Lnr 1+4 Sæbø 

6,44 spd

Dette storbruket hadde i 1845 følgjande jordbruksproduksjon: 29,5 daa bygg, 21,0 daa potet, 3 hestar, 29 storfe, 74 smalar og 8 svin. I tillegg til dette leigde storbonden Ola Nilsson Sæbø årleg bort jord til øyringar. Det var mest åkerlappar, men òg slåtteland. I åra 1870–72 vart bruket oppdelt i parsellar. Landhandlarane Hopstock og Rasmussen og lensmann Hovland kjøpte dei tre største parsellane: lnr (1+4)a 1,93 spd, lnr (1+4)b 1,63 spd og (lnr 1+4)c 1,20 spd. Hovland sin parsell, «Skagen-bruket», låg mest i Sæbø og Røysane-Sæbø. Busetnaden på denne parsellen er kommen med i del 2 av boka. Hopstock eigde Sæbø-jord på vestsida av elva Hopra, ein del av Vik sentrum og det meste av Sæbø-grunnen på Vikøyri aust for hovudgata og fram til Sjøtun-eiga (sjå kart frå 1915). Rasmussen hadde det meste av Vetleøyri. To parsellar av storbruket låg sør for Øyravegen og aust for Sjøtun-eiga. Det var: lnr (1+4)g 0,41 spd kjøpt av Mons Thorsen v692 (1842–1929), og lnr (1+4)f 0,37 spd av kjøpt av Nils Olason Vikøyri v718 (1814–1896). Den siste parsellen (Flåten) er omtalt i del 2.

Lnr (1+4)a 1,93 spd = bnr 1/1 3,35 mark. I 1875 var det 4,5 daa bygg, 5,6 daa poteter, 2 hestar, 4 kyr og 2 smalar på bruket. Denne parsellen vart kjøpt av Jens Krag Hopstock.

Hopstock-familen kom til Vik frå Bergen i 1847 ved at handelsstaden til Jens Boalth Valentinsen vart kjøpt av Ole Andreas Hopstock (1815–1870), fødd i Risør. Han gifte seg 1844 med Elisabeth Severine Johan Hermandtr Krohn (1825–1850) frå Bergen. Dei fekk to born: Jens Krogh 1846 og Johan Herman 1849–50. Med handelsstaden følgde eit gjestgjeveri der Hopstock fekk full rett til å selja brennevin. I 1853 kjøpte han sagbruket ved Kyrelvi med kai og tomt på 6,5 daa. Sagbruket låg tidlegare under lnr 11b Seim. Han skaffa seg vassrettar oppe på fjellplatået og mura opp vassmagasin. Seinare kjøpte han nokre hus og naust på Vikøyri. Han hadde òg bakeri på Vikøyri. Jens Krogh Hopstock (1846–1919) & 1873 Live Helene Otilia Andvord (1849–1920), prestedotter frå Lyngdal, hadde: Elisa Sophie 1874, Ola Andreas 1875, Wencke von der Lippe 1877, Johanne Nicoline 1880, Julie Cecilie 1882–1951, Thorstein 1885.

