Turvoll
Turvoll (turrvådl): Toerrewoldt (1603) Torrewold (1611), Tuoruold (1647), Toruold (1667) Turrevold, Turvold (1723), Thurevold (1838), Turevold (1863), Turrvold (NG), Turvoll (VIK).
Skyld for den samla garden: i 1647 og 1667 2,0 laupar, i 1723 2,67 laupar.
Turvoll finn vi først oppført i skattelistene i 1611. Då hadde bruket som Jon var på 2 laupar i landskyld, og Apostelkyrkje-godset var eigar. I 1626 var det Anders og Kari som var der. Born: Randi og Anders 1625. I 1645 var Kari gift på nytt med Amund Nilsson (1595–). Dei hadde i 1667 sonen Nils 1643. I 1701 er desse folka borte. I tillegg til brukaren Hermund Markusson finn vi då ei tenestegut på 12 år, Ola Torgeirson. Han kom seinare til Sæbø.
Hermund Markusson Hopperstad (1653–1727) frå lnr 117+118+121 var av rik ætt, og han kjøpte bruket på Turvoll. Han gifte seg seinare med enkja Helga Jondtr Tenål og vart leiglending på lnr 15 på Tenål. Hermund selde i 1711 Turvoll til ein tidlegare son til Helga: Helge Olason. Pengane plasserte han i eit bruk i Sæbø. Helge Olason Tenål (1682–1734) frå lnr 15 gifte seg med Anna Alfdtr Store-Nummedal (–1778) frå lnr 37+38. Anna hadde ei syster Helga, som var gift med Johannes Olason Tenål, ein bror til Helge. Helga og Johannes kom til Fjærestad. Dei hadde sonen Alf, som vart husmann i Hola på Seljadalen. Helge og Anna Turvoll hadde: Ola 1710, Alf 1712 (lnr 41 Grønsberg), Endre 1714, Anders 1717–56, Ingeborg 1719 (lnr 122 Hopperstad), Hermund 1720–71, Helga 1725 (lnr 47 Bruavoll), Ola 1725, Anna 1729–30, Ingebrigt 1733. Ingeborg og Ola Johannesson Fjærestad var svært så nærslekta. Då dei skulle ha eit barn saman, fekk dei likevel kongeleg løyve til å gifta seg. Men då barnet Anna 1749 døydde, fann dei likevel ut at dei ikkje ville gifta seg. Då fekk Ola Fjærestad bot for ikkje å ha retta seg etter løyvet! Sønene til Helge og Anna var det mykje uro med. Det galdt særleg Hermund. Enkja Anna hadde lite tru på sønene sine, men i 1751 skøytte ho halve garden til Ola 1710. Den andre halvparten dreiv ho sjølv fram til 1761, då bygsla ho halvbruket til sonen Ingebrigt. Han fekk ikkje kjøpt bruket, og nokre år seinare reiste familien til Nordhordland. Etter at mora Anna døydde i 1778, vart den andre halvparten av Turvoll skøytt over på Ola 1725.
Gjest Matiasson (1657–) var innerst på Turvoll i 1701. Vi veit om sonen Samson 1698 som vart husmann i Hagen-Bøadalen og Matias 1701 som kom til Vikøyri v678.
Lnr 45 Turvoll
2,28 spd = bnr 12/1 2,90 mark. Sjølveigd. Skyld: i 1788 1,33 laupar, i 1838 0,89 laupar. I 1845 var det 2,8 daa potet, 5,5 daa korn, 1 hest, 6 storfe, 16 smalar og 4 vinterfôra svin på bruket.
