Stadheim
Stadheim (staim, stadheim); Stadheme, Stadheime, Stadhæimi (ca 1320), Stadem (1563), Stadumb, Stayuin (1603), Stadem, Staimb (1611), Stadem (1647, 1667, 1723, 1863), Stadeim (NG) Stadheim (1838, VIK). Alle brukar Stadheim som slektsnamn, men i daglegtale heiter det «Staim».
I 1603 finn vi følgjande oppsitjarar på Stadheim: Jon lensmann, Ola, Gunhild, Endre. Dei tre første hadde eige i bruka sine. I 1611 vart dei tre brukarane Ola, Endre og Jon utskrivne til Kalmar-krigen. I 1626 finn vi 5 brukarar: Endre, Ørjan (Jørgen), Bård, Nils og Anders og i 1635 og 1645 heitte dei: Anders, Jon, Bård, Jørgen og Johannes. I1647 var brukarane dei same, men Jon hadde no med seg Anders på bruket sitt. I 1655 var det framleis fem brukarar: Anders lensmann, Johannes, Jon, Jørgen og Bård. I 1665 var Anders Olason (lensmannen) saman med Simon Torson på eitt bruk. (Farsnamnet til Simon er Gjert på lista, men vi trur det er ei feilskrift.) På dei andre bruka finn vi: Laurits (=Lars) Johannesson, Ola Guttormson, Endre Hermundson, Knut Monsson og den gamle Bård Olason som dreiv eit halvbruk saman med sonen Endre, medan Eirik Bårdson dreiv den andre halvparten. Samla matrikkelskyld var 12,50 laupar. I 1685 svara Anders, Lars, Simon, Endre, Ola og Knut leiglendingsskatt for 13,00 laupar. Margrete Eirikdtr Leganger eigde 7,75 laupar i Stadheim og var truleg sjølv bonde. I 1701 heitte brukarane: Ivar Hermundson, Simon Torson, Knut Ellingson, Johannes Larsson, Endre Hermundson, Guttorm Olason og Anders Jakobson. I 1711 var den rike presteenkja Anna Finde brukar og ho hadde med seg to drenger og ei jente. Dei andre brukarane heitte: Ivar, Anders, Knut, Eirik og Guttorm. I1718 var Hermund Ivarson kome i staden for Ivar.
Før maskinalderen var bruka på Stadheim høgt skyldsette, men i dag er det ikkje storfe på namnegarden. Ein hovudgrunn er at mykje av fôret tidlegare vart henta i marka og utmarka. Det er jord som er så bratt at ho ikkje er egna for fulldyrking og drift med traktor.
Lnr 24+25 Stadheim
Eigar i 1647: Anna Jensdotter Hjerman, i 1685 Margrethe Eiriksdotter Leganger, seinare Anna Finde og Daae-ætta. Skyld: i 1647, 1655 og 1667 2 laupar, frå ca 1680 2,92 laupar. Bruket delt i to like delar ca 1780.
Frå 1626 til 1667 var Bård Olason (1590–) brukar. I 1645 heitte kona Marita. Dei hadde truleg Synneva, som kom til lnr 28. Deretter var han gift med Gjertrud Markusdtr Grønsberg frå lnr 41. I 1667 sat Bård på eit kårbruk på ein laup og hadde sonen Endre 1643 med seg på bruket. To gutar som i 1701 var på Grønsberg, vart truleg søner til Endre Bårdson Stadheim (1643–): Bård 1684 og Anfin 1688 (lnr 73 Hove). Vi veit òg om: Sigrid 1682 og Hermund 1686 (Vikøyri v320). Eirik Bårdson Stadheim (1633–) sat i 1667 på hovuddelen. Då bruket seinare var på 2 laupar, må vi tru at Eirik også overtok kårdelen. I 1701 finn vi Endre som innerst på Stadheim. Eirik er då borte. I 1685 eigde Margrethe Eirikdtr Leganger (1644–1700) heile 7,75 laupar i Stadheim og budde truleg på dette bruket. Ei syster Anna 1642–1719 var med henne. De to var systrer til den rike prosten Ivar Eirikson Leganger. Margrete fekk truleg lagt jord til bruket, slik at det auka til 2,92 laupar. I 1701 var Ivar Hermundson Hopperstad (1639–1711) frå lnr 123 der med sonen Jon 1684. Ivar var av rik og mektig bondeætt på Hopperstad. Han hadde tidlegare vore bonde på lnr 52 Orvedal og fekk der sonen Helge 1663 (til lnr 123 Hopperstad) og truleg Sigrid 1659 (lnr 109 Tryti). Borna Synneva 1671 (lnr 32), Hermund 1675 og Jon 1684 vart truleg fødde på Stadheim, og Ivar hadde då kanskje ny kone. Sonen Jon døydde truleg i krig mot svenskane innan åra 1708–18. Brita Endredtr (1682–1745) var enkje etter Ivar, og ho må ha vore andre eller tredje kona hans. Hermund Ivarson Stadheim (1675–1733) gifte seg til lnr 80 Voll med enkja Dorte, og dei fekk: Ola 1699 (lnr 44 Øvstedal), Anna 1703 (lnr 27 Stadheim) og Tollak 1704 (lnr 63 Undi). Hermund gifte seg på nytt i 1709 med Brita Oladtr (1671–1743), av ukjent opphav, og dei flytta til lnr 24+25 Stadheim. Born: Dorte 1710 og Anders (ukjent seinare). Dorte Hermunddtr Stadheim (1710–1777) & 1733 Endre Lasseson Refsdal(1703–1748) frå lnr 59 hadde borna: Brita 1739 (lnr 59 Refsdal), Lasse 1745–45, Anna 1747–1800. Dorte gifte seg oppatt 1749 med Jon Person Seim (1720–1802) frå lnr 12. Born: Endre 1750, Brita 1752 (lnr 76 Hove), Per 1754. Jon vart attgift 1781 med Marta Sjurdtr Myrkaskog (1737–1786), enkje på lnr 46 Turvoll, og dei fekk Ola 1783 (truleg død før 1801). Etter at Jon slutta som bonde, vart bygsla delt mellom to søner. Endre overtok lnr 24, og Per bygsla den andre halvparten, lnr 25.
Lnr 24 Stadheim
3,14 spd. Leiglendingsbruk under Daae-ætta fram til 1860. Matrikkelskyld: 1,46 laupar. I 1845 var det: 9 daa bygg, 3,5 daa poteter, 1 hest, 10 storfe, 36 smalar og 3 svin på bruket.
Endre Jonson Stadheim (1750–1821) & 1779 Sigrid Jondtr Ovri (1750–) frå lnr 70 fekk borna: Jon 1775, Jon 1780–1802, Durdei 1781 (lnr 89 Brekke), Hermund 1783 (plassen Bleiehaugen under lnr 72 Hove), Sigrid 1787–1853 (ugift), Lasse 1791 (husmann under lnr 33 Valsvik i Arnafjord sokn), Elling 1796 (sjå note). Jon Endreson Stadheim (1775–1820) & 1810 Åsa Oladtr Orvedal (1777–1847) frå lnr 52 hadde: Endre 1811–14, Brita 1813, Sigrid 1815 (sjå note), Brita 1819 (lnr 65 Hallrynjo), Johanna 1820 (USA 1845). Enkja Åsa gifte seg opp att i 1821 med Ola Sjurson Fjærestad (1784–1834) frå lnr 96. Dei hadde ikkje born. Brita Jondtr Stadheim (1813–1889) & 1834 Johannes Endreson Holstad (1804–1862) frå lnr 87 hadde borna: Jon 1832, Endre 1834 (USA 1856), Marta 1836 (sjå note lnr 68 Ovri), Åsa 1838 (død før konfirmasjonsalder), Ola 1841 (sjå note lnr 82 Hønsi), Guro 1843–45, Endre 1846 (USA 1864), Anders 1847 (USA 1870), Ola 1851–52, Åsa 1853–57. Jon Johannesson Stadheim (1832–1889) & 1857 Anna Guttormdtr Tryti (1830–1868) frå lnr 107 fekk: Johannes 1859–61, Johannes 1864–70, Guttorm 1865. Jon fekk frikjøpt bruket i 1860. Anna døydde i barselseng. Jon busette seg i Bergen, og i 1875 var Ola Jonson Mo (1845–1925), husmannsson frå Moane-Hove, & 1870 Ingeborg Kristendtr Undredal (1850–1940) paktarar på bruket. Dei kjøpte i 1876 småbruket lnr 36b Nummedal, og korleis lnr 24 vart drive etterpå, veit vi ikkje. Jon Johannesson døydde i 1889 av «svuld i pannen». Guttorm Jonson Stadheim (1865–1904) & 1895 Brita Amunddtr Gullteigane (1847–1946) frå lnr 53 overtok. I skiftet etter faren i 1890 vart det skrive at Guttorm var einaste arving. Guttorm og Brita var barnlause. Det var kanskje grunnen til at dei selde frå jord. I 1897 vart lnr 24b skilt frå som bnr 5/16 til Ivar Olason Refsdal med skyld 0,26 mark. Etter dette vart skylda på bnr 5/1 4,30 mark. Etter at Guttorm døydde i 1904 kom ei sterk oppdeling. Bnr 5/18 Flåten 0,78 mark vart kjøpt av Anders Tuxen Stadheim, bnr 5/19 Lien 0,78 mark (sjå lnr 31) gjekk til Lasse Rognaldson, Petter Fredrikson fekk bnr 5/20 Teigum 1,18 mark. Det som var att av eigedomen, bnr 5/1 1,55 mark, gjekk til Elling Arneson Stadheim.
