Skjørvo
Skjørvo (sjørvo): Skerfum (ca 1320), Skerffuenn (1563, 1611, Skierffuen (1647), Schierfuen (1667), Schierven (1723), Skjerven (1838, 1863), Skjervum (NG), Skjørvo (VIK). Nesten alle har brukt Skjerven som familienamn.
I lista over den harde formuesskatten i 1522 vart det førtopp heile 4 brukarar på Skjørvo. Av dei hadde Ingeborg den største skatten i heile bygda. Årsaka til det høge brukartalet i 1522 finn vi ikkje ut av, og alt i 1563 var det redusert til to. To brukarar var det òg i 1603: Botolv og enkja, og i 1611: Botolv og Ola. I 1635 og 1645 var det tre: Ingebrigt, Ola og Johannes. I 1647 var Ola skifta ut med Hermund. Ingebrigt, Johannes og Hermund var der òg i 1655. I 1667 var det framleis tre brukarar, men fram mot århundreskiftet vart det største bruket delt. I 1701 vart det ført opp fem brukarar, men eitt av dei var kårbruk. Mellom 1718 og 1723 vart det på nytt fire bruk.
I 1723 var samla matrikkelskyld for namngarden 8,76 laupar, i 1788 7,07 laupar. Då nedgangen er stor for alle bruk, er den mest sannsynlege grunnen at bruka fekk sterkt nedsett skyld etter det store steinskredet omkring 1780.
Etter att skreda gjekk, flytta tre av dei fire bøndene på Skjørvo husa sine til Hatlekolo, men omkring 1817 flytta brukarane husa tilbake til Skjørvo, med unntak av bonden på lnr 112. Sist på 1800-talet vart det likevel bygd ny uthusbygning for lnr 112 på Skjørvo. Men bustadhuset stod framleis på Hatlekolo, og først i 1941 flytta huslyden inn i nytt hus på Skjørvo.
Husmannsplassen Breidi låg før storutskiftinga under Skjørvo, men må ha vore ein teig på Hopperstad, sjå under lnr 120 Hopperstad.
Lnr 111+112 Skjørvo
Eigar i 1647: Kaupangergodset 3 laupar og Kongen 1,5 laupar. Matrikkelskyld: 4,5 laupar i 1647, i 1667 4,0 laupar.
I 1635, 1645 og 1647 sat Ingebrigt og Sigrid på dette storbruket. Vi veit om borna: Jon 1623 (lnr 107 Tryti), Botolv 1627 (lnr 114 Skjørvo), Anders 1631, Agata, Ingrid og Brita og kanskje Marta (lnr 67 Ovri). I 1667 var det Anders Ingebrigtson Skjørvo (1631–) som dreiv storbruket. Kjende born er: Ingebrigt 1661, Kjell 1664 og Jon 1670. Fram mot århundreskiftet vart storbruket delt mellom Jon 1670 og Nils Arneson Hopperstad.
Lnr 111 Skjørvo
4,54 spd = bnr 38/1 6,40 mark. Eigar i 1723: Kaupangergodset, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Sjølveige frå 1834. Matrikkelskyld: 2,13 laupar i 1723, 1,71 laupar i 1788 og 1838. I 1845 var det på bruket: 13,5 daa bygg, 3,5 daa poteter, 3 hestar, 15 storfe, 36 smalar og 3 svin.
