Sæbø

Sæbø (søbbe, sæbbe): Søbø, Sæby (ca 1320), Sæby (1471), Søby (1663), Seebøe (1611, 1647), Sæbøe (1667, 1723), Sæbø (1838, 1863, NG, VIK).

I 1567 er det nemnt tre brukarar i Sæbø. I 1603 finn vi tre leiglendingar: Lasse, Per og Hans og ein «husmann» Nils. Den siste kan ha vore ein bonde som ikkje var i stand til å svara skatt. I 1611 var det fire leiglendingar: Bård, Ola, Styrk og Kristoffer. Av dei vart Bård og Ola utskrivne til Kalmarkrigen 1611–13. I 1626 var brukarane: Styrk, Lasse, Lars og Jens og i 1635 var det òg fire: Lasse, Johannes, Ola og Per. Av dei stod det nok dårleg til økonomisk for Ola og Per, for dei vart kalla øydegardsmenn. I 1645 og 1647 finn vi på eit av bruka Hans med Sigtrud og Fredrik med Synneva Einardtr. På tre andre bruk er opprekna: gamle Lasse med Turid Amunddtr, unge Lasse med Anna Anfindtr og unge Hans med Sigrid Lassedtr. Anna Mikkeldtr var på eit femte bruk i 1645, i 1647 heitte brukaren her Kristen. I 1655 finn vi att tre av brukarane, men gamle Hans og Kristen er skifta ut med Jakob og Knut. Dessutan dreiv Lasse (kalla Laurits) jorda som Vik prestebol eigde i Vange. I 1667 finn vi heile sju brukarar. Dei fleste dreiv svært små bruk. Nokre av dei vart kanskje drivne saman. Truleg hadde fleire av dei tilleggsyrke knytt til sjøen eller det militære. Av namn frå 1655 finn vi att Fredrik Eirikson, Ivar Johanson (som var gift med enkja etter Lasse), og Jakob. Dei nye var: Jon Nilsson, Ola Eirikson, Torkjell og Ola Tørrisson. I 1685 var det berre fem leiglendingar, og dei svara leiglendingsskatt for til saman 7 laupar. Bruka var altså framleis små. Frå 1667 kjenner vi att Ola Eirikson, Torkjell Hermundson, Ivar Johanson og Ola Tørrisson. Endre er her ei ny brukar i Sæbø. I 1701 finn vi berre fire brukarar: Arne Amundson, Jon Ørjanson, Sjur Larsson og Paul Torkjellson. Av desse er det berre Paul som var brukar i 1685. Kanskje vart eitt femte bruk drive av ein militærmann som ikkje kom med i manntalet. I 1711 heitte brukarane: Sjur, Paul, Jon Ørjanson, Ivar og Hermund. I 1718 og 1723 vart Sæbø brukt av: «sersjanten» (Helge i 1723), Hermund Tenål, Arne, Sjur og Paul.

Ut frå dette ser vi at det er svært vanskeleg å setja opp ei regelrett bruksinndeling for Sæbø før 1711. Vi har valt å rekna med fem bruk heilt frå 1645 til og med 1723 og innordna brukarane under dei. Ved matrikkelen i 1838 vart eitt av desse bruka kome inn under lnr 127 Sjøtun. Her kallar vi bruket fram til opprettinga av Sjøtun for lnr 0, slik at garden Sæbø har lnr 0–4.

Midt på 1800-talet dreiv bøndene i Sæbø med omfattande utleige av åkerjord til øyringar. I 1863 dreiv lnr 1+4 ca 30 dekar åker og leigde bort ca 12 dekar, lnr 2 dreiv ca 21 dekar åker og leigde bort ca 17 dekar. Lnr 3a dreiv ca 12 dekar og leigde bort 7 dekar.

Jorda på Sæbø-gardane var lenge spreidd over store delar av Flatbygdi nedanfor kyrkjeterrassen. Etter oppretting av garden Sjøtun og utskiftingar endra dette seg mykje. I 1823 vart Karen Tuchsen Fasting på Sjøtun og eigarane av bruka i Sæbø einig om ei privat utskifting av ein del åker og engstykke. Unntak var Nils Olason Åse på lnr 4. Men etter mekling av forlikskommisjonen kom også han med. Ved storutskiftinga i 1860-;åra vart det klare skilje mellom Sæbø og Sjøtun. Denne utskiftinga omfatta også Vikøyri. I 1873–75 og 1975–90 var det utskifting mellom Sæbøgardane.

Etter kvart har mykje av Sæbø blitt bustadområde. Eg har funne det praktisk å omtala busetnaden områdevis, uavhengig av opphavsgarden. Busetnaden i triangelet avgrensa av Røysavegen-Skulevegen-Riksveg 13, er såleis teke ut for seg under namna Røysane-Sæbø og Røysane-Vange. Av di den tidlegare hefteinndelinga blir følgd, vil ein del sæbøjord ikkje koma i seksjon Flatbygdi, men i den etterfølgjande seksjonen saman med det meste av prestegarden Grov og Sjøtun. Det gjeld bruksnummer under Sæbø på Vikøyri og Vetleøyri, «Skulejordi» vest for riksveg 13 og småbruket Hamnen.