Elling Endreson Stadheim (1796–1846) & 1831 Gjertrud Oladtr Skjørvo (1799–1873) frå lnr 111 var plassfolk på Langsvadteigen. Dei hadde truleg ikkje born. Gjertrud vart attgift 1848 med Hermund Sjurson Hopperstad (1780–1871), enkjemann på Vikøyri v348. I 1865 var Gjertrud komen tilbake til Skjørvo som «logerende». I 1870 var ho på nytt på Stadheim, der stønad vart utbetalt. Der døydde ho som fattiglem.
Sigrid Jondtr Stadheim (1815–1891) & 1842 Endre Olason Stadheim (1811–1886) frå lnr 28 fekk: Ola 1841–41 og Ola 1842–45. Paret reiste til USA i 1845 med Ola 1842 (døydde kanskje på reisa).
Bnr 5/1 Stadheim 1,55 mark. Elling Arneson Stadheim (1855–1927) frå lnr 32 & 1892 Synneva Oladtr Øvstedal (1864–1937) frå lnr 44c fekk borna: Brita 1892 (USA 1910), Sitona 1894–1978, Anna 1896 (lnr 121 Hopperstad, Liljedahl), Olina 1898, Anna 1900 (bnr 4/43 under lnr 16 Tenål), Arne 1902. Elling og Synneva kom frå bnr 5/5 0,16 mark (lnr 28b) som dermed kom inn under bruket. I 1929 gjekk bruket til Arne Ellingson Stadheim (1902–1976). Han gifte seg 1942 med Brita Nilsdtr Vange (1910–1978) frå lnr 5. Born: Erling 1943, Marta 1944 (bnr 2/20, så bnr 2/83, båe i Røysane-Vange), Solveig Irene 1948 (Nedste Hopperstadmarki nr 7), Gerd Norunn 1949 (Prestvegen nr 8 i Prestberget). Arne dreiv med bondehandel (selde smågris). Erling Arneson Stadheim (1943–) & 1963 Reidun Betsy Hop (1941–) frå Austrheim i Hordaland har: Britt-Marit 1964 (bnr 40/66 i Gildhus), Anne Gro 1965 (lnr 13e Tenål, så bnr 41/55 i Villastrøket-Sjøtun), Roy Egil 1968 (bur på bruket), Arne Olai 1972 (Gjerdrum i Akershus). Erling overtok i 1972.
Bnr 5/20 Teigum 1,18mark. Denne eigedomen av lnr 24, som ligg på Teigane mot Fosse, vart busett av Petter Fredrikson Fosse (1854–1923) frå lnr 33 & 1892 Marta Oladtr (Fjærestad) Vange (1867–1952), dotter til «Sigrid på Vangsreina», sjå plass 1 Vange. Før det budde huslyden på Fosse. Born: udøypt jente 1892–92, udøypt jente 1897–97, Anna 1899 (Bergen), Fredrik 1901 (sjå note), Sitona 1902–73, Olaf 1904, Kristina 1905 (bnr 63/8 under lnr 40c Frettheim i Arnafjord sokn), Hansina 1907 (bnr 51/10 under lnr 17a Holane i Arnafjord sokn), Anders Tuxen 1908 (Canada 1927), Ola Tuxen 1910 (lnr 59 Refsdal), Johanna 1911 (bnr 17a Holane i Arnafjord sokn). Petter fór ut for ei bru på Fosse og drukna. Olaf Petterson Fosse (1904–1999) & 1931 Karen Regine Perdtr Melås (1907–1993) frå Leikanger overtok bruket, men var barnlause. Omar Person Fosse har overteke og driv småbruket frå bnr 7/6 Fosse.
Bnr 5/45. Denne tomta vart frådelt bnr 5/20 i 2002, men vart busett omkring 1967 av: Edvin Fosse Refsdal (1940–1994) frå lnr 59 & 1967 Gunvor Andreasdtr Fleten (1941–) frå Holsen i Førde. Born: Elin 1967 (Solvorn), Gro Anita 1970 (Oslo), Frank Ove 1976. Edvin var kommunearbeidar.
Fredrik Petterson Fosse (1901–1978 ) & Jensine Fredrikke Ingebrigtdtr Dyrdal (1903–) frå lnr 70a Ovri kom til Øvre Finne på Voss. Born: Petra 1925, som kom til Ovestevegen 9 i Øyane-Sjøtun, og Ingvald 1927 (Voss). Fredrik hadde òg Tor 1925–89 med Unni Tordtr Stadheim (1897–1972) frå lnr 29. Tor busette seg på Nesttun i Bergen. Han hadde bnr 6/30 under lnr 20 Føli som feriehus.
***
Bnr 5/18 Flåten 0,78 mark. Denne parsellen av lnr 24 kom i 1904 inn under bnr 5/3, men var i 1948 eigd av Anders A. Stadheim og i 1968 av Olina Tenål. Parsellen har ikkje vore busett. Bnr 5/23 Gamlegarden 0,35 mark, som vart skilt ut frå lnr 26 i 1904 til Anfin Refsdal, var i 1968 også eigd av Olina Tenål.
Lnr 25 Stadheim
3,14 spd. Leiglendingsbruk under Daae-ætta fram til 1830. Skyld i 1838 1,46 laupar. Data for1845: 12,3 daa bygg, 1 hest, 11 storfe, 30 smalar og 2 svin. I 1830 vart brukaren sjølveigar.
Til denne halvparten av storbruket lnr 24+25 kom Per Jonson Stadheim (1754–) frå lnr 24+25 & 1787 Ragnhild Endredtr Voll (1756–1842) frå lnr 81. Born: Jon 1788, Ragnhild 1788–88?, Endre 1790–90? og Ragnhild 1793 (lnr 71 Hove). Ragnhild vart attgift i 1822 til lnr 88 Brekke. Jon Person Stadheim (1788–1821) & 1814 Mari Andersdtr Tenål (1788–1855) frå lnr 15 fekk borna: Per 1816–33, Marta 1819–44, Gjertrud 1821–21. Enkja Mari gifte seg opp att 1822 med Endre Tollakson Seim (1789–1825) frå lnr 10 og dei fekk Jon 1824–45. I 1827 gifte ho seg for tredje gong med Elling Helgeson Føli (1785–1840) frå lnr 19 og dei fekk Helge 1829. Elling frikjøpte bruket i 1830. Mari gifte seg for fjerde gong 1843 med Elling Ingebrigtson Hove (1813–1894) frå lnr 73. Etter at Mari døydde, flytta Elling til lnr 28b og gifte seg på nytt - to gonger. I 1850 vart bruket skøytt til Helge Ellingson Stadheim (1829–1909). Han gifte seg 1853 med Brita Oladtr Tryti (1827–1911) frå lnr 108. Born: Eli 1853 (lnr 9 Seim), Mari 1856 (lnr 72 Hove), Elling 1860–61, Elling 1863. I 1858 kjøpte Helge på auksjon parsellane lnr 21i, 23k, 23b1 av Føli, til saman 0,89 spd. Parsellane vart lagde til lnr 25 og bruket fekk bnr 5/2 «Stadheim og Føli» 5,37 mark. I 1949 var skylda etter fråsal redusert til 5,32 mark. I 1900 vart bruket skøytt til Elling Helgeson Stadheim (1863–1947). Han gifte seg 1897 med Turid Endredtr Stadheim (1868–1964) frå lnr 29. Elling og Turid hadde ikkje born. Dei skøytte bruket til ein son til Mari 1856. Helge Nilsson Hove (1887–1966) frå lnr 72 & 1922 Brita Johannesdtr Brekke (1899–1983) frå lnr 89 fekk: Marie 1922 (lnr 27), Erling 1923, Johannes 1928–97 (ugift, på bruket), Turid 1936–44. Helge hadde dessutan Nils 1917 (bnr 38/10 under Hatlekolo) med Karen Tordtr Stadheim (1895–) frå lnr 29. Bruket vart i 1936 skøytt over til Erling Helgeson Hove (1923–2007). Erling var ugift og dreiv bruket saman med sysken. Det galdt også Marie 1922, gift til lnr 27. Det var ein son hennar, Helge Ivarson Stadheim (1961–), som tok over bruket i 1992. Han gifte seg 1986 med Anne Gunn Gjerløv (1961–) frå Bergen og dei har: Eirik 1987, Maria 1990, Lena 1993. Mjølkeproduksjonen vart lagd ned i 2001, men det er sauer på bruket.
I 1996 vart frådelt bnr 5/37 til Arvid Brudevoll og bnr 5/39 til Oddvar Hove (sjå under Føli for båe).
Lnr 26+27 Stadheim
Eigar i 1647: Kongen. Skyld: 3,5 laupar.