Nils Arneson Hopperstad (1645–) frå lnr 115+116, som kom til dette store delbruket, var kanskje først gift med ei dotter til Anders Ingebrigtson Skjørvo og deretter med Guri Botolvdtr Skjørvo (–) frå lnr 114. Nils fekk ikkje born. Neste leiglending var Sjur Andersson Vange (1673–1747) frå lnr 6. Han var brukar på Skjørvo i 1711, 1718 og 1723. Han var truleg gift med Marta Jondtr (1688–1767) og dei hadde Anders 1711–40. Neste brukarpar var Johannes Lasseson Refsdal (1710–1765) frå lnr 59 & 1740 Randi Hansdtr Føli (1712–1782) frå lnr 20+21. Born: Anna 1742–43, Lasse 1744–1808, Anna 1747 (som levde ugift i 1801), Hans 1751 (Vikøyri v280). Dei tre borna som voks opp var alle «svagelige». Hans var truleg krøpling, men han gifte seg likevel 1783 med Marta Oladtr «Føli». Føli må vera tenaradresse. Ho var truleg frå Vikøyri v824 og fødd i 1746. Hans og Marta var busette på Vikøyri, sjå v280. Dei fekk Randi 1782–1849 og Ola 1788 (v778). «Skjerva-Hans-Randi» fekk fattighjelp i 1848 og var på legd det året ho døydde. Neste leiglendingspar var Ola Kolbeinson Kvassdalen (1712–1764) & Bothilda Mikkeldtr Brattholo (1711–1764), båe frå Myrkdalen. Born: Brita 1733 (til passen Breidi, sjå lnr 120 Hopperstad), Per 1735–35?, Mikkel 1736–62, Ingebrigt 1739, Brita 1742–42, Ingegjer 1742–42, Inga 1743 (ugift), Bryteva 1746 (døydde ung), Ingeborg 1749 (lnr 3 Sæbø). Ingebrigt Olason Skjørvo (1739–1822) & 1765 Brita Hermunddtr Midlang (1739–1817) frå lnr 100 fekk borna: Ola 1766, Hermund 1769 (husmann på Skorpehaugen på Fjærestad), Botolv 1772 (lnr 112 Skjørvo), Ingebrigt 1775 (Seimsøyri s076). Hermund, ofte saman med Botolv, var «krigersk» og måtte ofte møta i forliksrådet. Ein gong hadde dei med «næve hug og stød» fylgt etter Per Jonson Hove på lnr 71 inn i huset til Anders Monsson Vikøyri, då han prøvde å kom unna dei to. Ola Ingebrigtson Skjørvo (1766–1804) & 1791 Anna Sjurdtr Fjærestad (1771–1826) frå lnr 96 fekk: Ingebrigt 1792–92?, Per 1793 (sjå note), Brita 1796 (plass under Ådlane i Arnafjord sokn), Gjertrud 1799 (plass under lnr 24 Stadheim), Bothilda 1801–44 (sjå note), Brita 1804. Anna vart attgift 1806 med Nils Monsson Tjugum (1770–1850) frå Balestrand og dei fekk: Ingeborg 1807, Kristi 1811–11, Kristi 1813 (Brennene, lnr 97 Fjærestad), Ola 1817 (plass under lnr 96 på Brennene). Nils var oppfostra på Hovland i Vangsnes sokn. På denne tida må det ha vore frukttre på Skjørvo, for i 1809 kravde kårkallen Ingebrigt årleg å få ein del frukt frå Nils. Nils godtok ikkje framlegget frå forlikskommisjonen, og saka gjekk til retten. I 1814 hadde Nils, i følgje Botolv på lnr114, sett opp eit ulovleg gjerde og som ein hest til Botolv hadde stukke seg i hel på. For skaden måtte Nils ut med 300 rdl. Jamvel om vi tek omsyn til den sterke inflasjonen, var dette mykje pengar. Ingeborg Nilsdtr Skjørvo (1807–1828) & 1828 Per Jonson Finnen (1793–1882) frå lnr 52 i Arnafjord sokn fekk eit svært kort samliv. Per gifte seg oppatt 1830 Synneva Ellenddtr Holstad (1790–1837) frå lnr 85. Born: Jon 1831, Ingebjørg 1833–53. Per hadde òg Ola 1825 med Gjertrud Oladtr Finnen (1801–1862) frå lnr 51. («Fidn-Ola» kom til Hatlekolo.) Jon Person Skjørvo (1831–1911) & 1860 Brita Ellingdtr Skjørvo (1832–1894) frå lnr 113 fekk skøyte på bruket i 1861. Dei fekk: Synneva 1861–61. I 1898 vart bruket skøytt til Ola Johannesson Tryti (1860–1951) frå lnr 108, «Trytisminsten». Han gjorde gardbyte med Endre Person Holene-Midlang (1866–1943) frå lnr 99c & 1894 Lussi Johannesdtr Tryti (1864–1895) frå lnr 108. Men Ola flytta ikkje til Holene, men busette seg i Røysane-Sæbø, bnr 1/27. Endre og Lussi fekk Lars Louis 1895. Enkjemannen Endre gifte seg på nytt 1899 med Anna Bendikdtr Fjærestad (1866–1943) frå lnr 95c og dei fekk Birte 1900 (bnr 39/16 Halvarhaugen på Hatlekolo). Endre og Anna vart skilde, og alt i 1902 vart bruket skøytt til Lars Louis 1895. Det vart gjort avtale om kår i samband med skilsmissen. Lars Louis Endreson Skjørvo (1895–1973) & 1926 Ragnhild Botolvdtr Fjærestad (1899–1990) frå lnr 96 fekk borna: Endre Ludvig 1927–36, Botolv 1929, Lussi 1931, Endre Peder 1937 (lnr 114b Skjørvo). Luis hadde òg Eli 1922 (lnr 112a) med Gyrid Oladtr Stadheim (1894–1969) og Ragnhild hadde Otto 1922 (Ovestevegen 2 i Øyane-Sjøtun) med Jon Ellendson Brekke (1900–1978). Botolv Luisson Skjerven (1929–) & 1955 Johanna Oladtr Fosse Refsdal (1930–) frå lnr 59 overtok i 1964. Born: Reidun 1955 (Lærdal), Lars 1958, Odd 1960 (Haugesund). I 1960 vart bnr 38/18 0,80 mark skilt frå bnr 38/5, og i 1973 fekk Botolv ved skifteskøyte det som var att av bnr 38/6, 0,20 mark. Lars Botolvson Skjerven (1958–2000) overtok i 1991. Bruket gjekk tilbake til foreldra. Det er pakta bort frå 2003.
