Holstad
Holstad (holsta): Holmastadha, Holmastadhom, Holainstadher (ca 1320), Huistad (1563), Holstaid (1567), Holstadt (1603), Hoellstad (1611), Hoelstad (1647, 1667), Holstad (1723, 1838, 1863, NG, VIK).
I 1522 var det to bruk på Holstad, og det var uendra fram til 1655. Frå då av var det tre bruk. I 1603 var Øystein jordeigande bonde, medan Ola var leiglending under Munkelivgodset. I 1611 var det to leiglendingar Ola og Ellend. I1635 var enkja (etter Ola?) og Bendik på bruket og i 1645 var Nils og Brita på det eine bruket og Jon og Ingrid på det andre. I 1655 eigde Kaupangergodset heile Holstad, og då var bruket som Nils hadde vore på delt i to (lnr 86 og lnr 87).
Lnr 85 Holstad
7,35 spd = bnr 29/1 11,16 mark. Eigar i 1647 og 1723: Kaupangergodset, deretter Knagenhjelm. Delvis frikjøpt i 1794, resten i 1835 og 1850. Matrikkelskyld: 3,5 laupar i 1647, 2,18 laupar i 1667 (resten truleg sjølveige), 3,25 laupar i 1723, 1788 og 1838. Data for 1845: 27,0 daa bygg, 5,6 daa poteter, 4 hestar, 32 storfe, 85 smalar og 4 svin.
Vi trur at Ellend var på dette bruket i 1611. Han hadde borna: Ola (lnr 103 Bø), Jon og ei dotter som kom til Feios. Han vart etterfølgd av Jon Ellendson Holstad (1600–) med kona Ingrid. I 1667 hadde Jon følgjande søner på bruket: Hermund 1648 (sjå note), Kjell 1658, Ellend 1662, Ivar 1664 (lnr 18 Flete i Arnafjord sokn). Truleg var det to born til: Nils og Alis (sjå note). Den store aldersskilnaden på borna tyder på at Jon gifte seg oppatt på sine gamle dagar med ei ungjente. Jon var lensmann i bygda. Ellend Jonson Holstad (1662–1732) & Synneva Oladtr Jordal (1671–1764) frå Fjærland hadde: Marta 1694 (lnr 74 Hove), Jon 1698, Lussi 1702 (lnr 100 Midlang), Ola 1705 (lnr 84 Hønsi), Turid 1709 (lnr 19 Le i Arnafjord sokn), Gyrid 1711 (lnr 72 Hove), Ingrid (lnr 80 Voll), Durdei 1715 (Ytre Hamre, Leikanger), Kristi (Vetlefjorden) og Ivar 1719 (lnr 76 Hove). Jon Ellendson Holstad (1698–1770) & 1746 Durdei Steffendtr Holane (1722–1792) frå lnr 17 i Arnafjord sokn fekk: Ellend 1747, Steffen 1750–52, Synneva 1752–53, Steffen 1754 (lnr 89 Brekke), Synneva 1757–59, Kjell 1760 (lnr 105 Tryti), Alf 1760 (lnr 16 Tenål), Brita 1762–1830 (ugift, døydde i Refsdal), Jon 1765. Ellend Jonson Holstad (1747–1814) & 1787 Anna Eirikdtr Tryti (1760–1846) frå lnr 108 hadde borna: Durdei 1788 (lnr 9 Seim), Synneva 1790 (lnr 111 Skjørvo), Jon 1792–92, Jon 1793, Randi 1796–98, Randi 1798–1850, Eirik 1801 (lnr 105 Tryti), Kari 1804 (sjå note lnr 14 Tenål). Jon Ellendson Holstad (1793–1881) & 1829 Gyrid Tordtr Brekke (1806–1891) frå lnr 90 fekk skøyte på bruket i 1863. Born: Ellend 1829, Anna 1831 (lnr 98 Midlang), Tor 1833 (sjå note under lnr 120 Hopperstad), Mikkel 1837 (sjå note under lnr 81 Voll), Anfin 1840–40, Anfin 1841–41, Anfin 1844 (sjå bnr 2/4 under lnr 6+7 Vange). Ellend Jonson Holstad (1829–1902) & 1865 Synneva Ellingdtr Skjørvo (1841–1914) frå lnr 113 fekk: Gyrid 1865 (lnr 87 Holstad), Brita 1866 (sjå note), Jon 1869–69, Jon 1870, Anna 1872–72, Anna 1874–74, Elling 1875 (sjå note), Anna 1878 (lnr 81 Voll), Ola 1882 (sjå note lnr 58 Refsdal). I 1875 var det seks tenarar på dette store bruket. Jon Ellendson Holstad (1870–1960) & 1902 Anna Oladtr Vange (1873–1962) frå lnr 6+7 fekk skøyte på bruket i 1906. Born: Synneva 1902–83 (var heime), Kari 1905 (bnr 5/17 under