Store-Nummedal
Nummedal (nummedal): Naumudal, Naumudalæ (ca 1320), Nummedal, Numedal (1563), Nommedall, Nomedall (1567), Nummedall (1647), Numedal (1838), Nummedal (1603, 1611, 1667, 1723, 1863, NG, VIK).
I 1603 og 1611 sat Jon og Ola som leiglendingar i Nummedal. I 1635 er det Halvar og Amund som var der, og på eit nytt bruk finn vi Knut. I 1645 og 1647 var brukarane: Johans og Anna Perdtr på eit bruk på 1,25 laupar og med Apostelkyrkja som eigar, Halvar og Marita med 1,25 laupar og med Lektoratet i Bergen som eigar og Amund og Barbra med 2,5 laupar og der Kongen og Børge Juel eigde 1,25 laupar kvar. Eit bruk som er komne til, fører vi over til Vetle-Nummedal. I 1655 var bruket til Amund delt: Amund og Anders Torsteinson dreiv 1,25 laupar kvar og Kongen og Børge Juel delte eiga. Ola dreiv eit bruk på 1,87 laupar der Lektoratet eigde 1,25 laupar og Apostelkyrkjegodset resten. Anders Olason dreiv eit bruk på 0,75 laupar med Apostelkyrkja som eigar. I 1667 var brukarane: Endre Anfinson, Anders Torsteinson, Ola Johanson og Anders Olason. Anders Olason (1662–) dreiv eit lite bruk på 0,67 laup. Han hadde sønene Johan 1657 og Ellend 1662, men vi trur likevel at dette bruket vart nedlagt seinare på 1600-talet. I matrikkelen for 1665 finn vi ein merknad om at under Store-Nummmedal var det ein plass kalla Gråsmyri med landskyld til Kongen på ein laup. Men etter synfaring i 1703 vart skylda sett ned til 0,5 laupar. Dette kan vi ta som eit prov på at Gråsmyri var ei øydegard som var komen inn under Nummedal, og her fekk ei utsett nedskriving av matrikkelskylda. I protokollen for matrikkelarbeidet i 1723 blir det stadfesta at Kongen berre eigde 0,5 laup i Stor-Nummedal. I 1701 finn vi fire brukarar: Jon Olason, Alf Olason, Anders Torsteinson, Ivar Andersson. Vi trur at Anders no hadde eit lite kårbruk og at Ivar dreiv sjølve bruket. I 1711 var Alf leiglending og hadde kone, to born og ei tenestejente. Jon hadde kone, eitt barn og ei jente i løn. Ivar hadde kone og to born. I 1718 var Jon, enkja, Anders og Ivar leiglendingar. Enkja kan ha hatt eit kårbruk. I 1723 var det tre brukarar: Jon, Anders og Ivar Andersen. Ut frå dette trur vi at det frå siste på 1600-talet var det tre bruk i Nummedal. Dei tilsvarar lnr 36, lnr 37+38 og lnr 39.
Lnr 36 Store-Nummedal
4,33 spd. Eigarar: Kongen og Børge Juel i 1655 med til saman 2,1 laupar, i 1723 Kongen 0,50 laupar og sjølveige 1,25 laupar. Skyld: 2,0 laupar i 1655, 2,25 laupar i 1667, 1,75 laupar i 1723, 1788 og 1838. Bruket er medrekna Gråsmyri, som fekk nedsett matrikkelskyld i 1703 frå 1,0 til 0,5 laupar. Sjølveige frå 1753 og 1767. I 1845: 3,5 daa potet, 12,3 daa korn, 3 hestar, 12 storfe, 30 smalar og 6 vinterfôra svin.
