Føli

Fyli (fyli); Følini (ca 1320), Fullene (1522), Follene (1563), Føllene (1567), Følle (1603, Følenn (1611), Føllie (1647), Føelle (1667) Følij (1723), Fyli (1838, 1863), Fyli (NG, VIK). Slektsnamnet er mest Følid.

På garden Føli var det prestebruk for Tenål-kyrkja før 1300. Men omkring 1340 hadde neppe kyrkjesokna aust i bygda eigen prest. Under øydetida vart denne delen av Føli prestebolgods. Då kom også garden Åsen inn under prestebolbruket på Føli. I 1522 var det to bruk på Føli, i 1567 var det tre, og det siste varde fram til sist på 1600-talet. Prestebolbruket var på ca 3 laupar, eitt bruk på ca 3 laupar var privatgods og eitt på 1,5 laupar var eigd av Kongen. Det godseigde bruket vart delt ca 1690 til det som seinare vart lnr 19 og lnr 22. Omkring 1791 vart halvparten av prestebolbruket teke til sete for presteenkja Dorthea Krog. I 1838 fekk denne delen lnr 20 og den andre halvparten lnr 21. Det var no blitt fem bruk på Føli. I åra 1849–1870 vart alle bruka på Føli sterkt oppstykka. Mykje jord gjekk over til andre namnegardar, og omkring 1880 var berre 27 % av matrikkelverdien av Føli i hendene til bønder og småbrukarar på Føli.

Følisbruka hadde først på 1800-talet mykje jord på Teigane i Ovrisdalen. På denne jorda kom det husmannsplassar og deretter småbruk. Dei er omtalte under Teigum. Øydegarden Åsen kom inn under Hove.

I 1603 finn vi Per, Mons og Lasse på Føli. I 1611 var leiglendingane: Anfin, Elling og Amund, og i 1635: Eirik, Knut og Ola Ellingson. I 1645 var brukarpara: Eirik og Torbjørg, Arne og Gjertrud og Ola og Gyrid Andersdtr. I 1655 dreiv Tollak eit bruk på 3 laupar, medrekna Åsen verdsett til ein laup. Ola Einarson dreiv bruket til Kongen og Ola Ellingson dreiv det tredje bruket.

Lnr 19 Føli

3,78 spd. Kongen var eigar i 1647, i 1723 arvingar av Jens Christoffersen, deretter Daae-ætta. Sjølveige frå 1802. Matrikkelskyld: 1,5 laupar i 1647 og 1667, 1,63 laupar i 1723, 1788 og 1838. I 1845 var det: 9 daa bygg, 3,2 daa potet, 2 hestar, 5 storfe, 35 smalar og 2 vinterfôra svin på bruket.