Bnr 38/7 0,10 mark. På denne staden var som husmannsfolk Per Olason Hatlekolo (1864–1946) frå plass nr 3 under bnr 39/21 & 1893 Marta Oladtr Bø (1868–1950) frå lnr 102b. «Fidna-Per» hadde før dette vore i USA. Dei fekk: Anna Marie 1893–1985 (gift til Balestrand). Plassen vart alt i 1901 skilt ut frå bruket, og med Ola Johannesson Tryti (1860–) frå lnr 108 som eigar. I 1948 sat Anna Marie 1893 med heimelen, og då gjekk plassen tilbake til hovudbruket. Lussi Luisdtr Skjerven (1931–1994) frå lnr 111 & 1956 Alf Larsson Solheim (1924–) frå Balestrand fekk skøyte på småbruket i 1958. Born: Lars Luis 1956 (Førde), Ruth Jorunn 1959. Ruth Jorunn Alfdtr Solheim (1959–) & 1978 Edvin Rolf Erlingson Tistel (1956–) frå bnr 37/16 under Hagen-Bøadalen har: Lise Renate 1978 (Suldal i Rogaland) og Evy Alice 1981.
Per Olason Skjørvo (1793–1838) & 1827 Torbjørg Anfindtr Midlang (1784–1845) frå lnr 99 var husmannsfolk på Skjørvo. Born: Anna 1825–25?, Marta 1829–29. Per fekk òg Hans 1823 (Vikøyri v296) med ei jente utanfor fylket.
Bothilda Oladtr Skjørvo (1801–1844) fekk Anna 1828 med Ola Botolvson Skjørvo (1805–) frå lnr 112. Om Anna: sjå note lnr 80 Voll.
Lnr 112 Skjørvo
4,54 spd. Eigar i 1723: Montagnie, deretter ulike proprietærar. Frikjøpt i 1850. Matrikkelskyld: 2,13 laupar i 1723, 1,6 laupar i 1788 og 1838. Data for 1845: 12,3 daa bygg, 4,9 daa poteter, 1 hest, 12 storfe, 56 smalar, 5 svin.
På den andre halvparten av storbruket til Anders Ingebrigtson Skjørvo kom sonen Jon Andersson Skjørvo (1670–1739). Han var gift med Helga Oladtr Stadheim (1671–1752) frå lnr 32 og dei hadde tvillingane: Magdeli 1707 (lnr 63 Undi) og Gitlaug 1707. Gitlaug Jondtr Skjørvo (1707–1781) & 1733 Elling Guttormson Hønsi (1705–1775) frå lnr 84 fekk borna: Ingegjer 1731–96 (døydde ugift på Vikøyri), Brita 1737–73 (sjå lnr 87 Holstad), Guttorm 1740, Synneva 1743–1800 (ugift), Brita 1745 (Vetleøyri s119), Helga 1749–1809, Randi 1753–1820. Guttorm Ellingson Skjørvo (1740–1812) & 1775 Anna Perdtr Sæbø (1736–1808) frå lnr 2 fekk ikkje born. Til bruket kom ei dotter til Brita 1745: husmannsdotter Gitlaug Larsdtr Seimsøyri s119(1778–1850). Ho gifte seg 1798 med Botolv Ingebrigtson Skjørvo (1772–1852) frå lnr 111. Born: Anna 1799 (plass Gildhus), Elling 1802, Ola 1805 (til Indre Nesse i Kvamsøy sokn, sjå Vikøyri v426 òg note lnr 111), Brita 1807 (lnr 114b Skjørvo), Brita 1812 (Vikøyri v318), Ingebrigt 1819 (plass under lnr 108 Tryti), Guttorm 1822 (lnr 122f Halvarhaugen på Hatlekolo). Elling Botolvson Skjørvo (1802–1872) & 1834 Mette Marie Johandtr Liljedahl (1808–) frå lnr 121 Hopperstad fekk borna: Kartrina Dorothea 1832 (Luster), Gitlaug 1834 (Luster), Botolv 1837–37, Johan Benjamin 1839 (Hagen-Bøadalen), Botolv 1842–42, Botolv 1843–43, Gjertrud 1844 (til Luster), Brita 1847 (USA 1871), Herman 1851 (USA 1870). Elling fekk bygsling på bruket i 1838, men i 1850 kjøpte Ivar Helgeson Ovri det meste av bruket, lnr 112a 4,00 spd. Elling fekk skøyte på ein liten part, lnr 112b 0,54 spd, i 1851. I 1853 gjorde han gardbyte med Johannes Olason Hopperstad. Johannes overtok lnr 112b og Elling fekk husmannsplassen Hagen på Bøadalen. Om lnr 112b: sjå lnr 124 Hopperstad.
