part, lnr 18e, vart lagt til hovudbruket.

Lnr 14a+18e 1,14 spd = bnr 4/12+4/32 1,51 mark, «Hesjagarden». I tillegg låg ein part av Føli bnr 6/17 0,42 mark under bruket. Elling og Synneva heldt fram med å driva dette småbruket. I 1897 skøytte enkja Synneva Nilsdtr bruket over på Birte Petterdtr Tenål (1863–1938) frå lnr 14b. Birte gifte seg 1889 med Botolv Guttormson Hatlekolo (1865–1938) frå bnr 39/16 Halvarhaugen. Botolv hadde fått Anna 1888 (til prestegarden Grov) med Johanna Oladtr Tryti (1869–) frå lnr 106, og Birte hadde frå før Eli 1881 og Fredrikka 1883 med «fallert» handelsmann Gjert Nilsson Vikøyri v238 (1854–1914). Han hadde gift seg på Vikøyri og reiste i 1907 til USA med stor barneflokk. Birte og Botolv fekk 6 born som voks opp. I 1904 vart bnr 4/41 0,25 mark på Seljadalen skilt frå. I 1906 vart bruket skøytt over på Ola Andersson Seim, og Berte og Botolv flytta til Fjærestad der dei hadde kjøpt lnr 96. Sjå meir om borna der. I tillegg til Hesjagarden kjøpte Ola to mindre parsellar, slik at bruket var bnr 4/12+4/32+4/47+ 4/50, i alt 1,67 mark. Ola Andersson Seim (1879–1957) frå lnr 10 & 1909 Sitona Katrina Tuxen Andersdtr Stadheim (1870–1956) frå lnr 26 fekk Olina 1901 (lnr 14b) og Anders 1909–44 (ugift på bruket, smed). Olina fekk skøyte på bruket i 1956. Ho dreiv det saman med lnr 14b (= bnr 4/13). I 1989 vart bnr 4/12 frådelt bustadtomta 4/77 Fosstun, sjå vidare under bustadområdet Seljestokkane. I 2001 vart bnr 4/50 0,16 mark frådelt bnr 4/87, bnr 4/88 og bnr 4/89 som bustadtomter. Dei er ikkje busette i år 2002. I 1974 vart bnr 4/12 1,05 mark skøytt til ei dotterdotter til Olina, Sissel Tove Sigmunddtr Tenold (1952–), sjå bnr 4/13. Ho bur i Kongsberg. Jorda er bortleigd.

Bnr 4/87. Gunvor Helgedtr Ovrid (1975–) frå lnr 68 Ovri & sb Kåre Person Fosse (1967–) frå lnr 34 har bygt hus her. Dei har: Oskar 2007.

Ola Ellingson Tenål (1797–1889) & 1833 Ragnhild Eirikdtr Vikøyri v172 (1801–1837) fekk: Eirik 1827–58 (døydde i snøskred), Helga 1835 (lnr 15b). Ola vart attgift 1850 med Kari Ellenddtr Holstad (1804–1861) frå lnr 85. Ola kjøpte i 1856 lnr 22b Føli 0,90 spd, men budde neppe der. Han dreiv kanskje med husdyr, men eigde ikkje jord på Tenål. I 1865 var han hjå dottera på lnr 15b.

I 1875 budde enkja Ingeborg Oladtr Tenål (1820–1893) på lnr 14a, truleg i ei eiga stove. Ho hadde ein sau og litt poteter, men levde av handarbeid og dagarbeid. Ho hadde som «logerende» den ugifte Brita Jondtr Midttun (1801–1880), sjå note lnr 31 Stadheim.

Lnr 14b 2,50 spd = bnr 4/13 3,17 mark. Den største delen av lnr 14 vart overteken av Petter Rye Beintson Tenål (1837–1904) frå lnr 14 & 1864 Ragnhild Andersdtr Seim (1843–1916) frå lnr 10. Born: Birte 1863 (sjå lnr 14a), Guri 1865 (sjå under 15b), Stina 1868–68, Beint 1869–93, Kristina Marie 1871 (lnr 96 Fjærestad), Anders 1874, Anna 1876 (Bergen), Anfin 1878–82, Fredrik 1881–83, Anna 1883–98, Fredrik 1885 (USA 1902), Elling 1888 (Bergen). Petter hadde kjøpt til bnr 6/16 0,27 mark. Denne parten vart skøytt over på Guri 1865. Resten av bruket vart i 1903 skøytt til sonen Anders Petterson Tenål (1874–1964) & 1892 Ingeborg Andersdtr Hønsi (1861–1951) frå lnr 84e. Born: Ragnhild 1893 (Bergen), Anders 1896 (Atløy og Bergen), Petter 1899, Martin 1901 (lnr 18a), Anna 1908 (Bergen). Anders flytta frå kona si og til Guro Seim på lnr 10b. På eldre dagar budde han mykje i ei løe på eit jordstykke i Myrkaskog, bnr 1/14, som han kjøpte i 1948. Der hadde han laga til eit lite rom. Ved auksjonskøyte i 1931 gjekk bruket til Petter Andersson Tenål (1899–1967) & 1930 Olina Oladtr Seim Tenål (1901–1987) frå lnr 14a. Dei fekk Sitona 1931. Ho overtok i 1973. Sitona Petterdtr Tenål (1931–) & 1951 Sigmund Olason Tenold (1926–1981) frå lnr 13a3 fekk Sissel Tove 1952. Tona og Sigmund vart skilde. Ho gifte seg på nytt med Andreas Halsteinson Gausdal (1924–) frå Storslett i Nordreisa i Troms og dei fekk Jan Petter 1964 (Ålesund). Jorda er bortleigd. (Sjå også bnr 4/12 under lnr 14a).

Lnr 15 Tenål

6,38 spd. Eigar i 1647: Axel Mowat, i 1723 Anna Finde, så Anders Daae og Daae-ætta. Sjølveigebruk frå 1780. Skyld: 3,5 laupar i 1647, 2,63 laupar i 1655, 1667 og 1723, 1,75 laupar i 1788 og 1838. I 1845 var det: 18,2 daa bygg, 5,6 daa potet, 2 hestar, 16 storfe, 48 smalar og 6 svin på bruket.