I 1645 finn vi Amund og Barbra som brukarar. Dei dreiv då 2,5 laupar, men i 1655 var eininga delt i lnr 36 og lnr 39. Neste brukar på halvbruket var Endre Anfinson (1634–1697) med sønene Ingebrigt 1662 og Nils 1665. Endre ser ut til å hatt ein del leigejord. Endre vart truleg tidleg enkjemann. Han gifte seg på nytt med Anna Hermunddtr Hopperstad (–1727) frå lnr 123. Ho hadde kanskje bygslingsrett til lnr 5 Vange, og huslyden flytta dit. Jon Olason (1650–) var neste brukar. Kona hans var Ragnhild Tordtr Ovri (–) dy frå lnr 67+68. Dei hadde i 1701 sønene: Anders 1691, Ola 1697 og Endre 1699. Vi veit òg om to ugifte døtrer: Anna 1677–1742 og Marta 1683–1759. Anders Jonson var med i den store nordiske krigen og kom frå det med livet. Ola 1697 var ungkar. Han døydde i 1761 ved å detta utfor ein bergskrens med ei høybør. Om Anna 1677 vart det ved dødsfallet skrive i kyrkjeboka: «som udi hendes sinds uroelighed var gåen oppå fjeldet for at hendte eet slags farve-græs kaldet javne, og der mueligens døde af frost». I 1711 var det kome ein ny brukar: Jon Olason Tenål (1684–1743) frå lnr 15. Bruket var i 1723 på 1,75 laupar der han sjølv eigde 1,25 laupar og Kongen 0,50 laupar. I følgje den gamle bygdeboka hadde han kjøpt sin del av kaptein Brun i Bergen. Jon hadde problem med å betala. Han skulda på at eit forferdeleg fjellskred hadde teke husa og øydelagt jord, slik han var ei utarma mann og difor ikkje kunne betala for seg. I retten fekk han ikkje medhald. Dermed miste han sjølveiga. Jon var truleg gift med Ragnhild Tordtr Åse (1694–1775) frå lnr 48+49. Dei hadde borna: Sigrid 1713 (lnr 23 Føli), Ola 1717, Eli 1720 (Vestreim, Leikanger), Arne 1726 (lnr 34 Fosse), Helga 1730 (Rud i Eitorn krins på Leikanger). Ola Jonson Nummedal (1717–1786) & 1752 Marta Hermunddtr Refsdal (1721–1809) frå lnr 60 vart sjølveigarar ved skøyter i 1753 og 1767. Dei hadde: Sesilia 1751 (lnr 41 Grønsberg), Jon 1759, Hermund 1763 (lnr 68 Ovri), Guttorm 1766 (lnr 34 Fosse). I 1803 var Jon Olason Nummedal (1759–1812) & 1785 Åsa Ellenddtr Åse (1762–) frå lnr 48 brukarar. Det var då ein husmann under bruket. Born: Ragnhild 1786 (plass under lnr 48 Åse), Anders 1789, Eli 1792 (lnr 43 Myrkaskog), Hermund 1796–1803, Ola 1799–99, Ola 1802–49. Ola 1802 vart spedalsk, og det var truleg årsaka til at han tidleg tok kår under bruket. Kanskje hadde han likevel to born: Jon 1838 med Brita Markusdtr Hovland (1807–1885) frå lnr 4b i Vangsnes sokn og Eli 1846 med Anna Tollakdtr Vangsnes (1806–1869), sjå plass under lnr 47a Bruavoll. Anders Jonson Nummedal (1789–1849) & 1811 Ingeborg Andersdtr Vetle-Nummedal (1790–1851) frå lnr 40 tok over bruket i 1809. Born: Jon 1812, Anders 1815, Ola 1818–19, Åsa 1819 (lnr 86 Holstad), Ola 1823–25, Brita 1825 (lnr 51 Orvedal), Brita 1828 (USA 1855), Marta 1833 (lnr 43b Myrkaskog). Anna Guttormdtr Gullteigane hadde vore i teneste hjå Anders, men på grunn av stadige utskjellingar hadde ho slutta. I 1824 gjekk ho til forliksrådet for å få ut løn ho hadde til gode. Oppgjerdet vart: 3 alen vadmål til ei trøye, arbeidspengar til trøya og 5 alen strie til ein serk. I 1816 hadde Anders vore i slagsmål med Hermund Olason på lnr 40 Vetle-Nummedal og mishandla han så han var «helselaus». Saka hamna i retten. I 1845 fekk Jon Andersson Nummedal (1812–1900) skøyte på bruket. Men då han var ugift, selde han det i 1851 til broren Anders Andersson Nummedal (1815–) & 1845 Anna Jondtr Holstad (1817–) frå lnr 86 mot å få kår. Kårytinga til Jon varde altså i 49 år! Anders og Anna fekk: Jon 1847, Ingeborg 1851, Ragnhild 1852, Olina 1857. Dei selde bruket i 1858 og kjøpte ein del av Vetle-Nummedal, lnr 40c, og budde der til dei i 1865 reiste med borna til USA. Kjøpar av bruket var sersjant Anders Sjurson Feidje (1822–1907) & 1850 Synneva Jensdtr Håum (1830–1893), båe frå Feios. Dei kom frå lnr 123 Hopperstad. Born: Ingeborg 1850 (sjå note lnr 61 Refsdal), Sjur 1852, Jens 1855–55, Jens 1856, Eli 1859, Anders 1862, Sjur 1864, Jon 1867, Jon 1869, Randi 1871. I 1871 skilde Anders frå to gardpartar, lnr 36b 0,50 spd og lnr 36c 0,52 spd. Resten, lnr 36a på 3,31 spd, selde han i 1875 til Johannes Steinsland. Bruket vart altså tredelt. Anders reiste til USA med kone og 8 born i 1875.