lnr 32 Stadheim), Ellend 1908, Ole 1910, Anna 1913 (lnr 108b Øvre Trytisøyna), Arnfinn 1917(Strandebarm i Hordaland). I 1950 vart bruket delt. Bnr 29/1 5,71 mark gjekk til: Ellend Jonson Holstad (1908–1995). Han var ugift. Den andre delen bnr 29/5 5,45 mark vart skøytt til ein bror. Ole Jonson Holstad (1910–1984) & 1949 Klara Ivardtr Midlang (1929–) frå lnr 93b Espesete fekk borna: Anna 1950 (Sveio i Hordaland), John 1951, Ivar 1954 (Sandnes i Rogaland), Leif 1960 (lnr 26/19 Hove). Delbruka vart i 1983 og 1989 skøytt til John Olason Holstad (1951–). Han gifte seg 1977 med Oddveig Jondtr Atterås (1960–) frå Sjøtunvegen 14 under lnr 127 Sjøtun og dei har: Ove Erlend 1978, Jarle 1979, Geir 1983 (Sogndal).
Hermund Jonson Holstad (1648–) & Sigrid Bendikdtr Refsdal (1652–1733) frå lnr 59 busette seg på Løn på Vossestrand og vi kjenner til 6 born.
Alis Jondtr Holstad (–) gifte seg med Per Ellingson Indre Nesse (1649–1711) i Kvamsøy sokn. Dei hadde Inger som vart gift med Knut Eirikson Midlang (1696–1747) frå lnr 99. Dei kom til Borlaug i Feios. Alis vart attgift med Tor Eirikson Midlang (1686–1747) frå lnr 99. Dei hadde ikkje born.
Brita Ellenddtr Holstad (1866–) & 1901 skreddar Arne Alfson Hønsi (1864–) frå lnr 83a budde i andre høgda i stovehuset. Born: Erling 1904, Alfred 1905, Synneva 1912. I 1917 flytta dei til garden Tveitan i Nykirke i Vestfold, men ca 1932 flytta huslyden til Karmøy.
Elling Ellendson Holstad (1875–1932) vart i 1892 innlagd på Sæthers institutt for åndssvake. Foreldra vart pålagd å betala kr 200 per år. Det var uvanleg høg eigendekking, noko som vart grunngjeve med velstand. Elling døydde på Voll.
Lnr 86 Holstad
4,33 spd. Eigar i 1647: Munkeliv kloster, i 1723: Anna Finde, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Frikjøpt i 1786. Matrikkelskyld: 2,0 laupar i 1667, 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det 13,5 daa bygg, 3,5 daa poteter, 3 hestar, 14 storfe, 40 smalar og 6 vinterfôra svin på bruket.
I 1645 sat Nils og Brita på eit bruk på 3,5 laupar. I 1655 var det delt i eitt på 2 laupar og eit anna på 1,5 laupar. Det er det første bruket vi følgjer her. Nils var der òg i 1655. I 1667 heitte oppsitjaren Eirik Lasseson (1613–), og han hadde då sønene: Palne 1649, Ola 1655, Johannes 1656, Kjell 1657, Halvar 1661. I 1701 var det Ola Eirikson Holstad (1655–) som var leiglending. Kona hans, Sigrid Amunddtr Dale (1654–1729) frå lnr 23 i Arnafjord sokn, hadde broren Jon 1650 på lnr 108 Tryti. Ola og Sigrid hadde fire døtrer: Ingeleiv, Ingrid 1686 (plass lnr 40 Frettheim i Arnafjord sokn), Brita, Anna. Enkja Sigrid gifte seg oppatt ca 1712 med Anfin Endreson Vange (1682–1735) frå lnr 5. Dei hadde ikkje born. Anfin gifte seg på nytt 1731 med Gjertrud Torgeirdtr Vangsnes (–) frå lnr 196. Heller ikkje dei hadde born. I 1763 vart Gjertrud førd opp som gamal og fattig «huskone» med «intet minde» på eit bruk på Sæbø. Neste leiglendingspar frå 1734 var Lasse Olason Fjærestad (1690–1763) frå lnr 95+97 & 1734 Anna Gullakdtr Finnen (1700–1763) frå lnr 51 i Arnafjord sokn. Born: Ingeleiv 1732–52, Gjertrud 1735–89, Gullak 1736 (sjå note), Ola 1738. Ola Lasseson Holstad (1738–1767) & 1760 Anna Andersdtr Kinni (1736–1814) frå lnr 56 fekk borna: Marta 1760 (plassen Haugen under Voll), Brita 1761–61?, Lasse 1765–65?, Anders 1765 (plassen