Åse

Åse (aose): Aasze (ca 1320), Aas (1563, 1567), Aase (1647) Aasse (1667, 1723), Aase (1838, 1863, NG), Åse (VIK). Dei fleste brukar Aase om slektsnamn, nokre Åse.

Åse er ein av dei få gardane på dalane i Vik som kom gjennom øydetida med folk på minst eitt bruk. Ein ikkje liten del av Åse låg først på 1500-talet under Tenål-godset. I 1552 heitte brukaren Eskild, i 1603 var det to: Torodd og Anders. Anders var på Åse også i 1611 og 1635. Då var han kanskje på eit kårbruk, for vi finn i tillegg Nils og Endre på kvart sitt bruk. I 1645 og 1657 var Endre og Marita på eit bruk på 2,5 laupar og Nils og Synneva dreiv 1,57 laupar. I 1667 var Marita enkje på eit bruk på 2,75 laupar og Jon Hermundson var på eitt bruk på 2,03 laupar. I 1723 dreiv Tor eit bruk på 2,92 laupar og Ola eitt på 1,75 laupar. I 1701 finn vi Tor Olason og Nils Rognaldson som brukarar. I 1711 heitte brukarane Tor og Nils. I 1763 var det tre bønder: Ellend, Jon og Ola Jonson. Ut frå dette ser vi at det på Åse lenge var eitt storbruk og eitt normalbruk. Storbruket vart delt ca 1750.

Lnr 48+49 Åse

Eigarar: I 1647: Kongen og Axel Mowat 1,0 laup kvar, Anne Jensdtr Hjerman 0,5 laup. I 1723: Samuel Bugges arvingar, deretter Daae-familien. Matrikkelskyld: I 1647 2,5 laupar, i 1667 2,75 laupar, i 1723 2,92 laupar, i 1838 1,46+1,46 = 2,92 laupar.

I 1645 var Endre brukar. Han var truleg bror til Anfin Andersson Tenål på lnr 13. I 1666 var det enkja Marita Helgedtr som sat der, og ho hadde då med seg sonen Anders 1655. Ho vart tidleg attgift med Anders Hermundson (som kanskje ikkje var frå Vik). Anders Endreson Åse (1655–1692?) var neste brukar. Han var gift med Eli Hermunddtr Hopperstad (1656–1729) frå lnr 119+120. Born: Endre 1691 (lnr 90 Brekke), Kari (lnr 55 Rislåg) og truleg Marta (lnr 41 Grønsberg). Eli gifte seg på nytt med Tor Olason Brekke (1668–1729), ein son til den rike bonden Ola Bendikson på lnr 88. Born: Ragnhild 1694 (lnr 36 Nummedal), Anders 1697, Anna 1700–1780) (ugift) og Ola 1702 (lnr 123 Hopperstad). På bruket var det i 1701 skifte etter Marita Helgedotter. Dersom vi set at Marita var 20 år då ho fekk Anders 1655, kan ho ha vore fødd i 1635, og om vi deretter set at Marita fekk siste barnet då ho var 45 år, vil det vera fødd i 1680. Dermed skulle alle borna etter henne ha vore over 20 år då ho døydde. I skiftet etter Marita må det berre vera borna med den siste mannen som er med. Dei var: Hermund (døydde i året 1700), Endre, Brita de, Sigrid, Marita, Kari, Brita dy. Kvifor dei alle blir borte, er ikkje lett å forstå.

