Grønsberg
Grønsberg (grønnsbærg): Grønsberig (1647), Grønsberg (1603, 1611, 1667, 1723, 1838, 1863, NG, VIK).
Grønsberg er ein høgdegard som vi nokså sikkert kan seia var busett før Svartedauden, men han låg deretter øyde i opp mot 200 år. Omkring år 1600 hadde folk lov å busetja seg på eit øydebruk og fekk såkalla ryddebolsrett, det vil seia at dei hadde rett å sitja der på livstid. Denne retten gjekk i arv som vanleg leiglendingsrett. I 1603 finn vi Jakob og Isabella som slike nyryddarar på Grønsberg. Men oppattryddinga må ha gått nokså lett, for alt i 1626 vart Grønsberg skatta etter ei skyld på to laupar. Jakob og Isabella hadde tre born, som alle døydde ugifte. Isabella vart attgift med Guttorm Torgeirson. Han var komen til Grønsberg alt i 1611. Dei hadde sonen Jakob. I 1645 finn vi Jakob Guttormson Grønsberg og kona Guri Sveindtr på bruket. Dei hadde ei tenestejente, Brita Knutdtr. Guri og Jakob hadde 5 born. Av dei kom Jon til lnr 53 Gullteigane. Dei andre veit vi ikkje meir om. I 1648 bytte Jakob leiglendingsrett med Hermund Kjellson Hove. Men straks etter at Jakob hadde flytt til Hove, døydde han. Guri gifte seg opp att med Knut Lasseson Hove. I 1652 la Knut opp sak mot Hermund Kjellson Grønsberg, Han meinte at då Jakob og Hermund hadde bytt leiglendingsrettar, hadde Hermund sagt seg viljug til å betala 7 riksdalar for Jakob sin ryddebolsrett. Første gong saka kom føre på tinget, kunne domaren ikkje høyra vitna «på grund af ulyd og drukkenskap». Domaren prøvde å få dei til å semjast, men Knut auka i staden kravet til 20 riksdalar. Då saka kom opp att på tinget, vart Hermund frikjend.
Lnr 41 Grønsberg
4,22 spd. Eigarar: i 1647 Apostelkyrkjegodset, i 1723 etatsråd Blixencrone. Skyld: 2 laupar i 1647, 2,17 laupar i 1723 og 1838. Grønsberg vart leiglendingsbruk under Daae-familien. Lnr 41a frikjøpt i 1787, lnr 41b i 1810. I 1845 var det 4,9 daa potet, 11,5 daa korn, 4 hestar, 17 storfe, 80 smalar og 4 vinterfôra svin på Grønsberg.
Hermund Kjellson Hove (1620–) vart ikkje lenge på bruket. Han kom til Bøyum i Fjærland, også der var han i strid med bygdefolk. Til Grønsberg kom Markus Anfinson Tryti (1624–ca 1695) frå lnr 110 & ca 1654 Brita Ivardtr Espesete (1632–1677?) frå eit småbruk. Brita hadde frå før Ingeborg 1752 med Alf, som kanskje var enkjemann Alf Seim på lnr 11. Born: 1. Gjertrud 1655–1680? (lnr 24+25 Stadheim, gift med innerst Endre Bårdson og dei hadde tre born: Anfin, Bård og Brita), 2. Alf 1657–1705 (lnr 33 Fosse), 3. Anna 1659–1742 (lnr 58 Hanekam i Arnafjord sokn), 4. Ivar1659–1753 (lnr 16 Holane i Arnafjord sokn), 5. Hermund 1661 (Ytre Borlaug i Feios, død før 1728, ikkje born), 6. Magnhild 1662–1739 (Dyrdal i Kyrkjebø), 7. Anfin 1663–1733 (lnr 176 Stjernegjerd i Feios), 8. Helga 1666–1762 (lnr 95+97 Fjærestad), 9. Barbra 1670 (lnr 20+21 Fyli, død før 1728, born: Morten, Markus, Ingebrigt, Botolv og Brita), 10. Jon 1673–1728 (lnr 42 Seljestø), 11. Brita 1677–1746 (lnr 17 Tenål). Ingeborg Alfdtr Grønsberg (1652–1720) & Ola Mortenson Engum (1658–1742) frå Kvamsøy sokn var neste bondepar. Dei hadde ikkje born. Ola hadde broren Hans på lnr 20+21 Fyli. Ola vart attgift med: Kari Johannesdtr Langeteig (1682?–1749) frå Vetlefjorden. Dei fekk: Sjur 1727–35, Jon 1728–30 og Morten 1729. Den siste er omtalt i den gamle bygdeboka ved at han i 1751 gifte seg med ei gamal enkje på Linde. Men der likte han ei dotter betre enn mora, med den katastrofale følgja at dei båe fekk dom for blodskam! Straffa for det var avretting. I 1701 finn vi to Endresøner frå lnr 24+25 Stadheim som drenger på Grønsberg: Bård 1684 og Anfin 1688 (lnr 73 Hove). I 1732 gifte Bård Endreson Grønsberg seg med Marta Andersdtr Åse frå lnr 48+49. Dei blir borte for oss.
