Bruavoll
Bruavoll (bruavådl): Bruervold (1647), Bruewold (1667), Bruervold (1723), Bruvold (1838, 1863), Bruevold (NG), Bruavoll (VIK). Slektsnamnet har vore Brudevoll.
Bruavoll er rasutsett. I 1775 gjekk eit stort jordras og i 1931 kom det eit nytt øydeleggjande jordras. Det spesielle med Bruavoll er elles at få døydde der. Fleire vart fødde på garden (særleg mange utanom ekteskap, ofte med ei tenestejente som mor). Mange flytta dit, men reiste derifrå få år etter. Folketalet på Bruavoll på 1800-talet varierte sterkt. Nedgang kom ved utvandring og fråflytting. I 1865 var det berre to personar på Bruavoll. Det var Anna Tollakdtr med sonen Anfin. Dei var på ein husmannsplass.
Lnr 47 Bruavoll
2,65 spd. Eigarar: I 1647 Olle Frønninge 0,82 laupar, i 1667 0,99 laupar, i 1718 og 1723 Anna Finde 0,92 laupar, deretter Anders Daae og Daae-arvingar: Christian Fredrich Tuchsen, Anders Tuchsen, Christine Marie Tuchsen/Nils Olason Åse. Skyld: 1 laup i 1788 og 1838. Jordbruk i 1845: saman med lnr 33 Fosse.
Midt på 1500-talet var øydegarden Bruavoll eigd av adelsmannen Samson Ingebrigtson Finden. Garden var arv etter morfar til Samson, adelsmannen Olav Aslakson Bratt, og som i 1522 budde i Vik, men som seinare hadde Fet i Hafslo som setegard. Olav Frønningane var den siste i Tenål-adelsslekta som eigde Bruavoll.
Den første brukaren som er nemnd for Bruavoll er Anfin i 1626. I 1645 var Antonius og Eli der, og i 1667 finn vi Johans Olason (1635–) med sønene: Ola 1661, Jon 1664, Bendik 1666. På garden budde òg ein tiggar: Josef, 42 år. Ivar Bruavoll (1612-1687) hadde sønene: Hans 1650, Ola 1657, Nils 1662 og truleg Guttorm 1665. Ivar med huslyd flytta til Flete i Fresvik ca 1657. I 1701 finn vi Guttorm Ivarson (1665–1732) på Bruavoll. Han var truleg gift med enkja etter ein som heitte Ola, for det var ein son, Tørris Olason, fødd 1684, på bruket. Tørris kom til plass på Breidi på Hopperstad (sjå under lnr 120). Johannes Olason, 30 år, var dreng. I 1710 var Tollak brukar. I følgje den gamle bygdeboka kan han ha vore ein bror til Tørris. Tollak Olason Bruavoll (1671–1744) var tenar på Stadheim i 1701 og fekk etter den gamle bygdebok bygsling på Bruavoll i 1706. Han var far til: Ola 1713–29, Marta (døydde truleg ung), Anders 1719, Nils 1720 (plassen Hola på Seljadalen), Brita 1723 (Vikøyri v918), Kristi 1728–48. Tollak var gift med Kari Andersdtr Rinde (1678?–1740) frå Feios. Kari hadde stadnamnet «Brudevold» då ho vart gravlagd og ho var «Tollak Brudevolds qvinde». Ei Kari Rinde vart fødd i 1704, men dersom det er rett person, må Tollak først ha vore gift med ei anna kvinne. Ved død skulle Kari vera 62 år. Dersom det er rett, kan ho ikkje vera mor til Kristi 1728.
Anders Tollakson Bruavoll (1719–) & 1742 Margrete Kristofferdtr Hove (–1786) frå lnr 73 var neste leiglendingspar. Margreta var syster til Elling Hove, som i nokre år var skulehaldar på Seljadalen og budde i Øvstedal. Anders og Margreta fekk borna: Kari 1743–50, Anders 1745–50, Synneva 1745–50, Kristi 1748–48, Tollak 1749 (Vikøyri v946), Synneva 1752–58, Kari 1753 (Vetleøyri s204), Anfin 1758 (sjå note).