Anders Torson Åse (1697–1751) og kona Brita Helgedtr Hopperstad (1705–) frå lnr 123 hadde: Ivar 1723, Eli 1731 (lnr 48 Åse), Kari 1735 (lnr 14 Tenål). Ivar Andersson Åse (1723–1751) & 1744 Ingeborg Tordtr Høgheim (1713–) frå Fresvik, ei syster til Ragnhild på lnr 37 Nummedal, fekk borna: Tor 1745 (plass Huglagjerde på Ovrisdalen), Brita 1751 (lnr 52 Orvedal). For Ivar Andersson finn vi to merknader i kyrkjeboka. Den første er i 1750: «Nu anden gang af præsten i medhielperens påhør advaret Iver Andersen Åse, at han udi sin ægtestand skal leve christelig, og ikke æfterdags give sin hustru ringeste anledning til nogen mistanke i henseende til æktebrud». Andre gongen er året etter: «Begravet den danemand Iver Åse med jordpåkastelse af præsten, som mandagen tilfore ved en meget hastig død ude på marken fra prestegården til hest, men da han var komen opimod Tælthuuset i Moene, ungefær en timers tid æfter at han på Prestegården vare affaret, ere han der funden død af Helge Sjursen Sæbø og Elling Lassesen Hove». Ingeborg gifte seg på nytt 1752 med Elling Jonson Ovri (1723–1753) frå lnr 70. Tredje gongen gifte ho seg 1754 med Jon Torson Ovri (1732–1780) frå lnr 67 og fekk Ivar 1755. Bruket vart delt i 1763, og Jon fekk kjøpt sin del (lnr 49) av Gerhard Daae i 1771. Den andre halvparten, lnr 48, vart bygsla av ein bror til Jon, Ellend/Elling Torson Ovri.

Lnr 48 Åse

4,54 spd = bnr 15/1 5,54 mark. I 1845 var det 4,2 daa potet, 16, 7 daa korn, 4 hestar, 16 storfe, 72 smalar og 3 vinterfôra svin på bruket.

Ellend Torson Ovri (1720–1801) frå lnr 67 & 1751 Eli Andersdtr Åse (1731–1775) frå lnr 48+49 bygsla dette halvbruket til 1774, då dei kjøpte det av eigaren Gerhard Daae. Born: Marta 1751 (lnr 38 Nummedal), Anders 1753, Tor 1754 (plass under bruket), Anna 1757 (lnr 68 Ovri), Åsa 1762 (lnr 36 Nummedal), Ivar 1768–71, Brita 1770–1825. Anders Ellendson Åse (1753–1830) & 1789 Inga Ivardtr Ovri (1767–1857) frå lnr 67 fekk: Eli 1789–93, Ivar 1792–92?, Eli 1794–94?, Brita 1795 (levde i 1801, men truleg død lita), Ellend 1797–99, Eli 1800–02, Ivar 1802–33 (død 31 år gamal i følgje den gamle bygdeboka), Ellend 1806, Eli 1809 (døydde før konfirmasjonsalder). I 1822 vart bruket skøytt til Ellend Andersson Åse (1806–1872) & 1829 Karen Johandtr Reutz (1803–1883) frå lnr 1 Sæbø. Born: Anders 1831, Johan 1833 (sjå note), Ivar 1835, Inga 1837–37, Inga 1838–38, Inga 1840. Anders Ellendson Åse (1831–1862) fekk to born med Ragnhild Eirikdtr Ovri (1827–1854) frå lnr 70: Karen 1852–52 og Ellend 1854 (USA 1871). Det var lyst for dei i kyrkja. Men då ho døydde, gifte han seg i 1856 med systera Sigrid Eirikdtr Ovri (1824–1908) og dei hadde borna: Ragnhild 1856, Ellend 1857, Gyrid 1859, Anders 1862. Anders 1831 døydde i eit snøskred saman med broren Johan 1833. I 1862 vart lnr 48 skøytt til enkja Sigrid, men i 1863 selde ho bruket til broren Ellend, gift med ei syster til Anders 1831, og ho flytta med borna til lnr 70a Ovri. Sjå meir om borna der. Dette var ei form for gardabyte mellom lnr 48 og lnr 70a Ovri. Ellend Eirikson Ovri (1830–1906) & 1858 Inga Ellenddtr Åse (1840–1914) var på lnr 70 Ovri fram til 1863. Born: Eirik 1858, Johan 1862, Gyrid 1867, Ellend 1870, Karen 1872, Anders 1875. Familien reiste til USA i 1876. Gjennom ein mellommann gjekk bruket i 1876 til Svein Hansson Bøtun (1830–1925) & 1853 Anna Oladtr Holum (1822–1896), strandsitjardtr, båe frå Fresvik. Born: Hans 1854 (sjå note), Ragnhild 1856 (bnr 15/6 under lnr 49 Åse), Ola 1856 (USA 1870), Svein 1860 (bnr 15/1), Severin 1863 (bnr 15/4. I 1891 vart bruket delt mellom dei to yngste sønene.