Lnr 0 Sæbø

Eigar i 1647 og 1655: Apostelkyrkja, i 1723 Anna Finde, deretter Anders Daae, dottera Marie (Daae) Leirdahl og fosterdotter hennar: Karen Daae Tuchsen. Skyld: 1,5 laupar i 1647, 0,75 +0,75 laupar i 1655 og 1667, 1,43 laupar i 1723, 1,10 laupar i 1788. Bruket vart først på 1800-talet slege saman med Klokkargard og Hovsviki til lnr 127 Sjøtun. I 1803 (før samanslåinga) var det på Sæbø-bruket: 11,2 daa bygg, 1 hest, 7 mjølkekyr, 3 ungfe og 18 smalar. Produksjon i 1845: sjå lnr 127 Sjøtun.

På dette bruket finn vi kring 1645 to brukarar: gamle Hans med Sigtrud og Fredrik Eirikson (1623–) med Synneva Einardtr. I 1667 hadde Fredrik med seg sønene Hans 1655 og Alf 1660 på bruket. Fredrik dreiv då saman med Jakob Eirikson (1623–), som truleg var ein bror. Jakob hadde sonen Hans 1655. Desse folka må ha kome bort frå bruket, for i 1685 må det vera Endre (–) som var der. Om han veit vi ikkje anna enn namnet. Deretter kom Jon Ørjanson (1649–1736). Jon vart kalla «justissergeant» då han døydde. Det gir grunn til å tru at han var eit slags politimann for Vikøyri. Eli Hermunddtr (1652–1749) var enkje etter sersjanten. Deretter kom ein ny justissersjant til bruket, Helge Andersson Tenål (1693–1725) frå lnr 13. Han vart gift med Elsebe Palnedtr Midlang (1682–1766) frå lnr 98. Dei fekk: Marta 1718 (lnr 22 Føli), Brita 1720 (lnr 19 Føli) og Anders 1722 (lnr 1 Sæbø og lnr 68 Ovri). Elsebe vart attgift 1727 med Ivar Olason Undi (1690–1757) frå lnr 62 og dei fekk Sigrid 1727. Ivar vart i 1739 tilsynsmann for kyrkja, og det var berre høgt respekterte menn som fekk slike ombod. I kyrkjeboka finn vi bumerket hans i 1752, 1753 og 1756. Sigrid Ivardtr Sæbø (1727–1765) & 1753 Ola Kristofferson Hove (1725–) frå lnr 73 var det neste leiglendingsparet. Born: Kristoffer 1753, Ivar 1755–56, Ivar 1757–96, Synneva 1760 (lnr 77 Hove), Elisabet 1762–1821 (døydde som tenestejente på Hove av nervefeber). Ola vart attgift 1766 med Inga Nilsdtr Midlang (1728–1806) frå lnr 100. Dei hadde ikkje born. Kristoffer Olason Sæbø (1753–1806) & 1788 Kari Jondtr Espesete (1756–1792) frå lnr 93 fekk: Anna 1788–1850 (ugift), Sigrid 1790 (lnr 118 Hopperstad). Kristoffer gifte seg på nytt 1793 med Brita Andersdtr Brekke (1757–1823) frå lnr 90. Dei var barnlause. Brita vart attgift 1807 med enkjemann Ola Rognaldson (Drege) Hopperstad (1760–1831) og flytta til lnr 125 Hopperstad. Eigaren, Karen Daae Tuchsen, oppretta deretter bruket Sjøtun.

Ein som er vanskeleg å plassera er Kristen Jakobson Sæbø (1678–1762). Han vart kalla justissersjant då han døydde.

Lnr 1 Sæbø

3,73 spd. Eigar: i 1647og 1655 Allehelgensgodset, i 1723 Anna Finde, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Sjølveigarbruk frå 1766. Skyld: 1,5 laupar i 1647, 1655 og 1667, 1,43 laupar i 1723, 1,17 laupar i 1788 og 1838. Slege saman med lnr 4 «Sæbø med Seim» i 1838. I 1803 var det 11,2 daa bygg, 1 hest, 7 mjølkekyr, 3 ungfe og 30 smalar på bruket.