Haugen under Voll), Ola 1768–68?. Ola 1738 kom som soldat tilbake frå Holstein i november 1762, var truleg då sjuk og han smitta foreldra sine. Dei døydde 26.01 og 12.02 1763. Anna vart attgift 1768 med Per Jonson Midlang (1736–1785) frå lnr 98 og dei fekk: Brita 1770 (Bergen), Jon 1773 (Vikøyri v536), Anna 1775 (ugift, tenar på Holstad i 1801), Per 1778 (plassen Haugen under Voll), Guttorm 1783 (døydde før 1801). I 1786 vart bruket kjøpt av Tor Bendikson Rosheim (1753–1835) frå lnr 94. Han gifte seg 1779 med Synneva Andersdtr Skjørvo (1755–1802) frå lnr 114 og dei fekk: Ragnhild 1778, Kari 1781 (lnr [71+73]b6 i Moane-Hove), Åsa 1784 (sjå note), Marta 1786–1827, Synneva 1790 (plassen Brunnadn under lnr 58 Refsdal), Helga 1793 (levde i 1823), Lussi 1796 (sjå note). Tor vart attgift 1803? med Barbra Oladtr Åse (1757–1843) frå lnr 50. Dei hadde ikkje born. Bruket vart overteke i 1807 av Ragnhild Tordtr Holstad (1779–1850) & 1806 Jon Olason Øksdal(1778–1866) frå lnr 2 i Vangsnes sokn. Born: Synneva 1807 (lnr 82 Hønsi), Tor 1810–41 (ugift), Ola 1810 (lnr 24 Dale i Arnafjord sokn, USA 1845), Anna 1815–15?, Anna 1817 (lnr 36 Nummedal), Anders 1824. Jon må ei tid vore i økonomiske vanskar, for i 1823 ville svigerfaren Tor Bendikson og to av døtrene hans, Helga 1793 og Lussi 1796, som til saman hadde til gode over 47 spd, ha tilbake pengane sine og gjekk til forlikskommisjonen med saka. I 1839 vart bruket skøytt til Tor Jonson Holstad (1810–1841), men då han døydde to år seinare, gjekk bruket tilbake til faren. Han overdrog 1/3 av bruket til Ola 1810 og 2/3 til Anders 1824. Men då Ola reiste til USA i 1845 vart også hans del skøytt over på Anders. Anders Jonson Holstad (1824–1915) & 1848 Åsa Andersdtr Store-Nummedal (1819–1858) frå lnr 36 fekk borna: Tor 1848 (USA 1867), Anders 1850 (USA 1891), Ola 1854, Jon 1858 (USA 1881). I 1855 vart bruket fråskilt lnr 86b 0,03 spd = bnr 29/3 0,04 mark, eit jordstykke som låg i Brimdalen yst i Bøadalen. Bruket fekk deretter lnr 86a 4,30 spd = bnr 29/2 6,37 mark. Anders vart attgift 1860 med Solveig Ivardtr Stadheim (1825–1915) frå lnr 27 og dei fekk Ivar 1860–67. Ola Andersson Holstad (1854–) & 1880 Marta Arnedtr Stadheim (1853–) frå lnr 32 fekk skøyte på bruket i 1881. Born: Anna 1879–82, Anders 1882, Arne 1884, Ola 1887, Jon 1890, Ivar Andreas 1892. Heile huslyden reiste til USA 1902–10, og Ola selde bruket i 1899 til Mikkel Larsson Brekke (1860–1933) frå lnr 90. Han gifte seg 1886 med Synneva Johannesdtr Hønsi (1861–1943) frå lnr 82. Dei hadde frå 1891 pakta prestegarden Grov. I åra 1893–95 eigde dei dessutan den vesle plassen bnr 27/8 Hove utan å bu der. Dei fekk: Anna 1887 (Rendedal i Vetlefjorden), Johannes 1888 (USA 1906), Kari 1889 (lnr 89 Brekke), Synneva 1891–1981, Lars 1893, Sigurd 1895–1979, Johan 1897 (Ølve, Kvinnherad), Anders 1901–58 (ugift løytnant, på bruket) og Einar 1904 (Vikøyri v844, dreiv handel). I 1927–68 var bruket eigd av Lars Mikkelson Holstad (1893–1980) & 1928 Brita Guttormdtr Midlang (1892–1988) frå lnr 99b, Dei fekk: Anna 1925 (Trondheim), Sigurd Michael 1928 og Guttorm 1928. I 1965 vart frådelt bnr 29/7 Askheim 0,05 mark til Guttorm 1928. Sigurd Michael Larsson Holstad (1928–) & 1960 Randi Andersdtr Skarestad (1934–) frå Fjærland fekk borna: Rune 1962 (Gildhus), Berit 1964 (Førde), Steinar 1972 (Årdal).
