Seljestø

Seljestø (seljestø): Sellestøell (1647), Stellestoel (1667), Sellestøl (1723), Seljestøl (1838, 1863), Seljestø (NG, VIK).

Namnet var kanskje opphavleg Seljestøl, noko som tyder på at staden frå først av var brukt som støl. Vi må likevel kunna gå ut frå at Seljestø var gardsbruk før år 1300. Frå 1350 til ut på 1600-talet låg garden øyde. I 1645 finn vi Eirik og Merete og Kolbein og Synneva på «Setterstøell». Dei siste var kanskje foreldra til Eirik, for i 1647 var det berre Eirik som var brukar. I 1665 finn vi Markus som brukar, men i 1667 heiter brukaren Ola Sjurson Seljestø. I den vanskelege tida sist på 1600-talet vart kanskje garden lagt øyde, for ved manntal i 1701 og 1711 er ikkje Seljestø med. Men i ein matrikkel frå 1718 er garden på nytt oppført.

Lnr 42 Seljestø

1,73 spd = bnr 10/1 2,51 mark. Eigar: i 1647 Apostelkyrkjegodset, i 1720 Kaupangergodset, i 1723 etatsråd Blixencrone. Seljestø vart omkring 1730 leiglendingsbruk under Daae-slekta og vart først frikjøpt i 1862. Skyld: 0,50 laupar i 1647, 0,83 laupar i 1723, 1788 og 1828. I 1845: 3,2 daa potet, 5,9 daa korn, 1 hest, 8 storfe, 24 smalar og 4 svin.

Jon Markusson Grønsberg (1673–1728) frå lnr 41 var gifte med Gjøa Lassedtr (–) og kom til Seljestø ca 1720. Dei hadde ikkje born. Så kom Johannes Nilsson (1692?–1770) & Ragnhild Johannesdtr Fosse (–) frå lnr 35. Born: Ivar (Bergen), Nils 1726 (Vikøyri v706), Brita 1731 (gift i Nordhordland), Sigrid 1736, Ola 1730–30, Kari 1734–47, Ola 1737–63. Johannes 1692 var med i den store nordiske krigen. I papira frå 1718 var Turvoll stadnamnet både for han og for broren Ola Nilsson (1687–1757). Ola 1737 var ein av dei mange som kom sjukleg heim i 1763 frå langvarig vaktteneste i Holstein. Sigrid Johannesdtr Seljestø (1736–1818) & 1759 Johannes Halvarson Ovri (1738–1786?) frå lnr 68 fekk borna: Halvar 1760, Ragnhild 1765 (lnr 116 Balvoll, Bøadalen), Elling 1769 (truleg død før 1801), Johannes 1771 (garden Strengklauv i Gulen), Synneva 1774 (Vikøyri v426). Johannes Halvarson var ein drivande kar. Han fekk premie av Det Nyttige Selskab i Bergen for omfattande grøftearbeid. Halvar Johannesson Seljestø (1760–1833) & 1793 Synneva Monsdtr Åse (1756–) frå lnr 34 i Arnafjord sokn fekk: Ola 1795–95, Johannes 1798–1819, Mons 1801. Mons Halvarson Seljestø (1801–1883) & 1827 Nilette Johandtr Reutz Sæbø (1801–1883) frå lnr 1 Sæbø hadde borna: Johannes 1827–47, Gjertrud 1828, Johan Rumohr 1830 (plass lnr 49 Åse), Ola 1832 (lnr 36c Nummedal), Synneva 1834–54, Dorte 1834 (sjå note), Hans 1835 (lnr 40c* Vetle-Nummedal), Sigrid 1840 (sjå note), Karen 1843–46. Gjertrud Monsdtr Seljestø (1828– 1905) & 1862 Lars Jonson Åse (1834–1909) frå lnr 49 hadde borna: Randi 1858 (bnr 15/5 under lnr 50 Åse), Jon 1863, Karen 1866–66, Karen 1872 (bnr 5/17 under lnr 32 Stadheim). Jon Larsson Seljestø (1863–1907) & 1888 Synneva Hermunddtr Myrkaskog (1864–1945) frå lnr 43b hadde: Gjertrud 1888 (sjå note), Inga 1890 (sjå note lnr 70b Ovri), Lars 1894, Anna 1897–1923, Jon 1898 (sjå note), Hansina 1902–06. Lars Jonson Seljestø (1894–1970) & 1919 Anna Tordtr Stadheim (1893–1975) frå lnr 29 tok over bruket i 1921. Born: John 1921, Marta 1922 (ugift på bruket) og Sønneva 1929 (bnr 1/121 under lnr (1+4)f Sæbø, ho er døypt som Synva). John Larsson Seljestø (1921–1991) & 1958 Marta Larsdtr Hove (1923–) frå lnr (71+73)e fekk skøyte på bruket i 1960. Born: Lars 1958, Sven 1960 (Prestvegen nr 10 i Prestberget). Lars Johnson Seljestø (1958–) & 1996 Henny Marie Kristiandtr Åse (1963–) frå bnr 64/32 under lnr 48 Nese i Arnafjorden overtok i 1988. Dei har Jon Kristian 1996.

Dorte Monsdtr Seljestø (1834–1920) var truleg tenestejente rundt om på gardane. I 1900 var ho såleis på Fjærestad. I 1903 fekk ho pengar til nye sko og deretter fekk ho under namnet Dorte M. Tenold fattigstønad. I 1908 skulle Ola A. Espesete (Hønsi) få kr 90 for å ha henne. I 1916 vart det betalt kr 0,80 per dag for å pleia henne.

Sigrid Monsdtr Seljestø (1840–) & 1875 Amund Amundson Heringstad (1844–) frå Vågå i Gudbrandsdalen fekk Karen 1875. Dei var innerstar i Nummedal, men reiste til Amerika alt i 1876.

Jon Jonson Seljestø (1898–1966) & 1938 Synneva Sjurdtr Grønsberg (1896–1979) frå lnr 41a budde i eige hus i Seljestø. Dei var barnelause. Jon var arbeidar.

Gjertrud Jondtr Seljestø (1888–1974) var ugift i Seljestø. Ho fekk Johanna 1908–12 og Anna 1925 (bnr 1/131 på Skulejordi-Sæbø) med Jon Sjurson Grønsberg (1877–1957) frå lnr 41a. Jon gifte seg i 1908 og huslyden budde på lnr 45a Turvoll, seinare på lnr 15k Tenål.