Vetle-Nummedal

I 1645 er Lasse på eit bruk på 0,5 laup med lensmann Anders Stadheim som eigar. Bruket vart då ført opp under Nummedal. I eit manntal frå same tid finn vi ikkje Lasse, men Nils + Marita og Kristen + Marita. I 1655 finn vi to brukarar: Lasse og Olasom båe dreiv bruk på 0,5 laup. Anders Stadheim var eigar av 0,5 laupar og Hovekyrkja eigde like mykje. «Lasse» må vera Lasse Ingebrigtson Nummedal som var gift med Gullef frå Årdal. Ho vart i ei hekseprosessak i 1658–61 dømt til å forlata bygda. Fleire fekk store bøter for å ha nytta seg av trolldomskunstene hennar. Lasse reiste kanskje frå bygda saman med Gullef.

Frå 1650 og frametter må det ha vore to brukarar i Vetle-Nummedal, men i 1701 og i langt tid etterpå var det berre ein bonde på garden.

Lnr 40 Vetle-Nummedal

2,23 spd. Eigar i 1723 var Anna Finde med 1,0 laup og Hove kyrkje med 0,13 laup. Skyld i 1723, 1788 og 1838: 1,67 laupar. Frikjøpt i 1787 og 1810. I 1845: 4,2 daa potet, 9,3 daa korn, 2 hestar, 11 storfe, 40 smalar og 2 svin.

I 1701 finn vi berre ein bonde i Vetle-Nummedal: Ola Johanson (1644–). Han var truleg frå lnr 10 Seim. Deretter var Ingebrigt Nilsson Åse (–1728) frå lnr 59 & Eli Sjurdtr (1674–1727) på bruket. Ho døydde barnlaus og hadde arvingar i Arnafjorden. Deretter kom ein bror til Ingebrigt til bruket, Rognald Nilsson Åse (1670–1743) gift med Eli Oladtr (1688–1755). Ho var kanskje ei dotter til Ola 1644. Born: Ragnhild 1713 (lnr 13 Tenål), Ola 1718. Ola Rognaldson Nummedal (1718–1785?) & 1750 Ingeborg Andersdtr Nummedal (1721–1800) frå lnr 37+38 var neste leiglendingspar. Born: Rognald 1751–52, Eli 1753 (lnr 18 Tenål), Brita 1754–55, Rognald 1758–59, Anders 1759, Brita 1761 (plass lnr 48 Åse). Anders Olason Nummedal (1759–1828) & 1782 Brita Helgedtr Føli (1758–1816) frå lnr 22 fekk borna: Ola 1783–86?, Marta 1785, Helge 1789–89, Ola 1789–89, Ingeborg 1790 (lnr 36 Nummedal), Lussi 1792 (lnr 77 Øvre Hove), Eli 1795–1832 (ugift i Nummedal). I 1787 fekk Anders kjøpt den delen som Anna Finde hadde eigd, 1,0 laupar. Det var Marta 1785 og mann hennar som vart verande på bruket. I 1809 og 1810 vart heile bruket skøytt over på Marta Andersdtr Nummedal (1785–1851) & Hermund Olason Stadheim (1773–1839) frå lnr 28 og som dermed vart sjølveigarar. Born: Ola 1804, Anders 1807 (sjå note), Ola 1810 (USA 1844), Brita 1815 (USA 1846), Helge 1818–39, Endre 1823 (USA 1845), Hermund 1826–43? (ugift, heime). Helge drukna i Botolvfossen. Det må vera Ola Hermundson Nummedal (1804–1884) & 1837 Guri Ingebrigtdtr Hove (1810–1906) frå lnr 73 som overtok drifta utan å få skøyte på bruket. Dei hadde borna: Brita 1834, Anders 1838, Helge 1841, Marta 1843–44, Ola 1845, Hermund 1847. Ingebrigt 1850. Dei reiste alle til USA i 1853. Av dei tinglyste papira frå 1853 går det fram at Marta Andersdtr (med verje) skøytte bruket til Ola, og at bruket deretter vart selt i to delar. Den største delen, lnr 40a på 4,03 spd gjekk til Sjur Person Berdal (1822–1882) på lnr 72 Hove og lnr 40b på 0,29 spd gjekk til Ola Ivarson Hove (1824–1883) på lnr 77 Øvre Hove. Same året delte Sjur frå meir enn halvparten av sin del, lnr 40c 2,23 spd, til Anders Andersson Nummedal. Husa i Nummedal må ha lege på denne parten, og Anders og huslyden hans busette seg på parsellen.