Ola Ingebrigtson og Lussi Nilsdtr var truleg på dette bruket i 1645. På grunnlag av skiftet etter den ugifte sonen Ola Olason Tenål (1634–1698), som var på lnr 16, veit vi også om fire døtrer: 1. salige Marita de, som hadde vore gift på lnr 10 Seim med Johannes Larsson (1608–), 2. Marita dy, gift for andre gong på lnr 16 Tenål med Ola Anfinson Tenål frå lnr 16, 3. Brita gift med Ola Guttormson Stadheim på lnr 32, 4. salige Magnhild, som hadde vore gift, men neppe i Vik. I 1655 var Ola Endreson (1625–) blitt leiglending på lnr 15. Han må ha vore gift to gonger. Med den første kona hadde han sønene: Helge 1655, Hermund 1659, Anders 1662 og Endre 1666 (til Turvoll?). Andre kona var Helga Jondtr (1645–1743), og dei fekk: Helge (lnr 45+46 Turvoll), Jon 1684 (lnr 36 Nummedal ) og Johannes 1685 (lnr 95+97 Fjærestad). Enkja Helga gifte seg opp att kring 1710 med Hermund Markusson (Hopperstad) Turvoll (1653–1727) frå lnr 117+118+121. Dei hadde ikkje born som levde opp. I skiftet etter Hermund var arvingane: enkja Helga og brørne Jon og Sjur og son til den salige broren Torgeir på lnr 196 Vangsnes, Markus 1679. I manntalet i 1666 var det 6 bønder i Vik som hadde namnet Jon. Det har difor vore uråd å finna ut kven som var far til Helga 1645. Hermund var av rik ætt. Han kjøpte Turvoll og busette seg der. Men då han fekk leiglendingsretten til lnr 15 på Tenål gjennom giftarmålet, selde han Turvoll til Endre 1666, son til Ola Endreson Tenål. Pengane plasserte Hermund truleg i eit bruk i Sæbø (lnr 4). I følgje den gamle bygdeboka kom eiga i Sæbø seinare over til broren Sjur Hopperstad på lnr 117+118+121, Marta Hermunddtr (enkje etter Sjur) og brorsonen Nils Sjurson Hopperstad (som vart bonde på lnr 96 Fjærestad). Etter at Hermund døydde, gjekk leiglendingsretten for bruket på Tenål til brorsonen Markus Sjurson Hopperstad (1693–1767) frå lnr 117+118+121. Markus hadde broren Paul på lnr 121 Hopperstad, broren Hermund dy på farsbruket på Hopperstad, Hermund de på lnr 47 Bruavoll, Nils på lnr 96 Fjærestad, Ola på lnr 103 Bø og han hadde fire systrer. Denne slekta var difor nokså dominerande i bondesamfunnet i Vik. Markus fekk bygsel på bruket på Tenål av Anders Daae i 1727. Han var då gift med Marta Oladtr (1688–1761). I åra 1714–26 var han leiglending på lnr 80 Voll og var då truleg gift med ei anna kvinne. Born: Brita 1713–72, Marta 1716, Ola 1717 (lnr 55 Rislåg), Helga 1718 (lnr 186 Vangsnes), Sigrid 1722 (lnr 7 Vange), Sjur 1727, Synneva 1729–46, Hermund 1730 (plass 28 Vangsnes), Marta 1732 (lnr 197 Vangsnes), Guri 1733 (truleg død før konfirmasjonsalder). Sjur Markusson Tenål (1727–1796) & 1763 Marta Andersdtr Tenål (1730–1763) frå lnr 13 fekk eit kort samliv. Sjur vart attgift 1764 med Unni Oladtr Midttun (1736–1804) frå lnr 189+190 Vangsnes. Born: Markus 1766–70, Marta 1770–70, Markus 1772 (lnr 18 Flete), Ragnhild 1775, Marta 1781. Sjur vart sjølveigar ved å kjøpa bruket av presten Gerhard Heiberg i 1771. Men han selde det i 1780 til Anders Anbjørnson Ulvestad (1752–1829) frå Balestrand. Anders gifte seg 1778 med ei syster til Unni, Marta Oladtr Midttun (1752–1829). Born: Gjertrud 1779, Ola 1781, Brita 1782 (Åfet i Feios), Ragnhild 1785 (lnr 10 Seim), Mari 1788 (lnr 25 Stadheim), Per 1791–91?. Forliksprotokollen kunne bli brukt for andre saker enn tvistar. I 1822 vart det innført at Anders skulle styra halve bruket så lenge båe han og kona levde. Men når ein av dei døydde, skulle den andre få kår tilsvarande det enkja Unni hadde hatt. Ola Andersson Tenål (1781–1853) & 1810 Gjertrud Tollakdtr Seim (1785–1862) frå lnr 10 fekk skøyte på bruket i 1811. Born: Gjertrud 1810, Brita 1819 (lnr 100 Midlang). Gjertrud Oladtr Tenål (1810–1883) & 1841 Elling Tollakson Fosse (1810–1852) frå lnr 25 fekk: Ragnhild 1841 (lnr 15d), Gjertrud 1843–73, Marta 1846 og Brita 1849 (sjå note). I 1860 vart bruket selt på auksjon til Ellend Tollakson Seim (1829–1910) frå lnr 9. Han gifte seg 1859 med Anna Adamdtr Reutz Midlang (1838–1904) frå lnr 98 og hadde borna: Tollak 1860, Durdei 1861, Adam 1862, Anders 1864 og Johan 1866. Denne huslyden reiste til USA i 1867, og same året selde Ellend bruket til Jon Sjurson Vidme (1841–) frå Flåm. Han var ugift. I 1870 vart bruket frådelt lnr 15b 0,53 spd til landhandlar 0. A. Hopstock. Lnr 15a fekk dermed 5,85 spd i skyld. Ei dotter til Elling Tollakson tok no bruket tilbake på odel. I 1871 fekk dermed Marta Ellingdtr Tenål (1846–1938) & 1869 Hermund Nilsson Fjærestad (1845–1917) frå lnr 95c skøyte på bruket. Born: Eli 1868 (bnr 1/30 Røysane-Sæbø, så lnr 15a**), Gjertrud 1874 (nr 19 Føli) og ei pleiedotter Olina 1888 (sjå note). I 1882 vart frådelt eit lite stykke, lnr 15e 0,23 spd. (Denne delen, som seinare fekk bnr 4/16 0,17 mark, låg på Seljadalen). Skyld på lnr 15a* vart 5,62 spd. I 1882 delte Marta bruket i like delar med systera Ragnhild 1841. Det frådelte bruket fekk lnr 15d, det andre kallar vi lnr 15a**.

Lnr 15a** 2,81 spd = bnr 4/14 2,38 mark. Marta og Hermund Nilsson Tenål vart sitjande med dette halvbruket til 1904. Då vart det skøytt til dottera Eli Hermunddtr Tenål (1868–1941) & 1889 Ingebrigt Jonson Tenål (1867–1932) frå lnr 15e. Då dei gifte seg, var Ingebrigt skreddar på Vikøyri, deretter i Røysane-Sæbø (bnr 1/30). Seinare var han skreddar og gardbrukar. Eli og Ingebrigt hadde ikkje born, men tok til seg Brita 1901, ei dotter til ekteparet Gjertrud Hermunddtr og Eirik Andersson Føli (sjå lnr 19 Føli). Eli skøytte i 1939 bruket til Brita Eirikdtr Følid (1901–1985) & 1933Ola Ellendson Nummedal (1906–1993) frå lnr 40c* Vetle-Nummedal. Dei fekk borna: Ingvald 1934 (sjå note lnr 192b Vangsnes), Erlend 1937, Erik 1939 (Eidsvoll), Agnar 1941 (Hønefoss), Gerd 1941 (Vest-Torpa, Oppland). Bnr 4/51 0,03 mark, frådelt bnr 4/17 i 1923, kom inn under bruket. I 1968 gjekk bruket til Erlend Olason Tenold (1937–2005) & 1958 Åsa Liv Eirikdtr Berdal (1939–) frå Feios. Born: Oddmar 1959, Eivind 1960 (sjå bnr 4/58), Britt Reidun 1962 (lnr 110 Tryti), Eli 1966 (Bergen). I 1979 fekk Erlend skøyte på bnr 4/71, frådelt bnr 4/18, og i 1982 bnr 4/72, som var den dyrka jorda av bnr 4/17. I 1989 kjøpt han bruket til Anders Eirikson Føli: bnr 4/39+ 6/1+6/6+6/12. I 1995 vart bnr 4/39 frådelt bustadtomta bnr 4/80, sjå vidare under bustadområdet Seljestokkane. I 1999 vart bnr 4/14 med tilkjøpte jord skøytt til Oddmar 1959. Han dreiv bruket frå Føli.

Bnr 4/58 Tunet I 0,02 mark vart fråskilt bnr 4/51 i 1960. Her bur: Eivind Erlendson Tenold (1960–).