På dette bruket finn vi i 1645 og framover unge Hans gift med Sigrid Lassedtr. Ut frå landskylda kan vi i 1667 plassera Jon Nilsson (1631–) og Ola Tørrisson (1618–) saman på dette bruket. Ingen av dei hadde dette året søner med seg på bruket. Jon var borte i 1685, slik at det då var Ola som dreiv bruket åleine. For året 1701 plasserer vi Arne Amundson (1660–1733) & Gjørond (1648–1732) på dette bruket. I 1711 er namnet på brukaren tolka til Ivar, men vi trur det rette framleis er Arne Amundson, og han er oppførd som brukar både i 1718 og 1723. Deretter kom Hermund Endreson Stadheim (1693–1748) frå lnr 27 & Gunhild Hermunddtr (1689–1774). I følgje den gamle bygdeboka bygsla Hermund bruket frå 1720. Av born veit vi berre om dottera Marta 1718 (lnr 91+92 Tistel). Frå 1748 gjekk bygslinga til Anders Helgeson Sæbø (1722–) frå lnr 0 & 1746 Marta Jondtr Tenål (1720–) frå lnr 16. Fire born vart fødde i Sæbø, men omkring 1755 flytta huslyden til lnr 68 Ovri. Sjå meir om borna der. Deretter kom Hans Madsson Sæbye (–1774) til bruket. Hans var son til Mads Hansson Sæbye (1640–1734) som var klokkar i Vik og som i 1708 fekk løyve til å vera gjestgjevar på Vikøyri. Hans gifte seg 1730 Gjertrud Pederdtr Kierumgård (1713–1734) frå Bergen, og dei fekk: Mads 1731, Hans Petter 1732–32?, Anne Sophie 1734–35. Hans gifte seg oppatt i 1735 med Maren Andersdtr Kierumgård (1713–1760). Born: Anders 1736 (til Bergen), Gjertrud Christine 1737 (sjå under Gjestgjeveriet på Vikøyri), Christen 1739 (blind), Ole Goe 1744 (sjå under Gjestgjeveriet), Pernille Sophie 1745–46, Pernille Sophie 1748 (til Lavik). Mads Hansson Sæbye (1731–1814) & Olkje Meyer (1740–) fekk borna: Gjertrud Marie 1762, Anne Margrethe 1766–67, Maren 1766–67, Hans Petter 1769 (Vikøyri v300). Mads var truleg først gift med ei som heitte Mette Marie. Vi finn ikkje giftarmåla hans i kyrkjeboka for Vik, heller ikkje i Bergen. Mads var eigar av bruket, men dreiv det ikkje sjølv. Det vart i 14 år bygsla bort til Eirik Jonson Vikøyri v534 (1734–) & 1766 Gyrid Oladtr Tenål (1734–) frå lnr 14. Eirik var busett på Hove ved konfirmasjon og på Seim då han gifte seg. Kanskje var han korporal før han overtok bygslinga. Born: Brita 1766 (plass nr 1 Hatlekolo), Anna 1769 («Samuelplassen» i Moane-Grov), Ola 1774 (Vikøyri v758), Anna 1778 (Vikøyri v958). På denne tida var husa på bruket til nedfalls, og Mads ville ha det til at Eirik var ansvarleg for forfallet. Mads overtok drifta, men let Eirik rydda seg nokre åkrar på «Stølshaugen». Han fekk lovnad om å få bruka dei på livstid utan å betala leige. Mads var lensmann både for Vik og anneksa 1773–81, men vart avsett på grunn av «forargelig og ryggeløst liv». Alt gjekk galdt for han, og han måtte gå frå det nedslurva bruket. Sonen Hans Peter fekk seg tildømt bruket i 1797, men såg seg ikkje i stand til å halda på det, og i 1799 skøytte han bruket til Gjertrud Marie Sæbye (1762–1844) & 1798 Johan Munthe Rumohr Reutz (1773–1845) frå Mo i Hafslo. Namnet til Johan vart òg skrive Jan. Born: Adam Munthe Rumohr Reutz 1799, Nilette Reutz 1801 (lnr 42 Seljestø), Karen Reutz 1803 (lnr 48 Åse), Hans Madsen Reutz 1805–27, Christoffer Munthe Rumohr Reutz 1805 (sjå note), Klaus Munthe Rumohr Reutz 1808 (lnr 98 Midlang og lnr 21 Dale i Arnafjord sokn). Nils Olason på lnr 4 og Johan høyrde til dei kondisjonerte i bygda og burde såleis ha lagt vekt på at småkrangel ikkje skulle bli kjent for bygdefolket. Men i 1824 var dei to gonger i forliksrådet om eigedomsretten til ein galte. Semje vart ikkje oppnådd, og saka gjekk til retten. Det stod kanskje kvinner bak, for i 1818 skulle kona til Nils, Christine Marie Tuchsen, angiveleg ha skjelt ut Gjertrud Marie, med anna ved å kalla ho ei hore. Dottera Karen 1803 skulle ha vore til stades då dette skjedde. Men i forliksprotokollen står det at madam Reutz ikkje kunne prova at dette hadde skjedd. Ho måtte difor trekkja tilbake skuldingane mot madam Tuchsen. Uvenskapen i Sæbøtunet var då ikkje av ny dato, for alt i 1816 hadde Nils Olason kalla ungguten Adam for ein stor buhund. Fanejunker Adam Munthe Rumohr Reutz Sæbø (1799–1878) & 1828 Kari Rolanddtr Tistel (1804–1876) frå lnr 91 dreiv bruket frå an H1838 til 1844 (born: sjå lnr 98 Midlang). I 1844 bytte dei gard med Jon Person Hove, slik at Adam og Kari kom til lnr 71 Hove. Jon selde lnr 1 straks etterpå til Ola Nilsson Sæbø (1803–1887). Ola hadde frå før overteke lnr 4 Sæbø frå faren og vart difor storbonde. Sjå vidare under lnr 1+4.