På dette bruket var i 1635 og fram til 1685 Anders Olason Stadheim (1597–). Kona heitte i 1645 Ingrid Hermunddtr. I 1655 var han oppattgift med Gjørond Lassedtr (–). Anders var ei høgst respektert og velståande mann i bygda. I svært mange år var han lensmann, og i denne tida ser vi at han skaffa seg eige i bruk både i Vik og i Arnafjord. Det siste kom sikkert av at han måtte samarbeide med futen for å krevja inn skatt, og då hende det nok at han sjølv betalte skatten mot å få overta eignelut i bruket. Anders var på eit storbruk eigd av kongen, og i hans tid auka landskylda på bruket frå 3,00 laupar til 3,81 laupar. Anders kan ikkje ha hatt søner som kunne overta som leiglendingar, men vi kan tenkja oss at han hadde døtrer. Den eine kan ha vore gift med Simon Torson Ovri (1638–) frå lnr 67+68 og som dreiv bruket saman med Anders lensmann i 1667. Simon hadde då med seg sonen Hermund 1664. Deretter vart bruket delt. Simon sat på den eine halvparten, og på den andre kom Endre Ivarson Stadheim, ein son til Ivar Hermundson på lnr 24+25.
Lnr 26 Stadheim
3,36 spd. Eigar i 1723: Anna Finde, seinare Daae-ætta. Sjølveige frå 1795. Matrikkelskyld: 1,92 laupar i 1723, 1,58 laupar i 1788 og 1838. I 1845 var det: 13,5 daa bygg, 5,6 daa poteter, l hest, 13 storfe, 43 smalar og 5 svin på bruket.
Simon Torson Ovri (1637–), som dreiv storbruket saman med lensmann Anders Stadheim i 1667, vart leiglending på denne halvparten. Simon var av ei mektig ætt på lnr 67+68 Ovri. Vi veit om to søner: Tor (som døydde før 1701) og Hermund 1664. Så seint som i 1701 var Simon saman med son sin på bruket. Hermund Simonson Stadheim (1664–1717) & Kari Eirikdtr Rislåg (1671–1739) frå lnr 54+55 hadde: Sjur, Anders 1707 (Seimsøyri s014), Kristi 1711 (lnr 11 Seim), Sigrid 1713–44. Kari vart attgift med Ola Olason Myrkaskog (1689–1758) frå lnr 43 og dei sat på bruket i 1723. Etter att Kari døydde, flytta Ola til lnr 28 og gifte seg på nytt. Sjur Hermundson Stadheim (–1775) & 1740 Gjertrud Beintdtr Rosheim (1694–1769) frå lnr 94 var barnlause. Det kom difor nye leiglendingar til bruket. Jon Olason Tenål (1730–1805) frå lnr 18 & 1761 Gjertrud Hansdtr Undi (1728–1800) frå lnr 62 fekk borna: Brita 1763–63, Bendik 1764–66 og Bendik 1766. I 1801 vart den gamle mannen attgift med Guri Ingebrigtdtr Dalsver (1771–1805) frå lnr 28 i Arnafjord sokn. Dei fekk ikkje born. Bendik Jonson Stadheim (1766–1797) & 1789 Kari Andersdtr Brekke (1762–1801) frå lnr 90 fekk: Synneva 1790–90?, Gjertrud 1795–97, Synneva 1792–97. Vi ser at i denne huslyden var det svært mange dødsfall i åra 1797–1805. Kari gifte seg på nytt 1797 med Bendik Ivarson Ovri (176l–1845) frå lnr 67. Dei hadde Synneva 1798–1885. Ho overdrog i 1834 merkeleg nok det ho eigde til faren «for alderdoms tiltagelse og svag helbred.» Bendik gifte seg på nytt med Lussi Perdtr Røyrvik (1763–1803) frå lnr 12 og for tredje gong 1804 med Synneva Arnedtr Stadheim (1783–1862) frå lnr 32. Born: Arne 1805–33, Ivar 1807–33, Ola 1810, Kari 1815–16, Ola 1817 (lnr 16 Tenål). I 1837 vart bruket skøytt til Ola Bendikson Stadheim (1810–1877). Han gifte seg i 1836 med Guri Oladtr Hove (1819–1900) frå lnr 72 og enkje på lnr 16 Tenål. Born: Synneva 1845–46 og Anna 1847. I 1851 reiste bonden på lnr 28 til USA, og då kjøpte Ola Olason Hove lnr 28 Stadheim. Han var ein bror til Guri. Men då han og huslyden reiste til USA i 1854, selde han lnr 28 til Ola Bendikson. Ola Bendikson sat på heile bruket til 1859. Då selde han halvparten og la resten inn under lnr 26. Denne «tilleggsjord» var lnr 28a 2,32 spd. Dermed fekk bruket til Ola Bendikson samla skyld 5,68 spd. Ny matrikkel for sambruket vart bnr 5/3 8,21 mark. Det vart dermed eit av dei største bruka i bygda. Anna Oladtr Stadheim (1847–1937) gifte seg i 1870 med Anders Tuchsen Olason Sæbø (1842–1917). Han var son til storbonden Ola Nilsson Sæbø på lnr 1+4. I 1872 fekk Anders skøyte på bruket. Anna og Anders hadde: Sitona Katrina Tuxen 1870 (lnr 14a Tenål), Ola Tuxen 1873, Ola 1875–1950 (USA 1893, kom att), Ivar 1878 (USA 1898), Anders 1881–1946 (handelsmann i 8 månader, ugift, dreiv «Flåten» og «Gamlegarden»), Guri 1883–83, Andreas 1885 (USA 1910), Guri 1887 (USA 1915), Kristine Marie 1892–94. I 1894 vart bruket frådelt bnr 5/180,26 mark til Endre Andersson Stadheim og i 1904 bnr 5/23 «Gamlegarden» 0,35 mark til Anfin Refsdal. Ny skyld for bnr 5/3 var 7,60 mark. Ola Tuxen Andersson Stadheim (1873–1955) & 1916 Gyrid Nilsdtr Tryti (1893–1919) frå lnr 8 Vetla-Vange. hadde bruket 1917–51. Born: Anna Tuxen 1917–2005 (ugift, Luster, så i kårhuset på bruket), Gunnar Anders Tuxen 1919. I 1951 fekk Gunnar Anders Tuxen Olason Stadheim (1919–2002) skøyte på bruket. Han gifte seg i 1947 med Ingebjørg Byrkjeland (1915–2001) frå Norheimsund. Born: Olav 1948, Gudmund 1948 (Jølster), Gunnvor 1951 (bur i Vik), Sigmund 1953 (bnr 97/37–8 i Tråna på Vangsnes), Alf 1954 (sjå note), Norvald 1957 (Galilea nr 7 under lnr 126 Grov), Magnar 1960 (Førde), Ingunn 1961 (til Balestrand). Olav Gunnarson Stadheim (1948–) & 1981 Brit Sigmunddtr Kleiven (1946–) frå Lillehammer har borna: Gaute 1983, Hanne 1984. Frå eit tidlegare ekteskap med Arne Rasmussen har Brit: Lene 1975 (Bergen) og Martin 1976 (Kalundborg i Danmark). Olav overtok i 1972. Husdyrhaldet vart avslutta 1983.
Alf Gunnarson Stadheim (1954–) & 1983 Brit Petra Oladtr Midlang (1959–) frå bnr 35/6 under lnr 100 bur i Førde. Born: Idar1986, Iselin 1989, Renate 1994.
Bnr 5/3–1, bygsla tomt. Her var busett i ei lita stove: vegarbeidar Arne Olason Stadheim (1902–1975) frå bnr 5/17 under lnr 32 & 1930 Inga Sjurdtr Tenold (1907–1974) frå lnr 17a Tenål. Born: Karen 1930 (Odalen på Hedmark), Ola 1935 (Sandefjord), Sigurd 1937 (bnr 4/61 i Seljestokkane på Tenål), Johannes 1940 (Drammen), Agnar Johan 1943 (Fitjar). Familien budde på Stadheim til først i 1950-;åra. Eigedomen vart i 2004 skøytt til Arne Sigurdson Stadheim (1965–) frå bnr 4/61 i Seljestokkane på Tenål.
Bnr 5/3–3. I 1958 bygde Sigfred Rinde (1922–1998) frå Feios & 1946 Karen Oladtr Fosse (1920–) frå bnr 7/7 under lnr 35a Fosse hus på denne bygsla tomta. Born: Oddvin Johan 1951 (bnr 1/184 Røysane-Sæbø), Anne Karin 1955 (Bergen). Sonesonen Stian Oddvinson Melheim Rinde (–) overtok i 2007.
Lnr 27 Stadheim
3,36 spd = bnr 5/4 4,88 mark. Eigar i 1723: Anna Finde, seinare Daae-ætta. Sjølveige frå 1847. Matrikkelskyld: 1,92 laupar i 1723, 1,58 laupar i 1788 og 1838. Dette bruket kom gjennom åra frå 1838 utan at jord vart frådelt eller tilkjøpt, med unntak at det i 1923 vart frådelt bnr 5/24 Øygaren 0,18 mark. Ny skyld på bnr 5/4 vart 4,70 mark. I 1845 var det: 9 daa bygg, 2,8 daa poteter, 1 hest, 10 storfe, 18 smalar og 2 vinterfôra svin på bruket.