Brita Ellingdtr Tenål (1849–1898) fekk Olina 1888 med Anders Lasseson Tenål (1863–1944) frå lnr 13. Olina gifte seg med Jon Andreasson Stedjeberget (1892–) frå lnr 64b og dei flytta til Odda.

Lnr 15d 2,81 spd. Etter at Marta Ellingdtr Tenål og mann hennar tok tilbake lnr 15a på odel, var ei eldre syster med og dreiv bruket, og då ho gifte seg, vart bruket delt i to like delar. Ragnhild Ellingdtr Tenål (1841–1930) frå lnr 15 & 1877 Ivar Kolbeinson Kolgrov (1853–) frå Hyllestad fekk borna: Kristina 1879, Elling 1883. Ivar øydelagde alt for dei med drikk og svir. Bruksutbygginga vart ikkje gjennomførd, og i 1882 selde han frå ein tredel av gardparten, lnr 15e 0,93 spd, til Jon Ingebrigtson Tenål. Familien greidde å berga litt av bruket ved å skøyta det over på den nyfødde guten Elling 1883. Ny lnr 15d 1,29 spd = bnr 4/17 1,55 mark. Med unntak av jordstykket Flåten, var denne bruksdelen markastykke og utmark. Ivar reiste til USA i 1884 og vart borte. Huslyden var svært fattig. I 1896 vart Ragnhild sett bort til pleie på Fosse for di ho ikkje var i stand til å forsørgje seg sjølv. I svært mange år fekk ho støtte som arbeidsfør fattig. Ved folketeljinga i 1900 vart Ragnhild førd opp som arbeidar. Elling var tenar. Elling Ivarson Tenål (1883–) vart ståande som eigar så lenge han livde. Han reiste til USA i 1903 og systera Kristina i 1904. Ragnhild reiste òg, men først i 1911, og ho kom heim att og vart buande i ei lita stove i Tenåltunet og var framleis fattig. Vinteren 1917 var ho på Grønsberg (sjå under plass 1 Vange). Ho vart kalla Ulvestad-Ragnhilda. Ved skifteskøyte i buet etter Elling i 1924 gjekk bruksdelen (med unntak av eit hus, bnr 4/51 0,01 mark) til Olav Andersson Føli (1890–1958) frå lnr 20a. Han planta frukttre på den dyrka jorda. Eigedommen vart ikkje busett. Olav gifte seg i 1931 med Martha Sandvik (1890–1994) frå Halsnøy. Dei hadde fostersonen Anders 1932. Olav A. Følid var byggmeister i Vik, Balestrand, Oslo og Bergen. I 1945 kjøpte han bnr 72/18 (lnr 189d) på Vangsnes, men huslyden budde i Bergen. I 1982 vart Flåten frådelt som bnr 4/72 til Erlend Tenål og kom dermed under bnr 4/14 (lnr 15**). Ny bnr 4/17 er eigd av Anders Colban Følid (1932–), Bergen.

Lnr l5e Mjølbyrao 0,93 spd = bnr 4/18 1,13 mark vart kjøpt av Jon Ingebrigtson Tenål (1844–1927). «Lille-Jo» var fødd på lnr 16 Tenål, men oppfostra på Stadheim. Han gifte seg i 1868 med Sitona Hansdtr Tenål (1849–1921) frå lnr 13e. Dei var først på ein husmannsplass under lnr 13. Dei hadde: Ingebrigt 1867 (lnr 15a**), Ola 1869 (USA 1889), Hans 1873–88, Ola 1877 (Stavanger), Stina 1889 (gift med smedson Andreas Eikås frå Røysane-Vange), Johan 1887, Hans 1890–94. I 1921 skøytte Jon denne gardparten til Johan Jonson Tenål (1887–1958). Han gifte seg 1917 med Birgit Marie Steffendtr Lilleås (1893–1971) frå Kvam. Ho var dotter til Marie Perdtr Tønder (1855–1945), sjå note under «Tønderbruket», lnr 12 Seim. Born: John 1917–73, Sigtona 1918 (bnr 41/2 i Villastrøket-Sjøtun), Svein Steffen 1920, Einar 1922–1990 (Røyse, Ringerike), Margrethe Magdalene 1924 (Ovestevegen nr 1 i Øyane-Sjøtun). Johan var kunstmålar. Han brukte familienamnet Tenol-Tuxen. Det har også etterkommarane gjort. Svein Steffen Johanson Tenol-Tuxen (1920–2008) hadde småbruket frå 1958 til 1988. Svein var gift med Ellen Louise Hansdtr Jacobsen (1922–1998) frå bnr 3/31 på Seimsstrond-Vetleøyri og dei fekk: Aino Vigdis 1945 (bnr 4/69), May Trude 1949, Elna Marie 1953 (til Bergen). May Trude Tenol-Tuxen (1949–) & 1972 Nils Jørgen Emilson Ulvund (1943–2005) frå Ålvundfjord har: Helge 1974 (sjå bnr 40/42 under Gildhus), Erlend 1975.

Bnr 4/69 Seljetun. Denne bustadtomta vart frådelt bnr 4/18 i 1971 og vart busett av: Aino Vigdis Tenol-Tuxen (1945–) & 1969 Gunnar Olavson Lilleøren (1947–) frå «smedhuset» Røysane-Vange. Born: Laila Eline 1970 (bnr 68/4 under lnr 52 Finnen i Arnafjord sokn), Hans Christian 1975.

Bnr 4/71 vart frådelt bnr 4/18 i 1971. På denne tomta vart Svein Steffen Tenol-Tuxen og Ellen busette alt i den tida dei sat som eigarar av bruket.

Lnr 15b 0,23 spd, kalla Todni, kom over på Ivar Ivarson (Bøtun) Tenål, ein bror til Lasse Ivarson. Han fekk også tak i lnr 17e og lnr 18g av Tenål og lnr 21a, 22b og 23a av Føli. Samla skyld var 2,28 spd. Samlinga Tenål med Føli (Stampøyna) fekk bnr 4/15 og total skyld 2,78 mark. I 1895 vart 0,30 mark på Seljadalen frådelt (bnr 4/36) og i 1909 bnr 4/42 0,12 mark. Men bnr 4/46 ogbnr 6/17 vart kjøpt til, slik at bruket i 1968 var til saman 3,02 mark. Ivar Ivarson Bøtun (1836–1918) frå Fresvik & 1861 Helga Oladtr Tenål (1835–1922) fekk borna: Ragnhild 1862 (USA 1894), Ola 1863 (USA 1882), Brita 1865 (USA 1889), Ivar 1868 (USA 1886), Eirik 1871, Ola Andreas 1873 (USA 1893), Guri 1877 (sjå «Smedhuset» Røysane-Vange). Om foreldra til Helga: sjå note lnr (14a+ 18e). Eirik Ivarson Tenål (1871–1950) & 1901 Kristina Andersdtr Seim (1873–1928) frå lnr 10 fekk Anders 1898 og Ivar 1906–25. Anders Eirikson Tenål (1898–1978) & 1929 Anna Johannesdtr Ugulsvik (1894–1966) frå Hafslo fekk borna: Kristina 1930 (til Fresvik), Borghild 1932 (til Rogaland), Ester 1934 (til Fresvik), Ivar Johannes 1941. Ivar Johannes Andersson Tenold (1941–) & 1975 Anne Johanne Haugen (1933–) frå Fjærland tok over bruket i 1973. Born: Ann Kristin 1976, Tor Egil 1977 (bnr 43/10 under lnr 5 Juvik). Anne Johanne hadde før vore gift med Kåre Olavson Salbu (1929–1973) og dei var busette på Hustavenes under lnr 50 Geithus. Sjå der om familie. Bruket er overteke og busett av Ann Kristin Ivar-Johannesdtr Tenold (1976–) med huslyd. Sjå meir under bnr 4/44 under lnr 16 Tenål.