Lnr 112a 4,00 spd = bnr 38/2 5,76 mark. Ivar Helgeson Ovri (1797–1882) frå lnr 68 & 1832 Marta Oladtr Bø (1802–1837) frå lnr 102 fekk: Helge 1829, Ola 1833–56, Anna 1836–38. Ivar vart attgift 1840 med Anna Oladtr Bø (1806–1892), ei syster til Marta. Born (som alle var fødde i Bø): Ola 1846 (bnr 39/33 Hatlekolo), Marta 1841 (lnr 91a Tistel), Anna 1844–45. Helge Ivarson Skjørvo (1829–1890) & 1874 Anna Helgedtr Ovri (1851–1940) frå lnr 68 fekk: Marta 1874 (USA 1904), Ivar 1874–74, Ivar 1877, Brita 1879–1955, Helge 1881 (lnr 70a Ovri), Ola 1884 (Haugen under lnr 17c Holane i Arnafjord sokn), Sitona 1886–86, Per 1887 (bnr 38/9 på Hatlekolo). Ivar Helgeson Skjørvo (1877–1959) & 1912 Gyrid Ellenddtr Brekke (1892–1971) frå lnr 88b fekk skøyte på bruket i 1932. I 1933 vart bnr 38/9 Hatlekol 0,10 mark fråskilt til Per Helgeson Skjerven. Ivar og Gyrid fekk borna: Helge 1913, Erlend 1915 (bnr 38/11 Skjervatun), Anders 1918–2007 (Balsfjord i Troms, hadde Helge 1945 på lnr 68 Ovri), Olina 1922–23, Olina 1925 (til bnr 38/13 av lnr 114e), Margit 1930 (Høland i Akershus). Noko av bruket vart skilt ut som bnr 38/11 Skjervatun 1,25 mark i 1946. Resten gjekk då til Helge 1913. Helge Ivarson Skjerven (1913–1985) & 1946 Eli Luisdtr Stadheim (1922–) fekk: Gerd 1947 (sjå lnr 28c Stadheim), Gunhild Oline 1948 (Nedste Hopperstadmarki nr 25), Ingrid 1948 (bnr 40/40 under bnr 40/18 Gildhus), Helge Ivar 1963. Om foreldra til Eli: sjå note lnr 28c Stadheim. Helge Ivar Helgeson Skjerven (1963–) tok over bruket i 1986. Han gifte seg 2006 med Lise Marie Tordtr Sandli (1973–) frå Rygge i Østfold. Barn: Tor Helge 2006.
Lnr 113 Skjørvo
4,54 spd = bnr 38/3 6,40 mark. Eigar i 1647: Arne Hopperstad 1,75 laupar og Børge Juel 0,50 laupar, i 1723: Anfin Arneson 1,60 laupar, Hermund Anfinson 0,50 laupar og Hermund «Brojan?» 0,15 laupar. Deretter familieeige og sjølveige. Matrikkelskyld: 2,25 laupar i 1647 og 1667, 1,06+1,06 laupar i 1723, 1,88 laupar i 1788 og 1838. I 1845 var det: 13,5 daa bygg, 3,5 daa poteter, 3 hestar, 15 storfe, 36 smalar, 3 svin på bruket.
