Moane-Grov
Moane-Grov var først på 1800-talet sterkt oppstykka og med mykje teigblanding. Den delen som vart husmannsplass var eigd av prestegarden lnr 126 Grov.
Samuelplassen . Samuel Ivarson Hove (1763–1829) frå lnr 76 & 1795 «korporaldotter» Anna Eirikdtr Sæbø (1769–1827) frå lnr 1 fekk oppretta husmannsplass på sletta nordaust for Gildhus. Born: Kari 1795 (Vikøyri v106 og plassen Urdi i Røysane-Sæbø), Gyrid 1798 (storplass lnr 1+4 Røysane-Sæbø), Ivar 1801, Eirik 1804–10, Anna 1807 (plass ved Klokkargarden under lnr 120 Hopperstad), Inga 1812 (til Bergen og Danmark, fekk to ungar i Vik, sjå meir under Vikøyri v933). Samuel hadde dessutan Sigrid 1794 med Marta Oladtr Sæbø (1767–1794) frå lnr 3. Denne jenta var på plassen i Moane-Grov i 1801, men døydde kanskje før 1815. Ivar Samuelson Moane-Grov (1801–1880) & 1827 Brita Oladtr Tryti (1802–1885) frå lnr 109 fekk borna:Samuel 1827 (til Nord-Noreg), Ola 1829 (USA, sjå Vikøyri v476), Jon 1832 (USA 1852), Anna 1836, Eirik 1840 (USA 1856), Anna 1843–44, Anders 1846 (USA 1866). I 1859 fekk Ivar leigd jorda på plassen for 10 år. Denne bygsla må ha blitt forlengja utan at kontrakt vart tinglyst inntil plassen vart kjøpt i 1902. Ivar var smed. Husmannsdotter Anna Ivardtr Moane-Grov (1836–1912) & 1871 Ola Steffenson Dale (1847–1932) frå bnr 56/6 under lnr 24b Dale i Arnafjord sokn var neste ektepar på plassen. Born: Ivar 1871 (USA 1893), Steffen 1874 (USA 1893), Anna 1876 (Ingebrigtplassen i Moane-Grov), Samuel 1879. Anna Ivardtr hadde dessutan Brita 1861 (USA 1886) med Ola Helgeson Liktvorane (1823–1907) frå lnr 9, og Ola fekk Anders 1870–70 med Anna Andersdtr Nese (1845–1938) frå plass 7 på Nese. Ola Steffenson var kyrkjetenar og ei tid gravar. Småbruket fekk bnr 40/15 Mo 0,80 mark. Samuel Olason Moane-Grov (1879–1965) & 1901 Anna Ivardtr Refsdal (1876–1957) frå lnr 59 fekk borna: Olaf 1901 (sjå note), Ivar 1905 (til Voss), Guri 1907–33 (veverske, døydde i Bergen), Anna 1908 (bnr 26/16 i Moane-Hove), Sverre Andreas 1916, Ingolf 1920. Samuel var i militærmusikken i Vik. Han var kyrkjetenar frå 1919 til 1959. Han fekk Kongens fortenestemedalje. Sverre Andreas Samuelson Moane-Grov (1916–1987) og Ingolf Samuelson Moane-Grov (1920–1994) var ugifte. Dei dreiv småbruket vidare og båe stod som eigarar. Dei var kyrkjetenarar og gravarar. Småbruket vart overteke av borna til Ivar 1905. Men i 1996 tok Ola Endreson Tuxen Hove (1936–) på bnr 26/21 under eigedomen på odel. I 1997 vart Moatunet på 1,4 daa frådelt som bnr 40/87. I 2002 vart denne parten kjøpt av Harald Helland (1947–) frå Sandshamn, Sunnmøre & 1973 Olaug Oladtr Holstad (1948–) frå lnr 87. Born: Øystein 1974 (Bergen), Kristin 1975 (Oslo), Ingrid 1982 (Bergen). Huslyden bur på Nesttun.
Bnr 40/27 Mohagen vart fråskild bnr 40/15 i 1986 og hus vart bygd av Ivar Samuelson Grov (1905– 1987). Han gifte seg 1931 med Marie Andersdtr Sæbø (1907–1990) frå lnr 2. Born: Bodil 1931 (Voss), Anna 1932 (Bergen), Samuel 1934 (Råholt i Akershus), Anders 1938 (Nannestad i Akershus), Gunvor 1942 (bnr 97/177 på Krossen, Vangsnes), Gunnvald 1942 (Oslo), Jorunn 1947–50. Ivar med huslyd budde på Voss. Mohagen vart kjøpt av Ivar Eilev Olason Refsdal (1965–). Han har overteke farsbruket i Refsdal, sjå om huslyden under lnr 60 Refsdal.