Lnr 36a Nummedal
3,31 spd, i 1877 2,27 spd = bnr 8/1 3,17 mark. Johannes Monsson Steinsland (1833–1913) gifte seg i 1870 med Anna Jakobdtr Nedre Helland (1835–1887), båe frå Modalen. Dei hadde pakta lnr 18cd Flete i Arnafjord sokn før dei kom til Nummedal. Born: Anna 1871 (lnr 79b Hove), Jakob 1873, Sigrid 1875–77. Kårytingane var store på denne tida. I 1875 hadde såleis kårmannen Jon Andersson to kårkyr på dette delbruket. I 1877 selde Johannes frå ein større del, lnr 36d 1,04 spd, slik at han sjølv sat at med eit småbruk på 2,27 spd. Johannes dreiv bruket saman med sonen i nokre år. I 1907 skøytte han det til denne sonen, Jakob Johannesson Nummedal (1873–1957). Jakob skøytte det same året til Lars Andersson Føli (1884–1963) frå lnr 19 mot kår i bruket. Jakob flytte til Hove til syster si. Lars 1884 gifte seg i 1913 med Hansina Nilsdtr Fosse (1887–1970) frå lnr 33. Born: Anders 1913–41 (sjå bnr 68/1 Finnen i Arnafjord sokn), Nils 1917–79 (Bergen), Bjarne 1924–91 (Drammen), Synneva 1928. Bruket vart overteke 1953 av Synneva Larsdtr Nummedal (1928–) & 1962 Anders Jonson Steinheim (1921–1993) frå Lærdal. Born: Liv Hansina 1963 (Skien) og Arne Sven 1965. Arne Sven Andersson Steinheim (1965–) overtok bruket i 1991.
Lnr 36b Nummedal 0,50 spd = bnr 8/2 0,70 mark. Denne delen vart kjøpt i 1871 av reingjetar Kristoffer Knutson Tvete (1828–) frå Eidfjord i Hardanger & 1850 Ingeborg Tomasdtr Hatlekolo (1826–) frå plass 2 under bnr 39/21. Dei hadde borna: Knut 1850, Katarina 1853–53, Ola 1855, Tomas 1858–58, Brita 1864. Kristoffer bygde opp eit småbruk som i 1865 hadde: 0,5 daa bygg, 2,1 daa poteter, 2 kyr, 10 smalar og 2 svin. I 1876 selde Kristoffer bruket til Ola Jonson Moane-Hove (1845–1925) frå lnr 76b og reiste til USA med kone og dei tre yngste borna. Ola, som brukte etternamnet Mo, vart gift 1870 med Ingeborg Kristendtr Undredal (1850–1940). Ho var frå plassen Hatlehaugen under Torsnes i Sværefjorden. Ola og Ingeborg kom frå ei forpakting på lnr 24 Stadheim. Born: Kristina 1871 (USA 1898), Jon 1873 (USA 1893), Anders 1874-1906 (USA 1893, fekk Anders 1906 med Monsina Anfindtr Nummedal frå lnr 38 etter ei kort vitjing i Vik), Randi 1879 (USA 1900), Johan Peter 1883, Guri 1885 (Tune i Ortnevik), Gyrid 1887 (USA 1904). Sonen Johan Peter Olason Nummedal (1883–1962) & 1911 Ingeborg Hansdtr Bø (1885–1968) frå lnr 103a hadde: Harald 1912, Ingeborg Karoline 1918. Det var Ingeborg Kristendtr som sat med heimelen. I 1928 skøytte ho bruket til sonesonen Harald Johanson Nummedal (1912–1991). Bruket vart overteke av Ingeborg Karoline Johandtr Nummedal (1918–). Det har ikkje vore i drift etter 1980. Det er brattlendt og er no beite.