Endre Ivarson Stadheim (–1699) frå lnr 24+25 som kom til denne halvparten av storbruket, vart omkring 1685 gift med Marta Larsdtr Stadheim (–1705). Ho var truleg frå lnr 28. Endre og Marta hadde: Brita 1686– 1745 (ugift) og Hermund 1693 (lnr 1 Sæbø). Marta gifte seg oppatt med Knut Ellingson Bøyum (1660–1739) frå Fjærland. Dei fekk: Synneva (døydde ung) og Endre 1700. Knut Ellingson bygsla bruket frå år 1700 av prost Ivar Leganger. Han vart attgift med Guri Tollakdtr Øvstedal (1678–1761) frå lnr 44 og dei fekk: Endre 1700, Tollak 1702, Ellend (ca 1710–1728) og Marta fødd ca 1714 (lnr 8 Vange). Endre Knutson Stadheim (1700–1733?) & 1729 Anna Hermunddtr Voll (1703–1748) frå lnr 80 fekk: Brita 1729 (lnr 45 Turvoll) og Elling 1731 (lnr 29). Tollak Knutson Stadheim (1702–1801) & 1736 Solveig Oladtr Hallrynjo (–) frå lnr 65 hadde borna: Synneva 1738 (lnr 18 Tenål), Nils 1739–45, Knut 1741 og Alis 1745 (Målsnes i Kvamsøy sokn). Knut Tollakson Stadheim (1741–1802) & 1770 Brita Ivardtr Ovri (1743–1806) frå lnr 67 fekk borna: Tollak 1771 (ugift, «tåbelig og af liden forstand»), Inga 1772 (lnr 28), Ivar 1776, Ola 1779 (sjå note lnr 96 Fjærestad, sjå òg lnr 62 Undi), Solveig 1781–82. Ivar Knutson Stadheim (1776–1836) fekk bygsel på bruket i 1799. Han gifte seg 1805 med Eli Helgedtr Ovri (1782–1854) frå lnr 68 og dei fekk: Brita 1806–26, Anna 1809 (lnr 28 Stadheim), Eli 1812–12?, Eli 1815–15, Knut 1817, Helge 1820 (lnr 43b Myrkaskog), Solveig 1825 (lnr 86 Holstad). Knut Ivarson Stadheim (1817–1891) & 1849 Ingegjer Andersdtr Sæbø (1826–1897) frå lnr 2 hadde borna: Eli 1847–94, Ivar 1850, Anders 1852 (lnr 55b Rislåg), Endre 1855 (lnr 69 Ovri), Brita 1857 (til Tønderbruket på Seim), Synneva 1860–61, Anna 1864–65, Johannes 1867–67, Anna 1868 (sjå note). I 1883 vart bruket skøytt til Ivar Knutson Stadheim (1850–1931) & 1890 Johanna Larsdtr Bøyum (1856–1945) frå Fjærland. Born: Ingeborg 1891–92, Marta 1896 (Fjærland), Ingeborg 1894 (Folldal på Hedmark), Helge 1898, Synneva 1900 (Lillestrøm). I 1920 fekk Helge Ivarson Stadheim (1898–1972) skøyte på bruket. Han gifte seg 1920 med Birte Simondtr Midlang (1897–1991) frå bnr 40/3 på Balvoll. Dei hadde borna: Ivar 1921, Sigmund 1922 (Årdal), Margit 1925 (Bergen), Ragna 1928 (Bergen), Johannes 1919–29, Helge 1929–29, Kjellaug 1931 (Bergen), Jensina 1937–42. Ivar Helgeson Stadheim (1921–2007) tok over i 1963 og gifte seg 1949 med Marie Helgedtr Hove (1922–2004) frå lnr 25 Stadheim. Born: Harald 1950, Turid 1953 (Førde), Helge 1961 (lnr 25). Harald Ivarson Stadheim (1950–) & 1985 Marit Ottodtr Andersen (1959–) frå Stord har borna: Torstein 1986, Einar 1988, Ingvild 1991. Harald overtok i 1988. Bruket blir no drive med sau.
Anna Knutdtr Stadheim (1868–) er førd opp i fattigprotokollen frå og med 1914 med nokså stor årleg sum som fattig og sinnsjuk. Det varde ved fram til 1927 då støttesystemet vart lagd om. Ho var truleg plassert utanfor fylket, kanskje i Austevoll i Hordaland.
Lnr 28 Stadheim
4,64 spd. Delbruk frå ca 1660 av lnr 28+32. Eigar og brukar i 1723: Anna Finde med 1,50 laupar og Kongen med 0,33 laupar. Frådelt lnr 32 ca 1723. Deretter var Anders Daae og etterkommarar av han eigarar. Frikjøp 1798. Skyld i 1723: 2,17 laupar, i 1788 og 1838: 1,5 laupar. I 1845 var det: 12,3 daa bygg, 4,9 daa poteter, 3 hestar, 13 storfe, 40 smalar og 2 svin på bruket.
Dette storbruket hadde i 1647 eigarane: Kongen 2 laupar, Henrik Lud l laup og Hove kyrkje 0,33 laup, i alt 3,33 laupar. I 1655: Kongen 2 laupar, Børge Juel sine arvingar 1,5 laupar og Hove kyrkje 0,33 laup, i alt 3,83 laupar. På bruket var i 1645 Johannes med Guri. I 1667 var bruket delt. Leiglendingen på eit delbruk med 1,83 laupar i skyld (lnr 28) heitte Lars. Til den andre delen (lnr 32) kom Ola Guttormson Midlang.
Lnr 28 4,64 spd: I 1667 var Lars Johannesson Seim (1636–1700) frå lnr 10, gift med Synneva Bårddtr Stadheim (–1700) frå lnr 24+25 på bruket. Lars hadde då ein «son» Endre 1659 som hadde Johannes som far, og difor trur vi at Synneva først var gift med enkjemann Johannes Stadheim og deretter med Lars. Born: Gjertrud (Sæle i Kvamsøy sokn), Marta (lnr 27), Johannes 1674, Bård 1678. I 1701 finn vi Johannes Larsson Stadheim (1674–1755) på bruket. Han hadde broren Bård som tenestegut. Det ser ut til at Johannes flytta til Rosheim, og at eigaren Anna Finde, den rike enkja etter prost Ivar Leganger, kom til Stadheim og overtok bruket. Då Johannes sikkert var leiglending på livstid, må vi tru at han fekk godt betalt for å flytta til Rosheim. Anna Finde eigde i 1723 heile 10,5 laupar i Stadheim, men dreiv sjølv berre 2,17 laupar. Anna Finde dreiv bruket til ho døydde. Dotterdottera Birgitta og mannen Anders Daae var dei nye eigarane. Dei dreiv bruket til 1740. Då kom Ola Olason (Myrkaskog) Stadheim (1686–1757) frå lnr 26 og vart leiglending på dette bruket. På lnr 26 hadde han vore gift med enkja Kari Eirikdtr (Rislåg) Stadheim (1671–1739). I 1741 vart han attgift med ungjenta Anna Sjurdtr Bø (1720–) frå lnr 101. (Ikkje rart han vart kalla «gamle Ola» ved dåp av borna. Kanskje var Anna årsaka til at presten sleppte dei til på dette bruket, for ho var plassert nest etter hans eiga dotter ved konfirmasjonen i 1740.) Born: Sjur 1743 (konfirmert 1761, kanskje gift i 1796 med Marta Jondtr «Øren», dei to finn vi ikkje att i teljinga i 1801), Ola 1745, Matias 1748 (truleg død før konfirmasjonsalder), Nils 1749 (lnr 7 Vange), Ellend 1752 (lnr 106 Tryti), Anna gifte seg oppatt 1758 med Hermund Johannesson Fjærestad (1733–1774) frå lnr 95+97 og fekk: Helga 1760–60, Ola 1761–61 og Ola 1763 (lnr 21 Føli). Etter at Hermund døydde, kom Ola Olason Stadheim (1745–1810) & 1774 Randi Endredtr Voll (1750–1813) frå lnr 81 inn som leiglendingspar. Ola fekk seinare skøyte på bruket. Born: Hermund 1773 (lnr 40 Vetle-Nummedal), Ola 1775, Birte 1779–82, Endre 1782, Brita 1789 (Linde i Kvamsøy sokn), Ragnhild 1892–92, Ragnhild 1793 (lnr 28b). Ved skifteskøyte i 1810 gjekk bruket til enkje Randi og alle borna. Først i 1831 hadde Ola 1775 fått overteke all eige i bruket. Endre 1782–1850 var ugift. I 1819 hadde han i rusa tilstand kalla Gjertrud Anfindtr Midlang frå lnr 99 for ein tjuv og ein hund. Det siste vart rekna som minst like ærekrenkjande som det første. Ola Olason Stadheim (1775–1847) & 1797 Inga Knutdtr Stadheim (1772–1847) frå lnr 27 hadde: Ola 1797, Solveig 1801 (lnr 105 Tryti), Randi 1805 (lnr 76 Hove), Knut 1808 (lnr 54 Rislåg), Brita 1808–32, Endre 1811 (note lnr 24). Ola og Inga let frå seg bruket i 1842. Ola vart førd opp som tambur då han døydde i 1847. Ola Olason Stadheim (1797–1857) & 1836 Durdei Anfindtr Tue (1808–1860) frå Balestrand fekk borna: Inga 1835, Ola 1838, Brita 1841, Hermund 1843, Ola 1846, Anfin 1849. Heile huslyden reiste til USA i 1851.I 1850 hadde bruket blitt frådelt ein liten parsell, lnr 28b 0,02 spd. Sjølve bruket vart selt til Ola Olason Hove (1822–1902) frå lnr 72 Hove og gift 1847 med Kari Oladtr Nummedal (1825–1904) frå lnr 37. Dei hadde borna: Brita 1846, Ola 1851 og Ola 1854. Sjå òg note lnr 72 Hove. Huslyden reiste til USA i 1854, og selde bruket til Ola Bendikson Stadheim (1810–1877) på lnr 26. Han dreiv båe bruka saman nokre år. I 1859 delte Ola Bendikson bruket i to like delar. Han la lnr 28a 2,31 spd inn under bruket sitt, medan lnr 28c vart selt og vart eitt nytt bruk.