Johan Ellendson Åse (1833–1862) & 1859 Brita Ellenddtr Kinni (1831–) frå lnr 56 fekk ikkje born. Brita vart attgift til lnr 66 Hallrynjo.

Hans Sveinson Åse (1854–) & 1885 Ingeborg Nilsdtr Ovri (1865–) frå lnr 69 fekk: Svein 1886. Dei reiste til USA i 1886.

Bnr 15/1 Åse 2,97 mark. Svein Sveinson Åse (1860–1954) & 1889 Guro Oladtr Nåsen (1857–1954) frå Vossestrand fekk: Svein 1890, Marie 1893 (lnr 52 Orvedal), Ola 1896 (bnr 16/8 Orvedal), Anna 1899 (sjå note lnr 59 Refsdal). Svein hadde skulepost på Seljadalen og Ovrisdalen frå 1891. Bruket gjekk til Svein Sveinson Åse (1890–1975) i 1919, men skøyta vart tinglesen i 1943. I 1936 vart bruket utvida ved samanslåing etter utskifting. Bruket fekk tillagt bnr 15/8 0,22 mark, 17/2 0,05 mark og 3/16 0,05 mark, slik at bnr 15/1 vart på 3,27 mark. Svein 1890 gifte seg i 1915 med Olina Ivardtr Refsdal (1886–1964) frå lnr 59. Born: Guri 1915 (Vikøyri v914), Svein 1917, Ivar 1919–47, Gunnvor 1921 (bnr 41/104 i Tomtebu, Vikøyri), Olav 1922 (lnr 22c Teigum, Ovrisdalen), Jon 1926 (Bahus i Sogndal), Anna Maria 1930 (Strømmen i Akershus), Durdei 1933 (Lørenskog i Akershus). Svein Sveinson Aase (1917–1980) & 1944 Anna Hansdtr Tenold (1916–) frå lnr 13e hadde bruket 1954-83. Born: Helga 1945, Oddny 1950 (Feios). Helga Sveindtr Aase (1945–2004) & 1966 Nils Ulrik Andersson Tenold (1945–) frå lnr 17a fekk: Sveinung Andreas 1967 (lnr 17a Tenål), Tevje 1968 (Fjell, Sotra), Anne Hege 1970 (omsorgsbustad i Vik), Nils Åge 1984 (Bergen).

Bnr 15/4 Åse 2,57 mark: Severin Sveinson Åse (1863–1947) & 1888 Brita Jondtr Åse (1864–1904) frå lnr 50 fekk: Anna 1892 (Nåsen, Vossestrand), Svein 1895–1923, Marta 1897 (Ullensvang), Jon 1899, Olav 1901–35 (sjå note lnr 11a Seim). Severin gifte seg på nytt 1906 Synneva Johandtr Åse (1865–1940) frå plass under lnr 49 og dei hadde Brita 1906 (Mel i Vetlefjorden). Jon Severinson Aase (1899–1980) & 1938 Anna Katrina Helvik Torsteindtr Sæd (1908–1992) overtok i 1935. Dei fekk: Brita 1939 (Grimo i Hardanger), Sverre 1943. Anna var frå Simadal i Eidfjord. Sverre Jonson Aase (1943–) & 1967 Grete Johansen (1944–) frå Nesna i Nordland overtok i 1976. Born: Gunn Karin 1968 (Laksevåg i Bergen), Jan Henning 1970 (Bergen), Bjørn Arne 1974 (Bolstadøyri på Voss), Tor Eirik 1975, Stein Ove 1983 (Knarvik i Hordaland).