Lnr 36c Reset 0,52 spd = bnr 8/3 0,72 mark. Dette småbruket låg på Reset og var truleg ein tidlegare husmannsplass. Ola Monsson Seljestø (1832–1916) frå lnr 42 fekk tinglest skøyte i 1871, men alt under folketeljinga i 1865 vart Ola og huslyden på staden. Det var då 3,2 daa potet, ikkje korn, hest eller ku, men 4 smalar og ein gris på småbruket. Ola vart gift 1858 med Durdei Ellingdtr Lønne (1833–1891) frå Lånefjorden. Durdei var spedalsk då ho døydde. På sine gamle dagar fekk Ola fattighjelp. Han vart gravlagd i Arnafjorden. Born: Nilette 1858–66, Synneva 1861 (lnr 67 Ovri), Johannes 1864, Elling 1871, Nilette 1872 (USA 1893), Karl 1875 (kjøpte gard ved Farsund). Karl hadde eit lite prenteverk på loftet i den vesle stova. «Elling pao Rese» (1871–1947) fekk Anders 1913 med Brita Eliasdtr Føli (1872–1949), sjå under lnr 36d. Elling var jeger, fjellmann og jordarbeidar og hadde ikkje fast bustad. Johannes Olason Nummedal (1864–1941) & 1896 Marta Johannesdtr Le (1871–1948) frå lnr 19b i Arnafjord sokn fekk borna: Brita 1896 (Voss), Durdei 1897-98, Olav 1898–1912, Johannes 1900 (bnr 59/19 under lnr 29 Valsvik i Arnafjord sokn), Nils 1904–04, Dina 1905 (Voss), John 1907 (Voss), Lovisa 1911 (Voss). Det vart ugreie med heimelen, og i 1916 flytta dei til lnr 27 Hellane i Arnafjord sokn. Ved tvangsauksjon i 1925 gjekk bruket til Ola Sjurson Grønsberg (1879–1975) frå lnr 41a & 1904 Karen Eirikdtr Vange (1884–1948). Dei hadde drive det frå 1916. Om Karen: sjå note lnr 6+7 Vange. Born: Brita 1904–92 (Vossestrand), Kristina 1906–78 (Haus, Hordaland), Synneva 1911–76 (Vossestrand), Emma 1915–99 (Espeland, Bergen), Sigurd 1921. I 1929 vart bruket tillagt bnr 8/10 0,42 mark. Sigurd Olason Grønsberg (1921–) & 1946 Olina Martindtr Fosse (1921–) frå lnr 35b+34c overtok i 1954. Born: Kirsten 1947 (Voss), Oddvar Magne 1954. I 1991 vart bruket skøytt til Oddvar Magne Sigurdson Grønsberg (1954–) gift med Evy Olsen (1955–) frå Beistrand, Skånland i Troms, og dei har: Roger 1976 (Elverum), Hege 1980 (Køge i Danmark), Siv 1982 (Høgli i Sørreisa i Troms). Oddvar er skilt og gift på nytt med Elisabet Samuelsen (1957–) også frå Beistrand. Oddvar Magne bur med familien i Elverum.
Lnr 36d Gråsmyri 1,04 spd = bnr 8/4 1,46 mark. Denne delen av lnr 36 vart kjøpt av Ola Ellingson Nummedal (1836–1922). Han var «uekte» son til Brita Oladtr Sæbø (1806–1837) frå plassen Urdi i Røysane-Sæbø og Elling Helgeson Ovri (1792–1839) frå lnr 68. Av di mora døydde då Ola var to år, vart han truleg oppfostra på lnr 40 Vetle-Nummedal. Der hadde han ei bestemor. I 1865 var han innerst i Nummedal. Ola gifte seg i 1875 med Randi Oladtr Åse (1843–1903) frå lnr 49 og dei fekk Brita 1876. Ola vart kalla «Graosmyren». Brita Oladtr Nummedal (1876–1961) & 1915 Eirik Johannesson Hopperstad (1865–1928) frå lnr 122a overtok bruket i 1917. Eirik hadde òg lnr 122a på Hopperstad, og det var der Eirik og Brita budde, men dei dreiv også jorda i Nummedal. Enkjemann Knut Tollakson Fosse (1877–1955) frå lnr 35a+34b og borna Tollak (1903–1985) og Anna (1904–1989) var busette på staden til omkring 1954. Sjå meir om dei i note lnr 83a Hønsi. I 1954 kjøpte John Jonson Aase bruket og i 1973 gjekk det til Nils Rognaldson Hove. Deretter har jorda vore driven frå lnr 77b Hove.
Bnr 8/9 Gråsmyri 0,03, ei tomt av lnr 36, vart skilt frå i 1930 til Brita Eliasdtr Føli (1872–1949). Om Brita: sjå note lnr 19 Føli. Brita fekk Anders 1913 (Vetleøyri, hus nr 109) med Elling Olason Nummedal (1872–1947) på lnr 36c. Huset vart fråflytt.
Plassen Reset under lnr 36. Til ein ny plass under lnr 36 kom Jon Ellingson Øvstedal (1754–1801) frå plass under lnr 44 & 1790 Brita Oladtr Turvoll (1754–1830) frå lnr 46. Born: Marta 1792–1815 og Elling 1792–1816. Frå tidlegare hadde ho truleg Eli 1783 og kanskje Gyrid 1789 med Ingebrigt Olason Åse (1760–1804) frå lnr 50. Dei to borna var i teneste på Åse i 1801. Husmannsenkja Brita døydde på Turvoll. Elling må vera «Laukasva-Edling» som fór av i Nummedalsgjelet med ei høybør. Det er skrive at: «mora Jo-Maita var sidan ikkje god for å bu i nærleiken av dette gjelet, tok so stova si og flytta til Turvoll», men vi ser at Marta var syster til Elling. Det var nok Brita som flytta.
I 1824 fekk ein brorson til Jon Ellingson, Eilif Kristofferson Vikøyri v600 (1793–), festesetel på husmannsplassen Reset mot ei årleg avgift på 8 skilling. Men han vart husmann på Turvoll. Plassen Reset kan vera den seinare frådelte parten lnr 36c 0,52 spd.