Mykje av Hopstock sine bygningar på Vikøyri stod på bygsla grunn. Denne grunnen kom med i kjøpet i 1872. Med i kjøpet var også ein mindre parsell i Røysane-Sæbø, men ved makeskifte med jord under lnr 2, vart jorda samla nærare Vikøyri. Den viktigaste delen av landbrukseigedomen låg i Hamnen, vest for osen til Hopra. Der vart det bygt opp fjøsbygning. Jens var svært interessert i husdyrbruk og samarbeidde mykje med kaptein Christensen på Sjøtun innan husdyravl. Han dreiv prøvedrift med gris for landbruksselskapet og han hadde mange gode kyr på båsen. Etter kvart dyrka han opp 10–12 daa steinfull jord i nord i Hamnen slik at det var ca 44 daa dyrka jord innanfor bø-gjerdet. Uthusbygningen vart påbygd i 1880-åra. På det meste hadde han 1–2 hestar, 7–8 kyr, medrekna ungdyr, 8–10 sauer og eit par grisar. Hopstock bygde ca 1890 ein 2-etasjes møllebygning i Stampøynao på Tenål. Andreas Hansen v270 arbeidde der, og i 1899 vart mølla selt til han. Hopstock var med på eigarsida i fisket på fjorden. Han hadde silde- og kastenøter og han kjøpte ein stor notbåt. Han var også med på kjøp og sal av lnr 23 Føli. Hopstock sat med store verdiar i bygningar. I 1888 hadde han såleis 16 hus på Vikøyri med ein samla branntakst på kr 33150. Til samanlikning var taksten av husa på ein heller stor gard ca kr 5000 og på eit bra strandsitjarhus kr 500. Hovuddrifta var landhandelen og hotellet. I landhandelen var det to sveinar. Etter kvart kom det fleire konkurrerande butikkar som dreiv enkelt og billig, og Vik Forbruksforening voks seg stor og mektig. Handelen vart avslutta 1900 og eigedomane etter kvart avhenda, men Hopstock hotell vart drive vidare. Hopstock dreiv også telefonteneste, noko som frå 1918 vart overteke av Wenche Jensdtr Hopstock (1877–1943). Etter kvart var det Nicoline Jensdtr Hopstock (1880–1955) som overtok hotelldrifta saman med Wenke. Frå 1944 leigde Nicoline hotellet til eit par frå Bergen. Dei dreiv det i nokre år. Så leigde forretningsmann og bakar Mons Thorsen det i nokre år før han kjøpte det i 1947. Det var systera Malla Thorsen som dreiv det for han.

Mann til Julie Jensdtr Hopstock, ingeniør Gjert E. Bonde (1885–1966) i Bergen, var med på avhendinga av eigedomane. Jordbrukseigedomen på vestsida av Hopra, bnr 1/46 Havnen 2,26 mark, vart selt samla i 1905. Denne delen blir ikkje her rekna inn under Vikøyri. Han blir omtalt etter garden Sjøtun.

Salet av Hopstock-eiga skjedde slik (først bnr, så skyld i mark og sist årstal) med frådelingar fram til 1907 først: 1/32 0,10 i 1898 til Fylkesbaatane, 1/38 0,05 i 1900 til Lars Johnsen, 1/39 0,02 i 1901 til Edvard Andersen, 1/46 0,04 i 1905 til seg sjølv, 1/47 0,42 i 1905 til seg sjølv, 1/48 2,26 i 1905 til Edvard A. Liljedahl. I 1907 var dermed bnr 1/1 redusert til 0,60 mark. Fram til 1948 kom så følgjande frådelingar: 1/63 0,07 i 1924 (Strondi) til Vik kommune, 1/68 0,12 i 1926 til O. P. Fosse, 1/88 0,04 i 1942 til eigar av bnr 1/1. Resten av bnr 1/1 var 0,43 mark. I 1949 vart så 1/110 «Hotelltomten» 0,35 frådelt til Mons Thorsen slik at bnr 1/1 i 1968 var 0,08 mark med eigarar: Nicoline og Andreas Hopstock, Julie Bonde og Sofie Riegel.

Bnr 1/47 i Hopstock-eige vart oppdelt slik: 1/58 0,01 i 1920 til Anna A. Grønsberg, 1/61 0,01 i 1921 til Kristine Iversen, 1/72 0,06 i 1928 (Trælastbruket) til Vik kommune, 1/73 0,10 i 1928 (Vestre hjørnetomt) til Johannes Hove, 1/84 0,03 i 1942 til Henry Sæle, 1/103 0,02 i 1948 til Anders I. Vikøren, 1/104 0,03 i 1948 til eigarar av bnr 1/1, 1/105 0,01 i 1948 til Vik kommune, 1/106 0,06 i 1948 til eigarar av bnr 1/1, 1/107 0,05 i 1948 til Statens vegvesen v/Vik kommune, 1/108 0,03 i 1948 til Ivar S. Vikøren, 1/115 0,01 i 1951 til Edvard Breilid. 