I 1775 gjekk eit skræmeleg jordskred ned over Bruavoll. Det var jonsokdag, og det var eit forferdeleg regnvêr som utløyste skreda. Det meste av åkerlandet og mykje av grasmarka på heimebøen vart øydelagd. Stabbur, fjøs, sauehus, geitahus og kvernhus vart borte. Anders Tollakson og Margrete flytta til Vikøyri.
Etter Anders Tollakson kom Hermund Sjurson Hopperstad de (1725–1781) til Bruavoll. Han hadde i 1765 gift seg med Torbjørg Andersdtr Nese (1725–1774) frå lnr 45 i Arnafjord sokn. Dei overtok drifta av lnr 122 Hopperstad etter ein bror til Hermund, Paul. Dei fekk der: Sjur 1765–65, Sjur 1766–67. Hermund var attgift 1774 med Helga Helgedtr Turvoll (1725–1797?) frå lnr 45+46 og dei bygsla Bruavoll. Helga gifte seg 1783 opp att med Ingebrigt Rognaldson Juvik (1751–1824) frå lnr 5. Ingebrigt fekk to nye koner: Kari Oladtr Hove (1750–1816) frå lnr 72 i 1805 og Marta Kjelldtr Tryti (1771–1831) frå lnr 106 i 1817, men utan born. I følgje kyrkjeboka døydde Ingebrigt som kårmann på Bruavoll, men dødsadressa er Moane-Hove for Kari og Tryti for Marta.
Nils Olason Sæbø var eigar av Bruavoll først på 1800-talet. I 1836 overtok sonen Ola og i 1841 ei syster til Ola, Brita Nilsdtr, gift med Beint Ellingson Tenål på lnr 14. Sæbø-folka skal i følgje den gamle bygdeboka dels ha bygsla bort garden og dels ha hatt forpaktar. Frå ca 1812 til ca 1828 var husmannssonen Lasse Jonson Turvoll (1781–1847) truleg forpaktar. Han gifte seg 1812 med Kari Hansdtr Nissestad (1786–1847) frå lnr 14 i Arnafjord sokn og dei fekk 10 born: sjå Vetleøyri s132. Huslyden var først ei kort tid i Moane-Hove. For dei siste borna var dåpsadressa Vetleøyri, og der døydde også foreldra som strandsitjarar. For åra 1828–34 var det kanskje berre husmenn på Bruavoll. Frå 1835 vart garden truleg driven frå Fosse, der ein son til Nils Olason Sæbø, Fredrik, hadde busett seg. I alle høve var Bruavoll underbruk av bruket til Fredrik Fosse ved jordbruksteljinga i 1845.
I 1845 vart garden delt. Lnr 47a vart Myrkaskog-eiga og lnr 47b Stadheim-eiga. Heller ikkje dei nye eigarane busette seg der. Men det var folk på ein eller to husmannsplassar. Dei første husmennene må ha kome dit før garden vart delt.
Anfin Andersson Bruavoll (1758–1824) & Marta Perdtr (1763?–) busette seg på plassen Måredalen i Måren, Kyrkjebø. Born: Margrete 1790 (plass under lnr 47b Bruavoll), Anders 1793–1802, Kari 1795 (var i live i 1801), Kristoffer 1802–02, Anders 1803 (plass under lnr 47b Bruavoll). Anfin hadde dessutan Ola 1788 (Vikøyri v 740) med Kari Andersdtr «Karevoll», sjå note lnr 57 Karevoll.
Lnr 47a Bruavoll 1,30 spd = bnr 14/2 1,59 mark. I 1886 var denne delen eigd av Nils Beintson Myrkaskog. I 1887 vart jorda delt med tre kjøparar. Bnr 14/2 0,48 mark gjekk til Per Nilsson Myrkaskog og to andre partar fekk bnr 14/5 0,74 mark og bnr 14/6 0,37 mark.