Lnr 28b 0,02 spd = bnr 5/5 0,16 mark. Ragnhild Oladtr Stadheim (1793–1855) frå lnr 28 & 1822 Ola Helgeson Turvoll (1785–1854) frå lnr 46 fekk borna: Brita 1819 (sjå note), Helge 1822–96 (USA 1854), Synneva 1830 (USA 1854, så Vikøyri v938). Ola var grenader i Bergen då far hans døydde i 1811. Før 1850 var Ragnhild og Ola innerstar på Turvoll, men bygde hus på denne parsellen som dei fekk skøyte på i 1850. Livet må ha vore svært vanskeleg for Ragnhild etter at Ola døydde. Ho hengde seg året etter. Bustaden gjekk til Elling Ingebrigtson Hove (1813–1894) frå lnr 73. Han var enkjemann frå lnr 25 og gifte seg andre gong 1857 med Anna Ivardtr Stadheim (1809–1883) frå lnr 27 og for tredje gong i 1884 med husmannsdotter Inga Eirikdtr Øvstedal (1839–1929). Elling fekk ikkje barn med dei tre konene sine. Inga vart attgift 1898 med enkjemann Styrk Jakobson Grov (1833–1909) på Vikøyri v928 og flytta til han. I 1883 vart bustaden skøytt til Endre Knutson Stadheim (1855–1933) frå lnr 27. Han gifte seg 1888 med Synneva Johannesdtr Kringlen (1854–1927) frå Lavik (sjå plass 8 Vange) og fekk borna: Ingeborg 1888, Marie 1890, Knut 1893, Johan 1898, Anna 1903. Men då dei første borna er fødde på Føli, og Johan på Hove, kan det sjå ut som huslyden ikkje hadde bustad på lnr 28b. Dei kjøpte i 1899 lnr 70 Ovri og flytta dit. Neste eigar- og brukarpar var Elling Arneson Stadheim (1855–1927) frå lnr 32 & 1892 Synneva Oladtr Øvstedal (1864–1937) frå lnr 44cde. Born: Brita 1892 (USA 1910), Sitona 1894–1978 (ugift, i Vik), Anna 1896 (gift Liljedahl), Olina 1898 (Bergen), Arne 1902 (lnr 24 Stadheim), Anna 1908 (lnr 16 Tenål). I 1904 fekk Elling kjøpt bnr 5/1 Stadheim (lnr 24) og flytta dit. Bustaden bnr 5/5 vart då nedlagt og kom inn under bnr 5/1.
Brita Oladtr Stadheim (1819–) fekk Anna 1842 og Ola 1844 med Jon Sjurson Rislåg (1815–1882) frå lnr 55. Brita reiste til Amerika med dei to borna i 1856.
Lnr 28c 2,31 spd = bnr 5/6 3,28 mark. I 1865 var det: 7,3 daa bygg, 3,5 daa potet, ingen hest, 5 kyr, 18 smalar og 3 svin på bruket.
Ola Knutson Rislåg (1836–1923) frå lnr 54, men truleg oppfostra hjå farsslekta på lnr 28, fekk skøyte på dette delbruket i 1859. Han gifte seg i 1860 med Anna Jondtr Nummedal (1832–1889) frå lnr 39. Dei fekk 10 born: Marta 1858–58, Jon 1859–60, Marta 1862 (bnr 1/30 Røysane-Sæbø), Brita 1864 (Austlandet), Ola 1866, Jon 1868 (USA 1890), Anders 1870–74, Knut 1872 (Austlandet), Inga 1874 (USA 1899), Anders 1875–1964 (USA 1893). I 1898 vart bruket skøytt til Ola Olason Stadheim (1866–1936). Han gifte seg 1891 med Eli Jondtr Grønsberg (1863–1922) frå lnr 41a. Born: Anna 1892 (lnr 88b Brekke), Gyrid 1894 (sjå note), Olaf 1899, Brita 1901–14, Kristina 1903–37, Jenny 1908 (Kaupanger, sjå òg bnr 1/30 i Røysane-Sæbø). I 1908 vart bruket fråskilt bnr 5/21 Øygaren 0,12 mark til Ivar Olason Refsdal. Ny skyld bnr 5/6 3,15 mark. Olaf Olason Stadheim (1899–2003) gifte seg 1921 med Karen Tollakdtr Tenål (1897–1988) frå lnr 13b. Born: Anna 1920 («Fastinghuset» i Røysane-Vange), Otto 1922. Otto Olafson Stadheim (1922–) & 1948 Ingrid Danielsen (1925–) frå Bergen fekk: Oddbjørn 1948, Arvid 1950, Anne Karin 1953 (Bergen). Otto hadde bruket 1965–91. Oddbjørn Ottoson Stadheim (1948–1999) & 1971 Harriet Hansdtr Riise (1952–) frå Horgen, Helgeland, fekk: Lisbeth 1971 (Fyllingsdalen i Bergen) og Ove 1974 (Bergen). Etter at Oddbjørn døydde, flytta kona til Bergen med borna. Bruket er ikkje i drift.
Arvid Ottoson Stadheim (1950–) & 1972 Gerd Helgedtr Skjerven (1947–2002) frå lnr 112a Skjørvo overtok og busette seg i eit hus på bruket. Det hadde vore eigd av Gyrid 1894. Born: Elisabeth 1975 (sjå bnr 36/17 under lnr 103b Bø), Oddvar 1977 (Førresfjorden i Rogaland). Arvid er i 2007 sambuar med Heidi Rennestraum (1967–) frå Flekke i Fjaler.
Gyrid Oladtr Stadheim (1894–1969) fekk Eli 1922 med Lars Louis Endreson Skjørvo (1895–1973) frå lnr 111. Eli gifte seg til lnr 112a Skjørvo.
Lnr 29 Stadheim
2,49 spd = bnr 5/7 3,62 mark. Eigarar: i 1647 Anna Jensdtr Hjerman 1,0 laup og Søren Lauritsen 0,5 laup, i 1685 truleg Margrete Eirikdtr Leganger, og deretter Anna Finde og Daae-ætta. Før I 723 var eit jordstykke på 0,33 laup, eigd av Hove kyrkje, kome inn under bruket. Sjølveige frå 1829 og 1836. Skyld: 1,5 laupar i 1647, 1667, 1,83 laupar i 1723 og 1,50 laupar i 1788 og 1838. I 1845 var det: 15,7 daa bygg, 4,9 daa poteter, 2 hestar, 8 storfe, 20 smalar og eitt vinterfôra svin på bruket.