Bnr 4/42 Øyestad 0,12 mark. Denne parsellen vart kjøpt av møllar Andreas Hansson Sæbø (1854–1910), som hadde vore busett med familie på «Hirt-plassen» i Røysane-Sæbø. Staden låg inntil Orvedal mølle og Andreas sette opp ei lita stove på tomta. Andreas var enkjemann. Han gifte seg på nytt 1906 med Guri Petterdtr Tenål (1865–1952) frå lnr 14b og dei fekk Petter 1908. Guri hadde frå før Anfin 1884 (til Bergen) med Arne Olason Stadheim (1864–) frå bnr 5/17 under lnr 32 og Ola 1892 (USA 1910) med David Davidson Eri frå Lærdal. Arne reiste til USA før barnet vart fødd. Etter at Andreas døydde i 1910 overtok Botolv Ellendson Orvedal (1883–1941) frå lnr 51 både mølla og bustaden. Guri flytta med Petter til bnr 6/16, sjå nedanfor. Botolv gifte seg 1921 med Gjertrud Sjurdtr Tistel (1883–1938) frå lnr 91b. Dei hadde ikkje born. Så overtok Johan Ellendson Orvedal (1895–1964) frå lnr 51 mølla. Han budde i Orvedal. I 1952 vart mølla og bnr 4/42 selt til Petter Andreasson Følid (1908–1995) og som dreiv mølla til ut på 1980-talet. Petter dreiv også som gardbrukar på bnr 4/26 + bnr 6/16 på til saman 0,51mark, og som han hadde overteke etter mora, og dessutan bnr 6/3–5 på til saman 0,95 mark og bnr 6/18 0,42 mark. Sjå vidare under lnr 20 Føli.

Bnr 6/16 + 4/26 0, 27 + 0,24 mark. Desse to parsellane vart omkring 1908 skøytt til Guri Petterdtr Tenål (1865–1952) frå lnr 14b. Det siste var eit markastykke på Tenål. På stykket på Føli stod det ei lita stove. Etter at Guri vart enkje i 1910, busette ho seg der. I 1939 vart bnr 6/16 og bnr 4/26 skøytt til sonen Petter 1908 og kom dermed inn under det samansette bruket hans.

Lnr 15k 0,08spd = bnr 4/23 0,09 mark. Denne parsellen, som ikkje var større enn ei villatomt, vart kjøpt av Ingebrigt Olason Tenål (1846–1933) frå lnr 16. Han gifte seg i 1882 med Gjertrud Nilsdtr Myrkaskog (1861–1945) frå lnr 43a. Born: Brita 1883, Ola 1886, Nils 1889, Ivar 1891, Anders 1897, Alf 1904–22, Agata 1907. Ingebrigt og Gjertrud kjøpte i 1902 lnr 41b Grønsberg. Sjå meir om borna der. Staden vart omkring 1920 overteken av Jon Sjurson Grønsberg (1877–1957) frå lnr 41a & 1908 Synneva Knutdtr Holen (1878–1960) frå Hola på Seljadalen. Dei kom frå ei stove på lnr 45a Turvoll. Dei hadde 8 born: Knut 1902 (Feios), Ola 1904 (Aurland), Brita 1909 (bnr 1/65 under bnr 1/35 på Vetleøyri), Sjur 1911 (Vikøyri v914, så Sjøtunvegen 11), Helge 1914 (lnr 12 Seim), Johannes 1916 (Aurland), Anna 1919 (bnr 41/124 på Vikøyri-søraust), John 1922. I tillegg fekk Jon Sjurson døtrene Johanna 1908–12 og Anna 1925 med Gjertrud Jondtr Seljestø (1888–1974). Anna kom til bnr 1/131 på Skulejordi-Sæbø. Jon var skomakar, gardsarbeidar, vegvaktar. I 1953 var bustaden skøytt til John Jonson Grønsberg (1922–). Han gifte seg 1949 med Kari Fuglehaug (1924–1985) frå Nesbyen og dei fekk: Johnny 1949 (heime) og Kitty-Jane 1957 (Oslo).

Nytt hus: I nytt hus bur kommunelege Manfred Max Weiglein (1952–) frå Frankfurt i Tyskland & 1997 Angela Charmanie Thavier (1969–) frå Sør-Afrika. Dei har ikkje born.

Lnr 16 Tenål

6,38 spd. Eigar i 1647: Axel Mowat, i 1723 Anna Finde, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Frikjøp i 1869. Bruket frådelt lnr 18 på 2 laupar ca 1660. Matrikkelskyld: i 1647 og 1655 4 laupar, i 1667 2 laupar, i 1723 2,13 laupar, i 1788 og 1838 1,99 laupar. I 1845 var det: 13,7 daa bygg, 5,6 daa potet, 1 hest, 17 storfe, 36 smalar og 6 svin på bruket.