Bnr 29/7 Askheim 0,05 mark. Guttorm Larsson Holstad (1928–) & 1965 Ingebjørg Løne (1943–) frå Voss har: Brita 1966 (Stavanger), Lars Michael 1968 (heime), Einar Andre 1970 (England).
Gullak Lasseson Holstad (1736–1802) & 1772 Eli Sjurdtr Rislåg (1737–1785) frå lnr 55 vart gardbrukarar på Fjærestad i Balestrand. Born: Sjur 1773, Anna 1776, Ragnhild 1779, Lasse 1782. Der vart Gullak attgift i 1786.
Anna Perdtr Holstad (1775–) var ugift. Ho fekk Per 1797–97? og Per 1798 med Hermund Ingebrigtson Skjørvo (1769–1838) frå lnr 111. Hermund kom til Skorpehaugen på Fjærestad. Per var i 1801 hjå bestemor si på Holstad. Per Hermundson «Hopperstad» (1798–) gifte seg i 1822 til Bøtun i Fresvik. To av borna hans vart spedalske.
Åsa Tordtr Holstad (1784–1827) & 1808 Ove Helgeson Breisnes (1782–1854) frå Aurland fekk: Helge 1809 (plass under lnr 40a Frettheim i Arnafjord sokn), Tor 1811, Synneva 1817–81 (døydde ugift på Voll i Vik) Ola 1820 (lnr 46a Nese i Arnafjord sokn), Anders 1825 (plass i Åsberget i Arnafjord under lnr 36 Åse). Åsa og Ove var truleg først busette på ein plass i Moane-Hove, frå ca 1815 var dei plassfolk i Sande i Ortnevik. Ove vart attgift 1827 med Ragnhild Halvardtr Balvoll (1779–1839) og i 1842 med Anna Nilsdtr (1796–). Anna var dotter til Kari Perdtr (ca 1760–). Kari var i Måren då Anna vart fødd, men på Hovland i Kyrkjebø med barnet i 1801. Faren var soldat i Sæbø i Vik i 1796.
Lussi Tordtr Holstad (1796–1885) fekk Kari 1824 med Endre Olason Hagen (1801–1837) frå plass i Hagen-Bøadalen. Lussi døydde på Hopperstad. Kari 1824 gifte seg til lnr 119 Hopperstad.
Lnr 87 Holstad
3,68 spd = bnr 29/4 5,32 mark. Eigar i 1647 Munkeliv kloster, i 1723 Anna Finde, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Frikjøpt i 1774. Matrikkelskyld: 1,50 laupar i 1667, 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det: 13,5 daa bygg, 4,2 daa poteter, 2 hestar, 14 storfe, 40 smalar og 3 svin på bruket.