Dette var den halvparten av bruket som enkja Anna Turvoll hadde hand om og som Ingebrigt Helgeson Turvoll (1733–) & 1763 Brita Endredtr Stadheim (1729–) frå lnr 27 dreiv. Dei hadde borna: Helge 1764 og Endre 1767. Ved skiftet etter Anna vart bruket skøytt over til Ola Helgeson Turvoll dy (1725–1785) & 1751 Eli Andersdtr Nummedal (1727–1802) frå lnr 37+38. Dei to var syskenborn og måtte ha løyve for å gifta seg. I 1763 finn vi desse to som husfolk på Grønsberg på bruket til broren Alf. Ola og Eli hadde: Anders 1751, Anna 1758 (konfirmert 1775, plass Grønsberg), Helge 1761–1841 (ugift, døydde som legdslem), Anna 1764 (plass på området Hola under lnr 18 Flete i Arnafjorden), Alf 1765 (plass Hola, Seljadalen), Brita 1765 (Vetleøyri s170). Anders Olason Turvoll (1751–1817) & 1779 Åsa Eirikdtr Fosse (1748–1838) frå lnr 33 hadde: Eirik 1779–79, Ola 1781, Anna 1783–1842 (ugift på Turvoll), Eli 1787–87, Eli 1788–88, Eli 1789 (plassen Haugen under Turvoll), Eirik 1793 (lnr 38 Nummedal). I Anders og Åsa si eigartid må 0,44 laupar av bruket blitt selt til lnr 46. Ola Andersson Turvoll (1781–1838) & 1806 Elsebe Lassedtr Voll (1784–1824) frå lnr 80 overtok bruket i 1811 Born: Anna 1806–06, Anders 1807, Anna 1809, Åsa 1811–28, Anna 1814 (lnr 38 Nummedal), Lasse 1816–16, Lasse 1820, Elsebe 1824 (sjå note lnr 43 Myrkaskog). Men Lasse 1820 kom til Bakka i Gudvangen. «Lasse på Skjerpingane» er det skrive. Han var difor truleg på bruket Skjerpe i Nærøy sokn. Før Lasse reiste hadde han fått ein gut, Ola 1845, med Inga Oladtr Turvoll (1822–) på lnr 46. Sjå òg Vikøyri v670. Ved skiftet etter Ola Andersson i 1838 vart bruket utlagt til Anders Olason Turvoll (1807–1894) & 1839 Anna Johannesdtr Sæbø (1816–1859) frå lnr 2. Born: Ola 1839, Johannes 1841, Elsebe 1843–48. Huslyden reiste til USA i 1845. Bruket vart selt til Ellend Olason Turvoll (1812–1894) frå lnr 46 & 1844 Inga Oladtr Øvstedal (1816–1893) frå lnr 44. Born: Ola 1843–45, Ola 1849, Inga 1846–67, Ola 1852–52, Synneva 1854. Ellend kom kanskje ikkje godt ut av det med sonen Ola og i 1878 skøytt han bruket over på Ola Lasseson Turvoll (1845–1914) & 1877 Birte Nilsdtr Myrkaskog (1847–1926) frå lnr 43a. Ola 1845 hadde truleg vokse opp på lnr 46, der mora var frå. I 1880 tok Synneva Ellenddtr bruket på odel, og Ola med huslyd flytta til Myrkaskog. Av ein eller anna grunn vart ikkje bruket skøytt til Synneva, men til det eldste barnet, Inga Eirikdtr Turvoll (1875–). Synneva må likevel ha vore brukar. Synneva Ellenddtr Turvoll (1854–1928) & 1876 husmannsson Eirik Lasseson Orvedal (1852–1939) hadde borna: Inga 1875, Torbjørg 1877, Ellend 1880, Nils 1882–84, Olina 1883, Brita 1888–88, Brita 1891. Huslyden reiste til USA i 1893. Men alt i 1887 vart bruket delt ved at bror til Synneva, Ola 1849, overtok halvparten, lnr 45b.