Lnr 37+38 Store-Nummedal
I dette storbruket eigde Lektoratet i Bergen 1,25 laupar i 1647 og 1655 og Apostelkyrkjegodset 0,62 laupar i 1655. I 1723 eigde Lektoratet 1,25 laupar og 1,25 laupar var sjølveige.
I 1645 finn vi Halvar og kona Marita på bruket. Deretter kom Ola Johanson (1616–) som hadde sønene Johan 1657 og Ellend 1662. Etterfølgjaren var Alf Olason Føli (1650–1719). Vi finn ikkje Alf i manntalet frå 1667. Alf var gift med Ingeborg Andersdtr Føli (1657–1739) frå lnr 22+23. Dei hadde borna: Anna (lnr 45+46 Turvoll), Helga 1692 (lnr 95+97 Fjærestad), Anders 1697 og krøplingen Ingebrigt 1698–1732. Sonen Anders Alfson Nummedal (1697–1750) sat i 1723 på eit storbruk på 2,50 laupar. Av det eigde han sjølv halvparten og Lektoratet i Bergen resten. Anders var gift med Brita Andersdtr Føli (1688–1762) frå lnr 22+23. Anders og Brita var såleis søskenborn. Born: Alf 1720, Ingeborg 1721 (lnr 40 Vetle-Nummedal), Sigrid 1724 (lnr 38), Kari 1726 (lnr 75 Øvre Hove), Eli 1727 (lnr 45 Turvoll), Sigrid 1731 (lnr 73 Hove). Bruket var delt mellom Alf 1720 og Sigrid 1724. Alf fekk den sjølveigde delen og Sigrid vart leiglending på den andre.
Lnr 37 Store-Nummedal 3,25 spd = bnr 8/5 4,70 mark. Sjølveige. Matrikkelskyld i 1788 og 1838: 1,25 laupar. Bruksdata for 1845: 4,2 daa potet, 9,3 daa korn, 2 hestar, 10 storfe, 26 smalar og 3 svin.
Alf Andersson Nummedal (1720–1788) & 1750 Ragnhild Tordtr Høgheim (1711–1767) frå Fresvik fekk borna Anders 1751 og Gjertrud 1755–56. Om foreldra til Ragnhild: sjå note lnr 71 Hove. Alf gifte seg på nytt 1768 med Sigrid Hermunddtr Gullteigane (1727–) frå lnr 53. Anders Alfson Nummedal (1751–1828) & 1773 Brita Johannesdtr Orvedal (1742–1822) frå lnr 52 vart sjølveigarar ved skiftebrev av 1767 og skøyte i 1770. Born: Alf 1774, Jon 1775 (lnr 39 Nummedal), Brita 1778 (lnr 36 Åse i Arnafjord), Ragnhild 1778 (lnr 36 Åse i Arnafjord), Gjertrud 1781 (truleg død før 1792), Johannes 1786 (lnr 67 Ovri) og truleg Gjertrud 1792–95 og Gjertrud 1793–96. Anders skøytte frå seg bruket i 1808. Neste brukarpar var Alf Andersson Nummedal (1774–1823) & Brita Hermunddtr Tenål (1783–1832) frå lnr 18. Vi trur Brita er ei jente som i 1804 gifte seg med korporal Johannes Johannesson «Hopperstad» (1781–1810). Hopperstad må vera militæradresse, for Johannes var frå Systad i Hyllestad (Askvoll prestegjeld), og han og Brita tok over farsbruket på Systad i 1807. Dei fekk Hermund 1808 og Marta 1809–32. Alf gifte seg med enkja Brita og dei var truleg på bruket på Systad nokre år. Det er i samsvar med at Alf etter den gamle bygdeboka budde i «Askvoll» i 1813 og at vi ikkje finn vigsla for dei to, og dåpen av dei to første borna, i kyrkjebøkene for Vik. På bruket på Systad var det paktar i åra 1813–32, og vi må tru at Brita var eigar inntil sonen Hermund overtok. Han kan ha vore mykje i Vik, for han vart gift med ei jente frå lnr 35 Åse i Arnafjord sokn. Alf og Brita fekk: Johannes 1812, Anders 1813, Jon 