Bruket var udelt frå 1645 til 1864. I 1645 var det Arne og Gjertrud som var leiglendingar. I 1655 finn vi Ola Einarson på bruket. Vi veit at han var gift med Gjertrud Ottedtr Tenål og at ho var enkje etter Arne. Otte var son til adelsmannen Ingebrigt Tenål, og etter han var det stor eige i Frønningane og som Ola selde på vegne av adelsslekta. Gjertrud hadde neppe søner etter seg. Men på grunn av rikdom på lnr 22+23, kan vi gissa på at ho hadde ei dotter som vart gift dit. Til bruket kom Ola Tollakson (1625–). I 1667 hadde han sønene Per 1661 (Drege i Feios) og Tollak 1664. Tollak kjem bort, og til bruket kom Styrk Jonson (1650–), som vi ikkje finn i listene for Vik i 1667. Born: Anna 1680, Ranveig 1689–1747, Sigrid 1693 (lnr 8 Vange) og Gjertrud (lnr 109 Tryti). Anna Styrkdtr Føli (1680–1744) & Tor Aslakson Flete (1674–1754) frå plassen Libø i Hola under Flete i Framfjorden fekk borna: Marta 1720, Johannes 1722 og Anna 1725 (Vikøyri v074). Marta vart konfirmert 1740, men blir så borte for oss. Neste leiglendingspar bygsla bruket frå 1744. Johannes Torson Føli (1722–1796) & 1745 Brita Helgedtr Sæbø (1720–) frå lnr 0 fekk borna: Helge 1746, Anna 1748 (lnr 80 Voll), Kari 1750 (sjå note), ukjent namn 1751, Tor 1754–55, Tor 1758–1807. Helge Johannesson Føli (1746–1814) & 1776 Brita Nilsdtr Fjærestad (1748–1834) frå lnr 96 fekk: Nils 1777, Johannes 1781 (lnr 23 Føli), Elling 1785 (lnr 25 Stadheim), Brita 1788–89 og Tor 1780–1846 (døydde på legd). Nils Helgeson Føli (1777–1831) & 1816 enkja Marta Ivardtr Hønsi (1790–1823) frå lnr 82 fekk borna: Jon 1817 og Helge 1820. I første ekteskap med Jon Guttormson Tistel (1783–) hadde ho Marta 1814 som gifte seg til lnr 88b Brekke, sjå note lnr 82. Nils gifte seg på nytt i 1823 med Sigrid Endredtr Stadheim (1793–1857) frå lnr 29 og fekk Brita 1831–62. Sigrid hadde òg Sigrid 1825 (sjå note lnr 30 Stadheim) med Johannes Nilsson Vikøyri v712 (1804–). Han kom til plass 3 Sæbø. I skiftet etter Marta Ivardtr i 1823 vart bruket utlagt til Jon Nilsson Føli (1817–). Han gifte seg 1842 med Johanna Oladtr Hønsi (1820–1903) frå lnr 82 og fekk Marta 1842–42? og Marta 1843–47. Huslyden reiste til USA i 1844. Bruket gjekk til Helge Nilsson Føli (1820–) & 1845 Brita Oladtr Hønsi (1823–1914), ei syster til Johanna 1820. Born: Marta 1845 (lnr 88a Brekke), Synneva 1848–48, Synneva 1850–50, Nils 1851–52, Nils 1853, Olina 1856, Jon 1858, Synneva 1860, Ivar 1867. Helge var med på kjøp og sal av parsellar på Føli. I 1864 vart lnr 19b 0,05 spd, skilt frå, i 1868 følgde lnr 19e 0,06 spd. Ny skyld på lnr 19a var 3,68 spd. Men han kjøpte òg to små parsellar: lnr 21o og lnr 23pl. I 1874 selde han heile bruket, medrekna dei to parsellane, og reiste med kone og fire born til USA. Kjøpar var Anders Eirikson Hopperstad (1844–1890) frå lnr 122a. Han gifte seg 1874 med Brita Larsdtr Kvålen (1850–1935) frå Leikanger. Born: Marta 1872 (lnr 5 Vange), Eirik 1876, Lars 1880–82, Lars 1884 (lnr 36a Nummedal). I Anders si tid vart «Skjerpingane» og «Stølane» skilt frå, slik at bruket vart på 3,53 spd. Det fekk deretter bnr 6/1 med skyld 3,99 mark. Bnr 4/39 1,55 mark, som var frådelt bnr 4/14, kom til. Anders døydde av ein halsbyll, står det i kyrkjeboka. I 1907 vart bruket skøytt til Eirik Andersson Føli (1876–1961). Han gifte seg 1901 med Gjertrud Hermunddtr Tenål (1874–1963) frå lnr 15. Born: Brita 1901 (lnr 15** Tenål), Anna 1902 (lnr 51 Orvedal), Martha 1904–92, Helga 1906 (Oslo), Brita 1908 (bnr 12c på Teigum på Ovrisdalen), Anders 1910, Hermund 1912 (Hokksund), Inga 1914 (gift til Hellem i Lifjorden i Hyllestad, fekk Einar 1935 med Johan Ellendson Orvedal 1895–1964 frå lnr 51, sjå om Einar på bnr 6/52 under lnr 19), Emma 1915 (Nes i Sogndal, så Enebakk), Lina 1917 (Oslo), Eli 1920 (Oslo). Anders Eirikson Følid (1910–2003) tok mot bruket i 1949 og i 1966 også bnr 6/6+6/12 0,64 mark. I 1989 gjekk bruket til Erlend Olason Tenold (1937–2005) frå lnr 15a**. Han eigde frå før bnr 4/14 +4/51+ 4/71+ 4/72. I 1999 vart denne tenålseiga, og det tidlegare bruket til Anders Eirikson Føli, bnr 4/39+6/1+6/6+ 6/12, skøytt til Oddmar Erlendson Tenold (1959–) & 1980 Tone Kåredtr Nising (1961–) frå Bergen. Dei har: Kjetil 1982 (Bergen), Janicke 1985 (Hafslo), Vegard 1987 (Bergen), Liv Marie 1994. Før budde dei i Bergen.

Bnr 6/52 Jørihaugen er ei tomt fråskild bnr 6/1 i 1988 og vart busett av Einar Johanson Følid (1935–) frå lnr 19 og kårmann Anders Eirikson Følid (1910–2003) frå lnr 19.

Guttorm Olason Fosse (1753–) frå lnr 34 gifte seg 1783 med Kari Johannesdtr Føli (1750–). Dei fekk i Vik dottera Sigrid 1778. Guttorm og Kari var i 1801 på ein plass under Hovland i Årdal og hadde då fått fire born til. Sigrid vart husmannskone under Hovland.

Anna Eirikdtr Hopperstad (1850–1914) fekk Brita 1872–1949 med Elias Ellingson Vikøyri v209 (1855–1920), som sist hadde hus på bygsla grunn i Røysane-Vange og Ragnhild 1876 med Andreas Hansson Vikøyri v270 (1854–1910) som vart busett på Hirtplassen i Røysane-Sæbø. Anna med borna flytta til broren Anders på Føli. Ho døydde på stølen Hang. Brita kom til bnr 8/9 Gråsmyri i Nummedal, Ragnhild reiste til USA i 1893.

Lnr 20+21 Føli

(medrekna Åsen) I 1647 eigd av Vik prestebol 1,5 laupar og Leikanger prestebol 1,5 laupar. I 1723 eigd av Vik prestebol. Matrikkelskyld i 1667, 1723 og 1788: 3,14 laupar (av det Åsen 1 laup).