Lnr 45a Turvoll 1,18 spd = bnr 12/1 skyld 1,50 mark. Denne delen av bruket vart driven vidare av Synneva og Eirik. I 1886 vart eit lite stykke (bnr 12/7 0,08 mark) skilt frå til Ola Helgeson Turvoll på lnr 46. Før dei reiste til Amerika hadde dei sikkert selt sitt halvbruk i fire betar. Men formell skylddeling kom først i 1897. Bnr 12/8 0,27 mark kom under 13/1 Øvstedal og seinare 2/15 Vange, bnr 12/9 0,23 mark under 13/4 Øvstedal og bnr 12/10 under bnr 12/1 Turvoll. Hovuddelen, ny bnr 12/1 0,91 mark, gjekk til Nils Olason Myrkaskog (1870–1964) frå lnr 43a & 1894 Gunhild Jondtr Grønsberg (1870–1964) frå lnr 41a. Born: Olav 1894 (Oslo), Gyrid 1895 (USA), Jon 1898 (Oslo, seinare Rakkestad i Østfold), Birte 1900, Brita 1902 (Voss), Anna 1904 (Reimegrend på Voss), Ragna 1906 (Oslo). På Voss fekk dei: Gunhild 1909 (Bordalen på Voss), Ingebjørg (ugift tenar), Sigurd 1911(overtok bruket), Marie 1914 (var heime). I 1900 vart Nils ført opp som bonde og snikkar, men han dreiv mest med dagsarbeid hjå bøndene. Huslyden hadde vanskeleg for å greie seg, og småbruket vart selt i småbitar og ca 1907 reiste dei til Vele i Bordalen på Voss. Mykje av salet skjedde alt i 1901. Då kom bnr 12/1 0,40 mark under bnr 28/5 Hønsi, bnr 12/11 vart kjøpt av Synneva Holen og bnr 12/13 0,32 mark kom under bnr 9/3 Vetle-Nummedal. Jon Sjurson Grønsberg (1877–1957) frå lnr 41a & 1908 Synneva Knutdtr Holen (1878–1960) frå bnr 2/6 Hola på Seljadalen flytta inn i den vesle stova. Dei fekk 8 born: Knut 1902 (Feios), Ola 1905 (Aurland), Brita 1909 (bnr 1/65 under bnr 1/35 på Vetleøyri), Sjur 1911 (Vikøyri v914), Helge 1914 (lnr 12 Seim), Johannes 1916 (Aurland), Anna 1919 (bnr 1/124 på Vikøyri-søraust), Jon 1922 (lnr 15k Tenål). Jon fekk i tillegg Johanna 1908–12 og Anna 1925 (til bnr 1/131 på Skulejordi-Sæbø) med Gjertrud Jondtr Seljestø (1888–1974). Jon Sjurson var skomakar, gardsarbeidar, vegvaktar. Huslyden flytta til lnr 15k Tenål ca 1920.
Bnr 12/11 Tuftene 0,15 mark vart busett av Synneva Jondtr Holen (1878–1968) og broren Anders Jonson Holen (1870–1961) frå Hola på Seljadalen. Anders var skreddar. Han fekk Inga 1892 med Marta Tollakdtr Fosse, sjå meir under lnr 35a+34b Fosse. Anders reiste til USA i 1893 og var der i 20 år. Husa er ikkje busette i dag. Eigar var i 1968 Sverre Martinson Holen (busett på bnr 4/59 Seljestokkane, Tenål).