1815–15, Jon 1818 (ugift, tok teneste på Systad i Hyllestad i 1837, var så i Nummedal, til USA i 1876), Brita 1821 (sjå note). Brita gifte seg oppatt 1824 med Ola Olason Ytre Farnes (1794–1877) frå Balestrand og dei fekk: Kari 1825 (sjå note lnr 72 Hove), Eli 1827 (lnr 77 Øvre Hove). I 1836 gifte Ola seg oppatt og flytta til lnr 73 Hove. I skiftet etter Alf vart bruket utlagt til Johannes Alfson Nummedal (1812–1874). Han var ugift og kanskje sjukleg, og i 1836 let han bruket gå over til broren Anders Alfson Nummedal (1813–1851) & 1839 Gjertrud Andersdtr Skjørvo (1818–1904) frå lnr 113. Born: Brita 1838, Brita 1841 (lnr 2 Sæbø), Anna 1845 (bnr 26/6 Hove). Enkja Gjertrud gifte seg på nytt 1863 med enkjemann Ola Ingebrigtson (Åse) Hove (1800–1873) og flytta til lnr 79a Hove. I 1862 skøytte ho bruket til dottera Brita Andersdtr Nummedal (1838–1904) & 1862 Ola Olason Orvedal (1833–1914) frå lnr 52. Dei hadde ikkje born. Dei hadde bruket til 1898 då det gjekk over til Ola Nilsson (Orvedal) Ovri (1867–1929) frå lnr 79 Ovri. Alt i 1906 selde han bruket. Han hadde gift seg med Gunhild Anfindtr Nummedal (1888–) frå lnr 38 og hadde kjøpte gardsbruk på Græe, Bordalen, Voss. Bruket gjekk til Anders Hermundson Refsdal (1864–1946) frå lnr 58 & 1884 Anna Alfdtr (Hønsi) Fosse (1861–1927), fødd på lnr 83a Hønsi. Dei kom frå lnr 34 Fosse der dei hadde fått mange born. I 1915 vart bnr 8/8 Reset 0,70 mark skilt frå. Bnr 8/5 4,00 mark vart i 1926 skøytt over på Guttorm Olason Fjærestad (1882–1976) frå lnr 96e & 1906 Brita Jondtr Flete (1874–1967) frå lnr 18b1 i Arnafjord sokn. Dei kom frå lnr 28 Dalsver i Arnafjord sokn. Born: Ole 1906, Marie 1908 (Vikøyri v936), Jon 1910 (Bergen), Kristina 1911 (lnr 40d Vetle-Nummedal), Anna 1913 (lnr 77b Hove). Dei fem første borna vart fødde i Framfjorden der Guttorm arbeidde. Ole Guttormson Nummedal (1906–1982) & 1938 Inga Oladtr Stadheim (1909–1987) frå bnr 5/14 under lnr 32 Stadheim hadde bruket 1945-74. Born: Gunnar 1938 (Lier i Buskerud), Odd 1940, Borgny 1942 (bnr 5/14 under lnr 32 Stadheim), Ingrid 1946 (Hatlevegen nr 20 i Prestberget). Odd Olason Nummedal (1940–) & 1971 Sylvi Kolbeindtr Høihjelle Mariussen (1948–) frå Våler, Hedmark, har: Kjersti 1972 (Oslo), Geir 1980.
Brita Alfdtr Nummedal (1812–) var ugift tenestejente. Ho fekk Alf 1858 med Hermund Lasseson Røysane-Søbø (1837–) frå plassen Urdi. Hermund var ikkje i bygda i 1865. Alf Hermundson Nummedal (1858–) & 1882 Sigrid Oladtr Vangsnes (1858–) frå lnr 189c fekk: Kristina 1881–81, Kristina 1884, Anders 1886 og Otto 1888. Alf var snikkar og budde med huslyd på Hove. Huslyden, medrekna Brita 1812, reiste til Amerika i 1889.
Lnr 38 Store-Nummedal
3,25 spd = bnr 8/6 4,64 mark. Delt ut frå lnr 37+38 ca 1755. Eigar: Lektoratet i Bergen, deretter benefisert. Sjølveige frå 1848. Matrikkelskyld i 1788 og 1838: 1,25 laupar. I 1845 var det 2,8 daa potet, 7,4 daa korn, 2 hestar, 9 storfe, 36 smalar og 3 svin på bruket.