I 1740 fekk Ola Helgeson Turvoll d.e. (1710–1780) bygsling på Grønsberg. Han gifte seg i 1741 med Mari Endredtr Kvamme (1710–1749), ei brordotter til Kari. Ekteskapet med Mari var nok avtalt før Ola fekk bygsling på bruket. Born: Helge 1741–42, Helge 1744–44, Helge 1745–45, truleg ein ny Helge 1746, Anna 1747–47. Etter at Kari døydde, gifte Ola seg på nytt og flytta tilbake til lnr 46 Turvoll. Alf Helgeson Turvoll (1712–1786) & 1750 Anna Ellenddtr Refsdal (1724–1794) frå lnr 61 vart neste leiglendingspar på Grønsberg. Born: Anna 1750–67, Helge 1752–52, Helge 1755–55, Ellend 1759–59, Helge 1764, Anna 1769–1813, Jon 1767–71. I 1763 hadde dei Ola Helgeson Turvoll dy og kona Eli som husfolk på Grønsberg. Ola og Eli fekk seinare halve Turvoll. Helge Alfson Grønsberg (1764–1838) & 1787 Sesilia Oladtr Nummedal (1751–1834) frå lnr 36 fekk borna: Brita 1788, Marta 1794 (Vikøyri v574). Siste brukarpar av heile garden var Brita Helgedtr Grønsberg (1788–1876) & 1806 Eirik Hermundson Øvstedal (1785–1843) frå lnr 44. Born: Anna 1807 (flytta til Lindås i Hordaland i 1838), Hermund 1809 (lnr 41a), Sesilia 1811 (plassane Eiriksbakken under lnr 34 Fosse og lnr 22c Teigum), Marta 1812 (død før konfirmasjonsalder), Helge 1814 (lnr 41b), Brita 1817 (USA, sjå note lnr 62 Undi), Torbjørg 1819 (plass lnr 51 Orvedal), Marta 1822 (sjå note), Ola 1825–25?, Ola 1828 (lnr 43b Myrkaskog). I 1837 slutta Brita og Eirik som leiglendingar, og då vart garden delt ved at eigaren Marie Daae Fasting skøytte 2/3 av bruket over på Hermund Eirikson. Denne delen fekk lnr 41a. Resten vart kanskje i nokre år drive av eigaren frå Sjøtun som beite- og slåttemark, men noko kan ha vore leigd bort.
Marta Eirikdtr Grønsberg (1822–) fekk Ola 1845 med ein som heitte Lars og Ola 1855 med Nikolai Mikkelson Borge frå Bergen. Ho og dei to sønene reiste til USA i 1867. Der gifte ho seg med enkjemann Knut Nilsson Midlang (1818–1899) frå lnr 98. Ola N. Grønsberg (1855–) gjekk ut frå Concordia Seminar, St Louis, vart prest i San Francisco og sidan styrar av Pasific Lutheran Academy and Business College (= Pasific Lutheran College), Parkland, Washington.
