Øvstedal

Øvstedal (øpstedal): Østedall (1563), Øffstedall (1567), Øffuerstedall (1603), Øffstedall (1647), Øfstedal (1667, 1723, 1838, NG), Øpstedal (1863), Øvstedal (VIK).

I 1563 og 1567 betalte Torbjørn Øvstedal skatt. Denne garden var såleis svært tidleg i drift etter øydetida. Deretter vart kanskje garden på nytt ha bli lagt øyde, for garden kjem bort frå skattelistene. Men ein Jon som var fødd ca 1607, og som var attrydningsmann i Berdal i Feios, skulle vera frå Øvstedal. Men først i 1611 vi finn Øvstedal på nytt i skattelistene. Då var Oluf Øvstedal bonde, og i 1626 finn vi Gjest. I 1645 er Anna og Mons og sonen Ingebrigt i Øvstedal. Mons var kanskje andre mannen til Anna, for ei dotter Brita Albrigtdtr er nemnt. Helge Nilsson budde òg på garden. I 1667 var framleis Mons Amundson (1605–) brukar, og hadde sønene Amund 1656 og Ingebrigt 1659 (lnr 58 Hanekam i Arnafjord sokn) og drengen Per Eirikson, 16 år. Lars 1667, som var son til ein Mons, var dreng i Øvstedal i 1701. Han kan ha vore ein annan son til Mons Amundson. I 1675 var Anna enkje. Sønene kjem bort frå garden, men Mons og Anna hadde ei dotter Synneva som gifte seg med Tollak Paulson. Tollak kan ha teke med seg ei syster til Øvstedal, for Gjertrud Pauldtr Øvstedal vart gift med Ola Lasseson Fjærestad på lnr 95+97. Det kan sjå ut som det ei tid var to bruk i Øvstedal, for i 1701 finn vi i tillegg til Tollak oppført Kjell Eirikson Øvstedal (1656–). Han hadde med seg ein «son» Nils 1675 som hadde farsnamnet Endre. Kona til Kjell kan såleis tidlegare ha vore gift med ein bonde i Øvstedal og som heitte Endre.

Lnr 44 Øvstedal

5,84 spd. Eigarar: i 1647 Lyse kloster 1 laup og Henrik Lud 0,5 laupar. I 1723 Anna Finde 1,5 laupar. Skyld: i 1647 og 1667 1,5 laupar, i 1718, 1723 og 1838 2 laupar. Sjølveigd frå 1756. I 1845 var det 4,2 daa potet, 13,0 daa korn, 3 hestar, 17 storfe, 53 smalar og 2 vinterfôra svin på bruket.