Dette bruket, med unntak av Åsen, var truleg prestegard kring år 1300. I 1647 var Eirik med kona Torbjørg leiglending og i 1667 finn vi Tollak Person (1623–) på bruket. Deretter kom Hans Mortenson Engum (1670–1750) frå Kvamsøy sokn. Han hadde ein bror som kom til Grønsberg. Hans var gift med Barbra Markusdtr (–1719) og dei hadde borna: Morten (Vetleøyri v146), Markus 1704 (lnr 7 Vange, så lnr 4 Hovland i Vangsnes sokn), Ingebrigt 1709 (lnr 51 Orvedal), Brita 1703 (Vikøyri v214), Brita 1709 (Ytre Tennefoss i Kvamsøy sokn), Randi 1712 (lnr 111 Skjørvo), Botolv 1712 (lnr 60 Refsdal). Hans vart attgift med Brita Endredtr Vange (1684–1766) frå lnr 5. Born: Anfin 1720, Barbra 1723 (lnr 69 Ovri), Per 1727 (lnr 5 Vange) og kanskje Ola 1731 (sjå note lnr 5 Vange). Anfin Hansson Føli (1720–1785) & 1753 Marta Nilsdtr Fjærestad (1728–) frå lnr 96 fekk: Brita 1756–59, Nils 1758–59, Hans 1759–62, Brita 1762 (lnr 29 Stadheim), Hans 1765 (lnr 21), Brita 1767 (lnr 22), Synneva 1770-70?, Nils 1771–71?. Etter at Anfin døydde, kravde Dorothea Krog halvparten av dette benefiserte bruket som presteenkjesete. Leiglendingsslekta heldt fram på det som i 1828 fekk lnr 21, medan vi kan rekna med at Dorothea bygde opp nye hus på lnr 20. Båe bruka fekk 1,56 laupar i matrikkelskyld.

Lnr 20 Føli

3,03 spd. Benefisert bruk, selt til proprietær i 1847. Skyld: 1,56 laupar. I 1845 var det: 7,9 daa bygg, 4,2 daa potet, 2 hestar, 8 storfe, 40 smalar og 3 vinterfôra svin på bruket.

Etter at både presten Thomas Krog og leiglendingen på det benefiserte storbruket lnr 21+20 døydde i 1785, vart det oppretta eit presteenkjesete for Anna Dorothea (Tuchsen) Krog (1732–1802), først gift Ravn. Ved teljinga i 1801 sat enkja på halvbruket saman med to døtrer frå første ekteskap, ein dreng og to tenestejenter. I 1816 var ei dotter til Anna Dorothea, Johanna Jonasdtr Ravn (1765–), framleis på bruket, men vart kalla pensjonist. I 1803 fekk Elling Ivarson Refsdal (1771–1830) frå lnr 59 bygselbrev på bruket. Ved dåp, i 1801 og i panteregisteret i 1803, var han kalla Elling, seinare også Ellend. Elling gifte seg 1800 med Brita Oladtr Gullteigane (1774–1817) frå lnr 53 og dei hadde: Ivar 1805–20, Ola 1809 (sjå note), Brita 1812 (plass 4 Vange). I 1817 gifte Elling seg på nytt med Anna Oladtr Tenål (1778–1847) frå lnr 17. Born: Brita 1818 (sjå note), Ivar 1824 (USA 1844). I 1830 fekk Anders Torson Brekke (1803–) frå lnr 90 forpakting på bruket og med kår til enkja Anna Oladtr. Anders gifte seg 1829 med Anna Hansdtr Føli (1799–) frå lnr 21. Born: Guttorm 1826, Tor 1828–29, Brita 1830, Tor 1832, Ola 1835, Ragnhild 1839, Anfin 1843–44. Anna hadde i tillegg Hans 1819–19 med Bendik Hansson Brekkehagen (1792–1862) frå Bøadalen. I 1847 selde staten bruket til proprietær Valentinsen, og han delte det mellom seg og systrene Manthey. Det var då ingen framtid for familien på bruket, men dei var kanskje på Fyli fram dei reiste til USA i 1853. Systrene Manthey sin del fekk lnr 20b med skyld 1,52 spd. Dei budde kanskje på Føli, men pakta i 1847 truleg bort jorda til Kristoffer Rognaldson Undredal (1806–) & 1835 Gjertrud Gunnardtr Hjellum (1814–), båe frå Aurland. Born: Rognald 1837, Marta 1839–39, Lars 1841, Ola 1845, Marta 1847. Huslyden var på Føli fram til 1852, då dei reiste til USA.

Systrene Manthey brukte gardparten som bytejord med hovingar for å få tak i området Kålhagen på vestsida av Hopra. Lnr 20 vart nedlagt som bruk.

Ola Ellendson Føli (1809–) & 1843 Anna Arnedtr Hopperstad (1808–1865) frå lnr 115 fekk Brita 1843. Huslyden reiste til USA i 1846. Brita Ellenddtr Føli (1818–1843) & 1843 Guttorm Rolandson Tistel (1808–1885) frå lnr 91+92 fekk Torborg 1843. Dei reiste til USA i 1843. Guttorm hadde dessutan Johanna 1831 (Seimsøyri s032, så USA) med Anna Larsdtr Vikøyri v622 (1806–1861).

***

I 1865 vart Valentinsen sine partar av Føli (lnr 20a, 22e, 21e og 23f) samla til ei eining på 2,00 spd. I 1870 vart 0,03 spd selt frå, slik at resten fekk lnr (20a, 22e, 21e, 23f)a med skyld 1,97 spd. I 1870 selde Valentinsen desse partane til Johannes Andersson Hove. I 1878 kom til frådrag (..)c på 0,12 spd til Lasse Helgeson, markastykket (..)d på 0,63 spd til Anders Endreson Hove og rettar til heime- og fjellstøl (..)e på 0,13 spd til Nils Endreson Hove. Den nye reduserte skylda på lnr (20a, 22e, 21e, 23f)a var på 1,09 spd. Denne samla gardparten fekk bnr 6/7 med ny skyld 1,35 mark. I 1949 var Ola J. Hove dy eigar. Lnr 20b, med unntak av 0,40 spd, gjekk inn i eit makeskifte med jord i Kålhagen under Hove. I 1847 skøytte difor systrene Manthey lnr 20b på 1,12 spd til Endre Olason Hove. Saman med lnr 21k vart denne parten lagt til hovudbruket på Hove og fekk bnr 26/28 Hove med Føli. I 1908 var skylda 4,12 mark. Med dei to delane b og d av lnr (20a, 22e, 21e, 23f) som hovudeige hadde Anders Endreson Hove i 1886 1,44 mark i Føli. Resten av lnr 20 vart stort sett tilleggsjord på andre namnegardar enn Føli.