Bruksstrukturen og brukarrekkjefølgja på Tenål på 1600-talet er uklar. Men det var truleg her på lnr 16 Per Otteson (–) heldt til. Han var av adelsslekt og var gift med Helga Jondtr. Dette var på denne tida eit storbruk på 4 laupar. Men då sonen Jon Person Tenål (1635–) dreiv, var bruket redusert til 2 laupar. Vi veit om to søner etter Jon: Per 1661, som truleg døydde før 1701, og Eirik 1664. No i 2021 trur eg at Jon var gift med Marita dy Oladtr Tenål (–) frå lnr 15 og at ho vart enkje og gifte seg med Ola Anfinson Tenål (1658 –) frå lnr 13. Han vart den neste bonden på lnr 16. Dei to hadde ikkje born, men i 1701 hadde dei med seg Eirik 1664 på bruket. Ola Anfinson hadde broren Anders på lnr 13. I følgje den gamle bygdeboka var det ein son hans, Jon Andersson Tenål (1678–1764) som vart neste leiglending på lnr 16. Jon var medhjelpar til presten frå 1728 og ein vyrd mann i bygda. Det ser vi mellom anna ved at fleire av borna vart plasserte fremst på kyrkjegolvet ved konfirmasjon. Jon var gift med Synneva Bendikdtr Ovri (1691–1778) frå lnr 67. Den store aldersskilnaden gjer at vi kan tru at Jon først var gift med Brita Eirikdtr Finnen (ca 1675–) frå lnr 52 i Arnafjord sokn. Born til Synneva og Jon: Synneva 1714–39, Brita 1716 (lnr 52 Orvedal), Anders 1718 (lnr 109 Tryti), Marta 1720 (lnr 1 Sæbø og lnr 68 Ovri), Lussi 1723 (lnr 119+120 Hopperstad), Bendik 1726, Jon 1732–32, Ragnhild 1737–37 (ho levde berre ein liten del av ein time). Bendik Jonson Tenål (1726–1797) & 1751 Sigrid Ingebrigtdtr Hove (1729–1808) frå lnr 71 fekk: Synneva 1752–52, Ingebrigt 1754–56, Synneva 1759–81, Ingebrigt 1756, Jon 1766–1835 (ugift), Kari 1767 (lnr 50 Åse). Ingebrigt Bendikson Tenål (1756–1797) gifte seg i 1788 med Marta Eirikdtr Tryti (1752–1820) frå lnr 108 og dei hadde borna: Synneva 1789–1867 (ugift), Marta 1791, Bendik 1794. Marta Eirikdtr gifte seg på nytt med Alf Jonson Holstad (1760–1823) frå lnr 85. Dei hadde ikkje born. Alf gifte seg opp att 1821 med Ingegjer Andersdtr (1762–1826), enkje på lnr 12 Seim. Heller ikkje dei hadde born, og dermed gjekk bygselretten til borna etter Ingebrigt. Bendik Ingebrigtson Tenål (1794–1875) gifte seg 1824 med husmannsdtr Anna Kristendtr Svolsvik (1782–1856). I følgje den gamle bygdeboka var han ikkje i stand til å driva gard. Heilt normal var han neppe, og difor vart det sett lett på at han stal. Anna døydde som strandsitjarkone på Vikøyri og Bendik som legdslem. Bygsla gjekk i 1827 til Marta Ingebrigtdtr Tenål (1791–1867) & 1817 Jon Ivarson Rislåg (1783–1829) frå lnr 55. Jon var med i krigen 1809–15. Born: Brita 1817, Ingebrigt 1818, Marta 1821 (lnr 43a Myrkaskog), Ivar 1823 (plass 1 under lnr 13), Alf 1827 (lnr 83a Hønsi). Marta gifte seg på nytt 1834 med Ingebrigt Olason Liktvorane (1801–1847) frå lnr 9. Dei hadde ikkje born, og difor gjekk bygsla i 1843 til Ingebrigt Jonson Tenål (1818–1844) & 1842 Guri Oladtr Hove (1819–1900) frå lnr 72. Dei fekk Jon 1841–44?, Jon 1844 (plass 1 under lnr 13). Den unge enkja gifte seg 1845 med Ola Bendikson Stadheim de (1810–) og flytta til lnr 26 Stadheim. Deretter fekk Brita Jondtr Tenål (1817–1857) & 1844 Ola Bendikson Stadheim dy (1816–1882) bygsel på bruket ved «gardabyte». Brita drukna i ei elv, står det i kyrkjeboka. Born: Arne 1843–43, Arne 1844, Ingebrigt 1846 (lnr 15k Tenål, så lnr 41b Grønsberg), Synneva 1849 (lnr [1+4]d Sæbø), Marta 1852 (lnr 13c) og Ivar 1855–64. Ola Bendikson gifte seg opp att 1859 med Ingebjørg Rasmusdtr Undredal (1824–1908) frå Aurland. Dei fekk: Brita 1863 (lnr 11a Seim). I 1872 vart det skrive skøyte til Arne Olason Tenål (1844–1916). Han gifte seg 1877 med Olina Oladtr Sæbø (1849–1912), ei dotter til storbonden Ola Nilsson Sæbø på lnr 1+4. Born: Ola 1876, Sitona Katrina 1879 (lnr 32 Stadheim), Brita 1880 (bnr 1/54 i Røysane-Sæbø), Stina Marie 1886 (bnr 2/12 under lnr 6+7 Vange), Fredrikka 1889, Ola Tuxen 1894. I 1886 vart bruket frådelt lnr 16b 0,23 spd, slik at skyld på lnr 16a vart 6,15 spd. Deretter fekk dette hovudbruket bnr 4/24 og skyld 7,43 mark. I 1911 vart bruket delt mellom to av sønene til Arne og Olina: Ola og Ola Tuxen. Bnr 4/24 fekk ny skyld 3,72 mark og det nye bruket bnr 4/43 «Nordgaren» 3,65 mark.

Bnr 4/24 3,72 mark. Ola Arneson Tenål (1876–1954) & 1905 Ingeborg Oladtr Drege (1881–1964) frå Feios overtok denne gardparten. Born: Olina 1906 (bnr 26/13 under lnr 71+73 Hove), Gjøri 1911–17, Arne 1913–17, Olav 1915, Arne 1917- 94 (ugift, på bruket), Gyrid 1920–2007 (Oslo), Emma Johanna 1922–39 og Margit 1926 (ugift, på bruket). I 1951 vart bruket skøytt til Olav Olason Tenål (1915–1994). Han var ugift.I 1995 gjekk bruket til Harald Johan Systad (1941–) som driv det frå bnr 26/13 Hove.

Bnr 4/43 3,65 mark. Ola Tuxen Arneson Tenål (1894–1976), «Vetle-Tuksen», gifte seg i 1921 med Anna Ellingdtr Stadheim (1900–1982) frå bnr 5/1 under lnr 24. Born: Sverre Tuxen 1920 (sjå bnr 4/44 nedanfor), Arne 1924 (Bergen), Olina 1926 (USA 1951), Erling 1927 (Bergen), Einar 1935 (USA 1958). Ingen av borna overtok småbruket, og i 1949 sat Sitona Arnedtr Tenål (1879–1946) frå lnr 16, gift til lnr 32 Stadheim som eigar. Ingvald Olason Midlang (1896–1966) frå lnr 100 & 1922 Synneva Oladtr Stadheim (1899–1985) frå bnr 5/17 under lnr 32 fekk: Ola 1922, Sitona 1924 (Bergen) og Otto 1925 (bnr 41/64 i Sjøtunvegen). Synneva var ei dotter til Sitona 1879. Ola Ingvaldson Midlang (1922–1987) gifte seg i 1957 med Gunhild Ivardtr Grønsberg (1925–) frå lnr 31 Stadheim. Ola og Gunhild hadde bruket 1956–88. Born: Morten 1959, Alis 1961 (Stryn), Ingvar 1965. Ingvar Olason Midlang (1965–) er ugift.

Bnr 4/76 Sporshidlergarden var ei bustadtomt som vart skilt ut frå bnr 4/43 i 1987. Morten Olason Midlang (1959–) & 1987 Birgit Elisabeth Erlingdtr Klungseth (1960–) frå Trondheim/Årdal har: Norunn 1993, Lise Marie 1996.

Bnr 4/44 Midtun 0,06 mark. Dette var bustaden på bnr 4/43. Han vart utskilt omkring 1940 til den tidlegare eigaren av bruket, Ola Tuxen Tenold (1894–1976). Bustaden var overteken av sonen Sverre Tuxen Tenold (1920–), som er i USA. Huset har vore busett av Ann Kristin Ivar-Johannesdtr Tenold (1976–) frå lnr 15b Tenål & 2007 Svein Erik Saglien, Bagn i Valdres. Dei har: Idar Andre 2001, Daniel 2004, Susanne 2007. Huslyden har flytta til lnr 15b Tenål.

Lnr 16b 0,28 spd (= bnr 4/25 0,28 mark) var jord på Seljadalen som vart kjøpt av Ola Lasseson Turvoll (1845–1914) på lnr 43a Myrkaskog. I 1882 fekk han kjøpt lnr 15c 0,23 spd (= bnr 4/16 0,28 mark) av Anders Eirikson og så i 1895 bnr 4/36 0,36 mark av bnr 4/15. Dermed hadde han i alt 0,75 mark av Tenål som han dreiv frå bruket sitt i Myrkaskog. Desse eignelutane fylgde med då bruket i Myrkaskog vart skøytte over til sonen Otto. I 1968 var parsellane eigd av Otto Jonson Myrkaskog (1911–).

Lnr 17 Tenål

3,25 spd. Truleg saman med lnr 14 til omkring 1650. I 1723 eigd av magister Bugge sine arvingar, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Frikjøpt i 1804. Skyld: i 1655 1,75 laupar, i 1665 2,63 laupar, i 1723 1,67 laupar, i 1888 og 1838 0,94 laupar. I 1845 var det: 7,9 daa bygg, 2,1 daa potet, 2 hestar, 7 storfe, 24 smalar og l svin på bruket.