Lnr 41a Grønsberg 2,63 spd = bnr 11/1 3,33 mark. Hermund Eirikson Grønsberg (1809–1863) & 1838 Brita Oladtr Øvstedal (1811–1890) frå lnr 44 vart sjølveigarar på denne delen. Hermund kom etter kvart i økonomiske vanskar, selde bruket i 1854 og flytta inn på ein husmannsplass i Vetle-Nummedal. Kjøpar var Jon Sjurson Feidje (1829–1912) & 1853 Gyrid Monsdtr Berdal (1833–1913), båe frå Feios. Born: Brita 1853 (sjå paktarar av prestegarden Grov), Ranveig 1855 (lnr 46 Turvoll), Sjur 1858, Monsina 1860 (lnr 39 Nummedal), Eli 1863 (lnr 28c Stadheim), Anders 1866 (lnr 40d Vetle-Nummedal), Gunhild 1870 (sjå lnr 45a Turvoll), Lars 1868 (Ullensaker, sjå note lnr 6+7 Vange), Sjur 1874 (sjå note). Sjur Jonson Grønsberg (1858–1928) & 1876 Brita Helgedtr Turvoll (1852–1940) frå lnr 46, fekk skøyte på bruket i 1894. I åra 1880–94 hadde dei budd på småbruket lnr 40d i Vetle-Nummedal. Born: Helge 1875, Jon 1877 (lnr 45a Turvoll), Ola 1879 (lnr 36c Nummedal), Gyrid 1881–82, Anders 1883–91, Johan 1885 (ugift, USA 1903), Anna 1888–88, Anna 1889, Sjur 1892 (lnr 43b Myrkaskog), Gyrid 1893 (Sagi i Kvamsøy sokn), Synneva 1896 (sjå note lnr 42 Seljestø). Anna 1889 fekk Anders 1911 med Ola Helgeson Turvoll på lnr 46. Anna og Anders var ei tid på lnr 8 Vange. Anders kom så til bnr 7/6 under lnr 35a+34b Fosse. Helge Sjurson Grønsberg (1875–1968) & 1916 Synneva Oladtr Frivik (1881–1971) frå plass nr 11 Nese i Arnafjord, fekk ei dotter, Brita 1916. Brita Helgedtr Grønsberg (1916–) & 1945 Olav Hermanson Ovri (1911–1992) tok over bruket i 1947. Om foreldra til Olav: sjå note lnr 70b Ovri. Born: Synneva 1945 (Leikanger), Inga 1946 (Askøy), Helga 1949 (Feios). Inga Oladtr Grønsberg (1946–) & 1968 John Skogheim (1946–) overtok i 2000, men er busette på Follesø på Askøy. Born: Ole Johan 1970 (Bergen), Jan Inge 1976 (Bergen), Bernt Sigve 1977 (Bergen), Svein Helge 1980 (Askøy), Tove Lise 1986. Bruket er no mest brukt til beite.
Sjur Jonson Grønsberg (1874–) & 1902 Hansina Jondtr Åse (1877–1917) frå lnr 50 busette seg på Rokne, Voss, i 1905. Dei fekk Gyrid 1903 (Vikøyri v648), Marta 1907 (Haugamoen på Voss), John 1910 (overtok bruket), Borghild 1914 (Haugamoen), Hansina 1917 (garden Rode i Bordalen).