Lnr (...)b + (20a+22e+21e+23f)d + (20b+21k+23l+ 79b)b =bnr 6/3+6/4+6/5 1,44 mark. Anders Endreson Hove (1842–1922) frå lnr 79b & 1879 Brita Jondtr Hove (1852–1927) frå 76b i Moane-Hove bygde opp eit bruk av parsellar. Denne eiga var kjøpt opp av faren Endre Olason Hopperstad (1801–1887) på lnr 79b Hove og skøytt i 1871 til Anders. Born: Kristina 1880 (sjå bnr 6/30), Endre 1882–1954 (ugift på Føli, USA 1900–31), Randi 1884 (sjå bnr 6/30), Jon 1886, Johanna 1888, Olav 1890 (sjå lnr 15d Tenål og lnr 189d Vangsnes), Ivar 1892 (Canada), Johan 1898–1977 (diakon, Oslo). Frå 1895 til ca 1903 pakta Anders lnr 8 Tillisch-garden på Vange. Huslyden budde der, men dreiv også jorda på Føli. Jon Andersson Føli (1886–1966) & 1922 Brita Tronddtr Huglagjerde (1877–1945) frå lnr 52b Orvedal fekk ikkje born, men Brita hadde Marie 1903 med Johan Johannesson Løvås frå Bøfjorden. Jon gifte seg på nytt med Ferdinanda Antondtr Elstad (1889–1974) frå Melbu i Lofoten og heller ikkje dei hadde born. Ved folketeljinga i 1900 vart namnet Grønbech brukt om familien til Ferdinanda, ikkje Elstad. I 1949 var skylda på bruket redusert til 1,20 mark og i 1968 til 0,95 mark. Skylda var då samla under bnr 6/4. Petter Andreasson Følid (1908–1995) pakta først bruket, men fekk kjøpt det seinare. Petter var oppfostra på bnr 6/16 0,27 mark (sjå under lnr 15b Tenål), og som han overtok etter mora. Han overtok i 1939 også bnr 4/26 Tenål 0,34 mark og bnr 6/18 0,42 mark. I 1960 vart frådelt bnr 6/32 0,10 mark. Petter gifte seg 1944 med Gunnhild Larsdtr Helleland (1917–2000) frå Feios. Dei fekk: Alvhild 1944 (Frekhaug i Hordaland), Gunnar 1946 (bnr 6/49 Føli), Lars 1949, Sølve 1950 (bnr 45/9 under lnr 9 Liktvorane), Ragnhild 1953 (Knarvik, Hordaland). Lars Petterson Følid (1949–) overtok i 1982.

Bnr 6/49 Skjerpingen er ei tomt som vart frådelt bnr 6/4 i 1973. Gunnar Petterson Følid (1946–) & 1985 Ingebjørg Hjartholm (1948–) frå Balestrand har borna: Anette 1986, Rune 1991.

Bnr 6/30 Nyheim 0,24 mark. På denne tomta, frådelt bnr 6/4 i 1923, vart busett Randi Andersdtr Føli (1884–1969) og systera Kristina 1880–1974. Dei var ugifte. Det var broren Olav 1890 som bygde hus til dei. Frå eigedomen vart det i 1961 utskilt bnr 6/33 som bustadtomt og bnr 6/34 (ein driftsbygning med litt jord, 0,10 mark, og som gjekk til bnr 26/50). I 1981 vart eigedomen overteken av Brit Unni Tordtr Stadheim Bruksjordet (1954–), Paradis ved Bergen. Bustaden er feriehus. Om faren Tor 1925; sjå bnr 5/20 under lnr 24 Stadheim.

Bnr 6/33 Bruheim 0,08 mark. Anders Endreson Brudevoll (1932–2006) & 1958 Astrid Johannesdtr Hove (1931–) frå lnr (71+73)a Hove bygde hus på staden i 1964. Dei fekk borna: Edvin 1959 (Bergen), Johnny 1960 (Stavanger), Bjarne 1962 (Sande i Gaular), Arvid 1964 (bnr 5/37, sjå sist under Føli). Anders overtok bnr 15/6 Åse i 1960, men jorda vart leigd bort.

Bnr 26/35 Føli 0,50 mark var ein parsell av Føli som kom inn under bnr 26/28 Hove med Føli, men som vart frådelt bruket i 1908. Parsellen var i 1948 eigd av Johannes Nilsson Hove på bnr 26/6 Hove. Brita Nilsdtr Hove (1884–1952) frå lnr 79b, enkje etter Johannes Johannesson Mundal (1886–1922) var eigar 1951–52 og i åra 1952–88 døtrene: Signe Wold, Sunniva Mundal og Borgny Mundal. Om Brita: sjå note under lnr 79 Hove. Enkja Brita, med døtrene Sunniva og Borgny, budd i eit hus på Hove saman med brørne Johannes 1882 og Ola 1888. Etter at brørne døydde, vart huset flytt til bnr 26/35, men berre Sunniva har budd der. I 1988 vart eigedomen kjøpt og busett av: Svein Inge Wold (1954–) frå bnr 26/50 & 1988 Anne Sissel Haralddtr Hove (1963–) frå bnr 26/48 under lnr 72. Born: Steinar 1988, Asbjørn 1991, Marit 1992, Endre 1996.