Christopher Munthe Rumohr Reutz (1805–) var trulova med Sigrid Kjelldtr Tryti (1805–1832) og skulle overta lnr 105 Tryti med henne. Men ho døydde før giftarmålet. I 1844 fekk han ein unge med ei øyrajente (sjå Vetleøyri s012), men han gifte seg same året med Sigrid Anfindtr Midlang (1806–) frå lnr 99 og dei reiste til USA i 1844.

Lnr 2 Sæbø

5,18 spd. Eigar i 1647 og 1655: Iver Wind (Kaupangergodset), i 1723 Anna Finde, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Overteke av brukar ca 1776. Matrikkelskyld: 1,75 laupar i 1647 og 1667, 1,83 laupar i 1723 og 1,43 laupar i 1788 og 1838. Produksjonsdata for 1845: 16,0 daa bygg, 4,9 daa potet, 2 hestar, 11 storfe, 48 smalar og 8 svin.

På dette bruket finn vi i 1645 og 1655 gamle Lasse med kona Turid Amunddtr. Dei hadde Lasse 1655. I 1667 var Ivar Johannesson (1620–) gift med enkja etter Lasse, og dei hadde sønene: Johannes 1659 (lnr 35 Fosse), Lasse 1660 og Ola 1663 (lnr 62 Undi). Ivar var der òg i 1685.I 1701 var det kome ein ny leiglending: Sjur Lasseson Undi (1653–1728) frå lnr 62+63. Han kom kanskje til bruket ved å gifta seg med enkja etter den førre bonden og deretter med ei som heitte Kari. Sonen Lasse (1698–1747) døydde ugift i Sæbø. I 1711 var det tre døtrer på bruket, men vi har berre namnet på to. Det var Ragnhild 1694 og Turid 1696–1763. Den siste var «et uforstandig, skrøbelig og målløst menneske». Ragnhild overtok drifta og gifte seg med Ola Johannesson Seim (1664–1725) frå lnr 10, og dei fekk i Sæbø sonen Endre 1721. Enkja Ragnhild vart attgift 1728 med Per Sylfestson Skaffargard og tok Endre med seg til Skaffargard.

Til bruket kom Hans Bendikson Refsdal (1698–1780) frå lnr 59 & Marta Johannesdtr Gildhus (1699–1778). Dei fekk: Marta 1730–1802, Gjertrud 1728 (lnr 26 Stadheim), Magdeli 1732 (lnr 31 Stadheim), Bendik 1736–36, Bendik 1737–63, Johannes 1737, Alis 1743 (lnr 62 Undi). Hans og Marta gjorde gardbyte med ein huslyd på Undi. Til Sæbø kom frå lnr 62 Undi ca 1735: Per Jonson Undi (1698–1767) & Sigrid Nilsdtr Ovri (–) frå lnr 68. Dei fekk borna: Eirik 1726–44, Jon 1727 (lnr 109 Tryti), Kari 1731–32, Kari 1732–72 (døydde på barselseng på Tryti), Anna 1736 (lnr 112 Skjørvo), Bothilda 1738–1821 (gift til Horstad i Naustdal), Synneva 1741 (sjå plass 1 Hatlekolo). Per og Sigrid flytta til lnr 109 Tryti. Neste brukarpar var Lasse Jonson Tryti (1731–1814) frå lnr 107 & 1758 Gjertrud Oladtr Liktvorane (1730–) frå lnr 9. Dei fekk borna: Anna 1760 (lnr 28 Dalsver i Arnafjord sokn), Lussi 1761–61?, Elling 1763, Lussi 1766, Jon 1768, Brita 1771 og Anna 1776. Av dei finn vi att Lussi, Brita og Anna 1776 som tenarar i 1801. Dei andre var då borte frå Vik. Lasse og Gjertrud var i Sæbø fram på 1770-åra. Dei kom så til ein plass på Fjærestad. Der gifte Lasse seg på nytt 1791 med enkja Barbra Monsdtr Vikøyri. I 1801 var dei strandsitjarar på Vikøyri v026. Der gifte Lasse seg på nytt med ei enkje, sjå v026.