Eli Andersdtr Nummedal (1795–1832) fekk Brita 1818 med Ola Andersson Nummedal (1789–1831) på lnr 38. Brita kom til lnr 41b Grønsberg.

Anders Hermundson Nummedal (1807–1886) & 1843 Agata Ivardtr Hove (1824–1902) frå lnr 73 Hove fekk: Ola 1840, Hermund 1843. Dei var innerstar på bruket til dei reiste til USA i 1844.

Lnr 40c Vetle-Nummedal 2,23 spd. Anders Andersson Nummedal (1815–) & 1845 Anna Jondtr Holstad (1817–) frå lnr 86 kom til dette bruket i 1853 etter å ha selt lnr 36 i Nummedal. Dei reiste til USA i 1865 med fire born. Bruket vart då skøytt over på kaptein Christen Christensen. Ved folketeljinga i 1865 finn vi at det berre var eitt bruk på Vetle-Nummedal som var busett – av ei tenestejente som sikkert budde der for å ta seg av buskapen på 6 kyr og nokre smalar for kapteinen. (Jenta var Kari 1835, ei dotter til husmann Arne Guttormson Fosse på Teigum. Ho vart seinare husmannskone på Bruavoll.)

Bruket vart på nytt delt ved sal: Lnr 40c 1,09 spd gjekk til Hans Monsson Seljestø og lnr 40d 1,12 spd til Hermund Olason Turvoll. Skøytene vart tinglyste i 1867. Men av matrikkelarbeidet i 1863 går det fram at Hans og Hermund alt då var deleigarar av lnr 40c. Samla kunne parsellen då fø: 1 hest, 5 kyr, 2 ungfe, 24 smalar og 2 svin.

Lnr 40c* 1,09 spd = bnr 9/3 1,50 mark. Brukarpar på denne delen vart Hans Monsson Seljestø (1835–1892) frå lnr 42 & 1866 Kari Ellenddtr Kinni (1837–1918) frå lnr 56. Born: Nilette 1865 (sjå note), Anna 1870 (lnr 13b Tenål), Marta 1873–1960 (ugift), Karen 1875 (Bergen), Ellend 1879. Hans hadde òg Anna 1863 (sjå note lnr 64b Stedjeberget) med Ragnhild Jondtr Moane-Vange (1831–1900) på plass nr 1 Vange. I 1905 skøytte enkja Kari bruket til sonen Ellend Hansson Nummedal (1879–1956) & 1894 Anna Oladtr Stadheim (1870–1950) frå lnr 32. Born: Hans 1904, Ola Leonard 1906 (lnr15a** Føli), Karen 1908 (Langeteig, Vetlefjorden), Ingvald 1910 (bnr 64/20 under lnr 46b Nese i Arnafjorden), Arne 1913 (bonde i Rendedal i Vetlefjorden). I 1949 vart bruket skøytt over til Hans Ellendson Nummedal (1904–2002) & 1927 Helga Jondtr Myrkaskog (1905–1995) frå lnr 43a. Born: Marie 1926 (Sogndal), Einar 1930, John 1934 (ugift, i ei stove på bruket), Anne 1939 (lnr 66 Hallrynjo). Bruket vart i 1973 overteke av Einar Hansson Nummedal (1930–) & 1954 Inga Ivardtr Midlang (1936–) frå lnr 93b Espesete. Born: Halvard 1952 (Voss), Laila 1957 (Kent i England), Ove Ingvar 1959, Edit Irene 1961 (Hatlevegen 9 i Prestberget, skilt, så bnr 97/37-15 Tråna på Vangsnes), Hildegunn 1970 (lnr 13a1 Tenål). I 1991 vart bruket skøytt til Ove Ingvar Einarson Nummedal (1959–) & 1982 Bente Kristendtr Fosse (1962–) frå lnr 187a Vangsnes. Born: Angelika Marie 1986, Karoline 1994, Maud 1996, Marion 1996.