Bnr 26/50 Hagatun 0,08 mark vart frådelt bnr 26/35 i 1956 og busett av: Anders Sveinson Wold (1923–) frå bnr 1/30 i Røysane-Sæbø & 1950 Signe Johanne Johannesdtr Mundal (1918–2002). Om foreldra hennar: sjå note lnr 79b Hove. Born: Berit Johanna 1951 (Flugheim i Sogndal), Svein Inge 1954. Ein driftsbygning rett ved vart kjøpt til (bnr 6/34). I 2000 vart eigedomen skøytt til Svein Inge Wold.

Lnr 21 Føli

3,03 spd. Benefisert bruk, frikjøp i 1843. Skyld: 1,56 laupar. I 1845 var det: 6,8 daa bygg, 2,8 daa potet, 2 hestar, 8 storfe, 24 smalar og 5 svin på bruket.

Det var eldste son til leiglendingen på storbruket lnr 20+21 som vart leiglending på denne halvparten. Hans Anfinson Føli (1765–1807) & 1794 Brita Guttormdtr Tryti (1771–1844) frå lnr 107 fekk borna: Marta 1794 (lnr 74 Hove), Anfin 1797–1802, Anna 1799 (lnr 20), Synneva 1803 (Vikøyri v696, vart spedalsk) og Kari 1807 (Vetleøyri s192, sjå òg note lnr 74 Hove). I følgje den gamle bygdeboka øydelagde Hans for seg og sine med drykk og svir. Presten Thode gjekk i 1804 til forliksrådet fordi Hans hadde lete prestebolbruket forfalla, og kona Brita klaga i retten «bitterlig over hvad hun har måtte døie af sin mand». I 1806 fekk han livsvarig fengsel, men døydde året etter. Brita gifte seg på nytt 1808 med Ola Hermundson Stadheim (1763–1851) frå lnr 28. Brita og Ola fekk Hermund 1810 og Guttorm 1814–18. Brita og eit par av borna var spedalske. Smitten hadde ho med seg frå Tryti (sjå lnr 107). Hermund Olason Føli (1810–1853) & 1843 Helga Beintdtr Tenål (1816–1856) frå lnr 14 hadde ikkje born. Hermund fekk kongeleg skøyte på bruket i 1843. Ved dødsfallet av Hermund i 1853 er det innført at han var kårmann og at han hadde vore spedalsk i 10 år og at han hadde ei spedalsk halvsyster. (Det var Synneva 1803 som døydde på hospital i Bergen). Helga gifte seg på nytt 1854 med Jon Olason Lindehagen (1821–), husmannsson frå Kvamsøy sokn, og dei fekk: Ola 1853 og Hermund 1855–55. Huslyden reiste til USA i 1855. Dei var gardlause, for i 1852 hadde Hermund skøytt bruket til Ola Brynhildson Ygre (–)frå Voss. Vi kan ikkje sjå at Ola hadde huslyd i Vik. Han selde i 1857 bruket til landhandlar Hopstock og reiste frå bygda. Deretter vart bruket oppstykka i parsellar.

I 1857 selde Hopstock heile bruket ut i parsellar på auksjon, bortsett frå lnr 21a på 0,21 spd som han hadde sjølv. Lnr 21b 0,31 spd gjekk til Øystein Olason Vetleøyri ( = bnr 6/10 Hageteigen 0,40 mark), lnr 21c 0,31 spd gjekk til Rognald Olason Hove (= bnr 6/11 Åsen 0,40 mark), lnr 21d 0,24 spd kjøpte Nils Olason Vikøyri, lnr 21c 0,30 spd gjekk til proprietær Valentinsen, lnr 21f 0,08 spd til løytnant Christensen, lnr 21g 0,13 spd til Hermund Sjurson Rislåg, lnr 21h 0,42 spd til Anders Nilsson Stadheim, lnr 21i 0,17 spd til Helge Ellingson Stadheim, lnr 21k 0,10 spd til Endre Olason Hove, lnr 21l 0,13 spd til Elling Beintson Tenål, lnr 21m 0,38 spd til Alf Jonson Tenål, lnr 21n 0,03 spd til Per Johannesson Føli, lnr 21o 0,13 spd til Helge Nilsson Føli og lnr 21p 0,10 spd til kaptein Tillisch. Dermed vart heile bruket lnr 21 utsletta.

Åsen øydegard. I 1667var Åsen verdsett til ein laup. Dette var underbruk under lnr20+21. I 1858 vart parsellen frådelt som lnr 21c 0,31 spd = bnr 6/11 0,40 mark.Ved parsellsalet av lnr 21 i 1858 kom lnr 21c Åsen inn under lnr 77b Hove. Dette bruket fekk seinare bnr 26/28 Hove, og bnr 6/11 har deretter lege under dette bruket. Sjå meir under «Åsen og Hagen-Hove».

Lnr 22+23 Føli

I 1647 var bruket eigd av Anna Jensdotter Hjerman, omkring 1700 av presten Christen Henriksøn. Bruket vart delt i to like delar omkring 1705. Matrikkelskyld i 1647 og 1667: 3 laupar.