Ei dotter til Anders Daae, Christine, arva bruket. Ho tok no over drifta og styrde bruket til ho døydde. Christine Andersdtr Daae (1719–1782) & 1738 kapellan Hans Johanson Grøn (1709–1745) frå Stjørdal fekk borna: Johan 1739–79, Ludvig Christoffer 1741–78, Jens Gaman 1743 (prest, Kongsberg), Hans Andreas 1744 (kapellan Førde). Sønene vart alle utdanna til prestar, men var i følgje den gamle bygdeboka «underlege i hovudet». Bruket gjekk difor på auksjon til prokurator Mogens Tobiesen (1749–1823) frå Kongsberg, gift med Anna Sophie Bugge (1747–1830), ei dotter til godseigar Jens Bugge, Ornes, Hafslo. I Vik fekk dei Anna Sophie 1783. Mogens kom til Vik i 1775. Økonomisk gjekk det dårleg for han, og i 1790 vart bruket selt til Anders Olason Åberge (1737–1819) & 1766 Brita Hansdtr Nornes (1744–1780), båe frå Sogndal. Born: Agata 1769–69, Ola 1770 (Veitastrond), Agata 1772, Mari 1775–80, Hans 1780–80, Anders 1780–80. Anders gifte seg på nytt 1780 med Kari Andersdtr Åberge (1756–1840) frå Sogndal. Born: Johannes 1785, Anna 1789 (Tjugum i Balestrand), Anders 1793–93? og Anders 1794–1800. Johannes Andersson Sæbø (1785–1822) & 1812 Brita Johannesdtr Rosheim (1791–1841) frå lnr 94 hadde: Kari 1813 (lnr 98 Midlang og lnr 21 Dale i Arnafjord sokn), Anders 1814, Anna 1816 (lnr 45 Turvoll), Synneva 1820–31. Brita vart attgift 1823 med Anders Endreson Seim (1796–1838) frå lnr 12 og dei fekk: Johannes 1831 (bnr 1/66 i Røysane-Sæbø og lnr 74a+ 75+78 Hove), Ingegjer 1826 (lnr 27 Stadheim), Johanna 1829–30. Anders Johannesson Sæbø (1814–1890) fekk 9 år gamal skifteskøyte på bruket i 1823. Han gifte seg 1840 med Ragnhild Oladtr Stedje (1818–1900) frå lnr 64 og dei fekk borna: Johannes 1840, Anna 1842 (lnr 35a+34b Fosse), Ola 1844 (plass 3 Vange), Anders 1846 (plass/bnr 1/66 i Røysane-Sæbø), Brita 1850 (Hirt-plassen i Røysane-Sæbø). Anders skøytte frå seg bruket til eldste son i 1880.

Etter at bruket var frådelt lnr 2b 0,03 spd i 1882, hadde bruket lnr 2a 5,09 spd. Det vart omforma til bnr 1/24 7,71 mark. Etter frådeling av eit par småstykke hadde bruket i 1907 skyld 7,55 mark. I 1949 var skylda 6,53 mark. Dei største frådelingane i åra før var bnr 1/59 0,22 mark i 1920, bnr 1/66 0,30 mark i 1925, og bnr 1/77 0,36 mark (Meieritufti) i 1941.

Johannes Andersson Sæbø (1840–1924) & 1867 Brita Andersdtr Nummedal (1841–1907) frå lnr 37 fekk: Anna 1866–1950, Anders 1870, Ragnhild 1875 (lnr 83a Hønsi), Johanna 1879–1967 (ugift). Anders Johannesson Sæbø (1870–1959) & 1903 Bertina Tomasdtr Tønnesen (1875–1949), husmannsdtr under Skipenes, Mosterøy i Rogaland, overtok bruket i 1907. Born: Borghild 1904–94, Johannes 1905–44 (var heime), Marie 1907 (bnr 40/27 i Moane-Grov), Tordis 1909–2004 (sjå note), Gunvor 1911 (Hola på Seljadalen), Bergljot 1913–65 (var heime), Alv 1916, Kirsten 1918 (bnr 41/58 på Vikøyri-vest). Alv Andersson Sæbø (1916–1985) hadde bruket 1957–77. Deretter overtok Audun Sæbø (1934–), sjå note. Han gifte seg 1975 med Olaug Røn (1950–) frå Valdres. Dei er skilde. Barn: Karsten 1975–98. I 2001 overtok Ann Kristin Jon-Arvedtr Holen (1971–) frå bnr 41/58 på Vikøyri-vest. Ho er sonedotter til Gunvor 1911. Ann Kristin gifte seg 2000 med Bjørn Tore Årevik (1973–) frå Øvste Hopperstadmarki nr 14. Born: Marielle 1995, Sandra 1999, Natalie 2005, Robin 2006. Frå før hadde Ann Kristin: Benedicte 1991.

Tordis 1909 fekk Audun 1934 med Ove Ingebrigtson Moane-Grov (1904–1936) frå Ingebrigtplassen. Audun overtok bruket.

Sjølveigd stove. Per Olason Stedje (1823–1886) frå lnr 64 & enkja Helga Tollakdtr (Fosse) Åse (1819–1908) frå lnr 35 Fosse budde i 1875 som huseigarar under lnr 2. Helga døydde på Fosse. Per var bror til gardkona på lnr 2, Ragnhild 1818. Per og Helga budde i ei lita stove i Sæbø-tunet og hadde òg eit lite uthus med husdyr, men sauene hadde dei på Fosse. Knut Tollakson Fosse (1877–1955) frå lnr 35a+34b & Brita Alfdtr Hønsi (1875–1907) frå lnr 83a budde kanskje med to born i huset frå ca 1905 til Brita døydde, sjå òg lnr 83a Hønsi. Huset vart flytta til Vikøyri.