Plassar under lnr 48. Tor Ellendson Åse (1754–1803) frå lnr 48 & 1783 Brita Oladtr Vetle-Nummedal (1761–) frå lnr 40 fekk: Eli 1783 (lnr 192 Vangsnes), Ola 1787 (var husmann på Åse som skreddar i 1816, så Vetleøyri s184), Ivar 1789. Tor vart spedalsk og låg til sengs dei siste tre åra han levde. Ivar Torson Åse (1789–) & 1815 Ragnhild Jondtr Nummedal (1786–) frå lnr 36 overtok plassen. Born: Hermund 1811 (lnr 52b Orvedal), Brita 1815–15, Brita 1816–17, Jon 1818–45, Brita 1821–22, Tor 1823 (USA 1845), Ola 1826 (USA 1846), Brita 1830 (USA 1846). Huslyden flytta til Huglagjerde omkring 1840. Ivar og Ragnhild reiste til USA med to born i 1846.

I 1822 fekk Ola Torson Ovri (1790–1860) frå lnr 67 festesetel på plassen «Smedevolden» under lnr 48. Ola var med i krigen 1809–15. Han gifte seg i 1817 med Brita Andersdtr Åse (1795–1860) frå lnr 48 og dei fekk: Johannes 1817–49, Anders 1819 (sjå lnr 35 Fosse), Eli 1822 (sjå note lnr 54 Rislåg), Inga 1830. Ola, Brita, Johannes og Inga reiste til USA i 1844.

I 1865 var det ikkje nokon husmannsplass på Åse, men Ola Rognaldson Ullebø (1835–) & 1861 Hansina Hansdtr Austrheim (1835–) vart plassfolk under lnr 48 frå 1870. Dei var frå Lavik og hadde der vore husmenn i Ytredal i åra 1864–70. Born: Anna 1862, Hans 1864, Marta 1866 (USA 1884), Johan 1869, Ola 1870, Andreas 1875. Ola og Hansina hadde 2 kyr og 2 sauer på plassen og dei vinterfôra også 3 sauer for andre. I 1885 reiste huslyden til USA frå Lavik.

Hans Adolf Andersson Birkeland (1876–1966) frå Gaular fekk setja opp hus på bnr 15/4 Åse og som oppgjer for jordleiga skar han årleg ein liten kornåker nær ved. Hans kan difor reknast som husmann utan jord. Han kom truleg som tenestegut til Seljadalen og gifte seg i 1900 med Kristina Nilsdtr Osland (1873–1957) frå plassen Trægjelet på Fosse. Born: Johanna 1899 (Austlandet), Brita 1902 (Viksdalen), Anna 1904–1923, Andreas 1908 (USA 1930), Marie 1911 (Austlandet), Jon 1914 (Stavanger), Inga 1916 (Austlandet). Dei fleste av borna vart busette i Sandar, Vestfold.

Lnr 49 Åse

4,43 spd = bnr 15/2 5,40 mark. I 1845 var det 3,5 daa potet, 14,9 daa korn, 3 hestar, 13 storfe, 50 smalar og 4 svin på bruket.