I 1611 var kanskje Elling på dette bruket, og då var det sonen Ola Ellingson Føli som var der i 1635 og 1647. Han hadde sonen Anders 1634 og truleg Alf 1650 (lnr 37+38 Nummedal). Dei to var kanskje halvbrør. I 1667 finn vi Anders Olason Føli (1634–1699) som leiglending. Kona heitte Helga Guttormdtr (–). Born: Ingeborg 1657 (lnr 37+38 Nummedal), Elling 1662, Marta 1663 (lnr 34 Fosse, så lnr 23 Føli), Gyrid 1668–1734 (ugift), Åsa 1672–1756 (gift med ein frå Hove), Ola 1674, Guttorm 1675. Anders var ein rik mann, for berre i bryllaupsgåver til borna gav han frå seg ca 220 riksdalar. Det tilsvarar verdien av to gardsbruk på denne tida. Vi kan gissa på at mor hans var ei dotter av Gjertrud Ottedtr på lnr 19, og at kapitalen dermed var arv etter adelen på Tenål. Sist i Anders si styringstid ser det ut til at storbruket vart delt. Truleg vart det delt mellom to sysken. For at det skal vera rett, må det vera ei ukjend dotter og mann hennar som kom til delbruket lnr 22, medan det var Guttorm 1675 som vart bonde på den andre halvparten (lnr 23).

Lnr 22 Føli

3,25 spd. Eigar i 1723 var arvingar etter Ludvig Munthe, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Skyld 1,5 laupar. Leiglendingsbruk fram til 1856, då det vart sett i parsellar. Data for 1845: 5,6 daa bygg, 1,8 daa potet, 2 hest, 8 storfe, 24 smalar, 4 svin.

På dette halvbruket finn vi i 1701 Eirik Arneson (1630–) med sonen Arne 1684. Ein annan son, Tollak 1672, kom til lnr 9 Seim. Eirik var truleg innflyttar til bygda. Han var 54 år då han fekk sonen Arne. Kona, Anna Nilsdtr (-1707) må ha vore langt yngre. Vi gissar på at han først var gift med ei dotter til den tidlegare rike leiglendingen på storbruket. Arne vart leiglending på lnr 33 Fosse, og ein son til storbonden kom inn som leiglending: Ola Andersson Føli (1674–1769). Vi veit berre om eitt barn: Elling 1710. Elling Olason Føli (1710–1756) & 1740 Marta Helgedtr Sæbø (1718–1787) frå lnr 0 fekk borna: Gyrid 1741–42, Gyrid 1742–65, Elsebe 1745–63, Brita 1748 (til plass i Hola, Seljadalen), Synneva 1750 (Vikøyri v980), Ola 1751–52, Ola 1753–66, Helge 1755. Marta vart attgift 1757 med Helge Sjurson Rislåg (1730–1794) frå lnr 54. Helge skal ha vore oppfostra på Seim. Born: Brita 1758 (lnr 40 Vetle-Nummedal) og Lussi 1763–63. Helge vart attgift 1790 med Åsa Oladtr Fosse (1744–1805) frå lnr 34. Dei hadde ikkje born. Helge Ellingson Føli (1755–1814) & 1792 Brita Anfindtr Føli (1767–1797) frå lnr 20+21 hadde: Marta 1791, Gyrid 1793–1843, Elsebe 1796 (Vetleøyri s172). Brita drukna i elva etter å ha krangla med kårkona Åsa. Helge vart attgift 1802 med Anna Beintdtr Tenål (1756–1823) frå lnr 14. Enkja Anna gifte seg på nytt i 1822 med Nils Person Vange (1760–1862) og flytta til lnr 5 Vange. Marta Helgedtr Føli (1791–1849) gifte seg 1817 med Elling Ivarson Rislåg (1786–1862) frå lnr 55. Han fekk bygsel på bruket i 1823. Marta og Elling hadde borna: Anna 1818 (til plass på bruket), Brita 1821–44 (sjå note lnr 18a Tenål), Helge 1827, Jon 1830 (USA 1864, sjå òg note lnr 74 Øvre Hove ), Ivar 1835 (husmann i Balestrand). Etter at Helge 1827 hadde vore på sjukehus i 48 dagar, søkte fattigkommisjonen i 1841 fylket om å få dekka opphaldet, men med unntak av kostnaden til eit par sko som dei sjølve refunderte. Denne karen reiste til USA i 1854 og fleire sysken følgde etter. Borna til Elling ville ikkje, eller hadde ikkje økonomisk grunnlag for å bruka forkjøpsretten sin då bruket skulle seljast. Eigaren Adolf C. F. Daae selde bruket i 1856 i parsellar.

Lnr 22a 0,95 spd gjekk til Ola Sjurson Refsdal, lnr 22b 0,90 spd til Ola Ellingson Tenål, Lnr 22c 0,55 spd til Ola Olason Orvedal, Lnr 22d 0,55 spd til Hermund Sjurson Rislåg, Lnr 22e 0,15 spd til proprietær Valentinsen, Lnr 22f 0,10 spd til koparslagar Ola Dahl og lnr 22g 0,05 spd til Elling Jørgenson Vetleøyri. Lnr 22a var den største parten og låg på Teigane på Ovrisdalen og hadde truleg tidlegare vore busett som husmannsplass. Også lnr 22e låg der. Etter sal av to svært små parsellar, fekk lnr 22a bnr 6/20 med skyld 1,23 mark. Denne parten kom i 1866 inn under lnr 61 Refsdal. Sjå vidare under Teigum på Ovrisdalen. Lnr 22c vart i 1866 delt og lnr (22c)1 fekk bnr 6/21 med skyld 0,39 mark. I 1930 vart Arne Helgeson Teigum eigar. Lnr (22c)2 fekk bnr 6/22 og hadde i 1949 Jakob Grov som eigar. Lnr 22b vart i 1874 skøytt over på Ivar Ivarson Tenål. I 1865 vart lnr 22f, 22g og (23a)l samla i bnr 6/23 med skyld 0,14 mark og med distriktlege H. M. Meyer som eigar. Seinare vart også denne samlinga delt i to. Med 22d som den største delen sat Lasse Helgeson Røyrvik i 1886 samla med 5 parsellar i ulike bruk på Fyli.