Sigrid Andersdtr Nummedal (1724–1781) & 1752 Ola Hermundson Gullteigane (1721–1781) frå lnr 53 var på dette bruket, og dei hadde: Eli 1753 (død før konfirmasjonsalder), Brita 1756 (lnr 3 Juvik), Hermund 1759 (truleg død innan åra 1779–1801), Anders 1759. Dei to siste er ikkje innførde som fødde i kyrkjeboka, men vart konfirmerte i 1779. Anders Olason Nummedal (1759–1828) & 1788 Marta Ellenddtr Åse (1751–1805) frå lnr 48 fekk Ola 1789 og Ellend 1792–1818. Ola Andersson Nummedal (1789–1831) & 1822 Marta Helgedtr Ovri (1784–1844) frå lnr 68 hadde: Anders 1824 og Marta 1827–27. Ola hadde og Brita 1818 med Eli Andersdtr Nummedal (1795–1832), sjå note lnr 40 Vetle-Nummedal. Marta vart attgift 1835 med Eirik Andersson Turvoll (1793–1874) frå lnr 45. Då Ola døydde i 1831 vart han innført som forpaktar, men brukarar på benefiserte bruk var vanlegvis leiglendingar. Anders Olason Nummedal (1824–1877) & 1848 Anna Oladtr Turvoll (1814–1849) frå lnr 45 var neste brukarpar. Same året fekk Anders kongeleg skøyte på bruket. Skiftet etter Anna viser at Anders sat med mykje gjeld, noko som han kom unna ved å selja bruket i 1851 mot å få kår til seg og Eirik 1793. Anna og Anders hadde ikkje born. I åra 1865–67 var Anders innlagt på Pleiestiftelsen for spedalske i Bergen. Bruket gjekk til Sjur Endreson Holstad (1802–1881) frå lnr 87 & 1833 Brita Jondtr Hove (1807–1836) frå lnr 76. Dei kom frå småbruket lnr 75 Øvre Hove som dei kjøpte i 1833 og selde i 1851. Born: Marta 1832 (lnr 50 Åse), Jon 1835–52, Endre 1837 (sjå note), Lussi 1844–61, Guri 1847, Johanna 1852–52. I 1874 vart bruket skøytt til Guri Sjurdtr Nummedal (1847–gravlagd på Voss) & 1874 Anfin Monsson Tveit (1849–1904) frå Feios. Born: Sjur 1874–95, Mons 1876–78, Monsina 1879 (Himleshagen på Voss, fekk Anders 1906 med Anders Olason Nummedal frå lnr 36b), Brita 1881–98, Ola 1883, Mons 1885 (USA 1904), Gunhild 1888 (Voss), Jon 1890–94. I 1909 skøytte enkja bruket til sonen Ola Anfinson Nummedal (1883–1915) & 1908 Anna Helgedtr Turvoll (1881–1965) frå lnr 46. Born: Anfin 1908, Helge 1910 (bnr 1/12 i Røysane-Sæbø), Gudrun 1915–26. Anna gifte seg oppatt 1926 med Jon Jonson Fjærestad (1877–1928) frå bnr 34/8 under lnr 96. Ved skifteskøyte i 1926 gjekk bruket til sonen Anfin Olason Nummedal (1908–) & 1930 Ingeborg Ingebrigtdtr Refsdal (1912–2003) frå lnr 59. Born: Olav 1930, Agnes 1933 (heime), Anna 1934 (bnr 4/59 i Seljestokkane på Tenål), Gudrun 1936 (Oslo, sjå òg hus nr 65 Vikøyri), Ivar 1942 (Kristiansund N). Bruket vart 1977 overteke av Olav Anfinson Nummedal (1930–) & 1955 Gjertrud Haralddtr Fosse (1933–) frå bnr 7/9 under lnr 34 Fosse. Born: Ingunn Frøydis 1955 (lnr 59 Refsdal), Helga 1957 (Fyllingsdalen, Bergen), Arnfinn 1963. I 1990 gjekk bruket til Arnfinn Olavson Nummedal (1963–) & 1984 Irene Ingolfdtr Fjærestad (1965–) frå bnr 41/162, Tomtebu på Vikøyri. Born: Ole Inge 1984, Ann Iren 1987, Gry Merete 1992.
Endre Sjurson Nummedal (1837–) & 1864 Kristina Marie Nilsdtr Tryti (1835–) frå lnr 109 fekk Brita 1864. Huslyden var innerstar i Nummedal då dei reiste til USA i 1866.
Lnr 39 Store-Nummedal
2,25 spd = bnr 8/7 4,70 mark. Eigar i 1723: Anna Finde, deretter Daae-ætta. Sjølveige frå 1846. Skyld: I 1723 1,25 laupar, i 1788 og 1838 1,32 laupar. I 1845 var det 2,8 daa potet, 7,4 daa korn, 3 hestar, 8 storfe, 30 smalar og 3 svin på bruket.