Synneva Monsdtr Øvstedal (–1707) og Tollak Paulson (ca 1644–1707) hadde i 1701 fem søner: Tørris 1685, Mons 1691, Paul 1694 (truleg skaffar på Vikøyri, fekk Johannes 1731–37 og truleg Synneva, som kom til plassen Hanken under Vangsnes), Anders 1696–1718 (døydde i svenskekrig), Ola 1699–1729 (døydde på veg frå Bergen, står det i kyrkjeboka). Ola hadde truleg sonen Johannes 1729 som var «skoleholder» då han i 1761 gifte seg til lnr 124+125 Hopperstad). Synneva og Tollak skulle òg ha to døtrer, ei av dei var Guri 1678 som kom til lnr 27 Stadheim. I 1707 kom eit stort jordskred som gjord dei sju borna foreldrelause. Tørris Tollakson Øvstedal (1685–1728) var gift to gonger. Med første kona hadde han: Ola, Guri, Ragnhild, Brita. Dei blir alle borte for oss. Andre kona var Gunhild Oladtr (1705–1747). Gunhild gifte seg på nytt i 1729 med Ola Hermundson Voll (1699–1773) frå lnr 80. I 1748 gifte enkjemannen Ola seg med Torbjørg Jondtr Hopperstad (1717–) frå lnr 119+120 og dei fekk: Hermund 1750, Jon 1752 (lnr 100 Midlang), Gunhild 1752 (lnr 89 Brekke). Hermund Olason Øvstedal (1750–1817) & 1773 Brita Eirikdtr Fosse (1746–1814) frå lnr 33 hadde borna: Brita 1774 (lnr 58 Refsdal), Ola 1777, Anna 1780 (lnr 39 Nummedal), Torbjørg 1782–1787, Eirik 1785 (lnr 41 Grønsberg), Torbjørg 1789 (død før 1801). Dei fostra òg opp Brita 1789 (plass Hagen-Bøadalen). Ho var dotter til husmannsson Kristoffer Ellingson Øvstedal på Vikøyri v600. Hermund var medhjelpar for presten. I 1808 fekk Ola Hermundson Øvstedal (1777–) & 1806 Inga Ingebrigtdtr Refsdal (1778–1869) frå lnr 59 skøyte på bruket. Born: Brita 1807 (plass under bruket), Anna 1810–10?, Brita 1811 (lnr 41a Grønsberg), Anna 1814 (lnr 44b), Inga 1816 (lnr 45 Turvoll), Hermund 1819, Ingebrigt 1823 (ugift, USA 1852), Eirik 1826 (USA 1870). Vi må rekna med at det var Ola Øvstedal som ordna det slik at Brita 1807 fekk ein husmannsplass på garden, kanskje i 1829. Det var då ho gifte seg. Buførevegar var gamle rettar som det var vanskeleg å koma unna. Men saman med brukarar på Turvoll og Myrkaskog likte Ola lite at buføredyra gjorde skade på eigedomen deira på Seljadalen. Dei nekta gjennomgang. Men då stemnde brukarane frå Sjøtun, Sæbø, Vange, Nedre Hove og Øvre Hove i 1823 desse seljadalsbøndene for forliksrådet. Resultatet var at buføre-folka skulle passa betre på dyra sine ved passering. Dessutan skulle buføringa varslast på førehand. Men sakskostnaden måtte seljadalingane betala. I 1844 fekk Hermund Olason Øvstedal (1819–1897) & 1846 Ranveig Jondtr Nåsen (1825–1867) frå Vossestrand skøyte på bruket. Born: Inga 1847 (bnr 26/13 Smidjehaugen på Hove), Guro 1849, Ola 1853, Brita 1856–56, Jon 1857, Brita 1859, Randi 1863. I 1859 skilde Hermund frå eit lite småbruk, lnr 44b 0,29 spd til systera Anna 1820. Skyld for hovudbruket lnr 44a vart deretter 5,55 spd.

I 1867 vart det skilt frå meir jord frå hovudbruket: lnr 44c 1,10 spd og lnr 44d 0,22 spd. Etter denne siste delinga var hovudbruket lnr 44a redusert til 4,23 spd.

I 1871 reiste enkjemann Hermund Olason Øvstedal til Amerika med fem born.

Før avreise vart det som var att av hovudbruket delt mellom dei to småbruka. Lnr 44a 2,12 spd gjekk til Nils Eilifson Øvstedal og lnr 44e 2,12 spd til Ola Eirikson dy. Nedanfor vil vi sjå at i tillegg fekk Hermund Eirikson bygt opp eit småbruk. Seinare bygde Ola Jonson Holen opp eit større bruk med delar frå lnr 44a og lnr 44cde.