Husmannsplass under lnr 22. Jon Olason Tenål (1816–) frå lnr 18 & 1843 Anna Ellingdtr Føli (1818–) var husmannsfolk på Føli frå om lag 1847. Då Anna var frå lnr 22, trur vi plassen kan ha vore her. Born: Ola 1844, Botolv 1847, Brita 1849, Johannes 1852–54, Ragnhild 1855–62, Johanna 1857, Åsa 1860. Ved folketeljinga i 1865 vart huslyden førd opp som husmannsfolk under bruket til sjøkaptein Valentinsen på Hove, lnr (74a+75+78). Dei kan likevel ha vore på ein parsell han hadde kjøpt av Følisbruket. Jon og Anna utvandra frå Føli med 4 born i 1867.

Nytt bruk på Føli. Med delar av lnr 22 som det viktigaste sat Lasse Helgeson Røyrvik (1836–1899) frå i 1886 samla med 5 parsellar i ulike bruk på Føli. Dette nye småbruket var på 1,34 mark og var samansett av bnr 6/6, 6/9, 6/12, 6/14, 6/16 og 6/19. Lasse vart 1871 gift med Jensina Oladtr Sæbø (1846–1909) frå lnr 1+4 av Tuchsen-ætt. Born: Sitona Katrina Vedo 1872–1951, Hansina 1874 (bnr 1/43 i Røysane-Sæbø. så lnr 70a Ovri), Johanna 1875 (sjå note), Ola 1877, Helge 1879 (bnr 26/12 i Moane-Hove), Anders 1881, Eli 1884–1916 (Bergen). Jensina 1886–1965, Fredrik 1889–97. l åra 1871–77 var Lasse og Jensina busette på Hove. Bruket vart delt mellom to søner.

Bnr 6/9+6/13+6/14+6/15+6/19, til saman 1,35 mark. Ola Lasseson Føli (1877–1961) var gift med Sissel Jensdtr Eri (1881–1976) frå Lærdal. Born: Leif Johan 1906, Anna 1909–16, Jens 1913 (Askøy). Ola var postpakkemeister i Bergen og dreiv såleis ikkje bruket. Det vart overteke av Leif Johan Olason Følid (1906–1966) som også budde i Bergen. Han var gift med Marie Charlotte Jensdtr Halvorsen (1911–2000). Born: Sissel Laila 1942, Ole André 1948. Marie bygde eige hus på garden i 1973. I 1974 vart eigedomen overteken av Ole André Følid (1948–), som var i Vik 1988–91, men som flytta til Røyse i Buskerud. Bnr 6/15 vart i 2001 skilt ut som tomt for ei syster til Ole: Sissel Laila Høie (1942–).

Bnr 6/35 Solbakken er tomt frådelt bnr 6/14 i 1964. Fredrik Sjurson Tenold (1929–1996) frå lnr 17a & 1949 Svanhild Marie Kristiandtr Lerum (1923–2003) frå Sogndal bygde hus i 1964. Dei var barnlause. Fredrik og Svanhild dreiv bnr 4/4 (sjå lnr 17 Tenål) til 1952, deretter bruket til Anders Lasseson Føli (bnr 6/6+6/12) fram til 1966. Eigedomen er kjøpt av Pål Skaugerud (–) frå Elverum.

Bnr 6/6+6/12 0,64 mark. Denne gardparten vart overteken av Anders Lasseson Føli (1881–1969). Han var ugift og dreiv bruket saman med Sitona 1872. I år 1965 vart bruket kjøpt av Anders Eirikson Føli, slik at det kom saman med bnr 6/1.

Johanna Lassedtr Føli (1875–) fekk Sverre 1909–19 med Ingebrigt Andersson Rislåg (1875–1962) frå lnr 55b. Fattigstyret vedtok at Ingebrigt skulle betala kr 50 per år i barnebidrag. Johanna vart jordmor i Vik.

Lnr 23 Føli

3,25 spd. Eigar i 1723: arvingar etter Ludvig Munthe, deretter Anders Daae og Daae-ætta. Skyld 1,5 laupar. Leiglendingsbruk fram til parsellsal i 1854. I 1845 var det: 5,6 daa bygg, 1,8 daa potet, I hest, 6 storfe, 22 smalar og 2 svin på bruket.