Lnr 45b Turvoll
1,10 spd = bnr 12/2 1,40 mark. Ola Ellendson Turvoll (1849–) frå lnr 45 & 1881 Brita Jondtr (1850–) fekk borna: Ellend 1881, Endre 1883–83, Sigrid 1884, Inga 1887–87, Synneva 1889–90, Synneva 1891–92, Inga 1892–92. Brita 1850 var dotter til husmannsdtr Sigrid Nilsdtr Brunnadn-Refsdal, gift til lnr 44c Øvstedal. Huslyden reiste til USA i 1893. Denne delen vart kjøpt og busett av Eirik Hermundson Øvstedal (1868–1943) frå lnr 44c & 1893 Synneva Bendikdtr Eitorngjerde (1858–1921) frå Leikanger. Eirik dreiv i unge år med skreppehandel. Born: Brita 1893 (Vaksdal i Hordaland, fekk Synneva 1921 med Kristian Kristianson frå Spydeberg, arbeidar i Framfjorden og då busett på Le), Gyrid 1895–1982 (var tenar ulike stader i Vik), Hermund 1898, Birte 1902 (bnr 41/4 under Villastrøket-Sjøtun), Olav 1904 (USA 1927). Hermund Eirikson Turvoll (1898–1943) & 1931 Kari Perdtr Marstad (1902–1990) frå Selbu tok mot bruket i 1931. Born: Synneva 1932 (Hokksund), Petra 1934 (Kongsberg) og Einar 1941 (Hokksund). Kari gifte seg opp att 1948 med enkjemann Endre Torson (Stadheim) Brudevoll (1903–1987) på lnr 47b. Kari og Endre styrde kvart sitt bruk etter giftarmålet. Dei flytta seinare saman i leigd husvære i Sæbø (der Vikjatunet er i dag). Einar Hermundson Turvoll (1941–) & 1967 Jorunn Hagen (1945–2004) frå Hokksund overtok bruket i 1966, men bur i Hokksund. Born: Line 1968 (Hokksund), Hege 1974 (Hokksund). I 2005 vart bruket skøytt til Line Einardtr Turvoll (1968–) & Knut Inge Fossli (1967–) frå Hokksund. Born: Endre 1991, Sindre 1993. Jorda er leigd bort.
Lnr 46 Turvoll
4,54 spd = bnr 12/3 6,54 mark. Sjølveigd. Skyld: i 1788 1,33 laupar, i 1838 1,78 laupar. I 1845 var det 4,2 daa potet, 11,1 daa korn, 2 hestar, 16 storfe, 40 smalar og 4 vinterfôra svin på bruket.
Etter delinga av Turvoll var det den eldste sonen til Helge Turvoll som overtok denne delen. Ola Helgeson Turvoll de (1710–1780) fekk i 1740 bygsel på Grønsberg og gifte seg der i 1741 med Mari Endredtr Kvamme (1710–1749) frå Kvamsøy sokn. Dei fekk fire born som alle døydde små og Helge 1746 (sjå lnr 41 Grønsberg). I 1746 fekk Ola rett til halve bruket av Turvoll og skøyta vart tinglesen i 1751. Men alt i 1750 var han komen tilbake til Turvoll og hadde gift seg med Marta Ellenddtr Refsdal (1729–1764) frå lnr 61. I 1765 gifte Ola seg for tredje gong med Marta Sjurdtr Myrkaskog (1737–1786?) frå lnr 43. Enkja Marta gifte seg opp att i 1781 med Jon Person Stadheim (1720–1802) på lnr 24+25 og flytta til hans bruk. Med andre kona hadde Ola 1710 borna: Mari 1751 (død før konfirmasjonsalder), Ellend 1753–53, Brita 1754 (plassen Reset under lnr 36 Nummedal). Med den tredje hadde han: Marta 1766 (lnr 60 Refsdal), Sjur 1767–67, Anna 1772 (plass i Refsdal) og Sjur 1776 (lnr 83 Hønsi). Helge Olason Turvoll (1746–1811) & 1781 Synneva Oladtr Åse (1754–1829) frå lnr 50 hadde: Ola 1782, Ola 1784 (lnr 28b Stadheim), Marta 1787 (lnr 39 Nummedal), Jon 1790 (lnr 49 Åse), Gyrid 1794 (lnr 70 Ovri), Anna 1798 (lnr 3 Øksdal i Vangsnes sokn). Ola Helgeson Turvoll (1782–1861) & 1807 Synneva Guttormdtr Hønsi (1780–1853) frå lnr 83 fekk skøyte på bruket i 1820. Born: Synneva 1807–09, Helge 1810, Ellend 1812 (lnr 45), Hermund 1815 (plass under Turvoll), Inga 1822 (lnr 43 Myrkaskog). Ola fekk i tillegg Marita 1802 med ei Ingeborg Oladtr. Ingeborg var truleg ikkje frå Vik, men var tenestejente i bygda. Barnet voks opp i Handal i Ytre Sogn. Sist på året 1819 hadde presten Kielstrup spurt Ola kvifor han hadde gravlagt eit dødfødt barn utan å melda frå til prest eller klokkar. Då hadde Ola blitt rasande, han fekta med knytte nevar framfor ansiktet til presten og banna og svor på at dette var løgn. Ola fekk ei saftig bot for oppførselen sin. Men om Ola hadde utført misgjerninga får vi ikkje greie på. Helge Olason Turvoll (1810–1904) gifte seg i 1835 med Anna Johannesdtr Voll (1810–1863) frå lnr 80. Born: Brita 1833–1833, Ola 1835, Johannes 1840 (lnr 79a Hagen-Hove), Helga 1844–44, Synneva 1846 (lnr 79 Hove), Brita 1852 (lnr 41a Grønsberg). I 1835 fekk Helge skøyte på bruket. Enkjemannen Helge Turvoll gifte seg opp att i 1866 med Brita Tollakdtr Vikøyri v953 (1818–1897). Ola Helgeson Turvoll (1835–1907) gifte seg i 1859 med Anna Oladtr (Åse) Hove (1837–1905) frå lnr 79a Hagen-Hove, kalla Bakk-Anna. Ho var jordajente, og Anna og Ola styrde bruket i Hagen-Hove i om lag 10 år. Dei tok over bruket på Turvoll i 1870 og overlet lnr 79a til Johannes 1840. Born: Helge 1859, Karen 1863 (sjå note lnr 6+7 Vange, ei dotter Karen 1884 til lnr 36c Nummedal), Anna 1867 (lnr 34a Fosse), Johanna 1872 (lnr 35a+34b Fosse), Olina 1874 (Vikøyri v674). Helge Olason Turvoll (1859–1947) gifte seg i 1881 med Ranveig Jondtr Grønsberg (1855–1934) frå lnr 41a og overtok bruket i 1889. Helge og Ranveig hadde: Anna 1881 (lnr 38 Nummedal), Ola 1883, Gyrid 1885 (sjå note lnr 39 Nummedal). Ola Helgeson Turvoll (1883–1955) overtok bruket i 1918 og gifte seg i 1919 med Brita Oladtr Stokkebø (1887–1974) frå lnr 123 Hopperstad. Born: Helge 1920, Johanna 1923 (Flåm), Olaf 1925 (lnr 8 Vange). I tillegg fekk Ola sonen Anders 1911 (lnr 8 Vange og bnr 7/6 Fosse) med Anna Sjurdtr Grønsberg (1899–1970) frå lnr 41a. Gjennom lengre tid hadde lnr 45 blitt oppdelt, og fleire av desse delane hadde etter kvart kome inn under bruket til Ola. I 1939 vart skylda på bruket sett ned, men 1940 vart følgjande bnr av det tidlegare lnr 45 lagt inn under bruket: 4, 5, 7, 10 og 14. Ny skyld for bnr 12/3 var etter dette 5,66 mark. Helge Olason Turvoll (1920–1998) tok mot bruket i 1949 og gifte seg 1955 med Helga Oladtr Refsdal (1930–2003) frå lnr 58. Born: Olav 1955, Hildur 1957 (bnr 41/68 på Vikøyri-vest), Bente 1960 (Øvste Hopperstadmarki nr 11), Odd Bjarte 1962 (bnr 97/188 i Sinklesteinviki på Vangsnes). Helge skøytte frå seg bruket i 1991. Olav Helgeson Turvoll (1955–) & 1998 Bjørg Johannesdtr Granheim (1970–) frå Tolga i Østerdalen har: Elin 1995, Hanne 1999.