Lnr 3 Sæbø

1,95 spd. Eigar i 1647 og seinare: Vik prestebol. I 1723 var i tillegg 0,37 laupar eigd av Anna Finde. Frikjøpt i 1851. Skyld: 1,0 laupar i 1647, 0,83 laupar (+ 0,42 laupar i Vange) i 1655, 1,15 laupar i 1667, 1,04 laupar i 1723, 0,67 laup i 1788 og 1838. Oppgåver for 1845: 9,2 daa korn, 4,2 daa potet, 1 hest, 8 storfe, 20 smalar og 3 svin.

På dette prestebol-bruket finn vi i 1645 unge Lasse med kona Anna Anfindtr. I 1655 dreiv Lasse også 0,42 laup på Vange. Dette var jord som også var eigd av Vik prestebol. I 1667 var Torkjell Paulson Vange (1631–) oppsitjar på bruket. Born: Paul 1656, Ingrid 1670–1747 og kanskje Ragnhild 1668 (lnr 29 Stadheim). Ingrid døydde ugift i Sæbø. Neste leiglendingspar var Paul Torkjellson Sæbø (1656–1740) & Inger Torgeirdtr Vangsnes (–1728) frå lnr 196. Dei hadde neppe born. Neste brukar var ein bror til Inger. Far deira, Torgeir, var frå lnr 117+118+121 Hopperstad. Ola Torgeirson Vangsnes (1675–1763) frå lnr 196 & 1728 Marta Anbjørndtr Vangsnes (1698–1765) frå lnr 194 fekk: Torgeir 1729–30, Synneva 1736 og Torgeir 1740 (lnr 5 Juvik). Synneva Oladtr Sæbø (1736–) & 1759 tambur Ola Jonson Vikøyri v494 (1732–1766) vart neste brukarpar. Dei må ha hatt svært dårleg økonomi etter dei gifte seg, for i 1663 blir «kårfolka» Ola Torgeirson og kona omtalt som naudlidande. Ola Jonson var lagrettemann. Born: Sigrid 1758–58?, Marta 1759 (Vikøyri v360), Gjertrud 1763 (ugift), Jon (Bergen), Marta 1767–94 (fekk Sigrid 1794 med Samuel Ivarson Moane-Hove, sjå under Moane-Grov). Synneva vart attgift 1769 med Sjur Rognaldson Juvik (1743–1797) frå lnr 5 og dei fekk: Gjørond 1770–70?, Ola 1771 (plassen Urdi i Røysane-Sæbø), Gjørond 1773 (Vetleøyri s018), Rognald 1776–1809, Sigtrud 1778–78?, Ola 1780–82. Rognald 1776 døydde i «Kongens tjeneste» austpå i krig mot svenskane. Det kom eit nytt leiglendingspar til bruket: Elling Olason Dale (1752–1805) frå Sværefjorden & 1775 Ingeborg Oladtr Skjørvo (1749–1835) frå lnr 111. Dei hadde borna: Ola 1778, Sigrid 1785 (lnr 63 Undi), Bothilda 1785 (Vikøyri v726). Mor til Elling var Sigrid frå lnr 103 Bø. Ola Ellingson Sæbø (1778–1863) & 1806 Synneva Hermunddtr Undi (1778–1853) frå lnr 63 bygsla bruket frå 1805 og fekk borna: Ingeborg 1806–07, Brita 1808 (lnr 113 Skjørvo), Elling 1809 (lnr 26 Hellane), Ingeborg 1811–12, Ingeborg 1813 (lnr 72 Hove), Ingeborg 1815–15, Ingeborg 1816 (lnr 120 Hopperstad), Ragnhild 1818–19, Hermund 1820–21, Hermund 1823–23, Hermund 1827. Hermund Olason Sæbø (1827–1904) & 1853 Johanna Oladtr Åse (1831–1856) frå lnr 50 fekk tvillingane Synneva 1854 (lnr 44cde Øvstedal) og Brita 1854 (lnr 93c Espesete). Hermund vart attgift 1856 med Kari Oladtr Åse (1828–1887), ei syster til Johanna. Born: Ola 1857–57, Ola 1858–92, Johanna 1859–1902, Olina 1861–61, Ola 1862–67, Ingeborg 1864, Ola 1869–72. Hermund fekk også Anna 1844–44 med Kari Oddtr Vikøyri v726 (1825–). Hermund vart sjølveigar i 1851. Han var lærar ved småskulen på Vikøyri. Han kjøpte og selde ein del småstykke, såleis i 1892 til to døtrer: bnr 1/29 0,08 mark til Brita 1854 og bnr 1/30 til Johanna 1859. Eit tilkjøp var 0,38 spd i Myrkaskog frå lnr (1+4). Etter det fekk bruket «Sæbø med Myrkaskog» bnr 1/6 2,88 mark. Ingeborg Hermunddtr Sæbø (1864–1910) & 1893 Ivar Rognaldson Hove (1851–1916) frå lnr 77b hadde bruket 1893–1916. Born: Synneva 1894–1942 (Skjåk i Oppland), Kari 1895 (Langeteig i Vetlefjorden), Hermund 1898, Ragna 1900 (USA), Oline 1907 (Drammen). Hermund Ivarson Sæbø (1898–1983) & 1917 Hanna Dorthea Steffendtr Lilleøren (1892–1970) frå bnr 1/85 på Vetleøyri fekk: Ingeborg 1917 (sjå note), Brita 1920 (bnr 1/88 Vikøyri-Sæbø, hus nr 51), Ivar 1922, Gunvor 1926 (sjå note), Sverre 1927, Johanna 1930 (Eikelandsosen). Hanna hadde òg Gudrun Sofie 1914 med Jon Olason Hellane (1893–1961) frå lnr 26 Hellane i Arnafjord sokn. Gudrun kom til bnr 1/129 på Skulejordi-Sæbø. Ivar Hermundson Sæbø (1922–2006) overtok i 1941. Han er ugift. Han har drive mykje med snikkararbeid. Sverre Hermundson Sæbø (1927–) overtok ein ideell halvpart av bruket i 1967. Også han er ugift. Bruket vart i 1999 skøytt til Henning Sæbø (1943–) & 1972 Inga Oladtr Aase (1952–) frå lnr 22c Teigum på Ovrisdalen. Born: Helge 1973 (Bergen), Rune 1974. Dei har òg bruket på Teigum.