På dette bruket finn vi Jørgen med kona Billa både i 1626, 1635, 1645 og 1655. Men i 1667 var Endre Hermundson Hopperstad (1633–) brukar. Vi trur at han var son til «gamle» Hermund Hopperstad på lnr 119+ 120, og såleis syskenbarn til Ivar Hermundson på lnr 24+25. I 1701 hadde Endre med seg på bruket sønene Hermund 1684 (Vikøyri v320), Ola 1688 og Lasse 1691, medan Eirik 1680 tente på Føli. Eirik Endreson Stadheim (1680–1746) & Ragnhild Torkjelldtr (1668–1739) fekk: Randi 1712. Ragnhild var truleg frå lnr 3 Sæbø. Aldersskilnaden tyder på at Eirik har gift seg med ei enkje. Han vart attgift 1742 med Randi Andersdtr Vikøyri (–). Dei hadde neppe born. Foreldra til Randi har vi ikkje funne fram til. Mellom 1667 og 1723 vart skylda på bruket auka frå 1,5 laupar i 1,83 laupar. Tillegget var 0,33 laup som låg under Hove kyrkje. I 1730-åra vart denne delen skild ut som eige småbruk (lnr 31). Randi Eirikdtr Stadheim (1712–1749) & 1737 Jon Lasseson Tjønn (1706–1777) frå Feios hadde: Lasse 1738 (Vikøyri v636), Paul 1741–41, Ragnhild 1742–50, Sigrid 1746–49, Ola 1749–49. Randi og sonen Ola døydde etter fødselen i 1749, men det spesielle er at også Sigrid 1746 vart gravlagd saman med dei. Jon vart attgift 1750 med Alis Knutdtr Borlaug (1717–1791) frå Feios. Dei fekk: Per 1751, Knut 1754, Ragnhild 1757. Per vart konfirmert i 1773, men elles ser vi ikkje meir til desse tre borna. Far til Alis var frå lnr 99 Midlang. Denne huslyden flytta til Seimsøyri kring 1760, og det kom ein ny leiglending til bruket. Elling Endreson Stadheim (1731–ca 1795) frå lnr 27 & 1761 Sigrid Oladtr Tenål (1732–1820) frå lnr 14 fekk: Endre 1762, Ola 1765–65 og Anna 1771. Endre Ellingson Stadheim (1762–1844) & 1791 Brita Anfindtr Føli (1762–1807) frå lnr 20+21 hadde borna: Sigrid 1793 (lnr 19 Føli), Elling 1796–96?, Marta 1797 og Anna 1801–02. Endre vart attgift 1808 med Ragnhild Beintdtr Tenål (1758–1830) frå lnr 14. Dei hadde ikkje born. I 1827 gifte Marta Endredtr Stadheim (1797–1880) seg med Anders Tuchsen Nilsson Sæbø (1801–1881). Han var son til rikmannen Nils Olason Åse på lnr 4 Sæbø, inngift i Daae-Tuchsen-slekta. I 1793 hadde eiga i lnr 29 blitt delt mellom kaptein Fasting, Kristine Marie Tuchsen og Sofie Amalie Tuchsen. I 1829 og 1836 vart bruket skøytt frå eigarane til Anders 1801. Sigrid og Anders hadde borna: Nils 1827–74 (ugift på Vikøyri, fekk Olina 1856 med Ragnhild Oladtr Vetleøyri s172, sjå Elvabrigt-plassen under lnr 108 Tryti, og Eirik 1864–65 med Synneva Oladtr Vikøyri v746), Endre 1834, Stina 1837 (sjå note), Brita 1840 (lnr 5 Vange), Kristina 1843 (Teigum bnr 22c). I 1851 var bruket skøytt til Endre Andersson Stadheim (1834–1917). Endre eigde i tillegg til bnr 5/7: bnr 5/8 0,12 mark (= lnr 6e+7e), bnr 5/9 0,85 mark (= lnr 21h+23i) og bnr 5/10 Bruavoll 1,59 mark (lnr 47b), i alt 6,18 mark. Ein del av jord på Bruavoll vart ikkje drive frå Stadheim, men Endre hadde likevel eit nokså stort bruk, og i 1865 var det: 13,2 daa bygg, 4,2 daa poteter, 3 hestar, 12 storfe, 28 smalar og 6 svin på bruket. Endre gifte seg 1862 med Unni Nilsdtr Vange (1833–1913) frå lnr 6+7. Born: Anders 1862–65, Marta 1866, Turid 1868 (lnr 25), Anders Tuxen 1870–75, Nils 1875–75, Kristina Marie 1873 (bnr 26/21 Hove). I 1919 vart det skrive skøyte av buet etter Endre og Unni til dottera Marta Endredtr Stadheim (1866–1956) & 1884 Tor Jonson Hopperstad (1865–1938) frå lnr 119 der dei overtok bnr 5/7, 5/8, 5/9, 5/10. Born: Anna 1893 (lnr 42 Seljestø), Karen 1895 (sjå note), Unni 1897 (bnr 1/34 på Vetleøyri, hus nr 105), Anders Tuxen 1899, Johanna 1901 (Høyanger, sjå note lnr 56 Kinni), Endre 1903, Jensina 1905–07 og Jensina 1910 (lnr 44a Øvstedal). I 1930 fekk sonen Endre 1903 skøyte på bnr 5/10 Bruavoll. Resten, bnr 5/7+5/8+5/9 ,i alt 6,59 mark, vart i 1937 skøytt til Anders Tuxen Torson Stadheim (1899–1985). Han gifte seg i 1948 med Ragna Johanne Bø (1918–) frå Breim, og dei fekk: Magny 1948. Magny Andersdtr Stadheim (1948–) gifte seg med Karsten Thunes (1947–), Stavanger, og dei fekk Rita 1969 og Wenche 1970 (Kjølsdalen på Eid). Magny bur i 2007 i Bergen, sjå òg hus nr 92 på Vikøyri-allmenningen. I 1995 overtok Rita Karstendtr Thunes (1969–). Med Dagfinn Flæte (1970–) frå Fresvik har ho Mona 1992.
Karen Tordtr Stadheim (1895–) fekk Nils 1917 med Helge Nilsson Hove (1887–1966) frå lnr 72 og som kom til lnr 25 Stadheim. Nils kom til bnr 38/10 på Hatlekolo.
Alf Jonson Nummedal (1829–1901) frå lnr 39 & 1868 Stina Andersdtr Stadheim (1837–1871) fekk borna: Marta 1867 (lnr 102b Bø) og Ragnhild 1870 (lnr 93c Espesete). Alf var bror til gardkona Anna 1832 på lnr 28c, og i 1865 var dei innerstar på dette bruket. Det vesle huset på leigd grunn på Stadheim vart kjøpt av enkja Anna Jondtr (Moane-Hove) Tryti (1855–1939), sjå lnr 8 Vange.
Lnr 30 Stadheim
2,38 spd. Eigar: i 1647 adelsmannen Børge Juel, i 1723 Anna Finde, deretter Daae-ætta. Sjølveige frå 1829 og 1835. Matrikkelskyld: i 1647 3,14 laupar, i 1655, 1667, 1723, 1788 og 1828: 1,5 laupar. I 1845 var det: 9 daa bygg, 2,1 daa poteter, 1 hest, 5 storfe, 12 smalar og 1 svin på bruket.
På dette bruket finn vi i 1647 to bønder som dreiv saman: Anders Erlendson med kona Magdeli og Jon med Gjertrud. Matrikkelen viser ei skyld på heile 3,14 laupar. Åtte år seinare var skylda 1,5 laupar utan at det ser ut til å ha vore nokon bruksdeling. På denne tida var samla matrikkelskyld for fleire namnegardar i Flatbygdi svært høg. Grunnen var truleg at bøndene der dreiv øydejord på dalane og at leiga for det gjekk inn i landskylda. Anders og Jon kan til saman ha hatt 1,5 laupar av slik leigejord i 1647. I 1655 dreiv Jon åleine, og no var skylda berre 1,5 laupar. I 1667 var enkja etter Jon gift med Knut Monsson (1635–) og dei hadde med seg Ørjan 1660 (som var son til Jon). Knut var der òg i 1685. I 1701, 1711 og 1723 finn vi Anders Jakobson (1659–1733) på bruket. Anders var kanskje frå lnr 0 Sæbø. Vi veit at han ikkje hadde søner i 1701 og at han i 1711 ikkje hadde born på bruket. Anders var truleg gift med Anna Johannesdtr (1664–1727). Etterfølgjaren på bruket veit vi ikkje sikkert namnet på, men ut frå kyrkjeboka og manntalet i 1701 kjem vi fram til Ola Johannesson Vange (1697–1743) frå lnr 7. Det var truleg han som var «unge Ole» på Stadheim i kyrkjeboka og hadde: Ingeborg 1730–30, Ingeborg 1731 (lnr 9 Liktvorane), Sigrid 1732 (lnr 12 Seim), Anna 1734 (lnr 6 Vange) og Johannes 1739–70 (ugift). I 1763 var det kome ein ny leiglending til bruket, Ola Arneson «Stadheim» (–). Han gifte seg 1744 med Sigrid Oladtr Stadheim (1700–1767), og ho var truleg enkje etter Ola Johannesson. Ola Arneson var kanskje frå ei anna bygd, for ingen med namnet hans vart konfirmert i Vik i det aktuelle tidsrommet. Han var soldat då han gifte seg og var difor truleg fødd 1715–20. Ola og Sigrid fekk neppe born. Same året som Ola vart enkjemann, vart han gift på nytt med Alis Endredtr Brekke (1727–) frå lnr 90. Dei fekk: Sigrid 1767 og Johannes 1772. Sigrid Oladtr Stadheim (1767–1820) gifte seg i 1787 med Per Monsson Juvik (1755–1833) frå plassen Hagen. I 1789 vart Per sjølveigar. Per og Sigrid hadde: Ingeborg 1789 (lnr 6 Juvik og gift med Lars Knutson), Ola 1792–92?, Ola 1793, Alis 