Bruket vart oppretta ca 1650, og Jon Beintson Tenål (1618–) var brukar. Han hadde i 1667 sønene: Beint 1655 (lnr 70 Ovri), Ola 1661 og Fredrik 1663. Desse folka kom bort frå bruket, og først på 1700-talet var Ingebrigt Tollakson Tenål (1668–1740) brukar. Han var son til Tollak Jonson Tenål på lnr 18 og hadde ein eldre bror, Jon, på lnr 18. Ingebrigt var gift med Brita Markusdtr Grønsberg (1677–1746) frå lnr 41, og dei fekk Tollak 1703–35. I 1763 var Karsten Person (ca 1700–?) leiglending. I 1723 var Karsten på lnr 11 Seim. Ved bryllaupet var Vetlesand soldatadresse, han var frå Mjølsvik i Kyrkjebø. Karsten gifte seg i 1734 med Anna Ingebrigtdtr Hanekam (1704–1776) frå lnr 58 i Arnafjord sokn og dei hadde: Per 1734–35 og Anna 1737. Anna Karstendtr Tenål (1737–1788) & 1766 Lasse Person Røyrvik (1724–1775) frå lnr 12 i Arnafjord sokn hadde borna: Lussi 1766–68, Per 1768, Lussi 1770 (til plassen Holumshaugen under lnr 17 Holane i Arnafjord sokn), Karsten 1773–89. Anna gifte seg oppatt ca 1777 med Ola Andersson Hallrynjo (1739–1812) frå lnr 66 og dei fekk Anna 1778 (lnr 20 Føli). Ola vart attgift 1788 med Anna Oladtr Fosse (1747–1827) frå lnr 34 og dei hadde borna Ola 1790 og Anders 1790–90?. Bruket kom i sjølveige i 1804 ved at det vart skøytt over på guten Ola Olason Tenål (1790–1837). Han gifte seg i 1815 med Ragnhild Larsdtr Hove (1795–1869) frå lnr 76. Born: Ola 1817, Anna 1820 (USA 1846), Lars 1822 (sjå note), Anders 1824 (USA 1846) og Elling 1827 (USA 1851). I 1840 skøytte enkja Ragnhild Larsdtr bruket over på Ola Olason Tenål (1817–1876). Han gifte seg 1841 med Sigrid Jondtr Åse (1808–1847) frå lnr 50. Dei fekk Ola 1841 og Kari 1843 før dei i 1846 selde bruket til distriktslege Jørgen Wright Aall (1810–1852) og reiste til Amerika. Jørgen Aall gifte seg i 1841 med Karen Daae Fasting Christensen (1819–1890) på lnr 127. Karen var fødd i Vik, og broren Christen Christensen heldt til på Sjøtun. Av borna til Aall kan vi framheva Christian Fredrik Fasting Aall, som først bygde herskapshus på Hove (på lnr 74b Hove) og deretter vart eigar av lnr 127 Sjøtun. Bruket gjekk ved auksjonsskøyte i 1854 til distriktslege Patroculus Jacob Frederik August Hirsch (1815–1887). Han var gift med Caroline Brenmehl (–1905). Ingen av borna hans vart busette i bygda, men vi må nemna bondehøvdingen Johan L. Hirsch (1843–1923), som mellom anna var direktør ved Norges landbrukshøgskole. I 1868 kjøpte utskiftingsformann Christian Nitter bruket på auksjon. Nitter delte straks bruket. Han hadde sjølv lnr 17a 2,19 spd. Marta Jondtr kjøpte lnr 17b 0,38 spd og Ivar Ivarson lnr 17e 0,40 spd. Dei andre parsellane var svært små. Lnr 17a vart på nytt frådelt to parsellar i 1871. Det var lnr 17g 0,23 spd til Ingebrigt Johannesson og lnr 17h 0,43 spd til Lasse Ivarson. Ny skyld på lnr 17a vart dermed 1,53 spd. I 1877 vart lnr 17a skøytt over på Petter Olason, og Christian Nitter med huslyd reiste frå bygda. Deretter vart bruket slege saman med lnr (13a+17d)bd.

Lars Olason Tenål (1822–1895) & 1847 Anna Jensdtr Øvre Hove (1820–1887) frå lnr 78 var innerstar på Tenål. Born: Brita 1845, Ola 1847, Ragnhild 1851, Elling 1854–55. Alle reiste til USA i 1855.

Lnr 17a +(13a+17d)bd 1,53+0,78 spd = bnr 4/4 1,85 mark +bnr 4/2+4/3 0,99 mark. Bruket vart kalla Nittergarden, noko som viser at dette var framhaldet av lnr 17. Kjøpar var Petter Andreas Rye Vedo Tuchsen Olason Sæbø (1844–1909). Han var son til storbonden Ola Nilsson Sæbø og hadde småbruket bnr 26/12 Moane-Hove før han kom til Tenål. Peter gifte seg 1877 med Brita Sjurdtr Stavedal (1852–1829) frå lnr 59. Born: Ola 1877 (Bergen), Sjur 1878, Sitona Katrina Vedo 1881 (til lnr [1+4]d, bnr 1/5 i Røysavegen-Sæbø), Kristina 1882 (Bergen), Olina 1984 (Bergen), Fredrikka 1887–87, Fredrikka 1888 (Drammen), Anders Tuchsen 1893–95, Fredrik 1896–97. I 1904 vart bruket skøytt over til Sjur Petterson Tenål (1878–1965) & 1913 Johanna Jørgine Ingebrigtdtr Nadvik (1887–1943) frå Årdal. Born: Inga 1907 (sjå bygsla tomt under lnr 26 Stadheim), Petter Andreas 1913 (Voss), Fredrik 1916–25, Anders 1917, Brita 1920 (bnr 1/168 i Røysavegen-Sæbø), Gudrun Sofie 1921 (Voss), Kari 1926 (Voss), Fredrik 1929 (bnr 6/35 under lnr 22 Føli). Peter Olason Tenål hadde lnr (13a+ 17d), som i ny skyld var 0,99 mark. I 1887 kom desse parsellane over på handelsmann Lars Gjerløv, men oppgåver frå året 1900 viser at Petter framleis dreiv jorda. Seinast i 1936 kom bnr 4/2 og 4/3 inn under bnr 4/10 slik at bruket til Sjur berre var 1,85 mark. I 1947 vart bruket skøytt til Fredrik Tuxen 1913, men i 1951 tok broren Petter Andreas 1913 bruket på odel. I 1952 vart det skøytt til Anders Sjurson Tenold (1917–1985). Han gifte seg 1945 med Åse Valberg (1923–) og dei fekk Nils Ulrik 1945. Åse har flytta til Drammen. I 1969 gjekk bruket til Nils Ulrik Andersson Tenold (1945–). Han er gardbrukar på bnr 15/1 Åse. I 1993 vart bnr 4/4 skøytt til Sveinung Andreas Nils-Ulrikson Tenold (1967–) frå bnr 15/1 under lnr 48 Åse. Han gifte seg i 2001 med Marit Iren Lunde (1961–) frå Stamnes i Vaksdal. Dei har: Anna 1992, Andreas 2001 og Marius 2002. Marit var gift og skild frå Sjur Sveinson Vikøren (1920–) på bnr 51/11 under lnr 17b Holane i Arnafjord sokn. Born: Svein 1987, Jenny 1989.