Ingeborg Hermunddtr Sæbø (1917–1996) fekk Henning 1943 (Teigum på Ovrisdalen, lnr 22c) med tysk statsborgar Georg Göls (1911–) og Arne Inge 1950 (Øvste Hopperstadmarki nr 17) med Alv Andersson Sæbø (1916–1985) frå lnr 2. Gunvor Hermunddtr Sæbø (1926–1970) & Kristian Olason Tryti (1919–) busette seg i Årdal. Born: Tordis 1951, Gerd 1959. Om foreldra til Kristian: sjå note lnr 20a Le i Arnafjord sokn.

Lnr 4 Sæbø

Eigarar: i 1647 adelsmannen Børge Juel, i 1723 Hermund (Hopperstad) Tenål, deretter Anders Daae. Dottera Karen Cathrine (Daae) Tuchsen og etterkommarar vart eigar og brukar frå ca 1765. I 1771 tillagt 0,67 laupar av eit bruk på Seim. I 1844 vart lnr 4 «Sæbø med Seim» slege saman med lnr 1 Sæbø. Skyld: 0,67 laupar i 1647, ein laup i 1655, 1667 og 1723. I 1778 og 1838 0,67+0,67 = 1,33 laupar. Produksjonsoppgåver for 1845: sjå lnr 1+4 Sæbø.

Brukaren på dette småbruket heitte i 1645 Anna Mikkeldotter, i 1647 Kristen og i 1655 Knut. I 1667 heitte leiglendingen Ola Eirikson (1625–) og han hadde med seg sonen Anders 1654. I manntalet for 1701 manglar namnet på oppsitjaren på dette bruket. Det tyder på at småbruket då låg øyde. I 1711, 1718 og 1723 er Hermund Markusson Hopperstad (1653–1727) frå lnr 117+118+121 oppførd som brukar. I 1723 var han dessutan eigar. Bruket var på ein laup. Tidlegare hadde Hermund vore sjølveigar på Turvoll. Men då han gifte seg til lnr 15 Tenål med ei leiglendingsenkje, selde han bruket på Seljadalen. Det var truleg desse pengane han brukte for å kjøpa lnr 4 Sæbø. Eige i Sæbø på 0,67 laup vart i 1727 kjøpt av Anders Daae. Men halvparten vart i 1732, kanskje etter odelskrav, skøytt til Sjur Markusson Hopperstad (1661–1723) på lnr 117+118+121 og den andre halvparten til Markus Torgeirson Vangsnes (1679–1751) frå lnr 196. Markus var brorson til Hermund Tenål. Men brukar i Sæbø vart han ikkje, og han enda opp som husmann i Hola på Seljadalen. Eiga hans kom tilbake til Daae-ætta. I følgje den gamle bygdeboka overtok Anders Daae halvparten av eiga i bruket i 1740-;åra og omkring 1760 overtok han også den andre halvparten. Det er lite truleg at Hermund Markusson eller arvingane hans dreiv bruket i Sæbø. Men for eit så sentralt bruk var det sikkert ikkje vanskeleg å få leigd bort jord til nabobruk, øyringar eller offiserar. Men først på 1700-talet var det ein Hermund i Sæbø som vi ikkje kan få plassert på dei fire andre bruka. Vi tru mannen var Hermund Endreson Vange (1678–) frå lnr 5. Hermund Sæbø finn vi nemnt i kyrkjebøkene som vitne på trulovingar og som fadder, og vi veit om to personar med namnet Jon Hermundson Sæbø og som var for unge til å vera son til Hermund på lnr 1 Sæbø. Den eine var med i den store nordiske krigen i åra 1708–1711 og døydde der. Ein annan Jon Hermundson «Sæbø» (1687–1771) gifte seg i 1727 med ei jente frå Vikøyri. Eg tvilar på at han var frå bygda, sjå Vikøyri v506.