På dette bruket finn vi i 1635 og 1645 Ola med kona Gjertrud. I 1647 er Hermund Arneson Hopperstad (1627–) frå lnr 115+116 brukar. Far hans eigde det meste av bruket, men vi kan likevel gissa på at Gjertrud har blitt enkje og har gift seg med Hermund. Vi veit om sonen Hermund 1652 og kanskje ei dotter Marta. Hermund 1652 vart i 1701 førd opp som husmann på Skjørvo. Det kan tyda på at han ikkje har vore i stand til å driva gard. Det ser ut til at ein bror til Hermund Arneson, Anfin Arneson Hopperstad (1640–) frå lnr 115+116, kom til bruket. I 1701 hadde han sonen Hermund 1688. Anfin er førd opp som brukar på Skjørvo også i 1711. I 1718 var han der saman med sonen Hermund. Men Hermund 1688 bygsla i 1721 lnr 81 på Voll. Anfin Arneson var kanskje gift med ei dotter til Markus Hopperstad, og det kan vera årsaka til at Jon Markusson Hopperstad (1656–1733) frå lnr 117+ 118+121 dreiv dette bruket saman med Anfin. Jon var gift med Randi Hansdtr (–) og dei hadde: Ola 1688, Hermund 1692, Synneva 1702 og Marta (lnr 102 Bø). I 1723 dreiv Jon Markusson og sonen Ola Jonson Skjørvo (1688–1758 kvart sitt halvbruk, men Ola var ugift og overlet bygslinga til ei syster. Synneva Jondtr Skjørvo (1702–1775) & 1743 Amund Olason Hatlestad (1710–) frå Fresvik fekk Ingeborg 1744 (lnr 63 Undi). Ein bror til Amund var gift med Marta på lnr 102 Bø. Amund vart attgift 1775 med Ragnhild Lassedtr Hove (–1789), enkje på lnr 64 Stedje. I følgje den gamle bygdeboka gjorde Amund gardbyte med Endre Hermundson Voll, men det kan ikkje vera rett. Det er meir sannsynleg at Amund gjekk over på kår kring 1775 og overlet drifta til Endre. Endre Hermundson Voll (1720–1791) & 1745 Ragnhild Andersdtr «Tenål» (1726–1826) dreiv lnr 81 på Voll, sjå der om 9 born. Det var dottera Guri 1744 og mann hennar som overtok drifta på Voll. Den einaste sonen som voks opp kom til dette bruket. Anders Endreson Voll (1767–1857) & 1793 Brita Ellingdtr Bø (1775–1847) frå lnr 103 fekk borna: Endre 1794–98, Elling 1795, Ragnhild 1798 (lnr 110 Tryti), Endre 1801 (lnr 114a), Anfin 1804 (lnr 80 Voll), Anna 1806 (sjå note), Johannes 1810–12, Johannes 1813–55, Brita 1815 (lnr 122a Hopperstad), Gjertrud 1818 (lnr 37 Nummedal). Elling Andersson Skjørvo (1795–1845) & 1830 Brita Oladtr Sæbø (1808–1888) frå lnr 3 fekk: Anders 1829–1903 (sjukleg), Brita 1832 (lnr 111 Skjørvo), Ola 1837, Synneva 1841 (lnr 85 Holstad), Elling 1846–1932 (ugift). Ola Ellingson Skjørvo (1837–1925) & 1877 Gjertrud Oladtr Hopperstad (1856–1898) frå lnr 125 fekk skøyte på bruket i 1869. Born: Elling 1878, Olav 1880 (sjå note), Jon 1883 (USA 1901), Brita 1886 (lnr 82 Hønsi). Elling Olason Skjørvo (1878–1968) & 1903 Synneva Oladtr Målsnes (1878–1968) frå Balestrand hadde bruket 1903–1949. Born: Olav 1904, Oddvar 1905 (Årdal), Erling 1907 (Årdal), Anders 1908 (Bergen), Sigmund 1910 (Bergen), Gjermund 1914 (Trondheim). Olav Ellingson Skjerven (1904–1993) & 1939 Marta Oladtr Grov (1910–2000) frå «Smedhus» i Røysane-Vange fekk: Synneva 1940, Ingebjørg 1950 (bnr 40/14 i Skulen-Grov). Synneva Olavdtr Skjerven (1940–) & 1966 Jon Harald Vallestad (1938–) frå Gaular hadde eigedomen 1983–2007. Born: Jostein 1967, Odd Magne 1968 (Viksdalen), Ståle 1973 (Voss). Jostein Jon-Haraldson Skjerven (1967–) & 1998 Siren Rørgård (1967–) frå Dale i Hordaland har: Håkon Jonar 1995, Sondre Bertin 1999, Sigrid Johanne 2002. Dei hadde før bnr 1/48–9 i Hamnen.
Anna Andersdtr Skjørvo (1806–1886) & Edvard Johanson Liljedahl (1807–1873) frå lnr 121 Hopperstad busette seg på Leikanger der Edvard var kyrkjesongar. Dåp av Anna kom ikkje i kyrkjeboka, men ho var 16 år då ho vart konfirmert i 1822.
Olav Olason Skjerven (1880–) & 1910 Olina Oladtr Åse (1883–) frå bnr 15/6 under lnr 48 Åse, busette seg i Borg i Østfold, der Olav var skuleinspektør.