Bonden Jon Torson (1732–1753) fekk ein brå slutt på livet sitt: han for utfor ei bru og drukna i elva – han var på veg heim frå gjestgjevaren. Først i 1790 fekk Ivar Jonson Åse (1755–1801) & 1777 Synneva Johannesdtr Orvedal (1749–1835) frå lnr 52 skøyte på bruket av mor til Ivar. Born: Jon 1777, Elling 1780 (truleg død før 1801), Johannes 1782 (plass lnr 22c på Teigum), Ingeborg 1785 (Vikøyri v772), Brita 1788 (lnr 51 Orvedal), Tor 1791 (plass under bruket), Hermund 1794–1802. Med unntak av Elling var alle borna heime i 1801. Likevel hadde dei ei tenestejente. Om Ivar Jonson er det skrive at han døydde ved å skli utfor i Nummedalsgjelet. Enkja skøytte frå seg bruket i 1807. Jon Ivarson Åse (1777–1827) & 1810 Ranveig Larsdtr «Sæbø» (1793–1862), korporaldtr frå Seimsøyri s124, fekk born: Synneva 1811–1812, Synneva 1812, Ingeborg 1815 (lnr 83 Hønsi), Ingeborg 1818 (lnr 95b Fjærestad), Brita 1820 (lnr 63 Alrek i Arnafjord sokn), Kari 1823 (plassen Leite under lnr 60 Vetlesand i Arnafjord sokn), Ivar 1827. I 1819 skulda Jon over 27 spd til ein hestehandlar i Risnefjorden. Men Jon kunne berre lova eit avdrag på 10 spd innan hausttinget, og saka gjekk til retten. Ranveig gifte seg opp att i 1828 med Jon Helgeson Turvoll (1790–1848) frå lnr 46. Born: Helge 1829 (Nedre Oppheim, Vossestrand), Synneva 1831–31, Lars 1834 (lnr 42 Seljestø), Elling 1837–37 (døypt som Elling, død 8 dagar etter som Ellend), Synneva 1839 (bnr 5/17 under lnr 32 Stadheim). I skiftet i 1827 vart bruket utlagt til Ivar Jonson Åse (1827–1829). Dette barnet døydde to år gamalt, og difor vart bruket i 1832 utlagt til systera Synneva Jondtr Åse (1812–1908). Ho gifte seg 1838 med Ola Alfson Sæbø (1806–1880) frå plass nr 2 i Sæbø. Born: Johanna 1834 (plass under bruket), Ivar 1837 (USA 1861, sjå òg lnr 11a Seim), Synneva 1842–42 (tre mdr gamal), Randi 1843 (lnr 36d Nummedal), Jon 1849, Ola 1857 (bnr 15/6). I 1875 vart bruket skøytt til Jon Olason Åse (1849–1925) & 1876 Marta Ellenddtr Kinni (1842–1889) frå lnr 56. Dei hadde ikkje born. Jon gifte seg på nytt i 1891 med Karen Jondtr Orvedal (1857–1949) frå lnr 52a og dei hadde: Marta 1892–1978, Ola 1894, Jon 1899. I 1897 vart bruket frådelt bnr 15/6 0,52 mark. Ny skyld for bnr 15/2 4,88 mark. Jon og Ola Åse tok over bruket i 1918 og styrde det i lag saman med Marta 1892. Ola Jonson Åse (1894–1958) & 1922 Sigrid Andersdtr Ovri (1887–1962) frå lnr 68 hadde ikkje born. Jon Jonson Åse (1899–1983) & 1931 Ingeborg Nilsdtr Hove (1900–1988) frå lnr 72 fekk Jon 1932–56 og Nils 1934–2006. Bruket vart delt mellom brukarar på Åse.

Bnr 15/6 0,52 mark vart kjøpt av Olav Olason Åse (1857–1945) frå lnr 49 & 1893 enkja Ragnhild Sveindtr Åse (1856–) frå lnr 48. Dei hadde ikkje born, men med godtgjersle fostra dei opp Alfred Olason Nissestad (1894–1934), sjå note lnr 94 Rosheim og plass under lnr 36 Åsberget i Arnafjorden. Ragnhild hadde gift seg 1880 med Ola Jonson Åse (1855–1883) frå lnr 50 og dei fekk: Olina 1879–79, Marta 1881 (sjå note lnr 58 Refsdal), Olina 1883 (sjå note lnr 113 Skjørvo). Ola 1855 vart borte i eit snøskred på fjellet Enne. Ragnhild flytta ut av bygda til ei av døtrene sine og døydde der. Gardparten 15/6 0,45 mark vart kjøpt av Knut Andersson Rislåg (1878–1957) frå lnr 55b. Han var ungkar og hadde med seg systera Inga Andersdtr Rislåg (1884–1961) på småbruket. Der hadde ho med seg Birte 1907 som ho hadde med Jon Ivarson Rislåg (1882–1959) frå lnr 55a. Birte gifte seg med Endre (Stadheim) Brudevoll, sjå lnr 47b Bruavoll. Sonen Anders Endreson Brudevoll (1932–2006) overtok, men vart busett på bnr 6/33 Føli. Etter at Knut døydde, har ikkje bruket vore busett.