Bruket var truleg halvparten av storbruket lnr 36+39. Det var i 1647 på 2,64 laupar, eigd av Kongen 1,32 laupar og Børge Juel 1,32 laupar. Anders Torsteinson Rislåg (1631–) frå lnr 54+55 var her i 1655. Han hadde sønene: Torstein 1658, Ivar 1660, Amund 1661, Ola 1664, Johannes 1675. I følgje den gamle bygdeboka vart Anders Torsteinson fleire gonger dømt for tjuveri. I 1675 vart han dømd til «at miste sin hud og bøde efter formue.» Amund kom til Skitnevik i Fjærlandsfjorden. Han fekk Knut 1686 som kom til lnr 6 Juvik og Brita 1701 og Nils 1707 som kom lnr 7 Gotevik. Ivar Andersson Nummedal (1660–1741) bygsla bruket frå 1714. Han hadde ei dotter Kari 1689. Neste leiglendingspar var Lars Johannesson Fosse (1695–1763) frå lnr 35 & Kari Ivardtr Nummedal (1689–1763). Dei hadde: Brita 1723, Johannes 1725 og Ivar 1728? (konfirmert 1749). Ivar Larsson fekk Inga 1748 med Anna Jakobdtr Vikøyri v422, v198 (1721–). Av kyrkjeboka går det fram at det var svært kritikkverdig at Ivar vart far før han vart konfirmert, men her må vi ta omsyn til at dei fleste konfirmantar var 19–21 år på denne tida. Johannes Larsson Nummedal (1725–1801) & 1756 Kirsti Knutdtr Juvik (1736–1802) frå lnr 6 var leiglendingar på bruket ei tid, men skifte bygsling (gjorde gardabyte) med Brita Larsdtr Nummedal (1723–1777) & 1756 Amund Knutson Juvik (1731–1811) frå lnr 6 Juvik. Brita og Amund hadde ikkje born. Amund gifte seg på nytt med Kari Markusdtr Hovland (1743–1793) frå lnr 4 i Vangsnes sokn og fekk Knut 1793–93, og for tredje gong med Eli Andersdtr Hallrynjo (1757–1843) frå lnr 66. Dei fekk ein ny Knut 1796–99. Enkja Eli vart attgift til lnr 69 Ovri. Ny brukar kom frå lnr 37 og var Jon Andersson Nummedal (1775–1861) & 1806 Anna Hermunddtr Øvstedal (1780–1825) frå lnr 44. Born: Torbjørg 1805 (Ulvundsøyne i Myrkdalen), Anders 1807, Brita 1817–33, Hermund 1825 (sjå note lnr 119 Hopperstad). Jon vart attgift 1828 med Marta Helgedtr Turvoll (1787–1860) frå lnr 46. Born: Helge 1828 (lnr 105 Tryti), Alf 1829 (sjå note lnr 29 Stadheim), Anna 1832 (lnr 28c Stadheim). Jon var truleg ein fredeleg kar. Men ein søndag i 1803, då han gjekk eit ærend for husbonden sin, gjekk lensmannssonen Ola Arneson Stadheim på lnr 32 laus på han. Overfall står det i forliksprotokollen. Ola var lite viljug til å ta på seg skuld. Men då kommisjonen truga med å senda saka til rett, aksepterte han ei bot og bad Jon om tilgjeving. Anders Jonson Nummedal (1807–1856) & 1838 Eli Tordtr Brekke (1809–1894) frå lnr 90 fekk: Anna 1835–48, Ragnhild 1839 (Linde i Kvamsøy sokn), Jon 1842, Tor 1847–48, Tor 1849 (lærar, Oslo). I 1857 vart det oppretta merkelege kårordningar og i 1864 gjekk bruket ved auksjonsskøyte til Jon Andersson Nummedal (1842–) og deretter til Jon Stedje. Jon Andersson reiste til USA i 1867. Jon Olason Stedje (1829–1893) frå lnr 64 & 1864 Helga Oladtr Orvedal (1827–1895) frå lnr 52 hadde borna: Ola 1861, Ola 1864 (ugift, Oslo), Anders 1867 (Kristiansund, seinare Oslo), Sitona 1869–69. Anders Nummedal var ei vidgjeten arkeologisk vitskapsmann. I 1893 vart bruket skøytt over til Ola Jonson Nummedal (1861–1904) & 1885 Monsina Jondtr Grønsberg (1860–1956) frå lnr 41a. Born: Helga 1886 (lnr 13e Tenål), Jon 1887–87, Jon 1888, Johannes 1891 (sjå note), Gyrid 1894 (bnr 1/44 i Røysane-Sæbø), Sitona 1900 (sjå note bnr 15/5 Åse), Olav 1901 (bnr 1/33 på Vetleøyri). I 1919 gjekk bruket over til Jon Olason Nummedal (1888–1986) & 1922 Gyrid Oladtr Våtevik (1894–1981) frå Fjærland. Born: Monsina 1924 (Nes på Romerike), Olav 1927 og Oddvar 1928 (Bærum). Gyrid var lærar. Olav Jonson Nummedal (1927–) & 1955 Margit Oladtr Fosse Refsdal (1933–) frå lnr 59 Refsdal overtok bruket i 1962. Born: Jon 1957, Eli 1959 (Førde), Oddgeir 1961 (Ski i Akershus), Gunnstein 1965 (Sogndal), Margunn 1969 (Geilo). Jon Olavson Nummedal (1957–) & 1989 Kirsten Dagmar Asheim (1963–) frå Brekke sokn i Gulen har borna: Olav Rune 1991, Målfrid 1994, Jarle 1998, Sigrunn 1998. Jon overtok i 1991.
Johannes Olason Nummedal (1891–) & Gyrid Helgedtr Turvoll (1885–) frå lnr 46 busette seg på garden Græe, Voss.