I eit manntal frå 1763 finn vi framleis ikkje noko brukar på lnr 4. Men bruket kan likevel ha vore busett, for militære personar er ikkje med i manntalet. Ei dotter til Anders Daae, Karen Cathrine (Daae) Tuchsen (1718–1796), var gift med major Frederich Wilhelm Tuchsen (1703–1768). Dei budde i Bergen, men Karen Cathrine flytta til Vik ei tid etter ho vart enkje. Karen Cathrine arva bruket og busette seg der. Sonen Christian Fredrich von Tuchsen (1740–1799) var kapteinløytnant ved det Vigske Compani i åra 1773–80. Christian var gift to gonger, først 1764 med Margrethe Marie Rye (1738–1773) og i 1776 med Cathrine Elisabeth von der Lippe Hanning (1759–1799). (Sjå òg note). I første ekteskap hadde han: Anne Cathrine 1765–1842, Karen Daae 1767 (lnr 127 Sjøtun), Sophie Amalie 1769 ( & 1790 Johan Wilhelm Michelet, prest i Telemark), Fredrich Wilhelm 1771 (offiser i Vik 1793–1808, så Nordfjord), Christine Maria 1772 og Margrethe 1773–73. Anne Cathrine gifte seg 1804 med enkjemann Georg Fredrich Christian Fasting (1770–1821), ein bror til Thomas Fasting på lnr 127. Her var det altså syskenbytte. Georg var offiser og var busett i Ortnevik. Dei hadde Michael Sundt 1806, som vart sokneprest i Jostedalen. I andre ekteskap til Christian Fredrich var borna: Olave Marie 1777–1821 og Margrethe Marie 1779–80. Olave Marie gifte seg 1796 med Ove Christian Leyrdahl Daae (1767–1840), prest i Vadsø og Hafslo og son til Ludvig Daae (ein bror til Karen Cathrine). Huslyden til Christian Fredrich må ha vore busett på bruket i Sæbø. I 1771 hadde Karen Cathrine (Daae) Tuchsen kjøpt 0,67 laup av eit bruk på Seim. Etter makeskifte vart det lagt inn under lnr 4. I 1780 eigde Karen Cathrine og sonen Christian Fredrich kvar sin halvpart av det utvida bruket på 0,75+ 0,67 laupar. I 1780 var ho på nytt eineeigar og truleg busett på bruket. Ein bror til Christian Fredrich, Anders Tuchsen (1745–1796), vart deretter eigar av bruket og var busett der. I ei liste over formueskatt i 1789 sat både «fru» Tuchsen og «studiosus» Anders Tuchsen på bruket. I 1838 var skylda på bruket Sæbø med Seim 1,42 laupar. Anders Tuchsen let ei dotter til broren Christian Fredrich, Christine Marie Tuchsen (1772–1858), styra bruket, og han testamenterte alt han åtte til henne. I tillegg fekk ho sin del av farsarven og vart dermed svært rik. Christine var truleg oppfostra i Vik hjå bestemora Karen Cathrine. Christine var heilsyster til Karen 1767 som budde på Skaffargard (Sjøtun) og som gifte seg med Thomas Fasting. Christine (kalla Stina i Vik) gifte seg 1797 med Nils Olason Åse (1768–1849) frå lnr 50. Ved sida av å driva gard, dreiv dei og landhandel og gjestgjeveri. Dei må reknast som svært rike folk. Born: Brita 1796 (lnr 14 Tenål), Margrete 1799 (Tusvik i Kvamsøy sokn), Anders Tuchsen 1801 (lnr 29 Stadheim), Ola 1803, Kristian 1806–41, Nils 1809 (lnr 109 Tryti), Hans 1812–34, Johan Petter 1814–33, Fredrik 1817 (lnr 33 Fosse). Sonen Ola Nilsson Sæbø (1803–1887) overtok bruket etter foreldra i 1836. Før det hadde han vore på lnr 99b Midlang. I tillegg til lnr 4 kjøpte Ola lnr 1 Sæbø og slo dei to bruka saman, sjå vidare under lnr 1+4.

Far til Margrethe Marie (Rye) Tuchsen (1738–1773) var oberst Poul Christian Rye (1684–1773), fødd i København. Han var kommandant på Bergenhus. Som gamal mann må han ha flytta til dotter si i Vik. Han døydde i Sæbø. Poul var gift med Anna Cathrine von Lillienpalm (1703–1747). Ho døydde i Bergen.