Bnr 14/5+6 1,11 mark vart bygt ut til bruk av Hans Jonson Holen (1867–1931) frå Hola. Han gifte seg 1894 med Stina Nilsdtr Myrkaskog (1868–1931) frå lnr 43a og dei busette seg der. Dei hadde ein son Nils 1894–1912. Bnr 14/5+6 vart overteke av Harald Person Fosse (1904–1974) & 1930 Fredrikke Kristendtr Tryti (1908–2004) frå lnr 108b Trytisøyna. Dei busette seg på bruket i 1929, men etter raset i 1931 flytta dei til bnr 7/9 under lnr 34 Fosse. Seinare hadde dei lnr 122a Hopperstad før dei busette seg på bnr 26/53 Vollareina. Hans og Stina var kårfolk på bruket og mista livet i storraset i 1931. Bruket vart overteke av Per Haraldson Fosse (1931–1985), som var busett i Mosjøen, og deretter av Håvard Person Fosse (1970–), Oslo.
Bnr 14/2 0,48 mark vart bygt ut til bruk på 1890-talet av Per Nilsson Myrkaskog & Anna Oladtr Turvoll. Dei hadde mange born før dei busette seg på Bruavoll. I 1903 kjøpte dei lnr 34 Fosse og flytta dit. Denne delen vart deretter driven frå Fosse.
Husmenn på lnr 47a. På den delen som Nils Myrkaskog eigde, finn vi i 1865 husmann Anna Tollakdtr Vikøyri v952 (1806–1869) med sonen Anfin 1836. Anfin hadde Anna fått med Sjur Simonson Hallrynjo (1815–). Ved dåpen av Anfin brukte ho stadnamnet Vikøyri, men Anna var fødd på Vangsnes, sjå note lnr 2 Øksdal. Anna hadde systera Brita på lnr 46 Turvoll. I tillegg til Anfin hadde Anna òg Eli 1846 (plass under lnr 74 Hove) med Ola Jonson Nummedal (1802–1851) frå lnr 36. I 1865 hadde ho: 1,2 daa blandkorn, 1,1 daa poteter, ei ku, 13 smalar og 2 vinterfôra grisar på plassen. Anfin Sjurson Bruavoll (1836–1921) & 1867 husmannsdtr Kari Arnedtr (Fosse) Teigum (1825–1914) fekk ei dødfødd jente i 1872 og Anna 1874. I 1875 vart det skrive at Anfin var bygslingsmann. Det var då 0,7 daa blandkorn, 1,4 daa poteter, 3 kyr og 12 sauer på plassen. Anna Anfindtr Bruavoll (1874–1964) budde i ei stova på Bruavoll. Men i 1947 var ho i Hola. I året 1900 var ei systerdotter til Kari, Sitona Nilsdtr Espevik (1886–) på plassen. Om foreldra hennar: sjå fotnotar under plass under lnr 22c på Teigum. Sitona «Brudevold» fekk Anfin 1920 med handelskar Kristoffer Hanssen frå Bergen. Sitona vart gift til Setane i Hyllestad. Ho tok barnet med seg.
Lnr 47b Bruavoll 1,30 spd = bnr 5/10 1,59 mark. På Stadheimdelen av Bruavoll var Endre Torson Stadheim (1903–1987) frå lnr 29 bureisar frå sist i 1920-åra. Han gifte seg i 1928 med Birte Jondtr Rislåg (Åse) (1907–1946). Birte var dotter til Inga Andersdtr Rislåg (1884–1961) frå lnr 55b og var oppfostra på bnr 15/6 Åse. Born: Thor 1928 (sjå bnr 2/30 under lnr 6+7 Vange), Anders 1932 (bnr 6/33 Føli), Ingebjørg 1934 (bnr 7/5 Fosse), Marta 1936 (lnr 69 Ovri), Einar 1939 (Skollenborg i Buskerud). Under det store skreda i 1931 vart dette bruket på Bruavoll ein del skadd, men huslyden heldt fram med å bu der. Endre eigde òg småbruket bnr 15/6 Åse. Endre gifte seg opp att 1948 med enkja Kari Perdtr (Marstad) Turvoll (1902–1990) på lnr 45b. Dei budde på kvar sin plass, men frå omkring 1967 leigde dei husvære i huset til Dankert Skagen (der Vikjatunet er i dag). Seinare budde dei andre stader nede i bygda. I 1962 flytta enkja Marta Endredtr (Brudevoll) Ovrid (1936–) frå lnr 69 Ovri til Bruavoll med borna: Reidun 1957, Bjørg 1958, Målfrid 1959, Erna 1960, Kjell 1961. Ho overtok drifta og fekk i 1974 skøyte på bruket. I 1978 gifte Marta seg oppatt med Johannes Bendikson Fjærestad (1931–) på lnr 95c og flytta til Fjærestad. Bruket har deretter vore drive frå Fjærestad.
