Seljestokkane
Seljestokkane er eit område frå grensa mot Vange på vegen til Tenål og som er bustadfelt. I same område ligg og bnr 2/56, bnr 2/57 og bnr 2/53, sjå Vange-aust.
Bnr 4/59 Holum 0,03 mark. Tomta vart fråskilt bnr 4/4 i 1963 og busett av Sverre Martinson Holen (1929–) frå bnr 13/2 under lnr 44 Øvstedal & 1954 Anna Anfindtr Nummedal (1934–) frå lnr 38. Born: Arvid Martin 1955 (bnr 97/28–6 Tråna på Vangsnes), Marit 1957 (Voss), Sven Arve 1960 (Oslo), Idunn 1963 (lnr 18cd Flete i Arnafjord sokn), Audun 1963 (bnr 97/28–13 i Tråna på Vangsnes).
Bnr 4/61 + 4/70 Seljestad frådelt bnr 4/4 i 1969 og 1978. Busett av: Aslaug Guttormdtr Refsdal (1942–) frå bnr 40/1–15 i Prestegardstunet Grov & 1963 Sigurd Arneson Stadheim (1937–1979) frå hus under lnr 26 Stadheim. Born: Gunn Iren 1963 (sjå bnr 40/1–15 Prestegardstunet), Arne 1965 (hus under bnr 5/3, lnr 26 Stadheim).
Bnr 4/60 Soltun 0,02 mark vart frådelt bnr 4/4 i 1963. Ingvald Larsson Helleland (1919–1989) frå Feios & 1950 Haldis Mathiasdtr Sæther (1917–2003) frå Askvoll fekk: Gerd 1952 (Sotra), Aud 1953 (skild, budde så heime, så Vetleøyri) og Inger Hilde 1963 (Askøy). Huset er overteke av: Harry Person Liljedahl (1970–) frå bnr 98/5 under lnr 1 Tveit på Vangsnes & 2002 Anita-Elin Arthurdtr Skaar (1963–) frå Holmedal i Askvoll. Dei har: Per Arne 2003.
Bnr 4/80. Frådelt i 1995 bnr 4/39 (lnr 15) Tenål.Aslak Olavson Berdal (1969–) frå Feios & 1995 Merete Svein-Haralddtr Lilleøren (1971–) frå Prestvegen 20 i Prestberget fekk: Kim Andre 1991, Stian 1993, Synnøve 1997.
Bnr 4/77 Fossetun vart fråskilt bnr 4/12 (lnr 14a) i 1989 og busett av: Norvald Helgeson Fosse (1954–) frå bnr 7/9 & 1990 Siri Johan-Kjelldtr Fjellanger (1962–) frå Hatlevegen 10 i Prestberget. Dei har: Julie 1987, Helge Johan 1988, Elisabeth 1992. Norvald eig òg bnr 47/3 Røyrvik i Arnafjord sokn.