Plassar under lnr 49. Tor Ivarson Åse (1791–1864) frå lnr 49 & 1819 Ingeleiv Lassedtr Orvedal (1796–1881) frå lnr 51 var plassfolk på Åse, truleg under lnr 49. Born: Ivar 1818 (sjå Vetleøyri s026), Lasse 1820 (Vikøyri v644), Hermund 1822, Brita 1825, Tollak 1829, Synneva 1832, Jon 1838. Den eldste guten Ivar, reiste til USA i 1846. I 1853 fylgde Tor, Ingeleiv og dei andre borna etter.

I året 1900 var snikkar Johan Rumohr Monsson Seljestø (1830–1901) frå lnr 42 & 1864 Johanna Oladtr Åse (1834–1922) frå lnr 49 husmannsfolk med jord på lnr 49. Dei hadde ein liten fjøs på bnr 15/2 og hadde små åkrar på same bruk. Fôret kom frå utkantar og skrapmark. Born: Synneva 1865 (bnr 15/4 Åse), Nilette 1870. Nilette Johandtr Åse (1870–1959) budde åleine i stova. Ho hadde nokre sauer i eit lite uthus og ho samla fôr rundt om kring. Ho levde elles av dagsarbeid.

Lnr 50 Åse

5,73 spd = bnr 15/3 6,46 mark: Eigarar: I 1647 Axel Mowat, i 1723 Johan Rumohr, deretter Daae-familien. Sjølveige frå 1779. Matrikkelskyld: 1,57 laupar i 1647 og 1657, 2,03 laupar i 1667, 1,75 laupar i 1723 og 1838. I 1845 var det 3,5 daa potet, 16,7 daa korn, 3 hestar, 16 storfe, 50 smalar og 3 svin på bruket.