1796–96?, Alis 1799 (lnr 23 Føli), Mons 1802 (Vetleøyri s144), Kari 1807 (plass 1 Vange), Johannes 1810–40. Neste brukar var sonen Ola Person Stadheim (1793–). Han gifte seg først med Kristi Knutdtr Juvik (1790–1822) frå lnr 6 og så i 1823 med systera Brita Knutdtr Juvik (1798–1868). Dei var båe systrer til Lars Knutson. Med første kona hadde Ola: Per 1813–13, Per 1815 (sjå note), Brita 1817–17, Knut 1818–18, Knut 1822–22. Med Brita hadde han: Knut 1823 (USA 1854), Sjur 1826–26, Sjur 1829 (Vikøyri v924). Per Olason Stadheim hadde truleg «gløymt» å skøyta bruket over på sonen Ola. Dette vart ordna etter han døydde med skøyte i 1834. Men enkja ville ikkje sitja med bruket. Det vart det same dag skøytt over til bøndene Arne Olason Stadheim og Anders Nilsson Stadheim. Motytinga var å gje enkja Brita kår. Men son til Ola og Kirsti og «Juvik-folket» fann seg ikkje i salet. Per Olason Stadheim (1815–), tok bruket tilbake på odel i 1838, og han skøytte det vidare til Ingebrigt Jonson Åse(1812–1871) frå lnr 50 & 1842 Brita Larsdtr Juvik (1815–1896). Ho var ei dotter av Ingeborg 1789 og hadde såleis odelsrett. Ingebrigt og Brita hadde borna: Sigrid 1842 (USA 1871), Kari 1843 (55b Rislåg), Per 1846–48, Ingeborg 1849 (USA 1876), Johannes 1842–42, Jon 1854–61, Lars 1857. I 1875 vart bruket skøytt til Lars Ingebrigtson Stadheim (1857–1940). Han gifte seg i 1892 med Brita Anfindtr Bale (1864–1950) frå Balestrand. Born: Brita 1892–1927 (fór av på løypestreng), Ingebrigt 1893 (USA 1895), Ingebrigt 1896, Anna 1899 (USA 1922), Anfin 1901 (USA 1921, så Grimstad), Jensine 1904–85 (ugift), Johan 1906 (USA 1927), Per 1908–08. Lars laga betongstein og betongtakstein på bruket. Men gardsbruket var nok viktigare. I 1889 vart bruket fråskilt lnr 30b 0,11 spd (= bnr 5/12 0,16 mark, på Ovrisdalen). Lnr 30a fekk bnr 5/11 3,28 mark. I 1926 vart bruket skøytt til Ingebrigt Larsson Stadheim (1896–1975). Han gifte seg i 1922 med Marta Nilsdtr Frekaland (1893–1981) frå Leikanger og dei hadde borna: Borghild 1922 (bnr 38/10 på Hatlekolo), Olina 1926 (til Årdal), Lars 1928–28, Torbjørg 1930 (Voss), Lars 1934. Lars Ingebrigtson Stadheim (1934–2000) & 1959 Borgny Torkeldtr Røyrvik (1935–) frå lnr 12 fekk borna: Åslaug 1959, Leif Ingar 1961 (Bergen), Marit 1966 (Tyskland), Trude 1970 (Bergen). Lars og Borgny dreiv med sauer, høns og bær. Åslaug Larsdtr Stadheim (1959–) & 1981 Oddbjørn Jensson Ese (1956–) frå Balestrand har: Joar 1984, Bjarte 1984, Annelin 1987. Åslaug og Oddbjørn overtok i 1999.
Per Olason Stadheim (1815–) & 1848 Olina Ludvigdtr (1825– 1861) var fram til ca 1855 i Osen i Feios. Dei var så husmannsfolk utan jord på lnr 33 Fosse. Då Olina gifte seg, er det skrive at ho var frå Feios, men vi finn ikkje dåpen i kyrkjeboka. Born: Anna 1849 (USA 1874), Kristi 1853, Ola 1859 (USA 1876). Per vart attgift 1864 med Brita Tollakdtr Kvamme (1822–1891), enkje på lnr 11 i Svolsviki. Dei fekk Olina 1864 (Vikøyri v358). Men Brita må ha flytta frå han, for i 1865 var ho tenestejente i Tusviki i Kvamsøy sokn og hadde ungen med seg. Sjå meir om Brita under Svolsvik. Per og Kristi, med ei nyfødd jente, Olina 1879, reiste til USA i 1879. Far til jenta var handelsbetjent Bertil Gunnarson Ask frå Askvoll.
I 1865 var Sigrid Johannesdtr (1825–1914) med dottera Sigrid 1856 på ein plass under dette bruket. Sigrid hadde nokre sauer. Mor til Sigrid 1825 var Sigrid 1793 frå lnr 29, og far var Johannes Nilsson Vikøyri v712 (1804–), sjå lnr 19 Føli og plass 3 Sæbø. Sigrid 1825 døydde som fattiglem på Vikøyri. Far til Sigrid 1856 var Arne Eilifson Hove (1822–65) frå lnr 74. Ho gifte seg 1877 med fiskar Anders Jonson Vikøyri v054 (1850–1941).
Lnr 31 Stadheim
0,43 spd = bnr 5/13 «Lien» 0,75 mark. Eigarar: Hove kyrkje fram til ca 1723. Kjøpt av Anders Daae saman med Hove kyrkje med anna tilhøyrande gods. Deretter eigd av Daae-ætt. I 1837 arva Anna Kathrina Fasting og Anna Fasting Aarestrup (kona til lensmannen i Bø) kvar sin halvpart i bruket. I 1846 selde så Anna Kathrina Fasting sin halvpart til bonden Anfin Tollakson Seim. Anna Aarestrup og Anfin Seim var eigar av lnr 31 fram til 1876, dåbruket vart frikjøpt. I 1647 låg jorda under eitt av dei to storbruka på Stadheim (lnr 28+32), men var i 1723 komen inn under lnr 29. Skyld: i 1788 og 1838 0,33 laupar. I 1845 var det: 1,8 daa bygg, 0,7 daa poteter, l storfe og 6 smalar på bruket.
Den første leiglendingsparet på dette vesle småbruket var Hans Olason Fjærestad (1692–1764) frå lnr 95+97. Marta Jondtr, som døydde på Stadheim i 1729, var kanskje kona hans. Born: Gjertrud 1725 (Vikøyri v306) og Ola 1728–28. Neste leiglendingspar var Torstein Olason «Stadheim» (1730–1802) & 1766 Magdeli Hansdtr Undi (1732–) frå lnr 62. Då Torstein vart konfirmert, var stadnamnet Tenål, men der var han neppe fødd. Magdeli døydde før 1801. Torstein og Magdeli hadde ikkje born. Neste leiglending var Per Sjurson Undi (1777–1855) frå lnr 62. Mor til Per heitte Alis Hansdtr, og ho var syster til Magdeli. Per gifte seg 1803 med Ragnhild Alfdtr Hallrynjo (1770–1825) frå lnr 66 og dei fekk: Sjur 1804–33 (ugift), Barbra 1805 (Vikøyri v524), Alf 1811 (konfirmert 1826, borte etter 1843), Alis 1815 (sjå note). Per gifte seg opp att 1826 med Torbjørg Steffendtr Brekke (1781–1833) frå lnr 89 utan å få born med henne og i 1834 med Bryteva Kolbeindtr Jordalen (1797–1838) frå Vossestrand. Med den siste fekk han Bryteva 1838–45. Ingen av borna til Per vart verande på bruket, og i 1848 fekk Rognald Olason Røysane-Sæbø (1809–1859) frå plassen Urdi & 1843 Marta Lassedtr Refsdal (1808–1885) frå lnr 60 bygselbrev på bruket. Born: Marta 1847–47, Ola 1848–1943 (ugift), Lasse 1894. I 1876 fekk Lasse Rognaldson Stadheim (1894–1821) skøyte på bruket. Han gifte seg 1875 med Kristina Eirikdtr Vikøyri v176 (1854–1942). Born: Marta 1875 (USA 1907, sjå òg bnr 41/4 i Villastrøket-Sjøtun), Brita 1877–77, Ola 1879 (Bergen), Andreas 1882 (Bergen), Martin 1885 (USA 1903), Brita 1887–90, Sitona 1887 (USA 1907), Kristian 1892–96, Brita 1894, Kristina Marie 1896 (USA 1914). «Lasse under Hammaren» var bonde og murar. I 1904 kjøpte han til bnr 5/19 0,78 mark (av lnr 24). Dermed vart bruket dobbelt så stort som før. I 1912 selde Lasse og Kristina bruket til Jakob N. Ekse og reiste til USA, men kom heim att i 1913 og kjøpte bruket tilbake. I 1928 gjekk det til Brita Lassedtr Stadheim (1894–1987) & 1928 Ivar Ingebrigtson Grønsberg (1891–1965) frå lnr 41b. Born: Leif 1918 (Årdal), Ingebrigt 1920, Alf 1922 Nesttun), Gunhild 1925 (bnr 4/43 under lnr 16 Tenål), Kristina Marie 1922–64, Kristian 1930 (Sandnes), Ola 1932 (Danmark), Brynild 1933 (Sandnes). Ingebrigt Ivarson Grønsberg (1920–1981) & 1957 Brita Oladtr Ligtvor (1917–1983) frå lnr 9 fekk Oddvar 1958. Oddvar Ingebrigtson Grønsberg (1958–) & 1983 Irene Levalddtr Helleland (1962–) frå bnr 5/14 under lnr 32 Stadheim overtok lnr 9 Liktvorane. Born: Sondre 1984, Ane 1986, Vilde 1990 og Dorte 1994. Huslyden bur på Liktvorane. I 2001 vart bnr 5/19 selt til: Hild Perdtr Berglund (1973–) frå bnr 2/57 på Vange-aust & 1998 Vidar Magneson Lundeland (1973–) frå Aurland. Born: Sigrid 1998, Håvard 2000, Brita 2004. Magne var frå bnr 41/1–4 i Galilea under prestegarden Grov.