Lnr 114 Skjørvo
5,18 spd. Eigar i 1647: Kongen, i 1723 Montagnie, i 1727 Anders Daae og kapellan Jens Garmann, deretter kort tid med sjølveige før Anders Daae og Hans Knagenhjelm overtok. I 1775 sjølveige på Knagenhjelm-delen, i 1827 på resten. Matrikkelskyld: 2,50 laupar i 1647 og i 1667, 2,38 laupar i 1723, 1,88 laupar i 1788 og 1838. Produksjonsdata for lnr 114a i 1845: 12,3 daa bygg, 3,5 daa poteter, 3 hestar, 15 storfe, 36 smalar og 4 svin.
På lnr 114 Skjørvo var Johannes leiglending i 1635 men i 1667 var Botolv Ingebrigtson (1627–1716) brukar. Han må vera son til Ingebrigt på storbruket lnr 111+112 på Skjørvo. Han kom truleg til bruket som leiglending ved å gifta seg med enkja Brita etter forgjengaren Johannes. Andre kona var Kari Endredtr. Ho kom kanskje frå lnr 17 Holane i Arnafjord sokn. Dei fekk borna: Sigrid 1671–1731, Brita 1672 (lnr 89 Brekke), Guri (lnr 111), Brita 1691 (lnr 101 Bø) og Endre 1694. Yngste barnet var Endre 1694, og dersom vi går ut frå at ho då var 45 år, finn vi at ho kan vera fødd i 1649. Første barnet var fødd i 1671, så då er det rimeleg å tru at ho gifte seg med Botolv i 1670 og at ho då var 21 år. Aldersskilnaden mellom dei to var altså ca 22 år.
Endre Botolvson Skjørvo (1695–1759) & Marta Perdtr Seim (1691–1774) frå lnr 12 fekk borna: Anna 1717 (lnr 93 Espesete), Kari 1719, Randi 1723 (lnr 108 Tryti), Botolv 1726–58, Sigrid 1730 (lnr 99 Midlang). Kari Endredtr Skjørvo (1719–1807) & 1735 Anders Jonson Tenål (1718–1785) frå lnr 16 bygsla først lnr 109 Tryti, men flytta kring 1758 til dette bruket på Skjørvo. Born: Synneva 1745–50, Per 1747, Jon 1749 (lnr 8 Vange), Endre 1752 (plassen Myri under Holstad), Synneva 1755 (lnr 86 Holstad), Marta 1759 (lnr 117 Hopperstad), Kari 1764–1830. Det må ha vore noko gale med Kari. Før 1815 hadde ho vore hjå syster si på Holstad, men då overtok broren Per som formyndar. Då ho flytta til Skjørvo, hadde ho med seg kista si med klede og ein koparkjele. Men Per hevda at ho ikkje hadde fått med seg alt ho åtte, og saka hamna i retten. Krangelen mellom Per og systermannen på Holstad var elles ikkje av ny dato, for i 1804 hevda han å til gode 6 rdl av Tor Holstad, noko Tor meinte var feil. I 1817 var Kari komen til syster si på Hopperstad, og no vart det strid om eit sølvkjedebelte som Kari eigde, og som Tor Ivarson Ovri hadde «lånt», men han hadde hogge av 6 ½ lekkje før belte vart levert tilbake. Per Andersson Skjørvo (1747–1826) & 1775 Synneva Jondtr Espesete (1749–1824) frå lnr 93 fekk borna: Roland 1775, Anders 1776, Jon 1783 (lnr 106 Tryti), Botolv 1785–1828, Endre 1788–92, Kari 1790. I 1813 skøytte Per den sjølveigde delen over på Anders. Han grunngav dette med at Roland ikkje hadde formue til å kjøpa og driva gard. Anders Person Skjørvo (1776–1843) & 1829 Ingeleiv Johannesdtr Berdal (1776–1858) frå Feios hadde ikkje born. Ingeleiv fekk fattighjelp frå 1852. I 1827 fekk systera Kari skøyte på leiglendingsdelen, og i 1831 skøytte også Anders si eige i bruket over på Kari. Då vart òg ein liten del, lnr 114b, skøytt over på Roland. Dermed vart hovuddelen, lnr114a 4,44 spd = bnr 38/4 6,40 mark. Kari Perdtr Skjørvo (1790–1854) & 1827 Endre Andersson Skjørvo (1801–1860) frå lnr 113 fekk: Anna 1821, Brita 1828–98 (stanga i hel av ein okse i Grøndalen), Per 1830 (sjå note), Anders 1833–1906. Kari og Endre hadde bruket til 1850. Anna Endredtr Skjørvo (1821–1890) & 1848 Hermund Johannesson Hopperstad (1818–1910) frå lnr 122 fekk borna: Johannes 1846, Endre 1848–48, Kari 1849–1936, Endre 1853 (USA 1875), Per 1856–56, Brita 1858–1936, Synneva 1860–1945, Per 1863 (sjå lnr 114e). Johannes Hermundson Skjørvo (1846–1888) & 1884 Sigrid Hermunddtr Rislåg (1850–1926) frå lnr 55a fekk: Anna 1881–89 og Hermund 1885 (USA 1906). I 1889 vart ein stor del av bruket skilt frå som lnr 114e 3,38 spd. Resten, som vart kalla Løteigen, var alt i 1849 skilt frå til Hermund 1818 og vart truleg kårbruk. Johannes og Sigrid var eigar av både bruk og teig. Men då ein bror til Johannes, Per 1863, overtok sjølve bruket i 1889, vart Løteigen kårbruk for enkja Sigrid.