I 1645 var Nils og Synneva på bruket. Deretter kom Ingebrigt som hadde sonen Alf 1658. Enkja etter han gifte seg oppatt med Jon Hermundson Hopperstad (1641–), ein son til gamle Hermund på lnr 119+120. Då Jon vart enkjemann, flytta han tilbake til farsbruket. I 1701 var det Nils Rognaldson (1649–1716) som var der. Med første kona si hadde han truleg: Ola 1666 (lnr 196 Vangsnes) Ingebrigt (lnr 40 Vetle-Nummedal), Rognald 1670 (lnr 40 Vetle-Nummedal), Frik 1672 (lnr 197 Vangsnes) og Eli 1674 (lnr 82+83 Hønsi). Andre kona hans (frå ca 1685) var Brita Ellingdtr Hove (1671–1757) frå lnr 71. Born: Sjur 1686, Alf 1688–1772 (ugift), Nils 1689 (lnr 100 Midlang). Brita gifte seg opp att med Ola Andersson Tenål (1682–1742) frå lnr 13. Dei var barnlause. Neste brukarpar var Ola Jonson Tryti (1723–1791?) frå lnr 108 & 1752 Gyrid Ingebrigtdtr Hove (1734–1810) frå bnr 71. Ola vart truleg oppfostra på dette bruket for di foreldra hans døydde i 1727 og mor hans var syster til Brita Ellingdtr. Born: Jon 1753, Synneva 1754 (lnr 46 Turvoll), Barbra 1757 (lnr 86 Holstad), Ingebrigt 1760 (plass under bruket), Brita 1762 (lnr 3 Øksdal i Vangsnes sokn), Anna 1765 (lnr 60 Refsdal), Nils 1768 (lnr 4 Sæbø, gift til rikdom med Christine Tuchsen), Alf 1771 (plass nr 2 i Sæbø), Kari 1777–1812. Jon Olason Åse (1753–1826) & 1796 Kari Bendikdtr Tenål (1767–1837) frå lnr 16 fekk borna: Ola 1796–96, Ola 1797–97, Ola 1798, Sigrid 1800–02, Bendik 1803–43, Ingebrigt 1806–07, Sigrid 1808 (lnr 17 Tenål), Ingebrigt 1812 (lnr 30 Stadheim). Jon var vrang når han var full - kanskje òg når han var edru. I 1806 omtalte han Johannes 1782 på nabobruket på ein ærekrenkjande måte - Jon var då i gjestgjevarstova - og han skal ha gått laus på Johannes medan karen stod i ein møkadunge. I 1808 braut han opp stovedøra hjå gjestgjevaren Rolfsen og kravde å få brennevin. Same året vart han kalla tjuv av Jon Ivarson på nabobruket lnr 49. Då skulle han ha hogge ved på ein teig som låg under lnr 49. Men Jon Olason meinte han var uskuldig, og saka hamna i retten. Ola Jonson Åse (1798–1869) & 1829 Brita Hansdtr Ovri (1804–1864) frå lnr 69 hadde borna: Kari 1828 (lnr 3 Sæbø), Anna 1830 (lnr 11a Seim), Johanna 1831 (lnr 3 Sæbø), Jon 1833, Hans 1836, Eli 1839 (borte frå bygda før 1865), Ola 1840–40, Gyrid 1842–42, Brita 1843–45, Ola 1847 (USA 1870). Ola fekk skøyte på bruket i 1822. Før 1865 vart bruket fråskilt lnr 50a 0,17 spd. Eigar av parten vart Hans 1836. Han fekk Hans 1859–59 med Synneva Ellingdtr Le (sjå lnr 102f Bø), men reiste til USA i 1867, og lnr 50a kom tilbake til bruket. I 1865 vart bruket skøytt over på Jon Olason Åse (1833–1915) & 1857 Marta Sjurdtr Nummedal (1832–1911) frå lnr 38. Born: Ola 1855 (sjå bnr 15/6), Jon 1858 (bnr 15/5), Sjur 1860 (bnr 15/3), Brita 1864 (bnr 15/4), Johan 1866 (USA 1888), Brita 1869–69, Ola 1870 (USA 1889, så Nedre Oppheim, Vossestrand), Lars 1873–76, Hansina 1877 (sjå note lnr 41a Grønsberg). I 1890 skøytte Jon og Marta bruket over på to av sønene, Jon og Sjur, og dei delte det mellom seg. Delane fekk bnr 15/3 og bnr 15/5. Etter delinga vart hus sett opp i same tun, og dei fleste teigar vart delte i to like delar på tradisjonell vis.

Bnr 15/3 Åse 3,23 mark. Sjur Jonson Aase (1860–1942) & 1892 Anna Jondtr Hallrynjo (1863–1951) frå lnr 65 fekk born: Jon 1894, Agata 1897 (lnr 77 Øvre Hove). Sjur hadde dessutan Hansina 1892 med Nilette Hansdtr Vetle Nummedal (1865–), sjå note lnr 40c*. Jon Sjurson Aase (1894–1977) & 1918 Eli Ivardtr Øvre-Hove (1895–1986) frå lnr 77 tok mot bruket i 1919. Born: Anna 1919 (Kaupanger), Sjur 1922, Brita 1924 (Voss), Margit 1926 (Løype i Austre Gausdal), Ivar 1931 (Voss). Sjur Jonson Aase (1922–) & 1962 Anna Sofia Hestetun (1927–) frå Årdal overtok bruket i 1971. Born: Jan 1963 (Bergen), Per 1965. Per Sjurson Aase (1965–) & 1998 Anne Jorunn Erlingdtr Fjærestad (1966–) frå bnr 34/14 under lnr 96 overtok i 1991. Born: Sivert 1995, Erlend 2001, Andrine 2003.