Lnr 41b Grønsberg 1,59 spd = bnr 11/2 2,03 mark. I 1846, 9 år etter deling, kom det eit leiglendingpar på denne parten. Det var Helge Eirikson Grønsberg (1814–1903) & 1846 Brita Oladtr Nummedal (1818–1903). Om Brita: sjå note lnr 40 Vetle-Nummedal. Det må vera Helge og Brita som bygde opp husa. Jamvel om dette var eit nytt bruk, vart husa plasserte inne i det gamle tunet. Helge og Brita hadde ikkje born, men tok til seg ei fosterdotter, Brita Lassedtr Orvedal (1863– ) frå ein plass under lnr 51, ei systerdotter til Helge. Bruket vart selt. Dermed hadde ikkje Brita Lassedtr nokon rett til å overta drifta. Kanskje var det årsaka til at kårmannen Helge hengde seg. Brita reiste til USA i 1883 frå Øvstedal. Kjøpar var Anders Jonson Vikøyri v498 (1849–1924) & 1874 Marta Beintdtr Rislåg (1844–1935) frå lnr 55b. Dei kom frå lnr 55b Rislåg, som dei selde i 1877. Skøyta vart tinglesen i 1877. Anders og Marta hadde: Anna 1875 (Vikøyri-vest, hus nr 2), Jon 1876–1902 (fór av i ei snøskreda på Tuftahaug i 1902.), Birte 1878 (USA i 1901), Helge 1879 (USA i 1900), Beint 1880–82, Beint 1882 (USA 1902), Hans 1884–84, Synneva 1884–85. I 1902 flytta Anders og Marta til Vikøyri v048, hus nr 2, og selde bruket til Ingebrigt Olason Tenål (1846–1933) frå lnr 16 & 1882 Gjertrud Nilsdtr Myrkaskog (1860–1945) frå lnr 43a. Dei hadde før vore på lnr 15k Tenål. Born: Brita 1883 (lnr 22 Dale i Arnafjord), Ola 1886, Nils 1889 (USA 1910), Ivar 1891 (lnr 31 Stadheim), Anders 1897 (USA 1914), Alf 1904–22, Aagot 1907 (bnr 59/12 under lnr 33bc Valsvik i Arnafjord). Ola Ingebrigtson Grønsberg (1886–1957) & 1918 Sitona Andersdtr Refsdal (1886–1958) frå lnr 34 Fosse tok over drifta i 1916. Born: Ingebrigt 1916, Anna 1920 (lnr 43a Myrkaskog), Gjertrud 1925 (bnr 41/111 i Tomtebu, Vikøyri). Ingebrigt Olason Grønsberg (1916–2000) & 1947 Anna Nilsdtr Fosse (1921–2008) frå lnr 34 tok over omkring 1950. Dei fekk ikkje born. Bruket er nedlagt.
Husmenn på Grønsberg. På Grønsbergvar Hermund Nilsson Gotevik (1753–) frå lnr 7 & 1788 Anna Oladtr Turvoll (1758–1830) frå lnr 45 husmannsfolk i 1801. Etter bruksdelinga låg plassen under lnr 41a. Born: Gyrid 1788 (plass 5 Sæbø), Eli 1790–90?, Eli 1791–91?, Eli 1793–93?, Helga 1797. Helga Hermunddtr Grønsberg (1797–1879) & 1819 Tor Larsson Hove (1787–1822) frå lnr 76 fekk Anna 1821 (USA i 1844). Tor og Helga fekk festeseddel i 1820. Under eit sinnsjukeåtak kasta Tor seg på elva og drukna. Denne staden fekk namnet Torfossen. I 1823 gifte Helga seg på nytt med Hans Lasseson Orvedal (1800–1877) frå lnr 51. Dei hadde borna: Lasse 1824 (bnr 26/32 Moane-Hove), Brita 1829 (Nåsen på Vossestrand) og Hermund 1833 (lnr 43b Myrkaskog). Plasshusa låg inne i tunet på Grønsberg, Grunnmuren til «Hansløa» finn vi også i dag. «Hansåkeren» er like over korntørka på Grønsberg. Dei hadde òg ein utmarkaslått med løe. I 1865 hadde Helga og Hans: 0,4 daa bygg, 1,8 daa poteter, 3 kyr, 12 smalar og ein vinterfôra gris. Plassen var altså stor. Likevel fekk Hans og Helga mykje fattighjelp på sine gamle dagar og Helga døydde på legd. Plassen vart nedlagt.