Guttorm Andersson Føli (1675–1748) frå lnr 22+23 vart leiglending på denne halvparten av storbruket. Kona hans heitte Eli (1676–1737). Ei syster til Guttorm hadde gift seg til Fosse, og så gjorde Guttorm gardbyte og han og Eli flytta til Fosse. Ingebrigt Olason Fosse (1661–1731) frå lnr 34 & Marta Andersdtr Føli (1663–1742) frå lnr 22+23 fekk: Anders og Endre (plass på Teigum på Ovrisdalen). Ingebrigt var innerst i Nummedal i 1701. Anders Ingebrigtson Føli (1698–1758) & 1732 Alis Perdtr Orvedal (1691–1735) frå lnr 51 fekk: Ingebrigt 1736 (lnr 197 Vangsnes), Jens 1739 (Vetleøyri s086), Marta 1734–34. I 1735 står det i kyrkjeboka at dette ekteparet ikkje har «levet hidtildags som ægtefolk burde», men kva problemet var veit vi ikkje. Anders flytta truleg til Seimsøyri og fekk Ola 1751 utan at vi veit om han vart gift på nytt. Ein ny leiglending flyttar inn. Presten Anders Daae gav Eirik Helgeson Rislåg (1714–1754) frå lnr 55 & 1743 Sigrid Jondtr Nummedal (1713–1780) frå lnr 36 bygsla. Dei fekk borna: Jon 1743, Ivar 1745 (konfirmert 1765, truleg død før 1801), Brita 1748 (Eitorn i Leikanger), Helge 1751 (sjå note) og Ragnhild 1754–58. Sigrid vart attgift 1761 med Johannes Ingebrigtson (1729–1793). Johannes var neppe frå Vik. Paret hadde ikkje born. Jon Eirikson Føli (1743–1807) & 1776 Synneva Oladtr Hove (1745–1828) frå lnr 72 fekk borna: Ragnhild 1777 (plass 1 Vange), Eirik 1779, Sigrid 1782 (død før 1801), Ola 1785 (Vikøyri v798) og Johannes 1789. Eirik Jonson Føli (1781–1816) var neste leiglending på bruket. Han fekk som ungkar Anna 1810–10 med Solveig Jondtr «Vikøyri» (1783–1836), sjå Vikøyri v304. Men han gifte seg 1815 med Gjertrud Håkondtr Voll (1782–1834) frå Lærdal. Dei hadde sonen Jon 1815 (Vikøyri v502). Eirik miste livet i ei hogstulukke, og Gjertrud gifte seg opp att 1817 med Johannes Helgeson Føli (1781–1827) frå lnr 19. Born: Eirik 1818–19, Eirik 1819–19, Helge 1820–23, Helge 1823–25, Brita 1827 (Vikøyri v216). Johannes Jonson Føli (1789–1852) var neste leiglending. Han var ein bror til Eirik 1779. Johannes gifte seg 1828 med Alis Perdtr Stadheim (1799–1852) frå lnr 30. Born: Synneva 1828, Jon 1830 (v516), Per 1833, Eirik 1836, Anders 1838, Johannes 1841. Borna vart foreldrelause i 1852. Dei måtte greia seg sjølv, bortsett frå Johannes som vart sett bort på Stadheim. Innan 1867 hadde alle borna reist til USA. Per Johannesson Føli (1833–1903) gifte seg 1859 med husmannsjenta Inga Tomasdtr Hatlekolo (1829–1909) frå plass nr 2 og dei hadde borna: Johannes 1856, Hermund 1859, Brita 1862. Huslyden reiste til USA i 1864. Men Per hadde ikkje fått leiglendingskontrakt. Det er uklart korleis han livberga seg etter han gifte seg. Eigaren Nils Leganger selde bruket på auksjon i 1854, og det vart delt på fire kjøparar. Deretter vart parsellane splitta vidare opp. Som for lnr 21 var det ei total utsletting av bruket.

Helge Eirikson Føli (1751–) & 1780 Marta Oladtr Fosse (1750–) frå lnr 34 kom til Vestreim på Leikanger.

***

Lnr 23a 1,26 spd gjekk til landhandlar Hopstock, lnr 23b 1,19 spd til Ola Nilsson Sæbø, lnr 23c 0,57 spd (seinare bnr 6/23) til Ole Dahl og lnr 23d 0,13 spd til Asle Sveinson Voll. I 1858 selde Hopstock sin del ut i 11 småparsellar. Dei fekk lnr 23e til lnr 23p. Ny skyld på lnr 23a var berre 0,08 spd. I 1858 var lnr 21d og 23d samla i ein part som seinare fekk bnr 6/12 Hesjesletta med skyld 0,51 mark og med eigar på Vikøyri. Lnr 23b2 vart bnr 6/25 0,51 mark med eigar Anfin L. Refsdal. Lnr 23e2 = bnr 6/26 0,36 mark fekk Johannes Jonson Hove som eigar. Lnr 23b1 og lnr 23k utgjorde seinare ein viktig del av bnr 5/2 Stadheim. Fleire løpenr av 21 og 23 var slegne saman. Lnr 21l+23m = bnr 6/16 0,27 mark vart kjøpt av Petter Beintson Tenål og vart seinare busett av Guri Petterdtr Tenål (sjå under lnr 15b Tenål). Lnr (21m+23n)a fekk seinare bnr 6/17, var på 0,42 mark, og var i 1932 eigd av Anders Eirikson Tenål. Også bnr 26/28 Hove og bnr 26/29 Hove hadde parsellar av Føli.

Bustadhus på Stadheim-grunn

To tomter av bnr 5/2 «Stadheim med Føli» er busette:

Bnr 5/37 Følidsåkeren. Busett av kommunelege Jørn Hetzger (1960–) frå Bath, Bromsted i Tyskland & 1995 Birgith Adam (1960–) frå Tyskland. Dei flytta frå Vik i 1995 og vart skilde i 1996. Han bur i Ålesund. Huset vart kjøpt av: Arvid Andersson Brudevoll (1964–) & sb Hilde Kjelldtr Espeland (1969–) frå Hatlevegen 2 i Prestberget. Dei har: Helga 2000, Johanne 2001, Solveig 2004, Målfrid 2007.

Bnr 5/39 vart frådelt 1997. Oddvar Olafson Hove (1961–) frå bnr 41/48 på Vikøyri-vest & sb Gunhild Marie Kristendtr Sætre (1963–) frå Feios har: Linda Marie 1996. Oddvar var ei kort tid eigar av hus nr 102 på Vetleøyri.