Bnr 15/5 Åse 3,13 mark fekk Jon Jonson Åse (1858–1933) som eigar. Han vart i 1882 gift med Randi Larsdtr Seljestø (1858–1915) frå lnr 42. Born: Ola 1883 (USA 1905), Lars 1885–85, Lars 1886 (USA 1904), Sjur 1888 (USA 1907), Mons 1889 (USA i 1911, så bnr 37/33 under lnr 106 Tryti), Jon 1891, Marta 1893 (Haugesund), Gjertrud 1895 (Høyanger), Johan 1896 (sjå note), Olaf 1898 (Høyanger), Randine 1901 (Lavikdalen), Brita 1901 (Lavikdalen). Jon Jonson Åse (1891–1974) & 1919 Anna Guttormdtr Kinni (1893–1983) frå lnr 56. Born: Johannes 1920, Guttorm, 1925 (bnr 26/54 i Kålhagen i Flatbygdi), Ragnhild 1928 (Vindhella i Lærdal). Bruket vart i 1950 skøytt til Johannes Jonson Aase (1920–2008) & 1951 Anna Tordtr Voll (1925–) frå lnr 80b. Born: Jarle 1953 (sjå note), Torbjørn 1956 (Leikanger), Atle 1962. Atle Johannesson Aase (1962–) & 1988 Jorunn Olavdtr Orvedal (1954–) frå lnr 52 tok over bruket i 1991. Born: Oddveig 1988, Jofrid 1990. Atle og Jorunn har også lnr 52a Orvedal og driv bnr 15/5 derifrå.

Johan Jonson Åse (1896–) & Sitona Oladtr Nummedal (1900–) frå lnr 39 busette seg i Sandar ved Sandefjord frå 1923. Born: Rut 1926 (Sandefjord) og Monsine 1927 (Sandefjord). Johan var kvalfangar og verkstadarbeidar.

Jarle Johannesson Åse (1953–) & 1973 Reidun Oladtr Tenold (1953–) frå lnr 18b Tenål er busette i Bjørgedalen, Fyllingsdalen i Bergen, og har: Vegard 1979 (Bjørgedalen), Gaute 1982 (Bergen).

Plass under nr 50. Ingebrigt Olason Åse (1760–1804) frå lnr 50 & Brita Johannesdtr Vikøyri v490 (1780–1847) var husmenn under dette bruket. Born: Gyrid 1797–97, Gyrid 1798–1813, Ola 1800, Ingeborg 1804–31. Ingebrigt hadde truleg to uekte born frå før, Eli 1783 og Gyrid 1789, sjå plassen Reset under lnr 36 Nummedal. Enkja Brita Johannesdtr gifte seg oppatt 1810 med Lars Jakobson Vikøyri v424 (1787–1846). (I kyrkjeboka er innført at Lars gifte seg med Brita Oladtr, men det må vera feil farsnamn). Lars og Brita fekk: Kari 1810 (USA 1843), Sigrid 1813, Ingebrigt 1817 (USA 1852), Barbra 1821 (lnr 54b Rislåg, sjå òg note under plassen Urdi i Røysane Sæbø). Ved konfirmasjon av Kari i 1824 var det ein uvanleg hard dom: «Enfoldig og dum formedelst egen og foreldres forsømmelse». Ola Ingebrigtson Åse (1800–1873) & 1831 Kari Hansdtr Vetleøyri s062 (1804–1860) overtok plassen. Dei fekk: Gyrid 1830–30 og Anna 1837. Ola og Kari kjøpte lnr 79a Hove og var der frå 1839. Ola vart kalla «Bakkjen». Han vart attgift 1863 med Gjertrud Andersdtr (Skjørvo) Nummedal (1816–1904), enkje på lnr 37. Plassen på Åse var truleg nedlagt før 1845.