I 1963 vart bruket frådelt bustadtomta 4/59 Holum 0,03 mark og bnr 4/60 Soltun 0,02 mark. I 1969 og 1978 vart frådelt bnr 4/61+4/70 Seljestad. Om dei tre bustadane: sjå under området Seljestokkane.

Lnr 17e 0,34 spd = bnr 4/26 0,24 mark var eit markastykke i Tenålsmarka utskilt i 1868. I 1902 fekk Styrk Jakobson Vikøren heimelsbrev etter avlidne Gjertrud Perdtr. I 1906 vart stykket skøytt til Ola Arneson Stadheim og i 1907 til Guri Petterdtr Tenål (1865–1952). Sjå vidare under 15b Tenål.

Lnr 17h+15i+l8h 0,43+0,06+0,01 spd = bnr 4/28+ 4/22+4/33 0,53+0,07+0,01 mark. I 1865 var det 0,7 daa bygg, 0,7 daa potet, 2 kyr, 6 smalar og 1 gris på småbruket. Ola Olason Seim (1834–1897) frå lnr 12 & 1861 Eli Andersdtr Ovri (1833–1920) frå lnr 68 bygde opp eit småbruk av desse parsellane. Seinare kom også lnr 18i 0,17 spd = bnr 4/34 0,21 mark inn under bruket. Ola reiste til USA i 1876, men kom att. Born: Endre 1859, Anna 1863 (USA 1882), Helge 1869, Ragnhild 1876–1900. I 1900 sat Helge Olason Tenål (1869–1947) & 1900 Guri Nilsdtr Myrkaskog (1865–1937) frå lnr 43a som brukarar. Dei fekk Ola 1901. Ola Helgeson Tenål (1901–1962) & 1926 Brita Jondtr Fjærestad (1898–1980) frå lnr 97 Brennene fekk Gunvor 1926. Ola var vegvaktar. I ei stove på bruket budde òg Ragna Jondtr Fjærestad (1913–1999) frå Brennene. I 1953 vart dei fire bruksnummera slegne saman til bnr 4/22 1,06 mark. Gunvor Oladtr Tenold (1926–) & 1955 Kåre Andersson Vange (1923–1997) frå bnr 2/12+17 under lnr 6+7 hadde ikkje born. Ho fekk skøyte på bruket i 1965. I 1996 frådelt Gunvor bustadhuset til seg sjølv som bnr 4/82. Bnr 4/83 kom inn under bnr 4/43 og resten av småbruket vart selt til Jon Martinson Tenold og kom dermed inn under bnr 4/29.

Lnr 18 Tenål

3,25 spd. Truleg saman med lnr 16 til omkring 1660. Eigar i 1723 magister Bugge sine arvingar, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Frikjøpt i 1778. Skyld: i 1667 2 laupar, i 1723 1,67 laupar, i 1788 og 1838 1,32 laupar. I 1845 var det: 9,3 daa bygg, 3,5 daa poteter, 1 hest, 10 storfe, 36 smalar og 2 svin på bruket.

Tollak Jonson Tenål (1626–) hadde to born som vi veit sikkert om: Jon 1660 og Ingebrigt 1668. Ingebrigt kom til lnr 17. Jon Tollakson Tenål (1660–1739) gifte seg med Sigrid Oladtr (–1729) og dei hadde sønene: Ola 1694 og Anders 1696–1730 og Per 1698 (lnr 62 Undi). I følgje den gamle bygdeboka var Randi Oladtr Stadheim (–) frå lnr 32 gift med ein Jon Tenål. I tilfelle må ho ha vore første kona hans. Ola Jonson Tenål (1694–1747) & Brita Torsteindtr Ytre Borlaug i Feios (–) fekk: Anna 1725–44, Per 1727, Jon 1730 (lnr 26 Stadheim), Torstein 1732 (Ytre Borlaug i 1657, enkja etter han i 1665), Tollak 1740–40, Sigrid 1741 (Vikøyri v630), Anna 1744 (Borlaugkroken i Feios). Per Olason Tenål (1727–1807) & 1747 Kari Andersdtr Brekke (1716–1769) frå lnr 89 hadde borna: Ola 1747–47, Ola 1748 (Lindås i Hordaland), Ingebrigt 1752 (plass under lnr 23 Dale i Arnafjord sokn), Anders 1754?–56, Anders 1756 (plass i Hólaviki under lnr 16 Holane i Arnafjord sokn), Brita 1760–60. Per Olason gifte seg på nytt 1769 med Synneva Tollakdtr Stadheim (1738–) frå lnr 27 og dei hadde: Kari 1770–80 og Solveig 1772. Per døydde på Målsnes i Kvamsøy sokn. Dottera Solveig døydde før 1805. I 1778 kjøpte Hermund Johannesson Orvedal (1747–1800) frå lnr 52 bruket. Borna til Per hadde kanskje ikkje god nok økonomi til å bruka forkjøpsretten sin, og dei måtte dermed bort frå bruket. Hermund gifte seg 1779 med Eli Oladtr Vetle-Nummedal (1753–1835) frå lnr 40 og dei hadde borna: Brita 1779–80, Brita 1883 (lnr 27 Nummedal), Ola 1781, Johannes 1791 (lnr 122 Hopperstad). I skiftet etter Hermund i 1806 gjekk bruket til Ola Hermundson Tenål (1781–1853). Han gifte seg 1807 med Ragnhild Botolvdtr Espesete (1785–1848) frå lnr 93 og dei hadde borna: Åsa 1808 (nedre plass på Prestteigen-Midlang), Hermund 1810, Botolv 1812–36, Eli 1814 (Vetleøyri s220), Jon 1816 (plass lnr 22 Føli), Ingebjørg 1820 (sjå note), Guttorm 1823 (sjå note), Jon 1826 (plass under lnr 105c på Brennene på Bøadalen). Hermund Olason Tenål (1810–1874) & Elen Marie Schreuder (1815–) frå Bergen fekk: Johanna Marie 1836–1901 (gift Jacobsen i Bergen), Ragnhild 1838–38, Brita 1839 (gift 1870 i Bergen som Birte, i 1875 kalla Berte), Ragnhild 1842, Eli 1846, Ola 1849. Hermund vart i 1846 og 1849 kalla gardbrukar, men overtok ikkje. Familien flytta til Bergen, og i 1850 selde Ola til Jørgen Håvardson Bø. Denne innflyttaren hadde kanskje ikkje planar om å bli bonde, for han selde same året det meste av bruket til Ola Endreson Seim. Denne delen fekk lnr 18b.