Alis Perdtr Stadheim (1815–) & 1842 Botolv Markusson Moane-Vange (1815–) frå plass 1 Vange var husmannsfolk på Stadheim. Born: Ragnhild 1840 (sjå Vikøyri v230), Markus 1843. Huslyden reiste til USA i 1844. Botolv hadde òg Jon 1837 med Brita Jondtr Midttun (1801–1880) frå lnr 191 Vangsnes. Jon reiste til USA frå Vange i 1867. Sjå òg note lnr 14 Tenål.
Lnr 32 Stadheim
3,47 spd = bnr 5/14 5,08 mark. I 1647 var dette bruket saman med lnr 28 eit storbruk på 3,5 laupar under Kongen, Hove kyrkje og Henrik Lud. Utskilt før 1665 som eige bruk. Kom truleg under eige av Ivar Leganger og deretter enkja Anna Finde, så Anders Daae og Daae-ætta. Sjølveige frå 1832. Skyld: 1,75 laupar i 1723, 1,5 laupar i 1788 og 1838. I 1845 var det: 7,9 daa bygg, 2,8 daa poteter, 2 hestar, 8 storfe, 20 smalar og 3 svin på bruket.
I 1665 finn vi Ola Guttormson Midlang (1626‒) frå lnr 98 på dette delbruket. Han vart gift med Marita dy frå lnr 15 Tenål. Vi veit om borna: Ola 1655 (Smidje, Feios), Lussi (til Voll?), Randi (lnr 18 Tenål), Gjertrud (til Øvstedal?), Guttorm 1668 og Helga 1671 (lnr 112 Skjørvo). Guttorm Olason Stadheim (1668–1743) & Synneva Ivardtr Stadheim (1671–1748) frå lnr 24+25 fekk borna: Endre (som i 1763 var fattig og «avsindig»), Eirik 1700 (lnr 43 Myrkaskog), Ola 1707 og Brita (lnr 82+83 Hønsi). Ola Guttormson Stadheim (1707–1781) & 1737 Anna Arnedtr Fosse (1708–1777) frå lnr 33 fekk borna: Arne 1737, Brita 1741–41, Brita 1742–42, Ola 1743 (Vikøyri v838). Guttorm 1747 (lnr 91+92 Tistel). Sonen Arne vart i 1767 førd opp som «regimentspiper». Som andre militærpersonar var han ikkje med i skattemanntalet i 1763. Arne Olason Stadheim (1737–1813) & 1767 Anna Andersdtr Tenål (1739–1820) frå lnr 13 hadde: Synneva 1862–62, Ragnhild 1767 (lnr 11 Seim), Ola 1772, Anna 1776 (lnr 103 Bø), Synneva 1780–80, Synneva 1783 (lnr 26). Arne var leiglending, men var likevel lensmann i bygda i mange år. Sonen Ola overtok som lensmann etter han. Ola Arneson Stadheim (1772–1846) & 1806 Anna Sjurdtr Voll (1775–1834) frå lnr 81 fekk borna: Guri 1806 (lnr 120 Hopperstad), Anna 1808–25, Arne 1810, Sjur 1813–14, Sjur 1817–36, Ragnhild 1821 (lnr 58 Refsdal). Anna Sjurdtr hadde dessutan Margrete 1793 med løytnant Fredrik Wilhelm Tuchsen. Ho kom til lnr 123 Hopperstad. Arne Olason Stadheim (1810–1867) & 1832 Brita Tollakdtr Fosse (1812–1885) frå lnr 35 fekk: Anna 1833–33, Anna 1834 (lnr 83a Hønsi), Ola 1838, Ola 1840, Sjur 1842 (lnr 91b Tistel), Ragnhild 1845 (lnr 64 Stedje), Arne 1847 (Henjum på Leikanger), Anna 1850 (sjå note), Marta 1853 (lnr 86a Holstad og USA), Elling 1855 (lnr 28b, så bnr 5/1 under lnr 24). I 1871 skøytte enkja Brita bruket til Arne Arneson Stadheim (1847–1911). Det er innført i panteboka, men Arne kjøpte gard på Henjum i Leikanger, og då har sikkert Ola Arneson Stadheim (1838–1905) overteke utan at dette vart formelt ordna. Han gifte seg 1870 med Ingeborg Jondtr Rislåg (1837–1927), oppvaksen på lnr 69 Ovri, og dei fekk: Jensina 1866 (lnr 117 Hopperstad), Olina 1868–68, Anna 1870 (lnr 40c* Vetle-Nummedal), Arne 1873 (USA 1893), Ola 1875–75, Ola 1877 (USA 1900, kom att), Hans 1880 (USA 1902). Utan å ha heimel for bruket fekk Ola 1838 tinglyst i 190l at han overdrog halvparten av bruket til sonen Ola. I 1903 var det skylddelingsforretning der bruket formelt vart delt, og Ola 1838 overdrog sin part av bruket til broren Ola 1840. Ola 1877 sin del fekk bnr 5/14 «Stadheim» 2,54 mark og farbroren sin del bnr 5/17 «Neipe» 2,54 mark.
Anna Arnedtr Stadheim (1850–1926) & Markus Johannesson Otterskreda (1844–) på bnr 65/1 i Arnafjord sokn fekk tre born. Anna vart sinnsjuk og vart i 1876 lagt inn på Rotvoll sinnsjukehus. Deretter vart ho plassert for pleie hjå syster si på Stedje. Det var årleg gitt pengar frå fattigkassa. I 1919 bad Ola Stedje om å få høgare bidrag, og då fattigstyret ikkje trudde det var andre som ville ta over, skulle Ola få kr 400 per år. Anna døydde i Sæbø. Markus Otterskreda fekk Anna 1891 og Sitona 1894 med Lussi Oladtr Flete. Lussi flytta til Otterskreda utan at Markus vart skild frå Anna.
Bnr 5/14 «Stadheim» 2,54 mark. Ola Olason Stadheim (1877–1962) & 1904 Ingebjørg Jensdtr Hønsi (1878–1959) frå lnr 84a fekk Ola 1905, Jens, Inga 1909 (lnr 37 Nummedal), Elma 1911 (Oslo), Helga 1913 (Oslo), Olga 1916 (bnr 2/35 i Røysane-Vange), Borghild 1920 (bnr 2/2 + 2/11 Vange), Gunhild 1923 (til Sverige). I 1947 vart bruket skøytt til Jens Olason Stadheim (1907–1964). Han var ugift. I åra 1962–69 dreiv Olga 1916 og mannen Anders Tuxen Nilsson Vange bruket. Dei flytta til bnr 2/35 i Røysane-Vange. Bruket vart i 1967 overteke av Inga 1909 som i 1971 skøytte det til Borgny Oladtr Nummedal (1942–) frå lnr 37 & 1960 Levald Endreson Helleland (1939–) frå lnr 62 Undi. Dei har: Eivind 1960, Irene 1962 (lnr 9 Liktvorane), Oddbjørg 1963 (lnr 191c Vangsnes), Kari Olaug 1968 (Voss), Ole Kristian 1972 (Bergen). Eivind Levaldson Helleland (1960–) & 1983 Hilde Hansdtr Brotangen (1957–) frå Nes i Akershus overtok i 2001. Born: Brita 1982, Liva 1984, Nora 1986, Amund 1990, Anders 1992. I 2007 er dei separerte.
Bnr 5/17 «Neipe» 2,54 mark. På dette delbruket finn vi: Ola Arneson Stadheim (1840–1913) frå lnr 32 & 1864 Synneva Jondtr Åse (1839–1899) frå lnr 49. Born: Randi 1862–62, Arne 1864 (USA, sjå òg bnr 4/42 under lnr 15b Tenål), Ola 1867–69, Ola 1869–77, Randi 1873 (Flete i Fresvik), Anna 1876–76, Ola 1877–77, Ola 1878, Jon 1882. Ola vart attgift 1900 med Karen Larsdtr Seljestø (1872–1955) frå lnr 42 og dei fekk: Synneva 1901 (Oslo), Arne 1902 (hus på bygsla tomt under lnr 26), Anders 1904 (Odalen på Hedmark), Gjertrud 1906 (Bergen).I 1903 overtok Ola Olason Stadheim (1878–1961) & 1898 Sitona Katrina Arnedtr Tenål (1879–1946) frå lnr 16. Born: Synneva 1898–98,Synneva 1899 (bnr 4/43 under lnr 16 Tenål), Ole 1901, Olina 1902 (Bergen), Anna 1912 (Bergen). Ole Olason Stadheim (1901–1976), den tredje Ola Olason på Neipe («Neipe-Ola»), gifte seg 1931 med Kari Jondtr Holstad (1905–1988) frå lnr 85. Born: Ola 1931, Anna 1941 (Os i Hordaland). Ola 1901 hadde bruket 1953–75. Ola Olason Stadheim (1931–) er ugift. Inntil ca 1998 dreiv han med sau.