Nilette Hansdtr Nummedal (1865–) fekk Hansina 1892 med Sjur Jonson Åse (1860–1942) på bnr 15/3. Fattigkommisjonen fastsette kor mykje Sjur skulle betala årleg heilt fram til jenta var 15 år. Sjur prøvde å få utlegga reduserte, men fekk avslag. Nilette og Hansina reiste til USA i 1910.

Lnr 40d 1,12 spd = bnr 9/4 1,50 mark. Første eigar var Hermund Olason Turvoll (1815–) frå lnr 46, men han vart ikkje busett her. Han utvandra i 1875 og selde parten til Markus Torson Hove (1849–1920) frå bnr 26/16 i Moane-Hove & 1875Synneva Sveindtr Voll (1853–1897) frå lnr 80. Dei bygde opp eit småbruk, men overtok så halvparten av farsbruket til Synneva, lnr 80b Voll, og flytta til dit. I 1878 vart småbruket kjøpt av Sjur Jonson Grønsberg (1858–1928) frå lnr 41a. Han sat som eigar i 17 år. Han gifte seg i 1876 med Brita Helgedtr Turvoll (1852–1940) frå lnr 46. Sjur selde bruket i 1894 til broren Anders og overtok farsbruket på Grønsberg. Om born: sjå lnr 41a Grønsberg. Anders Jonson Grønsberg (1866–1952) frå lnr 41a & 1893 Brita Nilsdtr Ovri (1869–1949) frå lnr 69 fekk borna: Jon 1894–1919, Brita 1900–87 (ugift), Nils 1903, Gyri 1903–93 (ugift). I 1938 vart bruket skøytt over på Nils Andersson Nummedal (1903–1968) & 1935 Kristina Guttormdtr Nummedal (1911–2003) frå lnr 37. Born: Brita 1936 (Bogstad, Sørkedalen i Oslo, sjå hus nr 62 Vikøyri), Jon 1939, Gudny 1946 (Øvste Hopperstadmarki i Prestberget, så Naustdal i Sunnfjord), Berit 1947 (Kvam i Sogndal). Bruket gjekk i 1968 til Jon Nilsson Nummedal (1939–) & 1963 Ellis Eliassen (1942–), fødd Dale i Vaksdal, voks opp på Dalsøyra i Gulen. Dei fekk Nils Kåre 1963. I 1991 vart bruket overteke av Nils Kåre Jonson Nummedal (1963–) & 1986 Liv Taulen (1966–) frå Vossestrand. Born: Jonny 1987, Preben 1991. Bruket blir onna av naboar.

Skulehuset låg i Nummedal. Innflytta lærarar på Seljadalen måtte leiga seg hus i dalen. Dei fleste var berre ei kort tid. Unntak er Gullak Jensson Hest (1856–1932) frå Bjordal i Kyrkjebø, gift 1883 med Anna Andersdtr Bjordal (1863–1945). Han var her 1876–97 og budde med huslyd på dette bruket. Born: Aletta 1885–85, Anders 1887–1977, Jensina 1892–1980, Aletta 1896–1977. Familien flytta til garden Bjordal. Borna vart busette i Bjordal.