Lnr 18a Tenål-Neset 0,25 spd = bnr 4/29 0,60 mark. Ved auksjon gjekk denne gardparten i 1851 til kjøpmann G. Thomsen og ved ny auksjon i 1855 til distriktslege Hirsch. Han dreiv truleg jorda saman med lnr 17. I 1865 gjekk parten ved auksjonsskøyte til Nils Person Vange (1821–1872) frå lnr 5, busett på Vikøyri v722. På denne tida ser lnr 18a ut til å ha vore åkrar på ca 7 dekar og utmarksslåttar på eitt kyrafoster. Nils med kone og 5 døtrer hadde hus nr 83 på Almenningen og flytta neppe til Tenål. I 1889 skøytte enkja etter Nils Vange parten til dottera Brita Nilsdtr Vikøyri (1853–1942) & 1877 Jon Guttormson Hønsi (1853–1936) frå lnr 83. Dei busette seg her. Jon var bygningssnikkar. Born: Ingebjørg 1877 («Smedhuset» i Røysane-Vange), Nils 1879 (sjå note lnr 59 Refsdal), Johanna 1882 (Bergen), Brita 1885 (Bergen), Guttorm 1888–94, Inga 1891 (bnr 1/29 i Røysane-Sæbø, så Høyanger), Guri 1899. Guttorm hadde òg Sitona 1875 med Brita Larsdtr Vikøyri v606, v442 (1850–1936). Etter 1910 må ein del av bruket blitt frådelt, for i 1949 var bnr 4/29 på 0,29 mark. I 1933 kom bnr 14/8 Myrkaskog 0,41 mark inn under eigedomen. I 1933 vart småbruket selt til Guri Jondtr Tenål (1899–1968) & 1924 Martin Andersson Tenold (1901–1988) frå lnr 14b Tenål. Born: Anders 1922 (Bergen), Brita 1929 (bnr 4/57 nedanfor), Jon 1937. I 1971 fekk Jon Martinson Tenold (1937–) skøyte på bruket. Då var også bnr 14/4 0,41 mark med. I 1996 fekk han kjøpt til bnr 4/22. I 1995 kom bnr 4/84 frå bnr 4/82. Jon gifte seg 1964 med Olina Jondtr Halrynjo (1939–) frå lnr 66 og dei har: Martin 1965 og Jonny 1967 (Vetleøyri, hus nr 102).

Bnr 4/57 Utsyn 0,02 mark vart skilt frå bnr 4/29 i 1957 og busett av Brita Martindtr Tenold (1929–) & 1951 John Knutson Holen (1927–) frå hus nr 26 på Vikøyri-Sæbø. Born: Kåre Arvid 1951 (Oslo), Martin Gunstein 1956 (Nedste Hopperstadmarki 22).

Ingeborg Oladtr Tenål (1820–) & 1859 Torstein Ingebrigtson Føsund (1833–) frå Kyrkjebø fekk på Vetleøyri: Ragnhild 1859. Dei reiste truleg til Amerika.

Guttorm Olason Tenål (1823–) & 1849 Synneva Jondtr Undi (1825–1855) frå lnr 63 var først på Føli, men då Synneva døydde i 1855 var dei husmannsfolk på Stadheim. Born: Ragnhild 1849, Sigrid 1851, Jon 1854. Guttorm hadde dessutan Brita 1844 med Brita Ellingdtr Føli (1821–1844) frå lnr 22. Av di mora døydde etter fødselen, vart Brita 1844 oppfostra av Guttorm. Då enkjemannen Guttorm reiste til USA med huslyden i 1864, var dei innerstar på Tenål.

Lnr 18b Tenål skyld 3,00 spd. Ola Endreson Seim kjøpte denne hovuddelen av lnr 18 i 1850, truleg med husa. Ola var bonde på lnr 12 Seim, men hadde vaksne søner. Ein av dei budde kanskje på bruket. I 1854 gjekk det over til Elling Eirikson Heggeteig (1831–) frå Sogndal & 1853 Sigrid Larsdtr Ylvisåker (1826–) frå Norane i Sogndal. Borna: Lars 1853, Synneva 1856, Sigrid 1858, Kari 1861–61. Elling selde i 1862 bruket i 7 partar og reiste til USA. Ein av parsellane, lnr 18b1, kom over til Elling Jørgenson Vetleøyri, som bygde opp eit bruk av denne delen og lnr 18c. Ein annan parsell, lnr 18b*, vart seinare utbygt som småbruk.

Lnr 18c+18b1 0,80+0,53 spd = bnr 4/31 1,76 mark. I 1875 var det 3,3 daa bygg, 3,5 daa poteter, 1 hest, 4 kyr, 10 sauer og 2 vinterfôra svin på bruket. Elling Jørgenson Vetleøyri s098 (1814–1887) fekk i 1862 skøyte på lnr 18c og i 1863 på lnr 18b1. Elling gifte seg 1841 med Sigrid Ingebrigtdtr Hove (1807–1902) frå lnr 73 og dei fekk Brita 1842–1932 (ugift). Dei budde då på Vetleøyri s040. I 1897 selde enkja Sigrid bruket til Martin Jonson Stedjeberget (1867–1958) frå lnr 64b & Ingeborg Sjurdtr Hove (1863–1948) frå lnr 72. Ingeborg var ei tid i USA før ho gifte seg. Martin og Ingeborg fekk: Johanna 1898. Johanna Martindtr Tenål (1898–1988) & 1925 John Ellendson Brekke (1900–1978) frå lnr 88b fekk: Martin 1928 og Olina 1930 (bnr 41/53 i Villastrøket-Sjøtun). Martin Jonson Brekke (1928–1995) & 1957 Marta Hole (1921–2007) frå Voss overtok i 1930. Dei hadde ikkje born, men tok til seg Jan Ove 1965. Han var av slekta til Marta på Voss. 1991 gjekk bruket til Jan Ove Flisram (1965–) & 1990 Bente Marie Arviddtr Vikdal (1967–) frå bnr 35/2 under lnr 100 Midlang. Born: Asbjørn 1988, Morten 1990, Renate 1997.

Lnr 18b* 0,55 spd = bnr 4/30 0,29 mark. Denne delen vart i 1870 skøytt frå Johannes Andersson Sæbø til Ole Andreas Ohnstad. Han budde på bnr 1/12 i Røysane-Sæbø og dreiv jorda derifrå. Denne parten i Tenål må seinare ha fått tillagt jord, for i 1949 var skylda for bnr 4/30 0,58 mark. I 1919 kom denne jorda på nytt i tenålseige ved at ho vart skøytt til Ola Olason Tenål og han busette seg på gardparten. I 1939 kjøpte Ola i tillegg bnr 8/10 Reset II 0,42 mark av lnr 36c Nummedal. Ola Olason Tenål (1880–1939) frå lnr 132 & 1924 enkje Ragnhild Jondtr Refsdal (1892–1973) frå lnr 61 fekk borna: Olav 1924, Sigmund 1926 (USA 1955), Jostein 1928–52, Magnar 1930 (USA 1951), Reidar 1933 (Oslo), Bjørn 1934 (USA 1956). Ola hadde dessutan Thorleiv 1921 med Olina 1887, ei dotter til Tollak Seim på lnr 9. Om første ekteskap til Ragnhild: sjå note under lnr 57 Sylvarnes i Arnafjord sokn. Ei dotter, Torhild Tomasdtr Thue (1917–1993) kom til lnr 13a3 Tenål. Ved skifteskøyte i 1941 fekk sonen Olav Olason Tenold (1924–)skøyte både på bnr 4/30 og bnr 8/10. (Bnr 8/10 kom seinare inn under bnr 8/3 Nummedal.) Olav gifte seg 1947 med Astrid Andersdtr Vange (1921–2007) frå bnr 2/2+11 under lnr 6+7. Dei bygde opp eit gartneri. Born: Odd Arnstein 1947 (til Førde, sjå òg bnr 2/ Røysane-Vange og note lnr 17a Holane i Arnafjord sokn), Sture 1948, Reidun 1953 (Bergen, sjå note bnr 15/5 under lnr 50 Åse), Dag-Ingar 1965 (Nøtterøy i Vestfold).

I 1948 vart bnr 4/56 0,02 mark utskilt, seinare også bnr 4/62 og 4/79. Bnr 4/30, 4/56 og 4/79 er felles eige for borna til Olav og Astrid.

Bnr 4/62 Elvetun vart skilt ut i 1970 og er busett av: Sture Olavson Tenold (1948–) & 1968 Inger Margrethe Senneseth (1947–) frå Lånefjorden. Born: Roy Egil 1969 (til Bergen), Anita 1972 (til Os).