Husmenn på lnr 47b. Anders Olason Seimsøyri s154 s026 (1793–) & 1818 Margreta Anfindtr Måredal (1790–) frå ein plass i Måren, Kyrkjebø, var busette på Vetleøyri og fekk der fire born som voks opp, sjå s026. Deretter kom dei til Bruavoll. Far til Margreta kom frå Bruavoll, sjå note lnr 47 Bruavoll. Anders og Margreta reiste til USA med dei tre yngste borna i 1846.
Ein bror til Margreta kom deretter til plassen på Bruavoll, Anders Anfinson Måredal (1803–1869). Som ungkar fekk han Marta 1827 med Bryteva Kolbeindtr på Målsnes. I 1835 gifte han seg med Sesilia Nilsdtr Hest (1812–), ei dotter til Nils Lasseson Hest, Bjordal i Kyrkjebø. Huslyden budde fram til 1846 på Vetleøyri s010, kanskje i den stova som Anders og Margreta flytta frå. Born: Ola 1839, Anfin 1842, Kari 1845 (plass i Hola, Seljadalen), Lasse 1854. I 1868 var Anders på legd på gardane Hopperstad og Hove og ved dødsfallet på Bruavoll er han ført opp som legdeslem. I 1866 reiste sonen Ola til USA og i 1870 følgde enkja Sesilia, Anfin og Lasse etter.
Deretter var truleg Øystein Øysteinson Søndre Bø (1821–1896) husmann på denne plassen. Han var frå Vang i Valdres, var dreng på Ovri då han i 1870 gifte seg med Kari Oladtr Hola (1837–) frå Hola i Seljadalen. Kari Oladtr fekk Olina 1863 med husmannsson Ola Andersson Bruavoll (1839–) før ho gifte seg. Born: Anna 1870, Eli 1873, Jon 1875. Borna er ikkje fødde på Bruavoll. I 1875 hadde Øystein og Kari: 0,5 daa blandkorn, 0,9 daa poteter, to kyr og 7 sauer på plassen. Alle i huslyden reiste til USA i 1876.
Deretter kom truleg Hans Larsson Undredal (1846–1904) & 1873 Olina Arnedtr Fosse (1840–1931) frå plass i Teigum på Ovrisdalen til plassen. I åra 1873–75 var Hans og Olina på Rislåg som paktarar. I året 1900 vart dei førde opp som gardbrukarar på lnr 54e Rislåg, sjå meir der.
Ved folketeljinga i 1900 finn vi Ola Jensson Limmesand (1850–1923) & 1878 Anna Ingebrigtdtr Øyri (1855–1819) frå Fresvik med borna Brita 1888 og Elling 1894 som husmannsfolk på Bruavoll. I 1894 pakta dei eit bruk på Nese. Dei vart seinare busette i Hagen på Limmesand, sjå meir der.
Rett etter århundreskiftet finn vi eit nytt ektepar som husmenn på Bruavoll: Gabriel Larsson Løfald (1870–1929) og Kari Larsdtr Mundal (1874–1936) frå Fjærland. Dei var tenar på Hatlekolo i år 1900. Han var frå Indre Holmedal (i dag Sande i Gaular). Born: Marie 1900, Lars 1903, Johannes 1905, Sjur 1909, Lovisa 1912–18, Anna 1916. Huslyden flytta til Vikøyri v234 og Gabriel vart postbod.