Olaf Samuelson Moane-Grov (1901–) fekk Kåre 1929 (bnr 41/9 Villastrøket-Sjøtun) med Anna Andersdtr Tryti (1905–1988) frå hus under lnr 10 på Seim. Han gifte seg 1934 med Synneva Johandtr Hove (1907–1982) frå bnr 2/28 i Røysane-Vange. Olaf og Synneva flytta til Bergen.
Ingebrigtplassen/Moheim. På ein del av husmannsplassen i Moane-Grov sat i år 1900 husmannsdotter Anna Oladtr Moane-Grov (1876–1930) & 1900 musikk-korporal Ingebrigt Sjurson Gullteigane (1875–1955) frå lnr 53. Born: Sigurd 1900, Ove 1904–36 (ugift men fekk Audun 1934 med Tordis Andersdtr Sæbø, sjå lnr 2 Sæbø), Ingvald Johan 1906–57 (ugift), Anna Borghild 1910 (til Voss og Årdal), Ragnhild 1910–12. Ingebrigt fekk i 1906 kjøpt plassen som fekk bnr 40/21 Moheim 0,27 mark. Sigurd Ingebrigtson Moheim (1900–1936) & 1931 Ragnhild Kristendtr Bøtun (1906–1988) frå Fresvik hadde sonen Asbjørn 1932. Eigedomen vart overteken av Asbjørn Sigurdson Moheim (1932–) & 1954 Brita Tørvi (1934–) frå Hafslo. Born: Stein Roar 1954 (Årdalstangen), Reidun 1957 (Øvre Årdal), Jarle 1959 og Bjørn 1967 (sjå bnr 26/12 i Moane-Hove). Huslyden bur i Årdal. Etter frådeling av det meste av eigedomen i 1988 er resten av bnr 40/21 sjølve tunet med hus. Det er feriebustad.
Bustadområde av bnr 40/21
I 1988 kjøpte Vik kommune den nordlege del av bnr 40/21 Moheim og delte området i 8 tomter.
Bnr 40/39, i 2007 lagt til bnr 40/93. Kjell Harald Hilmarson Bø (1973–) frå lnr 93a* Espesete & sb Ina Merete Sigvalddtr Grønsberg (1970–) frå Hatlevegen 6 i Prestberget har: Sondre 1997, Sunniva 2000. Kjell overtok etter Marta Alfdtr Bø (1941–1993) frå lnr 102b. Kjell Harald med huslyd har flytta til 93a* Espesete. Eigedomen er overteken av Ingrid Ivardtr Mårdalen (1976–) frå bnr 2/55 på Vange-aust & sb Bjørn Paulson Hegerland (1972–) frå Sauda i Rogaland. Dei har: Kaja 2006.
Bnr 40/38. Kari Kjellevold (1964–) & sb med Kristian Johannesson Vangsnes (1967–) frå lnr 196b Vangsnes har flytta til bnr 97/37–9 i Tråna på Vangsnes. I 2002 var bustaden selt til Michael Edward Willamson Martin (1961–) frå Exeter i Storbritannia & Jennifer Anna Mauriedtr (1958–) frå Birmingham i Storbritannia. Dei har ikkje born.
Bnr 40/37. Hus vart bygd av Åslaug Stadheim og Oddbjørn Ese, sjå lnr 30 Stadheim, men er kjøpt av apotekar Brita Andersdtr Fosse (1964–) frå bnr 7/7 under lnr 35a+34b Fosse. Ho er ugift.
Bnr 40/32. Lise Helen Audundtr Alme (1958–) frå Feios & 1996 Leidulf Jonson Finden (1962–) frå Hatlevegen 4 i Prestberget (og hus nr 38 på Vikøyri) har: Joakim 1993, Eva 1995. Lise Helen har òg Lene 1984 med Anders Færland, Vevring. Om søsken til Lise Helen: sjå bnr 1/204 i Røysane-Sæbø og Øvste Hopperstadmarki nr 24.
Bnr 40/33. Astrid Endredtr Holstad (1953–) frå bnr 6/28 Teigum på Ovrisdalen er ugift.
Bnr 40/34. Randi Arnedtr Skeie (1967–) frå bnr 2/4 «Vangshuset» på Vange & sb Stein Inge Knutson Bjørk (1964–) frå Årdal har: Anders 1993, Øystein 1996. Dei gjekk frå kvarandre før Randi bygde huset.
Bnr 40/35. Norvald Guttormson Aase (1953–) frå bnr 26/54 i Kålhagen & 1976 Gerd Marie Gunnardtr Harbo Salbu (1953–), Hop ved Bergen, har: Kristoffer 1978 (England), Jon Aleksander 1980 (Volda), Ine Marie 1984, Katrine 1987, Birgitte 1987.
Bnr 40/36. Oddvar Olason Sjøthun (1940–) frå Feios & 1965 Kirsten Maria Helgedtr Øvstedal (1937–) frå lnr 44a har: Odd Helge 1965 (Oslo), Kjartan 1966 (Oslo), Jorunn 1967 (Sogndal). Sjå òg lnr 44a Øvstedal.