Lnr 44a Øvstedal 2,13 spd. Vi må tru at det var ein systerson til Hermund, Nils 1842, og som var oppfostra på lnr 44b, som flytta inn i husa på hovudbruket då Hermund reiste til Amerika. Nils Eilifson Øvstedal (1842–1910) & 1868 Helga Fredrikdtr Fosse (1842–1878) frå lnr 33 hadde borna: Anna 1866–78, Ola 1869, Anna 1871 (USA 1902), Fredrik 1874 (USA 1895), Hermund 1876 (sjå Vikøyri v878, USA 1889), Anders 1878–78. Helga døydde i barselseng. Anna 1866, saman med Endre 1868 frå lnr 44c, gjekk seg ut for Holestokken over elva i 1878 og drukna. Nils Eilifson gifte seg opp att 1878 med ei syster til Helga, Kristina Marie Fredrikdtr Fosse (1839–1912). Born: Anders 1878–78, Anna 1880–1962 (ugift på garden), Eli 1882. Anna 1880 fekk Helge 1906 med Helge Helgeson Skjørvo (1881–1956) frå lnr 112a. Helge 1881 kom til lnr 70a Ovri. Lnr 44a vart omforma til bnr 13/1 2,11 mark. Nils Eilifson Øvstedal overtok også småbruket som faren hadde hatt, slik at han eigde både bnr 13/1 og bnr 13/2, i alt 2,53 skyldmark. I år 1900 og 1907 var det den ugifte sonen Ola Nilsson Øvstedal (1869–1940) som sat som brukar og eigde bruket. Men deretter ser ut til at det var Eli Nilsdtr Øvstedal (1882–1972) & 1913 Anders Endreson Vange (1882–1966) frå lnr 5 som dreiv bruket i nokre år før dei kjøpte bnr 2/15 på Vange. I 1913 vart bnr 13/8 Heggebøen på 0,16 mark frådelt bnr 13/1. Deretter vart enno ein part delt frå og bnr 13/2 selt. I 1930 gjekk det som var att av bnr 13/1 med skyld 1,90 mark over på systersonen Helge Helgeson Øvstedal (1906–1993) & 1934 Jensina Tordtr Stadheim (1910–1984) frå lnr 29. Helge og Jensina fekk: Anna 1934–43, Marta 1936 (bnr 1/175 i Røysane-Sæbø), Kirstin Maria 1937, Tordis 1941 (Feios), Anna 1945 (Skien), Hildur Johanne 1947 (Stavanger). Kirstin Maria Helgedtr Øvstedal (1937–) & 1965 Oddvar Olason Sjøthun (1940–) frå Feios overtok i 1974. Born: Odd Helge 1965 (Oslo), Kjartan 1966 (Oslo), Jorunn 1967 (Sogndal). Kirsten og Oddvar har busett seg på bnr 40/36 i Moane-Grov. Anna Helgedtr Øvstedal (1945–) & 1975 Arne Håkon Bjørkheim (1926–) frå Nore i Numedal har Arne 1982. Familien er busett i Skien. I 1990 vart bruket skøytt til Arne Håkon Bjørkheim (1982–).

Lnr 44c, d og e Øvstedal. Husmannssonen Ola Eirikson Øvstedal dy (1833–1897) fekk etter kvart kjøpt mykje av hovudbruket. Han bygde opp eitt bruk av lnr 44c, lnr 44d, lnr 44e og nokre småpartar av garden. Samla skyld var 2,99 spd. Det vart omforma til bnr 13/3 3,07 mark. Dette var det klart største bruket i Øvstedal i 1886. Ola gifte seg 1862 med husmannsdtr Sigrid Nilsdtr Brunnadn-Refsdal (1824–1909). Born: Eirik 1862, Synneva 1864 (først lnr 28b Stadheim, så bnr 5/1 under lnr 24 Stadheim), Endre 1868–78. Sigrid hadde òg Brita 1850 med Jon Eirikson Rosheim (1825–) frå lnr 94. Brita kom til 45b Turvoll. I åra 1862–69 pakta Ola og Sigrid lnr 83a Hønsi. Ola Eirikson skilde frå eit småbruk til broren Hermund Eirikson. Det var bnr 13/4 med skyld 0,56 mark. Bnr 13/3 var difor i 1917 på 2,43 mark og eigar då var Eirik 1862. I tillegg eigde då Eirik bnr 13/5 på 0,60 mark. Eirik Olason Øvstedal (1862–1941) & 1884 Synneva Hermunddtr Sæbø (1854–1913) frå lnr 3 fekk Johanna 1884. Synneva hadde òg Jon 1880 med Ingebrigt Andersson Sæbø (1857–1915) frå plass 2 under lnr 2. Jon kom til lnr 43a Myrkaskog. Johanna Eirikdtr Øvstedal (1884–1954) & 1921 Per Nilsson Osland (1886–1958) frå plassen Trægjelet på Fosse fekk borna: Synneva 1922 (bnr 97/103 Salbu, Vangsnes), Brita 1923 (Baleviki, Balestrand) og Eilef 1928. Per reiste til USA i 1914, men kom att. I 1949 var bnr 13/3 på 2,13 mark og var eigd av Eilef Person Øvstedal (1928–2001) & 1955 Anne Marie Monsdtr Åse (1933–) frå bnr 37/33 under lnr 106 Tryti. Born: Per Johan 1955, Ingrid 1958 (Sjøtuntunet), Marvid 1961–77 (døydde i motorsykkelulukke mellom Fosse og Stadheim), Else Marit 1963 (Ulvik i Hardanger), Jarle 1966 (bnr 37/33 under lnr 106 Tryti), Reidun 1970 (Prestvegen 11 i Prestberget), Målfrid 1975 (Prestvegen nr 22 i Prestberget), Marny 1980 (Feios). Per Johan Eilefson Øvstedal (1955–) tok over i 1987. Han var sb med Inger Marie Svardal (1959–). Ho bur no i Molde. Born: Marita 1983, Liliane 1987, Ørjan 1990, Eileen 1996. Ny sambuar er Anne Brit Emildtr Lund (1950–) frå Tønsberg.