Deretter var bnr 38/4 Løteigen 1,54 mark. I 1902 vart bnr 38/8 Fosse fjellstøl 0,07 mark frådelt til Kristoffer Aarestrup, slik at ny skyld bnr 38/4 var 1,47 mark. Enkja Sigrid sat på bnr 38/4 til 1926. Då vart parten skøytt til Johannes Ellingson Hønsi (1890–1981) frå lnr 82 & 1924 Ingebjørg Guttormdtr Midlang (1890–1945) frå lnr 99b. Dei hadde ikkje born. På småbruket var det to kyr, nokre ungdyr og 6–7 sauer. Johannes vart attgift 1950 med Ragna Oladtr Hopperstad (1896–1979) frå lnr 124. Ragna og Johannes hadde særeige. Det var dei nøye på. Dei hadde til og med kvart sitt mjølkespann. Jorda på bnr 38/4 vart frå ca 1960 drive frå Hønsi og vart i 1994 kjøpt av Bjørg Hønsi Aafedt og kom inn under bnr 28/1 Hønsi.
Plassen Breia under lnr 114. Ein farbror til husmora på lnr 114, Marta Perdtr frå lnr 12 Seim, var Nils Lasseson Seim (1671–?), også frå lnr 12. Han var tenar på Ovri i 1701, men må så ha kome til lnr 114 Skjørvo, gift seg og fått tre born, utan at eg finn ut kven han var gift med. På bruket må han ha vore husmann på Breia (som det står i skiftet etter dottera Anna). Breidi kom seinare inn under Hopperstad. Nils og kona dødde truleg nokså unge. På plassen var det tre born: Lasse 1706, Marta og Anna. Lasse kom til lnr 101 Bø, der han overtok som leiglending etter farbroren Sjur Lasseson Seim, Marta fekk Guri 1746–1814 med Eirik Guttormson (1723–) som då var i Refsdal. Om Guri vart det skrive ved konfirmasjon at ho var blind. Eg har dessutan funne at Anna Nilsdtr Skjørvo i 1750 fekk kyrkjerefs for å ha forbrote seg med soldat Nils Kolbeinson Bruegield. Litt seinare vart sonen Hans døypt. Det var uvanleg mange «uekte» born som vart fødde på denne tida. Mange av dei var dødfødde eller døydde små. Det galdt nok også Hans 1750, sjølv om eg ikkje finn han registrert som gravlagd. I manntalet i 1762, der alle med unntak av born under 12 år er med, finn vi Anna som «huusqvinde» (og som var noko anna enn tenestejente) på lnr 10 Seim, medan Marta, med det blinde barnet, var husmann/innerst under lnr 114 Skjørvo. Det er notert at dei to ikkje ville vera i stand til å betala den årleg personskatten som alle over 12 år skulle ut med. Det var skifte etter Anna Nilsdtr i 1795 på plassen «Breia» under Skjørvo, men ho er ikkje i gravferdslistene i kyrkjeboka. Heller ikkje Marta er ført opp som gravlagd. Ved folketeljinga i 1801 står det at Guri var blind og «nyder almisse av sognet» og var då på Holstad, men ho døydde i Bø.
Lnr 114e 3,38 spd = bnr 38/6 4,86 mark. Per Hermundson Skjørvo (1863–1946) fekk i 1889 skøyte på hovuddelen av bruket. Han gifte seg 1892 med Johanna Anfindtr Brekke (1865–1953) frå lnr 89 og dei fekk Hermund 1892. Johanna (kalla «Smørløysa») flytta frå Skjørvo og busette seg i ei stove på Tryti, sjå note under lnr 107. Det var neppe Per, men systrene som skapte problem for henne. Hermund Person Skjørvo (1892–1973) overtok bruket. Han var ungkar. Hermund selde unna jord. l 1944 gjekk bnr 38/10 Risbu 0,16 mark til Nils Helgeson Stadheim og i 1947 bnr 38/12 Buåker 0,15 mark til Sigmund Skjerven. I 1957 vart frådelt tre nye småpartar: bnr 38/13 Ivarbu 0,15 mark til Ivar Holen, bnr 38/14 0,07 mark til Per Helgeson Skjerven og bnr 38/15 0,08 mark til Guttorm Botolvson Fjærestad på Hatlekolo. Då gjekk òg bnr 38/16 og bnr 38/17 på til saman 4,05 mark til Inger og Erlend Skjerven. Partane kom i 1960 inn under bnr 38/10. Resten, bnr 38/6 0,20 mark var framleis eigd av Hermund Skjørvo, men kom i 1973 under bnr 38/1.