Plassen Haugen. Denne plassen vart først kalla Furehaugen, deretter Haugen. Namnet Furehaug finn vi nemnt i samband med ei rettssak mot Hermund Helgeson Turvoll. På ein ulovleg sildehandel hadde han med seg Ola Ellingson «Furehaug». Ola Ellingson (1713–1781) & 1740 Randi Oladtr Fjærestad (1717–) frå lnr 96 fekk: Ola 1741-41, Gjøa 1742-1814 (ugift), Elling 1744–1805 (ugift, tenar i Finnabotnen i 1801), Johannes (Bergen), Anna (gift med Anders Samsonson Vikøyri v896), Mari 1751 (v346), Anders 1754 (døydde truleg før konfirmasjonsalder). Etter 1762 må huslyden ha flytta til Vikøyri v760. Ola vart attgift 1775 med Kari Eirikdtr Nissestad (1738–) frå lnr 14 i Arnafjord sokn og dei fekk Randi 1775 (som levde i 1805).
I eit manntal frå 1763 finn vi Nils Johannesson med kone som husmenn på Turvoll. Det må vera Nils Johannesson Seljestø (1726–) frå lnr 42 & 1761 Lussi Guttormdtr Gildhus (1732–). Dei fekk Johannes 1761. Nils hadde frå før Anders 1750 (Vikøyri v068) med Synneva Andersdtr «Seim» (1719–) og Johannes 1754 med Åsa Johannesdtr. Huslyden flytta til Vikøyri v706 etter 1763.
Jon Johannesson (–) & 1785? Ragnhild Andersdtr Hallrynjo (1754–1825) frå lnr 66 var husmannsfolk på Turvoll. Born: Lasse 1781 (lnr 47 Bruavoll), Gyrid 1788 (ukjend seinare), Anders 1790 (Vikøyri v052), Johannes 1794 (Vikøyri v476), Ola 1798 (Vetleøyri s172). Jon er ikkje identifisert, men var kanskje ei gut som vart konfirmert i Vik i 1779 og som dermed skulle vera fødd ca 1761. Ragnhild var husmannsenkje då ho døydde. Lasse 1781 var fødd som uekte på Hallrynjo. Familien kom ikkje med i teljinga i 1801. Av kyrkjeboka går det fram at plassen heitte Haugen. Staden kan vi ikkje påvisa i dag, men «Haugaåkern» høyrde nok inn under plassen. «Haugasteinen» ligg høgare oppe. Haug-namnet følgde folka som kom til Øyri.
Ved folketeljinga i 1825 var det på nytt folk på ein husmannsplass under Turvoll. Det må vera Eilif Kristofferson Vikøyri v600 (1793–) & 1818 Eli Andersdtr Turvoll (1789–) frå lnr 45. Born: Ola 1817 (sjå under Vetleøyri s194), Anders 1819–22, Sigvor 1821–22, Kristoffer 1823–23, Anders 1823–23, Sigvor 1823–23, Anders 1824, Sigvor 1826, Kristoffer 1830. Far til Eilif var frå ein plass under Øvstedal, mora Sigvor Eilifdtr (1764–1795) var frå lnr 74 Øvre Hove. Ved folketeljinga i 1801 var Eilif Kristofferson hjå bestefaren Eilif på Hove. I 1845 utvandra Eilif Kristofferson, kona Eli og borna Anders og Sigvor frå Turvoll.
Nye folk på plassen var Hermund Olason Turvoll (1815–1877) & 1846 Synneva Nilsdtr Hove (1816–1904) frå bnr 26/16 på Moane-Hove. Hermund var frå lnr 46 på Turvoll som plassen låg under. Born: Ola 1843, Kari 1845, Synneva 1850 og Nils 1856. Hermund hadde i tillegg Ellend 1839 med Ingeborg Jondtr Åse (1815–1908) frå lnr 49. Ellend reiste til Amerika frå Åse i 1861. Kari Hermunddtr Turvoll (1845–) fekk Ola 1873 med Jon Andersson Jordalen (1847–) frå Vossestrand. Ved teljinga i 1865 var det ikkje korn, men 1,1 daa potet, 2 kyr og 10 smalar på plassen. Hermund eigde ei tid parsellen lnr 40d Vetle-Nummedal. Alle i huslyden reiste til USA, dei fleste i 1875.