Bnr 9/5 Vetle-Nummedal 1,02 mark. Etter at Sjur Person Hove hadde selt frå lnr 40b var lnr 40a* på 1,80 spd. Dette vart omforma til bnr 9/1 2,03 mark. Denne delen vart i 1875 skøytt over på den 15 år gamle guten Per Sjurson Hove (1860–) frå lnr 72. Den kjende bygdepolitikaren Peder Undi var verje for Per Sjurson under kjøpet. Men heller ikkje Per busette seg på gardparten. Han utvandra frå Hove i 1879, men var framleis eigar. Båe då og tidlegare er det uklart kven det var som dreiv jorda. I 1891 fekk Jon Hermundson Undi fullmakt frå Per Hove til å selja gardparten. Då var bnr 9/5 på 1,02 mark delt frå til Nils Sjurson Hove (1857–1920). Han var bror til Per og sat med farsbruket på Hove. Denne parten vart drivne frå Hove til han i 1894 vart seld til Hans Hermundson Myrkaskog (1858–1912) frå lnr 43b & 1883 Olina Andersdtr Vetleøyri s016 (1858–1944). Dei busette seg på staden. Born: Inga 1883–1964 (ugift i Nummedal), Marta 1886 (Grøneng i Balestrand), Hermund 1889–89, Hermund 1890 (USA 1906), Anna 1893 (USA 1910), Gjertrud 1895 (USA 1912), Synneva 1897 (Gjerde i Balestrand), Anders 1899, Hanna 1903 (sjå note), Borghild 1906–06. I 1923 overtok Anders Hansson Nummedal (1899–1970) & 1924 Helga Helgedtr Følid (1902–1943) frå Guhaugen i Moane-Hove. Born: Hans 1926 (Tønsberg), Unni 1929, Helge 1931 (Holmestrand), Olina 1933–77, Gudmund 1936, Elbjørg 1939–94, Sverre 1941–41, Hilmar Sverre 1943. Bruket vart overteke i 1959 av Hans 1926. Han var flytta frå bygda. Bruket har frå ca 1940 vore drive frå bnr 9/3. Hans Andersson Nummedal (1926–) & Anne-Lise Hynne (1932–1995) har borna: Helga 1959, Thor Anders 1962, Per Olaf 1964. I 1974 vart bruket skøytt til Thor Anders Hansson Nummedal (1962–) & sb Anett Kaale (1966–). Born: Ada 1995, Viktor 1998, Lea 2000. Dei bur i Oslo.

Hanna Andersdtr Nummedal (1903–1979) & 1938 Olav Botolvson Øksdal (1904–1942) frå lnr 2 fekk Bjarne 1941. Dei budde i Nummedal. Olav døydde i ei skyteulukke under anleggsarbeid. Hanna med Bjarne flytta i 1948 til lnr 2 Øksdal i Vangsnes sokn, same året som Bjarne fekk skøyte på bruket. Hanna dreiv så bruket, frå 1953 saman med sonen.

***

Resten av lnr 40a* var like stor som bnr 9/5 og fekk i 1886 bnr 9/1 med skyld 1,02 mark. Eigar var Ola Endreson Hove (1828–1901). Han hadde gift seg med Kari Nilsdtr, enkja etter Sjur Person Hove. Dei hadde hus og eit lite uthus på ein liten jordpart på Hove. I 1898 skøytte Ola Endreson bnr 9/1 til Synneva Sjurdtr Hove, ei dotter til Kirsti. Deretter kom parten inn under bnr 26/28 Hove (lnr 79b). Vi ser at av fem bruksnummer i Vetle-Nummedal vart tre busette: bnr 9/3, 9/4 og 9/5. I dag er berre bnr 9/3 aktivt gardsbruk.

Plass under lnr 40. Hermund Eirikson Grønsberg (1809–1863) frå lnr 41 kom i 1854 med huslyd til Vetle-Nummedal som husmann. På Grønsberg hadde Hermund vore gardbrukar på lnr 41a. Kanskje flytta huslyden inn i hus i Nummedal som stod tomme etter utvandring. Det gjekk ikkje så bra på husmannsplassen heller, for i åra 1856–63 fekk Hermund støtte av fattigkassa og i 1858 var det borna hans som fekk støtte. Hermund var gift med Brita Oladtr Øvstedal dy (1811–1890) frå lnr 44. I 1865 finn vi på plassen enkje Brita Oladtr med borna: Inga 1838–75, Brita 1841–81, Olina 1847–87 og Eirik 1850–82. På plassen hadde dei då ei ku, ein sau og ein gris. Enkja Brita fekk fattighjelp i lang tid og vart legdeslem. Ho døydde på Turvoll. Borna døydde alle som fattige, einslege folk på Seljadalen. Plassen vart truleg lagt ned kring 1880.