Bnr 13/4 0,56 mark. Hermund Eirikson Øvstedal (1834–1908) & 1865 Brita Sveindtr Vikøyri (1837–1912) bygde opp dette bruket. Foreldra hennar var Inga Samueldtr Moane-Grov på «Samuelplassen» og soldat Svein Vikøyri v196 v933. Born: Inga 1865 («Tønderbruket» på Seim, Vikøyri v478), Eirik 1868 (lnr 45b Turvoll), Brita 1870–1960 (ugift), Endre 1873 (USA 1894), Gyrid 1877 (USA 1901), Anna 1880 (Canada 1914). Sonen Eirik 1868 kjøpte lnr 45b Turvoll og dreiv jorda i Øvstedal derifrå, og parten er framleis ein del av dette bruket.

Lnr 44b Øvstedal = bnr 13/2 var eit lite bruk som var drive av Eilif Nilsson Moane-Hove (1809–) frå lnr (71+73)b6 & 1842 Anna Oladtr Øvstedal (1814–1878). Dei hadde: Nils 1842 (lnr 44a), Eirik 1848 (USA 1870), Inga 1855, Ola 1845–67. Eilif Øvstedal utvandra i 1882 med dottera Inga. Året før hadde han skøytt småbruket over på Nils. Det kom då saman med bnr 13/1 slik det er skrive ovafor.

Bnr 13/2, 5, 8 Øvstedal. Det var Ola Jonson Holen (1889–1923) frå ein plass i Hola, Seljadalen, som kjøpte gardpartane bnr 13/2 og 13/8 av Ola Nilsson Øvstedal i 1913. Også bnr 13/5 på 0,90 mark kom inn under bruket, og det kan reknast som hovudparten. Ola 1889 gifte seg 1911 med Olina Sjurdtr Holane (1888–1947) frå lnr 17a i Arnafjord sokn. Dei fekk: Kari 1911–11, Kristian 1912 (sjå note lnr 33bc Valsvik i Arnafjorden), Sjur 1914 (Odda), Anders 1915 (lnr 28 Dalsver i Arnafjord), Kari 1917 (Tonning i Hyllestad), Lovisa 1919 (Flekke i Fjaler), Ola 1920 (bnr 52/4 Ådlane i Arnafjord), Thea 1923 (Flekke i Fjaler). Ola Jonson hadde òg eit uekte barn, Anna 1908, med ei tenestejente på Bruavoll, sjå Vikøyri v309. Han tok arbeid ved fabrikken i Framfjorden og familien flytta i 1922 til lnr 28 Dalsver. Han døydde der i ei ulukke med ein linestreng. Olina og borna flytta til lnr 17a Holane. Martin Jonson Holen (1885–1952) overtok. Før det hadde han drive bruket saman med Ola. I 1932 kom bruket under tvangsauksjon, men Martin kom tilbake som eigar. Dei økonomiske problema kom truleg av store investeringar på eit uheldig tidspunkt. I 1949 var bruket på 1,48 skyldmark. Martin vart gift med Marta Jondtr Hove (1888–1964) frå bnr 26/12 i Moane-Hove og hadde borna: Kari 1910 (lnr 98 Midlang), Anna 1912 (Voss), Johanna 1914 (Sogndal), Dagny 1915 (lnr 189c Vangsnes), Jon 1918 (Øvste Hopperstadmarki nr 20), Ivar 1920 (bnr 38/13 under lnr 114 Skjørvo), Olav 1924–71 (ugift, heime), Arnfinn 1927 (Voss), Sverre 1929 (bnr 4/59 Seljestokkane, Tenål), Magne 1933. Magne Martinson Holen (1933–) & 1959 Kristi Marie Mørkve (1941–) frå Myrkdalen overtok i 1958. Born: Martin Ove 1960 (Skedsmokorset i Akershus, gift med ei dotter til Johanna 1931 frå bnr 41/16 på Vikøyri-vest) og Kjell Olav 1962 (bnr 40/43 i Gildhus).