Bnr 38/11 Skjervatun 5,30 mark kom frå to partar: I 1946 vart 1,25 mark frådelt bnr 38/2 og i 1957 kom 4,05 mark frå bnr 38/6. Erlend Ivarson Skjerven (1915–2001) & 1940 Inger Akseldtr Ovri (1913–) frå lnr 70b fekk: Ivar 1942 (bnr 46/2 under lnr 10 Svardal), Arne 1944 (bnr 38/32), Edvin 1947. Driftsbygning vart sett opp i 1960. Edvin Erlendson Skjerven (1947–) & 1968 Kirsten Samsondtr Solheim (1948–) frå Ålvik har: Jarle 1969 (Hammerfest), Solfrid 1972 (Kvam i Sogndal), Elin 1979 (Bergen). Edvin overtok bruket 1983, men slutta med dyr i 1997. I åra 1974–83 budde dei på bnr 41/51 i Villastrøket-Sjøtun.
Bnr 38/13 Ivertun 0,15 mark, frådelt bnr 38/6 i 1957. Her busette seg: Ivar Martinson Holen (1920–1984) frå bnr 13/2,5,8 Øvstedal & 1946 Olina Ivardtr Skjerven (1925–) frå lnr 112a Skjørvo. Born: Magnar 1946 (Gaupne), Ingar 1948 (Skedsmokorset i Akershus), Magni 1954 (Kløfta i Akershus).
Bnr 38/32 Bakketun. Denne parten vart etablert 1971. Arne Erlendson Skjerven (1944–) frå bnr 38/11 & 1965 Solveig Karldtr Dale (1947–) frå bnr 59/25 under lnr 31 Valsvik i Arnafjord sokn fekk: Kåre Egil 1966 (bnr 97/205 i Sinklesteinsvik på Vangsnes), Ingunn 1968 (sjå bnr 39/66 under Halvarhaugen på Hatlekolo), Frode 1972 (Førde). Arne overtok i 1978 lnr 70b Ovri og driv bruket frå Skjørvo.
Per Endreson Skjørvo (1830–) frå lnr 114 & 1861 Mette (eller Marta) Torbjørndtr Horten (1828–) frå Aurland var på eit bruk i Lidal i Fjærland til dei reiste til USA i 1867.
Lnr 114b «Rolandsholao» 0,73 spd = bnr 38/5 1,16 mark. Data for 1845: 2,3 daa bygg, 2,1 daa poteter, 4 storfe, 20 smalar og 2 overvintra svin.
Roland Person Skjørvo (1775–1854) frå lnr 114 & 1808 Ragnhild Guttormdtr Hønsi (1786–1862) frå lnr 83 fekk borna: Endre 1807, Synneva 1818 (plass under lnr 52 Orvedal), Per 1825–64. Endre Rolandson Skjørvo (1807–) & 1845 Brita Botolvdtr Skjørvo (1807–1868) frå lnr 112 fekk: Per 1843 (lnr 99c Midlang), Ragnhild 1846–46?, Ragnhild 1851 (Brennene, lnr 97 Fjærestad), Botolv 1848–48, Botolv 1855–62. Endre døydde før 1865. Plassen vart overteken av Per 1843. Han og kona Ingrid budde der nokre år før dei overtok lnr 99c Holene-Midlang. Det vart uklare eigarforhold, og det vart tvangssal i 1932. Då kjøpte Luis Endreson Skjerven bruket på auksjon. Dermed kom bnr 38/5 saman med bnr 38/1. I 1960 kom bnr 38/18 0,80 mark over til bnr 38/1. Ny bnr 38/5 0,36 mark gjekk i 1957 til Endre Peder Luisson Skjerven (1937–1989) frå lnr 111 & 1961 Kirsten Thomasdtr Gjerde (1939–) frå Lærdal. Born: Leif 1961 (Sogndal), Trygve 1962 (Ålvik, så bnr 41/177 i Sjøtuntunet), Kjell 1967.
Eigedomane bnr 38/10 Risbu og bnr 39/30 Solvoll ligg vest for «Storagrovi». Dei skulle såleis ha kome med her under Skjørvo, men er på grunn av tidlegare eigarforhold plasserte under Hatlekolo.