I 1968 hadde bnr 1/47, 0,04 mark, same eigar som bnr 1/1.

Lnr (1+4)b Sæbø 1,62 spd. Eigar av denne delen av storbruket vart Christopher Rasmussen. I 1873 vart frådelt lnr (1+4)o 0,08 mark til distriktlege Meyer (sjå under Sæbø) og litt seinare nokre småstykke, slik at skylda i 1886 var 1,52 spd = bnr 1/2 2,75 mark. Dette var jord og rettar på Vetleøyri (sjå meir under Vetleøyri). Den delen av storbruket i Sæbø som Rasmussen overtok må ha vore det meste av den tidlegare «Tuksagarden» (lnr 4). I tillegg fekk Rasmussen kjøpt lnr 2c 0,06 spd, og som i 1886 varl bnr 1/3 0,08 mark. Denne parsellen ligg nedfor meieriet. I 1875 var det 2,3 daa bygg, 2,8 daa poteter, 1 hest og 3 kyr, men ikkje småfe på bruket. Denne produksjonen verkar liten i høve til arealet som Rasmussen disponerte og auka kanskje på i dei følgjande åra. Rasmussen var nok i mindre grad enn Hopstock interessert i jordbruksdrift. Men han var ein av dei første i Sogn som sette opp linestreng (sjå boka «Jordbruket i Vik»). Rasmussen bygde bru over Vikja med eigne midlar. Fram mot århundreskiftet selde han jordbruksjorda på Vetleøyri i småbruk, men var framleis eigar av grunnen for strandsitjarplassar.

Familieopplysingar om Christopher Parelius Rasmussen v298, v156 (1826–1913) & 1849 Magdalene Katharine Henrikdtr Parelius (1817–1897): sjå v156. Christopher byrja med handel med frihandelsvarer i 1848 og bygde etter kvart vidare ut. Men kongeleg løyve dreiv han handel frå 1862 til 1882. Han bygde hus nr 25 i 1849, og han kjøpte hus nr 24 i 1864 og brukte det som krambu. I 1868 eigde han 6 bygningar på Vikøyri taksert til 1745 spd. I 1875 hadde Rasmussen 6 tenarar, av dei 2 krambusveinar. Frå 1882 var han postopnar og dampskipsekspeditør. Postopneriet var i hus nr 24.

Lnr 2c Sæbø 0,06 spd = bnr 1/3 0,08 mark. Då Rasmussen slutta som handelsmann, bygde han hus på denne staden. Bustadhuset og uthuset der vart taksert svært høgt: i 1904 kr 10900 og i 1917 kr 29000. Eigedomen vart overteke av dottera Petra ca 1916, men dei budde i huset alt i året 1900. Harald Johan Eirikson Riisnes v310 (1864–1947) & 1896 Petra Hansine Marie Parelius Rasmussen v156 (1859–1937) fekk tre born, sjå v310. Det var sonesonen Hogne Sverreson Riisnæs (1927–) som overtok eigedomen då heimen vart oppløyst 1937–38. Han vart ikkje busett i bygda. I 1950 var eigedomen skøytt frå Hogne til bakar Thorvald Torson Thorsen v960 (1905–1980) & 1940 Anne Nørbech (1905–2001) frå Tingvoll. Dei fekk: Thorleif 1946 (bnr 41/19 i Villastrøket-Sæbø). I 1980 vart det skrive skøyte til ei dotter til Thorleif: Siri Elisabeth Haaland Thorsen. Eigedomen vart overteken av Hopstock Eigedom, som frå 2002 leigde ut til Carl Melchior Riiber (sjå òg bnr 3/22 under lnr 9 Seim).