Plassar under Øvstedal. Elling Kristofferson Hove (1722–1766) frå lnr 73 & 1750 Brita Jondtr Hopperstad (1715–1776) frå lnr 119+120 gifte seg i 1750. Då var Elling soldat. Brita var syster til Torbjørg 1717 på sjølve bruket i Øvstedal. I 1750 døydde to nyfødde born i Øvstedal med namnet «Elling Kristoffersen Øvstedal». Truleg var dei ikkje døypte. Deretter fekk dei: Kristoffer 1751 (Vikøyri v600) og Jon 1754 (plassen Reset under lnr 36 Nummedal), Brita 1759 (konfirmert 1777, truleg tenar på Holstad i 1801, kanskje død før 1815). Elling vart kalla skulehaldar då sonen Kristoffer vart døypt. Bonde Ola Kristofferson på lnr 0 Sæbø og Eirik 1727 på ein plass i Hola på Seljadalen var brørne hans. Elling og Brita vart leiglendingspar på lnr 197 Vangsnes. Men etter at Elling døydde kom Brita tilbake til Øvstedal og døydde der.

Eirik Olason Juvik (1795–1845) frå lnr 5 & 1829 Brita Oladtr Øvstedal (1807–1880) var husmannsfolk i Øvstedal, og plassen låg under farsbruket hennar, lnr 44. I 1865 hadde dei: 0,4 daa korn, 3,5 daa potet, 2 kyr, 7 smalar og eitt svin på plassen. Enkja Brita Øvstedal fekk i fleire år omkring 1850 fattigstønad. Eirik og Brita hadde borna: Endre 1827–53, Ola 1828, Ola 1833, Hermund 1836, Inga 1839 (lnr 28a Stadheim og deretter Vikøyri v928), Brita 1842–44 og Brita 1845–1911 (ugift tenestejente, døydde på Vikøyri). Tre av borna til Eirik og Brita vart busette i området: Ola 1828 vart husmann i Hola, Ola 1833 og Hermund var bønder i Øvstedal.

Plass under Sæbø. Maren Susanne Benjamindtr Reksten (1854–1953) frå Kinn var på Setebakken i Øvstedal. Maren var komen til Turvoll i 1882, truleg som tenestejente. Der fekk ho Birte 1884 med Jon Larsson Seljestø (1863–1907) frå lnr 42. Maren fekk lovnad på ei lita stove på Fosse, og ho vart sett opp i Øygarden i Øvstedal, på Sæbø-eigedom. Ho skal sjølv har bore huset bit for bit frå Øvstedal til Øygarden – om lag 200 m, men fekk hjelp av seljadalingar til å setja stova opp. Maren fekk også sett opp eit lite fjøs der ho hadde ei ku. Fôret sanka ho saman på ulik vis. Maren fekk ei dotter til, Anne Marie 1894, med ungkar og arbeidar Ola Askildson, fødd i 1844 i Stamnes i Hordaland. Han hadde vore dreng på Bruavoll. I 1899 gifte Maren seg med enkjemann Nils Lasseson Osland (1837–1926) frå plassen Trægjelet på Fosse. Både før og etter giftarmålet hadde huslyden lite å leva av, men det er først omkring 1920 vi finn Nils Træe Øvstedal og Maren i fattigprotokollen. Dotter til Maren, Birte Jondtr Seljestø (Øvstedal) (1884–1975), gifte seg 1911 med Jon Nilsson Stedjeberget (1887–1956), sjå note lnr 64b Stedjeberget. Dei budde på plassen, og i Jon si tid hadde dei ei ku og 8–10 sauer. Jon leigde slåttar for å skaffa fôr. I tillegg dreiv han om hausten med å kjøpa, salta og turka kjøt. Han reiste til Bergen og selde. Birte og Jon hadde ikkje born. Anne Marie 1894–1975 arbeidde på kafé i Bergen og gifte seg med Håkon Leirnes. Ho fekk sonen Georg Eliasson Vinter (1917–1964) og som vart buande hjå moster si på Seljadalen.