Dette bruket var saman med lnr 86 til ca 1650. I 1655 var Rognald på delbruket, og i 1667 var Ola Arneson Hopperstad (1638–) frå lnr 115+116 brukar. Han var der òg i 1685. I 1701 var det Jon Øysteinson Seim (1661–) frå lnr 11 som var leiglending. Vi trur han hadde sonen Ivar (Vikøyri v396). I 1711 var enkja Sigrid Oladtr (1671–1764) med tre born på bruket, og i 1718 og 1723 heitte brukaren Johannes. Så kom Ola Hermundson Tryti (1699–1741) frå lnr 105+106 til bruket. Han gifte seg 1729 med Sigrid Andersdtr Brekke (–1741) frå lnr 89 og dei fekk: Turid 1730 (lnr 16 Holane i Arnafjord sokn), Brita 1731, Simon 1732–42, Brita 1734–35, Alis 1736–40, Anders 1739. Ola og Sigrid døydde same dag i det store dødsåret 1741. I 1741 var Turid 1730 og Brita 1731 hjå Per Botolvson i Kvamsøy sokn. Difor kom Ola Andersson Brekke (1707–1797) frå lnr 89 til bruket. Han gifte seg 1742 med Kari Tordtr Sylvarnes (1725–1812) frå lnr 56+57 i Arnafjord sokn. Ola kjøpte bruket i 1774. Ola og Kari var barnlause og selde bruket i 1790 til Anders Olason Holstad (1739–1793). Han fekk Ola 1773 med Brita Ellingdtr Skjerven (1737–) frå lnr 112. Brita døydde truleg ved fødselen og Ola 1773, som i 1801 var vanfør og «av meget ring forstand», vart oppfostra på Holstad. Arven etter Anders vart delt mellom dei to søstrene hans. Dei fekk kvar 146 rdl. Ola arva altså ikkje faren. Det var Brita Oladtr Holstad (1734–1814) som overtok. Men då ho var krøpling, vart bruket frå 1795 bygsla til Endre Andersson Brekke (1765–1832) frå lnr 90 & 1796 Marta Sjurdtr Voll (1773–1854) frå lnr 81. Born: Anders 1796 (Vikøyri v032), Bendik 1798, Guri 1799–1801, Sjur 1802 (lnr 38 Nummedal), Johannes 1804 (lnr 24 Stadheim), Endre 1807 (plass 4 under Vange), Ola 1809–32, Hans 1811 (plass nord for fengslet i Røysane-Vange), Tor 1814 (lnr 81 Voll), Ola 1817 (sjå note). Endre fekk skøyte på bruket i 1812, og han skøytte det frå seg i 1831 til Bendik Endreson Holstad (1798–1888). Han gifte seg 1825 med Brita Sjurdtr Hønsi (1800–1880) frå lnr 84 og fekk borna: Inga 1823 (sjå note lnr 94 Rosheim), Endre 1826, Sjur 1829 (USA 1852), Anders 1832–1915 (ugift, heime), Ola 1835 (USA 1855), Jon 1838 (sjå lnr 124 Hopperstad), Marta 1842–44, Marta 1845 (USA 1869). Endre Bendikson Holstad (1826–1908) & 1862 Anna Johannesdtr Hopperstad (1836–1930) frå lnr 124 fekk: Brita 1863 (lnr 95b Fjærestad), Johannes 1867, Barbra 1869 (bnr 2/4 Vangshuset under lnr 6+7 Vange), Bendik 1872 (bnr 26/17 Hove, så bnr 6/28 Teigum på Ovrisdalen), Marta 1876 (Vangshuset under lnr 6+7 Vange). Endre tok over bruket i 1864 og skøytte det frå seg i 1903. Johannes Endreson Holstad (1867–1937) & 1904 Gyrid Ellenddtr Holstad (1865–1940) frå lnr 85 fekk: Endre 1907–07, Anna 1909. Anna Johannesdtr Holstad (1909–1991) & 1933 Ole Amundson Hopperstad (1900–1988) frå lnr 117 fekk: Gerd 1933 (Bøvågen i Nordhordland), Johannes 1939, Anfinn 1941 (Voss), Jermund 1943 (Brumunddal på Hedmark), Einar Asbjørn 1946, Olaug 1948 (Nesttun ved Bergen, sjå bnr 40/87 Moane-Grov). Anna hadde òg: Synneva 1930–89 (Lindås i Nordhordland) med Anders Karlson Voll (1910–1995), sjå bnr 39/20 Hatlekolo. Anna fekk skøyte på bruket i 1935, men skøytte det over på Ola året etter. Johannes Olason Holstad (1939–2005) dreiv bruket 1974–95. Han var ugift. Einar Asbjørn Olason Holstad (1946–) & 1986 Linda Vibeke Nilsen (1954–) frå Bergen har: Herbjørn 1987, Endre 1989, Synnøve 1991.
Ola Endreson Holstad (1817–) & 1843 Åsa Oladtr Stedje (1815–) frå lnr 64 reiste til Amerika i 1844.
Plassen Myri under Holstad. Av forliksprotokollen for 1809 går det fram at plassen låg under lnr 85. Endre Andersson Skjørvo (1752–1819) frå lnr 114 & 1792 Brita Johannesdtr Seim (1750–1814) frå lnr 11 var på denne plassen i 1801. Dei hadde ikkje born. I 1809 sa Jon Holstad opp Endre frå plassen, men måtte i forliksmøte lova å ferda ut ny festekontrakt.